ABRAKADABRA
TEATRET:
ET
KUNSTSTYKKE
I samarbeid med
Sogn og Fjordane folkeakademi har Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
denne gongen hyrt ABRAKADABRA TEATRET til å syna ET KUNSTSTYKKE.
ABRAKADABRA TEATRET er med sine 23 år ei av Norges eldste frie
teatergrupper. Dei har 2 faste medlemmar - Annemor og Trond Magnum, og
dei held til i Trysil. ABRAKADABRA TEATRET har turnert over heile
Norge med ulike oppsetjingar. Dei har tidlegare vore med på bokbåten
i Sogn og Fjordane 2 gonger.
“ET
KUNSTSTYKKE” handlar om ein liten mann sitt store sakn og den ikkje
mindre store fantasien han framsyner for å halda “livet” og lysta
levande. Heile to hjorte-måleri dannar ramma for ei skjør, lun og
morsom historie. Historia handlar om måleriselgjar Kai Hjort som er
ein mann med mange hemmelegheitar og store draumar. Historia er morsom
fordi ho tilsynelatande er ei røvarhistorie med finurlege og
overraskande små detaljar, men kanskje ligg det noko bak latteren på
det som ser ut som løgn og oppspinn?
“ET
KUNSTSTYKKE” varar omlag 45 min., og høver best for born frå 5 år
og oppover.
“ET
KUNSTSTYKKE” har Norgespremiere på bokbåten!
|