http://fylkesbiblioteket.sfj.no

 


ISSN 1504-7008 (online)

Meldingsblad for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 

Nr. 1 2007
(publisert 29.06.07)



Kven får bibliotekprisen i år?

For andre gong skal Bibliotekprisen i Sogn og Fjordane delast ut, og Norsk bibliotekforening Sogn og Fjordane går no ut med invitasjon til å kome med forslag til årets pris. I 2006 vart prisen tildelt Gloppen folkebibliotek, kven blir det i år?

Prisen kan gå til eit bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og Fjordane, og vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller arbeid for å fremje og synleggjere biblioteka og biblioteka si rolle i samfunnet.

Kriteria for tildeling av prisen er at arbeidet representerer spanande, utradisjonelle, framtidsretta og/eller offensive tiltak som er gjort innan kultur-, kunnskaps- eller informasjonsformidling, marknadsføring, lesestimulering, tilrettelegging av tenesta for ulike brukargrupper eller god teneste og service.

Også personar utanfor bibliotekmiljøet, som har gjort ein innsats for biblioteket, kan få prisen.

I fjor blei bibliotekprisen tildelt Gloppen folkebibliotek.

I juryen for årets pris sit Jorun Systad og Torill Berge frå NBF Sogn og Fjordane, og Anja Angelskår Mjelde frå fylkesbiblioteket.

Frist for innlevering av forslag er i slutten av august. Skriftleg, begrunna forslag kan leverast på skjema på fylkesbibliotekets nettside eller pr post til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek v/Anja A. Mjelde, pb 144, 6801 Førde.

Det er Norsk Bibliotekforening, avd. Sogn og Fjordane som deler ut prisen, og tildelinga vil skje på Bibliotekdagane i  september 2007.

[Toppen]


Hospitering hos ABM-utvikling

Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedteke at dei tilsette skal få høve til å søkje om midlar til hospiteringsopphald . I 2007 fekk eg tilskot til å vere med på denne ordninga. Eg valde å hospitere ved ABM-utvikling (ABMU) i ein månad i mai/juni. 

ABMU er samlokalisert med Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Opphaldet var godt førebudd hos ABMU. Eg var med på alle postlister, vart innkalla til alle møte og avgjorde sjølv kva eg ville vere med på. Det var ei hektisk tid eg var hos ABMU med blant anna oppsummering av høyringssvara på Bibliotekreforma, og det var ofte fleire møte dagleg.

Eg hadde ein del praktiske arbeidsoppgåver blant anna knytt til Kulturfondsett og eksamen på folkebibliotek. Elles fekk eg innblikk i blant anna Norsk Digitalt Bibliotek, digitalt ABM, etablering av litteratursider, Mangfaldsåret og Nordisk kulturnettverk. Eg deltok på alle fellesmøte og strategimøte, pressekonferansar og besøkte museumsutstillingar.

ABMU er ein dynamisk nettverksorganisasjon med stor bruk av prosjektorganisering, 
og det var inspirerande å vere ein del av dette. Eg vart veldig godt motteke, og fekk mange nye kontaktar. Eg var sjølvsagt mest knytt til Bibliotekgruppa som er den største faggruppa med ca 20 personar. Eg var plassert i opent kontorlandskap i utviklingsavdelinga og fekk og god kontakt med museumsfolket. 

ABMU sitt styre har nett vedteke ei omorganisering av verksemda, og vert no delt inn i 5 fagavdelingar med eigen direktør for arkiv, bibliotek, museum, IKT (digitalt ABM) og administrasjon med ein direktør på toppen. Grunnen til omorganiseringa er at alle fagområda har store utfordringar kvar for seg og ordninga med tre utviklingsdirektørar blei ein flaskehals. 

Hospiteringsopphaldet vart ein stor inspirasjon, eg har fått utvida nettverk og ny fagleg innsikt.

Solveig Bjordal
Fylkesbiblioteksjef

[Toppen]


Hospitering ved Osterøy bibliotek

I to veker rett etter påske hadde eg gleda av å hospitere ved Osterøy bibliotek. Osterøy kommune i Hordaland har rundt 7000 innbyggjarar, med relativt spreidd busetnad. Biblioteket ligg i kommunesenteret Lonevåg.

Utgangspunktet mitt for hospiteringsopphaldet var fleirdelt. Eg har stort sett jobba ved høgskule- og fylkesbibliotek, og ville gjerne få litt erfaring med korleis dagleglivet i eit folkebibliotek er. Eg ville også gjerne få sjå korleis samarbeidet mellom folkebiblioteka i Nordhordland fungerte i det daglige. Biblioteket er ellers aktive når det gjeld prosjektarbeid og dei driv eigen bokbuss.

Under opphaldet fekk eg delta i den daglege drifta; skrankearbeid, referanse og litt katalogarbeid, og fekk då arbeide med biblioteksystemet Aleph. Eg blei også kjend med korleis biblioteket organiserer samlingane sine, dei har t.d. kategorisert mykje. 

Eg var med bokbussen ein tur, og fekk besøkt både skule og sjukeheim. Bokbussen "Soria Moria" er ute fire dagar i veka, og er ikkje større enn at bibliotekpersonalet sjølve kan køyre den. 

Bokbussen er spesielt retta mot barn (men har tilbod til vaksne også), og mange av stoppa er ved skular. Den er illustrert med eventyr på utsida, og er innreidd med skattkister, fløyel, gull- og sølvfargar. 

Foto: Osterøy bibliotek

I løpet av hospiteringa fekk eg også sjå litt korleis samarbeidet mellom biblioteka i Nordhordland fungerer i praksis. 

Biblioteka i Nordhordland har samarbeidd sidan 1990, og har gode erfaringar. Samarbeidet er basert på felles katalog, og fordeling av oppgåver og oppbygging av spesialsamlingar og spisskompetanse. Samarbeidet har utvikla seg i takt med endra behov, og har gitt brukarane eit betre tilbod enn det kvart enkelt bibliotek ville kunne gitt kvar for seg.

Biblioteka har møter med jamne mellomrom, og desse foregår ofte som videokonferanse. Dette fungerer greit, og sparer mykje tid og reising. Nordhordlandsbiblioteka jobbar mykje med prosjekt, anten alle eller ei gruppe av biblioteka. Eit eksempel er Alle på nett”, eit 3-årig prosjekt (2004-2007) i Gi rom for lesing i Nordhordland. Boksamlingane til alle dei 41 grunnskulane i Nordhordland skal inn i fellesbasen til folkebiblioteka, og ein ynskjer å styrke samarbeidet mellom skulane og biblioteka. Målet er varig kvalitesheving av skulebiblioteka i regionen. Osterøy har hatt prosjektansvarleg. 

I hospiteringsperioden fekk eg også ta ein dagstur rundt og besøke nokre av dei andre biblioteka i Nordhordland. Eg fekk besøkt Austrheim, som har nybygd bibliotek i kommunehuset, Radøy, som er kombinasjonsbibliotek med ungdomsskule, og Meland, som er ”sentral” for transportordninga i Nordhordland. 

Eg har fått masse "input" i løpet av opphaldet på Osterøy bibliotek, og hospiteringa har for meg vore ei positiv erfaring. Takk til Bente, Signe og dei andre på Osterøy bibliotek for hyggeleg og nyttig opphald.

Anja Angelskår Mjelde
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Leseprosjekt på Askvoll skule/bibliotek

Etter påske har 5. og 7.klasse ved Askvoll skule hatt leseprosjekt. Klassane har brukt ein eller to norsktimar pr. veke til å sitte på biblioteket å lese. Nokre fann roen to og to saman, eller dei fann seg ein krok for seg sjølve. 

5. klasse las første bok i Bjørn Sortland sin serie om Julie og Jonas: Tu Ducs skatt. Boka passa godt til aldersgruppa, akkurat passe lang og passeleg krydra med spenning på fleire plan: Eit mogeleg kjærleiksforhold mellom foreldra til borna, reisa ut i den store verda og sjølve plottet rundt Tu Ducs skatt. Nokre av elevane las høgt til kvarandre. På den måten fekk dei lesetrening i tillegg til leseopplevinga. Dei som ynskte det hadde stillelesing. Dei fleste elevane likte boka godt og vi håper dette kan vere ein inspirasjon til å lese meir når skulen tek til att i haust!

Prosjektet vart avslutta med at elevane laga ei lita bokmelding som dei las opp for samla klasse + bibliotektilsette og lærar. Vi kosa oss også litt ekstra denne dagen med juice og kjeks. Alt i alt var dette ei fin og positiv tid med fokus på bok og bibliotek!

7. klasse las ei bok av Arild Dahl: I den mørke natt. Boka egna seg svært godt til denne gruppa. God skrift og korte kapittel gjorde at alle fekk utbyte av lesinga. Her var det også spenning på fleire plan : Sondre sitt forhold til mor sin nye kjærast , elva som kunne fløyme over og den tvilsomme kameraten Willy. Nokre elevar tykte det var ”litt barnslig”, men mange hadde godt utbyte av boka og kunne greitt referere hovedinnhald og tema etter lesing. Denne gjennomgangen hadde lærar og elevar i klasserommet til slutt.

Randi Bjørneset
Askvoll bibliotek

[Toppen]


Biblioteka i dialog med brukarane i ei digital verd 
-
tema for Bibliotekdagane 2007

Det er i den seinare tida dukka opp nye  ord og uttrykk som web 2.0 og bibliotek 2.0. Samstundes høyrer vi om stadig nye nettsamfunn som second world, underskog, facebook med meir. Og korleis nyttar vi Google og andre søkemotorar? At vi stadig møter meir avanserte og krevjande brukarar er det ingen tvil om.

Kva er ”døgnfluer”? Kva skal biblioteka henge seg på? Noe av dette skal vi finne svaret påBibliotekdagane i september. Her vil blant anna forfattaren og bloggaren Eirik Newth kome og setje oss inn i kva som rørar seg. Lars Iselid vil snakke om Bibliotek 2.0./Web 2.0, og Eva Haga Rogneflåten presenterer "Ønskebok" (Which book).

Samstundes vil også Heilt kriminelt - Sunnfjordske krimdagar verte avvikla i Førde, Så sett av dagane 20.-21. september i Førde.

Endeleg program og påmelding følgjer etter sommarferien. 

Solveig Bjordal
fylkesbiblioteksjef

[Toppen]


Forfattarane kjem - også til neste skuleår 

Fylkesbiblioteket held fram som dei siste åra med å tilby og lage turnear for grunnskulane i fylket vårt. Vi prioriterar dette arbeidet fordi vi oppfattar at det er eit ønskje frå folkebiblioteka at vi tek oss av dette. 

Håpet er at folkebiblioteka nyttar forfattarbesøka som er på dei ulike skulane, til å knytte betre og sterkare band med skulane, at folkebiblioteka tar aktivt del i planlegging av den lokale kulturelle skulesekken og prøver å få skulane med på at lesestimulering av ulike slag, og at besøk på biblioteket skal vere ein naturleg del av den lokale planen. Dersom ikkje alle er kjent med lærarplanane; alle elevar skal besøke og gjere seg kjent med folkebiblioteket i kommunen sin. Her er ein fin måte biblioteket kan vise kva dei er der for. For eksempel kan forfattaren møte elevane i folkebiblioteket, lag ei oppleving ut av det, gje elevane samtidig ei rask innføring i kva biblioteket kan by på og korleis bruke det. Mange vil nok meine at plassen blir liten, men da har ein kanskje ikkje høyrt kva ein kan gjere med ein fleskesvor. Ein fleskesvor kan ofte løyse plassproblema. Ring 57 72 18 90 dersom du vert nysgjerrig!
Poenget her er, at det går an å få til mykje bra viss ein absolutt vil. Ring same nummer som ovanfor, viss du vil ha ambulerande hjelp og tips.

Uansett, vil vi halde fram med forfattarturnear og dei vil vere på skulane, i klasseromma dersom ikkje noko anna vert bestemt.

Vi har lagt om opplegget for turneane i år. Målet er at alle elevane skal få møte ein forfattar i løpet av skuletida. Vi må gjere dette på ein effektiv måte for å hindre at kostnadane vert for høge, og slik at flest mogleg får besøk. Dette skuleåret måtte vi seie nei til nokon skular. No satsar vi på ungdomsskulane for at forfattarane skal sleppe å sitje i bilen for mykje av tida. Dei skal møte elevar, og difor er ungdomsskulane best - fleire er samla på ein plass. Kanskje kan vi finne på eit alternativt opplegg for forfattarmøte og anna formidling i folkebiblioteka i samarbeid med dei i folkebiblioteka som ynskjer dette.

Fire, flotte forfattarar

Vi kallar dei fire vi skal få på besøk i år for fire, flotte forfattarar fordi vi syns det er ein veldig bra gjeng vi har fått tak i.

Erna Osland og Hans Sande er blant kremen av dei nynorske forfattarane, viss det går an å seie det. Dei har skrive ein mengde bøker og har masse røynsle frå skulebesøk. Dei er begge to verkeleg gode til å formidle. Magnhild Bruheim har ikkje skrive bøker like lenge, men er godt kjent for spennande krim frå bygdemiljø, historisk roman om heksebrenning og no også ei spennande ungdomsbok - "Ny melding" - som det kjem oppfølgjar av i løpet av hausten. "Ny melding" har vi som klassesett

Ingelin Røssland ser det allereie ut som vi får for mange tingingar på. Ho skriv bøker som ungdom har sans for og ho skriv veldig bra. Den nyaste boka, "Handgranateple" (klassesett) fekk nyleg UPrisen, tildelt av ungdom, i hard konkurranse med Rosenløw Eegs ”Alt annet enn pensum” og Yngve Frøyens ”Forfedrene”. At ho fekk prisen er ein skikkeleg bragd, og djupt rørande seier ho sjølv.

Vi håper at alle folkebiblioteka vil engasjere seg i forarbeid og etterarbeid, skaffe bøker slik at når leselysta set inn hos dei unge, så har dei tilgang på bøker. Kanskje biblioteket kan komme på besøk med bøker når forfattaren kjem eller nokre veker før når skulen held på å førebu seg. Det er mange måtar å gjere dette på. Lykke til med å blande seg inn i skulens gjeremål. Lærarane vert truleg berre glade.

Erna Osland
Hans Sande
Magnhild Bruheim
Ingelin Røssland

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Omfattande gransking av referanseteneste

Gunhild Salvesen ved Høgskolen i Oslo har ved hjelp av lydopptak og observasjon granska referansetenesta ved to folkebibliotek på stadar med over 10.000 innbyggjarar. Det overordna målet for denne studia er å medverke til ei forbetring av kvaliteten på referansetenesta, og Salvesen konkluderer med at ved endring av rutinar kan ein oppnå betre kvalitet utan å vere avhengig av auka ressursar.

Det er mykje ved referanseprosessen som kan forbetrast og effektiviserast, hevdar Salvesen. Studien hennar syner at det ikkje er type spørsmål (ope eller lukka) som er det viktigaste i ein referansesituasjon - resultatet er meir prega av klimaet under samtalen: ekte og oppriktig interesse for brukaren og spørsmåla hans synest å vere det vesentlege. Eit av resultata i granskinga til Salvesen bør vi kanskje merke oss ekstra: Unge brukarar blir møtt på ein annleis måte over referanseskranken enn vaksne brukarar: I interaksjonen med unge brukarar gjer bibliotekaren seg nytte av "dominansstrategiar som sjelden ses brukt i samtaler med voksne" (Salvesen 2006, s. 216). Dette tilhøvet, i lag med slutninga om at spørsmål ikkje nødvendigvis er den beste måten å samle informasjon på, bør etter Salvesen si meining få følgjer for, og oppmode til, ein etisk diskusjon om referanseintervju.

Interessante funn i studien:

  • Katalogen til biblioteket gjeld som eit orakel. Bibliotekaren opptrer som om den har alle svar.

  • Søkinga i katalogen tek gjerne til før referansespørsmålet er spesifisert.

  • Brukaren blir lite involvert i søkeprosessen eller resultatet av den.

  • Søkeorda er gjerne teken frå brukaren sitt opningsspørsmål. Berre i liten grad blir kontrollerte søketermar eller søk på klassenummer nytta.

  • Andre svarkjelder, slike som dei trykte referansedokumenta til biblioteka, blir lite brukt.

  • Samtalane er instrumentelle og formelle. Men når bibliotekaren syner innleving, engasjement og interesse, får ho brukaren til å snakke.

  • Brukaren kjem fram med fagkunnskapane sine når han blir merksam på at attfinninga ikkje gir resultat. Då kjem brukaren med nyttig informasjon.

  • Brukaren syner tydeleg ubehag når spørsmåla blir personlege, men med få unntak brukar bibliotekaren ikkje uttrykk som mottakaren ikkje forstår.

  • Unge brukarar blir often fråteken moglegheitene til sjølve å velge: Ved hjelp av overtydingar og direktiv er det bibliotekaren som avgjer spørsmål den unge brukaren sjølv skulle ha teke stilling til.

  • Emne for samtala blir gjerne bestemt av bibliotekaren gjennom å ikkje ta innover seg innspel eller ved å bryte av brukaren. På denne måten kontrollerer bibliotekaren interaksjonen med brukaren.

  • Bibliotekaren gjer seg nytte av strategiar som medfører at referansesituasjonen blir tidlegare avslutta enn kva førmålstenleg er.

  • Fjernlån blir berre i liten grad nytta som løysing i interaksjonar som sluttar med eit negativt svar.

Kan biblioteket finne svaret? : en kvalitativ tilnærming til referansetjenesten i norske folkebibliotek har si fokusering på analyse av samtalar mellom brukar og bibliotekar, i tillegg undersøker Salvesen faktorar som søking og oppfølgjingsspørsmål. Datamaterialet har bestått av 222 referansesamtalar, 20 av desse blei plukka ut for nærare tyding. 16 bibliotekarar (12 kvinner og fire menn) deltok i granskinga. Utvalskriteriet som er brukt er førespurnadar frå brukarar til referanseskranka i vaksenavdelinga i folkebiblioteket. Dei 20 nærgåande analysane utgjer i tid to timar og tre minutt, og dekkjer alle referansebibliotekarane i dei to folkebiblioteka, ulike grupper av brukarar, ordna etter kjønn, alder og utdanning, ulike typer av spørsmål - både fakta og emnemessig karakter, ulike vekedagar, ulike tidspunkt på dagen, og rolege og travle periodar. Innsamlingane av dataa vart gjort i månadane desember, januar og februar 2000 og 2001.

Avhandlinga til doktorgraden av Gunhild Salvesen

Robert Haugen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Vekelån på Førde bibliotek

Personalet på Førde bibliotek diskuterte rett over jul om det var nye tiltak og tenester vi kunne ha lyst å tilby brukarane våre. Valet vårt vart då å kjøpe inn bøker til vekelån. Tankane bak var fleire: 

  • Vi forstår at raske lånarar synest det er trist å måtte stå månadsvis i 
    kø når dei sjølv les boka på fire dagar.

  • Dette kan vere ein gylden sjanse for biblioteket å få gode bøker til å ”gå” meir og raskare.

  • Bøkene er eit tilbod for dei som ikkje veit kva dei vil ha akkurat i dag, men ønskjer ei ”god bok”.

Vi oppretta avdeling 'fvek' og kjøpte i første omgang inn ca 15 bøker. Bøkene kan ikkje reserverast, og lånet kan ikkje fornyast. Bøkene er strategisk plasserte på eiga tralle, i nærleiken til aviskrok/skranke. Vi har lagt vekt på kunnskapen vi har om kven av lånarane våre som les fort og kva dei likar å lese. I tillegg passar vi på at bøkene ikkje skal vere for tjukke. Ta gjerne ein kikk på web-søket under avdeling Vekelån og sjå kva vi har kjøpt inn.

Erfaringane våre så langt, etter at samlinga no tel nær 30 bøker:

  • Nokre av lånarane set stor pris på tilbodet. 

  • Andre seier at dei vil heller stå lenge i kø, for dei ønskjer fire veker lånetid. 

  • Det nye tilbodet er enkelt å administrere, bøkene kan førast attende til vanleg 
    utlånseksemplar seinare.

  • Avlastar kø.

  • Biblioteket kan få gode bøker til å gå.

  • Tralla med vekelån skal vere kvalitet-sikra.

Vi synest vi har fått så gode tilbakemeldingar på tiltaket at vi vil halde fram med å kjøpe inn bøker til vekelån.

Bjørg Dvergsdal
Førde bibliotek

[Toppen]


Mangfaldsåret 2008

Kulturfeltet er eit av dei viktigaste områda som påverkar grunnlaget for fullverdig deltaking for alle innbyggjarane i vårt fleirkulturelle samfunn. Kulturpolitikken i Noreg og fleire andre land er basert på erkjenning om at marknadskrefter og konkurranse er utilstrekkeleg for å sikre eit mangfaldig og kvalitativt godt kulturliv. Det er difor viktig med ein aktiv offentleg kulturpolitikk som legg til rette for eit variert og nyskapande kulturliv med eit mangfald av kulturuttrykk. Regjeringa har difor bestemt at 2008 skal vere eit markeringsår for kulturelt mangfald.

Intensjonane bak dette markeringsåret er gode. Eit stadig aukande kulturelt og etnisk mangfald skal aktivt takast i bruk. Samfunnet vårt utviklar seg i samspel mellom det kjente og det nye, det nasjonale og det internasjonale. Våre kulturinstitusjonar er tradisjonelle og ofte orientert mot fortida og difor konserverande. No ønskjer ein å opne desse institusjonane opp for impulsar mangfaldet gir.

Kulturminister Giske framhevar folkebiblioteka som den viktigaste fleirkulturelle arenaen vi har og meiner at dei gjer ein fantastisk jobb i integreringsarbeidet. Men eit inkluderande samfunn føresett likestilling mellom kjønna, og biblioteka har utfordringar i høve til å få fleir jenter og kvinner til å nytte biblioteka.

Eit markeringsår for kulturelt mangfald må ikkje berre bli ein happening, men vi må satse på opne, varige tiltak. Det er iderikdom, tydelege prosjekt og gjennomføringskraft som må til for at mangfaldsåret ikkje blir eit slag i lufta. ABM-utvikling vil ha fleirkulturelle tiltak som eit av kriteria for tildeling av prosjektmidlar i 2008.

Fylkesbiblioteket vil kome tilbake til mangfaldsåret og diskutere aktuelle tiltak med biblioteka.

Solveig Bjordal
Fylkesbiblioteksjef

[Toppen]


Bli-kjent-i-Biblioteket

Førde bibliotek har som mål å gjere publikum meir sjølvhjelpte. I vår laga vi eit opplegg der vi presenterte biblioteket og tok oss ekstra tid med lånarane.

Følgjande sto å lese på web-sida til Førde kommune før påske: ”Kampanje-veke i biblioteket. Førde bibliotek køyrer i veke 13 kampanje for Bli-kjent-i-Biblioteket. Det er dessutan gebyrfri innlevering heile veka. Bli-kjent-i-Biblioteket skal hjelpe publikum til å bruke biblioteket betre og bli meir sjølvhjelpte. Det blir fokusert på korleis søke og bestille frå biblioteket si samling. Vidare vil vi vise korleis bøkene er organisert og oppstilt tematisk eller alfabetisk, og korleis finne fram til spesielle titlar ved hjelp av kart. I veke 13 slettar vi også purregebyra for dei som leverer inn gamle lån. Etter påske vil maksimalsatsane for gebyr auke til kr 100. Nytt høvet til å få rydda opp til påske!!”

Før kampanjeveka hengte vi opp plakatar i biblioteket om å bli kjent og om fritt gebyr, og vi oppdaterte ein PowerPoint-presentasjon om Førde bibliotek og MappaMi. Vi sette opp dobbel vaktplan i skranken for å få tid til å ta oss av publikum etter intensjonane i Bli-kjent-i-Biblioteket-tiltaket. 

Kampanjeveka kom med nydeleg ver og eit ganske stille bibliotek. PowerPoint-presentasjonen rulla og gjekk på skjermen til ein av publikums-pc’ane. Der stod det å lese om opningstider, søk, reservering og administrering av eigne lån i MappaMi. Vi som var i skranken vendte oss aktivt til dei brukarane som var innom og fortalde om prosjektet og spurde om dei ønskte opplæring. Mange takka ja og sette stor pris på å bli teken hand om og følgt rundt i biblioteket. Med dobbelt opp av personale i skranken var det godt å kunne bruke den tida vi trengte på rettleiing av lånarane. Det var ein slik typisk ”vinn-vinn situasjon”!

Evalueringa viste at vi tilsette ynskjer å ha mykje meir tid til den enkelte brukaren, noko som til tider kan vere vanskeleg å få til i ein travel kvardag. I det daglege vert det viktig å ha fokus på tiltak som kan gjere det lettare å finne fram på biblioteket, som skilting, kart og ulike typar utstillingar. I tillegg kan ein så ha artige kampanjeveker, der vi tilbyr meir personleg oppfølging av brukarane våre. Bli-kjent-i-Biblioteket bør nok gjennomførast 2-3 gonger i løpet av året skal vi få den ynska effekten. På den måten kan vi nå ganske mange brukarar, og få att gevinsten av ekstra arbeidsinnsats!

Torunn Rygg/Reidun Koksvik
Førde bibliotek

[Toppen]


Kurs for bibliotektilsette i vidaregåande opplæring

I oktober er første samling i kurset Biblioteksentralen tilbyr om skulebiblioteka som læringssenter og som ressurs i arbeidet med å setje Kunnskapsløftet ut i verda. Det er opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane saman med Fylkesbiblioteket som har bestilt den femdagars kursrekkja frå Biblioteksentralen. Innhaldet i samlingane følgjer hovudopplegget til Biblioteksentralen, men med tema og ressurspersonar som vi internt har kome med forslag om. Vi reknar med at om lag 30 bibliotekarar og lærarar frå vidaregåande skular her i fylket vil delta på kurset.

Første samlinga har temaet "skolebiblioteket og kunnskapsløftet" og vert halden på Skei Hotell, Jølster. Denne dagen vil kurshaldarar frå Biblioteksentralen stå for innhaldet. Den andre samlinga er lagt til november månad og skal haldast ved Øyrane vidaregåande skule, Førde. "Informasjonskompetanse og pedagogikk" vil vere på agendaen denne dagen. Lise Alsted Henrichsen, Danmarks biblioteksskole, vil kome og undervise om samarbeidsformer mellom bibliotekarar og lærarar, vidare vil Ove Eide frå Firda vidaregåande skule og Einar Størkersen frå Universitetet i Tromsø, halde føredrag. 

Den tredje samlinga er lagt til i februar neste år ved Firda vidaregåande skule, Sandane. På timeplanen står "digital kompetanse, IKT, web 2.0 - digitale læringsressursar". Biblioteksjef David Beadle, Haram folkebibliotek på Sunnmøre, skal snakke om på kva måte IKT kan hjelpe små bibliotek, Siri Ingvaldsen, United World College i Fjaler, vil foredra om informasjonskompetanseplanar, jurist Charlotte Børde, Nasjonalbiblioteket, skal snakke om opphavsrett i lys av digitale samlingar, og Thomas Brevik, bibliotekar ved Sjøkrigsskulen i Bergen, skal ta opp emnet Bibliotek 2.0/web 2.0. 

"Lesestimulering og litteraturformidling" skal det handle om når deltakarane møtast for fjerde gong på Sogndal vidaregåande skule i april. Maren Brit Baadshaug frå Biblioteksentralen og Janne Karin Støylen frå Senter for nynorsk i opplæringa, vil denne dagen undervise i lesestimulering, litteraturformidling og leseglede. Støylen vil stille det sentrale spørsmålet om korleis bibliotekarar og lærarar kan samarbeide om å legge til rette for lesekompetanse og leseglede. Den femte og siste samlinga er lagt til Skei Hotell på Jølster og skal vere i mai månad. Der vil deltakarane presentere prosjektarbeid dei har jobba med, og samlingane vil bli runda av med ein paneldebatt der ein politikarar, administrasjon, rektor, bibliotekar og lærar deltek.

Deltakarane vil få litt arbeid mellom samlingane. Biblioteksentralen har laga ei eiga nettside for kurset i Sogn og Fjordane. Kurset har vore gjennomført i fleire fylke omkring i landet.

Robert Haugen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bokbåten hausten 2007

Haustens bokbåttur går i perioden 17. oktober - 4. november. Oversikt over rute og informasjon om underhaldningsprogrammet vil bli lagt ut på www.bokbaten.no så snart det er klart.

[Toppen]


Adresser til fylkesbiblioteket

Fylkesbiblioteket har no fleire ulike adresser til ulikt bruk:

Besøksadressa vår er som før:
Førdehuset (Angedalvegen 5), 6800 Førde. De finn oss i 2. høgda.

Postadresse er:
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, postboks 144, 6801 Førde

Og fakturaadresse:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Løns- og rekneskaptenesta, 
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Her må faktura merkast med leveringsadresse (Sogn og Fjordane fylkesbibliotek) og med vår referanse for bestilling.

[Toppen]


Nytt om namn

Signe Witsø tok over som biblioteksjef i Sogndal 24. april 07. 

[Toppen]


God sommar!


[Toppen]

 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Postboks 144, 6801 Førde, http://fylkesbiblioteket.sfj.no
Tlf: 57721880, Faks: 57721893, E-post: post.fylkesbiblioteket@sfj.no

Fjernlån: fjernlan@sfj.no, tlf. 57 72 18 84
Sist oppdatert 29.06.07 av Anja Angelskår Mjelde