Den kulturelle skulesekken
 
Heim/Aktuelt
DKS-tilbod:
- teater
- litteratur
- dans
- musikk
- museum
- kunst
- anna
Ressursmeny
Om DKS på
-fylkesnivå
-kommunenivå
Idebank
Lærarmateriell
Skulesekken nasjonalt
Lenkjer
Kontaktinfo
Arkiv
Sogn og Fjordane fylkeskommune   Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Tilbod skuleåret 2005/2006

Tidlegare tilbod

Kunst

Utstillingar


Vis a Vis

Vis á Vis er eit utval portrettfotografi frå samtidskunsten. Portretta seier noko om korleis vi menneska presenterer oss og møter kvarandre, korleis vi ser og blir sett. Tema er knytt til identitet og sjølvestende i møte med fotografiet. Utstillinga ønskjer å rette fokus mot eit direkte og kommuniserande bildeuttrykk som fotografen prøver å skape i møte med den som blir avbilda og den som ser på. Det handlar om menneske som er på ein bestemt stad i verda på ein bestemt augneblink. 

For meir informasjon, kontakt: 
Jeanette Eek Jensen, e-post: jeanette.eek.jensen@riksutstillinger.no
Tlf. 22 99 10 70 / 78 


Turneperiode: Haust 2005
Maks tal elevar: Maks ein klasse – nærare info blir sendt skulane 
Pedagogisk opplegg: Nærare info blir tilsendt
Visningsrom: fellesrom, kantine, gymsal, klasserom, fritt for bord og stoler. Rommet må være avlåst. 
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Straum
Assistanse: Minst 2 vaksne personar til å vere med å bere og montere/demontere
Riggetid: ca 2 skuletimar 
Aldersgruppe: 8.-10. klasse

[opp]



Video Vides Videmus

Video Vides Videmus betyr: eg ser, du ser, vi ser… Det er eit prosjekt som viser korleis ulike kunstnarar nyttar video som kunstnerisk uttrykksform. Prosjektet består av 7 ulike videoar som er spelt inn på ei DVD-plate. Felles for arbeida er eit sosialt engasjement vist på ein direkte måte. Dette får sjåaren til å engasjere seg. Filmane ønskjer å ta opp grunnleggande spørsmål: Korleis ser eg? Ser du det same som eg? Videokameraet er som eit auge i verda, som observerer. Video Vides Videmus er ei innbyding til at vi saman skal tenkje gjennom kva vi ser i dette auget…

For meir informasjon, kontakt: 
Jeanette Eek Jensen, e-post: jeanette.eek.jensen@riksutstillinger.no 
Tlf. 22 99 10 70/78

Utstyret kjem samla i ein kasse. Lærarar, minimum 2 frå kvar skule, vert invitert til eit seminar over 3-4 skuletimar. 
Turneperiode: 15 veker våren 2006
Maks tal elevar: Ein skuleklasse 
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Informasjon i samband med lærarkurs.
Sceneplass: Areal á la klasserom 
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Klargjere eige rom med blendingsgardiner, straum, veggplass til 8 plakatar. 
Assistanse: Kontaktlærar monterer i følgje opplæring gitt på kurs på førhand. 
Riggetid: Ein skuletime
Aldersgruppe: 8.-10. klasse


[opp]



Den vandrande moske

Eit pedagogisk opplegg for småtrinnet 

I Noreg i dag har vi fått fleire ulike religionar og livssyn. I Oslo og andre store byar finst det no både synagoger, moskear og tempel. I denne utstillinga vil deltakarane få vere med inn i ein moske. Dei vil mellom anna få sjå kva som finst i moskear som til dømes tepper, ein praktkoran, kalligrafi, bilete, klede, kompass, få smake spanande mat og høyre koranresitasjon. Utstillinga gjev kunnskap om islam i Noreg i dag. Den "omvandrande" moskeen skal fungere som ei erstatning for manglande moglegheiter for ekskursjonar til moskear i Sogn og Fjordane. Ein naturlig del av førearbeidet til eit slikt opplegg, vil difor vere eit kyrkjebesøk. Det vil også i samband med føre-/etterarbeid, vere naturleg å knyte kontaktar til flyktningmottak, eller fastbuande innvandrarar i nærområdet som har muslimsk bakgrunn. Elevane vil få aktivitetsoppgåver av ulikt slag knytt til kunst og handverk, og "moskebesøket" er eit godt utgangspunkt for samtale om likskap og ulikskap mellom moskeen og kyrkja. Fagleg fokus både for kyrkjebesøk og "moskebesøk" skal meir presist vere symbol og skrift. 

Utstillinga blir utvikla våren 2005 i eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og bildekunstnaren Grete Huus frå Jølster. 

For meir informasjon, kontakt: 
Margrethe Henden Aaraas, 
E-post: margrethe.henden.aaraas@sf-f.kommune.no 
Tlf. 57 82 50 19 / 41 63 94 04

Turneperiode: Skuleåret 2005-2006
Lengde: Presentasjon ein skuletime. (Elevane kan oppsøkje utstillinga fleire gonger så lenge den står på skulen)
Maks tal elevar: Ein skuleklasse
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja
Sceneplass: Eit klasserom
Teknisk tilrettelegging, utstyr: Informasjon om dette seinare
Riggetid: Informasjon om dette seinare
Aldersgruppe: 1.-4. klasse

[opp]



Om utstillingane og forventningar til deltaking frå lærarar

Tre utstillingar skal rundt i fylket skuleåret 2005/2006. To av dei blir sendt ut med formidlar, det gjeld Vis a Vis og Den vandrande moske. Formidlarane vil vere personar med kunstfagleg bakgrunn som gjennomgår opplæring i regi av Riksutstillinger eller Sogn og Fjordane kunstmuseum. 

Den tredje utstillinga, Video Vides Videmus, er lagt opp slik at lærarar på den einskilde skule deltek på seminar på førehand der dei blir kursa i korleis utstillinga skal formidlast. Dette siste er blitt ei mykje nytta formidlingsform andre stader i landet, og vi synes det er på tide å prøve ut denne modellen også i Sogn og Fjordane. Det første aktuelle lærarseminaret blir skipa til under DKS-konferansen i Sogndal i veke 39. Vi ber skulane/ kommunane som er tildelt videoutstillinga om alt no å diskutere kven av lærarane som er aktuelle til å delta på seminaret. Dette er ei formidlingsform som set krav til deltaking frå skulane på fleire måtar, og vi håpar at alle vil gjere sitt beste for at tilrettelegginga blir så god som råd. 

Informasjon om turnerute og tilrettelegging blir sendt skulane i god tid. Ta kontakt om de har spørsmål og detaljar de ønskjer å diskutere.

Kontaktperson: Margrethe Henden Aaraas, tlf. 57825019/41639404


[opp]


 

Sist oppdatert 19. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek