![]() |
|||||||||||||||||||||
|
|
29.03.05:Hordaland teater med skulesekk-turne i Sogn og FjordaneI byrjinga av april legg Hordaland teater ut på ein fire veker lang turne i fylket med sitt kritikarroste stykke "Mina og Draken". Det er første gongen teateret frå nabofylket har ein skuleturne i Sogn og Fjordane, og vi håpar at dette er eit samarbeid som kan utviklast vidare. Samarbeidet kom i stand etter at Sogn og Fjordane teater i slutten av februar måtte avlyse turneen med "Tylefakte". Framsyninga skulle etter plane visast for nærare 3 000 elevar i grunnskulen. Årsaka til avlysinga var at ein av dei to skodespelarane trekte seg av private årsaker. Lukka var at Hordaland teater hadde moglegheit til å hjelpe oss akkurat når vi trengte det. Vi trur elevane vil få stor glede av tilbodet. Om Mina og Draken: Sjå også: http://www.hordaland-teater.no/
29.03.05:Referanse-/idègruppe for Den kulturelle skulesekkenVåren 2005 vart det etablert ei faggruppe som skal vere med og utvikle innhaldet og kvaliteten i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Representantar frå sentrale institusjonar som SOFteater, fylkesbiblioteket, musea og høgskulen er mellom deltakarane i denne referanse-/idègruppa. Lærarrepresentantar frå ulike regionar er også med i gruppa. Det blir lagt opp til 2 årlege møter, vår og haust. Neste møte blir såleis hausten 2005 - i forkant av utvelging av nye turnetilbod i DKS. På haustsamlinga får lærar-representantane i oppgåve å informere om erfaringar med DKS-tiltaket i sine skulemiljø. Referanse-/idègruppa blir utfordra til nytenking i plenum. Det er samstundes ønskjeleg at medlemmene har eit skråblikk på gjeldande fylkestilbod og bidreg i evalueringsarbeidet av desse. Alle som ønskjer det, kan nytte desse kontaktane i høve innspel til lokale satsingar, eller for å målbere idear til turnetilbod i regi av Kulturavdelinga i fylkeskommunen.
Referanse-/idègruppa til Den kulturelle skulesekken. Bak f.v.: Sigmund Bødal – arkeolog Kulturavd., Morten J. Svendsen – direktør S. og Fj. Kunstmuseum, Anne Marie Holsvik – rektor Rand skule, Anja Angelskår Mjelde – fylkesbiblioteket, Henriette Harbitz – Høgskulen i S. og Fj., Øyvind Lyslo – fylkesmusikkleiar Kulturavd., Marit Ellingsen – lærar Trudvang skule, Terje Lyngstad – teatersjef SOFteater, Gunnhild Systad – repr. for musea. Framme f.v.: Eva Kristin Svidal – medarb.DKS, Kulturavd., Hilde Mauritzen – kulturkons. Balestrand, Johan Bengtsson – fylkesleiar i Norsk kulturskuleråd, Nelly Ramstad – lærar Førde ungd.skule, Margrethe Henden Aaraas – leiar DKS, Kulturavd.
14.02.05:Minner frå opplevingsseminaret i Loen 2005Norsk Kulturskuleråd, i samarbeid med Fylkeskulturkontoret og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, skipa i januar til Opplevingsseminar for 73 lærarar frå grunnskulane og kulturskulane i fylket. Innhaldet var knytt til tema frå Positivt skulemiljø og Den kulturelle skulesekken. Det vart tre livlege og lærerike dagar med Kor arti`
og dans, og fire ulike verkstader innan følgjande tema: Her er eit lite minnealbum frå seminaret. 17.01.05:
|
||||||||||||||||||||
| Tid: | 9. – 10. mars 2005 |
| Stad: | Kinosalen, Gloppen ungdomsskule, Sandane |
| Kurshaldarar: | Carsten Ohlmann, Høgskolen i Oslo/Statens
skolefilmutvalg Ove Eide, Firda vidaregåande skule/ Statens skolefilmutvalg |
| Målgruppe: | Lærarar i grunnskulen |
| Pris: | Gratis. Deltakarane betalar overnatting. |
Kurset vil bygge på dei to ”filmsekkane” som Statens skulefilmutval har laga (sjå www.nfi.no/filmbutikken), men vil og ha døme på andre filmar som kan nyttast i undervisninga. Kurset vil gje deltakarane døme på undervisningsopplegg knytte til både kortfilm og spelefilm. Det er ønskjeleg at deltakarane overnattar.
Klikk for program, informasjon til kursdeltakarane og tips om overnatting.
Norsk Kulturskoleråd, i samarbeid med Fylkeskulturkontoret og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, har sendt ut innbyding til alle tilsette i grunnskulane og kulturskulane i fylket om 3-dagars opplevingsseminar med innhald frå Den Kulturelle Skulesekken og Positivt Skolemiljø - 26.-28. januar 2005 på Alexandra Hotel i Loen (sjå aktuelt-notis under)
Her er eit tilbod om ein ekstra verkstad for kulturskuletilsette. Initiativet til dette kom frå deltakarar på kurset i Førde 12. november for kulturskulerektorar og tilsette, i regi av Fylkessenteret for musikkterapi.
Det var då fleire som uttrykte ønskje om eit praktisk retta heildagskurs med musikkterapeutane ved FSMT, og dei to, Solgunn Elisabeth Knardal og Ina Therese Solvang, har takka ja til å halde kurset. Dette blir altså Alt. 4 i verkstaddelen på Opplevingsseminaret i Loen, torsdag 27. januar. (Dei øvrige tre verkstadane kan de lese om i den ordinære innbydinga). Litt om innhaldet:
TILRETTELAGDE MUSIKKAKTIVITETAR
Kurset set fokus på musikkaktivitetar for menneske med særskilde behov, og korleis vi praktisk kan leggje aktivitetane til rette for ulike alderstrinn og grupper i kulturskulen. Vi tek utgangspunkt i dans, rørsle, og rammeaktivitetar for instrumentbruk både med improvisasjon og meir klare rammer. Ein del av verkstaden vert erfaringsutveksling i gruppa. Dersom de har særskilte ynskje om metodar, aktivitetar eller målgrupper de vil jobbe opp imot, så ta kontakt med musikkterapeutane på førehand:
solgunn.elisabeth.knardal@sf-f.kommune.no,
tlf. 95768772
ina.therese.solvang@sf-f.kommune.no,
tlf. 41530967
NB! Verkstaden blir gjennomført dersom minst 10 deltakarar melder seg. Difor må de ved påmelding nemne alternativ verkstad som evt. er aktuell.
Hugs fristen: 15.desember.
Påmelding sender du til:
Norsk Kulturskoleråd, 7491 Trondheim
E-post; post@kulturskoleradet.no
Spørsmål? Kontakt kulturskulekonsulent Margrethe på mob. 41639404
09.11.04:
Norsk Kulturskoleråd,
i samarbeid med Fylkeskulturkontoret og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane,
inviterer til 3-dagars opplevingsseminar med innhald frå
Innbydinga gjeld alle tilsette i grunnskulane og kulturskulane i fylket, både dei som har delteke i PSM-prosjekt tidlegare og nye. Kort sagt; Vi ønskjer å nå alle som vil vere med på å skape eit positivt skulemiljø med utgangspunkt i kunst- og kulturuttrykk av ulike slag.
Samlinga denne gongen inneheld: MUSIKK, DANS, DRAMA/TEATER, BILDE OG SKAPANDE SKRIVING.
Av innhaldet nemner vi Kor arti`, dans/Ut på golvet, foredrag, debatt og val mellom tre ulike verkstader:
Alt. 1:
Figurteater v/ Berit Hisdal Lunde og Aashild Longvastøl
Alt.2: ”Bilder i ull” v/ Karin Flatøy Svarstad
Alt. 3: Skapande skriving v/ Stig Sæterbakken
(Sjå utfyllande opplysningar om verkstad-ansvarlege under)
Bindande skriftleg påmelding med namn, adresse og val av verkstad (primært-og sekundært) sendast Norsk Kulturskoleråd snarast og seinast innan 15. desember– 04!
Pris pr. deltakar kr 2.400,- med overnatting i dobbeltrom. Prisen inkluderer kursmateriell. Evt. enkeltromstillegg kr 200,- per natt må betalast ved avreise.
Tilbakemelding om plass, detaljert program og innbetalingsblankett blir send kursdeltakarane ca to veker før seminaret.
NB! Seminarstart kl 15.00
onsdag 26.januar.
Vi
avsluttar fredag 28.januar med lunsj kl. 14.00
Velkomen til 3 lærerike dagar i Loen!
Kontaktpersonar:
| Hilde Roald Bern www.kulturskoleradet.no post@kulturskoleradet.no 7491 Trondheim T: +47 73 56 20 00 F: +47 73 56 20 01 |
Margrethe
Henden Aaraas margrethe.henden.aaraas@sf-f.kommune.no Fylkeskulturkontoret, Pb. 173 6801 Førde T: 57825015 (19) F: 57825001 |
Begge er lærarar og dramapedagogar med drama mellomfag, Høgskulen i Volda 2003.
Verkstad
torsdag 27.01.05:
Kurset inneheld introduksjon ( framføring og orientering ved
kurshaldarane,) og eigenaktivitet og framføringar ved kursdeltakarane.
Kursdeltakarane får sjå dømer på dokker som er enkle å lage, og skal sjølve lage dokker. Dei blir delt i grupper som lagar og framfører spel. Sjølve framføringane varer om lag 10 min.
Karin Flatøy Svarstad:
Er kunstnar og kulturformidlar med verkstad og galleri i Kalvåg. Har jobba med ull som hovudmateriell i over 25 år. Har arbeidd ein god del i med elevar grunnskular både i Hordaland og Sogn og Fjordane, ho held kurs og er mykje nytta som føredragshaldar – også i utlandet.
Verkstad
torsdag
27.01.05:
Stikkord:
Del 1) Skulpturell filting med m.a. materiell frå naturen. Overraskende
flotte skulpturar kan skapast i ull. Høver for alle klassetrinn.
Del 2) ”Bilder i ull”. Deltakarane lærer korleis ein kan nytte
barneteikningar som utgangspunkt
for bilder i ull. Kan enkelt overførast til elevar på alle trinn.
Flatøy Svarstad vil ha ein praktisk gjennomgang av utstyr, materiell og teknikk. I kursrommet vil ho dessutan lage til ei utstilling som syner ein del arbeid i filt, til inspirasjon og for å syne moglegheitene med denne teknikken.
Føredrag fredag 28.01.05: ”Kunstløypa”, Kunstuttrykk under open himmel. Ull brukt på ein annsleis måte. 11 kunstnarar frå 6 land og 100 barn stod for dette kunstverket i naturen i Kalvåg, Bremanger.
Stig Sæterbakken:
Stig Sæterbakken (f. 1966), forfattar, gjendiktar, essayist. Busett på Lillehammer. Debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyar i 1984. Har sidan gjeve ut romanar, essays og ei samling med korttekstar. Sjå meir på heimesida hans; http://home.online.no/~stigsae/
Verkstad torsdag
27.01.05:
Skriveverkstad,
innføring i skriveteknikkar. Improviserte
skriveoppgåver med gjennomgang og kritikk i plenum. Vi startar med ei
fyrstikk og ser kor langt vi kjem.
Føredrag onsdag 26.01.05: "Lesning for enhver pris?" Synspunkt på litteraturundervisning i skulen
Det er no lagt ut lenkje til Prosjektbasen til Utdanningsavdelinga under Lenkjer. Det er òg lagt ut lenkje frå www.sf-f.kommune.no
Dei lokale planane for Den kulturelle skulesekken i kommunane er å finne i basen. I tillegg kan ein finne dei ulike skjema for innlevering og rapportering av skulesekk- arbeidet og andre skuleprosjekt i kommunen.
Vi vil gjerne ha evalueringar/tilbakmelding på arrangementet i Førde 16.-17.09.04. Evalueringsskjema som word-fil, pdf-fil, eller online-skjema.
Denne veka startar dei tre første turneane i Den kulturelle skulesekken 2004/2005. "Dans uten grenser" og "Bare smågutter, men..." starta begge to i indre Sogn måndag 6. september. Tonetreet med Distriktsmusikarane i Gloppen starta tysdag 7. september i Nordfjord.
Vi vil fortløpande legge ut informasjon til lærarane om turneane på www.sf.fylkesbibl.no/skulesekken/ og www.sf-f.kommune.no under Lærarmateriell. Får i haust er også evalueringsskjema tilgjengeleg frå begge Internettsidene.
16.-17. september 2004 i Førde
Innhald: Idèsamling for kommunane med foredrag, presentasjon av aktuelle utøvarar og produsentar/leverandørar, seminar/kurs.
Målgruppe: Rektorar, kulturkontakter og lærarar i grunnskulen, kulturansvarlege i kommunane og kulturskulerektorar.
Pris: Gratis. Overnatting og måltid må betalast av deltakarane.
Ansvarleg: Fylkesmannen, utdanningsavdelinga og Fylkeskulturkontoret.
Utviklingsplan 2004 - 2007 for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane er lagt ut her (pdf-fil)