|
Heim
Bokbuss
og bokbåt
Bokbåten
Ruteplan
Underhaldning
tidlegare turar
|
Underhaldning på bokbåten vinteren 2006
Inger Bakke:
Berta Ert – en ertesang
I samarbeid med Sogn og Fjordane folkeakademi har Sogn og
Fjordane fylkesbibliotek denne gongen hyrt Inger Bakke til å visa teaterstykket ”Berta Ert – en ertesang”.
Den store ertedagen er komen for ertefrøken Berta Ert. I dag skal ertene verta sådd og Berta er i erteleg humør. Men kvar er ertene? Å finna att det kjæraste ein har er ikkje alltid like lett. Nokre gonger er det rett framfor nasen på deg, og andre gonger på stader du ikkje visste fanst.
Ei ertete framsyning om livets byrjing, om kjærleik, omsorg og det uventa!
Vil du bli med på ertejakt?
Inger Bakke frå Ålesund har utdanning frå Bergen Teaterskole og Arts Ed London. Ho har solid musikalsk bakgrunn. Inger Bakke har tidlegare vore med bokbåten i Møre og Romsdal.
”Berta Ert – en ertesang” passar for barn i alle aldrar, frå 3 år og oppover.
Programmet varer omlag 40 min.
Alle er hjarteleg velkomne om bord!
Tidspunkta for program dei ulike stadane finn ein i ruteplanen.
|