Den kulturelle skulesekken
 
Heim/Aktuelt
DKS-tilbod:
- teater
- litteratur
- dans
- musikk
- museum
- kunst
- anna
Ressursmeny
Om DKS på
-fylkesnivå
-kommunenivå
Idebank
Lærarmateriell
Skulesekken nasjonalt
Lenkjer
Kontaktinfo
Arkiv
Sogn og Fjordane fylkeskommune   Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Tilbod skuleåret 2005/2006

Tidlegare tilbod

Teater / Drama  

 



«Ein grusom morgon» 

I framsyninga får elevane oppleve historia om då Tor mista hammaren sin og då Frøya vart fråstolen smykket sitt. Desse norrøne mytene er spanande forteljingar. Dei blir formidla som ein kombinasjon av forteljar- og skuggeteater. Etter framsyninga får klassen lage eigne skuggefigurar og dei får ei enkel innføring i nokre av teknikkane som blir nytta i denne teaterforma. Elevane lagar til slutt sine eigne små framsyningar.  Skuggeteater er ei fascinerande uttrykksform og den norrøne mytologien er ei rik kjelde for skapande arbeid med barn.

Medverkande i framsyninga er Henriette Harbitz (Høgskulelektor i drama). Den er utarbeidd i samarbeid med Aldona Jankowska (skodespelar). 

For meir informasjon, kontakt: Henriette Harbitz, e-post: henrieha@hisf.no, tlf. 92 45 73 79


Turneperiode: Haust 2005, vår 2006. 
Lengde: 2 skuletimar, 90 min.
Maks tal elevar: 1 skuleklasse
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Det er ei føremon om elevane er kjende med historia om då Tor mista hammaren. Tor Åge Bringsverd sin versjon «En skjeggede Brud" kan anbefalast.
Sceneplass: Eit stort, tomt klasserom. 
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Det er behov for 3 overheadar. Rommet må vere blenda.
Assistanse: Ein til to lærarar må vere til stades. 
Riggetid: 1 time
Aldersgruppe: 1.-4. klasse

[opp]



Konflikt blir drama 

Forfattaren Rolf Losnegård har på oppdrag frå Den kulturelle skulesekken utarbeidd eit tilbod som er tenkt som hjelp til å tydleggjere konfliktar i skulekvardagen. I første time skal elevane klargjere og definere konfliktar ut frå eigen ståstad, frå deira nærleik og kvardag. Elevane får òg i oppgåve å dikte opp konfliktar. Det kan vere snakk om konflikt mellom to personar, inne i ein person eller mellom fleire personar. I andre time får elevane roller og spelar ut nokre av konfliktane. Det vil vere naturleg at ein etter kvart nærmar seg aktuelle og meir “farlege” konfliktar. Dette kan vere ein arena for å ta opp t.d. mobbing og plaging. Det er ikkje tenkt forarbeid til timane. Frå Losnegård si side er det nettopp poenget at elevane ikkje er førebudde. Målet er å få fram ekte og utilslørte reaksjonar og innspel. Dersom det er ønskjeleg kan dobbeltimen følgjast opp med eit helgekurs på 12-15 timar i kreativ skriving for lærarar, foreldre og elevar. Her kan deltakarane jobbe vidare med stoffet i form av sketsjar, drama, noveller eller dikt.

For meir informasjon, kontakt: Rolf Losnegård, 
e-post: rolf.losnegard@enivest.net
, tlf. 57 73 43 62 og mob. 91 34 91 01


Turneperiode: Vår 2006
Lengde: 2 skuletimar, 90 min.
Maks tal elevar: 30
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Nei 
Sceneplass: Klasserom
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Ingen
Assistanse: Vil gjerne ha med lærar
Riggetid: Ingen
Aldersgruppe: 8.-10. klasse


[opp]



Det er Hermann denne gang

Framsyninga gir oss ei forståing av myten Herman Wildenvey ved hjelp av hans eigne ord og vers. I ei lett, leikande og enkel form blir eit breidt utval av dikta hans presentert. Dette blir inga lyrikkstund i tradisjonell forstand: elevane får oppleve ræpping, song, dukkespel og gjøgling med dikt og biografisk stoff. Eit viktig mål med framsyninga er å gjere lyrikk meir tilgjengeleg for ungdom som ikkje har noko særskilt forhold til dikt og diktaren Wildenvey. 

Framsyninga har vore vist m.a. i Drammen, og kritikken derifrå var eintydig: 
"Fremstillingen er helstøpt. Den er frodig, den er intens… Og premierepublikumet ble fanget og levde med i forestillingen fra første replikk… Fra trampeklapp og latterbrøl til knappenålstillhet…" 
Drammens Tidene 29.01.1998
www.temte.no

For meir informasjon, kontakt: 
Rune Temte, e-post: rune@temte.no, tlf. 22 11 27 53, mob. 480 34 463


Turneperiode: Vår 2006 
Lengde: 40 min.
Maks tal elevar: 150, i amfi. 
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja, alt som har med Herman Wildenvey og gjere er bra!
Sceneplass: Spelar helst på golvet dersom scena er høg. Treng 6 m x 4 m. (minimum).
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Lys, lyd etter nærare avtale. Utøvarane har med utstyr som trengs. 
Assistanse: Berehjelp
Riggetid: 1 time
Aldersgruppe: 8.-10. klasse. (8.klasse helst blanda med dei to andre trinna, og godt budde!)


[opp]



Balladen om Bohm & Bøhmer

Bohm og Bøhmer er to vener utan slips og fast bustad. Dei vaknar til nok ein ny dag innimellom tomflasker. Kva skal dei finne på i dag? Dei får tida til å gå ved å fortelje kvarandre, og elevane, historier. Historier som på ulikt vis rører ved sjølve kjernen i dette gåtefulle tilveret vi alle er ein del av. Bohm er mannen som stiller alle spørsmåla. Bøhmer har alle svara. 

Forma er enkel, kulissane og dei ytre effektene få. Dei to skodespelarane 
dreg lasset gjennom framsyninga. Framfor alt er dette kanskje ei historie
om venskap og frykta for å miste den ein er aller mest glad i! 

Lekent om eventyrets magi: "Balladen om Bohm & Bøhmer" er en munter og innsiktsfull liten fortelling for barn i alle aldre fra åtte år og oppover. - Aftenposten

Regi: Franzisca Aarflot
Skodespelarar: Helge Sveen og Rune Temte
Dramatikar: Lars Vik
En co-produksjon mellom Det Åpne Teater og Grenland Friteater
Sjå også www.bohmogbohmer.no

For meir informasjon, kontakt: 
Mette Kristensen, e-post: mette.kristensen@grenland.friteater.com
Tlf. (mob.) 988 18 240 / kontor 35 55 51 69


Turneperiode: Haust 2005
Lengde: ca 45 min.
Maks tal elevar: ca 100
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja, om ønskjeleg. 
Sceneplass: 7 m x 7 m 
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Ønskjer blending. Gruppa har med lyd-/lysutstyr, treng vanlege straumuttak 
Assistanse: Ja, treng berehjelp
Riggetid: Opprigg: 90 min, nedrigg: 30 min
Aldersgruppe: 5.-7. klasse


[opp]



Food for faen

av Rolf Losnegård

Eva og Liss var besteveninner i paradis og helvete. Gjennom heile oppveksten delte dei eit usunt forhold til mat. Det starta som ein leik, men utvikla seg til blodig alvor. Ein kamp om kontroll med døden som følgje for Eva. 

Liss står ved grava til Eva og tek farvel. Ho prøver fortvila å finne ut av det som har skjedd. Inst inne føler ho seg litt skuldig, og prøver å reinvaske seg for å komme vidare med livet sitt. Det vert eit oppgjer med fortida, der Eva og Liss fortel om vanvittige påfunn, opprør, og eit intenst og farleg vennskap.

For meir informasjon, kontakt: 
Reidun Støfring, e-post: infosjef@softeater.no 
Tlf. 57 72 18 53 / 97 59 59 88 
evt. Rolf Losnegård, 6982 Holmedal, 
tlf. 91 34 91 01, rolf.losnegard@enivest.net


Turneperiode: Vår 2006
Lengde: ca 60 min. + 20 min. workshop
Maks tal elevar: 50
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Nei
Sceneplass: 6 x 4 m, helst eit stort klasserom
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Ingen blending
Assistanse: Nei
Riggetid: 45 min.
Aldersgruppe: 8.-10. klasse


[opp]



Hando Kjendo

Hando og Kjendo er to figurar fra bildebøkene til Tore Renberg og Kim Hiorthøy. Hando er lang, tynn og grøn - og når han seier noko så gret han. Kjendo er kort, rund og ler når ho snakkar. Men om dei er ulike, er dei likevel gode vener. Saman opplever dei merkelege ting. Under. Ein morgon hamnar dei heime hos Ella, som har bestilt ny sofa. Mistydinga som oppstår er vanskeleg å skildre, den må opplevast! 

Dette er eit spel mellom det store og det vesle, det lange og det runde, mellom det raske og det langsame: to ikkje-realistiske figurar som ivaretek det poetiske i Hiorthøys bildeverd. Teater Joker brukar lyd og musikk og den underfundige, humoristiske og naive teksten til Tore Renberg som eit utgangspunkt. Gjennom ei både abstrakt og konkret uttrykksform leikar gruppa med ord, fargar og lydar som stimulerer heile sanseapparatet til elevane! 

Skodespelarar: Guri Glans, Kari Ramnefjell og Niels Petter Underland
Regi/instruksjon: Anders Sundstedt
Produsent: Guri Glans
Scenografi og kostyme: Cathrine Gåre Opstad

For meir informasjon, kontakt: 
Guri Glans, e-post: guri@glans.no, tlf: 91 64 42 33


Turneperiode: Vår 2006
Lengde: 45 min.
Maks tal elevar: ca 150 
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Nei
Sceneplass: Gymsal er veleigna, 5 m x 6 m. 
Amfi av matter, benkar og stolar. 
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Gruppa har med lys/lyd. Treng tilgang til vanleg straum. Lokalet må blendast. 
Assistanse: Treng to som kan hjelpe til å bere. 
Riggetid: Opprigg 1 t 30 min., ned 45 min.
Aldersgruppe: 1.-4. klasse

[opp]



Den Kjempestore Krokodillen

Den kjempestore krokodillen er svolten! Han har pønska ut ein masse triks og lureri, og vil til byen for å finne saftige og jomsegode barn. På veg gjennom jungelen møter han Fjodor Flodhest, Apen Knaskesmatt og Elefanten Snabel. Dei har andre planar!

Teaterversjonen av Den kjempestore krokodillen er dramatisert av Peder Opstad etter ei bok av Roald Dahl (The Enormous Crocodile). Boka er omsett til norsk av Tor Edvin Dahl og utgjeven av Gyldendal Barn & Ungdom.

Ei framsyning for alle som likar krokodiller, rock & luftgitar!

Med: Peder Opstad og Iver Bjurgren
Regi: Peder Opstad
Musikk: Per Einar Watle
Scenografi/kostyme: Cathrine Gåre Opstad

For meir informasjon, kontakt: 
Peder Opstad, e-post: teater@grimsborken.no, mob: 928 28 440


Turneperiode: Haust 2005 og vår 2006
Lengde: 45 min
Maks tal elevar: 120 
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Nei 
Sceneplass: Ca 6 m x 6 m (Høgde 3-4 m)
Framsyninga blir spelt på flatt golv (ikkje scene!). Elevane sit i amfi: matter, benkar, stolar, scenekant. God akustikk er viktig! Ønska temepratur: ca 18 C
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Strøm: 1 stk 16 A, Lys: Medbrakt, Lyd: Akustisk, Blending: Ja
Assistanse: Treng to personar til berehjelp, og hjelp til oppsett av stolar. 
Riggetid: Opp: 90 min., ned: 45 min.
Aldersgruppe: 1.-4. klasse

[opp]



Pokertrynet

Framsyninga er eit gangsterdrama der radioteater møter teiknefilm. 
Agentane Gøgg Galle og Klysa Klystèr er på jakt etter maskeskurken Syltevorpa.

Syltevorpa har stukke av med dei blå verdfulle diamantene, den siste diamanten i ei lang rekke. Agentane må redde æra og diamantane for å kunne halde fram livet i den vesle byen. Rådwill Gøgg og Klysa får fleire hint om kvar Syltevorpa planlegg å slå til neste gong. Dei gjer seg klare til det siste oppgjeret.

Framsyninga er støtta av Fond for Utøvende Kunstnere og Fond for Lyd og Bilde.

Skodespelarar: Silje Breivik, Inger Gundersen, Martha Kjørven og Hedda Munthe
Regi/Instruksjon: Inger Gundersen
Musikk/Lyddesign: Inger Gundersen og Hedda Munthe

For meir informasjon, kontakt: 
Inger Gundersen, e-post: spillebrikkene@oslo.online.no
tlf. 22 04 00 67 / 92 86 61 99


Turneperiode: Haust 2005
Lengde: 55 min.
Maks tal elevar: ca 100
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Gruppa kan tilby workshop (m.a. sjonglering og fysiske uttryksformer). Interesserte skular tek direkte kontakt for nærare informasjon/avtale innan utgangen av mai månad. 
Sceneplass: 8 m x 8 m
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Treng 2 x 16A støypslar delt på to kursar
Assistanse: Må ha berehjelp
Riggetid: Opprigg 1 t 30 min. og nedrigg 45 min.
Aldersgruppe: 5.-7. klasse


[opp]



Fyrtøyet

Basert på eit eventyr av H.C.Andersen.

I 2005 feirer vi 200 års-jubileum for forfattaren H.C.Andersen sin fødsel (1805-1875). 

Eventyrdiktaren H.C.Andersen har gitt mange bidrag til verdslitteraturen med sine mange kunsteventyr, i alt 156 eventyr. Kjende og kjære eventyr som "Den stygge andungen", "Den lille piken med svovelstikkene", "Den lille Havfrue", "Keiserens nye klær", "Fyrtøyet" og ei rekkje andre spanande og morosame eventyr er blitt populære forteljingar både i Norge og elles i Europa. I eventyra kan dyr og ting tale. Dei har både sterke og svake sider, akkurat som vi menneska. På denne måten får H.C. Andersen sagt noko viktig om menneska og dagleglivet. Varme og medkjensle, saman med kvikke ordspel og ironiske innspel, gjer at eventyra like aktuelle for små og store i dag, som for over 150 år sidan. 

I Fyrtøyet møter vi den heimkomne soldaten, som takka vere ei heks finn det magiske fyrtøyet. Fyrtøyet gir han makt over dei tre hundane med dei store auga. Dei kan skaffe han alt han ønskjer seg, både rikdom og makt. Og kven veit, kanskje vinn han til og med den vakre prinsessa... Undervegs får borna rikeleg høve til å kome med råd og vink! 

For meir informasjon, kontakt: 
Arvid Nilsson, e-post: post@bergen-familieteater.no
Tlf: 55 34 58 84 / 90 04 53 55


Turneperiode: Haust 2005
Lengde: ca 40 min.
Maks tal elevar: 150
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Det er ønskjeleg at elevane har lese eventyret på førehand. 
Sceneplass: Kulissane er laga slik at dei kan tilpassast dei fleste lokale; helst gymsal, auditorium el.l. Skulane må tilrettelegge med evt. amfi på golvet, oppbygd av matter, benkar og stolar. 
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Vanlegvis ikkje. Om ønskjeleg nyttar gruppa lysutstyr og dimmar som går på 64A, 32A og vanleg vegguttak (dersom romma er store og mørke). 
Assistanse: Ja, takk. 
Riggetid: Utan teknisk/lys: 30 min. Med teknisk/lys: 1 time.
Aldersgruppe: 1.-4. klasse

[opp]


 

Sist oppdatert 10. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek