Anna
Arkitektur/design
Kulturminne
Folk har til alle tider bygt hus. Der det er bufaste folk er der hus:
Store hus og små hus, stygge og fine, gamle og nye, tømmerhus og steinhus,
stavkyrkjer av furu og høghus av stål og glas. Men mellom husa er det òg rom, viktige rom: plassar, vegar, gater. Kvifor ser husa ut som dei gjer? Korleis kan vi seie at eitt hus er stygt og eitt anna fint? Det er
m ange måtar å sjå det på!
Ein arkitekt kjem på besøk og underviser/arbeider saman med elevane i to skuletimar.
Det blir sendt ut enkle oppgåver på førehand. Desse vil arkitekten kommentere når han kjem på besøk.
For meir informasjon, kontakt Margrethe Henden Aaraas
Tlf. 57 92 50 19, E-post: margrethe.henden.aaraas@sf-f.kommune.no
Turneperiode: Haust 2005, vår 2006
Lengde: 2 skuletimar, 90 min.
Publikumstal: Maks 30 elevar
Sceneplass: Klasserommet
Forarbeid/pedagogisk opplegg: Ja
Assistanse: Vil ha med lærar
Aldersgruppe: 8.-10. klasse
[opp]
Bestillingstilbod. Ekstra.
Barn og unge startar tidleg å uttrykke sin identitet gjennom det dei har på seg og objekta dei omgjev seg med. Design som livsstil har blitt ein enorm økonomisk og kulturell sektor. Det er difor viktig at dei unge vert invitert inn i designarane, produsentane og marknadsførarane si verd, og ser forholdet mellom funksjon og form, mellom det “brukbare” og det “vakre”. “Design of
Everyday Life” er ingen løfta peikefinger om motar og kjøpepress, men opnar opp for ei undring over kvifor ting vi omgjev oss med blir som dei blir, og kva dei fortel.
I “Design of Everyday Life” følgjer ein livssyklusen til fire produkt, frå idé, gjennom designprosessen, til det ferdige produktet vi kan finne i butikkhyllene.
Undervisningsmateriellet er utvikla slik at lærarar og elevar kan jobbe på
eiga hand.
Skulane får tilsendt:
-
Lærarrettleiing med idear til oppgåver
-
Åtte plakatar, dvs. dobbelt sett av dei fire plakatane, eit produkt på kvar plakat
-
Tre av dei fire produkta
-
Fire bunkar “gjenstandskort”, til saman 120 stk
For meir informasjon, kontakt Eva Kristin Svidal, tlf. 57 82 50 32,
e-post: eva.kristin.svidal@sf-f.kommune.no
Turneperiode: Haust 2005, vår 2006
Innhald: Boks som inneheld lærarrettleiing med idear til oppgåver, åtte plakatar, tre av dei fire produkta, fire bunkar av “gjenstandskort”, til saman 120 stk.
Aldersgruppe: 8.-10. klasse
Undervisningsmateriellet kan bestillast av den einskilde skule direkte frå Fylkeskulturkontoret.
Skulane betalar porto.
[opp]
Plakatutstilling om bergkunst i Noreg
Bergkunst er eit samleomgrep for bilde som er hogd, rissa eller malt på fast fjell eller jordfaste steinar. I Sogn og Fjordane har vi tre store felt med bergkunst, Vingen i Bremanger kommunar, Ausevika i Flora kommune og på Staveneset i Askvoll kommune.
Bergen Museum, Universitetet i Bergen har i samarbeid med fotograf Ragnar Utne laga ei plakatutstilling om bergkunst i Noreg. Ustillinga omfattar motiv frå alle fylka. 130 bilde med instruktive tekstar og forslag til arbeidsoppgåver er fordelt på 20 plakatar i format 50x100cm.
Den kulturelle skulesekken v/ Fylkeskulturkontoret tilbyr utstillinga til bruk i skulane i Sogn og Fjordane. Det blir lagt opp til at lærarane og elevane jobbar med utstillinga på eiga hand.
I samarbeid med kulturminneteamet i fylket, er det utarbeidd eit hefte med utfyllande informasjon knytt til bergkunsten i Sogn og Fjordane. Våren 2005 er Høgskulen i Sogn og Fjordane i tillegg engasjert til å utarbeide eit pedagogisk opplegg med m.a. elevoppgåver og tverrfagleg arbeid. Utstillinga og tilleggsmateriell blir sendt til skulane etter plan som dei aktuelle får vite om i god tid.
For meir informasjon om utstillinga kontakt:
Eva Kristin Svidal, tlf. 57 82 50 32,
e-post: eva.kristin.svidal@sf-f.kommune.no
For informasjon om bergkunst kontakt:
Arkeolog Eva Moberg, tlf. 57 82 50 21
e-post: eva.moberg@sf-f.kommune.no
Turneperiode: Haust 2005 og vår 2006
Innhald: 20 plakatar med ca 130 bilde, instruktive tekstar, arbeidsoppgåver. Hefte og elevoppgåver (jfr. teksten)
Aldersgruppe: 1.-10. klasse
Utstillinga blir distribuert frå skule til skule.
Fylkeskulturkontoret dekkjer porto.
[opp]
|