Den kulturelle skulesekken
 

 

 

Dei lokale skulesekkane 2005 - 2005

Det som skjer i kommunane og på kvar einskild skule er fundamentet i Den kulturelle skulesekken. Tilbodet som kjem frå fylkesnivået er meint å vere ein del av DKS-innhaldet, og ei hjelp til ei målretta lokal satsing. Fylkestilbodet vil ofte vere prega av profesjonelle tilbod som den einskilde skule/kommune vanskeleg kan få tilgang til på eiga hand. Skal vi lukkast med å få til eit "skulesekkinnhald" som kvar einskild elev har størst mogleg utbyte av, krevst det eit tett samarbeid mellom kommune- og fylkesnivå, og ein god dialog mellom partane på dei ulike nivåa.

 

Synergiar

På kommunenivået er ei av utfordringane å tilrettelegge for synergiar av fylkestilboda, ved at ein t.d. tenkjer lokal oppfølging av tema, musikk, kunstform o.a. Vi som arbeider med ”sikringskosten” prøver på ulike måtar å bidra til at tilboda frå fylket skal innehalde  ulike former for læremateriell, der slikt er naturleg. 

 

Forum og planar

Dei lokale kulturplanane bør politisk forankrast i kommunen. Alle skal vere tilgjengelege i prosjektbasen til utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen. Ønskjet er at lokale planar speglar lokale særpreg. Vi håpar og trur at dei einskilde lokale kulturforuma vil vere viktige aktørar i det vidare arbeidet for eit flott skule-kultursamarbeid i vårt vidstrekte fylke. Eit godt fungerande lokalledd er også viktig for den vidare satsinga på fylkesnivå.

Det lokale kulturforumet blir leia av ein kulturkontakt i kommunen. Dette kan vere ein tilsett i kommunen si kultureininga, ein kulturskulerektor eller tilsett i staben til skuleansvarleg. Fleire stader er einingane så små at det er kulturansvarleg eller skuleansvarleg som også er vår kulturkontakt på kommunenivå.

 

Kulturkontakter på skulane

I det daglege arbeidet har vi mykje direkte kontakt med dei einskilde kulturkontaktene på skulane. Frå skuleåret 2005-2006 har vi i eige brev til skulane og kommunane bede om at kontaktperson for DKS blir den same som kontaktperson for skulekonsertane. Slik får vi best mogleg administrert all kontakt gjennom eit ledd på skulane. Så er det opp til skulane å evt. delegere oppgåvene på fleire.

 

Vi i saman

Vi som arbeider med Den kulturelle skulesekken på fylkesnivå i Sogn og Fjordane ønskjer å vere støttespelarar for kommunane. Så langt ressursane rekk bidreg vi med informasjonsarbeid og rettleiing, gjerne i samband med kommunebesøk.

 

 

Sist oppdatert 19. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek