Den kulturelle skulesekken
 

 


Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane 2005 – 2006 

Turnetilboda i Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2005-2006 er tilgjengeleg i eigen trykt katalog, i tillegg til at de kan lese om dei her på heimesida under DKS-tilbod

Tildeling

Frå hausten 2005 blir fylkestilboda tildelt kommunane, i staden for at kvar einskild skule/kommune skal velje sjølv. Det er styringsgruppa som har vedteke å leggje om ordninga. Tildeling vil skje med utgangspunkt i naturleg geografisk område. Stikkord for kva tilbod som kjem til kva elevgrupper i kva kommunar kan de lese meir om her.

Utvalet

Tilboda i DKS skal halde høg kvalitet. Nokre tilbod frå førre skuleår er også med i 2005-2006 tilbodet, men mange av tilboda er heilt nye. Vi hentar utøvarar frå eige fylke – og frå andre stader i landet. Samla sett håpar vi at alle blir nøgde, både i høve einskildtilbod og samansetjing av tilbod på ulike klassesteg. Vi har eit nyttig system for tilbakemeldingar, og ber skulane halde fram med å nytte evalueringsskjema. Nye turneidear vil bli diskutert/utveksla med kulturkontaktene i kommunane m.a. i samband med DKS-konferansen i Sogndal i veke 39. Referansegruppa blir også viktig i denne samanhengen.    

Transportkostnader

Vi håpar å kunne dekkje noko transport for elevar som må reise til annan skule, samfunnshus eller liknande for å delta på DKS-tilbod i fylket sin regi. Informasjon om dette vil kome i eige brev.

NB! Nytt av året, er tilbodet frå musea om å dekkje skyss til museumsbesøk for to utvalde årstrinn frå kvar skule. Vi håpar alle vil nytte seg av dette "ekstra-tilbodet"!
 

Til beste for elevane

Målgruppa vår er elevane i grunnskulen, og vi ønskjer å bidra til at alle får ein kulturell sikringskost av opplevingar, læring og erfaringar. For at utbyttet av ei teaterframsyning, kunstutstilling, danseoppleving, timar med arkitekten m.m. skal vere best mogleg, må tilrettelegginga i alle ledd fungere. Vi ber skulen/ kulturkontaktene om å merke seg informasjon som blir gjeve om føre-/etterarbeid, og sjølvsagt det som gjeld praktisk tilrettelegging.

KSYS – nytt dataverktøy

Frå august 2005 ligg all  informasjonen som gjeld turnear, læremateriell m.m. tilgjengeleg i KSYS, eit internettbasert dataverktøy som blir den nye, felles informasjonskanalen. På KSYS vil de då også finne den nye heimesida vår. Etter kvart er planen at alle involverte i Den kulturelle skulesekken skal hente ut frå KSYS all informasjon dei treng om aktiviteten ved sin skule og sin kommune. (Alt blir tilgjengeleg for alle!) 

Kurs og konferansar

Det er viktig med inspirasjon og ny kunnskap! Planlagde kurs og samlingar er omtala i Ressursmenyen. Der er det også teke med ein del idear til utøvarar, institusjonar og tema som kan nyttast i arbeidet med lokal kulturelle skulesekk. 

Har du spørsmål, innspel, meiningsytringar el. a? Ta kontakt med oss.

Fakta om DKS i Sogn og Fjordane og pengefordeling

 

Sist oppdatert 20. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek