Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Bokbussen hentar inn fortida

- eit digitalt fotoprosjekt i Sogn og Fjordane

 

 

Om prosjektet

“Bokbussen hentar inn fortida“ er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, der ein vil bruke bokbussen til å samle inn lokalhistorisk interessante bilete. 

Prosjektet tek mål av seg til å verne aktuelle bilete som er i privat eige. I dei fleste hus og heimar er det bilete som er av allmenn interesse, og bør registrerast og takast vare på. Vi vil med bokbussprosjektet prøve å fange opp ein del av desse bileta, verne dei og gjere dei tilgjengeleg for ålmenta. 

Gjennom digitalisering og registrering skal motiva sikrast for framtida i fotoarkivet ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og gjerast tilgjengelege m.a. i arkivet sin fotodatabase på internett.

Tre personar i finstasen fotografert i atelier. 
Fv. Johannes Bell, NN, Sevrine Bell , Gaular. Datert til mellom 1860 og 1880

Utvalskriterium - generelt

Når vi samlar inn bilete er vi altså interesserte i bilete av “allmenn interesse”. Kva tyder så det? 
Fylkesarkivet har eit sett med utvalskriterie for vern av bilete. Felles for kategoriane i lista er at bileta skal vere av det vi kallar allmenn intersse. Med det meinar vi bilete som har interesse ut over den einskilde si personlege tilknytning til motivet. Bilete frå arbeidsliv, samferdsle, hendingar i bygda er nokre eksempel på slike motiv.  Utval er ein vesentleg del av fotovernarbeidet, og har som mål å sikre at vi tek vare på dei viktigaste bileta frå vår felles fortid.


Utvalskriterium - konkret

Kor gamle må bileta vera ?

Alle bilete vert gamle med tida og slik er det noko meiningslaust å tala om gamle bilete. På grunn av omfanget har me likevel valt å konsentrera oss om bilete tekne før 1970. Me vil då få med oss bilete som syner dei store omveltningane i bygdene våre etter krigen. Dette er eit svært viktig punkt. På alle område har tida frå siste krig til kring 1970 ført med seg fleire endringar enn kanskje nokon anna tidsbolk me kjenner.


Kva motiv skal ein sjå etter?

Generelt når ein skal velje ut bilete er det nyttig å spørje seg om bileta har interesse for andre enn dei som er kjend med motivet, det vi kallar allmenn interesse. Aktuelle motiv er: Kulturlandskap, bygningar og busetnad, anlegg og industri, samferdsle, arbeidsliv, kysten og det maritime miljø, folkeliv, hendingar i livet (t.d. dåp, bryllaup, gravferd), hendingar i bygda, barnekultur (t.d. barn i leik), utvandring, portrett og gruppebilete av god kvalitet der personane kan identifiserast (teke før 1950).



Frå ei oppvisning Flora Turn hadde på ‘Bana’ i Askvoll. Datert til ein gong i 20-åra.


Bilete me ikkje skal ha:

  • Vanlege familiebilete og portrett tekne etter 1950. 
  • Person- og gruppebilete som har så dårleg kvalitet at det er vanskeleg å identifisera personane.
  • Reine naturbilete som ikkje gjev tidsbestemte opplysningar


Praktisk gjennomføring

  • Fylkesbiblioteket set i samarbeid med kommunane opp kjørerute for bokbussturar der ein skal samle inn bilete.

  • Dei som har bilete dei trur kan vere aktuelle, kjem med desse på bokbussen.

  • På bussen leverer ein bileta, som så blir skanna og lagra som elektroniske bilete medan ein ventar.

  • Ein får med seg ei “kladdeutskrift” av bileta ein har fått skanna, der referansenummer er påført kvart bilete, og får også med skjema for registrering av opplysningar om bileta.

  • Opplysningane på skjemaet skal leggjast inn i databasen til fylkesarkivet. Fylkesarkivet lagar til ein nettside (lenke kjem her snart) der ein kan leggje inn opplysningane om bileta som er blitt skanna inn på bussen.

  • Dei som vil og kan, kan sjølve leggje inn opplysningane på nettsidene. Ellers kan ein få hjelp frå biblioteket til registreringa.


Kontakt

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Førdehuset, 6800 Førde
Tlf. 57 72 18 80, faks 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no

Kontakperson: Anne Sagen, tlf. 57 72 18 90, e-post: anne@sf.fylkesbibl.no


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 
Postboks 27, 6861 Leikanger
Tlf. 57 65 61 00, faks 57 65 61 01, e-post: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no 
http://www.sffarkiv.no/

Kontakperson: Arild Reppen, 
Foto­avdelinga Fylkesarkivet, 6823 Sandane
tlf. 57 86 51 24, epost: arildr@sffarkiv.no

 

 

 


Ein av lastebilane, ‘Bøabilane’ til Kjøs Auto Transport, ca 1930-35

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 14.11.03 , av Anja Angelskår Mjelde