Bokbåten redda i denne omgangenBokbåten ”EPOS” er
igjen ute i hardt ver. Fylkesrådmannen hadde i sitt framlegg til budsjett
for 2005 føreslege å legga han ned f.o.m. hausten 2005, då den noverande
leigeavtalen med båteigar går ut. Men Fylkestinget gjorde i møte 15.
desember vedtak om ei Vinterturen 2005 i Sogn og Fjordane vil gå f.o.m. 25. februar t.o.m. 15. mars. Det vert då sang og musikk om bord med Alf Bugge Gjerstad og Nini Ritzau. Ingrid Dræge, Bibliotekdagane 2004I år var Bibliotekdagane lagt til Bergen i dagane 28.-29. september. Første dagen var eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek om eit fellesmøte for bibliotektilsette i dei to fylka. Det møtte heile 75 deltakarar på dette møtet og vi kan godt tenke oss fleire slike fellessamlingar i framtida. Tema på møtet var mellom anna vestlandssamarbeid innan bibliotek- og kultursektoren, ved fylkesbiblioteksjef i Hordaland Ruth Ørnholt og fylkeskultursjef same stad, Ingebjørg Astrup. Ungdomsbokforfattar Ragnfrid Trohaug snakka glødande om litteraturformidling og hadde mellom anna ei historie om korleis det var å komme til Fiskarfagskulen i Austevoll, til ein gjeng med råbarka fiskaremne, for å fortelje om ei bok som handlar om ungjenter med spiseforstyrringar. Det gjekk bra til slutt skjøna vi. Inger Høj presenterte hovudfagsoppgåva si ved Kunsthøgskulen i Bergen, der ho har utarbeida framlegg til felles profilprogram for dei norske folkebiblioteka. Profilen innheld utkast til plakatar, bæreposar, logo m.m. Tanken bak prosjektet er å synleggjere folkebiblioteka betre. Kvam folkeboksamling vil ta profilen i bruk til hausten, når dei opnar nytt bibliotek. Vi fekk og høyre om IFLA og IFLA-konferansane, med
oppmoding om å delta på konferansen i Oslo hausten 2005. 29. september var det bibliotekfolk frå vårt fylke som var samla. Dagen starta med ein presentasjon av Den kulturelle skulesekken ved prosjektleiar Margrethe Henden Aaraas. Svanhild Oppedal frå Gaular folkebibliotek orienterte om planen som er utarbeida i hennar kommune når det gjeld ”skulesekken”. Det er viktig at biblioteka engasjerer seg i dette arbeidet. Det kom sterke signal frå publikum om at dei ønska fylkesbiblioteket som ein viktig medspelar for å arrangere forfattarturnear. På det tradisjonelle samrådsmøtet vart det informasjon og nyhende frå kommunane og frå fylkesbiblioteket. Gloppen orienterte om framdrifta for Trivselshagen. Dei arbeider og med eit nytt abm-prosjekt der dei vil dokumentere fjordhesten i litteratur, biletkunst m.m. Stryn bibliotek er blitt sambuar med biblioteket på
Stryn vidaregåande skule i nye lokale og fortalde frå denne prosessen.
Førde bibliotek er blitt ”nytt”. Vi fekk sjå bilder frå det nyinnreiia lokalet og høyre om vegen fram til dette. Frå Fylkesbiblioteket vart det orientert m.a. om Gloppen som kompetansebibliotek for Mikromarc. Fylkesbiblioteket har kosta kurs på Ann Kristin Vik Fløtre for at ho skal kunne gje råd og vere til hjelp for Mikcromarc-biblioteka i fylket. Det vart og diskutert korleis Fylkesbiblioteket skal nå ut med sin informasjon til biblioteka. Til no har all informasjon gått som brevpost og dette er blitt veldig dyrt etter kvart. Vi ønsker difor i større grad å bruke heimesida vår og e-post. Forsamlinga hadde ingen større innvendingar til dette og vi vil etter kvart kontakte biblioteka med nærare informasjon i saka (pr post!). Dagen vart avslutta med orientering om og omvisning på Bergen offentlige bibliotek. Vi fekk m.a. eit triveleg gjensyn med tidlegare fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane, no biblioteksjef ved Bergen offentlige bibliotek, Trine Kolderup Flaten. Gunnvor Schei, Nye biblioteklokale for Stryn bibliotek og Stryn vidaregåande skuleKommunestyret vedtok i 1998 at ein
skulle samlokalisere Stryn bibliotek og skulebiblioteket for Stryn vidaregåande
skule. Samtidig auka kommunen sin stillingsheimel
og Stryn vidaregåande skule skulle gå inn med 50% av stillinga.
Planleggingsarbeidet
starta hausten 2002. Vi hadde mange møte før lokala stod ferdige sommaren
2004. Vi hadde planlagt flyttinga i lang tid, samla kasser, kjøpt kasser,
tenkt ut kvar vi skulle starte pakkinga, korleis vi skulle nummerere
kassene, kven som skulle hjelpe oss osb. Ei
veke før flytting vart kollegaen min sjukmeldt. Då var det berre eg att på biblioteket. ”Men
nu går alt så meget bedre”.
Vi
ønskjer alle hjarteleg velkomen innom! Anne Jorunn Røsvåg Nesje, Biblioteksamarbeidet endeleg i
gang!
Hausten 2004 har fylkesbiblioteket hatt nettverksmøte i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Første møte var i Flora for biblioteka i Sunnfjord og Ytre Sogn. Møtet hadde 9 deltakarar frå folkebiblioteka og tre frå fylkesbiblioteket. På dagsorden sto Byss-samarbeidet, Den kulturelle skulesekken, Gi rom for lesing og IT-samarbeid. Deltakarane ønskte meir samarbeid om forfattarturnear og meir fylkeskommunal koordinering. Biblioteksjefane var spesielt opptatt av å få til eit nærare IT-samarbeid, og fleire ønskte eit felles biblioteksystem med felles servar. Neste møte var på Sogndal bibliotek for biblioteka i Sogn. 6 deltakarar frå folkebiblioteka og tre frå fylkesbiblioteket. Tema denne dagen var Den kulturelle skulesekken, Gi rom for lesing og It-samarbeid. Også her ønskte biblioteksjefane meir samarbeid om forfattarturnear. Elles var deltakarane einige om at nettverket skulle føre til å få betre kjennskap til kvarandre og til erfaringsutveksling. Siste møte var i Nordfjord. Her var det fem deltakarar
frå folkebiblioteka og tre frå fylkesbiblioteket. Etter ein orientering om
IT-prosjektet i Nordfjord sto litteraturformidling til barn og unge på
dagsorden. Deltakarane håpte at nettverket skal føre til at dei vert betre
kjende og opne for betre samarbeid. Fylkesbiblioteket vil følgje opp nettverka og kallar inn
til nye møte. Vi vil arbeide vidare med utspela på møta og vil greie ut
samarbeidsmodellar på IT-sida og sjå på koordinering av forfattarturnear
i samarbeid med DKS og Folkeakademiet. Solveig Bjordal, Nytt kombinasjonsbibliotek på
Kyrkjebø i Høyanger kommune
Bibliotekfilialen har svært godt utlån. Kvar tysdag er det lang kø i skranken på Kyrkjebø bibliotekfilial. Bygdefolket strøymer til, og i løpet av ein månad har ein lånt ut ca. 1550 bøker, video, DVD og anna materiale.
Her finn elevane raskt opplysningar til oppgåver, prosjekt og spennande bøker for alle alderstrinn. Skulen brukar biblioteket aktivt i skuledagen, og er svært nøgd med sitt nye skulebibliotek! Alle lærarane har fått ei rask innføring i utlånssystemet, så den enkelte lærar er sjølv ansvarleg for å registrere utlån på sitt klassetrinn. I tillegg så har skulebiblioteket og ei opningstid nokre timar i veka.
Kontaktperson: Hilde Larsen. Kyrkjebø bibliotekfilial tlf. 57707590 eller Jorun Systad 57711590. På e-post: jorun.systad@hoyanger.kommune.no. Jorun Systad, Ellers så melder ei nøgd Jorun at ungdomane har laga sitt eige namn på biblioteket: "Biblisen". No vil ho sende ut brosjyrer til ungdomane der ho brukar dette namnet på biblioteket. 82 deltakarar på møte om barne- og ungdomslitteraturI år satsa fylkesbiblioteket på å fordoble tilgangen til
å lære om dei nye forfattarane og den nye litteraturen for barn og unge.
Kvart år sender IBBY Noreg, barnebokforum (Tidligare namn Norsk
Barnebokforum) oss dyktige formidlarar som gir oss inspirasjon og kunnskap
om alle dei bøkene ingen av oss har høve til å lese sjølve. Vi er faktisk
avhengig av desse foredraga for å kunne halde oss à jour på dette området.
I år hadde vi møtet både i Førde og Sogndal.
Hyllestad skule er ei av dei skulane som jobbar med lesing og har fått midlar frå ”Gi rom for lesing”. Dei fekk ikkje mange kronene frå fylkesmannen, men satsar for fullt - med eigne midlar, reknar eg med. 11 lærarar frå Hyllestad var på kurs i Førde 11. november. Det er imponerande. Eg lurer på kva dei gjorde med elevane den dagen? Hyllestad bibliotek hadde begge sine tilsette på kurset også. Det er ikkje mindre imponerande. Leseslysta kjem truleg til å eksplodere i Hyllestad etter dette.
Til neste år prøver vi igjen med to møter i fylket. Bøkene som er brukt her som illustrasjon, blei framheva som særleg gode av førelesarane. Anne Sagen, Eventyrlege Fjaler
Under den nordiske bibliotekveka i Fjaler kommune serverte biblioteksjefen ein eventyrleg frukost til dei tilsette i kommunen. Bokbussen hadde ei ”eventyrleg niste” til barna på Flekke skule og barnehage, Hellevik skule og barnehage og Våge skule. Og då sola gjekk til kvelds vart ”H. C. Andersens liv” servert på eit fat i Tusenårsstaden, Studio Nova til musikk av H. C. Lumbye. Første arbeidsdagen under den nordiske bibliotekveka er
ikkje som ein vanleg arbeidsdag for dei tilsette i kommuneadministrasjonen,
trygdeetaten og PPT-kontoret i Fjaler. Under ”Morgongry”
er kantina stasa opp med levande lys og bilete frå den nordiske
eventyrverda som H. C. Andersen for om lag 150 år sidan tileigna fleire
generasjonar og etterkomarar av nordbuarane. Medan biblioteksjefen les eventyret ”Det utroligste”
går dufta av nylaga kaffi i eitt med ein nyvakna rådmann og alle dei
tilsette i Fjalerhuset. Mellom blomane på bordet spelar små runde
peparkaker opp til kultursjefens færøyske og nordiske tonar i både dur og
moll. I aust reiser sola og med den kjem bokbussen…den har sett kurs frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek mot Dalsfjorden og heimstaden til ”Gåsa, katta og hanen” og diktaren Jakob Sande. Ingen av dei veit enno kven som kjem til bygda i dag og kva fjalerbuarar kan oppleve under den nordiske bibliotekveka ei novemberdag i 2004. For det er nemleg slik at Foreningen Norden Dalsfjorden i lag med folkebiblioteket, Jakob Sande stiftinga, United World College og Folkeakademiet i Fjaler har invitert Kurt Erland og Jacob Wyrtz frå musikkskulen i Førde til bygda for å markere den nordiske bibliotekveka i Fjaler. Eventyrleg bokbuss
H. C. Andersen på tusenårsstadenMedan haustsola gjekk til kvelds inntek H. C. Andersens landsmenn tusenårsstaden – barnetunet til diktaren Jakob Sande. I den gamle kommunestyresalen frå tidleg 1900-tallet vert barne-, ungdoms-, og vaksenlivet til H. C. Andersen presentert gjennom små historier, dikt og eventyr til musikk frå hans eigen samtid. På levande vis framfører Kurt Erland m.a. ”Moderen med barnet”, ”Lille Viggo”, ”Konen med æggene”, utdrag frå romanen ”Kun en spillemand”, ”Kærastefolkene” m.m. til musikk av m.a. H. C. Lumbye og John Dowland. Jaboc Wyrtz greier med sitt klassiske gitarakkompagnement å gje heile forestillinga ei ganske behageleg musisk ramme. …ide til nytt verdsbileteForteljinga og eventyra til H. C. Andersen som kom med bokbussen har fått nytt liv og røre i dei små klasseromma i Noregs minste internasjonale kommune. Jógvan A. Joensen, Sogndal bibliotek 175 år16. september markerte Sogndal bibliotek at
det i år er 175 år sidan den første dokumenterte
starten på eit folkebibliotek i Sogndal – den gongen kalla
almuebibliotek.
Det musikalske innslaget fekk vi frå
felespelarane Svein Skjerdal og søstrene Stine og Sunniva Idsø. I høve jubileet hadde ein 3.klasse frå
Trudvang skule laga teikningar til biblioteket etter eit klassebesøk. Desse
var stilt ut i foajeen utanfor biblioteket. Den lokale kunstnaren Astrid Tove
Haug var
månadens kunstnar i biblioteket. Ho lånte oss òg ein fin illustrasjon til
plakaten og annonseringa vår. Dette var eit ope arrangement, men og ein del
spesielt inviterte gjester. Det vanka mange fine ord, flotte blomehelsingar,
samt gåvekort frå bokhandelen vår. Signe
Witsø, Norsk Digitalt Bibliotek – kva har skjedd og kva med framtida?
Første fase av prosjektet Norsk Digitalt bibliotek er no over, og på ein konferanse i Oslo 18. november sette ABM-utvikling fokus på utviklinga av Norsk digitalt bibliotek for ca 85 deltakarar. Visjonen til Norsk digitalt bibliotek (NDB) er å gi alle enkel tilgang til digital kvalitetsinformasjon og -kunnskap. Biblioteka si rolle som seriøse informasjonsformidlarar skal verte synleg gjennom NDB. I første fase har fokuset vore å få til eit rammeverk med anbefalte standardar, støtte aktuelle digitale prosjekt og definere og greie ut kva som er nasjonale og digitale tenester. RammeverketNDB skal ha eit nasjonalt marcformat (marc 21) og ønskjer å forenkle utveksling av metadata som krev at dei er basert på utvekslingsprotokollar med basis i Dublin Core. Og dessutan vert det sett krav til teiknsett og metadataregister. NDB vil vidare arbeide for fellessøk og byggje protokoller for distribuerte søk. Eit av hovudmåla for NDB er å utvikle eit felles lånekort eller fleirbrukskort. ProsjektTre prosjekt har vore støtta gjennom NDB. Eit er Norsk arkitekturportal som i tillegg til oversikt over digitale kjelder og har lenker til eksisterande ikkje-digitale ressursar for norsk arkitektur og byggjeskikk. Eit anna prosjekt er Bibliotekvakten og Spør biblioteket som no vert lansert som Biblioteksvar. Dette er ei digital referanseteneste som vert basert på på chatting, sms eller e-post. Det tredje er Lesehulen som er ein opplevingstad som gjev smakebitar av bøker til barn i alderen 8-12 år gjennom lyd, bilete og interaktivitet. I tillegg er det eit søkjeverkty til å finne barnebøker Kva no?I 2005 tek NDB sikte på å implementere desse tenestene:
NDB skal ha eit ABM-perspektiv og ta utgangspunkt i situasjonen og utviklinga ved dei tre sektorane. Meir info om Norsk digitalt bibliotek finn du på www.norskdigitaltbibliotek.no Solveig Bjordal, Nye
Førde bibliotek
Etter ein månad med
oppussing vart biblioteket opna igjen som planlagt 30. juni.
Det var stil over
opninga, diktlesing og snorklipping av ordførar, og køen som venta på å
sleppe inn igjen var lang.
Det har stort sett
vore gode tilbakemeldingar frå brukarane. Interiøret
er pent å sjå på, stolane er gode å sitje i, det er blitt fleire
sitjeplassar, biblioteket har fått fleire
avskjerma krokar, det innbyr meir
til å vere og til å trivast. Men alle våre gamle lånarar
må lære seg biblioteket på nytt, ingenting
er der det var, og det tek litt tid
å orientere seg. Ei av målsetjingane med nytt bibliotek var at lånarane lettare skulle finne fram sjølv, det har vi vel ikkje oppnådd enno. Vi meiner skiltinga no er bra, men så langt har vi brukt mykje tid på å vise rundt og fortelje kvar dei ulike emna er plassert. Det er allting tiltak ein kan gjere for å betre gjenfinninga for lånarane, og dette skal vi arbeide vidare med.
Vi som jobbar i biblioteket har også gått litt rundt oss sjølv i starten, men no er gamle vanar nesten erstatta med nye. Totalt sett synest vi at vi har fått eit veldig flott bibliotek som det er kjekt å arbeide i. Marie
Dombestein, Reduksjon av bibliotektilbodet i GaularGaular folkebibliotek har fram til 2004 hatt to tilsette, tre avdelingar: Sande (15 t. ope pr. veke), Bygstad (8 t. ope pr. veke), og Viksdalen (8 t. ope pr. veke). Sommaren 2004 vedtok kommunestyret å leggje ned Bygstad avd. og redusere opningstida ved Sande avd. med 7 t. pr. veke, stillingane vart redusert med 20% av biblioteksjefstillinga, og 40% av stillinga til Anne Marit Ytterbø. Dei innsparde 20% av biblioteksjefstillinga skulle nyttast til anna kulturarbeid, noko som alle veit som har vore i slike kombinasjonar, går på bekostning av bibliotekarbeidet. I sum er bibliotektenesta i Gaular halvert det siste året, i utgangspunktet har vi aldri vore oppe i det normen tilseier av stillingsressurs i høve til folketal. Frå Bygstad kom det eit utspel om dugnadsbibliotek, etter eit folkemøte vart dette trekt tilbake - det vart konkludert med at det ville bli vanskeleg å få kontinuerleg drift, og det ville ganske snart bli eit lite interessant tilbod for innbyggarane. Men "folkemøtet" uttrykte bekymring for skulen og ungane, og sameleis gruppa 60+, dette utfrå erkjenning av at dette er dei minst mobile gruppene. For å imøtekomme dette, vart det skissert ei løysing som i hovedsak er slik: Skulen får overta barnebøkene frå folkebibliotekavdelinga, biblioteket på Sande er villig til å lage til evt. bokkassar i høve til tema eller opplegg, gruppa 60+ skal få eit depot i eit lokale der Nærmiljøsentralen har "tysdagskafe". Korleis vi skal ordne det siste reint praktisk har eg ikkje heilt klart for meg enno, om det blir bøker som skal bytast etter ein plan, eller om dei skal få ein del bøker til eige. Elles søkjer Bygstad i desse dagar om bokbuss. Bygstad er ein stor verkekrins med meir enn tredjeparten av folketalet i kommunen, og dei er no så godt som utan bibliotektilbod - avd. på Sande er ikkje noko særleg godt alternativ med opningstid på 8 t. i veka. Når statistikken skal gjerast opp med utlån pr. innbyggar vil dette slå merkeleg ut vil eg tru, i og med at ein så stor del av kommunen ikkje har tilbod i det heile. I samband med diskusjonen om dugnadsbibliotek sakna eg rettleiing, eg etterlyser NBF som sentralt gjerne kunne gitt nokre føringar som vi kunne hatt i ryggen. Eg meiner det er svært uheldig at vi som representerer "det offentlege folkebibliotekvesenet" kan kome med ulike argument og tilrådingar. I tilfellet Bygstad som eg måtte ta nokså kjapt, så la eg vekt på fornying, nettverk med fjernlån, og kompetanse. Dette er ein tilstandsrapport frå Gaular, små ressursar og for lite tid - men vi har positive ting å gle oss over. Utlånet på Sande har hatt ein god auke (dette vil ikkje kunne lesast av kommunestatistikken), utlånet til barn og ungdom er stigane, det synest som dei mange ulike lesestimuleringsopplegga har hatt ein verknad. Svanhild Oppedal, Forfattarturnear – kva skjer i fylket?
Dei første åra vi hadde Den Kulturelle skulesekken (DKS)
i fylket, var forfattarturnear eit av tilboda i DKS-katalogen frå fylket.
Frå dette skuleåret må kommunane sjølv arrangere og betale
forfattarturnear. Finansiering
Kommunane kan finansiere forfattarbesøk med midlane dei får
til lokale tilbod i DKS. Nokre skular har skaffa seg pengar frå ”Gi rom
for lesing”, kor forfattarbesøk er eit av tiltaka dei vil bruke pengar på.
Nokre bibliotek i fylket har litt midlar på budsjettet sitt til
forfattarbesøk. Til saman kan ein truleg klare å skaffe nok pengar til
forfattarbesøk. Men det er altså avgjerande for at det framleis skal bli
forfattarbesøk at nokon i kvar kommune, bibliotekfolk eller lærarar, helst
begge grupper, vil overtyde andre om at ein må setje av midlar til
forfattarbesøk. Vi trur at det er i kulturforumet i kommunen at det vert
avgjort og prioritert kva midlane skal brukast til. Derfor minner vi om at
det er viktig for biblioteket å vere representert i kulturforumet. Dersom
bibliotek ikkje får delta i forumet, håper vi dei melder frå til oss.
Fylkesbiblioteket vil prøve å hjelpe å løyse problemet. Kven skal lage forfattarturnear i vårt fylke?Fylkesbiblioteket har denne hausten hatt nettverkssamlingar
i dei tre regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. På desse møta har vi nok
ein gong informert om Den kulturelle skulesekken og stoda med
forfattarturnear. Det er tydeleg at forfattarbesøk er noko som engasjerar
bibliotekfolk. La oss håpe at skulefolk er like oppteken av at skuleelevane
må få oppleve ein lys, levande forfattar. Vi fekk tydeleg melding frå dei vi møtte på
nettverkssamlingane at dei ønskjer at forfattarturnear skal organiserast på
fylkesnivå. Det beste er truleg at kommunane får høve til å tinge
forfattarar frå eit fylkesorgansiert tilbod, samtidig som det er høve for
lokale aktørar å arrangere forfattarbesøk sjølv der ein ønskjer det. Møte mellom Norsk forfattersentrum, Folkeakademiet, Fylkesbiblioteket og prosjektleiaren for DKSI november sette vi oss ned for finne ein modell for samarbeid og opplegg for å kunne tilby forfattarbesøk til alle. Sissel Kristiansen frå Forfattarsentrums kontor i Bergen har mykje røynsle og vil prøve å hjelpe oss å realisere planane. Dagleg leiar i Folkeakademiet Sogn og Fjordane, Svanhild Lothe, har også jobba lenge med å lage turnear. Ho vil også bidra no slik at vi kjem i mål. Fylkesbiblioteket har også sett forfattarturnear som ein naturleg oppgåve, men har ikkje kapasitet nok åleine no når volumet på turnear er blitt så overveldande svært. Vi vart samde om å setje i gang med turnear allereie etter
nyttår. Dette første halvåret vil vi prøve å sjå kor stor interessa i
fylket er for forfattarbesøk. Vi har sendt ut brev med tilbod om
forfattarbesøk og ber skulane tinge forfattarbesøk, ikkje bindande. Vi må
første vite kor mange forfattarar vi må engasjere. Alle kan komme med ønskjer
om forfattarar, vi vil skaffe dei som er mogleg. Sidan vil vi sende ut
planane for turnear og då må skulane stadfeste om dei tek i mot tilbodet. Alle bør få oppleve eit forfattarbesøk i løpet av grunnskulenFlora kommune er eit godt døme på korleis ein kommune kan sikre at alle elevane i det minste ein gong i livet får møte ein forfattar. I Flora har kulturforumet sett av kr. 10.000,- til forfattarbesøk kvart år. Kvart år skal alle 8. klassane i Flora ha besøk av ein forfattar. Anne Sagen, Mikromarc brukarhjelpPå fylkesbiblioteket har vi følt at vi ikkje har hatt nok kompetanse til å hjelpe Mikromarc-biblioteka med bruk av systemet. For å rette på dette har vi inngått ei avtale med Gloppen folkebibliotek om Mikromarc brukarstøtte. Her er eit utdrag av avtalen:
NB! Brukarhjelpa frå Gloppen folkebibliotek skal ikkje erstatte Mikromarc brukerstøtte som Bibliotekenes IT-senter tilbyr sine kundar. Kontaktperson på Gloppen folkebibliotek er Ann-Kristin Vik Fløtre. Anja Angelskår Mjelde, NBF Sogn og Fjordane med eigne nettsiderNBF Sogn og Fjordane har fått eigne vevsider. Her kan ein lese nyhende om kva lokallaget held på med, opplysningar om verkeplan, referat frå års- og styremøter m.m. Adressa er http://www.norskbibliotekforening.no/site/sognfjordane/ Ny volontør i Sogn og FjordaneFylkesbiblioteket, United World College og Fjaler folkebibliotek samarbeider i år om ein ny volontør til Sogn og Fjordane. Andra Lujic kom til fylket tidleg i oktober, og skal vere her ut juni neste år. Andra er 23 år, kjem frå Maribor i Slovenia og har utdanning innan språk. Her skriv ho litt om kva ho held på med hos oss:
Being a library volunteer, means that 3 libraries ”share” you – Fylkesbiblioteket, UWC library and Fjaler folkebibliotek. For a volunteer interested in libraries, it is a valuable experience to see how do three different libraries function, from the local one, to regional and high school one. A project of this kind can help strengthen communication and cooperation between the libraries in the region. Being lodged in Dale and working in three different places means also getting to move around a lot, commuting from Dale to Haugland and Førde, meeting different people, learning and contributing with my own ideas. Work in Fjaler folkebibliotek consists mostly of helping Hjørdis Åsnes with daily library tasks, such as tiding up, cataloguing new books and helping the users. Fjaler is a calm, neat local library with warm atmosphere, its users being mostly families, children and older people. United World College library is a high school library with self-service loan. Books in all the world languages makes this library a special place and one of the librarian’s tasks are arranging the books according to the language. And while I could cope with most of European languages (together with 6 different cyrillic alphabets), an impossible task for a European is to arrange all the Asian, African and Arabic books. Together with Siri Ingvaldsen, we will also prepare a Leonardo Da Vinci project, an exchange connected to youth reading promotion, from which the librarians in the region could benefit. The common library problem is lack of space; there are always too many books and too little shelves. Or maybe it is people not reading enough that have to be blamed. Against this problem we tried to fight with topical displays and after a week or two, the books that only rarely left their shelves were out and borrowed (in Fjaler we tried with Nordic historical novels). In Førde library, the librarians noticed that male asylum seekers use the library computers, but it happens very rarely that women from the asylum step into the library world. And that is why in Fylkesbiblioteket, together with Anne Sagen, we came up with an idea to include in the library an underprivileged part of Førde population, which are refugees in Førde asylum. In accordance with EVS policy, which strives to improve the regular community services, the volunteer here will develop a library project for the asylum women. Our plans are to start reading groups, whose meetings will include Internet courses and intercultural library events. The most important aim is to show all the possibilities that a public library offers to the asylum. This project is reaching out to all Førde community, improving asylum life and library services. Moreover, we are sure it will leave mark also on Norwegian users, bringing them closer to the world’s nations and to the asylum reality. Andra Lujic Regionskonferanse for ”Gi rom for lesing”I april/mai vert det
svær konferanse i Førde. Vi skal då samle alle gode kreftar for leseglede
og lesedugleik frå alle Vestlandsfylka pluss Vest-Agder. Det blir
skulefolk, bibliotekarar, Norsk forfattarsentrum, bokhandlarar,
folkeakademiet, mållaget, forfattarar og folk frå Den kulturelle
skulesekken. Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen er ansvarleg for
konferansen. ”Gi rom for lesing” er ein tiltaksplan frå Utdannings-
og forskningsdepartementet. Det
heile starta brått opp hausten 2003. Planen skal avsluttast i 2007. Kvart
år vert det fordelt 100 millionar kroner på fylka, desse midlane blir
fordelt vidare ut til gode prosjekt. Etter halvanna år er det på tide å
sjå på kva som er skjedd til no, kva fungerer, kva ein kan gjere betre. Eg
vil derfor kome med nokon tankar rundt ”Gi rom for lesing” i fylket vårt. Samarbeid skule og bibliotekVi som jobbar i biblioteka er vel samde om at det er for lite samarbeid og kontakt mellom skule og bibliotek. Skulane nytter truleg mykje bøker frå folkebiblioteka i leseprosjekta, det bør dei og det må dei vel ofte for å få nok bøker. Men skulle ikkje lærarane også snakke med biblioteket i bygda før dei set i gang? Kanskje skulen i samarbeid med biblioteket kan få til meir og betre prosjekt saman? Truleg vil det også vere kjekkare å samarbeide enn å gjere alt åleine. Så vidt vi veit er det ingen prosjekt i fylket vårt med midlar frå ”Gi rom for lesing” som er eit verkeleg samarbeid mellom skule og bibliotek. I nokre tilfeller står bibliotek ført opp som samarbeidspartnar utan å vite om det. Det er det heile. Det er urovekkjande at ingen skular syns det er naturleg å søkje samarbeid med bibliotek når prosjektet handlar om lesing og bøker. Kanskje er biblioteka for usynlege. Eller har skulane ingen tillit til biblioteka? Fungerar biblioteka så dårleg at skulane ikkje trur at vi har noko å tilføre eit leseprosjekt? Eg har sett problemet på spissen her og veit eg
provoserar. Det er ikkje for å plage eg gjer det. Ikkje vil eg ha uvenner
heller. Eg syns denne situasjonen er verdt å bruke litt tid til å tenkje på.
Kanskje vi kunne fått til litt meningsutveksling om dette på e-postlista vår
også. For å dytte skulda over på andre, kan eg nemne at skulane truleg
ikkje har vore oppmuntra til å samarbeide meir med biblioteka. Det syns eg
er skuffande. Dersom ein les planen ”Gi rom for lesing” vil ein sjå at
samarbeid mellom skule og bibliotek er eit av tiltaka som regjeringa nemnar
for å oppnå målet. SkulebibliotekFleire og fleire kommunar legg ned bokbuss og bokbåt. Det er lite truleg at skulane som mister desse tilboda samtidig får auka budsjettposten til skulebibliotek. I vårt fylket er det mange små skular med lang vei til biblioteket i kommunen. Eg reknar med at dei fleste av skulebiblioteka manglar både pengar til bøker og personale. Skulebibliotek er sjølvsagt eit av tiltaka som er viktig i ”Gi rom for lesing”. Her skulle det skjedd mykje meir i fylket. Eg håper vi vil få fokus på skulebiblioteka på konferansen.
|
|||||||||
|
|
Vi på fylkesbiblioteket ynskjer alle ei
riktig
God Jul!
|
Sogn og
Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no |