http://www.sf.fylkesbibl.no/overskranken/

 

logo.gif (8458 bytes)

Meldingsblad
for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 
og NBF avd. Sogn og Fjordane

Nr. 1 2004
(publisert 17.06.04)


 


Biblioteka i fylket vil samarbeide meir

4. mai var 25 deltakarar frå biblioteka i fylket samla på Sunnfjord hotell i Førde for å lære og snakke om samarbeid mellom biblioteka i fylket. 

Etter innleiingar ved Anne Kristin Undlien, Elin Golten og Anja Angelskår Mjelde vart det gruppearbeid. Diskusjonen gjekk livleg og her fylgjer eit samandrag av innspela frå gruppearbeidet på seminaret: 

Kva ønskte deltakarane frå biblioteka?

  • Samarbeidsløysingar av ulike slag og på tvers av bibliotektypar og sektorar basert på behova i regionen.

Kva for gevinst kan vi få med betre samarbeid?

  • Fagleg utvikling/frigjering frå rutineoppgåver

  • Lokale nettverk

  • Erfaringsutveksling, lære av kvarandre

Deltakarane sitt forslag til samarbeidstiltak:

  • Lokale arrangement  

    • felles marknadsføring/info

    • utstillingar

  • Desentralisert fjernlån

    • skriftlege avtalar

    • transportordningar

  • Dataløysingar

    • utlånsreglement

    • servar

    • lånekort

    • web-adresse

    • katalogisering

    • dele fagekspertise

  • Lesestimulering

    • forfattarturnear

    • barnebibliotekar

  • Brukaropplæring

  • Innkjøpsordningar

  • Kurs/ auke bibliotekfagleg kompetanse

Kva bør fylkesbiblioteket si rolle vere?

  • Initiere utviklingsarbeid

  • Sjå på tvers av bibliotekstypar

  • Koordinere arbeidet og vere sekretariat  

På bakgrunn av dette vil fylkesbiblioteket rett etter sommarferien innby biblioteka til regionale møte for å kome saman og diskutere kva for samarbeid som er mest tenleg i den enkelte region.

Vi håpar at alle biblioteka sluttar opp om det vidare utviklingsarbeidet i regionen, og at vi no får sett biblioteksamarbeid på kartet i Sogn og Fjordane. 

Solveig Bjordal
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Fotoprosjektet på bokbussen

Vi omtalte prosjektet "Bokbussen hentar inn fortida" også i forrige nummer av "Over skranken". Då hadde vi vore med bussen på fotoinnsamling i Fjaler, Høyanger og Stryn. Etter jul har vi vore nye turar i Stryn og Høyanger, i tillegg til i Flora og Askvoll. Vi har fått skanna inn mange bilete til fylkesarkivet sin fotobase, sjølv om oppmøtet på enkelte turar nok kunne ha vore betre. 

Det viser seg at ein bør ha konkrete avtalar med personar/ lag/skular for at dei skal komme med foto for skanning. Dersom ein berre informerer og reklamerar for tiltaket, utan å gjere faste avtaler, risikerar ein at ingen dukkar opp. I Stryn har ein hatt eit svært godt samarbeid med historielaget, og fått inn mange bilete. Også der fotoinnsamlinga har vore del av prosjekt på skulane har vi fått inn godt med bilete, og det same gjeld der ein har hatt direktekontakt og avtale med enkeltpersonar.

Utstyret står framleis på bussen, og vi vurderar å ha fleire innsamlingsturar til hausten. Vi vurderar også muligheita for å gjennomføre slik fotoinnsamling på bokbåten.

Anja Angelskår Mjelde
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Utstillingar på Naustdal bibliotek

Her i Naustdal  har vi hatt litt utstillingar sidan jul, vi har hatt ei utstilling kor vi fokuserte på fantasybøker, ei utstilling som blei veldig godt motteke av publikum. Elevane syntes det var blitt så tøft på biblioteket.

På verdas bokdag hadde vi eit yrande liv. Det var lagt opp til at lærarane var rundt til andre klassar som dei ikkje vanlegvis var hos og leste ein time for dei. Dei eldre elevane var å leste for dei yngre. Vi hadde også forskjellige verkstadar kor ungane var inspirert frå litteraturen til både tegning og spikking. 2. klasse hadde skrive egne bøker som vi hadde stilt ut på biblioteket og 4.klassen hadde prøvd å lage forsider. Dei var også utstilt på biblioteket. Elles hadde vi laga ein gutekrok kor vi fokuserte på bøker for gutane, vi hadde også utstilt bøker av Thore Hansen. Den utstillinga som publikum likte best var den vi hadde laga kring arabisk litteratur.

Britt Kringlen
Naustdal bibliotek

[Toppen]


Bokbussen har hatt siste  tur i Flora og Askvoll

Bokbussen har i vår vore på sin siste tur til skular og lånarar i Flora og Askvoll. Det er trist å ta farvel med alle dei trufaste, gode lånarane i dei to kommunane. Mange av dei beste stoppa, det vil seie dei stoppa med mest utlån, ligg akkurat i desse to kommunane. Dårleg økonomi gjer at dei ikkje får behalde bokbussen. I Flora er fleire skular truga med nedlegging. Då vert nedlegging av bokbussen eit lite problem i samanlikning. Vi tenkjer likevel på alle dei barna som får dårlegare tilgang på bøker. I ei tid med satsing frå mange hald på lesestimulering, blir nedlegging av bokbussen meiningslaust. 

Vi som jobbar med bokbussen takkar biblioteka i Askvoll og Flora for det gode samarbeidet vi har hatt om bokbussen.

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]



Siste tur med bokbussen i Askvoll

Onsdag 2. juni køyrde Bokbussen sin siste tur i Askvoll. Kommunen har sagt opp avtalen med Fylkeskommunen frå 1. august 2004. Bokbussåret 2003 finansierte vi bokbussdrifta med pengar frå bokbudsjettet, men det kan sjølvsagt ikkje gå over ein lenger periode. Så nå er ein aktiv og vellukka periode med bokbussdrift over i vår kommune. Det har vore godt utlån på alle skulane i Askvoll og tilbodet har vore svært godt utnytta etter vår meining. Så når det no er slutt er det ikkje fordi det ikkje er bruk for tenesta, men fordi kommunepolitikarane ser etter alle utvegar til å spare pengar.

Vi er glad for at Bokbåten skal fortsatt gå i Askvoll.

Elevane, lærarane, Sølvi og Randi var både vemodige og triste denne siste dagen. Vi fekk inn mange fine teikningar og dikt som illustrerer dette !

Vi seier takk til Fylkesbiblioteket for godt samarbeid dei åra vi har hatt bokbuss, og seier oss leie for at det gjekk slik at tilbodet vart lagt ned.

Randi Bjørneset
Askvoll Bibliotek

Den sure bussen over er laga av Anja Amundesn, 6. klasse Atløy skule

 

 

 

Den flotte teikninga til venstre er laga av Magne Leon Høyvik, 4. klasse Atløy skule

[Toppen]


Nytt høgskulebibliotek i Førde

Omsider er gravemaskina sett i jorda for å byggje ny høgskule på Vie. Planen er at bygget skal stå ferdig neste sommar, 2005, slik at vi kan flytte inn og ta det i bruk før skuleåret tek til.

Det gamle bygget skal også brukast, men biblioteket får plass i det nye. Biblioteket på ingeniørutdanninga blir då slege saman med helsefagbiblioteket. Om lag 500 rutemeter er sett av til bibliotek. Vi hadde ynskt oss meir, men alle mål har skrumpa inn etter kvart som prossessen skreid fram. Dessverre er denne flata delt på to etasjar. Dei praktiske løysingane på innreiinga ser bra ut, så vi reknar med at det blir stor forandring til det betre når vi flytter inn i nybiblioteket. Kan hende folkebibliotekarane kan komme på besøk hit ein gong de har ei samling i Førde neste haust? 

Sigrid Gjelsvik
HSF, Biblioteket Vie

[Toppen]


Førde bibliotek skal fornyast

Førde bibliotek stengde 1. juni for å gjennomgå ei total forvandling. Vi har omsider kome opp på prioritert plass i Økonomiplanen og fått midlar til fornying av biblioteket. Prosjektet har vore arbeidd med sidan 2001, då vi fekk teikna ny planløysing. Våren 2004 har det gått med mykje tid til anbodskonkurranse, vurdering av anbod, val av møblar, inventar og fargar. Deretter var det planlegging av flytteprosessen: Nedpakking, lagring og tilbakeflytting.

Tysdag 1. juni starta vi den store flyttesjauen, det var stor innsats frå mange deltakarar, personalet på Førde bibliotek, på Fylkesbiblioteket, eit handball-lag innleigd for dugnad, og ikkje minst vaktmeistrane på Førdehuset. På mindre enn to dagar tømde vi heile biblioteket for bøker, som vi pakka i papp-kassar og stabla på pallar.

Vi trur vi har funne eit godt system for nedpakking, men korleis det fungerer i praksis, vil vi oppdage når vi skal flytte på plass igjen.

Dei gamle reolane i biblioteket går til gjenbruk for skulane, kommunearkivet og andre i kommunen. 

Det er valt Torco reolar og studiebord, og møblar frå Foraform og Håg. Førde-firmaet Hukset skal levere møblar og inventar. Det ”nye” biblioteket vil få eit lyst og lett uttrykk, bjørk og aluminium som materiale i inventar, og tekstilar i fargane blått og grønt. Det vil bli lesesal med studiebord, fleire sitjegrupper, og eiga ”avdeling” for ungdom.

Etter planen skal biblioteket opnast igjen omkring 1. juli. Mykje arbeid står att før vi kjem så langt, men det er ein dag vi ser fram mot med stor forventning.

Marie Dombestein
Førde bibliotek

[Toppen]


Leonardo-tur til Danmark 23.-28. mai 2004

Søndag den 23. mai 2004 kom fem forventningsfulle personer til København for å være deltakere på en studietur finansiert av EU-programmet Leonardo og Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen. Vi skulle i hovedsak studere informasjonskompetanse og litt lesestimulering. Som dere kanskje vet ble det arrangert en lignende tur i september/oktober i 2003. Den gang med 6 deltakere. Vi hadde fått tildelt 10 plasser av Leonardo, og på denne reisen var vi 4 deltakere pluss reiseleder. Deltakerne hadde det til felles at de arbeider i bibliotek ved de videregående skolene i fylket eller med bibliotekspørsmål på fylkesplan. De som var med denne gangen var valgt ut etter region.

Mandag 24. mai besøkte vi først Ballerup bibliotek som ligger i en av Københavns nabokommuner.  Det ligger mellom et stort kjøpesenter og en busstasjon med passasje mellom disse to gjennom biblioteket.  Virkelig en ideell beliggenhet! Biblioteket ble ferdig modernisert i 2003, og er svært spennende.  Det har en gjennomført design med mange flotte møbelgrupper rundt i lokalet. I tillegg er det godt lys i lokalene med overlysvinduer i øverste etasje. I barneavdelingen har de laget et flott ”fortellingens rom” hvor kunstneren Svend Otto S. har malt alle veggene med flotte motiv fra H. C. Andersens eventyr. Langs veggene er det en sammenhengende lav mørkeblå sofa hvor barn kan sitte og lytte til bl.a. opplesninger. Et herlig rom! I 1. etasje er det en hyggelig liten kafé som serverer økologiske småretter, og et utstillingslokale hvor forskjellige lag og organisasjoner kan ha utstilling. Lokalet er veldig ettertraktet og da vi var der var det et eldresenter som stilte ut flotte håndlagete gjenstander i forskjellige teknikker. I 2. etasje er det en studiesone med pc-er. I denne avdelingen er det mye brosjyrer fra for eksempel forbrukerorganisasjoner flott presentert i tillegg til håndboksamling og tidsskrifter. Er du i København-området anbefaler jeg varmt et besøk til dette biblioteket. 

Samme dag besøkte vi Handelsskolen i Ballerup (tilsvarende handelsgym i Norge). Her har de en dyktig skolebibliotekar, Anne Merete Hjort Jensen. Hun underviser elevene i informasjonssøking og har også innført ordningen ”bestill en bibliotekar”. Elevene kan bestille time hos henne og få personlig veiledning når de jobber med for eksempel prosjektoppgaver.  Hun framhevet også hvor viktig det er med samarbeid mellom bibliotekar og lærere, og at hun er aktivt til stede på lærerrommet som en del av lærerkollegiet. På denne måten kan begge parter få til godt faglig samarbeid. 

Tirsdag 25. mai besøkte vi først Danmarks pædagogiske bibliotek. Ane Sand Larsen viste oss rundt og fortalte om hvordan de har bygget opp fine læringsmiljøer forskjellige steder i biblioteket nesten uten kostnader. De har flyttet på reoler og brukt møbler de hadde fra før. I kjelleren har de laget en stille avdeling med arbeidsbord, godt lys og pc-er. Andre steder har de laget små studieenheter med ovale gruppebord, tilgang til pc-er, håndboksamling like i nærheten og tavler på hjul. Alle studieområdene blir mye brukt. Ane fortalte også om undervisningen de har i informasjonssøking og om gode og dårlige erfaringer de har med dette.

Senere på dagen besøkte vi Center for børnelitteratur hvor Anette Øster fortalte om danske lesestimuleringsprosjekt og om forskning hun har gjort i Norge, Sverige og Danmark om lesing.  Forskningsrapporten kommer ut som bok i disse dager og den heter ”Læs !les Läs”.

Onsdag 26. mai tok vi morgentog fra København til Odense og reiste videre med buss til det vakre stedet Kerteminde (flott feriested med nydelig strand…). Her skulle vi besøke den staselige lærerskolen for håndverksfag som dessverre skal nedlegges om et år. Skolen heter ”Seminariet for kunst og håndverk” og ligger flott til på en bakketopp. Vi ble møtt av bibliotekar Birgitte Nordborg Rasmussen og høyskolelektor i kunsthistorie Malene Linell Ipsen. Disse to har sammen utarbeidet et veldig bra og matnyttig opplegg for undervisning i informasjonskompetanse. Det er obligatorisk med kurs i oppgaveskriving og informasjonskompetanse etter 2 måneder på skolen. Det ble også tid til omvisning på skoleområdet hvor vi fikk se rakubrenning av keramikk, keramikkverksted, utstilling av bildende kunst og møbler. (Et lite tips i ferietiden: Folkehøyskolen på samme område har kjekke familiekurs om sommeren).

Om ettermiddagen besøkte vi Gina Bay på Syddansk Universitet i Odense. Gina fortalte oss om et spennende prosjekt hun har sammen med Institutt for religion. Elevene skal løse oppgaver om forskjellige retninger innen kristendommen uten bruk av kompendier og pensumlister. I dette opplegget er Gina kommet inn som en viktig medhjelper i informasjonssøkeprosessen. Hun synes det er bedre å ha undervisning direkte knyttet til slike oppgaver enn å gi generelle kurs ved semesterstart. I januar var Gina med på  å arrangere en konferanse om ”Måling av informasjonskompetanse”. Vi spurte om nyttige tips til dette, men konferansen hadde munnet ut i at ingen av foredragsholderne hadde funnet et godt svar på dette.

Torsdag 27. mai besøkte vi først Nordfyns Gymnasium. Vert denne dagen var bibliotekar Mette Tamborg.  På skolen skal de i sommer bygge et flott nytt læringssenter rundt bibliotekområdet. Vi fikk også en orientering om ”Det refleksive læringsmiljø” som er et samarbeidsprosjekt mellom Otterup bibliotek og gymnasiet. Mette Tamborg er ansatt som bibliotekar i dette prosjektet. Hun er aktivt med i lærerstaben (har ikke ansvar for daglig drift av biblioteket). Hun veileder elevene fra et bibliotekfaglig ståsted når de har prosjekter og gir undervisning i informasjonskompetanse. Et spennende prosjekt. Synd at det avsluttes i år fordi det ikke er prosjektmidler til videre drift på det nåværende tidspunkt.

Denne dagen besøkte vi også Otterup bibliotek som er samarbeidspartner i prosjektet over. Her fikk vi omvisning i et aktivt og spennende bibliotek som også inneholder en lokalhistorisk samling, har skiftende utstillinger (denne gangen om plantefarging av ull, silke og sisal), og en kultursal hvor det var eldretreff den dagen vi var der. Jess Dalsgaard fortalte om ”Prosjekt studiemiljø” som var et samarbeidsprosjekt mellom biblioteket og barneskolene i kommunen, og om lesestimuleringstiltak for barn. Han fortalte også om bibliotekets rolle i  prosjektet ”Det refleksive læringsmiljø”.

Om morgenen fredag 28. mai besøkte vi Odense Centralbibliotek i et par timer før vi reiste tilbake til Norge. Dette biblioteket ligger i byens Centralstasjon med tog- og busstasjon like utenfor. Centralbiblioteket består av hovedbiblioteket som vi besøkte, et flott musikkbibliotek ved Brandts klædefabrikk, lokalhistorisk bibliotek, 10 lokalbibliotek og et læringssenter i Vollsmose (se referat derfra  på fylkesbibliotekets hjemmesider).

Odense Centralbibliotek er et spennende bibliotek med nytenkende medarbeidere. I musikkbiblioteket har de eget lydverksted hvor man kan leie plass. Fra 1. september skal de i samarbeid med Phonofile låne ut musikkfiler fra internett. Vi fikk omvisning i biblioteket hvor utlånet er over 2 etasjer. Som i Otterup har de ”løst opp” Dewey og plassert bøkene i emnekategorier. Dette fungerer fint og gjør det stort sett lettere for brukerne å finne fram.  De har eget filmhjørne hvor man kan lese filmanmeldelser, låne bøker om film, låne film og lese i filmtidsskrifter. I avdeling for reiselitteratur fant vi et lurt tips. Her har de en stor samling guidebøker som kun er til bruk i biblioteket. Dette er på grunn av den store etterspørselen etter slik litteratur, og det store utlånet av slike bøker. Når folk kommer er bøkene utlånt, men for å bøte på dette har de laget den store stasjonære samlingen som er veldig populær. Biblioteket satser sterkt på informasjonskompetanse til forskjellige grupper mennesker. De ønsker å opprette Borgerservicesentre hvor en får hjelp til å fylle ut offentlige skjemaer som for eksempel selvangivelsen over nettet. Slik hjelp blir gitt i stor skala for innvandrere/asylsøkere i avdelingen i Vollsmose. Odense Centralbibliotek satser i framtiden på å være både et fysisk bibliotek og et digitalt bibliotek.

Og hva mer er en studietur??? Hyggelig sosialt samvær med kjekke mennesker, faglige diskusjoner underveis, mye god mat og drikke, trøtte ben, litt sightseeing i et hyggelig land, hektisk program, blide og godt forberedte personer på stedene vi besøkte som gav oss ny inspirasjon til arbeidet!  Ja, studieturer kan varmt anbefales!!!

Dette referatet er ment som en kort informasjon om studieturen vår.  Er du interessert i mer informasjon legger vi snart ut mer utfyllende referat fra turen på Sogn og Fjordane fylkesbiblioteks hjemmesider http://www.sf.fylkesbibl.no.  Der kan du også lese om turen som ble gjennomført høsten 2003.

 Solveig Lunde Rønne,
reiseleder og ansatt ved Stryn vidaregåande skule

[Toppen]


Styremøte i NBF Sogn og Fjordane

NBF Sogn og Fjordane

Styremøte 19. april 2004.
Møtet vart halde i Førdehuset.
Tilstades: Gerd Vik, Iren Riksheim Østvik, Eli Eidsvik, Sigyn Melvær Sunde, Randi Tveit Solheim og Gunnvor Schei.

Sak 1-2003/2004 Konstituering av styret

Styret konstituerte seg slik:
Leiar Gerd Vik
Kasserar Iren Riksheim Østvik
Skrivar Randi Tveit Solheim
Styremedlemmer Eli Eidsvik og Sigyn Melvær Sunde

Sak 2-2003/2004 Ymse

· Årleg bibliotekpris 
Det er sett fram forslag om vi skulle lage til ein årleg bibliotekpris. Korleis denne prisen skal utformast er ikkje klart. Den som skal få den kan t.d. vere eit bibliotek som har sett i verk gode idear, eller ein person som har talt biblioteket si sak. Vi kan legge fram forslag om ein pris på neste årsmøte. Iren skal forhøyre seg om andre bibliotekprisar og idear.

· Samanslåing NBF Sogn og Fjordane og eit av nabofylka. 
Vi skal undersøke vidare om samanslåing av NBF Sogn og Fjordane med Hordaland eller Møre og Romsdal kan vere aktuelt. Kanskje vi skal ha tettare samarbeid i staden for samanslåing. Vi må også spørje om dei eventuelt er interessert i samanslåing. Eli skal snakke med David Beadle i NBF Møre og Romsdal, og Gerd med Lena Jensen i NBF Hordaland. Gerd skal også kontakte region Nord-Norge for å høyre korleis samarbeid mellom fleire fylke fungerer.

· Bibliotekdagane i Bergen
Fylkesbiblioteka i Sogn og Fjordane og Hordaland er samde om å arrangere felles bibliotekmøtedagar i Bergen. Tema blir truleg "inspirasjon". Dei har reservert 28.-29. september på Bergen kongressenter, møterom i 2 dagar og overnatting til ca. 30 personar. Datoen kan bli endra. 

· Kursutviklingsprosjektet
Vi har fått sluttrapporten om prosjektet "Kursutvikling" og skal undersøke om årsmøtet i NBF har følgt det opp på eit eller anna vis. 

· NBF-arkiv i kjellaren på Førdehuset
Gunnvor viste oss rundt i kjellaren på Førdehuset, mellom anna det arkivskapet NBF Sogn og Fjordane har ståande der. Dette skapet inneheld papir heilt tilbake til 1930-talet. Nøkkelen tek fylkesbiblioteket vare på.

· Neste møte
Førdehuset, mandag 24. mai kl. 10.00


Svelgen, 3. mai 2004
Randi Tveit Solheim
- skrivar -


[Toppen]


Styremøte 24. mai 2004

Møtet vart halde i Førdehuset.
Tilstades: Gerd Vik, Eli Eidsvik, Sigyn Melvær Sunde, Randi Tveit Solheim og Gunnvor Schei.

Sak 3-2003/2004

Bibliotekdagane i Bergen 28.-29. september
Bibliotekdagane skal i år vere delvis saman med Hordaland og haldast i Bergen. Første dagen har vi felles med Hordaland, medan andre dagen skal vi for det meste vere for oss sjølv. Årsmøtet i NBF skal vi halde i byrjinga av andre dag. Bibliotekdagane blir avslutta med eit besøk på Bergen offentlige bibliotek eller ein filial. Detaljane for kva dagane skal innehalde er endå ikkje heilt klarlagt, men tema er framleis "inspirasjon".

Sak 4-2003/2004

Samanslåing NBF Sogn og Fjordane og eit av nabofylka
Vi har undersøkt litt om samanslåing av NBF Sogn og Fjordane med Hordaland eller Møre og Romsdal kan vere aktuelt. Kanskje vi skal ha tettare samarbeid i staden for samanslåing.

Gerd snakka med Lena Jensen, ny leiar i Hordaland NBF. Ho var positiv til tanken. Det kan tenkast at eit utvida samarbeid er like greitt som full samanslåing. Vi kan samarbeide tettare om t.d. studieturar og ymse kurs.

Eli snakka med David Beadle i Møre og Romsdal. Han var ikkje negativ til tanken, men dei har same problemet der i fylket når det gjeld å finne folk. Dei skal ha styremøte i august og diskuterer saka då. Elles er det vanskelegare for dei fleste her i fylket å reise til Møre og Romsdal enn til Hordaland.

Gerd hadde ikkje fått svar frå Region Nord-Noreg då vi hadde møtet 24. mai, så det svaret, som kom nokre dagar seinare, blir lagt ved møtereferatet.

Sak 5-2003/2004

Årleg bibliotekpris
Vi jobbar framleis med utforminga av ein årleg bibliotekpris. Iren undersøker litt omkring andre bibliotekprisar for å få idear.

Vi skal legge fram forslag om ein pris på neste årsmøte.

Sak 6-2003/2004

Neste møte
Førdehuset, onsdag 25. august kl. 10.00

Svelgen, 14. juni 2004
Randi Tveit Solheim
- skrivar -

 


Bibliotekstatistikken  

Bibliotekstatistikken for 2003 viser at det nok eit år er ein auke i utlånet frå biblioteka i fylket, frå 5,44 til 5,67 utlån pr innbyggjar. Og som året før viser rekneskapen ein nedgang i kva som er brukt til medieinnkjøp. Det er store forskjellar mellom biblioteka. På utlånstoppen tronar igjen Høyanger, som har 11,95 utlån pr. innbyggjar, på botn ligg Vågsøy 2,2 utlån pr. innbyggjar. Også økonomisk ligg Vågsøy på botn, dei brukte  berre 9,24 kr pr innbyggjar til medieinnkjøp, medan Aurland brukte 81,41. 
Heile folkebibliotekstatistikken og årsmelding for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek er lagt ut her.

Anja Angelskår Mjelde
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bokbåten

Bokbåtturen til hausten vil gå i perioden 21. oktober til 8. november. Haustturen vil, for første gong, inngå som ein del av Den kulturelle skulesekken. Difor vil nokre fleire stader, i tillegg til dei 37 ordinære bokbåtstoppa i Sogn og Fjordane, få eit kulturtilbod. I haust skal me ha med oss Helge Sveen og Roger Hilleren med framsyninga Ha det på badet. Dette er eit teaterstykke med rim, song og humor. Les meir om programmet i katalogen til Den kulturelle skulesekken.

Ingrid Dræge
Fylkesbiblioteket

Vi har tatt ein del bilete på bokbåtturane, og her er nokre frå haustturen 2003 og vårturen 2004.

T.v.: Slik kan det sjå ut når det stormar, og ein ikkje har fått surra fast bøkene.

T.h: Christin Grilstad Prøis var med som "kultur" på vinterturen 2004, og tok også i eit tak under "storm- oppryddinga".

T.v.: Christin Grilstad Prøis var med bokbåten med  forestillinga "Heksagon".

T.h.: På Brosvik sjekkar desse jentene ut fantasy-hylla.

 

Ein bibliotekar har mange arbeidsoppgåver. Her barberar Ingrid Dræge hovudet til Geir Robsrud, som var med bokbåten hausten 2003, med forestillinga "Finagel felespiller".

Skipper Leif og kokk Roy Willy slappar av på Bakka, vinterturen 2004.

 

[Toppen]


Forfattarbesøk i Den kulturelle skulesekken?

I fylket vårt har vi satsa mykje på litteraturformidling, mest forfattarbesøk, i Den kulturelle skulesekken (DKS). Frå hausten er dette biletet svært endra. Då er 10 nye kommunar med i DKS, og dermed er alle skulane i fylket med og skal ha tilbod frå skulesekken.

På fylkesplan er det ikkje ressursar nok til å lage alle turneane som skal til for å fylle opp tilbodet. Samtidig skal 1/3 av DKS-midlane gå direkte til kommunane for at dei skal kunne lage eigne lokale tilbod. Mange entusiastar rundt i kommunane har idear dei gjerne vil setje ut i livet. Det ville vere synd om alt kulturtilbodet i skulen skulle komme som store turnear frå fylkeskommunen. Det har heile tida vore eit mål at DKS også skulle inkludere lokale ressursar, til dømes lokale kunstnarar, museum osb. Ein ønskjer også at folkebiblioteka skal utvikle eigne tilbod i den ”lokale skulesekken”. 

Når mykje av midlane til DKS går direkte ut til kommunane og det samtidig kjem ein del midlar til fylket gjennom  tiltaksplanen ”Gi rom for lesing”, vil ikkje prosjektleiinga i DKS lenger prioritere å lage forfattarturnear på fylkesplan. Dette betyr at skulane og biblioteka må saman eller kvar for seg sørgje for at dei ”lokale” midlane frå DKS vert sett av til forfattarbesøk, gjerne i samanheng med leseprosjekt med midlar frå ”Gi rom for lesing”.

Alle folkebiblioteka i fylket bør være involvert i arbeidet med DKS i kommunen slik at dei kan sørgje for at litteraturformidling vert prioritert. Kvar kommune har oppretta eit kulturforum. Kulturforumet samordnar og prioriterar kva lokale midlar skal brukast til. Dei samordnar også ønskja frå skulane til fylkestilbodet. I nokre kommunar har biblioteka blitt bede om å sitje i kulturforumet. Dersom biblioteket ikkje har blitt kontakta om å sitje i kulturforumet, må ein berre krevje å få vere med.

Fylkesbiblioteket hjelper gjerne med råd om å lage forfattarturnear.

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


-Andre år med ”Gi rom for lesing”

Vi er no i gang med andre året av satsinga ”Gi rom for lesing”. Utdanningsavdelinga hos fylkesmannen får i år nye pengar, 492.000 kroner, som skal delast ut til gode leseprosjekt i fylket. Satsinga gjeld barnehage, grunnskule og vidaregåande skular. Samarbeid med bibliotek er peikt på som særlig viktig frå departementet. Fylkesbiblioteket oppfordrar derfor biblioteka til å kontakte skulane med tilbod om hjelp og råd. Ta initiativ til å samarbeide om leseprosjekt. Det fins mange gode, enkle oppskriftar for leseprosjekt. Sjå for eksempel http://www.trolliord.org for tips. Fylkesbiblioteket hjelper også med tips til lesestimulering. Prosjekta treng ikkje å være store og avanserte. Utdanningsavdelinga har laga ein base med alle prosjekta som fekk tilskott i 2003, Prosjektdatabasen http://kompetansekatalogar.hisf.no/SU_Fou/index.htm. Her får ein oversikt over kva som skjer av lesestimulerande tiltak i skular i fylket.

Kvar skule skal lage strategiplan for lesestimulering for alle klassetrinna. Her kan biblioteka støtte med råd og idear. Utarbeiding av strategiplan kan vere ein del av eit leseprosjekt. Dersom ein ha bruke forfattarbesøk som ein del av eit leseprosjekt, kan ein skaffe midlar til dette frå Den kulturelle skulesekken. Kvar kommune får tilskot til lokale tiltak frå DKS.

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bibliotekdagane 2004

På bibliotekdagane i Selje i fjor fekk vi signal om at det kunne vore kjekt å sjå noko "større". I år legg vi difor møtet til Bergen, på Bergen kongressenter, 28. og 29. september. Programmet er ikkje klart enno, men planen er at vi startar med lunsj den 28. og etterpå vert det fellesmøte med bibliotekfolk frå Hordaland. 29. vert det samrådsmøte og årsmøte i NBF. Vi planlegg og omvisning på Bergen offentlige bibliotek, evnt. ein filial. Kanskje får vi og tid til meir fagleg påfyll.

Kryss av dagane i kalendaren alt no, så sjåast vi i Bergen til hausten.

Gunnvor Schei
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Kurs og møte

Fylkesbiblioteket og Opplæringsavdelinga arrangerte i april eit kurs i søk på internett for tilsette i folkebibliotek og vidaregåande skule. Kursleiaraar var Solveig Eik og Rigmor Haug frå Vestfold fylkesbibliotek, og vi fekk ei god gjennomgang av ulike søkeverktøy og -metodar. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar på dette kurset.

I mai arrangerte fylkesbiblioteket seminaret "Biblioteksamarbeid - mogelegheiter og fallgruver". Dette har Solveig Bjordal skrive om over

[Toppen]


Kasper Vejen - ny biblioteksjef i Sogndal

Danske Kasper var ferdig utdanna som bibliotekar i 1992. Etter eit år hadde han enno ikkje funne seg nokon jobb i Danmark. I august 1993 søkte han derfor jobb i Noreg og hamna som biblioteksjef i Målselv. Seinare har han vore innom Nasjonalbiblioteket i Rana, biblioteket ved den vidaregåande skulen i Vadsø og Høgskulen i Agder.

Kasper har med andre ord erfaring frå mange typar bibliotek frå nord til sør i landet. Etter mange skifte av jobb (fleire av jobbane har vore vikariat) ønska han seg no ein fast jobb. Vestlandet var enno uprøva  og dermed kom han hit. 1. mars starta han i jobben her i Sogndal.

Kasper meiner den største forskjellen på danske og norske bibliotek er personalresursane. Norske bibliotek har færre tilsette enn danske bibliotek med same storleik. Deltidstilsette er og meir vanleg her enn i Danmark. Elles vil det naturleg nok vere slik at når ein kjem til eit anna land kjenner ei ikkje umiddelbart det andre landet sin litteratur like godt som sin eigen.

Vi ønskjer Kasper lukke til i jobben og håpar han finn seg til rette i Sogndal

Signe Witsø
Sogndal bibliotek

[Toppen]


Nytt om namn

På fylkesbiblioteket er Gunnvor Schei konstituert som fylkesbiblioteksjef i tida 15.04.04 - 28.02.05. Tidlegare fylkesbiblioteksjef Solveig Bjordal har i same tidsrommet gått over i rådgjevarstilling og vil arbeide med prosjekt- og utvikingsoppgåver knytt til kommunalt og interkommunalt biblioteksamarbeid, oppfølgjing på ABM-sektoren, m.m.

Guri Aarhus har jobba i 50 % på Førde bibliotek frå 1. april, og vil auke opp til 100 % frå 1. august. Guri er vikar for Ann-Kristin Hovstad som er ute i omsorgspermisjon.

Kasper Vejen tok 1. mars til som biblioteksjef i Sogndal. 

Gerd Vik har permisjon frå Sogndal bibliotek og arbeider no ved høgskulebibliotekavdelinga Fjøra.

1. april 2004 fekk Selje folkeboksamling ny biblioteksjef, Rita Kvamme, frå Årsheim i Selje kommune. Ved hovudbiblioteket er det no to tilsette, biblioteksjefen i 50 % og bibliotekassistent Eli Eide Årevik i 50 %.

I Aurland har Elsa Stentvedt gått av med pensjon. Andreas Buzzi Nøttestad har slutta i stillinga som biblioteksjef, og det er førebels ikkje tilsett ny biblioteksjef.

På Øyrane vidaregåande skule tar Gørild Benjaminsen over ansvaret for skulebiblioteket frå hausten og eit år framover, og Rune Thingnes vikarierar for Guri Aarhus på Hafstad vidaregåande skule.

 


God sommar til alle frå 
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek!


[Toppen]

 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no 
Tlf: 57721880, Faks: 57721893, E-post:admin@sf.fylkesbibl.no
Sist oppdatert 17.06.04 av Anja Angelskår Mjelde