Ressursmeny
Idear til lokale DKS-tiltak
Referanse-/idegruppe for den kulturelle
skulesekken
Nyttige nettadresser og heimesider
I Sogn og Fjordane er det kulturskular i kvar einaste kommune, og alle er medlemer av Norsk Kulturskuleråd. I verksemdplanen for fylkeslaget er Den kulturelle
skulesekken eit av områda ein ønskjer å satse på framover. Det er mellom anna eit ønskje
at:
Dei fleste kulturskulane i fylket har i dag tilbod om eit eller fleire kunstuttrykk i tillegg til musikk, og har difor nemninga kulturskule. Dømer på nye aktivitetar, er: Drama, dans, teikning, bildekunst, grafikk, kunsthandverk og sirkus.
Det finst óg i regi av kulturskulane tilbod om musikkgrupper for babyar og småborn, musikkterapigrupper, pensjonistkor og song/kveding, i tillegg til undervisning på ei mengde ulike instrument.
Vil du vite meir om kulturskulane i fylket, ta gjerne kontakt med leiaren i fylkeslaget, Johan Bengtsson (over) eller
kulturskulekonsulenten; johan.bengtsson@forde.kommune.no,
konsulent.sf@kulturskoleradet.no
[opp]
Fylkesbiblioteket er service- og utviklingsorgan for biblioteksektoren i
fylket. Vi held kurs for tilsette i bibliotek og skular i fylket, til dømes kurs i årets barne- og
ungdomslitteratur, litteraturformidling, avansert internettsøking. Sjå kurssidene på Internett. Vi driv bokbåt og bokbuss, gir bibliotekfagleg rettleiing og deltek i
utviklings- og prosjektarbeid m.m.
Lesestimulering er eit prioritert område. Fylkesbiblioteket
har ei stor samling klassesett, og gir råd til lærarar om kva klassesett dei kan låne.
Bokbussen går i fem kommunar 8 gongar i året. Hovudsakleg grendaskular får besøk av bokbussen. Det er høve til å
leige bussen til arrangement.
Bokbåten går i 13 kommunar 2 gongar i året,
og mange skular har høve til å besøke bokbåten og låne bøker til elevane og skulebiblioteka. Bokbåten har alltid med eit kulturprogram som er retta mot barn, til dømes dokketeater. Barna som er lånarar på bokbåten kan vere medlem i Bokbåtklubben. Dei får eit blad frå bokbåten kort tid før båten kjem. Målet med klubben er å stimulere til lesing og interesse for bøker.
Forfattarbesøk i skulen
Fylkesbiblioteket samarbeider med Folkeakademiet og Norsk Forfattarsentrum om å tilby skulane i fylket forfattarbesøk. Forfattarbesøka vert ein del av den lokale skulesekken i kvar kommune.
Ta gjerne kontakt. Adr.: Sogn og Fjordane
fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde
E-post: admin@sf.fylkesbibl.no
/ anne.sagen@sf-f.kommune.no
Tlf. 57 72 18 80, Faks 57 72 18 93, heimeside: www.sf.fylkesbibl.no
[opp]

Sogn og Fjordane Husflidslag er eit fylkeslag med 17 lokallag i organisasjonen Norges Husflidslag.Vi har om lag 700 medlemmer som arbeider etter dei grunnleggjande verdiane i organisasjonen:
Sogn og Fjordane Husflidslag (SFH) arbeider for å skape
interesse for historie, kulturarv og røter - og tek vare på tradisjonane i handverkskulturen vår. Vi har mange aktive
medlemmer som representerer eit mangfald av kreativitet - forankra i vår
husflidstradisjon, og fleire er utøvande handverkarar. Vi ønskjer å gje born og unge i
skulen ein viktig del av kulturarven vår.Dette kan vi gjere gjennom formidling av
historisk bakgrunn, utstilling av gamle og nye husflidsprodukt, og lære elevane ved
bruk av enkle hjelpemiddel å lage små ting i bestemte teknikkar.
SFH kan tilby følgjande aktivitetar:
Nordfjord: Strikking - Brodering - Nuperelle -
Spikking i rått tre
Sunnfjord: Plantefarging - "Jul i gamle dagar"; halm - spon –
lysdypping
Sogn: Billedvev - Fingring av band - Skinnarbeid - Brodering - Toving
Vi vil tru at noko av dette er å finne i den lokale kulturplanen for skulen, slik at
arbeidet kan lønnast gjennom DKS.
Er noko av dette interessant for din skule? Ta gjerne kontakt med
oss:
Synøve Eriksen Vadøy, leiar SFH, tlf. 57 79 47 46, e-post: synva@c2i.net,
Dagrun Y. Igelkjøn, sekretær, tlf. 57 82 75 90, e-post: sf.husflidslag@c2i.net
[opp]

Nordfjord Folkemuseum har 42 antikvariske bygningar i friluftsmuseet, og museet har kring 14.000 gjenstandar. Museet har ansvar for Holvikejekta, den siste bevarte jekta i sitt slag. Nordfjord Folkemuseum har tematisk ansvar for vasskraft etter museumsplan for Sogn og Fjordane.
Nordfjord Folkemuseum har eit omfattande program retta mot grunnskuleelevar, både fast program, særskilde tilbod på museet og særskilde tematilbod som museet reiser ut til skulane med.Som nemnt i ekstra-tilbodet til utvalde klassetrinn ein annan stad i katalogen, tek vi i mot skular heile året etter avtale i samband med skiftande utstillingar o.a.
Kontakt oss for påmelding eller spørsmål:
Gota 16, 6823 Sandane, Tlf. 57 86 61 22 Faks 57 86 64 35
E-post: post@nordfjord.museum.no
http://sognogfjordane.kulturnett.no/nordfjordfolkemuseum
[opp]

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum byr på eit mangfald av opplevingar som ungane i Sogn kan fylla i skulesekken sin. I dei gamle husa og tuna får elevane bruka sansane og ferdigheitene sine, og får gjennom det ein særeigen smak av si eiga fortid.
Gjennom heile året har vi faste skuleopplegg tilpassa læreplanen, der elevane får kjenna "gamle dagars" arbeid og levekår, tru og tanke på kroppen. På museumsgarden har vi levande dyr, og elevane får delta i tradisjonelt matstell og gardsarbeid. Dei kan studera hus og byggeskikk, og dei får sjølve lafta si eiga hytte. I skulestova er det gammaldags skuledag, og i mørke haustkveldar opplever vi lys og varme i dei gamle stovene. På Fjordmuseet ruver dei tradisjonsrike sognabåtane, og ute på fjorden får elevane sjølve vera med og ro åttæringen vår. Dei naturhistoriske løypene opnar for stor aktivitet, både på eiga hand og gjennom organiserte skuleopplegg.
Tilboda våre blir annonserte i halvårsprogramma som vi sender ut til skular, barnehagar og andre. Vil du vita meir om oss, så finn du oss på
http://sognogfjordane.kulturnett.no/sognfolkemuseum, eller
www.dhs.museum.no. Ta gjerne kontakt med oss på telefon 57 67 82 06, faks 57 67 85 11 eller e-post
sogn.folkemuseum@dhs.museum.no
[opp]
Særskilde opplegg 2005-2006:
Skulane vil få brev med nærare informasjon om desse tilboda.
Faste undervisningsopplegg:
-
Hus og byggjeskikk i Sunnfjord. Aktivisering
-
Skule i gamle dagar. Aktivisering
-
Heime i røykstova. Forteljing og
dramatisering
-
"Og veit du kva dei trudde…" Forteljing og dramatisering
-
Spikking. Aktivisering
-
Leiketradisjonar. Aktivisering
-
Dyreløypa. Naturhistorisk vandring med aktivisering og
forteljing
-
Mostien. Naturhistorisk vandring med aktivisering og forteljing
Meir informasjon om museet og tenestene våre finn du
på http://sognogfjordane.kulturnett.no/sunnfjordmuseum
Tlf. 57 72 12 20 Faks: 57 72 12 29 E-post: post@sunnfjord.museum.no
[opp]
Kystmuseet ligg i Florø, og har kystkultur som sitt ansvarsområde. Vårt distrikt er kystkommunane i fylket, og vi har anlegg langs kysten i tillegg til museet i Florø.
I Florø har museet tre moderne museumsbygg i eit 74 mål stort friområde. Museumsområdet omfattar fleire øyer
me d bruer mellom og er eit mykje brukt tur- og badeområde.Langs vegen gjennom området blir det bygd eit frilandsmuseum med tilflytta hus, både gardstun, tettstad og fiskevær.
Kystmuseet har eigne tilbod til skulane i Flora kommune.
Tilboda til grunnskulane elles får de vite meir om ved å kontakte Kystmuseet på tlf. 57 74 22 33 for nærare avtale om deltaking og kostnad. I tillegg til desse tilboda har Kystmuseet faste utstillingar.
For meir info, sjå www.kyst.museum.no
[opp]
Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i dei siste åra rusta opp tilbodet til born og unge. Vi arbeider med å gjere tilbodet til elevar og lærarar endå betre, ved m.a. å utarbeide pedagogiske utstillingar tilpassa ulike klassesteg.
Utstillingane vert vist i ein eller fleire av dei seks driftseiningane i fylket, eller i samarbeid med dei kulturhistoriske musea.. Skulane vil få direkte informasjon om utstillingar og andre aktuelle hendingar.

I samarbeid med Den kulturelle skulesekken og
Riksutstillingar gjennomførte vi skuleåret 2003-2004 ein omfattande turne med utstillinga Menneskerettane. På forsommaren 2004 inviterte vi alle skulane i fylket med fri reise til River Deep Mountain High (Riksutstillinger) og Elisabeth Mathisens utstilling i Kunstsenteret, Førdehuset.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum skipar til ei rekkje andre arrangement, som performance, kunstvideo, konsertar, kåseri, debattmøte osb. Informasjon om slike arrangement får du gjennom museet sine fredagsannonser i pressa, eller på museet si nettside.
Vi har ope heile året:
Tysd, onsd, fred. 11 – 16
Torsd. 11 – 18
Laurd, sund. 12 – 15
Måndag stengt
(Opningstidene gjeld Kunstsenteret og Prestebøen - for dei andre
einingane, sjå nettside eller programhefte)
For meir informasjon, sjå heimesida: www.sfk.museum.no
(Skuleklassar kan etter avtale kome utanom opningstidene).
Prestebøen 8, Postboks 663, 6804 FørdeTlf. 57 82 50 40, faks 57 82 50 41
E-post: post@sfk.museum.no
Driftseiningar:
Anders Svor Museum – Astruptunet – Eikaasgalleriet –
Gjesmegalleriet
- Kunstsenteret i Førdehuset og Kunstmuseet Prestebøen
[opp]
Folkemusikaren Judith Vestreim frå Kaupanger formidlar vokal folkemusikk tilrettelagt lokalt for dei einskilde skulane. "Toneskrinet" inneheld viktige element som femnar om både lokalhistorie, språk og tradisjonar frå kulturarven.
Judith har med seg eit rosemåla skrin som "verktøy" for å bringe songane inn i klasserommet.
Skrinet er fylt av songskattar som elevane er med og tryllar fram ved hjelp av ein gamal formel. Regler og segn er også noko Judith har rikeleg av i skrinet sitt. Teikning er ein viktig del av innøvinga med elevane.
I fleire år har Judith Vestreim vore eit tilbod gjennom turnetilbodet til Den kulturelle skulesekken. No får skulane tilbod om å engasjere henne sjølve. Dei som tidlegare har hatt besøk, kan få nytt besøk med oppfølging. Programmet er på om
lag 45 minuttar.
For meir informasjon og prisavtale, kontaktJudith Vestreim, tlf. 57 67 49 84,
E-post: o.vest@frisurf.no
[opp]
Mange kjenner til dansaren Henry Macpherson, som gjennom fleire år har vore med i turnetilbodet til Den kulturelle skulesekken.
Henry Macpherson er engelskmann og har vore konkurransedansar i London. Dei siste 13 åra har han budd i Noreg. I dag underviser han m.a. ved Danseverkstaden til Jorunn Reina i Førde. Henry instruerer i Freestyle, hip hop og
showdance.
No kan skulane gjere direkte avtale med Henry om kva dans og kor stort omfang ein ønskjer han skal bidra med. Det er naudsynt å ha eit stort klasserom eller gymsal til rådvelde. Aldersgruppe:
5.-10. klasse.
Det er også mogleg for skular som ønskjer det å nytte Henry i eit utvida danseprosjekt, evt. på kveldstid, i tillegg til besøket til einskildklassar.
For meir informasjon og prisavtale, kontakt Henry Macpherson, tlf. 95039816
[opp]
"Å uttrykkje seg med levande bilete og forstå visuell kommunikasjon kan i dagens samfunn likestillast med å lese og skrive".
St.meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skulesekken.
Kultur- og kyrkjedepartmentet ønskjer at fleire elevar etter kvart kan få ei meir bevisst haldning til film som uttrykksform og kunstform gjennom Den kulturelle skulesekken. I Sogn og Fjordane har vi våren 2005 gjennomført det første fylkeskurset i film, og oppfølginga kjem hausten 2005 i form av eit praktisk retta kurs (meir informasjon under "Kurs og samlingar").
Kursaktiviteten er lagt til Sandane og Firda vidaregåande skule, som stiller utstyr til rådvelde. Kursa er meint å dyktiggjere mange fleire lærarar til å undervise i filmfaget i grunnskulen. Deltakarane på kursa vil utgjere eit nettverk som vi ønskjer å byggje vidare på.
Den einskilde kommune kan også bestille kursdagar direkte frå Firda vid. skule og Ove
Eide. Skulane kan velje mellom følgjande to tilbod:
-
"Film i sekken" for elevane:Eit kortfilmprogram, tilpassa klassesteg og ønske. Med ei kort innføring i grunnleggande filmkunnskap. For mellomsteget og ungdomssteget. 3 – 4 skuletimar.
-
Kurs for lærarar i filmkunnskap:Filmtolking og mediepedagogikk – eit grunnlag for å arbeide med film i skulen. Tid: frå 3 timar til 2 dagar, alt
etter ønske.
For meir informasjon/avtale, kontakt: Ove Eide, mob. 48
05 30 35,
e-post: ove.eide@sf-f.kommune.no
På nettadressa til Norsk filminstitutt finn de mykje godt stoff om korleis film kan knytast til undervisninga på dei ulike klassetrinna, tips om kurs, læremidlar m.m. Eit framifrå hjelpemiddel er filmsekkane som skulane kan kjøpe. Adr.:
http://www.nfi.no/barnunge/
[opp]
Prosjekt Opne landskap hjå fylkesmannen arbeider m.a. med tiltak for å rydda turstiar og
gamle ferdselsvegar. Kan rydding av turstiar bli ein del av den lokale kulturelle skulesekken?
Rydding og merking av turstiar kan vera eit tverrfagleg prosjektarbeid innan fleire fag: Natur- og miljøfag, Samfunnsfag, Norsk og Kunst og handverk. Eit ryddeprosjekt vil gje elevane direkte møte med naturen og kulturhistorisk kunnskap. Gjennom merking av stien vil elevane både få litterære og praktiske utfordringar gjennom innsamling av data, tekstforfatting og utforming av skilt. Prosjektet kan gå over eit eller fleire år og vil høva godt både på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen. Rydding må skje i samarbeid med grunneigarar, og grunneigarar og lokale sogelag vert viktige samarbeidspartar for å velja ut strekningar og for å gje faktaopplysningar om stadnamn.
Kva kan Prosjekt Opne landskap tilby?
-
Enkelt rettleiingshefte for rydding og merking av sti, m.a. basert på erfaringar frå tidlegare ryddeprosjekt i regi av skular. Rettleiingsheftet er klart hausten 2005 og kan bestillast frå adressa under.
-
Sett med ryddereiskap som skulane kan låna på bestilling.
-
Fagleg rettleiing for ryddearbeidet om ynskjeleg.
-
Innlegg om rydding og merking av sti under fylkeskommunen sin DKS-konferanse i veke 39, 2005.
Ryddeprosjekt i regi av skulane kan finansierast gjennom tildelte kommunale DKS-midlar, kontakt kulturforumet i heimekommunen. Skulane kan også søkja spelemidlar gjennom forenkla ordning hjå fylkeskommunen, kulturavdelinga og/eller tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlar) hjå
heimekommunen.
For meir informasjon, kontakt: Liv Astrid Nordheim,
prosjektleiarProsjekt Opne landskap, tlf: 57 72 32
54, faks: 57 72 32 50, mob: 48 02 98 36 E-post: liv-astrid.nordheim@fmsf.no
[opp]
Vi bur i eit fylke som har lange og solide tradisjonar innan folkemusikk og -dans og med mange utøvarar på høgt nivå.Sogn og Fjordane Folkemusikklag kan formidle kontakt mellom skular og utøvarar som kan jobbe på skulen i kortareeller lengre periodar.
-
Danse-, song- og musikkprosjekt med elevane
-
Kurs for lærarar, praktiske kurs og tradisjonskurs i folkemusikk
KontaktSogn og Fjordane Folkemusikklag,
V/ Dagrun Hesjevoll
Tlf. 57 68 32 66, e-post: dagrun@folkemusikklaget.no
Deltakarar på Mokurset 2004. Eit vekeskurs ifolkemusikk- og dans i juli/august kvar sommar.
[opp]
Fylkesarkivet har laga ein informasjonspakke om 1905 for kommunane i Sogn og Fjordane. I denne ligg det mykje stoff som kan brukast i skulen. Det er skrive ein artikkel om 1905 frå kvar av dei 26 kommunane. Her får lesarane eit glytt inn i året 1905 og dei særlege hendingane som knytte seg til oppløysinga av unionen med Sverige. Artiklane har døme på korleis folk fekk informasjon, korleis dei engasjerte seg og korleis dei feira lausrivinga. Artiklane fortel óg att folk i periodar frykta det verste – krig mot Sverige. Pakken inneheld i tillegg mange artiklar om hendingar og markeringar elles i fylket som gjeld 1905.
I informasjonspakken vil du óg finna foto og illustrasjonar som gjeld 1905. Arkivet har lese gjennom alle avisene i fylket frå 1905. Aktuelle stykke og notisar er skanna og lagt inn i informasjonspakken. Ein del av dei lengre avisartiklane og andre dokument er skrivne om til maskinskrift slik at dei er lettare å forstå. Informasjonspakken vert tilgjengeleg på cd og på Internett.(Sjå
www.sffarkiv.no).
For meir informasjon, kontaktFylkesarkivar Gunnar UrtegårdTlf. 57 65 64 01
E-post: gunnar.urtegaard@sf-f.kommune.no
[opp]
Fylkeskurs i Den kulturelle skulesekken
|
|
 |
|
Kurstittel: |
"Film i sekken – i
praksis" |
| Innhald: |
Film i DKS – modellar og erfaringar. Innføring i
filmkunnskap, praktisk opplæring i digitalt filmopptak, redigering, og kort
innføring i animasjon. |
|
Tid: |
15.-16. september 2005 |
| Målgruppe: |
Lærarar i
grunnskulen |
Lærarar på filmkurset våren 2005, f.v. Ove Eide, Firda vgs. og Carsten Ohlmann, Høgskulen i
Oslo. |
| Pris: |
Gratis |
|
Kurshaldar: |
Geir Skagen, lærar Firda vgs.
m/fl. |
|
|
|
Kurstittel: |
Konferanse, verkstader og
kulturopplevingar |
| Innhald: |
Føredrag om sentrale tema knytt til m.a. nye læreplanar og kultursatsing i skulen, diskusjonar, verkstadar, presentasjon av tilbod i DKS og idèformidling. |
|
Tid: |
Veke 39 - 2005, samstundes som forskingsdagane på
HSF. |
| Målgruppe: |
Rektorar, kulturkontakter og lærarar i grunnskulen, kulturansvarlege i kommunane og kulturskulerektorar |
|
Kurshaldar: |
Eksterne og tilsette på HSF |
|
|
|
|
|
Kurstittel: |
Den kulturelle skulesekken/Positivt skulemiljø
– Fokus på nye læreplanar i kulturfaga |
| Innhald: |
"Kor Arti`", "Ut på golvet" og verkstader (dag 2) med føredrag og praktisk konkret
arbeid. |
| Tid: |
25.-27. januar 2006 |

|
| Stad: |
Loen |
| Målgruppe: |
Tilsette i grunnskulane og
kulturskulane |
| Pris: |
2.400 (inkl. overnatting og full pensjon på Hotel Alexandra,
Loen) |
|
Kurshaldar: |
Fleire eksterne bidragsytarar |
Bilde: Lettbeint folkedans under
Opplevingsseminaret i Loen i januar 2005
[opp]
Våren 2005 vart det etablert ei faggruppe som skal vere med og utvikle innhaldet og kvaliteten i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.
Representantar frå sentrale institusjonar som SOFteater, fylkesbiblioteket, musea og høgskulen er mellom deltakarane i denne referanse-/idègruppa.
Lærarrepresentantar frå ulike regionar er også med i gruppa.Det blir lagt opp til 2 årlege møter, vår og haust. Neste møte blir såleis hausten 2005 - i forkant av utvelging av nye turnetilbod i DKS. På haustsamlinga får lærar-representantane i oppgåve å informere om erfaringar med DKS-tiltaket i sine skulemiljø.
Referanse-/idègruppa blir utfordra til nytenking i plenum. Det er samstundes ønskjeleg at medlemmene har eit skråblikk på gjeldande fylkestilbod og bidreg i evalueringsarbeidet av desse.
Alle som ønskjer det, kan nytte desse kontaktane i høve innspel til lokale satsingar, eller for å målbere idear til turnetilbodi regi av Kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Referanse-/idègruppa til Den kulturelle skulesekken.Bak f.v.: Sigmund Bødal – arkeolog Kulturavd., Morten J. Svendsen – direktør
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Anne Marie Holsvik – rektor Rand skule, Anja
Angelskår Mjelde – Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Henriette Harbitz – Høgskulen i
Sogn og Fjordane, Øyvind Lyslo – fylkesmusikkleiar, Kulturavd., Marit Ellingsen – lærar Trudvang skule, Terje Lyngstad – teatersjef
SOF teater, Gunnhild Systad – repr. for musea. Framme f.v.: Eva Kristin Svidal –
medarb. DKS, Kulturavd., Hilde Mauritzen – kulturkonsulent Balestrand, Johan Bengtsson – fylkesleiar i Norsk kulturskuleråd, Nelly Ramstad – lærar Førde ungd.skule, Margrethe Henden Aaraas – leiar DKS, Kulturavd.
[opp]
[opp]
|