Den kulturelle skulesekken
 
Heim/Aktuelt
DKS-tilbod:
- teater
- litteratur
- dans
- musikk
- museum
- kunst
- anna
Ressursmeny
Om DKS på
-fylkesnivå
-kommunenivå
Idebank
Lærarmateriell
Skulesekken nasjonalt
Lenkjer
Kontaktinfo
Arkiv
Sogn og Fjordane fylkeskommune   Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Tilbod skuleåret 2005/2006

Tidlegare tilbod

Tilbod frå musea


Ekstratilbod! 

To årstrinn får tilbod på sitt regionmuseum 

For første gong får skulane tilbod om å nytte seg av museumstilbod utan at dei må dekkje transporten. Tilbodet gjeld utvalde årstrinn. Nærare informasjon frå kvart av dei kulturhistoriske musea finn du under

Samarbeidet med musea inneber at fylkeskommunen bidreg med utviklingsmidlar som blir nytta til utgifter, i første rekkje transport av elevar til og frå musea. Vårt felles mål er å bidra til at alle born i fylket får oppleve minst to museumsdagar med alderstilpassa aktivitetar i grunnskuleperioden. Ordninga skal vere fleksibel, og m.a. ønskjer musea at skular med få elevar på eitt trinn, "fyller opp bussen" med elevar som er nær i alder. 

Dei ulike musea gjev ulike tilbod til ulike aldergrupper. Den einskilde skule gjer direkte avtale med sitt museum. Rekning for transport skal sendast til museet. NB! Hugs at busstransporten skal tingast av skulen på dei vilkåra som gjeld skyss av elevar i skuletida. 

Dei ordinære tilboda frå musea, der transport ikkje blir godtgjort, kan du lese om under Ressursmeny.

 


[opp]



Tilbod til 3.- og 5.-klassane i grunnskulane i Fjaler, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal

Transport blir dekka

Tilbod til 3. årstrinn: Skulemeister Streng og Frøken Striks
Ungane plar like godt å få prøve ein skuledag i gamle dagar, her prøver vi to skular på ein dag: Skulemeister Streng held omgangsskule i Østenstadstova der han prøver å samle elevane sine til høgtlesing rundt langbordet, medan bestefar strekkjer seg på senga og mor er ved røykomnen. Frøken Striks held til i skulehuset frå Guddalen. Der har ho kateter og peikestokk, plansjar om dyr, om rekning og om bibelsoge. Ho strevar med å lære elevane å skrive med penn og blekk utan å søle, - og ho er ei nøyen dame: "Spyt ikke på gulvet" står det på ein plakat på veggen! 

Tilbod til 5. årstrinn: I eige hus
I nesten tusen år var det to rådande måtar å byggje hus på her på Vestlandet: å lafte tømmer til solide hus for folk og fe og å reise stavhus med grindar til uthus. Begge to er nokså enkle, men geniale teknikkar. Museet har laga eitt byggjesett av kvar type, nøyaktig kopiert frå gamle hus, storleik 1:4. Under kunnig rettleiing skal 5.klassingane få lære seg teknikken og målet er to ferdige hus kvar dag. Så kan husbyggjarane setje seg på taket... 

For nærare informasjon/påmelding, kontakt: 
Sunnfjord Museum, e-post: post@sunnfjord.museum.no, tlf. 57 72 12 20

NB! Dersom einskild skular ønskjer å prioritere andre årstrinn, vil museet tilpasse opplegg og gje desse same vilkår i høve dekking av skyss.

Besøksperiode: Veke 36: 6.-9. sept., veke 38: 19.-23. sept., veke 39: 26.-30. sept.
Lengde: Kl. 10 - 13:30, inkludert pausar
Maks tal elevar: 30 på kvart tilbod pr. dag.
Forarbeid/pedagogisk opplegg: For I eige hus, sjå museet si heimeside http://sognogfjordane.kulturnett.no/sunnfjordmuseum/byggeskikk/default.htm Her er historisk og teoretisk gjennomgang av temaet og oppgåver som elevane kan arbeide med før museumsdagen.

Påmelding seinast 31. august 2005


[opp]



Museet har som eit av tjue museum i landet fått eit særskilt ansvar for Den kulturelle skulesekken. Det vert lagt til grunn at museet arbeider vidare med å utvikle det historiske elementet i skulesekken og etablere eit utvida samarbeid med ulike aktørar innan kulturvernet og andre deler av kulturfeltet.

Nytt tilbod til skulane vert frå hausten:

  • ny natursti på museet med oppgåver knytt til den 

  • butikk frå 1900-talet der elevane vil få sjå varer og innreiing frå landhandel og også få høve til å prøve seg i butikken

Tilbod til to klassetrinn frå skulane i Nordfjord der skyss vert dekka:
Vi vil saman med skulane sy saman ein dagpakke som høver tematisk og ta omsyn til reisetid frå skule til museet. Vi satsar i utgangspunktet på mellomtrinnet dette skuleåret og nemner tema som jektefart og nordfjordbåt, besøk i skulestova frå Austrheim frå kring 1860, temadagar med maling av korn og baking m.m. Museet vil kome ut med meir konkrete opplegg direkte til skulane med nærare opplysningar om dei ulike tema og med dato for opplegg knytt til tjørebrenning og maling av korn.

Vi satsar på å ha tilbod i skulesekken frå skulestart og ut til midten av oktober og på våren frå april og ut skuleåret. Museet tek også i mot skular resten av året etter avtale i samband med skiftande utstillingar o.a.

Ta kontakt i god tid med
Nordfjord Folkemuseum, e-post: post@nordfjord.museum.no, tlf. 57 86 61 22

[opp]



Kystmuseet i Sogn og Fjordane

ligg i Florø, og har kystkultur som sitt ansvarsområde. Skuleåret 2005/2006 har museet særskilde tilbod til 2. klasse og 9. klasse. Kystmuseet har eigne tilbod til skulane i Flora kommune, og dei har fått tilsendt informasjon om dette. Tilbodet til skular utanom Flora kommune blir som skissert under:

2. klasse: Båtar og leik
Elevane får ei kort orientering om ulike båt- og segltypar i museet sin båthall. Deretter får dei høve til å lage enkle modellbåtar med utgangspunkt i foto eller måleri av båtar. Kystmuseet stiller med halvfabrikkerte båtar, materiell til segl og rigg, limepistolar etc. Elevane kan sjølv velje om dei skal lage ein avansert fullriggar eller eit enklare fartøy, td. vikingskip. Tilbodet går over ein halv skuledag.

9. klasse: Oljeverksemda i Nordsjøen
Vi besøker oljeutstillinga i Snorreankeret og fortel om oljeverksemda rett utanfor kysten vår. Vi fortel korleis olja vart laga av mange millionar år gamle dyre- og planterestar frå den tida då dinosaurane rådde jorda. Så viser vi korleis oljeleiting føregår, korleis olje og gass blir henta opp til overflata og transportert til land. Deretter vert det busstur til Fjordbasen, og omsyning på dette store området som er forsyningsbase fordelar av oljeverksemda på norsk sektor. Tilbodet går over ein halv skuledag.

Tilboda gjeld i september og november 2005, og mars og april 2006. Ta kontakt med Kystmuseet på tlf. 57 74 22 33 for nærare avtale om deltaking og kostnad. I tillegg til desse tilboda har Kystmuseet faste utstillingar.

For meir info, sjå www.kyst.museum.no


[opp]




De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum byr på eit mangfald av 
opplevingar som ungane i Sogn kan fylla i skulesekken sin:

I gamle hus og tun får elevane bruka sansane og ferdigheitene sine gjennom dei ulike skuletilboda som vi byr på. På museumsgarden har vi levande dyr, og elevane får delta i tradisjonelt matstell og gardsarbeid. Dei kan studera hus og byggeskikk, og dei får sjølve lafta si eiga hytte. I skulestova er det gammaldags skuledag, og i mørke haustkveldar opplever vi lys og varme, tru og overtru i dei gamle stovene. På Fjordmuseet ruver dei tradisjonsrike sognabåtane, og ute på fjorden får elevane sjølve vera med og ro åttæringen vår. Dei naturhistoriske løypene opnar for stor aktivitet, og i høve  hundreårsjubileet for unionsoppløysinga tilbyr vi sjølvsagt eit opplegg der elevane får innblikk i dei storpolitiske hendingane, og kanskje får dei også delta i folkerøystinga både om unionsoppløysing og styreform!

Tilboda våre blir annonserte i halvårsprogramma som vi sender ut til alle skulane i Sogn. Sommarprogrammet vårt gjeld frå mai – september, og vinterprogrammet dekkjer tida oktober – april. Innanfor dette programmet kan skulane sjølve velja kva tilbod dei vil nytta, og årets glade bodskap er at kvar skule no får dekt reisa til eit museumsbesøk for to årstrinn for skuleåret 2005-06 gjennom Den kulturelle skulesekken! 

Kor mange elevar vi kan ta imot kvar dag varierer etter opplegget, så det avtalar vi med dykk direkte. Det same gjeld lengda på opplegget og eventuelt føre- og etterarbeid. Meir detaljerte opplysningar finn de i programma våre eller på www.dhs.museum.no

Ta kontakt med oss på 
Tlf. 57 67 82 06, faks 57 67 85 11, 
e-post: sogn.folkemuseum@dhs.museum.no


[opp]



Det mobile bremuseet  

Kva er ein bre? Korleis formar breen ein dal? Kvifor er brevatn grønt?

Det mobile bremuseet er ein koffert full av eksperiment rundt tema bre, is, snø og landskap. Vi tek også med 1000 år gamal, ekte bre-is frå Jostedalsbreen, samt eit filmklipp om is.

Etter ei kort innføring kan grupper på fire til fem elevar utføre og diskutere eksperimenta sjølve og i lag med læraren/fagpersonen frå Bremuseet. På denne måten kan elevane lære meir om brear og kvifor landskapet på Vestlandet ser ut som det gjer. Fagpersonen frå Norsk Bremuseum fortel også litt om korleis breen er blitt brukt av menneska opp gjennom tidene.
Av utstyr treng vi eit lerret og eit klasserom som kan blendast under filmvisinga. Til nokre av eksperimenta må elevane lage til is etter oppskrift som blir sendt ut på førehand, eller skaffe anna materiell (t.d. mjølkekartongar). Ein lærar bør vere med under opplegget, som tek omlag to skuletimar.

For meir informasjon, kontakt: 
Lisbeth Vedaa, e-post: lisbeth@bre.museum.no
Tlf. 57 69 32 88, www.bre.museum.no

Turneperiode: Heile året, unnateke mai, juni og september
Lengde: 2 skuletimar, 90 min.
Publikum: 30 elevar
Sceneplass: Klasserommet
Teknisk tilrettelegging, utstyr: lerret eller kvit vegg, is (laga etter oppskrift), skøyteleidning, ca 30 tomme, reine mjølkekartongar og 3-5 golvklutar.
Riggetid: 15 min før og etter
Aldersgruppe: 5.-7. klasse


[opp]


Sist oppdatert 19. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek