|
|
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årsmelding for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 2002
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kommune |
Antall stopp |
Lånarar |
Utlån |
|
Askvoll |
2 |
169 |
3 174 |
|
Aurland |
3 |
76 |
835 |
|
Balestrand |
2 |
53 |
1 173 |
|
Bremanger |
1 |
12 |
556 |
|
Flora |
8 |
184 |
2 659 |
|
Gulen |
5 |
129 |
2 441 |
|
Høyanger |
2 |
30 |
429 |
|
Luster |
3 |
80 |
1 782 |
|
Lærdal |
1 |
5 |
274 |
|
Selje |
1 |
21 |
427 |
|
Solund |
6 |
146 |
2 394 |
|
Stryn |
1 |
41 |
475 |
|
Vik |
2 |
78 |
2 044 |
|
Vågsøy |
2 |
37 |
668 |
|
Totalt |
39 |
1 061 |
19 331 |
Utlånstal frå bokbåten 1998-2002:
|
|
1998 |
1999 |
2000 |
2001 |
2002 |
|
Barn |
10 801 |
10 680 |
10 570 |
9 799 |
10 228 |
|
Vaksne |
9 903 |
9 098 |
9 999 |
9 569 |
9 103 |
|
Totalt |
20 704 |
20 578 |
20 569 |
19 368 |
19 331 |
Samarbeid med 8 kommunar i fylket.
Bussen har 52 stopp i fylket, dette er i hovudsak ved skular og barnehagar. 2/3 av utlånet er til barn og unge. Til saman vart det lånt ut 14 734 bøker, lydbøker og musikk cd'ar frå bussen. Ein oppgang i utlånet på ca. 6,3% frå året før.

Fylkesbiblioteket mottok 6 381 tingingar til fjernlånsavdelinga. Tilsaman vart det lånt ut 5 877 media.
Det vart lånt ut 2624 bøker som klassesett til skulane i fylket. Det ei auking på ca. 19% frå året før. Fylkesbiblioteket fekk i 2002 ny internettside for klasseset, som gjer det lettare for lærarane å finne klassesett sjølve.
Fylkesbiblioteket samarbeidar aktivt med Kulturavdelinga i fylket om Den kulturelle skulesekken. Det var forfattarturnear med Thor Soltvedt, Helga Gunerius Eriksen, Pia Ibsen, Bjørn Ingvaldsen, Ole Røsholdt og Kjersti Wold i 8 kommunar. Forfattarane hadde 68 timer på 20 dagar med til saman ca 1700 elevar.
Saman med Sogn og Fjordane teater blei det laga ein turne for barn. Skodespelaren Torbjørn Halvorsen las tekstar av Rune Belsvik og fortalde om forfattaren. Han hadde 21 timar med til saman ca. 525 elevar.
Før alle desse turneane vart det sendt ut informasjon om forfattarane og bøkene til skulane.
Fylkesbiblioteket har web-hotell for biblioteka i Leikanger, Aurland, Gloppen og Gaular. Desse 4 biblioteka får då lagt basen sin søkbar ut på nett, og Aurland og Gaular har også heimesider på fylkesbiblioteket sin webserver.
Fylkesbiblioteket brukar biblioteksystemet Bibliofil og har felles database med Førde bibliotek. Basen er tilgjengeleg på web, og i 2002 har ein også fått to nye webbaserte tilbod: Kikkhullet (viser oppdaterte lister over aktiviteten på Førde bibliotek/Sogn og Fjordane fylkesbibliotek) og MappaMi (sjølvbetjent lånaradministrasjon).
Øyrane og Hafstad vidaregåande skular og grunnskulane i Førde har eigne delbasar på Bibliofilserveren, og desse ligg også tilgjengeleg på nettet.
Fylkesbiblioteket har laga nettsider for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.
Bokbussen hentar inn fortida : et digitalt fotoprosjekt i
Sogn og Fjordane
Prosjektet fekk i 2002 tildelt 135.000 i tilskot frå
Statens Bibliotektilsyn. Fylkesbiblioteket og Fylkesarkivet vil samarbeide
om eit prosjekt for vern av gamle foto. Bokbussen vil få ein PC med
skanner, og det vil være med folk frå Fylkesarkivet. Folk kan levere gamle
foto på bussen og få dei med seg att etter scanning og registrering av
opplysningar. Prosjektet vil gå hausten 2003.
Fjognedok. Eit lokalhistorisk prosjekt.
Eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalbiblioteket.
Bibliografisk base over lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane. I basen er det analysert lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, julehefte m.m. Prosjektet starta opp i 2000 og vert følgt opp i 2002. Pr. 1. januar 2003 hadde basen 6900 postar. Fylkesbibliteket fekk i 2002 kr 130.000.- i FOU-midlar til vidareføring av prosjektet. Midlane er tenkt brukt m.a. til å greie ut om det er mogeleg med felles emneord og søkeinngangar mellom bibliotekbasar og basar under arkivverket og eventuelt musea.
ABM-portal til norsk reiselivshistorie
Eit samarbeidsprosjekt med Norsk Reiselivsmuseum.
Fylkesarkivet, Sogn folkemuseum og fleire nasjonale institusjonar innan
museum og reiseliv.
Prosjektet skal utvikle ein nettportal/megadatabase for norsk reiselivshistorie. I tillegg til å vurdere tekniske løysingar for ein slik base vil prosjektet og vurdere strukturen i på innhaldet i dei basane som skal levere data for å sikre treff på alle relevante postar i desse basane.
For Fylkesbiblioteket er det naturleg å koble dette prosjektet til Fjognedok-prosjektet som ser på dei same problemstillingane.
6.-7. februar: Kurs i Mikromarc 2. Kurs i Førde. 10 deltakarar kvar dag frå folke- og skulebibliotek
4.-5. juni: Bibliotekdagane. Bibliotekdagane 2002 blei arrangert i Sogndal, med lokalhistorie som tema. Samarbeid med Norsk bibliotekforening, avd Sogn og Fjordane. 55 deltakarar
26. november, 2., 9. og 16. desember: Kurs i 4 ulike modular til "Datakortet" for bibliotektilsette. Kurs i Førde 10-15 deltakarar på kvar modul
29. november: Årets barne- og ungdomslitteratur. Samarbeid med Norsk Barnebokforum, som gir ei oversikt og vurdering av ny barne- og ungdomslitteratur. Møte i Førde med 62 deltakarar frå bibliotek, skular og barnehagar
Drift av folkebiblioteket blir regulert gjennom Lov om folkebibliotek. Paragraf 1 fastset målsettinga for folkebibliotektenestene:
"Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet".
Det er vidare fastsett at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. I Sogn og Fjordane finst det i alt 71 bibliotekavdelingar, av dette er 26 hovudbibliotek og 45 filialar. 21 av avdelingane er kombinasjonsbibliotek med skulebibliotek.
Kommunane sitt totale driftsrekneskap for biblioteka i fylket viser at for 2002 var dei totale driftsutgiftene kr 29 394 146,-.
I 2002 vart det brukt til saman ca 4,33 millionar, eller kr. 40,39 pr. innbyggjar, på innkjøp av media til biblioteka. Det er ein nedgang frå fjoråret, der dei tilsvarande tala var ca 4,5 millionar/kr. 41,87 pr. innbyggjar. På landsbasis ligg Sogn og Fjordane godt over landsgjennomsnittet pr. innbyggjar. Dette skuldast sjølvsagt låge innbyggjartal. Mange bibliotek slit med å sikre ei aktuell og allsidig mediasamling. I 2002 brukte 10 kommunar under 100.000 til innkjøp av media, året før var det 6 kommunar som hadde så lite å kjøpe inn for.
Skilnadene mellom kommunane er store. I 2002 hadde Lærdal det høgste medierekneskapet med kr 87,24 pr innbyggjar. Vågsøy ligg på botn med kun kr. 7,99 pr. innbyggjar. Budsjettala for 2003 viser at dei fleste kommunane planlegg vidare kutt i løyvingane til biblioteka.

I biblioteklova står det at alle kommunar skal ha ein fagutdanna biblioteksjef, og i 2002 hadde 13 av totalt 26 kommunar biblioteksjef med fagutdanning. Av desse er berre 6 i heil stilling. Totalt er 8 biblioteksjefar heiltidstilsett, medan 20 har deltidsstilling. (I 2 kommunar var biblioteksjefstillinga delt av 2 personar.) Til saman er det 104 personar i drøyt 50 årsverk i folkebiblioteka i fylket - ein nedgang på knapt tre årsverk frå året før.
Totalt er den samla bokbestanden for alle kommunane oppe i 975 055 bøker (2001: 951 396) ved utgangen av 2002. Legg ein til andre media (video, lydbøker, musikk-cd osv) kjem ein opp i 1 022 287 media (2001: 41 321).
Av 70 bibliotekavdelingar hadde 49 tilgang til internett for publikum i 2002. Det var minst ei avdeling i kvar kommune som ga internettilgang for publikum. Til saman hadde biblioteka 93 pc'ar med internettilgang for publikum. Åtte bibliotek har gjort katalogen sin søkbar på internett, i 14 bibliotek er katalogen søkbar på lokale pc'ar i biblioteket.
Folkebiblioteka lånte i 2002 ut 583 980 bøker og andre media (inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt). Dette svarar til 5,44 utlån pr. innbyggjar, ein klar oppgang frå i fjor. Både utlån av bøker og utlån av andre media har auka.

Det var i høgast utlån pr. innbyggjar i Balestrand, etterfølgd av
Høyanger og Luster. Lågast utlån hadde Vågsøy.
I
2002 vart det lånt ut 182 325 barnebøker av
totalt 406 520 (ikkje inkl. lån frå buss og båt). Det vil seie at ca
45 % av bokutlånet er barnebøker. Dette er omtrent same høvestal som
i 2001 og 2000.
Besøkstala er svært usikre, og er mykje basert på manuelle teljingar og overslag. Men tala vi har fått inn viser at 484 087 personar besøkte biblioteka i Sogn og Fjordane i 2002. Dette er ein auke på ca 22 000 frå året før, men dette er som sagt usikre tal. Tre bibliotek har ikkje rapportert inn besøkstal.
Kommuneopplysningar
(adresser, namn osv)
Ressursar (avdelingar, personale)
Økonomi (budsjett, rekneskap)
Media (bøker og andre media)
IKT (datamaskiner, internettilgang)
Verksemd (utlån, arrangement, samarbeid)
Sogn og Fjordane
fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 FØRDE.
|