Bibliotekdagane 2003Om lag 40 deltakarar frå biblioteka i fylket var samla i vakre Selje 8.–9. september. Veret var som alltid bra og vi fekk oppleve to fine dagar. Første dagen var det tid til informasjonsutveksling og etterpå var det lagt opp til sosiale program: tur til Selje kloster eller besøk på Amdam galleri. Begge besøk var svært vellukka. Om kvelden hadde vi besøk av forfattaren Harald Rosenløw Eeg som haldt eit fengslande innlegg om korleis ein skal få elevane interessert og om korleis ein kan øydeleggje barnet sitt syn på litteratur og lesing. Andre dagen starta med ein spasertur til Selje bibliotek, der fung. biblioteksjef Eli Eide Årevik tok vel imot oss. Programmet for andre dag var "Det gode bibliotek om ti år". Vi hadde Anders Ericson som inspirerande innleiar. Han hadde eit imponerande vell av idear og fakta og fekk ein god dialog med deltakarane. Etter gruppearbeid kom deltakarane sitt syn på framtida. Alt skjer raskt i våre dagar og det set krav til oppdatering og kompetanse for vi skal henge med. Biblioteka er små einingar og mange av personalet kjenner seg isolert både fagleg og sosialt. Vi må byggje nettverk og vi trenger meir inspirasjon om vi skal henge med og verte betre formidlarar i framtida. Krukkene treng påfyll!!! Vi hadde også besøk av ein sprudlande og optimistisk Landbruksdirektør som delte ut Norges Landbrukshistorie til alle folkebiblioteka. Vi takkar personalet ved Selje bibliotek for hjelp til gjennomføringa. Fylkesbiblioteket og Sogn og Fjordane biblioteklag jobber vidare med tilbakemeldingane. På nyåret kjem det ein kurs- og møtekatalog for kompetanseheving, og Bibliotekdagane neste år må bli inspirasjons-og optimismedagar. Eg nyttar og høve til å takke alt bibliotekpersonale
i fylket for ein flotte innsats i 2003. Besøkstala og utlånstala er
gode, sjølv om bemanning og løyvingar er låge. Mange varme helsingar frå Solveig Solveig Bjordal, Jubileumsfeiring Førde bibliotek
Fylkesbiblioteket tok for seg sin del av historia, frå sentralbibliotek til skilsmissen i 1981. Fylkesbiblioteket ved Anne, Solveig, Ingrid, Gunnvor og Oddny framførte så til ære for oss "Sommel i reol" a capella, til stor applaus. Kirsten Sunde var tilsett ved Førde bibliotek fram til 2001, ho fortalde frå flyttinga av biblioteket til Førdehuset.
Vi serverte så kaffi og julekaker til alle som var innom. Ann-Kristin hadde bakt fleire sortar etter Schønberg Erken sine oppskrifter. Dei smakte fortreffeleg! Vi hadde også laga utstilling, gamle og nyare bilete og gjenstandar frå biblioteket si historie, t.d. første utlånsprotokollen frå 1854. Torunn hadde gjort det mest av arbeidet med utstillinga.
Dette var biblioteket sitt "stunt" dette året, gjennomført mot alle odds, på tross av stort sjukefråver i haust, dårleg tid til førebuing og nesten ingen midlar. Dette var eit skikkeleg teamarbeid, alle hadde strekt seg langt for å få det gjennomført. Vi er alle stolte og glade over det gode resultatet, og tek no juleferie med godt samvit! Marie Dombestein, Marit Nicolaysen på forfattarbesøk i SogndalMåndag 3. november hadde vi besøk av Marit Nicolaysen her på Sogndal bibliotek. Alle kjenner vel bøkene om "Svein og rotta". Det gjorde alle 4.klassingane frå Trudvang skule og 3. og 4. klassingane frå Kaupanger, Norane og Fjærland skule og. Til saman fekk 140 elevar + nokre lærarar eit triveleg møte med ein engasjert forfattar. Vi fekk m.a. vite at hetterotta "Halvorsen" hadde levd i verkelegheita, men at han var død for fleire år sidan og seinare avløyst av stadig nye hetterotter i heimen til Marit. Og tamrotter er SÅÅÅ kosete og trivelege kjæledyr! Det vart stilt mange spørsmål både omkring det å vere forfattar og om ting som har skjedd i dei forskjellige bøkene. Den nyaste boka "Svein og rotta og det store gavekaoset" var det ingen som hadde lest enno. Marit leste høgt nokre sider frå starten på boka til stor fornøyelse både for ungane og oss vaksne som var til stades. Og kanskje kjem det enno ei bok om "Svein og rotta"?? Marit Nicolaysen kan iallfall anbefalast om nokon tenkjer på forfattarbesøk for denne aldersgruppa (+/-). Signe Witsø, LesestafettenLesestafetten på Hafstad vidaregåande skuleHafstad vidaregåande skule er ein av to skular her i fylket som fekk spørsmål frå fylkesbiblioteket om å vera med på Lesestafetten. Me tykte det høyrdest kjekt ut, så me slo til. Det me var mest usikre på, var om elevane tykte det verka moro også, men det gjorde dei heldigvis. Lesestafetten går ut på at elevar i vidaregåande skule skal formidla litteratur til elevar i ungdomsskulen. Hafstad vidaregåande skule er ein skule med ca 440 elevar, og dei aller fleste går allmenne fag, men den klassen som var med i prosjektet var Sal og Service, VK1. Dette er ein liten klasse med berre 15 elevar, så me enda opp med seks grupper. Før dei sette i gong på eiga hand skulle dei få litt inspirasjon frå profesjonelle. Først var me så heldige at me fekk forfattaren Harald Rosenløw Eeg på besøk, han fortalde om sine bøker og korleis det er å vera forfattar. Han var flink å formidla og klarte å engasjera elevane til å stilla spørsmål. Etter besøket var det ganske mange elevar som kom på skulebiblioteket for å låna bøker, både av han og andre forfattarar. Nokre veker etter forfattarbesøket hadde klassen eit opplegg med amatørteaterkonsulent Berit Snøan ved Sogn og Fjordane teater. Dei fekk ei innføring i teatersport og lærte korleis dei kunne dramatisera den litteraturen dei skulle presentera. Elevane måtte velja seg ut bøker dei ville lesa, me prøvde saman å finna dei rette bøkene, men nokre gonger måtte elevane lesa fleire bøker før dei fann den dei ville presentera (og det er jo ikkje akkurat eit problem sett med norsklærar eller bibliotekar sine auge...). Spennvidda på litteraturen elevane valde å presentera vart ganske stor, frå "Bror min" av Kjell Aukrust til "Amputasjon" av Henrik Hovland. Presentasjonane vart ulike, og to av gruppene nytta seg av det dei hadde lært på kurset i teatersport. Elevane jobba godt, særleg under press og alt i alt gjekk framføringane fint. Alle involverte pusta i alle fall letta ut etter siste framføring! Guri Aarhus,
|
|||||||||||||||||||||||||
|
Kvar klasse hadde to skuletimar med Eeg. Det var to intense timar i kvar klasse. Forfattaren bruker mykje energi og gir mykje av seg sjølv når han har timar. Eeg fortalde at han no sjeldan tek på seg forfattarbesøk, blant anna for å kunne skrive. Når han skal møte ein klasse, vil han at dei skal være godt budd, vite om at han kjem, ha lese i det minste noko av det han har skrive. Eeg er sterkt oppteken av at barn og unge må bli glad i å lese. Derfor blir han skuffa viss han ikkje opplever at klassen er førebudd, at læraren ikkje har gjort jobben sin på førehand. Klassen skal ikkje vere likegyldig til at det kjem ein forfattar.
Berre nokre få bibliotek fekk tilbod om besøk av Eeg på dei tre dagane han var i Sogn og Fjordane. Han var på Sandane, i Askvoll og Fjaler, i tillegg til dei fire klassane på vidaregåande som fekk besøk i samband med Lesestafetten.
Anne Sagen,
fylkesbiblioteket
Ein liten kommune med stram økonomi må spare! Husleiga til biblioteket vart i første omgang kulturen sitt bidrag til sparekniven. Vi hadde to kommunale bygg som kunne vere aktuelle å flytte til, kommunehuset eller skulen! På skulen måtte ei omfattande ombygging til – så då vart det kommunestyresalen/kantina og det tidlegare kyrkjekontoret på kommunehuset. Kommunestyresalen har vore omtala som den mørke salen for dei folkevalde - så det var eit stort problem, korleis få nok lys??
19. mai stengde biblioteket i bankbygget på Skei, med optimistisk plakat på døra om at vi skulle få det fint i nye lokale òg. Då starta ei hektisk tid med planlegging, pakking , ombygging, maling, ut med gamle nålefiltteppe og vekk med dei mørke glaskarmane, skruing…venting på snikkarar og malarar og mykje anna rart. Det er først når ein skal flytte ein får vite kva ein har! Heldigvis finst det ein bokby som kan bruke dei bøkene som vert lite brukte – det vert litt lettare å kassere når eg veit dei kan komme til nytte …
Bøkene vart lagde på paller (god ide, takk til Askvoll!) og surra med folieplast, vaktmestertenesta stilte med pallegaffel og lastebil og endeleg i september kunne vi starte oppattmonteringa. Plakat på kantinedøra oppfordra alle kommunalt tilsette til ein "trimtur" som bokberar før nista kunne nytast med betre samvit!
Omsider hadde 13. oktober kome og vi kunne opne dørene att. Mange av dei gamle lånarane kom allereie første dagen – og dei gav tydeleg uttrykk for at dei hadde sakna biblioteket Jammen er det godt å vite det!!!
Vi har fått eit fleksibelt bibliotekrom der kommunestyret fortsatt kan ha møta sine og der dei tilsette på huset kan ete nista si som før! Begge deler i mykje trivelegare omgjevnader.
Alt er ikkje komme heilt i gjenge enno, men vi syns vi har fått det fint og at det er mange mogelegheiter sjølv om vi har flytta litt ut av "sentrum"!
God jul til alle og stikk gjerne innom dersom de fer forbi Skei!
Grete Skaar Sunde,
biblioteksjef, Jølster bibliotek
Samlokalisering gjev kombinasjonsbibliotek for Luster vidaregåande skule, Luster folkebibliotek (Hafslo filial) og Hafslo barne- og ungdomsskule. Det er førebels på planleggingsstadiet med byggestart etter påske. Det er sett av 250 m2 til biblioteklokale. Dette er eit spennande prosjekt som sikkert vil bli eit aktivum for alle partar.
Ellen Borch Veum,
biblioteksjef, Luster folkebibliotek
Bokbåten legg ut på vinterturen 23. februar, og reiser rundt i fylket til og med 12. mars. Underhaldninga på vinterturen 2004 er det Christin Grilstad Prøis frå Kaosoperatørene som står for med programmet "Heksagon". Forestillinga er "et annerledes forfatterbesøk", der ein får "...en opplevelse av teater, musikk og litteratur". Meir om programmet og heile bokbåtruta blir lagt ut på bokbåten sine nettsider når dette er klart.
Kva kunnskap treng ein for å verte ein god informasjonssøkar? Og korleis skal vi rettleie bibliotekbrukarar når vi ikkje lenger berre har ein kvalitetssikra bok- og referansesamling å forhalde oss til, men også elektroniske informasjonskjelder som endrar seg heile tida?
Dette var tema på konferansen "Den kvalifiserte informasjonssøkaren" som fann stad 23.–24. oktober på Vesterland hotell i Kaupanger. Tretti bibliotekarar og lærarar drøfta korleis vi skal møte dei nye utfordringane i bibliotek og skule. Deltakarane var frå grunnskular, vidaregåande skular, folkebibliotek og fagbibliotek.
Elisabeth T. Rafste og Agneta Lantz hadde ansvar for det faglege innhaldet på konferansen. Rafste underviser i pedagogikk ved Høgskulen i Agder. Ho har skrive den første norske doktorgradsavhandlinga om skulebibliotek: "Et sted å lære eller et sted å være?" som kom i 2001. Agneta Lanz arbeider ved Linköping Universitetsbibliotek, der ho er ansvarleg for undervisning i pedagogikk og informasjonssøking. Lanz er utdanna bibliotekar og pedagog, og har mangeårig erfaring i pedagogisk utviklingsarbeid knytt til bibliotek og IT.
Programmet på konferansen var samansett av innføring i pedagogisk og bibliotekfagleg teori og diskusjon om praktisk gjennomføring av brukarundervisning og rettleiing. Deltakarane brukte mykje tid på gruppediskusjonar, der oppgåva var å konkretisere korleis vi kan arbeide for å fremje informasjonskompetanse på vår eigen arbeidsplass. Tilbakemeldingane frå deltakarane tydde på at mange fekk mykje ut av foredrag og diskusjonar.
Du kan lese meir om konferansen på fylkesbiblioteket sine nettsider: http://www.sf.fylkesbibl.no/internasjonalt/ferdigseminar.htm
Siri Ingvaldsen,
RCN United World College
Førde bibliotek fekk i slutten av oktober den gledelege meldinga frå Bergum mottakssenter at dei ville kjøpe ny PC til oss.
Meldinga frå leiaren på mottaket Else Aabrekk, lydde slik: "Først vil eg takke for at biblioteket vårt gjev oss, inkludert våre bebuarar, eit veldig godt bibliotektilbod! Vi er likevel kjent med at våre bebuarar er storbrukarar av internett-tenestene hos dykk, og at trafikken "vår" er eit kapasitetsproblem for dykk. Hero vil gjerne kompensere for den slitasjen dette representerer og bidra med ei ny maskin til dykk." Ein fredag i slutten av november kom mottaksleiaren og to av asylsøkjarane og overrekte PCen saman med ein flott blomsterbukett.
Vi har to maskiner for internett-bruk. På desse er det stort sett kø, og svært få norske namn på listene. Vi har i tillegg 4 maskiner som på grunn av si spesielle historie er reservert for pensjonistar og studentar. Ei ekstra maskin til internett-bruk er derfor ei svært kjærkomen gåve, og vil nok komme både asylsøkjarar og andre brukarar til nytte.
