Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Heim

Bokbuss 
og bokbåt

Bokbåten

Ruteplan

Underhaldning
tidlegare turar

 

Underhaldning på bokbåten vinteren 2007:

Kjersti Skjaker og Elisabeth Helland Larsen

ADVARSEL!

To eldre damer som både ser og høyrer dårleg og knirkar i knea har stukke av frå gamleheimen. Dei vart sist observerte med kvar sin store koffert på vasski over Sognefjorden. Ver på vakt! Med bakgrunn frå både bankran og sirkusklovning kan dei lura dei fleste.

Dei elskar å fortelja historier frå sine lange liv og er ofte sett med instrument, klovnenasar, dokker og masker. Dei framfører ofte uventa og absurde teaterframsyningar bundne saman av musikk og humor.

Skulle du møta desse to skranglebøttene på rømmen, ikkje nøl med å kontakte ditt lokale politi.


Kjersti Skjaker er dramapedagog og jobbar med barn og unge innan teater. Ho jobbar også som skodspelar og klovn på ulike prosjekt og er med i klovneorganisasjonen Red Nose Action som spelar på sjukehus, asylmottak og flyktningleirar i utlandet.

Elisabeth Helland Larsen driv teatergruppa BOA Scenekunst. Ho har jobba som klovn og skodespelar i ei årrekke i både inn- og utland. Ho er også med i klovneorganisasjonen Red Nose Action som klovnar for barn og unge i utsette miljø. 

”ADVARSEL!” passar for barn i alle aldrar, frå 5 år og oppover.
Programmet varer omlag 40 min.

Alle er hjarteleg velkomne om bord i EPOS!

Tidspunkta for program dei ulike stadane finn ein i ruteplanen.

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: post.fylkesbiblioteket@sfj.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: fjernlan@sfj.no

Sist oppdatert 10.01.07 , av Anja