http://www.sf.fylkesbibl.no/overskranken/

 



Meldingsblad
for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 

Nr. 1 2006
(publisert 14.12.06)


 


Bibliotekreform 2014 - ei utfordring til debatt!

ABM-utvikling la fram den lenge etterlengta bibliotekutgreiinga Bibliotekreform 2014 i september.

Utgreiinga er omfattande og dekker heile bibliotekfeltet med folkebibliotek, skulebibliotek og fag- og forskingsbibliotek. Satsingsområda i utgreiinga skal medverke til realiseringa av det nye Norgesbiblioteket som er eit samleord for eit nasjonalt nettverk av alle bibliotektypar. Oppfølginga av Bibliotekreforma vil vere hovudsatsinga for ABM-utvikling sitt arbeid på bibliotekområdet. 

Hovudsatsingane og tiltak i utgreiinga er følgjande:

Målområde 1. Innhald og tenester

Tiltak:

  • Etablere ein nasjonal ABM portal

  • Setje i verk programmet Norsk digitalt bibliotek

  • Etablere eit program for digitalisering av materiale i arkiv, bibliotek og museum

  • Gje tilgang til sentrale kunnskapskjelder gjennom lisensar og andre vederlagsordningar

  • Stimulere til utprøving av nye IKT-tenester og –løysingar

  • Etablere eit fast samarbeid mellom bibliotek- og utdanningsmyndigheitene på nasjonalt nivå

  • Utvikle verkty og metodar for opplæring i informasjonskompetanse

  • Utvikle tilgang til vitskapleg informasjon produsert ved universitet og høgskular gjennom opne digitale løysingar

  • Setje i verk program for litteraturformidling

  • Setje av nasjonale midlar til produksjonstøtte og litteraturformidling i Den kulturelle skulesekken

  • Utvikle ein handlingsplan for å styrke bibliotek, arkiv og museum som lokalhistoriske sentra

  • Styrke og utvide dei offentleg innkjøpsordningane for litteratur og andre media

  • Medverke til inkludering av innvandrarane gjennom litteratur- og kunnskapsformidling

  • Gjennomføre planen for bibliotektenester i fengsla


Målområde 2. Struktur og organisering

Tiltak:

  • Etablere sterkare og meir kompetente folkebibliotek gjennom ein konsolideringsprosess som omfattar biblioteka i fleire kommunar

  • Setje i verk program for skulebibliotekutvikling

  • Etablere eit investeringsprogram for biblioteklokale

  • Utstyre alle biblioteka med høghastig nett

  • Etablere ein transportordning for distribusjon av materiale mellom bibliotek i Noreg

  • Endre biblioteklova for å sikre samarbeidet i eit nasjonalt biblioteknettverk

  • Styrke krav til skulebibliotektenester i forskrift til opplæringslova

  • Gjere Norgesbiblioteket kjent gjennom profilering av innhald og tenester

  • Utvikle verkty og metodar for evaluering og kvalitetsheving av verksemda i biblioteka


Målområde 3 Kompetanse og forsking

Tiltak:

  • Etablere kompetanseutviklingsprogram for å styrke Norgesbiblioteket og dei konsoliderte biblioteka

  • Utvikle hospiteringsprogram for bibliotektilsette

  • Opprette nettverksgrupper med deltakarar frå ulike bibliotektypar med sikte på å utvikle nye tenester, nye arbeidsmetodar eller ny organisering

  • Styrke og vidareutvikle eit kompetansemiljø for opphavsrett og personvern ved Nasjonalbiblioteket

  • Etablere forskingsprogram der abm-programmet inngår 

Dei føreslegne strategiane legg til grunn at Bibliotekreform i åra 2008 – 2014 får årlege tilleggsmidlar . Dette er talfesta til tilsamen 2,234 milliardar. Første året inkluderar investeringsmidlar og ein stor del av midlane skal gå til digitalisering ved Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet.

Stort sett har utgreiinga vore godt motteken i bibliotekmiljøet:

Monica Deildok i Bibliotekarforbundet ser store utfordringar i mange av elementa i reforma og spesielt knytt til konsolidering av folkebiblioteka. Likevel hevdar ho at dette er eit godt tiltak og at dette er vegen å gå. Bibliotekarforbundet er naturleg nok opptekne av at det sentrale i konsolidering er å sikre fagkompetansen og at det må vedtas juridiske verkemidlar for dette.

NBF ved leiar Anne Hustad kallar reforma ei storsatsing og eit løft som vil kome heile befolkninga til gode.
Bibliotekutgreiinga føreslår mykje av det som har stått på ønskjelista gjennom ei årrekkje og NBF er spent på å sjå resultat av satsinga.

Det er forslaget om Konsolidering av folkebiblioteka som har skapt mest debatt. I utgreiinga står det at dei nye biblioteka skal vere så store at dei dekkjer alle viktige kompetanseområde. Det skal ver minimum 6-8 årsverk i det enkelte bibliotek. Det betyr at dei biblioteka som har færre enn 5 årsverk, må konsoliderast med bibliotek i andre kommunar.

Nokre meiner at det er vanskeleg å gjennomføre fordi det gripe inn i kommunane sitt sjølvstyre. Tydelig på dette har Biblioteksjefen i Lindås Marit Gro Berge vore som hevdar at samanslåing av bibliotek er ein allereie tapt sak . Ho frykter at konsolideringa kan bety nedlegging av filialar og at kommunale bibliotek vert gjort om til filialar. Ho hevdar at det er tilbodet til brukarane som må stå i sentrum og viser til Nord Hordaland-prosjektet som eit vellukka biblioteksamarbeid der nærleiken til brukarane vert ivaretatt utan at det er snakk om konsolidering.

Ragnar Audunsson professor ved HiO som er oppteken av biblioteket som fysisk møteplass skriv i Bok og Bibliotek : Bibliotekreforma kan gje det norske samfunnet den løftestangen som et godt og velutviklet bibliotekvesen som det flerkulturelle kunnskapssamfunnet trenger.
Han er vidare oppteken av at konsolideringa ikkje må føre til at lokalmiljøet misser nærleiken til biblioteket. Han føreslår at vi må utforme heilskapleg regionale bibliotekplanar der ein flytter det overordna ansvaret frå kommunane til det regionale nivået.

Sogn og Fjordane er eit spesielt fylke med spreidd befolkning og store geografiske avstandar. 
Når vi no skal gå i gang med ein bibliotekplan for å styrke og fornye biblioteka i fylket som ein del av realiseringa av Norgesbiblioteket, er det viktig at vi kjører prosessar der lokale tilhøve vert tekne omsyn til og at bibliotekeigarane og bibliotekpersonalet vert med i prosessen.

Reforma må no å verte lest og diskutert i fagmiljøet, blant politikarane og bibliotekeigarane for å få gode høyringsuttaler.

NBF avd. Sogn og Fjordane, Bibliotekarforbundet og fylkesbiblioteket ynskjer difor å arrangere eit seminar for politikarar, kommuneleiing og bibliotektilsette. Møtet blir 29. januar på Skei. 

Solveig Bjordal
Fylkesbiblioteksjef

[Toppen]


Biblioteksamarbeidet i indre Sunnfjord

Som vi har skrive før har biblioteka i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster saman med fylkesbiblioteket starta med eit samarbeidsprosjekt. Vi har fått midlar frå prosjektet Nettbasert kulturformidling som er eit prosjekt under Fylkesarkivet. 

Første målet med samarbeidet er eit felles biblioteksystem for biblioteka, og dermed eit felles tilbod på nettet for brukarane. Det er vi godt i gang med. Naustdal og Førde har opna for felles reserveringar og utlån. Gaular og Jølster, som ikkje hadde automatisert utlån, kjem i gang januar 2007. Brukarane får no felles lånekort og "lånekonto" og kan fritt nytte alle dei fire biblioteka utan å tenke på kvar dei "høyrer heime". 

Det dukkar stadig opp små problem som må løysast, då må vi møtast – og når vi er samla vert vi kreative og ideane myldrar! Vi er allereie i gang med ”rundtkøyring” av bøker ein gong i veka. Ein bil køyrer kvar mandag mellom kommunane og tek med det lånarane våre ynskjer og har reservert frå andre bibliotek. 

For å få mest mogeleg ut av små budsjett vil vi òg samarbeide om innkjøp. Ved å utnytte kompetanse og interessefelt hos personale kan kvart bibliotek spesialisere seg, alle treng ikkje å ha alt!

Vi ser mykje positivt med samarbeidet – og vi gler oss til å fortsette…

God jul til alle.

Grete Skaar Sunde
Jølster bibliotek.

[Toppen]


Litteraturformidling for ungdom 

Guri Aarhus frå Førde bibliotek og Robert Haugen frå Fylkesbiblioteket var fredag 24. november på besøk hjå Sunnfjord folkehøgskule i Førde. Skulen ønskja å få informasjon til elevane sine om kva folkebiblioteka hadde av tenester. I tillegg til å opplyse om dette hadde vi bokprat. Etter bokpraten fekk ungdomane høve til å låne med seg bøker. 

Vi haldt til på auditoriet og til saman var om lag 40 elevar og lærarar til stades. Bokpraten gjekk føre seg ved at vi nytta powerpoint til å presentere opplysingar om forfattarane og vi leste høgt utdrag av nokre av bøkene vi formidla. I tillegg brukte vi høgtalaranlegget til å formidle musikk som inngong til ei av bøkene.

Målet for lesestimuleringstiltaket var å spreie leseglede. Inntrykket vårt er at formidlingstiltaket blei vellukka. Førde bibliotek lånte ut sju bøker og det må seiast å vere bra for denne aldersgruppa. Brorparten av bøkene som blei lånt vart omtalt under bokpraten, og det syner seg ofte at ein skikkeleg omtale og presentasjon får brukarane til å velje litteratur som er blitt gjenstand for fokusering. På lang sikt trur vi at slik bokprat og ulike litteraturformidlingstiltak for ungdom kan vere ein av fleire grunnar til at brukarar som tidlegare ikkje var opptekne av å lese eller å vitje folkebiblioteket, i framtida får lyst til å finne fram ei bok. Kanskje kan bokprat og andre former for stimulering av leselysta utgjere ein forskjell? 

Vi presenterte desse bøkene:

Guri:
"Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen", Knut Nærum
"PS! Jeg elsker deg", Cecelia Ahern
"Roald Dahl´s beste historier", Roald Dahl
"Den ømme morderen", Arne Berggren

Robert:
"Frost", Roy Jacobsen
"Blind", Lars Ove Seljestad
"Kino : Noveller for ungdom", Marit Kaldhol
Teikneserien Jason
"Appelsintreet. Japanske kjærlighetesdikt for ungdom"

John Lennon fungerte som døropnar til romanen av Seljestad ved å syngje "Working class hero". Denne songen er prenta som ein peritekst, det vil seie før sjølve romanteksten, i boka, og slår an tonen for temaet i romanen. 

Vi runda av formidlinga ved å vise til lesaren sine ukrenkjelege rettar som den franske forfattaren og pedagogen Daniel Pennac har laga og prenta i ei bok frå 1999. Vi er av den oppfatning at det er nyttig med ei medvetsgjering om rettane kvar lesar har. Ved å presisere og løfte fram at alle lesarar har rett til å hoppe over sider, skumlese eller til og med lese ei bok fleire gongar, kan denne fokuseringa hjelpe og oppmuntre personar som av ymse grunnar held seg unna litteratur.

Her er Daniel Pennac sine rettar for lesaren:
1. Retten til ikkje å lese
2. Retten til å hoppe over sider
3. Retten til ikkje å lese ut ei bok
4. Retten til å lese om att
5. Retten til å lese kva som helst
6. Retten til å la seg påverke
7. Retten til å lese kor som helst
8. Retten til å skumlese
9. Retten til å lese høgt
10. Retten til å teie
(Kjelde: Daniel Pennac. Som en roman : om gleden ved å lese. 1999)

Guri Aarhus, Førde bibliotek 
og Robert Haugen, Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bibliotek med bok til alle

Høyanger bibliotek er blitt det første Bok til alle-biblioteket i Sogn og Fjordane. Vi har inngått kontrakt med organisasjonen"Leser søker bok" og fått økonomisk støtte til innkjøp av bøker og verve oss leseombud.

Vi starter opp no i desember månad med marknadsføring og verving av leseombud. Fleire av våre brukarar i dag er støttekontakter, pasientvenner eller har familie som dei besøker som har vanskar med t.d. syn eller hukommelse. Vi vil invitere desse til å bli leseombud og gje desse tilbod om kurs og hjelp til å finne tilpassa litteratur. Vi trur at prosjektet og vil gjere oss i biblioteket til betre formidlarar overfor alle våre brukarar. Les meir på www.lesersoekerbok.no

Nedskjæringar og redusert opningstid i Høyanger

Høyanger bibliotek fekk i haust redusert personale med 18 % ved hovudbiblioteket. Dette gav desverre store utslag i opningstida. Vi mista laurdagsope bibliotek og kveldsope ein kveld i veka. Laurdag var den nest beste utlånsdagen til biblioteket, så dette vil nok vise att på utlånsstatistikken. Her blir det nok ingen auke frå 2005! Innkjøpsstopp og redusert opningstid gjer dette til ein litt tung haust. Høyanger kommune skal kutte opp mot 30 stillingar i 2007, men vi kryssar fingrane og håpar at dei drastiske kutta vi har hatt i haust var nok for vår del!

Jorun Systad
Høyanger bibliotek

[Toppen]


Ny juletradisjon

Barnehagane er veldig gode brukarar av oss, og vi er veldig glad for å få besøk av dei. Kven kan la vere å verte glad når dei står der smilande med so mykje som dei har lyst å fortelje? For ikkje å snakke om alle bøkene som dei vil at barnehagen skal låne! Vi har tre barnehagar her i kommunen som er flittige brukarar av hovudbiblioteket og filialane våre. Vi veit godt at heller ikkje dei har mykje til overs på budsjettet. Derfor byrja vi ifjor før jul å tenke på å gje dei ei lita gåve til jul. Og som sagt, so gjort. Kva gåva skulle vere sa seg i grunnen sjølv; bøker! Vi kjøpte julebøker til alle tre barnehagane, og pakka det inn som ei julegåve, og både små og store var glade for gåvene. Sidan det var vellukka so forset vi i år og har dermed starta ein ny juletradisjon. I år har vi kjøpt oppgåvebøker for barn i ulike aldrar slik at det skal vere noko for alle aldersgrupper i barnehagen. Sjølvsagt håpar vi at dei set pris på gåva i år også! 

Rita Kvamme
Selje folkeboksamling

[Toppen]


Forfattarar på turne dette skuleåret

Dette skuleåret trur eg bunken med tingingar av forfattarbesøk er enda større enn i fjor. Kor mange forfattarar vi kjem til å trenge for å gje alle det dei ber om, det er ikkje sikkert enno. Vi må nok begynne å tenkje på å setje eit tak for kor mange turnear vi kan ha i året.

Men ein fin ting å tenkje på i alt strevet med å leggje turnear og få alle puslespel til å gå opp, det er at vi får gode evalueringar tilbake frå skulane. Forfattarane er også veldig glade og nøgde etterpå. Då reknar eg med at dei føler at dei har hatt gode møter med lesarar og lærarar på vegen. Atle Hansen som var 4 dagar på turne i haust, fortalde meg etterpå at det var den kjekkaste turneen han hadde hatt nokon gong. Det er ikkje verst.

Nå vart det litt mykje sjølvskryt her. Derfor skundar eg meg å seie at eg er klar over at blant alle dei lærarane som ikkje sender inn evaluering til oss, kan det vere mange som er skuffa og misnøgde. Kanskje berre dei som er positive vil seie i frå kva dei meinar. På ein måte håper eg det ikkje er sånn. Sure telefoner er ikkje gøy, men det er viktig å vite dersom forfattaren ikkje held mål. Eller om andre ting skjærer seg på turneen.

I haust har vi altså hatt Atle Hansen på turne med skrekk og tull og gitar. Han er ei bombe når han kjem. Og ungane likar bøkene hans. Det er ein perfekt kombinasjon, gode bøker og gode formidlarar. Atle Hansen skal ha ei veke hos oss i mars i staden for Lars Mæhle som måtte trekkje seg.

Grete HaagenrudGrete Haagenrud var her to veker etter at skulane begynte. Ho er ein veldig fin forfattar og ein god formidlar. Dessverre hadde ikkje mange tinga ho, truleg fordi ho kom så tidleg. Det var einaste ledige tida ho hadde, og eg  tok sjansen sidan ho er så bra. Men det var truleg mange som ikkje kjende til ho. Det er veldig bra om biblioteka kan hjelpe skulane når dei skal tinge forfattar. Alt for få lærarar kjenner til gode, norske forfattarar.

Maria ParrTil våren har vi førebels tre forfattar som skal på turne; Maria Parr, Atle Hansen og Hilde Kvalvaag (sjå www.ksys.no, vel "Sogn og Fjordane" og vel "sjå kommune og produksjon" oppe til venstre) På ksys.no legg vi ut litt om forfattaren, om førebuingar og etterarbeid, turneplanar osb.

Hilde KvalvaagLars Mæhle måtte som sagt trekkje seg. Det var synd for veldig mange hadde tinga han. Vi prøver å få tak i han ein annan gong. Men no når vi har fått tak i Hilde Kvalvaag og Atle Hansen til å ta over, så blir det veldig bra.

Vi håper at de som jobbar i biblioteka også får oppleve forfattarane. Ta ein tur til skulen der forfattaren skal vere eller inviter forfattar og klassar til biblioteket dersom det er mogleg.

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bibliotekplan for vidaregåande skule

I vår blei det oppnemnd eit utval som skulle revidere bibliotekplanen for vidaregåande skular i fylket. Den førre planen var frå 1994.

I utvalte sat representantar frå skulane (fagtilsette, leiing og bibliotekarar), frå opplæringsavdelinga og fylkesbiblioteket. Det var også oppnemnd elevrepresentant, men av ulike grunnar fekk vi ikkje med elevane i arbeidet med planen. 

Planen frå 1994 var i første rekke ein plan for oppstart av bibliotektenesta ved dei vidaregåande skulane. Ein del av planen er gjennomført, men det står ein del igjen før alle skulane har godt fungerande skulebibliotek. 

Tilhøva i skulen har endra seg ein del dei siste ti åra. Det er behov for ein ny bibliotekplan som ein reiskap for å oppgradere skulebiblioteka til eit akseptabelt nivå, med gode forhold på alle dei vidaregåande skulane i fylket. Det er viktig å følgje opp dei nasjonale føringane som ligg i dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet.

Planen som utvalet har lagt fram er delt opp i kapittel. Det blir sagt litt generelt om bakgrunnen for planen, deretter tar ein for seg biblioteket som pedagogisk ressurs, der ein er innom bl.a. Kunnskapsløftet, informasjonssamfunnet, leseferdigheiter og bibliotekaren sin plass i det pedagogiske arbeidet. Ein har sett på korleis stoda i biblioteka er no og kva som blei gjennomført og ikkje gjennomført etter førre bibliotekplan. Deretter har ein sett på normer som fins (eller kanskje heller ikkje fins), og foreslått normer for personale, økonomi og bestand, og sagt litt om kva biblioteklokalet skal innehalde.

Når det gjeld personale er det foreslått at at alle bibliotek skal ha minst 0,5 bibliotekarstilling. Med 200-399 elevplassar skal det vere 1,0 bibliotekar, 400-599 1,5 bibliotekar, og 600 elevar og over skal det vere 2 bibliotekarar. Til saman vil det då bli 15,5 bibliotekarstillingar, inkludert ein bibliotekkoordinator i 0,5 stilling. I tillegg kan det vere aktuelt med kontorteknisk hjelp, med dette er ikkje kvantifisert i planen.  

Til slutt er det sett opp ein opptrappingsplan. Her har ein konsentrert seg om å få bibliotekarstillingar på plass i biblioteket - utan kvalifisert personale som faktisk er til stades er det vanskeleg å bygge opp eit godt bibliotek. I planen er opptrappinga tenkt gjennomført i løpet av to år, dvs i 2007 og 2008.

Bibliotekplanen vart lagt fram på møte Hovudutval for opplæring 28. august. Her blei den utsett til møtet 28. november, og i mellomtida ville ein bl.a. få inn uttaler frå Elevorganisasjonen og elevråda.

På møtet 28. november vart planen vedteken, med følgjande ordlyd:

1. Hovudutvalet sluttar seg til fylkesdirektøren sitt framlegg til Utviklingsplan for bibliotektenesta for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.
2. Iverksetjing av opptrappingsplanen må skje gjennom budsjett og økonomiplanarbeidet.

Under punkt 1 vart årstala 2007-2010 strokne. På grunn av utsetjing av saka i august, er ikkje opptrapping av bibliotektenesta med i budsjettarbeidet for 2007. Ein må nok då forvente at opptrappingsplanen blir skyvd i tid, og vil truleg ikkje kunna ta til å gjelde før 2008.

Heile planen, slik den blei lagt fram (pdf-fil)

Saksframlegg, vedlegg, vedtak

Anja Angelskår Mjelde
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Informasjon om bokbåten

Bokbåten har nett avslutta haustens tur, og det ser ut til at både utlånstala og talet på frammøtte har halde seg veldig stabilt. Diverre har Solund sagt opp 4 av 6 stopp p.g.a. kommuneøkonomien.

Nye hyller
Dei 3 samarbeidande fylkesbiblioteka har gått til innkjøp av nye bokhyller på bokbåten. Dei gamle var vortne både salrygga og flisete etter mange års bruk, så det var på høg tid med ei fornying. Me har og fått eit nytt sikringsutsyr til å halda bøkene på plass i hyllene når det blæs som verst.

Bokbåtklubben
I 2001 fekk fylkesbiblioteka som samarbeider om bokbåten statlege midlar til prosjektet: ”Bruk av bokbåten Epos til marknadsføring av bibliotektilbodet til barn”. Me fekk utarbeida ny design til bokbåten og me starta opp med ein bokbåtklubb for ungar i 1.-7. klasse. Fylkesbiblioteka gjev ut eit medlemsblad 2 gonger i året, som me sender til alle medlemmane.

No søker fylkesbiblioteka ABM-u om midlar til å utvikla Den digitale bokbåtklubben. Prosjektet skal byggja opp ein nettstad med digitale teneste for læring, leik og lesestimulering sett i samanheng, og skal vera ei vidareføring av opplevingar i det fysiske biblioteket til opplevingar i eit digitalt rom. Nettstaden skal vera eit middel til betre kommunikasjon mellom barna som nyttar bokbåttilbodet, og biblioteka som driv tenesta. Den digitale bokbåtklubben skal laga heilskap i eit mobilt bibliotektilbod til barn ved å yta teneste også den tida bokbåten ikkje er aktiv.

Neste bokbåttur
Bokbåten skal ut på ny tur i Sogn og Fjordane i perioden 2.–20. mars. Då skal me ha med oss Elisabeth Helland Larsen og Kjersti Skjaker som vil ha kulturprogram basert på klovning, dokkespel og maskespel. Bokbåten i Sogn og Fjordane har kapasitet til å leggja inn fleire stopp, så ta kontakt om det er stader i din kommune som gjerne vil ha bokbåtbesøk!

Ingrid Dræge
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Skumringstime

Sogndal bibliotek arrangerte skumringstime måndag 13.november i år. Arrangementet Ordet i Norden var i år omdøypt til M:ordet i Norden. Dei hadde valgt den prisbelønte islandske forfattaren Arnaldur Indridason som tema. Boka det skulle lesast frå var Gravstille. 

Cirka 22 personar møtte fram og fordelte seg ved borda i lokalet. Me sløkte lyset klokka 19 og tende stearinlys. Sverre Volle opna arrangementet med song og musikk frå boka Skumringstimen, utgitt av Høgskulen i Sogn og Fjordane i samarbeid med fylkesarkivet og folkemusikklaget. Det var stemningsfull og var musikk frå mellom anna Årdal, Lærdal og Luster som han hadde plukka ut. Han song Dan traoaste dag etter Sigurd Fjøsne, Luster og Liut, liut laoemann etter Inger J. Blåflat, Lærdal. 

Svanhildur Gudmundsdottir frå Island las så på islandsk deler av fyrste kapittel i Gravstille. Det var interessant at me kunne skjøna nokre få einskildord og deler av setningar. Anne Lise Brandshaug overtok deretter med same tekst på norsk. Forhåpentlegvis skapte lesinga, både på norsk og islandsk, interesse for forfattarskapet til Indridason. 

Som avslutning på den meir formelle delen av programmet fekk me meir musikk frå Sogn og Fjordane og heilt til slutt ein bånnsull. Dei tok som var til stades, tok seg god tid til å prata og sette pris på den enkle serveringa vår, te og kaffi, brownies og kaffikake. Heilt til slutt fekk dei opptredande avskorne blomar som takk for at dei stilte opp.

Kari Johanna Yttri
Sogndal bibliotek

[Toppen]


Under mottoet "bedre seint enn aldri" tar vi med ein artikkel frå Kristine Hamre, bibliotekansvarleg ved Sogndal vidaregåande skule. Denne skulle ha vore med i førre nummer av "Over skranken" - det nummeret som aldri kom... Kristine har seinare tatt til i ny jobb.


Lesekonkurranse ved Sogndal vidaregåande skule

Hausten 2005 arrangerte Sogndal vidaregåande skule ein lesekonkurranse for grunnkurselevane ved skulen. 13 klassar og 244 elevar deltok. 

Kvifor lesekonkurranse?

Målet med lesekonkurransen var å skapa leseinteresse og leselyst, auka lesehastigheiten og leseforståelsen. Dette lesestimuleringsprosjektet går inn under utdannings- og forskningsdepartementet sin nasjonale plan ”Gi rom for lesing”, strategi for leselyst og leseferdigheit 2003-2007, som legg vekt på at alle skular bør ha ein strategi for leseopplæring og lesing. 

LES!

Lesekonkurransen gjekk ut på å lesa flest mogeleg bøker og flest mogeleg sider i løpet av ein periode på 3 mnd. Elevane las klassesett, og fekk ellers velja bøker sjølv, alt var greitt å lesa, både skjønnlitteratur, fagbøker og teikneseriar. Det viktigaste var at elevane LAS! Og det gjorde dei! Vinnarane i lesekonkurransen på allmennfag vart 1AAB med 7,35 bøker i snitt pr. elev i klassen på 30 elevar i løpet av konkurranseperioden på 3 mnd. Dvs. 220 bøker! Og på yrkesfag vann 1MKA med 2,93 bøker i snitt pr. elev i klassen på 15 elevar. Dvs. 44 bøker. 

Oppstart

Bakgrunn for oppstart av dette lesestimueringsprosjektet, som er eit samarbeid mellom skulebiblioteket, norsklærarar og leiinga, var at skulen 22. april hadde besøk av norsklærar Ingrid Doublet frå Randaberg vgs, som holdt eit foredrag om ein lesekonkurranse dei har gjennomført i 10 år. Ingrid holdt eit entusiastisk og inspirerande foredrag, og stemningen for å prøva noko liknande i Sogndal var stor. Her måtte ein gripa sjansen og handla raskt. Norsklærarane var interessert i å vera med, og 26. mai sende fagforum for norsk og bibliotekar søknad til leiinga om å få starte opp prosjektet og om ei ekstraløyving på kr. 35.000,-  til klassesett og premiering.

Praktisk gjennomføring.

Fleire norsklærarar og bibliotekar las ungdomslitteratur i sommarferien, og på grunnlag av dette valde vi ut kva klassesett vi ynskte å kjøpa inn. Vi nytta desse klassesetta:

  • Sortland, Bjørn: Love light og Himmelkyss

  • Svingen, Arne: Frosten kom tidlig,

  • Loe, Erlend: Naiv. Super,

  • Soltvedt, Thor: Historien om Glenn Anton,

  • Ewo, Jon: Jeg var 16 da jeg forstod hva en mann må gjøre,

  • Olsson, Sören & Jacobsson, Anders: Emanuel og Emanuel: hat & kjærlighet

  • Belsvik, Rune: Kjærleiken er eit filmtriks.

Under planleggingsdagane ved skulestart orienterte norskærar Marit F. Sjåstad og bibliotekar om lesekonkurransen på eit fellesmøte for alle lærarane. Elevane vart orientert om lesekonkurransen under brukarundervisningen på biblioteket, på skulens heimeside og av norsklærarane. 

Alle klassane fekk eit klassesett og norsklærarane fekk eit skjema som dei skulle nytta til å kartleggja antall bøker/antall sider lest av elevane i klassen. Her skulle dei føre på: Tittel, Meining om boka, Antall sider og Signatur. Ved konkurranseslutt vart alle lister levert inn og rekna ihop av bibliotekar. Vi nytta opplegget frå Randaberg vgs. som ”mal”, med våre eigne lokale tilpasningar. Sjå http://home.no.net/indou/ 

Skulebiblioteket fekk låne ca. 200 ungdomsbøker frå folkebiblioteket, og bøkene vart lagt ut med framsida opp på prosjektbord i biblioteket, saman med bøker frå eigen samling. Nokre elevar fekk opp mot ein time i veka til lesing på skulen, ellers las elevane i fritida si.

To klassar vart premiert, ein allmennfagleg og ein yrkesfagleg. Premien var pizza og brus på heile klassen. Vinnarane vart høgtidleg presentert under juleavslutninga og rektor delte ut diplom. Bibliotekar vart intervjua i NRK morgonsendinga same dag og vi fekk ellers pressedekning i Sogn Avis og BT. 

Evaluering

Tilbakemeldingane frå elevane har vore god og lærarane er svært positive til å halde fram med lesekonkurransen også neste skuleår. Vi ynskjer då også å føreta ein lesetest på elevane i for- og etterkant av konkurransen.

Kristine Hamre

[Toppen]


Biblioteket – vegen til verda

Seoul, Korea, 20.-24. august 2006. 

Om lag 5000 representantar frå meir enn 150 land møttes i Seoul til årets IFLA-konferanse. Av desse kom 38 frå Noreg. Fagforbundet var representert med 4 deltakarar. 

Sjølv som aktivt medlem i Norsk bibliotekforening og i Fagforbundet, har IFLA-møta vore fjernt frå det eg trudde eg skulle få delta på. Så eg syntes eg var utruleg heldig som fekk tilbod om å vere med i år. Det var også ein unik sjanse til å få oppleve Sør-Korea.

Det var avreise frå Gardermoen onsdag 16. august. Turen gjekk om Frankfurt, og vi kom til Seoul torsdag kl. 11.30 lokal tid. Der var det varmt og godt og eg var passe døgnvill. Klokka var 8 timar tidlegare enn i Noreg. Det skulle vise seg å ta nokre dagar å omstille seg. 

Vi kom til Sør-Korea to døgn før konferansen starta. Desse dagane brukte vi 4 frå Fagforbundet til ein tur til Old Historic City Geyeonie på austkysten. Vi reiste med hurtigtog som gjekk med ein fart på 300 km/t. Vi reiste gjennom eit landskap med sletter og fjell, landsbyar og byar med høghus – mange og veldig høge. Landet har eit innbyggjartal på estimert 48 182 450 (2005), så det var kanskje ikkje så rart. 

Det var ein arrangert tur for IFLA-deltakarar, så vi brukte tida på å bli kjende med kvarandre, betrakte (dei ”innfødde”) medpassasjerane våre, sjå ut og fotografere gjennom vindauga. 

I Geyeonie var vi veldig turistar. Var i tempel, gravhaugar (ja, vi var inne i ein gravhaug), oldtidsmuseum, bymuseum og i suvenirbutikkar. Og det regna og bles veldig. Det var syklon. Men det var som venta, eg slepp aldri unna regnet. Når det er sagt, så var turen veldig interessant. Vi fekk eit godt innblikk i Korea si historie. Møtet med lokalbefolkninga var positivt. Folk var blide, hjelpsame og hyggjelege. Dei gjorde alt for at vi skulle trivast. Alt var reint og pent og maten kjempegod. Dette inntrykket heldt seg gjennom heile opphaldet i landet. 

Tilbake i Seoul søndag var det opningsseremoni i Olympia-hallen. Konferansen vart opna av Korea si førstedame (kona til presidenten) og Sør-Korea sin tidligare president og Nobelprisvinnar, dr. Dae-jung Kim, heldt opningsforedraget. Måndag kveld var det ein spektakulær kulturaftan i Sejong Center. Der var det mellom anna oppvisning av koreansk folkedans. Det var utruleg flott å sjå dansarane med tradisjonelle vifter i dansen. 

I løpet av veka vi var i Seoul fekk vi tid til å forske ut litt av byen, som med omlandet har nær 22 millionar innbyggjarar. Det var ein svært moderne by. Vi fann alt ein kunne ønskje seg i butikkane. Bilparken var ny og trafikken var stor. Det var sagt om området der vi budde og konferansen var, at det var Seouls ”Beverly Hills”. Vi var også ”down town”. Der var det meir eksotisk og maten mykje billegare på restaurantane. 

Konferansen hadde tilhald i Coex-bygningen. Den var svær. Men hjelparar og skilt gjorde til at vi fann fram. Vi kunne velje mellom mange parallelle forelesingar og det var tilbod om studiebesøk til fleire bibliotek.

Eg deltok mellom anna på forelesingar om bibliotektenester til multikulturelle samfunn og barnebibliotek: ”Bibliotek med leseaktivitetar for barn og unge” og studiebesøk til Anyang City Seoksu Public Library. 

Forelesarar frå 7 land innleia om temaet: Bibliotek med leseaktivitetar for barn og unge vaksne. Lesing og skriving i familien: Å dele innovative praksisar, program og forsking frå Korea og elles i verda. Innlegga strekte seg over tema som familielesing i eit internasjonalt perspektiv, private bibliotek, prosjekt med innsats frå frivillige - til lesebuss (The Storymobile) i Danmark, familielesing i barnebibliotek i Korea til – ikkje minst – eit gripande innlegg av ein Edgardo Civallero med biletpresentajon av prosjektet ”Aboriginal libraries” i Latin Amerika. I innlegget hans vart ”familielesing” definert på to hovudmåtar: Familiemedlemmar som hjelper kvarandre i utviklinga av lese- og skrivekompetansen deira og familiemedlemmar som deler gleda over lesing og historieforteljing. 

Studiebesøket på Anyang City Seoksu Public Library var eit av dei faglege høgdepunkta på turen. Slagordet deira var “The library – the road to the world”. Og det var ikkje tvil om at dei satsa stort på biblioteka i byen Anyang som er på storleik med Oslo. Dei hadde bygd 5 folkebibliotek sidan 1992, eit barnebibliotek var under bygging og 10 bydelsbibliotek til var planlagt. Den tekniske og elektroniske utrustinga på Anyang City Seoksu folkebibliotek var overveldande. PC’ar – utruleg mange – med flatskjerm på lesesalane, trådlaust nettverk, fleire studio for innspeling av musikk og film for borna og andre tekniske innretningar som imponerte ein bibliotektilsett frå Førde stort! Og så var det tydeleg stolte bibliotekbrukarar og tilsette på Seoksu-biblioteket.

Med forelesingane om leseaktivitets-prosjekta verda rundt friskt i minne og opplevinga av biblioteksatsinga i Anyang, gjekk tankane til Noreg og nedlegging av filialar og bokbussar og bokbåten som står i fare for nedlegging kvart år når fylket lagar budsjett for komande år. Det var provoserande å ta inn over seg. Politikarane våre sitt slagord burde vere, ja nettopp: Biblioteket – vegen til verda!

Reidun Koksvik
Fagforbundet/Førde bibliotek

[Toppen]


Fylkesforumet for leselyst

I planen "Litteraturformidling i Sogn og Fjordane : eit tilbod for framtida", vedteken av Fylkestinget i 2005, vart det foreslått å skipe eit fylkesforum for leselyst. Forumet hadde møte tysdag 14. november på Skei Hotell i Jølster. Der møtte Birgit Nes frå opplæringsavdelinga hjå Fylkesmannen, Margrete Henden Aaraas, leiar i Den Kulturelle Skulesekken i Sogn og Fjordane, Anne Sagen frå Fylkesbiblioteket og Robert Haugen, også frå Fylkesbiblioteket. To andre medlemmar av foraet melde forfall.

I september stod fylkesforumet bak ein stor konferanse om lesing i Førde. Attendemeldingane frå deltakarane har vore positive, til dels svært gode. Vi finn det positivt at Fylkesmannen og Fylkeskommunen kan få til samarbeid om eit slikt konkret tiltak. Det som kunne ha vore gjort betre var pressemeldinga om lesekonferansen som vart sendt ut til media. Den kunne ha vore tydelegare formulert.

Under møtet på Skei vart det diskutert ei oppfølgjing neste år av årets konferanse. Det vart orda frampå at samlinga om lesing i 2007 kunne arrangerast i samarbeid med Møre og Romsdal. Det blei også debattert å arrangere ein litteraturleir for ungdom i bokbyen i Fjærland under den årlege bokhelga der i slutten av juni. Dette tiltaket er nemnt i litteraturformidlingsplanen og vi finn det naturleg at Bokbyen i Fjærland står som arrangør.

Fylkesforumet for leselyst har som formål å knyte saman aktørar som arbeidar med litteraturformidling overfor born og unge. Målsetjinga er at forumet kan verke koordinerande og leggje tilhøva til rette for samarbeid og samordning. 

Neste møte i fylkesforumet for leselyst er planlagt til januar neste år.

Robert Haugen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Marknadsføring av bibliotek

Marknadsføring er eit omfattande og interessant fag. Det var difor med stor spenning eg møtte på Gjerdrum bibliotek på kurs i marknadsføring. Kor stor nytte kunne ein ha av eit dagskurs i marknadsføring? Leiar i NBF Sogn og Fjordane, Gerd Vik, ønskte at eg skulle delta på kurset, som var i regi av kampanjen FOKUS 2005 – fr@ ditt bibliotek, 03.04.2006. Zuzana Helinsky, bibliotekar og konsulent, var forelesar. 

Kurset var verkeleg interessant og engasjerande! Dette er eit samandrag av kurset slik eg opplevde det. Bodskapen min er at bibliotektilsette samarbeider og lagar marknadsføringsopplegg for biblioteket sitt – eller for fleire bibliotek i ein region i fylket. Gjerne med malen til Zuzana Helinsky som arbeidsreiskap.

Nye tider

Vi må ta grep og marknadsføre biblioteket, var bodskapen til Zuzana Helinsky. Dersom vi ser rundt oss, ser vi korleis alle er meir og meir marknadsorienterte. Vi er overfløymde av PR og marknadspåverking frå vogge til grav. Og som så mange andre institusjonar må biblioteka rettferdiggjere eksistensen sin. Vi må difor markere posisjonen vår – men vi må gjere det på vår måte og følgje vår eiga overtyding.

Marknadsføring krev tid og ressursar. Det inneber at vi må ta høgde for kostnadane i budsjettet. Vi må kanskje også kvitte oss med nokre ”heilage kyr” og rydde plass til planlegging og utføring av tiltak. Som Zuzana sa, ”kill your darlings”.

Intern og ekstern marknadsføring

Den interne marknadsføringa er kanskje både den viktigaste og vanskelegaste. Vi har mista talerett i politiske fora og må difor gå omvegar til politikarane. Korleis kan vi nå fram til dei? På kurset vart fleire idear lufta: Bibliotekets venner, hjelpe journalistar med spørsmål for å få fram bodskapen vår til denne målgruppa, snakke administrasjonen og politikarane sitt språk, få til ein vinn-vinn situasjon: Vi har kunnskap om…, vi kan bidra med… 

I den eksterne formidlinga er kontakt med media viktig. Vi må sjå til at det vert skrive og snakka om oss. Det gjeld også å finne på noko som er forankra i mottakaren si verd: Oppslag om hagebøker på hagesenteret, informasjon om barnebøker på helsestasjonen. Og vi må halde fram med dei tiltaka vi er flinke til: Formidling, utstillingar i biblioteket, barnetimar og mykje meir. Det handlar også om å gjere same tingen om og om igjen. Den første bodskapen når ikkje fram, heller ikkje den neste –men så …! 

Det er viktig å samle det vi har produsert sjølv og alt som vert skrive om oss. Det vil hjelpe oss når vi skal analysere og planlegge. I tillegg kan det motivere oss i arbeidet.

Prosessar i marknadsføringa

La oss seie at personalet er einige om at marknadsføring er viktig for biblioteket og alle går inn for det. Vi skal finne tid og pengar som trengs. Men korleis skal vi starte? 

Det finst fleire modellar. Men det viktigaste er å gå gjennom alle stega: Analyse, strategi, gjennomføre, følgje opp. 

Analyse. Eit verktøy Zuzana Helinsky presenterte var SWOT-analyse. På engelsk: Strengths – Weaknesses – Opportunities – Threats. Deltakarane på kurset jobba saman om å finne biblioteka sine styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar.

  • Styrkar: Tilbod om tilgang til IT, hjelp til IT, bibliotektenestene er gratis, vi er ein serviceinstitusjon, brukarane får positive opplevingar, dei får personleg kontakt, kjempefint for nyinnflytta, godt tilbod til skulane …

  • Svakheiter: Dårleg økonomi, korte opningstider, lokalisering, kompetanse …

  • Moglegheiter: Nye produkt som trådlaust nettverk, nye kundegrupper, automatisk utlån, nye (utradisjonelle?) samarbeidspartnarar, utstillingar, foredrag, arrangement for kommunen sine tilsette/folkevalde, få til haldningsendring internt/eksternt…

  • Truslar: Nedskjæring, fjerning av gratisprinsippet, færre brukarar, internett, Google …

Dette er berre eksempel. Kvart bibliotek har sin styrke, sine svakheiter, moglegheiter og truslar. Poenget er å få dei ned på papiret og ta stilling til dei. 

Strategi. Planleggingsverktøyet som vart presentert var Boston Matrix. Her gjeld det å finne fram til tenestene som utgjer Stjerner (stars), mjølkekyr (cash cows), Store spørsmålsteikn ??? (problem child) og bastardar (dogs).

Stjerner er tenester som er på veg opp, etterspurnaden aukar. Eksempel som kom fram var lydbøker, trådlaust nettverk, dvd … Bygg og vern om stjernene!

Mjølkekyr er tenester som er godt innarbeidde. Dei rullar og går av seg sjølv. For eksempel bøker, tidsskrift, referanseteneste.

??? er tenester som er usikre. Vi må prøve dei ut, men dei kastar førebels lite av seg. Dette kan vere elektroniske ressursar (leksikon, tidsskrift, bøker), GPS-kart, CD-ROM opplæringsprogram. Vi må sjå kva som skjer i marknaden. Det som vi trur kan bli stjerne, kan vise seg å bli bastard.

Bastardar er tenester som forbrukar ressursar og som gir lite tilbake. Dette kan vere å ta vare på papirutgåver av offentlege dokument, nettsider ingen har tid å vedlikehalde, reparasjon av bøker, lydbøker på kassett…

Gjennom gruppearbeid på biblioteket kan vi finne fram til våre eigne stjerner, mjølkekyr, ??? (spørsmålsteikn) og bastardar.

En liten nödvändig bok om marknadsföring av bibliotekGjennomføring. Do it! 

Oppfølging. Har vi lovt noko, har vi stilt forventningar som må følgjast opp? Evaluere – kva var bra, kva var ikkje bra. Zuzana Helinsky streka under at vi må hugse å ta vare på program, bilete og evalueringa til seinare bruk og dokumentasjon. 

Les også om kurset på sida til Norsk bibliotekforening

Zuzana Helinsky har gitt ut boka: En nödvändig liten bok om marknadsföring av bibliotek 

Reidun Koksvik
Førde bibliotek/NBF Sogn og Fjordane

[Toppen]


"ABM-samsøk" på Kulturnett Sogn og Fjordane

Kulturnett Sogn og Fjordane kan ein no gjere samtidig søk i basar frå ABM-området, dvs frå fylkesarkivet, fylkesbiblioteket og musea. I desse basane kan ein finne fram til lydfiler, litteratur frå og om fylket, filmsnuttar, musikk, museumsgjenstandar, artiklar i fulltekst m.m. Søket er innretta mot det lokale/lokalhistoriske, slik at frå fylkesbiblioteket sin mediabase er det kun det som omhandlar Sogn og Fjordane og/eller det som er skrive av lokale forfattarar som er tatt med.

Anja Angelskår Mjelde
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bøkene sin ven

Etter 32 år ved fylkesbiblioteket går Oddny Tennefoss av med pensjon på slutten av året.

Dei fyrste 12 åra jobba Oddny i skranken på Førde bibliotek. Etter dette har ho jobba med fjernlånet på fylkesbiblioteket. Det var svært travle tider i mange år. Oddny likar godt dette arbeidet, både å jobbe med bøker og kontakt med biblioteka fjern og nær I dei seinare åra har ho og jobba med klargjering av nye bøker. Oddny har fulgt utviklinga i biblioteka, frå kortkatalog til automatisering, vore med bokbåt og bokbuss og kjenner bibliotek og bibliotekfolk i heile fylket.

Oddny trivest og med bøker ikkje berre på jobb. Privat les ho minst ei bok i veka. Det går mest i romanar, både norske og utanlandske, men ho likar og biografiar. Ho har fått mange gode tips frå kollegaer, noko ho vil sakne, og har tenkt å byrje å lese bokomtalar i sitt nye tilvære. Oddny har vore stolt av å jobbe med bibliotek og bøker, og er glad for at ho har hatt gode og flinke kollegaer. Oddny synes at biblioteket er eit fenomenalt godt tilbod til folk og er glad for at ho bur i Førde med nærleik til eit flott folkebibliotek. Ho meiner og at Førdehuset er ein triveleg arbeidsstad. 

Oddny er veldig glad i hundar, og har nesten alltid hatt hund. Det kan vere vanskeleg å lære seg nye namn, så alle har heitt Kalinka. Den noverande Kalinka er nummer tre i rekkja, og sørgjer for at Oddny alltid må ut og gå på tur. Oddny er eit friluftsmenneske og er avhengig av uteliv for psykisk og fysisk velvære. 

Førebels har ikkje Oddny lagt planar for sitt nye tilvære, men ho elskar fridom og vil nyte den. Ektemannen Botolv og resten av familien med barn og barnebarn vil nok sjå fram til å få meir tid saman med den spreke pensjonisten. 

Kollegaene på fylkesbiblioteket og Førde bibliotek ønskjer Oddny til lukke med ein ny fase i livet! Med sitt positive og lyse sinn er vi sikre på at Oddny vil halde fram med sitt motto: 

Dagen skal ha meining!

Solveig Bjordal

[Toppen]


Nytilsett på fylkesbiblioteket! 

14. august hadde eg min første arbeidsdag på fylkesbiblioteket. Eg er tilsett i fast stilling som sekretær på fylkesbiblioteket, i 100% frå 1. januar. Stillinga er delt mellom arbeid med kontoroppgåver for administrasjonen, fjernlån og klargjering av bøker.

Eg heiter Anne Kari Faleide, er 40 år, gift og har tre søner på 13, 11 og 7 år. I tillegg til familieliv og jobb har eg hobbyar som eg realiserar periodevis; song  og musikk, teikning og måling og fysisk fostring. Særleg sykling. Det er kjekkast å sykle ute når våren kjem, men i løpet av haust og vinter, trenar eg spinning inne. Elles når veret passar vert det skøyter og ski, men det vert regulert av kva ungane vil. Det er kjekkare å vere med enn å stå på sidelinja og fryse. (Brrrr, brrrrr)

Faktura som skal inn og ut tar eg meg stort sett av, bestilling av hotell og reiser. Innbydingar til ulike arrangement i regi av fylkesbiblioteket og oppfølgjing av desse. Eg bestiller alt av kontorrekvisita. Så skal eg ha ei viss oversikt over rekneskapet, det vil nok kome seg litt etter kvart. Elles fører eg fråver på data, for statistikken sin del. Frå januar vil eg overta ein del av oppgåvene Oddny har no - som fjernlånsarbeid, plasting og klargjering av nye bøker og reparasjon av gamle.

Det vart ein flying start i sommar då bibliotekdagane skulle ordnast med. Det var vel første arbeidsoppgåva eg hadde, som tok all tida mi. Difor hadde eg oversikta på arbeidsoppgåvene først etter ei stund. Men til gjengjeld fekk eg god oversikt på kven som arbeider på dei kommunale biblioteka, og dykk snakkar eg med på telefonen av og til. Det er lettare å snakke med folk når eg veit kven det er.

Bakgrunnen min er stort sett kontor. Eg gjekk engelsklinja på Firda Gymnas, året etter var eg elev på folkehøgskule og gjekk reiseliv der. Då fekk eg med ein tur til Berlin og ein 14 dagars tur til Israel og Egypt, Kairo og pyramidane. Reiselysta har alltid vore der. 

Det neste året brukte eg som au-pair i Tyskland, for å lære meg språket flytande. Til dels kan eg skryte av det når eg først kjem i ség. Men det er lenge mellom kvar gong, så eg må spe på med litt skjønnlitteratur innimellom og det hjelper. Det kjennest faktisk ut som det vert lettare å lese utanlandsk med åra.

Så reiste eg heim og tok ex. Phil på Blindern og førebuande språkprøve, det neste semesteret jobba eg og så reiste eg jorda rundt med to veninner eit halvt års tid. Vi reiste på rimelegaste måte med sekk på ryggen og fly. Eg rakk 17. mai feiringa heime!

Eg jobba nokre månader gjennom vikarbyrå innan kantine. På kontora rundt om ville dei ha folk med erfaring, det hadde ikkje eg og då fekk eg heller ikkje erfaring….

Så tok eg tysk grunnfag, fekk deretter ei sentralbordstilling i eit Oslo-firma som hadde eit tysk agentur. Sidan har eg fått meir varierte arbeidsoppgåver etterkvart på dei ulike stadane eg har jobba, og har tatt kveldskurs undervegs innan kontor.

I 1993 flytta vi frå Oslo til Florø, då vart vi tre. Så kjøpte vi oss hus i Florø i –95 og vart 4. I 1999 flytta vi til Førde og vart straks 5. Sidan har vi flytta ein gong, men ikkje blitt fleire.

Siste arbeidsstaden min før eg kom til fylkesbiblioteket var på Fagopplæring, Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen, lokalisert i Concord-bygget på Øyrane. Der var eg bl.a. sakshandsamar og godkjende lærekontrakter. Medan eg var der tok eg fagprøve i kontorfaget.

Eg trivst godt både i Førde og på fylkesbiblioteket. At det stort sett er kvinner som arbeider her gjorde meg litt spent, men det var grunnlaust, her er det heilt ”skvært” å arbeide. Og ikkje minst var dei glad for å sjå nye fjes. Det er ein god start!

Anne Kari Faleide
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Ny mann på fylkesbiblioteket

Først litt "tørre fakta":
Robert Haugen, 41 år.
Frå Myklebust i Sandøy kommune, Romsdalskysten.
Einsleg.
Tok til 21. august.
Bibliotekar, mastergrad 2006, Cand. mag. og adjunkt med økonomi, kommunal planlegging og administrasjon, historie grunnfag og praktisk pedagogisk utdanning.
Mastergradsoppgåve om lesehistorie, ein del av den nye fagtradisjonen bokhistorie.
Har arbeidd som bibliotekar hjå Eid folkebibliotek, journalist i Fjordabladet på Nordfjordeid og Haramsnytt i Brattvåg på Sunnmøre i knappe 3,5 år, lærar i grunnskulen og sakshandsamar i Trygdeetaten.
Favorittforfattar: Knut Hamsun.
Arbeidar med litteraturformidling overfor born og unge, spesielt for ungdom, prosjekt-og utviklingsarbeid.

For meg var åra i barneskulen med på å vekkje leselysta og å opne døra inn til litteraturen si spanande og vidunderlege verd. På grendaskulen, som i dag sjølvsagt er nedlagt, var det nærast ei høgtid når vi sprang opp til boksamlinga på loftet i skulen. Eg blei glad i biblioteket; eg oppdaga at dette rommet var ein oase, ein særeigen møtestad utan krav og utan pliktar, her låg alt til rette for gode og varme treff mellom meg og bøker og mellom meg og andre menneske med interesse for litteratur, men som eg ikkje hadde noko anna til felles med. Biblioteket som eit sosialt møterom for menneske av ulik etnisitetet, språk, kjønn, sosial klasse og profesjon, meiner eg blir ei endå meir sentral oppgåve i tida som kjem for denne institusjonen i det individorienterte, nisjeprega og fleirkulturelle norske samfunnet vi alle lever i. Det er visseleg behov for å utvikle og reindyrke moglegheitene og potensialet folkebiblioteka, folkestyret sin førstelineinstitusjon, har i å ihopblande, for å seie det med eit uttrykk av forfattar Tarjei Vesaas, innvandrarar i samvera i bygd og by.

Eg kan kanskje nemne at eg er i slekt med gitarist og komponist Terje Rypdal gjennom far min sine skyldfolk og forøvrig er eg i familie med forfattar Agnar Mykle(bust); oldemora mi på morsida og Mykle si farmor var tvillingsystre, fødd i 1849 på den vesle øya Uksnøya på Sunnmørskysten, ei øy med to heimar, fråflytta på 1950-talet. Interessa mi for musikk er stor, men eg spelar ikkje noko instrument. Derimot har eg, i kronologisk rekkefølgje, spelt kassettar, langspelplater og compactdiskar, også kalla cd, og ikkje minst lytta eg til Radio Luxembourg og BBC Radio på mellombølgja på 1970-talet. Utvalet av norske radioprogram med pop og rock var skralt på denne tida, berre eitt einaste som eg minnast. Saman forsynte desse meg med tonar og nye lydar som vekte kjensler og stemningar, og gjorde livet mitt rikare.

Filmar, helst på kino, gir meg glede, innsikt og kjelder til refleksjon. Favorittfilmen er Cinema Paradiso frå Italia. Eg har vel rykte på meg for å ha ein litt sær smak for film, men eg likar ikkje å kaste bort tida på filmar som ikkje vil eitkvart. Eg vil sjå filmar med innhald eg kan undre over og bli litt visare av. Som gut spelte også eg fotball, og det hald eg på med fram til eg var 32 år, eg var jamvel på ei krinslagssamling for ungdomar. I ettertid saknar eg kameratskapen frå fotballen, og spaninga ved å studere tabellen for 4.-og 5. divisjon Sunnmøre i Sunnmørsposten dagen etter kamp hadde eg ikkje hatt noko i mot å få att.

Robert Haugen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Nytt om namn

Anne Marit Ytterbø er no fast tilsett i 40% stilling ved fylkesbiblioteket, etter å ha jobba ved fylkesbiblioteket i to år. Ho jobbar med fjernlån og klargjering av bøker. 

Aud Skipenes er tilsett som bibliotekar ved Stryn bibliotek (i 100 % stilling). Ho jobbar førebels eit par dagar i veka, men byrjar i full jobb over nyttår. Aud har hatt 50% stilling som skulebibliotekar ved ved Eid vidaregåande skule, og har søkt permisjon frå denne stillinga.

Selje folkeboksamling melder at Perly Bye, som er fast tilsett på Stadlandet filial, har permisjon også dette året. Eli Eide Årevik som vikarierte i fjor kunne diverre ikkje fortsetje. Den nye vikaren er Karin Sandvik Stave, og dei er veldig fornøygde med hennar innsats. I slutten av februar går biblioteksjef Rita Kvamme ut i fødselspermisjon, Eli Eide Årevik vil då bli konstituert biblioteksjef i hennar fråvær.

Ingvar Lundekvam har tatt til i 50% stilling i biblioteket ved Øyrane vidaregåande skule. På Sogndal vidaregåande skule er Else Ness er tilsett ved biblioteket, og byrjar der over nyttår.

Guri Aarhus er frå i sommar er tilsett i full stilling ved Førde bibliotek, ho har permisjon frå 50% stilling på Hafstad vidaregåande skule. Rune Thingnes vikarierar for Guri.

Trine Grøttebø Brooks blei i sommar tilsett som ny biblioteksjef i Lærdal.

[Toppen]


God jul!


[Toppen]

 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no 
Tlf: 57721880, Faks: 57721893, E-post:admin@sf.fylkesbibl.no
Sist oppdatert 15.12.06 av Anja Angelskår Mjelde