Den kulturelle skulesekken
 
Heim/Aktuelt
DKS-tilbod:
- teater
- litteratur
- dans
- musikk
- museum
- kunst
- anna
Ressursmeny
Om DKS på
-fylkesnivå
-kommunenivå
Idebank
Lærarmateriell
Skulesekken nasjonalt
Lenkjer
Kontaktinfo
Arkiv
Sogn og Fjordane fylkeskommune   Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Aktuelt

18.08.05

Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har fått nye heimesider på www.ksys.no, direkteadressa er http://sff.ksys.copyleft.no/

Sidene her på www.sf.fylkesbibl.no vil førebels ikkje bli sletta, men vil heller ikkje bli oppdatert. 

 

19.05.05
Ny katalog klar 

Fylkestilbodet for 2005-2006 vart sendt ut til skulane i april månad. Nye tilbod og mange ulike aktørar er klare til å besøkje kommunane i fylket utover hausten og neste vår. Tilbodet blir administrert på ein ny måte komande skuleår. I staden for at skulane sjølve vel einskildtilbod får alle no tildelt ei ”pakkeløysing” til sine kommunar/regionar. Les meir

 
05.04.05:
Minnealbum frå filmkurset på Sandane 9.-10.mars
Takk til dei to dyktige kurshaldarane, Ove Eide frå Firda vgs., Sandane (t.v.) og Carsten Ohlmann frå Høgskulen i Oslo.
Her ser vi dei med reklame for det mediepedagogiske tidsskriftet Tilt
 
 

 

 

 
 
Under: Underhaldning før middagen. Dyktige elevar frå Firda vgs., (musikk, dans, drama) spelte og song fantastisk bra!
 

 

 
Deltakarane på filmkurset fekk ei fin omvisning på Nordfjord Folkemuseum av museumsdirektør Aslaug Nesje Bjørlo. Stearinlys på bordet og god stemning!

 

29.03.05:
Hordaland teater med skulesekk-turne i Sogn og Fjordane

I byrjinga av april legg Hordaland teater ut på ein fire veker lang turne i fylket med sitt kritikarroste stykke "Mina og Draken". Det er første gongen teateret frå nabofylket har ein skuleturne i Sogn og Fjordane, og vi håpar at dette er eit samarbeid som kan utviklast vidare. 

Samarbeidet kom i stand etter at Sogn og Fjordane teater i slutten av februar måtte avlyse turneen med "Tylefakte". Framsyninga skulle etter plane visast for nærare 3 000 elevar i grunnskulen. Årsaka til avlysinga var at ein av dei to skodespelarane trekte seg av private årsaker. Lukka var at Hordaland teater hadde moglegheit til å hjelpe oss akkurat når vi trengte det. Vi trur elevane vil få stor glede av tilbodet.

Om Mina og Draken:
BT skriv: "Fargerikt eventyr- morsomt og spennende":
BA skriv: "Figurteater fremført med både humor og lekelyst i overflod"
"Som vanlig er det høy kvalitet på både dukker og kostymer på Hordaland Teater".

Sjå også: http://www.hordaland-teater.no/

 

29.03.05:
Referanse-/idègruppe for Den kulturelle skulesekken

Våren 2005 vart det etablert ei faggruppe som skal vere med og utvikle innhaldet og kvaliteten i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Representantar frå sentrale institusjonar som SOFteater, fylkesbiblioteket, musea og høgskulen er mellom deltakarane i denne referanse-/idègruppa. Lærarrepresentantar frå ulike regionar er også med i gruppa. 

Det blir lagt opp til 2 årlege møter, vår og haust. Neste møte blir såleis hausten 2005 - i forkant av utvelging av nye turnetilbod i DKS. På haustsamlinga får lærar-representantane i oppgåve å informere om erfaringar med DKS-tiltaket i sine skulemiljø.  

Referanse-/idègruppa blir utfordra til nytenking i plenum. Det er samstundes ønskjeleg at medlemmene har eit skråblikk på gjeldande fylkestilbod og bidreg i evalueringsarbeidet av desse.  

Alle som ønskjer det, kan nytte desse kontaktane i høve innspel til lokale satsingar, eller for å målbere idear til turnetilbod i regi av Kulturavdelinga i fylkeskommunen. 

