Den kulturelle skulesekken
 
Heim/Aktuelt
DKS-tilbod:
- teater
- litteratur
- dans
- musikk
- museum
- kunst
- anna
Ressursmeny
Om DKS på
-fylkesnivå
-kommunenivå
Idebank
Lærarmateriell
Skulesekken nasjonalt
Lenkjer
Kontaktinfo
Arkiv
Sogn og Fjordane fylkeskommune   Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Tilbod skuleåret 2005/2006

Tidlegare tilbod dans / musikk

Musikk - Dans 

Her finn ein program innan dans/musikk - skulekonsertar finn ein under menyvalet "Musikk".



Innbyggerne – et byggesett

Mange eventyr handlar om å reise ut i verda, langt vekk – til framande landskap. "Innbyggerne" er to dansarar som reiser ut i ei verd full av rare og ukjende figurar og lydar. Framsyninga fabulerer med bokstavar og rørsler. Bokstavar blir til ord og rim. Rørslene blir til rytme og dans.

Innbyggerne er som eit ope eventyr der elevane må vere med og bestemme og fantasere sjølve. Det som skjer vil sjå ulikt ut alt etter kvar i rommet ein sit. Det kan bli mange forskjellige historier av det! Dei to dansarane byggjer opp og dei byggjer ned og dei byggjer om. Til liks med verda rundt dei er alt i endring. Dei er på reisefot, og dei leitar etter ein kloss som manglar i slottet. Utan akkurat den klossen ramlar verda saman. 

Framsyninga er abstrakt og høver godt for dei minste borna. 

Innbyggerne har fått støtte frå Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilde, Norske Billedkunstnere, Den Kulturelle Skolesekken gjennom Scenekunstbruket og Turnéorganisasjonen for Hedmark.

Dansarar: Odd Johan Fritzøe og Thomas Gundersen
Regi/Instruksjon/Koreografi: Odd Johan Fritzøe
Musikk/Lyddesign: Maja Solveig Ratkje og Hild Sofie Tafjord

For meir informasjon, kontakt: 
Odd Johan Fritzøe, e-post: ojfritz@online.no, tlf. 22 38 35 17 / 91 36 29 83


Turneperiode: Vår 2006 
Lengde: 40 min.
Maks tal elevar: ca 100 
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Alle deltakande skular får tilsendt ei bok i posten om "Innbyggerne – et byggesett". 
Sceneplass: Romsleg plass på scener, i gymsalar, på galleri og ute under blå himmel.
Teknisk tilrettelegging, utstyr: 
Assistanse: Evt. etter nærare avtale
Riggetid: Ca. 1 time
Aldersgruppe: 1.-10. klasse


[opp]



Eg, eg og eg

I midten
Ein stor boks
Kva er det i den?
Kva kjem ut av den?
Eg, eg og eg
Kven er eg?
Kva gjer eg?
Er eg meg?
Eg er meg
Ulik heile tida

Dette er bakgrunnen for dansestykket "Eg, eg og eg". Koreograf er Marieke Joosten frå Nederland, no busett i Hennebygda. Stykket har tidlegare vore vist for barn i Nederland, men vart første gong produsert med ein norsk dansar i 2004, i Sogn og Fjordane. No er stykket etterspurt i fleire fylke i landet. Tema i stykket er barnet si utforsking av seg sjølv og omgjevnadene. Det viser kven du er og kven du kan vere… 

Framsyninga er lett og humoristisk, med god appell til dei minste skulebarna.
Det er ei enkel historie utan pynt, dekor eller lys, berre med ein dansar som gjer ein enkel gymsal om til ei anna verd – for ei lita stund. 

For meir informasjon, kontakt:
Marieke Joosten, Hennebygda, 6770 Nordfjordeid
Tlf. 57 86 05 25 / 91 16 91 42, e-post: danseteaterdee@hotmail.com


Turneperiode: Haust 2005, vår 2006 
Lengde: 45 min.
Publikumstal: Maks 60 elevar
Riggetid: 2 timar
Speleplass: 7 m x 8 m
Straum: Ja
Blending: Nei
Aldersgruppe: 1.-4. klasse 


[opp]



"Så rart å vere flaggermus"

I dette prosjektet har vi tenkt å ta føre oss ein del av den kulturarven vi alle kjenner til, men ikkje alltid er bevisste på kva er for noko. Vi vil leite fram kjende norske barnesongar og vise korleis ein kan bruke desse i dans og leik. Det er til dømes sjeldan at nokon tenkjer over at melodien til musevisa er ein gamal reinlender... Vi vil bruke fleire slike kjende melodiar og syne korleis ein kan danse til kvar enkelt melodi. Vi vil óg vise korleis ein kan lage sin eigen dans til desse melodiane. 

Vi har laga eit opplegg som vil ta to skuletimar(1,5 klokketime). Vi ynskjer å vere i ein gymsal eller i eit stort klasserom. Eit viktig moment er å aktivisere borna på ulike måtar, slik at dei vert aktørar og ikkje berre tilskodarar. Vi tek utgongspunkt i nokre barnesongar: "Hompetitten", "Nøtteliten" og "Lille måltrost" av Alf Prøysen, "Bamsens fødselsdag" av Thorbjørn Egner og "Så rart å være flaggermus" av Inger Hagerup. Vi lagar gåter utifrå melodiane og 
tekstane, og borna må finne ut kva for song vi vil fram til. Her vil vi spele ulike instrument og dramatisere. Slik skal elevane få oppleve gleda ved å ta aktivt del i og få medansvar for musikalsk og sosialt fellesskap gjennom song, spel og dans. Vi vil vi bruke songane til å lære dei ein eller fleire dansar. 

For meir informasjon, kontakt: 
Britt Pernille Frøholm, e-post: brittpernille@hotmail.com, mob. 95 72 54 77 

Britt Pernille Frøholm (f.1978) kjem frå Hornindal i Nordfjord. Har utdanning frå Ole Bull akademiet, universitetet i Bergen, høgskulen i Nord Trøndelag, og Norges musikkhøgskule. Held no på med mastergrad i tradisjonskunst ved høgskulen i Telemark. Spelar både fele og hardingfele. Er busett i Oslo og jobbar som frilans musikar. http://www.rfod.se/noreg/detail.asp?lang=no&Nr=1145

Siren Thorsheim er frå Radøy i Nordhordland, men er no busett i Austevoll. Ho er utdanna førskulelærar og musikkterapeut frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Siren jobbar med både spesialundervisning, musikkundervisning og musikkterapigrupper. Ho brukar mykje musikk og dans og er sjølv utøvar på toradar, trekkspel, piano og gitar i tillegg til dans.


Turneperiode: Haust 2005 
Lengde: 2 skuletimar, 90 min.
Maks tal elevar: 30
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja.
Sceneplass: Gymsal eller eit stort klasserom
Teknisk tilrettelegging: Informasjon blir tilsendt
Assistanse: Ja, takk
Riggetid: 30 min. 
Aldersgruppe: 1.-4. klasse


[opp]



Feil speil

Feil speil

Eit speil for å sjå deg sjølv, og for å vere i.
Ei danserinne som prøver å hevde seg.
Ein musikant som heller ikkje vik unna.

Ei utside: praktfull, glinsande og polert.
Ei innside: rotete, uberekneleg og forførande.

Feil speil er ei danse- og musikkframsyning for born. Den handlar om det som er ekte i motsetnad til eit polert ytre. Samspel, kommunikasjo, og ofte ein mangel på det, spelar ei viktig rolle i stykket. Kjenneteiknet ved framsyninga er humor, overraskingar og dramatiske innslag. 

Ide og regi: Marieke Joosten
Dansar: Linn Walderhaug 
Musikar: Martin van Gastel
Framsyninga er eit samarbeid mellom Danseteater Dee og Sogn og Fjordane Teater med støtte frå Norsk Kulturrråd.

For meir informasjon, kontakt: 
Marieke Joosten, e-post: danseteaterdee@hotmail.com
Tlf. 57 86 05 25 (mob. 91 16 91 42)


Turneperiode Vår 2006
Lengde: Ca 45 min.
Maks tal elevar: 150
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja, dersom skulen ønsker det. 
Sceneplass: Minimum 9x8 meter.
Teknisk tilrettelegging: 
32 amper kontakt, pluss tilgang til vanlege kontakter.
Assistanse: 1 person til å assistere ved rigging og riving.
Riggetid: 45 min.
Aldersgruppe: 5.-7. klasse


[opp]



Syng songar, sy saman- Simsalabim! 

Dette programmet er retta mot einskildklasser i småskulen (1.-4.kl.). Med utgangspunkt i fire songar frå ulike kulturar, får elevane leike med musikalske element og oppleve å skape ny musikk. Saman gir vi melodiane nye arrangement og knyter dei saman i ein heilskap. Dei ulike musikalske elementa vil til dømes vere improvisasjon, ulik stemmebruk, elektronisk lydhandsaming (loop og sampling), rytme og rørsle. 

Skulen mottek ein CD med dei fire melodiane og notar/tekst til innøving. Det er fint om elevane lærer songane utanåt, men det er sjølvsagt ikkje noko krav. De brukar så mykje tid på førebuinga som de har høve til, resten tek vi saman. 

Lena Skjerdal (song) er lektor i musikk og faglærar i drama og har undervist i vidaregåande skule og musikkskule. Ho har vore distriktsmusikar i Sogndal og er for tida frilanspedagog og utøvar. Ho har jobba mykje med jazz, pop/rock og diverse etnisk musikk. 

Erik Halvorsen (tangentinstrument) har dei siste 10 åra vore landsdelsmusikar i Finnmark der han har jobba med jazz, afro, rock/pop og diverse etnisk musikk. Erik er for tida frilansmusikar med base i Bergen og er mellom anna involvert i prosjekt med Sondre Lerche og Olav Dale. Han har delteke i fleire plateinnspelingar. 

For meir informasjon, kontakt:
Lena Skjerdal, tlf. 57 67 19 20, mob. 97 07 51 38, e-post: lenask@start.no


Turneperiode Haust 2005, vår 2006
Lengde: Ca 45 min.
Maks tal elevar: Ein skuleklasse
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja
Sceneplass: Klasserom med ein pult (frigjort golvplass), ein stol og tavle. Elevane sit på golvet/står. Vi ynskjer å ha samme rommet heile dagen.
Teknisk tilrettelegging, utstyr: 10 ampere.
Assistanse: Gjerne berehjelp
Riggetid: Opp 30 min., ned 20 min.
Aldersgruppe: 1.-4. klasse


[opp]



Primstaven – Fest og kvardag

Primstaven var gamle dagars kalendar. For å halde orden på og hugse merkedagar og høgtider, laga dei teikningar, strekar og figurar på ein stav av tre som vart kalla primstav. Primstaven har ingen funksjon som kalendar for oss moderne menneske, men vi kan ha stor glede av den likevel! Det er nemleg knytt mange spennande historier, vers og overtru til primstavmerka, og dei skiftar frå årstid til årstid, og frå bygdelag til bygdelag. Dessutan er det spennande å studere teikningane og prøve å finne ut kva dei betyr. Saman med elevane reiser vi gjennom heile året og markerar ulike merkedagar gjennom song/musikk, dans, drama og improvisasjon. Elevane får vere aktive i store delar av programmet.

Skulane får tilsendt oppgåver som elevane skal arbeide med på førehand, gjerne i samarbeid med fag som kunst og handverk, KRL, musikk, natur og miljø.

Medverkande: Folkemusikar/fylkesmusikar og musikkpedagog Elin Grytting og musikkterapeut og høgskulelærar Hanne B. Oftedal, begge frå Gloppen. Dei har arbeidd med barn, unge og vaksne i mange år og har allsidig praksis innafor musikk- og kulturområdet. 

For meir informasjon, kontakt:
Elin Grytting, 57 86 56 19 / 907 67 127, 
elin-gry@online.no / elin.grytting@sf-f.kommune.no


Turneperiode: Haust 2005, vår 2006
Lengde: 2 skuletimar, 90 min.
Maks tal elevar: Ein klasse (maks 20 ved samansett klasse)
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja 
Sceneplass: Rom med open plass for rørsle/aktivitet for mange på ein gong
Assistanse: Set pris på noko berehjelp
Riggetid: Opprigg 60 min, nedrigg 30 min.
Aldersgruppe: 1.-4. klasse


[opp]


 

Sist oppdatert 11. mai 2005 av 
Anja Angelskår Mjelde, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek