http://www.sf.fylkesbibl.no/overskranken/

logo.gif (8458 bytes)

Meldingsblad
for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 
og NBF avd. Sogn og Fjordane

Nr. 2  2005
(Publisert 13.12.05)


 


Det fysiske biblioteket i fokus

Er det læringsarenaen og den sosiale møteplassen som skal bestemme utforminga av biblioteka i framtida, eller vil digital kunnskaps- og kulturformidling framleis ha sterkast fokus? 

Dette var tema på ein inspirerande bibliotekleiarkonferanse i ABM-regi i haust. Fleire av innlegga poengterte at biblioteka si viktigaste oppgåve er å vere ein velfungerande møteplass. 

Ja, for det er nok som sosial møteplass at biblioteka vil kunne stadfeste rolla si. Alle samfunn treng ein sentral møteplass. I antikken hadde vi agorá, i Noreg har vi hatt kyrkjebakken og vassposten som sentrale møteplassar.

Desse møteplassane har vore viktige samfunnselement  for sosialt samkvem. I vår digitaliserte verd blir sosiale møteplassar viktigare enn nokon gang. Vi treng det sosiale fellesskapet for å overleve.

No er det viktig at handlesentra ikkje tar denne rolla. Kommersielle krefter skapar lukka rom for dei med pengar og høg mobilitet. Biblioteket derimot har ein låg terskel; gratis tenester, opne for alle sosiale lag og aldersgrupper. Biblioteka kan såleis vere ei motvekt til kommersialiseringa. 

Men skal biblioteka utvikle seg som sosiale møteplassar, er det viktig å innsjå at vi skal meir enn å ”pushe” bøker og ha reolar på geledd. Vi må skape estetiske miljø og leggje til rette for læring og kommunikasjon, eller for å bruke nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein sine ord: Vi må skape ein kreativ arena for mangfald der estetikken er i fokus. 

Vi kan gjere biblioteka attraktive både når det gjeld innhald og fysisk utforming. Det er viktig å ha med seg at 50% av dei som kjem på folkebiblioteket ikkje låner bøker, då vert det atmosfæren og det visuelle inntrykket folk sit igjen med. For å få folk til å trivast må biblioteka difor fokusere på tiltalande lokale.

Fokus kan verte endra frå einvegskommunikasjon og gamal typologi til inspirerande bibliotek for oppleving og sosialt fellesskap. Den elektroniske framtida veit vi lite om, men stasjonære PC-ar er nok på veg ut, og da kan frigjorte areal nyttast til t.d. temporære utstillingar og aktivitetar i samarbeid med kulturinstitusjonar som museum og teater. Eg trur at dei biblioteka som vil leggje vekt på samarbeid, kreativitet og mangfald vil verte vinnarane om innbyggjarane sin merksemd.

Mitt ønske er difor at biblioteka i fylket i framtida vil ta rolla som inspirerande  møteplassar der atmosfære, estetikk, kreativ læring og oppleving vil stå i fokus. 

Med alle gode ønskjer for det nye bibliotekåret 2006

 Solveig Bjordal
Fylkesbiblioteksjef

[Toppen]


Biblioteknytt frå Luster

Kominasjonsbibliotek på Hafslo

Frå skulestart hausten 2005 opna kombinasjonsbiblioteket, kalt avdeling Hafslo, i nye og romslige lokale (250 kvm). Denne bibliotekavdelinga er basert på eit fellesbruk mellom vidaregåande skule, grunnskule og folkebibliotek. Administrativ leiar er biblioteksjefen i Luster kommune.

Så langt har samarbeidet mellom fylkeskommune og kommune vist seg svært vellukka. Deling av ressursar både fagleg og materielt har gjeve brukarane eit større og betre tilbod. Besøk og utlånstal er mangedobla på kort tid.

Opningstida er for tida fordelt på vekedagane måndag, tysdag og onsdag. Desse dagane er avdelinga betent. Utanom opningstid har skulane tilgang med sjølvbetening.

Avdeling Skjolden

Biblioteket her har fått automatisert utlån og moglegheit for sjølvbetening for skular og barnehagar utanom opningstid. Etter innføring av automatisert sjølvbetening har utlån og besøk auka.

Ellen Borch Veum
Luster bibliotek

[Toppen]


Kunnskapsløft i Førde

Bibliotektilsette i indre Sunnfjord løfta kunnskapen ut av biblioteka og inn på Førde Torg

Laurdag 12. november inntok bibliotekfolket i Gaular, Jølster og Førde handelshuset Førde Torg med ei lokal markering av den landsomfattande aksjonen Fokus 2005. 

Bibliotekpersonalet ønskte å synleggjere folkebiblioteka si rolle i kunnskapssamfunnet også for dei som ikkje oppsøkjer biblioteket til vanleg. Dei flytta difor ut til Førde Torg der dei samarbeidde med den lokale bokhandelen Førde; Libris og Selja forlag. 

Publikum fekk presentert biblioteka i ei blanding av spøk og alvor: kunnskapsløft og tippekonkurranse, informasjonssøking og litterær mannekengoppvisning. Reisemålsjef Tom Farsund var programleiar og ”1. kunnskapsløftar”. Kommunalsjef Helge Sæterdal og varaordførar Norvall Nøringset stilte også opp som kunnskapsløftarar. Bibliotekarane viste korleis ein finn kunnskap på internett, og dei hadde bokprat for borna. Der var også ein presentasjon av Bibliofil sitt websøk og MappaMi. Under den litterære mannekengoppvisninga, med elevar frå Halbrend og Sande skular, dukka det opp figurar frå Sherwoodskogen og Kjuttavika på catwalken. 

Det kjentes positivt for dei bibliotektilsette å vise fram biblioteket sitt mangfold på ein ny arena, og samarbeidet mellom biblioteka var ei god oppleving som freista til gjentaking. Ein stor del av publikum stansa opp og følgde med på presentasjonane, andre igjen var veldig i ”handlemodus”- slik ein kan vente seg på ein laurdag. Det er håp om at desse bibliotekmytane vart avliva i Førde denne dagen:  

- På biblioteket finn du berre Ibsen og slikt som folk ikkje vil lese lenger ...
- Biblioteket er eit stille, nestøva kulturpalass …

Reidun Koksvik
Førde bibliotek

[Toppen]


Forfattarbesøk i Sogndal

Tysdag 29. november hadde Sogndal bibliotek besøk av biletbokforfattaren Bjørn F. Rørvik.

Alle 2. og 3. klassingane i kommunen fekk ei flott oppleving. Rørvik hadde illustrasjonane til bøkene på pc-en sin og viste dei på lerret medan han las frå boka. Det fungerte veldig bra. Og saman med ein forfattar som var reine skodespelaren kunne det ikkje bli anna enn vellukka. Stemmene han laga til reven, grisungen, kyrne osb var heilt gjennomført.

I tillegg viste han ungane korleis ei bok vart til: sitt eige manus, kladdeteikningar av illustratøren Per Dybvig, korleis boka kom trykt i store flak og korleis framsida på boka var før ho kom på plass på pappermen. 

Bjørn F. Rørvik kan absolutt anbefalast! Og for dei som ikkje alt har lese ”Kumatpakkene” og dei andre bøkene hans. Gled dykk!

Signe Witsø, 
Sogndal bibliotek

[Toppen]


Bokbussen markerte ”Veka for vaksne si læring”

I år blei bokbussen tatt i bruk for å synleggjere kva som skjer av opplæring for vaksne i fylket. Veka vart gjennomført som eit samarbeid mellom Vaksenopplæringsforbundet i Sogn og Fjordane og fylkesbiblioteket i veke 43.

Bokbussen hadde stand i Balestrand, Førde og Florø, der vi stod tre timar på kvar plass. Mottoet for veka var ”Læring for endring” med innvandrarar og framandspråklege som særleg målgruppe. 

På førehand hadde vi kontakta dei som driv med norskopplæring for innvandrarar. Dei var ivrige til å stille opp på bokbussen då vi kom, både elevar og lærarar. Vi hadde med kaffi og sjokoladekjeks for å skape litt hyggeleg stemning. Ein lærar kviskra til meg at det var ramadan, noko som forklarte at dei fleste takka nei til tilbodet. Eg vart litt lang i maska, men vi som jobba på bussen fekk sjølv glede av kjeksen. Matpause fekk vi ikkje tid til.

Bokbussen i Florø. Foto: Håkon Årebrot, Vofo

Det strøymde på med lærarar og elevar frå norskopplæringssentra. Som alltid var det kjekt å treffe folk frå ulike land, dei er så glade for at vi gjer noko spesielt for dei. Eg trur også at det å komme på ein bokbuss var ein interessant oppleving for alle. Vi gløymer nok ofte at det er litt eksotisk med ein buss med bøker, vi bibliotekfolk er så vande med den.

Veka vart eit fint høve til å informere særleg lærarane om Bazar, sida med samfunnsinformasjon og lenkar for framandspråklege. At dei fleste lærarane ikkje kjente til denne sida, var ikkje kjekt å høyre. Det vart ein tankevekkjar for meg. Eg skjønte med eitt korleis vi i biblioteka sit og ventar i skranken på at folk skal forstå kva dei må spørje oss om. Deretter skal dei komme til biblioteket og spørje om hjelp. Vi vil då hjelpe dei så godt vi kan. Vi er jo veldig flink med service, det er klart. Men kva med alt folk ikkje veit dei burde spørje om? Det hadde vore veldig bra om biblioteka kunne ta seg tid til å besøke norskopplæringa i kommunen og informere lærarane kva som finns av tilbod i biblioteka og på internett. Eller invitere grupper med lærar til å bli vist rundt og informert i biblioteket. 

Biblioteka er av dei aller viktigaste arenaene for innvandrarar. Berre det at dei kan fritt komme her og opphalde seg, komme i kontakt med nordmenn og sjølvsagt bruke internett, det har stor verdi for dei. Dei er enormt takksame for tilbodet. Eg vil gjerne minne kollegaene mine om dette fordi eg trur at vi syns det vi gjer er sjølvsagt. Vi har eit godt tilbod, men samtidig må vi vere bevisst på kor viktig dette er og at vi kan gjere tilbodet vårt enda betre. Til dømes kor viktig dette med å komme i kontakt med nordmenn er for innvandrarane. Kva med å ha kafé på laurdagane i biblioteket. Då kunne ein treffast heilt enkelt over ein kaffikopp og ei avis, utveksle nokon ord om veret eller anna. Eg trur det kunne gjort kvardagen betre for mange einsame innvandrarar (og nordmenn). 

Eg minner til slutt om at folkebiblioteka i kommunar med innvandrarar kan be om å få pengar til tilbodet til innvandrar. For kvar innvandrar som blir busett får kommunen ein stor pott pengar for å kompensere for auka utgiftar. I Flora går ein del av pengane til biblioteket. Det er fordi kommunen veit at biblioteket betyr mykje for ein innvandrar. Dette gjer at biblioteket har pengar til å ha ein ekstra PC, abonnement på blad og aviser og får styrka portokontoen.

Anne Sagen.
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bibliotekdagane 2005

Bibliotekdagane vart i å haldne i Førde, midt i september. Programmet må seiast å ha vore svært vellukka, og vi fekk mange godord etterpå. 

Første post på programmet etter velkomsten var Svanhild Aabø, som under overskriften "Vi priser biblioteket" holdt eit foredrag om doktoravhandlinga si "The value of public libraries". Manuset til foredraget finn de her (powerpoit) eller her (pdf).

Etter ein god lunsj var det Siri Ingvaldsens tur. Siri snakka om "Kultur for læring" - om kva utfordringar skule- og folkebiblioteka står overfor med dei nye læreplanane som kjem med "Kunnskapsløftet"-reforma. Powerpoint-presentasjonen finn de her, eller som pdf her.

Deretter var det tid for samrådsmøtet, der alle fekk kome med nytt frå sitt bibliotek, og fylkesbiblioteket informerte om kva vi jobbar med. Som vanleg vart det for lite tid til dette, så neste år får vi kanskje setje av enda meir tid.

Neste dag byrja med NBF-årsmøte for dei som er medlem der. Etter dette tok vi turen til det nye høgskulebygget på Vie, der Sigrid Gjelsvik og Ann Elisabeth Opland viste oss rundt i det nye, flotte biblioteket.

Då vi kom tilbake til Sunnfjord hotel var det tid for ein bolk om litteraturformidling. Fleire frå fylket har gått på eit 6-dagars kurs i bokprat. Anne Sagen presenterte litt teori, medan Svanhild Oppedal, Hjørdis Åsnes, Gørild Benjaminsen og Wenche Søreide ga oss praktiske demonstrasjonar.

Etter lunsj presenterte ei entusiastisk Janne Karin Støylen nynorsk litteratur for ungdom. Lista over titlane ho presenterte.

TIPS! Janne Karin hadde også med seg plakatutstilling frå Ivar Aasen-tunet. Aasen-tunet har fleire slike temautstillingar dei låner ut, meir om dette kan ein lese om på nettsidene deira. 

Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket

 

[Toppen]


Gloppen folkebibliotek 165, 1840 - 2005

Uventa vitamininnsprøyting!

Då sommarferien var vel avvikla og hausten hadde innhenta oss for fullt med all si travelhet, diskuterte vi nok ein gong om vi skulle gjere noko ut av å markere 165-årsleitet. Nokre følarar vi hadde ute på vårparten var av typen: - 165 år, kva slags jubileum er det, ikkje spesielt rundt eller spesielt vanleg feiringsårstal….

Men på den andre sida: Kulturskulen vår feirar kvart 5. år, og det var tross alt 15 år sidan 150 årsjubileet vårt… Dette kunne vere eit høve til å markere og synleggjere biblioteket, noko som og er viktig midt i ein planleggingsprosess om nye lokale i Trivselshagen. I tillegg ville vi synleggjere utfordringar for framtida, utfordringar som ikkje berre handlar om areal og kvadratmeter, men like mykje om eit samfunn og ein biblioteksektor i rask endring på mange område.

Så - vi bestemte oss for å nytte høvet først og fremst til å "sjå framover og utover i biblioteklandskapet" og gjekk i gang med å arbeide med eit miniseminar, der lokalpolitikarane var viktigaste målgruppe og der vi ynskte å få nokon utafrå til å kome med innlegg. Det var både gledeleg og inspirerande å få positiv respons, først og fremst frå Siri Ingvaldsen og Erling Bergan som hadde solide innleg på miniseminaret, men også frå politisk hald i kommunen. Og så balla det på seg: For eksempel så fekk vi ta det årlege barnebokorienteringsmøtet inn i programmet, det viste seg at det var lagt til Sandane same veka, og til slutt hadde vi ei heil jubileumsveke, med eit slikt program:

Siri Ingvaldsen og Erling Bergan

Mandag 7. november
BOKKAFÈ på biblioteket. Selja forlag presenterar årets bøker
Arr. i samarbeid med Eikenæs;Libris
Utlån, sal av bøker, kaffi. 
Tid og stad: Kl. 20 på biblioteket på Sandane

Tysdag 8. november
KURS: Årets barne-og ungdomsbøker 2005
Nordfjord folkemuseum. Arrangør: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
For påmelde.

Onsdag 9. november
"Gloppen folkebibliotek 165 år - korleis går vegen vidare?"
Miniseminar om framtidas bibliotek 
Dette er eit godt høve til å sjå utover og framover i bibliotekslandskapet. Det er særleg aktuelt i lys av planar om nytt bibliotek i Trivselshagen og reformarbeid i skuleverket.
Tid og stad: Kl 11 – 13 på Gloppen heradshus, kommunestyresalen

Torsdag 10. november
"Fordi dei er så bra!"
Inspirasjonskveld om nynorske ungdomsbøker, ved Janne Karin Støylen
Tid og stad: Kl. 19 på biblioteket på Sandane 

Fredag 11. november
Endeleg fredag!
Ekstraope bibliotek på Sandane Kl 10 – 19 Kaffi & Konkurransar! 

Laurdag 12. november
Laurdagsope på Sandane Kl 10 – 13 Kaffi & Konkurransar!

På Byrkjelo og i Hyen vil der vere Kaffi & Konkurransar i vanleg opningstid heile veka.


Var det verd innsatsen?

I ettertid syns vi at vi fekk til ei positiv og solid markering, sjøl om vi må seie at den faktiske oppslutninga om dei ulike arrangement var heller lita. Erfaringane/utbyttet kan delast i 3:

1) Marknadsføringseffekt: Det ga to heilsiders oppslag i lokalavisa, fleire oppslag på kommunens vevsider, det var plakatar og brosjyrer. Det var tydeleg: Det skjer noko på biblioteket! 

2) Samtidig - som uvventa bonuseffekt, fekk vi "løfta" oss sjøl som arbeidsteam. For visst var det ein dyst, men vi overraska oss sjøl med at vi faktisk kunne klare å planlegge og gjennomføre ei slik veke i tillegg til vanleg drift, det var slett ikkje utgangspunktet då vi starta. Vi fekk verdifulle arrangementserfaringar, både i forhold til marknadsføring, målgruppearbeid og gjennomføring. Vi fekk med oss erfarne fagfolk med høg kompetanse, innafor vårt eige fylke, det gjev også fagleg stolthet, og løftar den faglege sjølkjensla. At fleire kollegaer kom frå Sunnfjord og Nordfjord, og førde med seg ein hyggeleg kollegial lunsj, ga meirsmak på kollegialt samkvem over kommunegrensene! 

3) I tillegg var der mange faglege trådar å ha med seg vidare, som vart tydeleggjort m.a. frå Erling Bergan sitt innlegg: Korleis rustar vi tilsette og bibliotek i forhold til dei digitale utfordringar vi står midt i, og som kjem med auka styrke framover? Kva er den mest høvelege struktur i forhold til talet på avdelingar og i forhold til økonomiske ressursar? Dersom det fysiske bibliotekrom også skal vere ein viktig framtidig møteplass og arena, kva krev det? Av attraktive tilbod, av aktivitetar? Korleis ta vare på, og formidle vidare - gløden frå Janne Karin Støylen sin inspirasjonskveld om nynorske ungdomsbøker?

Svara vart sjølsagt ikkje gjevne denne veka, men vesentlege spørsmål og utfordringar vart tydelegare for oss, og dermed ein spore både til innsats og lyst til utvikling.

Torill Berge,
Gloppen folkebibliotek

[Toppen]


Bibliotekplanar i Sogn og Fjordane for vidaregåande skular

Denne hausten har bibliotekarane i vidaregåande skule site krumbøygd over tastaturet og rive seg frustrerte i håret. Vi har nemleg skrive bibliotekplan for skulane våre! Og det er ikkje berre, berre. Vi vil jo vera visjonære, men samstundes realistiske; ingen enkel kombinasjon! Men det har vore spanande å sjå på jobben vi gjer med litt nye auge, nyttig å forsøka å sjå oss litt utanfrå av og til.

På basis av kvar enkelt skule sine bibliotekplanar skal det lagast ein plan for heile fylket. Den planen vi har i dag er frå 1994, så det trengst ein revisjon. Det er sett ned ei gruppe som skal gjera denne jobben. Heile gruppa er ikkje klar enno, men frå biblioteksida er desse med: Lise Monsen (Flora vidaregåande skule), Aud Skipenes, (Eid vidaregåande skule) og Anja Angelskår Mjelde (fylkesbiblioteket). Frå leiarnivået på skulane er Trygve Jakobsen (Mo og Jølster vidaregåande skule) og Anne Britt Andersen (Eid vidaregåande skule) klare og frå opplæringsavdelinga stiller Knut Grinde. Det er ikkje avgjort kven som skal stilla som representantar frå elevane eller det pedagogiske personalet. 

Det er meininga at gruppa skal starta arbeidet i januar 2006, og ein tek sikte på at jobben vert gjort ganske raskt.

Guri Aarhus
Hafstad vidaregåande skule

[Toppen]


Nytt frå ytre Sunnfjord

Vi har hatt ein aktiv haust på Askvoll bibliotek. I tillegg til dei nasjonale leseaksjonane lesekompis for småklassane og Txt.aksjonen for 9.klassane, har vi hatt lokale leseprosjekt i 6. og 7.klasse.

I 7. klasse starta vi med at biblioteksjefen hadde bokomtale og elevane valde bøker utfrå det. Så har dei  nytta bibliotektimane sine til å lese for kvarandre og no har dei skrive bokomtaler. Den 2. desember skal vi ha avslutning av prosjektet. Elevane skal framføre bokmeldingane og vi skal kose oss med frukt og juice. Her ser vi eit bilde av dei same elevane då dei gjekk i 4.klasse. Som vi ser er leselysta på topp allereide den gongen.

Elevane i 6. klasse har hatt vikingprosjekt og har lese aktuell litteratur frå denne perioden. Her er det mange som har fått gode leseopplevingar, spesielt har jentene i klassen fått augene opp for serien frå vikingtida av Mary Lee Nielsen. Desse kan varmt anbefalast! Også her har elevane nytta alle bibliotektimane til lesing etter å ha valt kvar sine bøker.

Nytt for hausten er at vi er gått over til sentral drift og at vi er komne på nett med bokbasen vår. Vi har hatt to innføringskurs for lærarane på skulen i korleis dei kan nytte heimesida vår og ser at bruken tek seg opp litt etter litt. Opplæring av einskilde klassar er planlagt på nyåret.

19. september fekk vi ny medarbeider i biblioteket, Oddlaug Ask, som kjem frå Kultur-og næringskontoret i kommunen. Vi ser fram til godt samarbeid med henne og takkar Ingunn Vadøy for mange års innsats på Holmedal filial og på Askvoll bibliotek.

Så ynskjer eg alle bibliotekfolk i Sogn og Fjordane 

GOD JUL og GODT NYTT BIBLIOTEKÅR 2006

Randi Bjørneset
Askvoll bibliotek

[Toppen]


Forfattarturnear 

Denne hausten har det vore hektisk på fylkesbiblioteket, med fire forfattarar som til saman har vore seks veker ute i skular i fylket vårt. Vi samarbeidar framleis med Norsk forfattarsentrum og Folkeakademiet om å tilby forfattarturnear. Den Kulturelle Skulesekken har framleis ingen planar om å inkludere forfattarbesøk i tilbodet sitt. Dei meinar at kommunane får pengar nok frå DKS til lokale tiltak og kommunane må sjølv arrangere forfattarbesøk.

Sylvelin Vatle, Bjørn Ingvaldsen, Ragnfrid Trohaug og Reidar Kjelsen var på turne i haust. Kjelsen skremde nok mange lærarar med Jon Demon og andre monster. Men rapportane fortel også om barn som har blitt så glad i Kjelsen, at det var nesten vondt å tenke på han etterpå. Det er tydeleg at mange er nøgd med forfattarbesøka. Hittil har vi ikkje bedt om evaluering frå skulane, men det bør vi begynne med.

Neste skuleår

For neste skuleår har fylkesbiblioteket avtale med Maria Parr frå Vannylven. Ho studerer i Bergen. Ho har hatt ein imponerande debut i haust med boka Vaffelhjarte som vart brageprisnominert.

Elles har vi fleire andre forfattarar på ønskelista; Berit Hellem Giil, Lars Mæhle og Bjørn Rørvik. Det er høve til å komme med forslag.

Vi sender ut tilbod om å tinge forfattarbesøk berre ein gong i året, i mai eller tidleg juni. På denne tida får kommunane vite om kva dei kan vente seg av DKS-midlar frå staten. Det er også då skulane for alvor tar til å planlegge neste skuleår. Biblioteka i kommunane får også tilsendt tilbodet om forfattarbesøk, slik at dei skal ha høve til å samarbeide med skulane og ha oversikt over kva som skjer på dette feltet i kommunen.

Anne Sagen,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Biblioteksamarbeidet i indre Sunnfjord

Som vi skreiv om i Over skranken nr 1/05 har biblioteka i Førde, Jølster, Naustdal og Gaular saman med fylkesbiblioteket jobba med eit samarbeidsprosjekt. "Grunnsteinen" i samarbeidet er eit felles biblioteksystem for biblioteka, og dermed eit felles tilbod på nettet for brukarane.

For å få gjennomført prosjektet søkte ein tidlegare i haust Fylkesmannen om moderniseringsmidlar, men fekk ikkje noko støtte der. Seinare er det søkt midlar frå prosjektet Nettbasert kulturformidling, eit prosjekt under Fylkesarkivet, og her har prosjektet fått støtte. 

Det er mykje som må avklarast og som ein må bli einige om før ein kan slå saman fleire bibliotekbasar, og over nyttår vil biblioteka for alvor setje i gang samkøyringsprosessen. 

Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bokkafeen på Byrkjelo 5 år

"Eg klarde ikkje å legge boka frå meg, eg trur klokka vart borti halv to" - seier den eine pensjonisten til den andre. 
"Denne må du berre lese, han skrive godt".
"Har du den siste boka av Gunnar Stålsett?"

Gamle damer (ja, for det er hovedsakleg eldre damer) i flokk og følge, sånn 20–30 stykker - kjem med tunge posar med bøker opp trappa - til Byrkjelo filial. Praten går livleg,: "Å, er du her og?" "Kvar blir det av ho Magda, kjem ikkje ho i dag?" Men først og fremst handlar det om bøker og lesing, så blir det tid til kaffi og prat - etterpå. Dette skjer om lag 10 gongar i året, og no rundar altså ordninga 5 år. 

Først litt historikk: I 2000 vart bibliotekfilialen på Reed avvikla. Reed og Byrkjelo er dei to bygdesentra i Breim, med 5 minutts køyreavstand, så tida var kome for å samle ressursane om ei bibliotekavdeling i Breim. Dette gjekk likevel ut over dei faste brukarane, og mest dei minst mobile eldre. Vår filialstyrar i Breim, Erna Strand såg dette svært tydeleg, og sidan ho og sat i styret for Sanitetslaget i Breim, og visste at dei såg seg om etter nye oppgåver i bygda, så tok ho opp ideen der: Kva med ein bokkafe ein gong i månaden, der sanitetslaget ordnar og organiserar skyssen? Jau, dei tente på ideen, og sidan har bokkafeen vorte ein viktig møtestad for dei eldre i Breim.

Det er frivillige pensjonistar som stiller opp, vår filialstyrar Erna Strand er blitt pensjonist, men ordnar med kaffi og kaker, og ikkje minst: Ho kjenner damene og har solid bokerfaring, og formidlar aktivt bøkene. Sjåføren, Åsta Bogstad, ordnar skyss, ho er aktivt oppsøkjande og ringer alle aktuelle: Vil du vere med i morgon? Så har ho opptelling, og ordnar bilar og sjåførar, som alle stiller opp omlag gratis. Med andre ord: Det er ein solid frivillig innsats bak bokkafeen, som har stor betydning for dei som er med.

Bokkafeen har minst 3 ulike viktige funksjonar:
1) Det er ein fast møteplass, der ein møter andre og har det hyggeleg over ein kopp kaffi.
2) Bokutlånet stimulerar og held vedlike leseinteresse. Ein er der saman med andre, og anbefalar til kvarandre, den beste form for formidling.
3) Viktig utanom sjølve tidspunktet for bokkafeen: Noko å sjå fram til, og dessutan har ein bøkene å lese mellom bokkafeane, og noko å fylle lange dagar med.

Dei les, og dei les mykje. Ein aktuell ny biografi som er komen i omløp i bokkafeen, blir der ei stund, då må vi berre ha fleire eksemplar i systemet!

5 års-feiringa var særdeles hyggeleg, med blomeoverrekingar, helsingar, sang og opplesing.

Torill Berge,
Gloppen folkebibliotek

 [Toppen]


Årets barne- og ungdomsbøker

I år som i fjor arrangerte vi kurset om årets nye bøker for barn og unge på to stadar i fylket. Tidlegare år har vi berre hatt det i Førde. Tanken med å ha det fleire stadar er å nå flest mogleg av lærarane, som har eit stort behov for oppdatering på nye, gode bøker. Det gjeld sjølvsagt tilsette i biblioteka også, men dei brukar vere flink å reise til barnebokmøta sjølv om det kan bli ein lang reise til kursstaden for mange.

I november hadde vi barnebokmøtet på Sandane og i Florø. Vi fekk mange påmeldte frå heile Nordfjord og Florø. Men med berre rundt 35 deltakarar på kvart møte, vart det eit stort underskot for fylkesbiblioteket. Vi kjem derfor for framtida til å halde kursa i Førde for å få nok deltakarar. I tillegg kan det bli aktuelt å halde det ein annen plass i fylket, enten på Sandane eller i Sogndal. 

Kursa var som alltid svært gode og inspirerande. Vi fikk mange tips til nye, gode bøker. 

Tips om gode, nye bøker frå IBBY- Norsk Barnebokforum

For alle dei som ikkje fekk høve til å delta på kurset, vil eg trekke fram nokon av dei nye, gode  bøkene som blei framheva som særleg gode. Det er ikkje plass å skrive mykje om bøkene, berre tips om at desse bøkene bør ein merke seg.


Ungdomsbøker
(vart presentert av Bjarte Bakken, bibliotekar)

Katarina von Bredow: Sinnssykt forelsket
Årets beste bok om kjærleik, sjølv om den er rosa! Ei bok som tek seg tid og tek ungdomstida på kornet. Handlar om vennskap, sårbarhet og kjærleik. 
Jonathan Stroud: Amuletten fra Samarkand
Veldig morosom! Fantasy. Om ein engelsk tørrvittig demon. For eldre ungdom og vaksne.
Erna Osland:  Klok bok som er godt skrive, eit slags kunsteventyr, finurleg. Kan lesast om og om igjen. Ei perle.

Andre nye ungdomsbøker som fekk skryt var
Lian Hearn: Hegrens tegn
Ingunn Aamodt: En søster i skapet
Per Nilsson: Solprinsen
Cecilia Rees: Pirater
Sverre Henmo: Gutten til venstre 


Barnebøker (vart presentert av Ragnhild Madsen, bibliotekar)

Cornelia Funke: Blekkhjerte
Veldig bra! Heilt fantastisk forteljing, passar for dei som vil ha meir etter å ha lese ”Vindens skygge”, ei all-alder bok. Funkes forrige bok, Tyvenes herre, vart også rekna for den beste boka for barn det året den kom.
Maria Parr: Vaffelhjarte
Brageprisnominert. Burde vunne! Debutant. Fantastisk bok. Morsom. Fin til høgtlesing også.
Bente Bratlund(Tidligare heit ho Bente Bratlund Mæland): Heilt passeleg vill. 
Ei av årets beste bøker. Bestemor lever ut ”Når jeg blir 66”. Høgtlesingsbok for små og store, også aldersheimen.
Jacqueline Wilson: Vedder på at du ikkje tør, Tracy Beaker
Rått skrive, klokt, morosamt om eit forsterbarn og mobbing. Fantastisk!
Thore Hansen: Madagaskar : jakten på sjørøverdronninga
Oppfølgjeren til Sjørøverdronninga. Ei veldig bra og spennande bok om sjørøvarar.

Forelesaren snakka om fleire bøker som var verdt å merke seg. Spesielt framheva ho Berit Hellem Giil si nye lettleste bok, Tonje i treet, som ei av dei aller beste bøkene i år. Det er veldig kjekt å høyre om ein av våre eigne forfattarar. Ho bør lesast av fleire.

Andre barnebøker ho skrytte av var blant anna:
Jackie French: Livet er ikke en film
Reidar Kjelsen: Jon Demon
Peter Dickinson: Salamanderens tårer
Berit Vatne Vik: Elisa
Michelle Pavel: Ulvebror
Lise Blomquist: Taekwondo er tøffest!
Thomas Halling: Bli sammen
       
          : Være sammen


Biletbøker (vart presentert av Ellen Christina Sjøwall, illustratør)

S. Stranger og E. Gulliksen: Krusedullen.
Om ein krusedulls liv, artig og dramatisk, teikneserieaktig. Moralen er at suksess og pengar gjer deg ikkje lykkelig. Ei perle!
K. Wold og B. Gaustad: Englevind og limonade
Favoritt. Engelen 10004 skal pensjonerast, det er siste dag på jobb og han gløymer å gjere seg usynleg.
K. F. Aakeson og E. Eriksson: Og så ble farfar et spøkelse
Tema er døden. Ei av dei beste av årets bøker. Korleis bli kvitt spøkelse av farfar, korleis takle kjenslene. Boka gjer eit vanskeleg tema ufarleg og spennande. Humoristisk og sjarmerande, snille og gode teikningar.
T. Halling og E. Eriksson: Det var flaks/ Det var synd
To historier i ei bok som møter kvarandre i midten, som i filmen ”Sliding doors”. Kva vill skjedd hvis ikkje…
J. M. Strid: Lille frosk
Dansk vinnar i nordisk konkurranse for biletbøker. Veldig bra bok om rampete frosk.

 Anne Sagen,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Kulturnett Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane var tidleg ute med eige kulturnett. Tida har ei stund vore inne for fornying, og Kulturnett Sogn og Fjordane framstår no i ny drakt, både når det gjeld utsjånad og innhald. 

Det er framleis ein del som ikkje er heilt på plass, og ein del som enno skal forbetrast, men den nye versjonen ligg no på kultunettadressa http://sognogfjordane.kulturnett.no/

På venstre sida er det ein meny med søketenester; ulike basar frå arkiv, bibliotek og museum som ein kan søke i. 

Over midtfeltet ligg også ein del val - her kan ein søke opp bl.a. personar og institusajonar innan kulturfeltet i fylket.

Kulturnett Sogn og Fjordane er ikkje lenger delt opp i delnett (biblioteknett, museumsnett osv), alt skal finnas på same adresse. 

Opplysningane om biblioteka i institusjonsguiden er importert frå Base Bibliotek, og det er difor viktig at de oppdaterer denne når det er endringar i t.d. opningstider, adresse, nettsider osv. Vi vil etter kvart kutte ut sidene som til no har lagt på biblioteknett, t.d. oversikten over folkebiblioteka i fylket.

Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Liten stemningsrapport frå bokbussen...

[Toppen]


Fordi det er bra!

- Meny for meir nynorsk litteratur i grunnskulen

KURS FOR LÆRARAR, BIBLIOTEKARAR OG FORELDRE 

I løpet av våren vil fylkesbiblioteket sende ut tilbod til ei rekkje skular om kurset "Fordi det er bra!" 

Som nynorskfylke nr. 1 ynskjer vi i fylket å dra i gong eit inspirasjonstilbod for å auke interessa for nynorsk litteratur. Dette kurset er første ledd i eit større prosjekt som vi planlegg i samarbeid med Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen. Målet for prosjektet: Den gode nynorske litteraturen for barn og unge skal få mange fleire lesarar, fordi litteraturen er bra og vil gjere dei unge lesarane godt. For å nå målet vil vi starte med å kurse lærarane i den nye og gode nynorsklitteraturen, lærarane har ein stor innverknad på kva dei unge les.  

  • Vi vil gjere lærarane i stand til å velje blant dei beste bøkene

  • Vi vil at lærarane skal føle seg trygge på dei bøkene dei formidlar, at dei ikkje vel bokmålsbøker fordi dei er ”kulast”

Vi har det ambisiøse målet at alle skular skal gjennomgå kurset. Dei som jobbar i folkebiblioteka og foreldre som har interesse for lesing, skal også få tilbod om å delta på kursa på skulane i lag med lærarane. Neste trinn i prosjektet er å nå elevane i fylket. Truleg vil bokpratarar kunne fylle denne rolla i prosjektet.  

Det er Janne Karin Støylen som mange kjenner frå Bibliotekdagane i haust som er initiativtakar og heilt sentral for prosjektet. Ho er ein dyktig formidlar og har verkeleg grepet på publikum. Janne Karin er for tida tilsett på Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Tidligare har ho vore programansvarleg for Dei nynorske festspela. Ho er frå Jølster.

 Anne Sagen,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Stor bedehuskake, studentkake og nyopning av biblioteket på Vassenden 

21. november var endeleg dagen kommen, det var tid for bøker i Jølster, to ”storhende” vart slått saman: Den tradisjonelle bokdagen som Jølster mållag brukar å ha - og nyopning av kombinasjonsbiblioteket på Vassenden skule.

Ingeborg Førde og Eli Anne Støfring frå Kulturskulen spelte piano saman med lærar Rune Molvik. Kari Støfringsdal, varaordførar i Jølster, opna biblioteket ved å klippe snora som vi hadde knytt rundt den nye gjesteboka. Etter det tok ho på forfattarhatten og presenterte den nye boka si: Ta kaka. Dei som ikkje fekk lyst til å bake då kunne nyte Odd Njøs med sognehistoriene: Godt Paosmurt…. og sist, men ikkje minst kom Hans Jacob Reite med Palmerevyen – vi andre kunne berre nyte historiene, kakeoppskriftene og spilloppane til Leikanger mannskor…. Latteren sat laust. Det vart ei triveleg og varmande stund i novemberkvelden.

Vi kunne ikkje presentere den nye kakeboka frå Vestlandet uten smakebitar, bibliotekdamene hadde juksa litt og baka stor bedehuskake og studentkake og det vart rikeleg til alle. Økland Libris laga salsutstilling med nynorske bøker og musea i Jølster selde kunstbøker, mange sikra seg flotte julepresangar.

Det er ein god idè med bokdag på biblioteket – så det vil vi gjerne neste år òg sjølv om vi forhåpentlegvis ikkje skal nyopne noko då!!


GOD JUL!

Grete Skaar Sunde
Jølster bibliotek

[Toppen]


Post frå fylkesbiblioteket / nye e-postlister

Tidlegare i haust ba vi folkebiblioteka om godkjenning for at vi sender all informasjon/post til dei pr e-post. Samstundes ba vi då om å få korrekt e-postadresse til biblioteksjefen og evt andre adresser for dei som ynskjer å motta informasjon frå fylkesbiblioteket. Vi har etter at vi fekk inn dei korrekte e-postadressene laga eit par nye adresselister; ein heiter bibsjef (=til biblioteksjefane), ei anna bibfolk (generelt til folkebiblioteka, inkluderer bibsjef). Frå før har vi også ei som heiter vgs (bibliotekansvarlege i vidaregåande skular), men denne treng ein gjennomgang/oppdatering. Bibliotekfolk tilsett i HSF og hos fylkesmannen er ikkje med på listene, heller ikkje dei som jobbar med bibliotek i grunnskulen.

Ein kan sende epost til listene ved å bruke adresse <listenamn>@sf.fylkesbibl.no. Så om du t.d. vil diskutere noko med dei andre biblioteksjefane, eller kanskje informere alle bibliotektilsette om noko kan listene vere eit nyttig reiskap.

Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Felles lånekort

Felles lånekort vart lansert i oktober. Alle bibliotek som har eitt av biblioteksystema ALEPH, Bibliofil, Bibsys, Mikromarc eller Tidemann har høve til å til å kople seg mot eit felles låneregister og ta i bruk Felles lånekort. Lånaren registrerer då person-/adresseopplysningar berre ein gong, medan alle utlånsopplysningar o.l. blir lagra på det enkelte bibliotek.

Kvart enkelt bibliotek bestemmer sjølv om dei ynskjer å slutte seg til ordninga. Blir ein med i ordninga kan ein sjølv både utferde Felles lånekort og akseptere Felles lånekort utferda av andre bibliotek. Ein lånar med eit Felles lånekort må få knytta kvart bibliotek ho ynskjer å låne på til sitt lånekort. Det gjer ho første gangen ho låner på kvart av biblioteka.

Det kostar ingenting å slutte seg til Felles lånekort, men ein må kjøpe nye lånekort. Ein kan nytte design frå Prosjekt Felles lånekort (bilete t.v.) eller eigen design, men det er visse krav for utforming av dei nye lånekorta. Vi saksar frå www.lanekortet.no:

  • Lånekortene skal ha unike numre tildelt fra en web-tjeneste. Numrene er et løpenummer på 9 siffer med N foran. 

  • Strekkoden på kortene skal være av typen Code 39. 

  • Strekkoden skal plasseres med senter ca 12 mm fra bunnen eller toppen av kortet. 

  • Strekkoden skal ha lengde på ca 5 cm og høyde på 1-1,5 cm. 

  • Kortet skal inneholde en liten versjon av logoen til Norsk digitalt bibliotek (trykkeklar pdf) på samme side som strekkoden. 

  • Kortet skal inneholde informasjon om hvilket bibliotek som har utstedt kortet. 

  • Det bør være et signaturfelt med lånerens underskrift på kortet. 

Her er ei oppdatert liste over biblioteka som er tilslutta felles lånekort. Meir info om Felles lånekort får ein på www.lanekortet.no og via eigen systemleverandør.

Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Småplukk

Fylkesbiblioteket arbeider no med å lage kurskatalog for 2006, vi satsar på å få den ut i januar. Vi har fått nokre innspel på kurs biblioteka ynskjer, men det er ikkje for seint å kome med fleire forslag. Send eventuelle forslag til underteikna på e-post.

Frå 1. januar 2006 vert NORART (Norske tidsskriftartiklar) gratis og fritt tilgjengeleg for alle. Ein treng ikkje lenger brukarnamn/passord for søk, men må framleis bruke autorisasjonskode for artikkelbestilling. Adressa er som før: http://www.nb.no/baser/norart/

På Bibliotekdagane blei det nemnd at fylkesbiblioteket skal få nye nettsider. Det skal vi framleis, men vi har eit alvorleg tilfelle av TTT - ting tar tid... Vi jobbar med saka, og håpar at det ordnar seg og ikkje skal gå alt for lenge inn i det nye året før sidene er oppe og går. Det er uansett klart at vi får ny adresse for heimesida vår, men kva den blir er ikkje bestemt enno.

Neste bokbåttur startar fredag 24. februar og varer t.o.m. tysdag 14. mars. Med på turen er Thor-Ivar Forsland frå Teater ViTo, med framsyninga "Voff! Et hundeliv". Heile ruta blir lagt ut når den er klar. 

Det er mykje som skjer rundt årsskiftet. Vi har enno ikkje høyrt noko frå ABMu, men håpar det går litt betre med bibliotekstatistikken i år enn i fjor. Eg kjem til å sende ut ein forespurnad til biblioteka rett over nyttår, der eg ber om å få utlånstala for 2005 - dermed kan vi kjapt få ein fylkesstatistikk på utlån, som det verkar som om det er mest interesse for.

Ellers så skal også bibliotekmatrikkelen oppdaterast. Eg satsar på å få sendt ut retteskjema før jul, og få ut matrikkelen tidleg i januar.

Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket

[Toppen]


Nytt om namn

Etter 30 år på fylkesbiblioteket takkar Bjørg Fimreite av ved nyttår. Tysdag 8.12. hadde fylkesbiblioteket og Førde bibliotek avskjedslunsj for Bjørg, med talar både til Bjørg og frå nesten-pensjonisten sjølv. Vi takkar Bjørg for innsatsen.

 

 

 

[Toppen]


F.v.: Anne Sagen, Bjørg Fimreite, Gunnvor Schei, Ingrid Dræge, Solveig Bjordal, 
Oddny H. Tennefoss, Anne Marit Ytterbø, Anja Angelskår Mjelde

 Vi på fylkesbiblioteket ynskjer alle ei riktig 
God Jul!


[Toppen]

 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no 
Tlf: 57721880, Faks: 57721893, E-post:admin@sf.fylkesbibl.no
Sist oppdatert 14.12.05 av Anja Angelskår Mjelde