Referanse-/idègruppa til Den kulturelle skulesekken. Bak f.v.: Sigmund Bødal – arkeolog Kulturavd., Morten J. Svendsen – direktør S. og Fj. Kunstmuseum, Anne Marie Holsvik – rektor Rand skule, Anja Angelskår Mjelde – fylkesbiblioteket, Henriette Harbitz – Høgskulen i S. og Fj., Øyvind Lyslo – fylkesmusikkleiar Kulturavd., Marit Ellingsen – lærar Trudvang skule, Terje Lyngstad – teatersjef SOFteater, Gunnhild Systad – repr. for musea. Framme f.v.: Eva Kristin Svidal – medarb.DKS, Kulturavd., Hilde Mauritzen – kulturkons. Balestrand, Johan Bengtsson – fylkesleiar i Norsk kulturskuleråd, Nelly Ramstad – lærar Førde ungd.skule, Margrethe Henden Aaraas – leiar DKS, Kulturavd.

 

14.02.05:
Minner frå opplevingsseminaret i Loen 2005

Norsk Kulturskuleråd, i samarbeid med Fylkeskulturkontoret og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, skipa i januar til Opplevingsseminar for 73 lærarar frå grunnskulane og kulturskulane i fylket. Innhaldet var knytt til tema frå Positivt skulemiljø og Den kulturelle skulesekken.

Det vart tre livlege og lærerike dagar med Kor arti` og dans, og fire ulike verkstader innan følgjande tema:
Figurteater v/Berit Hisdal Lunde og Aashild Longvastøl, 
Bilder i ull v/Karin Flatøy Svarstad
Skapande skriving v/Stig Sæterbakken og
Kom skal vi danse (musikkterapi) v/ Ina T.Solvang og Solgunn E. Knardal.

Her er eit lite minnealbum frå seminaret.

 
17.01.05:

Kurs: Med filmen som innsats
Film i Den kulturelle skulesekken 

Tid: 9. – 10. mars 2005
Stad: Kinosalen, Gloppen ungdomsskule, Sandane
Kurshaldarar:  Carsten Ohlmann, Høgskolen i Oslo/Statens skolefilmutvalg
Ove Eide, Firda vidaregåande skule/ Statens skolefilmutvalg
Målgruppe: Lærarar i grunnskulen
Pris: Gratis. Deltakarane betalar overnatting.

Kurset vil bygge på dei to ”filmsekkane” som Statens skulefilmutval har laga (sjå www.nfi.no/filmbutikken), men vil og ha døme på andre filmar som kan nyttast i undervisninga. Kurset vil gje deltakarane døme på undervisningsopplegg knytte til både kortfilm og spelefilm. Det er ønskjeleg at deltakarane overnattar.

Klikk for program, informasjon til kursdeltakarane og tips om overnatting.

 
18.11.04:
Ekstratilbod til kulturskulane:

Norsk Kulturskoleråd, i samarbeid med Fylkeskulturkontoret og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, har sendt ut innbyding til alle tilsette i grunnskulane og kulturskulane i fylket om 3-dagars opplevingsseminar med innhald frå Den Kulturelle Skulesekken og Positivt Skolemiljø - 26.-28. januar 2005 på Alexandra Hotel i Loen (sjå aktuelt-notis under)

Her er eit tilbod om ein ekstra verkstad for kulturskuletilsette.  Initiativet til dette kom frå deltakarar på kurset i Førde 12. november for kulturskulerektorar og tilsette, i regi av Fylkessenteret for musikkterapi.

Det var då fleire som uttrykte ønskje om eit praktisk retta heildagskurs med musikkterapeutane ved FSMT, og dei to, Solgunn Elisabeth Knardal og Ina Therese Solvang, har takka ja til å halde kurset. Dette blir altså Alt. 4 i verkstaddelen på Opplevingsseminaret i Loen, torsdag 27. januar. (Dei øvrige tre verkstadane kan de lese om i den ordinære innbydinga). Litt om innhaldet:  

Kom, skal vi spele....

TILRETTELAGDE MUSIKKAKTIVITETAR

Kurset set fokus på musikkaktivitetar for menneske med særskilde behov, og korleis vi praktisk kan leggje aktivitetane til rette for ulike alderstrinn og grupper i kulturskulen. Vi tek utgangspunkt i dans, rørsle, og rammeaktivitetar for instrumentbruk både med improvisasjon og meir klare rammer. Ein del av verkstaden vert erfaringsutveksling i gruppa. Dersom de har særskilte ynskje om metodar, aktivitetar eller målgrupper de vil jobbe opp imot, så ta kontakt med musikkterapeutane på førehand:

solgunn.elisabeth.knardal@sf-f.kommune.no, tlf. 95768772
ina.therese.solvang@sf-f.kommune.no, tlf. 41530967

NB! Verkstaden blir gjennomført dersom minst 10 deltakarar melder seg. Difor må de ved påmelding nemne alternativ verkstad som evt. er aktuell.

Hugs fristen: 15.desember.

Påmelding sender du til: 
Norsk Kulturskoleråd, 7491 Trondheim      
E-post; post@kulturskoleradet.no

Spørsmål? Kontakt kulturskulekonsulent Margrethe på mob. 41639404

 

09.11.04:

Norsk Kulturskoleråd,
i samarbeid med Fylkeskulturkontoret og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, inviterer til 3-dagars opplevingsseminar med innhald frå 

Den Kulturelle Skulesekken og Positivt Skolemiljø
26.-28. januar 2005 på Alexandra Hotel i Loen

Innbydinga gjeld alle tilsette i grunnskulane og kulturskulane i fylket, både dei som har delteke i PSM-prosjekt tidlegare og nye. Kort sagt; Vi ønskjer å nå alle som vil vere med på å skape eit positivt skulemiljø med utgangspunkt i kunst- og kulturuttrykk av ulike slag.

Samlinga denne gongen inneheld: MUSIKK, DANS, DRAMA/TEATER, BILDE OG SKAPANDE SKRIVING.

Av innhaldet nemner vi Kor arti`, dans/Ut på golvet, foredrag, debatt og val mellom tre ulike verkstader:

Alt. 1: Figurteater v/ Berit Hisdal Lunde og Aashild Longvastøl 
Alt.2: ”Bilder i ull” v/ Karin Flatøy Svarstad
Alt. 3: Skapande skriving v/ Stig Sæterbakken

(Sjå utfyllande opplysningar om verkstad-ansvarlege under)

Bindande skriftleg påmelding med namn, adresse og val av verkstad (primært-og sekundært) sendast Norsk Kulturskoleråd snarast og seinast innan 15. desember– 04!

Pris pr. deltakar kr 2.400,- med overnatting i dobbeltrom. Prisen inkluderer kursmateriell. Evt. enkeltromstillegg kr 200,- per natt må betalast ved avreise.

Tilbakemelding om plass, detaljert program og innbetalingsblankett blir send kursdeltakarane ca to veker før seminaret.

NB! Seminarstart kl 15.00 onsdag 26.januar.     
Vi avsluttar fredag 28.januar med lunsj kl. 14.00

Velkomen til 3 lærerike dagar i Loen!

Kontaktpersonar:

Hilde Roald Bern
www.kulturskoleradet.no 
post@kulturskoleradet.no
7491 Trondheim 
T: +47 73 56 20 00 
F: +47 73 56 20 01 
Margrethe Henden Aaraas margrethe.henden.aaraas@sf-f.kommune.no
Fylkeskulturkontoret, Pb. 173
6801 Førde
T: 57825015 (19)
F: 57825001  
Berit Hisdal Lunde og Aashild Longvastøl:

Begge er lærarar og dramapedagogar med drama mellomfag, Høgskulen i Volda 2003.

Verkstad torsdag 27.01.05:
Kurset inneheld introduksjon ( framføring og orientering ved kurshaldarane,) og eigenaktivitet og framføringar ved kursdeltakarane.

Kursdeltakarane får sjå dømer på dokker som er enkle å lage, og skal sjølve lage dokker. Dei blir delt i grupper som lagar og framfører spel. Sjølve framføringane varer om lag 10 min. 

Karin Flatøy Svarstad:

Er kunstnar og kulturformidlar med verkstad og galleri i Kalvåg. Har jobba med ull som hovudmateriell i over 25 år. Har arbeidd ein god del i med elevar  grunnskular både i Hordaland og Sogn og Fjordane, ho held kurs og er mykje nytta som føredragshaldar – også i utlandet.

Verkstad torsdag 27.01.05:  
Stikkord: 
Del 1) Skulpturell filting med m.a. materiell frå naturen. Overraskende flotte skulpturar kan skapast i ull. Høver for alle klassetrinn.  
Del 2) ”Bilder i ull”. Deltakarane lærer korleis ein kan nytte barneteikningar som  utgangspunkt for bilder i ull. Kan enkelt overførast til elevar på alle trinn.  

Flatøy Svarstad vil ha ein praktisk gjennomgang av utstyr, materiell og teknikk. I kursrommet vil ho dessutan lage til ei utstilling som syner ein del arbeid i filt, til inspirasjon og for å syne moglegheitene med denne teknikken.

Føredrag fredag 28.01.05: ”Kunstløypa”,  Kunstuttrykk under open himmel. Ull brukt på ein annsleis måte. 11 kunstnarar frå 6 land og 100 barn stod for dette kunstverket i naturen i Kalvåg, Bremanger.

Stig Sæterbakken:

Stig Sæterbakken (f. 1966), forfattar, gjendiktar, essayist. Busett på Lillehammer. Debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyar i 1984. Har sidan gjeve ut romanar, essays og ei samling med korttekstar. Sjå meir på heimesida hans; http://home.online.no/~stigsae/

Verkstad torsdag 27.01.05:  
Skriveverkstad, innføring i skriveteknikkar. Improviserte skriveoppgåver med gjennomgang og kritikk i plenum. Vi startar med ei fyrstikk og ser kor langt vi kjem.

Føredrag onsdag 26.01.05: "Lesning for enhver pris?"  Synspunkt på litteraturundervisning i skulen

   

22.09.04
Prosjektbasen til Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen

Det er no lagt ut lenkje til Prosjektbasen til Utdanningsavdelinga under Lenkjer. Det er òg lagt ut lenkje frå www.sf-f.kommune.no

Dei lokale planane for Den kulturelle skulesekken i kommunane er å finne i basen. I tillegg kan ein finne dei ulike skjema for innlevering og rapportering av skulesekk- arbeidet og andre skuleprosjekt i kommunen.

 
20.09.04
Evaluering av kulturtorg og konferanse 

Vi vil gjerne ha evalueringar/tilbakmelding på arrangementet i Førde 16.-17.09.04. Evalueringsskjema som word-fil, pdf-fil, eller online-skjema.

 

08.09.04
Så er turneane i gang!

Denne veka startar dei tre første turneane i Den kulturelle skulesekken 2004/2005. "Dans uten grenser" og "Bare smågutter, men..." starta begge to i indre Sogn måndag 6. september. Tonetreet med Distriktsmusikarane i Gloppen starta tysdag 7. september i Nordfjord.

Vi vil fortløpande legge ut informasjon til lærarane om turneane på www.sf.fylkesbibl.no/skulesekken/ og www.sf-f.kommune.no under Lærarmateriell. Får i haust er også evalueringsskjema tilgjengeleg frå begge Internettsidene.

 

27.08.04
Programmet klart for Kulturtorg og konferanse
  • 16.-17. september 2004 i Førde

  • Innhald: Idèsamling for kommunane med foredrag, presentasjon av aktuelle utøvarar og produsentar/leverandørar, seminar/kurs.

  • Målgruppe: Rektorar, kulturkontakter og lærarar i grunnskulen, kulturansvarlege i kommunane og kulturskulerektorar.

  • Pris: Gratis. Overnatting og måltid må betalast av deltakarane.

  • Ansvarleg: Fylkesmannen, utdanningsavdelinga og Fylkeskulturkontoret.

  • Fullstendig program (pdf-fil)

  • Påmeldingsskjema  word-fil   pdf-fil

 
20.08.04

Utviklingsplan 2004 - 2007 for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane er lagt ut her (pdf-fil) 

 

 

Sist oppdatert 18. august 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek