Den kulturelle skulesekken
 
Heim/Aktuelt
DKS-tilbod:
- teater
- litteratur
- dans
- musikk
- museum
- kunst
- anna
Ressursmeny
Om DKS på
-fylkesnivå
-kommunenivå
Idebank
Lærarmateriell
Skulesekken nasjonalt
Lenkjer
Kontaktinfo
Arkiv
Sogn og Fjordane fylkeskommune   Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Tilbod skuleåret 2005/2006

Tidlegare tilbod

Musikk

Her vil ein finne oversikt over skulekonsertar i Sogn og Fjordane. Andre tilbod finn ein under menyvalet "Dans", der anna musikk/dans er samla.

 



Terpe og Floke

(105HS01)

Klassesteg: 1-7 (SM)
Kommunar: Gloppen, Vågsøy, Hornindal, Selje og Florø

Distriktsmusikarane i Førde
Helga Lied Wyrtz, fløyte
Henri G. Eftevand, fiolin
Lena C. Sirnes, piano

Dette skulekonsertprogrammet handlar om dei to gutane Terpe og Floke sine opplevingar på veg til skulen. Dei møter ulike hindringar undervegs, men løyser dei med både fantasi og kløkt. På konserten vil det med andre ord oppstå både musikalske og praktiske "flokar" som musikarane også treng hjelp av elevane til å finne løysingar på. Stykket har henta inspirasjon frå Prokofievs "Peter og ulven", men har ikkje noko direkte med dette stykket å gjere.


[opp]



Kompis 

(105HS02)

Klassesteg 8-10 (U)

Kommunar: Gloppen, Vågsøy, Hornindal, Selje, Jølster, Florø, Naustdal, Askvoll, Høyanger, Gulen, Gaular, Hyllestad, Fjaler og Solund

Distriktsmusikarane i Gloppen
Ann Margritt Silvferhielm, song
Halvor Martins, piano
Otto Ose, bass
Thomas Røgeberg, slagverk

Kompis er eit fleksibelt samspelsprosjekt som tek utgangspunkt i at elevar i ungdomsskulen skal få spele i lag med profesjonelle musikarar på sin eigen skulekonsert. Arrangementa vert sendt ut på førehand, dette vert klassikarar innan popmusikken som t.d. "A whiter shade of pale", "Hey Jude" , "Killing me softly" m.fl. Opplegget er svært fleksibelt, så her kan skulen sjølv få vere med å avgjere graden av medverknad.

[opp]



Jakta på den forsvunne melodien 

(106VS01)

Klassesteg: 1-7

Kommunar: Naustdal, Askvoll, Høyanger, Gulen, Gaular, Hyllestad, Fjaler og Solund

Distriktsmusikarane i Sogndal
Bjørn Gisle Seter, song
Joakim Anselmby, piano
Maria Lith, cello
Leif Aslaksrud, trombone

Kva skjer med ein song som har vore på flukt i hundrevis av år? I dette programmet får publikum nærkontakt med mange ulike stilartar, frå gregoriansk musikk og barokk til wienerklassisk, avantgardisk og moderne musikk samstundes med at dei får oppleve korleis ein melodi kan "fargeleggast" på ulikt vis. Men...kanskje er dette ein song dei kan frå før?


[opp]



Roger Allan Ivin Band

(106VS02)

Klassesteg: 8-10

Kommunar: Gloppen, Vågsøy, Hornindal, Selje, Florø, Jølster, Naustdal, Askvoll, Høyanger, Gulen, Gaular, Hyllestad, Fjaler og Solund

Roger Allan Ivin, song, bass, gitar
Torbjørn Ellingsen, keyboards
Knut Lothe, slagverk

Roger Allan Ivin er kanskje mest kjend som bassisten i gruppa Fabel. Med eige band står han no fram som ein dyktig vokalist og låtskrivar. Det å skrive poplåtar vil også vere ein raud tråd i dette programmet, der også tekstar som elevane sjølva har laga skal nyttast.


[opp]



Beatles – 1 = 3 Man Jam

Klassesteg 1-7 (SM)

Kjem til Høyanger, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Naustdal, Gulen og Solund

Kven ville trudd at fire langhåra gutar frå Liverpool skulle bli nokre av det førre hundreårs største komponistar?
No er det over 30 år sidan The Beatles herja over heile kloden, og alt dei tok i blei gull. Dei blei førebilete for ein heil generasjon. Ikkje berre gjennom musikken, men også trendskaparar for klede, frisyrar og image. No er to av dei borte.

The Beatles skapte ein særskild mal for pop og rock som millionar av musikarar verda over bruker den dag i dag. Dei fleste av dagens statsleiarar hadde The Beatles som "soundtrack" til ungdomstida si. Dei har gitt oss eit av dei største bidraga til den vestlege kulturhistoria i desse åra.
Kvifor? MUSIKKEN ER RETT OG SLETT BERRE GOD!
Konsertmenyen: Yesterday, Nowhere Man, A Hard Days Night, Penny Lane, 
All You Need is Love, She Loves You og Eleanor Rigby.

3 Man Jam:
Ganges Nordal, song/tamburin/kazoo
Aslak Johnsen, bass/song
Hans Petter (Petti) Vik, gitar/song

[opp]



Kouame møter barna

Klassesteg 1-7 (SM)

Haust 2005: Kjem til Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal 
Vår 2006: Kjem til Gloppen, Vågsøy, Selje, Hornindal, Flora, Jølster

"På språket mitt (Gban) i Elfenbeinskysten fins det ikkje eit ord for å synge, eit for å spele eller eit for å danse. Berre "Sah", som er alt på ein gong - samkjensle, glede, fest, rytme, rørsle og tromming!" Dette sitatet er henta frå eit intervju med Kouame Sereba. 

At vi nordmenn flest har enda opp med å bli stivbeinte og keitete, forklarer Kouame med at vi har slutta å leike. I skulekonserten vil Kouame få elevane til å hugse på leiken. Elevane vil få glimt inn i Kouames store leikeunivers, samtidig som dei får ei reise i musikaliteten og rytmikken i kroppen. Rytmane blir leika fram ved stemmebruk, ved å klappe, ved å trampe og ved hjelp av afrikanske djembe-trommer og andre rytmeinstrument.

Alle menneske har rytme. For Kouame er det viktig å vise at talent for rytmikk ikkje er mystisk og eksotisk.

Du finn meir informasjon om Kouame på www.sereba.com.

[opp]



Duo Montes Kircher

Klassesteg 8-10 (U)

Kjem til Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Dette skulekonsertprogrammet står i gitaren sitt teikn. Dette allsidige strengeinstrumentet vert spelt over heile verda på mange ulike måtar, og på denne konserten får vi vere med gitarduoen DUO MONTES-KIRCHER på ei musikalsk reise gjennom Sør-Amerika, gitarkontinentet framfor noko anna.

Gitaren i si noverande utforming stammar eigentleg frå Spania, men kom til Sør-Amerika for 500 år sidan då Columbus og "conquistadorane" hans oppdaga kontinentet. Den spanske kulturen har i tida etterpå blanda seg med både den opprinnelege indianske kulturen og den afrikansk kulturen som kom med slavane frå det afrikanske kontinentet. Dette har ført til at gitartradisjonen i Sør-Amerika står i ei særstilling, med stor variasjon i både musikkstil og speleteknikk som resultat. På konserten vil publikum få oppleve variert latin-amerikansk gitarmusikk frå Mexico i nord til Argentina i sør, sjølvsagt inkludert heimlandet til Alfonso, Venezuela.

Musikarar
Alfonso Montes 
Irina Kircher


[opp]



Skulekonsert

Klassesteg 1-7 (SM)

Kjem til Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Program vert bestemt seinare


[opp]



Pop/rock - program

Klassesteg 8-10 (U)

Kjem til Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal,Vik, Årdal

Pop/rock-program knytt til prosjektet "Elevar som arrangør". Artist vert bestemt seinare.


[opp]


 

Sist oppdatert 10. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek