Solveig har ordet: Biblioteket – eit moderne mirakel I vår moderne tid er kampen om merksemd knallhard. Vi forbrukarar, heilt ned til førskulealder, vert dynga ned av reklame og kjøpepress for at vi skal kjøpe merkevarar, dataspel, og verte vande til sukkerhaldig og usunn mat. I denne tida er det eit mirakel at det finnes bibliotek der personalet ikkje ønskjer å selje deg striper i håret eller fange deg inn i abonnementordningar, men tvert om ønskjer å setje seg inn i brukaren sitt behov og prøver å hjelpe. Biblioteka er ikkje aleine om å prøve å hjelpe det moderne mennesket. Men i motsetnad til andre ”hjelparar” er biblioteka ikkje ute etter å skape ”avhengigheit.”, men å skape danning for å gjere våre barn og unge, ja heile befolkninga, kompetente. Å låne boka eller dvd-en frå biblioteket gir folk kunnskap og erfaring til sjølv å gjøre sine eigne val. Biblioteka med sitt gratisprinsipp er difor ein anomali reint marknadsmessig, eit avvik for dei som ynskjer ein velfungerande informasjonsmarknad. Biblioteka øydelegg og bør slutte å låne ut musikk og film meinte Oslos byråd for kultur ”det undergraver markedet for butikkene som selger cd-er og dvd”, sa ho, utan at ho tok skrittet fullt ut og også nemnde biblioteka si undergraving av bokhandlarane. Men det store problemet som ligg under i vår tid er at den digitale teknikken har gjort at kopien er like god som originalen. I det forslaget som vi nå kjenner som ”mp3-loven” ville regjeringa no nyleg implementere eit opphavsdirektiv frå EU der ein vil behalde skiljet mellom kommersielle og ikkje kommersielle formidlarar. Biblioteka skulle berre digitalisere verk frå eigne samlingar. Det var da Norsk Bibliotekforening reagerte og uttalte at lovforslaget ville stramme inn det offentlige biblioteket sitt handlingsrom. Som vi no veit har kulturkomiteen etter blant anna sterk lobby-innsats frå Bibliotekforeninga gått inn for at biblioteka skal sikrast høve til kopiering av digitale ressursar. Det viser seg difor at biblioteka og deira allierte må vere årvakne og kjempe for at biblioteka skal vere ein ikkje-kommersiell verksemd. Og enn så lenge er dei offentlige biblioteka eit moderne mirakel….. Solveig
Bjordal Biblioteksamarbeid indre Sunnfjord Samarbeidsprosjektet har bakgrunn i eit initiativ frå Fylkesbiblioteket i mai 2004, der alle kommunane i fylket var inviterte til møte for å sjå på moglege samarbeidsområde. Det vart på hausten halde liknande møter for regionane der ein såg på meir konkrete samarbeidsprosjekt.
Dei fire kommunane i indre Sunnfjord, Naustdal, Førde, Gaular og Jølster samarbeider på mange område, og kommunesamanslåing har vore tema i fleire år. Når det gjeld folkebibliotek, er det slik at innbyggjarane i dei andre kommunane i stor grad brukar biblioteket i Førde i staden for eller i tillegg til sitt eige bibliotek. Dette kjem av at Førde bibliotek er lett tilgjengeleg, har lengre opningstider, og mange arbeider i Førde. Ein kom raskt fram til at samarbeidet burde starte med felles datasystem for alle biblioteka. Det betyr konkret at Jølster, Naustdal og Gaular skifter frå Mikromarc til Bibliofil og får felles system med Førde bibliotek og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. For personalet vil dette vere ei effektivisering, kvart dokument blir registrert/katalogisert ein gong i staden for fire. Ein får oversikt over kva som finst i dei andre biblioteka og kan utnytte dei ressursane som finst. Vidare planlegg ein ei transportordning for bøker mellom biblioteka. Biblioteka vil på sikt kunne lage ei arbeidsdeling og spesialisering der ein kan utnytte kompetanse hos personalet, og få utført oppgåver som ein i dag ikkje rekk over. For lånarane vil biblioteka framstå som ei eining, og brukarane i nabokommunane vil få same tilbod som Førde-lånarane har i dag med søk i basen, reservering og fornying via nettet etc. Brukarane vil få felles lånekort og ”lånekonto” og kan fritt nytte alle dei fire biblioteka utan å tenke på kvar dei ”høyrer heime”. Til prosjektet trengs det ei eingongsinvestering, det gjeld midlar til nye bruksrettar i Bibliofil, konvertering av base, ekstrahjelp til innlegging av data og ein del materiell for strekkoding og liknande, og ein er avhengig av eksterne midlar for å få gjennomført prosjektet. Prosjektgruppa som er samansett av dei fire biblioteksjefane, samt Anja Angelskår Mjelde frå fylkesbiblioteket, la siste hand på prosjektplanen 19. mai. Planen er no til politisk handsaming i dei 4 kommunane. Blir den tilrådd går det søknad til Fylkesmannen om moderniseringsmidlar. Og om finansieringa går i orden, kan arbeidet med overføring av databasar starte i oktober.
Marie Dombestein Nytt mediarom opna på Stryn bibliotekI september 2004 opna vi i nye lokale på Stryn vidaregåande skule. I dei nye lokala var det planlagt eit lydtett musikk-/filmrom. Det er fint innreidd med grøn sofa og gode stolar til. Rommet har eit mikroanlegg med CD, radio og kassettspelar, to CD-spelarar med headsett og fjernsyn. Her kan ein høyre musikk eller lydbøker, eller sjå film og TV i sofakroken. Alle som skal bruke rommet må registrere seg i skranken. Er det grupper på fleire personar frå til dømes barnehagar eller skuleklassar, må ein avtale tid til filmvisning eller TV-titting. I rommet er det også høve til å lese bøker frå deler av samlinga til Kristian Berge. Det er ei boksamling som vart testamentert til biblioteket for lenge sidan og som ikkje er til utlån.
Til no har vi ikkje hatt den store responsen på å bruke mediarommet, men til hausten vil vi lage eit skriv og sende ut til skular og barnehagar der vi inviterer dei til å komme på biblioteket og bruke rommet. Det er veldig fint til små intime samlingar med for eksempel forteljing, sang og musikk, og det er lydtett slik at ingen i biblioteklokalet blir uroa av det. Så vi håpar at det fine mediarommet vårt kan bli mykje brukt framover. Anne Jorunn R. Nesje Høgskulen i nye lokale i Førde I juli skal nybygget Vie stå ferdig, og ingeniørutdanninga og avd. for helsefag flytter då inn i felles lokale. Bibliotekavdelingane Øyrane og Vie blir slegne saman til ei avdeling, om namnet vert Vie eller Førde er ikkje bestemt enno. Det meste av juli kjem til å gå med til pakking og flytting, slik at vi ikkje kan ta fjernlån frå ca. 8. juli. Det kjem nærare meldingar på heimesida vår, http://www.hisf.no/biblio/. Litt ut i august reknar vi med at det meste skal vere komme i orden i nytt hus.
Sigrid Gjelsvik Tekst: Ikkje Steffen Kverneland, men Petter von Krogh, biblioteksjef i Aurland. Kontrasten frå livet som student i Oslo med barnehagejobb på si, til plutseleg å vera biblioteksjef i Aurland kommune er stor. Med eitt var eg ansvarleg for eit heilt bibliotek! At eg knapt hadde vore i Aurland tidlegare, gjorde ikkje utfordringa mindre. Og så eg som trudde eg budde på Vestlandet då eg studerte i Bergen! Jaså, er det her ein må kjøre i kolonne for å koma heim? Okei, så rasfare-skilta er ikkje bare pynt, altså? Når eg er heime på Auststlandet hånar eg eit kvart tunnel-skilt eg køyrer forbi. Tunnel, du liksom! Jaggu sa eg smør! Nokre tørre fakta Då
eg fekk jobben som biblioteksjef i 50% stilling i oktober 2004, hadde eg også
fått jobb som klubbleiar (50%) ved ungdomsklubben i Lærdal. Før jul vart
det difor enormt mykje jobbing, for Aurland folkebibliotek hadde vore utan
sjef sidan slutten av februar. Dessutan var det sidan den gongen skjedd store
endringar i og rundt biblioteket, særleg knytta til fordeling av
stillingsprosentar. Medan det før sommaren 2004 var ein 100%
biblioteksjefstilling og ein 60% assistentstilling, ser fordelinga no slik ut:
Biblioteksjef i 50%, en assistent i 60% (!), to assistentar i 20% og ein
merkantilt tilsett i 20%. Tanken (til kommunane) var og er at Aurland og Lærdal
skal ha same biblioteksjef, men ein lukkast ikkje med dette då stillinga vart
lyst ut i fjor sommar. Dermed vart det søkt dispensasjon (og her kjem eg inn)
frå kravet om fagutdanna personale, og den heile stillinga vart delt i to
halve. Back to Basics kan ein kanskje seie, men for Aurland tydde dette
halvert biblioteksjefstilling, noko som eg meiner ikkje er heldig for den nødvendige
kontinuiteten. Kunnskapstunet i Aurland Mange har kanskje fått med seg at det skjer noko spesielt i Aurland? Eg tenkjer på Kunnskapstunet, der kombinasjonsbiblioteket vårt spelar duett med Infohagen – eit rom med alle dei høgteknologiske moglegheiter som 2005 kan tilby. Infohagen vert drifta av ein 40% stilling, og skal saman med biblioteket utgjera eit inkluderande og framtidsretta kunnskapssentrum for kommune, næringsliv og innbyggjarar. Leiaren for prosjektet Kunnskapstunet sit i 50% stilling , og skal «utvikle biblioteket vårt (…) til å bli et drivhus for kultur- og kunnskapsformidling i Aurland kommune», slik kommunalsjef Claus Røynesdal sa det i Bok & Bibliotek (3/05). Det inngår forståeleg nok også i mi stillingsforklaring at eg skal vera med på utviklinga av Kunnskapstunet. Dette er me greit i gang med, men oppgåvene som sjef for biblioteket tek mykje tid, og me vonar å bli flinkare etter kvart som erfaringsgrunnlaget vert større. Til no har me mellom anna arrangert lesestunder, fotokurs og seniorsurf. Med dei interaktive videokonferansemoglegheitene som Infohagen har opna for, vert det no arbeidd for at elevar på videregående skule skal kunne fylgje undervisning frå heimbygda. Målet er også at me skal kunne gjera anna fjernundervisning mindre fjern gjennom dei samme attributtane. Mitt
hovudfokus er uansett sjølve biblioteket, mellom anna innkjøp av nye hyller,
ommøblering av bibliotekrommet, kassering av utdaterte bøker, integrering av
det gamle skulebiblioteket i det nye kombinasjonbiblioteket, flytting av
magasinet frå heradshuset til vårt eige lager osv. I det heile tatt ting som
mange av dykk bibliotekarar kjenner dykk igjen i, vil eg tru. Bibliotekets plassering – eine heisse Kartoffel Eg
merka fort at flyttinga av biblioteket ( i desember 2003), dei 400 metrane frå
Aurlandsvangen til Aurland barne- og ungdomsskule, var eit heitt tema i
kommunen. Spesielt Aurland Høgre ynskjer oss tilbake på Vangen.
Hovudargumentet er at biblioteket var meir tilgjengeleg før flyttinga, og at
særleg dei eldre lånarane fell i frå. På tross av at besøkstala jamnt og
trutt har auka, bekrefta statistikken for 2004 at dette er riktig. På den
andre sida har naturleg nok skulebruken (før og etter skuletid) auka
tilsvarande, slik at dei totale utlånstala for 2004 var meir eller mindre
identiske med året før. Det vert derfor spanande å sjå kva dei neste åras
statistikk kjem til å fortelja oss, for det tek nok litt tid for folk å
verte vande med at biblioteket ligg ein annan plass enn før. Eg trur likevel
det er vesentleg at me på kunnskapstun og bibliotek i det minste får vise
kva me er gode for i dei tre åra som me foreløpig er bevilga
prosjektleiar-midlar til. «Ei
hand (eller helst femti!) å halde i» Ein vert til tider nokså aleine reint fagleg sett. Og utan ei bibliotekutdanning å støtta seg på, vert ein endå meir aleine, kan du seie. Det har ikkje alltid vore like lett å vita om ein har gjort dei riktige vala, om kva som kan kasserast og ikkje, om korleis ein best innreier eit bibliotek og liknande. Når ein vert gåande og gruble på slikt kan det fort verte litt overveldande. Då er det veldig kjekt å ha eit velfungerande fylkesbibliotek, nokon som kjem for å halde ein litt i handa, kan du seie. I alle fall var det omtrent dét Ingrid og Anja gjorde på slutten av året i fjor då dei kom på besøk for å hjelpe meg å stake kursen vidare, - Det besøket har eg framleis nytte av når ulike spørsmål dukkar opp. Kollega Ine i Lærdal har eg også vorte godt kjent med, og sidan ho også har fartstid fra biblioteket i Aurland, har det vore eit nyttig bekjentskap. Dei
eg likevel har vore mest i kontakt med i bibliotekverda, er Bibits
(Mikromarc-leverandørane), både fordi eg har vorte varamedlem i «Folkestyret»,
men aller mest fordi gutane på Brukarstøtte er så usannsynleg tålmodige
med meg! Særleg ein slik telefonsamtale er eg glad eg tok – då me
fant ut at siste reelle back-up vart teken i november.....2001! Herregud,
sjeldan har vel ein meir nervøs latter vorte høyrt i Aurland folkebibliotek.
Eg var heilt frynsete fram til eg var sikker på at me hadde gjort det godt
igjen. Til slutt må eg berre nemne Mohammad Rambod. Mohammad er kollega av
opphavet mitt på Tinius Olsen skoles bibliotek i Kongsberg. Sidan dei også
brukar Mikromarc, har eg tatt dei «verste» spørsmåla med Mohammad. Alt frå
korleis ein set inn nye linjer i katalogen til kva inni bibliotekarmarerittet
ein skal med Toførtifemhå!!??? Eg er i alle fall glad eg kvitta meg med telefonskrekken då eg jobba i studentradio, sjølv om dei eg ringer kanskje ikkje alltid deler den oppfatninga. Vegen
vidare Det
er oftast i helgane eller etter at eg har lagt meg at eg får dei største
vyane og dei skarpaste ideane med tanke på kva for ei kulturell tind som skal
verte den neste eg skal plante bibliotekflagget på. - Kva for ein uungåeleg
ressurs me skal verte for innbyggjarane, korleis folk automatisk skal sugast
til biblioteket i det dei stiller seg eit spørsmål eller treng internett,
boktips eller berre litt kulturell input. «Verdensherredømme! Mount Everest!»,
ropar neurotransmittarane så det runger i synapsane. -«God natt», kviskrar
eg til kona mi og slokkjer lyset. For eg veit jo at posten skal hentast i
morgon også. -Bøker skal inn og ut, seljarar kjem til å ringe, elevar vil
ha hjelp til å finne ei god bok, leseringen treng åtte fjernlån til neste
onsdag, purringar skal i konvoluttar, og e-post skal ( i alle fall helst!)
lesast. Også vidare. Men i løpet av juni kjem me oss i alle fall på nettet
med ei nettside som til ei kvar tid er oppdatert via Mikromarc Websøk, eit
tilbod eg veit mange av lånarane kjem til å verte glade for. Alt
i alt har det vore utruleg kjekt å få høve til å seie ”hei” til
arbeidslivet i Aurland. Flotte kollegaer både her på huset og elles rundt
omkring har teke godt i mot meg. Eg har nett no bestilt dei første
grunnkursbreva, (ja, du las rett – brevkurs), frå Høgskulen i Oslo,
so får heller Mount Everest venta nokre år....men Blåskavlen skal me nok
kunne greia snart. PS.
Eg vil oppfordre alle folkebibliotek i fylket med Mikromarc til å delta på
Brukermøtet i haust. På Hotel Bristol i Oslo, 20.-21. oktober finn årets
kanskje viktigaste bibliotektreff stad. Ta gjerne kontakt dersom de ynskjer
meir info. Helsing frå
Aurland,
Utstillinga har etterpå vore i ungdomshuset ved hovudmarkeringa ved fleire arrangement, og skal no plasserast i Dale senter i sommar. Det var 30-40 mennesker i biblioteket som fekk med seg utstilling og foredrag. Hjørdis Åsnes ForfattarturnearTurnear til hausten:
Turnear gjennomført i vår: Det er sjølvsagt opp til kvar kommune kva dei prioriterar å bruke DKS-midlar på, men ein kan jo håpe at etterkvart vil alle skuleelevar i fylket få treffe ein forfattar minst ein gong i løpet av skuletida. Eller, når eg først er i gang med å rapportere frå ønskelista mi; eg ønskjer at alle skuleelvar får tilgang til gode barne- og ungdomsbøker OG får treffe ein forfattar. Anne Sagen I løpet av hausten 2004 og våren 2005 har 10 bibliotekarar/bibliotekansvarlege frå både folkebibliotek og skulebibliotek i Sogn og Fjordane vore på seks dagars bokpratkurs i Bergen. Dette i regi av Hordaland fylkesbibliotek i samarbeid med fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane. Vi var alle svært spente på kva vi hadde i vente og kva vi eigentleg skulle lære. Instruktørane var Mona Ekelund og Marianne Svarstad. Mona er bibliotekkonsulent ved Østfold fylkesbibliotek og er involvert i ”Gi rom for lesing!” og ”Den kulturelle skulesekken” i Østfold. Marianne er profesjonell regissør og har jobba både med teater og film, og driv og som terapeut og kursleiar. Det er i grunn vanskeleg å skrive om eit så innhaldsrikt, lærerikt, men fysisk og psykisk krevande kurs på få linjer. Hovudpoenget med kurset var at vi skulle få utdelt formidlingsverktøy og innlært ein spesiell metode til bruk i formidling av bøker. Ein metode som sjølvsagt har som formål å auke leselysta hos publikum. Kort fortalt er metoden delt i tre:
For å få ei forståing av kva det vil seie å stå på ei scene og lage ein dramatisert monolog, måtte vi gjennom ein del øvingar kor vi skulle verte bevisste på korleis vi brukar kroppane våre, og ikkje minst bruk av stemma. Ein og ein måtte åleine fram på golvet mange gonger under kurset. Svarstad dreiv oss temmeleg hardt, men oppnådde og ein fantastisk framgang hos ein del av deltakarane på kurset. Ikkje alle som arbeider på bibliotek er like vane med å stå framfor eit publikum. Enkelte kursdeltakarar tykte dette var ein stor terskel å gå over, men dei fleste takla det utruleg bra. Ekelund og Svarstad utfylte kvarandre på den måten at Svarstad var mest opptatt av det sceniske, medan Ekelund var meir opptatt av språket. Vi vart vel alle imponert over energien og intensiteten til Svarstad og kor god hugs ho har. Tilbakemeldingane hennar etter ein opptreden kunne vere nådelause, men dog ærlege og konstruktive. I første del av kurset var det mest fokus på det sceniske, medan i andre del skulle vi sy saman bokpraten og då vart fokuset meir på innhald og stemmebruk. Utfordringane til deltakarane var svært individuelle. Sidan kurset var veldig intenst, vart deltakarane ganske godt kjent med kvarandre på kort tid. Difor var stemninga god og latteren aldri langt unna. Stort sett hadde kvar deltakar eit svært lydhøyrt publikum, og det gjorde framføringa enklare og ein kjende seg trygg. No står ei ny utfordring for tur, og det er å ta i bruk denne metoden i praksis. Nokre av oss har alt gjort det, medan andre er usikre på om det er den rette måten for dei å formidle bøker på. Underteikna har brukt metoden både på vaksne og ungdomar, og har til no god erfaring med det. Det neste steget er å lese gjennom fleire bøker og lage bokpratar til dei, for å bruke dei same bøkene heile tida vil verte kjedeleg i lengda. Får du høve til å delta på eit liknande kurs, vil eg absolutt anbefale deg det. Kanskje det høyres litt skremmande ut, men ein lærer utruleg mykje som er viktig å vite noko om når ein skal formidle noko spesielt til andre. Ikkje minst lærer ein mykje om seg sjølv. Gørild I. Benjaminsen I slutten av april var store mengder folk, ca 180 som på eit eller anna vis jobbar med lesestimulering, samla i Førde. Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen arrangerte 26. og 27. april regional konferansen på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Konferansen skulle vise aktuell nasjonal forskning og prosjekt og tiltak i dei ulike fylka. Målgruppar for konferansane var ressurspersonar og planleggjarar som frontar arbeidet med planen ”Strategi for stimulering av leselyst og leseferdighet 2003-2007”, som vi kjenner som ”Gi rom for lesing”. I løpet av våren har det vore i alt fire regionale konferansar rundt i landet i høve at vi er kommen halvvegs i tiltaksperioden. Det var tid for å oppsummere kva som har skjedd hittil og korleis ein bør jobbe framover. På konferansen i Førde hadde det samla seg folk frå fylka Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det var deltakarar frå fylkesmennene, fylkesbiblioteka, folk som jobbar med Den kulturelle skulesekken (DKS), folk tilsett innan kulturadministrasjon, lærarar og bibliotekarar. Mange av dei som har prosjekt støtta av midlar frå planen var tilstades, ofte fordi dei skulle presentere prosjektet sitt på konferansen. Det heile starta med eit formøte kor Fylkesmennene sine utdanningsavdelingar, DKS og fylkesbiblioteka orienterte kvarandre om kva som skjer i deira fylke når det gjeld lesestimulering. I vårt fylket har det vore dårleg kommunikasjon og samarbeid hittil, men vi kunne heldigvis fortelje at nå skal det bli betre. Vi vil danne eit forum for leselyst, jmf utgreiinga om litteraturformidling som er laga i vår. Rogaland fortalte bl.a. at dei har utarbeida ein plan for lesing, ” Les for livet”. Dei meinar at lesedugleik er ei sak som vedkjem heile samfunnet. Planen ligg på heimesida til Rogaland fylkesbibliotek. Elles fekk vi høyre at i Bergen har dei fått til eit gratis tiltak; det er politisk vedteke at alle barn i Bergen skal lesast for 20 minutt kvar dag. Dette er ein ide som kunne vore brukt fleire stadar. Sjølve konferansen starta flott med Olaug Nilssen som las frå eigen upuplisert novelle. Utdanningsdirektoratet orienterte om at dei har vurdert korleis planen ”Gi rom for lesing” har virka fram til no, dei har endra litt på lista over tiltak. Konklusjonen er at dei er nøgd med og imponert over alt planen har ført til av aktivitetar og tiltak, og dei vil at vi hald fram på same måten resten av tiltaksperioden fram til 2007. SINTEF evaluerer planen, og kva den fører til. Det er eit viktig poeng at planen fører til varige endringar. GUTAR OG LESING og PISA I førelesninga ”Hvorfor leser ikke gutter?” med Jørgen Lorentzen frå Senter for kvinne- og kjønnsforskning, UiO, vart det satt fokus på gutar og lesning. Dette temaet er det mykje bekymring rundt. Lorentzen var også bekymra, han var i det heile teke veldig bekymra for gutar og unge menn. Han meinar dei er dårlege til å kommunisere og dermed tapar i dagens samfunn, på jobbmarkedet og i kjærleiken. Gutar og menn har eit fattig språk for å beskrive kjensler. For å utvikle evna til å uttrykkje seg må dei lese. Han meinte at vi ikkje må undervurdere gutane og tru at dei må få teikneseriar og enkle action-bøker for å kunne ha glede av å lese. For at gutar skal bli lesarar må vi endre maskuliniteten, eit vanskeleg arbeid. Bibliotekarar, brett opp erma! Dette gjeld framtida for samfunnet. Gutar må få bli følsame og tenkjande vesen. Dei må ned frå trea. Lorentzen meinar at vi påverkar gutane negativt med at vi krev at dei skal handle, framfor å lese, til dømes. Døme: Ein gut bli beordra av foreldra til å gå ut å leike, det er ikkje bra å sitje inne. Passivitet er ok for jenter og dei får utvikle seg til å bli glad i å lese. PISA 2003 som syner at barn i Noreg skårar dårleg på lesedugleik (og matematikk) i høve til dei andre nordiske land og andre land vi samanliknar oss med, syner ein viktig ting når det gjeld gutar. Norske jenter ligg i verdstoppen i lesedugleik Det er gutane i Noreg som trekkjer oss ned til dårlege nivå i PISA-undersøkingane. Dette er skremmande og Lorentzen har nok rett i å vere bekymra. Eg beit meg merke i eit poeng om PISA undersøkingane som gav meg noko å fundere på; finske barn og ungdommar skårar høgt spesielt på kjedelige oppgåvar. Eg har også høyrt at i Finland skal dei ha lite bråk og uro i skulen. Noreg har mykje uro i skulen. Kanskje ikkje rart at norske elevar ikkje blir fagleg dyktige då. Kva er det med oss som gjer at vi har meir uro i skulen enn Finland? Kva er det som gjer at finske barn er rolegare? Skulelunsj? Det kan ikkje berre vere det. Kva er den mystiske ulikheita mellom det norske og finske folk? Kvifor likar finske barn kjedelige oppgåver? Det var ein inspirerande og nyttig konferanse, som utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen skriv på sine heimesidar: Ekte entusiasme for bøker og litteratur sette sitt preg på konferansen. Ein del føredrag ligg på sida til Fylkesmannen. Anne Sagen Som mange veit vart innsamlinga av bibliotekstatistikk for 2004 ein god del forseinka pga ABMu si innføring av nytt rapporteringsverktøy. Vi har no fått tala som er innrapportert, og lagt dei ut på statistikksidene våre. Når det gjeld økonomi ser det ut til at svært mange kommunar kuttar i bevilgningane til biblioteket. Diagrammet under viser kva biblioteka har hatt å rutte med til mediekjøp pr. innbyggar i 2004, og kva det er budsjettert for i år. Mange har fått kutta budsjetta ganske mykje.
For utlånet ligg snittet for fylket på same nivå som året før - totalt utlån 5,67 pr innbyggjar i 2003, og 5,63 i 2004. Desse tala er inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt - dersom ein ikkje reknar utlån frå buss og båt, er tala hhv 5,35 og 5,32. Ser ein på kva som blir lånt ut i folkebiblioteka, viser det seg at det ganske store forskjellar mellom biblioteka når det gjeld kva som blir lånt ut. For enkelte er prosenten av "andre media" (stort sett video/dvd og lydbøker) som blir lånt ut svært høg. Dette har sjølvsagt samanheng med tilbodet av andre media. (Tala under er ikkje inkl. utlån frå bokbuss og -båt)
Statistikktala vil bli nærare kommentert på statistikksidene våre, førebels er talmaterialet som er rapportert inn lagt ut der. Anja Angelskår Mjelde Litteraturformidling i Sogn og Fjordane - eit tilbod for framtida
Våren 2005 har eit utval samansatt av representantar frå fylkesbiblioteket, Den kulturelle skulesekken og utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen på oppdrag frå fylkeskommunen sitt Hovudutval for Kultur levert eit analyse- og strategidokument om litteraturformidlinga i fylket. Rapporten tek utgangspunkt i kor viktig lesestimulering og litteraturformidling er, spesielt for barn og unge. Vidare vert det gjennomgått kva for tilbod som eksisterar i dag. Dei sentrale tilboda som fylkesbiblioteka i dag driftar, bokbuss og bokbåt, vert nærare analysert. Til slutt prøver utvalet å sjå inn i framtida for å finne vegen framover.
Utvalet føreslår til slutt følgjande strategiar for litteraturformidlinga framover: Heile rapporten kan du finne på fylkesbiblioteket sin heimeside under Lesestimulering.
Solveig Bjordal Bokbåten
Det har vore fleire mediaoppslag om ei eventuell nedlegging: NRK Sogn og Fjordane har hatt fleire innslag om ei eventuell nedlegging av bokbåten, lokallaga til Norsk Bibliotekforening i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal har laga pressemelding og mange av brukarane av bokbåten har skreve avisinnlegg til støtte for ei vidare drift av bokbåten. Resultatet av avstemminga på fylkestinget vil vi leggje ut på heimesida vår. Ingrid Dræge One of the typical every day scenes in a Norwegian library are non-Norwegian faces looking at the computer screen. If you are in charge of developing services for special target user’s groups, your brain start working. A new group of potential library users, immigrants and asylum seekers, is to be found in Norwegian society, what can a library do for them. If you have a closer look at the faces, you will notice that they are almost all men’s faces. To a curious librarian another question will appear– there are no women to be seen, where are the women? Men obviously found their way (not to be misunderstood – there are also many possibilities that a library can offer to the men) in the library, whose mission is free access to information, but what about the women?
Conversation with Førde asylum revealed that there are many activities that women asylum seekers can join, from knitting groups to Norwegian and English language course. Weak point in the offer is that women do not go much out of the building – children and language courses fulfill their day in most cases. At this point, we came up with the idea of having meetings in Førde library. Our wish was to advertise the library, to present the place with its various possibilities to new potential users (some of the participants have small children, so our attempt can be considered as an investment in future generations). Lokalsamling-rommet in Førde library is made welcoming and comfortable with the help of candles, tea, coffee and cookies and the results after 3 months of meetings are very satisfying.
Reading group is a sort of luxury private tuition, two Somali ladies are learning the alphabet, Norwegian language and the basics of Internet. As none of the librarians speak Somali language, we found Halimo, a Somali lady from Førde, speaking English and Norwegian. With her help, reading group time became a rich cultural exchange, comprising listening to audio books in Somali, looking at photos of Somali and Norwegian landscapes, learning Norwegian and Somali alphabet. The basis of the project is set, cooperation between Sogn og Fjordane fylkesbibliotek and Førde asylum are made and the meetings are well visited and thriving. Volunteer’s project will last for 5 months, until June, but hopefully other people will be encouraged to continue with the meetings in autumn. It would be an important service to whole Sogn og Fjordane region and an example of good practice to other Norwegian libraries. Andra Lujic, volunteer, Nye tonar for bokbussen i Høyanger Dei siste åra har eg vore med fast på bokbussen i Høyanger. Dessverre så har det blitt færre og færre lånarar. Dei gamle "faste" lånarane fell ifrå, og det kjem ikkje nye til. Alle grendaskulane i Høyanger kommune har gode kombinasjonsbibliotek med internett-tilgang, videoutlån og over 10 000 bøker og automatisert utlån. Trass i dette så ynskjer vi å halde på
bokbussen. Den køyrer i bygder som dei siste 15 åra har mist både skule,
barnehage og butikk. Men korleis skal vi få folk til å bruke bussen meir?
Har bussen utvikla seg på linje med bibliotekfilialane? Nei! Automatisert
utlån er ikkje nok. Eit lite lysglimt er serie-hylla. Endeleg finn dei som
ynskjer litt lettare litteratur noko å bite i! Det var ein fredag ettermiddag eg såg lyset! Ein kjend melodi høyrdest i det fjerne. Alle ungane i gata spissa øyrene og storma inn for å hente pengar for å kjøpe is! Slik vil eg og ha det! Eg og vil ha ungar som spring inn etter foreldrene for å gå på bokbussen! Eg vil ha lyd, eg vil køyre meir fritt rundt, og eg vil ha meir å by på enn berre bøker! Difor lagar vi eit fast bokbussdepot på ca. 50 video/DVD til utlån på bussen. (Sjølv om eg ikkje kan forstå kvifor DVD/video ikkje er eit av tilboda frå fylkesbiblioteket!) Eg håpar at vi får det til. Ruta er klar, og høgtalaren skal attende på taket av bussen. Og med Sølvi som sjåfør så har vi den hjelpa vi treng på bussen. Lensmannen har sagt at eg får lov til å "lage lyd". Men vi manglar melodi! Håper at det er nokon der ute som kan hjelpe oss! Jorun Systad, (Og er det nokon som har melodi-forslag til Jorun, så kan de sende det til jorun.systad@hoyanger.kommune.no) Siste tur for bokbussen i Stryn Fredag 27. mai og laurdag 28. mai var siste dagane for bokbussen i Stryn. I Oppstryn møtte ungane opp med konfekt og eit fint kort til Sølvi og Solveig. På Blakset sang elevane til ære forpersonalet. Over alt ga dei uttrykk for at dei kom til
Det er fint med eit stort bibliotek med hundrevis av hyllemeter med bøker, oppslagsverk og aviser. Men... bokbussen er noko heilt spesielt. Den gjev ein spesiell kontakt mellom lånar og bibliotekar. Veldig mange barn og vaksne i Stryn kommune har opp gjennom åra gleda seg til at bokbussen skulle komme. No har bokbussen kanskje vore her for siste gong. Vemodig! Anne Jorunn Røsvåg
Nesje After a successful trip to Denmark in 2004 in the framework of Leonardo da Vinci Mobility program, a new library trip is being prepared for spring 2006. This time librarians will be able to visit Finland as the host will be Helsinki City library. The main topic of the exchange is reading promotion for youth and we chose Finland because of the country’s high results in reading skills and highly developed reading culture and library network. Andra Lujic,
volunteer,
|
|||||||||||||||||||
|
Sogn og
Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no |