På grunn av kapasitetsproblem både når det gjeld personale og nett, ventar vi framleis på at den skal bli installert!
Marie Dombestein
biblioteksjef, Førde bibliotek
Min buss er lasta med...hekser! Mange små og store lånarar fekk nok eit minneverdig bokbussbesøk i oktober og november. Lesekampanjen med den populære fantasysjangeren i fokus vart lansert. Bussjåfør Sølvi og dei ulike bibliotekarane stilte i ekte heksehabitt, inkludert svartmåla lepper og kvitpudra kinn. Litt dekorasjon av veggar og tak skapte også stemning, blant anna med vår heimelaga Nimbus 2000-variant.
I eigne hyller fann lånarane ekstra mange bøker om trollmenn, hekser, vampyrar, magi, alternative verder og alle andre (u)moglege ingrediensar som vi kanskje spesielt kan lokke lite leselystne gutar til å utforske nærmare. Men her finst stoff for alle.
Skuleelevar som lånte fantasybøker fekk med seg eit bokmeldingsskjema dei kunne fylle ut og levere tilbake ved neste besøk. Vi fekk god respons. I alt har vi fått inn 113 flott utfylte skjema. Ved å skrive ei omtale, fortelje kva ein likar eller mislikar med boka og gje terningkast, var ein med i trekning om fleire ulike premiar.
Haustkampanjen slo godt an, og det var kjekt for oss at NRK Vestlandsrevyen var innom då bussen var i Førde. Sølvi gjorde ein kjempejobb på TV. Ho fortalde om kvifor vi satsa på fantasy. Om gutar som ikkje vil lese fordi dei får jentebøker. Sølvi si høne Priscilla sette ein ekstra spiss på innslaget. Også Frokost-TV viste det friske og artige innslaget om heksa bak rattet, 2 ganger til og med.
Smakebitar frå omtalar vi fekk inn:
Dr. Eeks grøssende eksperimenter, av R.L. Stine:
"Eg likar boka fordi den har mange spennande sluttar, og at eg kan
velje sluttane sjølv." Terningkast 5. (Hildegunn, 7. kl.)
Matilda, litt av ein robot, av Phillip Newth:
"Eg likar den for det er robotar og galne professorar som er
med." Ternigkast 6. (Chris-André, 5. kl.)
Grøsserhåndboka, av Paul Van Loon:
" Eg likar boka fordi den var full av grøss, eg elskar grøss. Ho
fortel alt ein treng å vite om vampyrar, hekser, varulv, monstre og andre
fæle og skumle skapningar. (Eg anbefaler boka for dei som likar grøss,
men advarer pingler)." Terningkast 6. (Kristine, 6. kl.)
Tatzka Kora, av B. Andreas Bull-Hansen:
"Dette er ei dritbra bok om kjærligheit, forviklingar, hat og
action. Bull-Hansen er ein god forfattar." Terningkast 5. (Jørgen,
7. kl.)
Siv Fosstvedt,
praktikant, fylkesbiblioteket
Diverse hekser (og ein trollmann) frå haustens fantasy-kampanje på bokbussen. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
På bokbussen har det skjedd mykje rart for denne hausten. Eg har verkeleg fått øve meg i å skrive pressemeldingar. Først aula det av flaggermus og hekser og lånarane las bøker og skreiv bokmeldingar. Så måtte vi skunde oss å få inn dei nye maskinane som var kjøpt inn for å ta seg av skanning av gamle foto i bussen i prosjektet "Bokbussen hentar inn fortida". Det har vore mykje fram og tilbake med mange samarbeidspartnarar. Enno er vi bare så vidt i gang med arbeidet med å samle inn foto. Vi samarbeidar med biblioteka i dei kommunane som har bokbuss, og med Arild Reppen, fotoarkivaren på fylkesarkivet. Fleire skular og sogelag er også i ferd med å bli involverte.
Les meir om prosjektet, utvalskriterium, praktisk gjennomføring osv.
Fjaler
![]() |
|
Svein Ove Nistad hadde med seg mange bilete, og her forklarar Anja korleis han skal fylle ut opplysningar om kvart bilete. |
Bokbussen samla inn foto i Fjaler måndag den 17. nov. På denne første turen var både Arild Reppen frå fylkesarkivet og Anja Angelskår Mjelde frå fylkesbiblioteket med for å få ein skikkeleg gjennomgang av utstyr og rutiner. Om morgonen var bussen på Flekke skule der 3. og 4. klasse hadde samla inn foto på førehand. Dei har starta elevbedrift og skal tene pengar på å lage kalender av bilda dei har samla inn. Kalenderen sel dei no før jul. I tillegg til elevane var det også eit par andre som kom med foto på dette stoppet. Etter Flekke hadde bussen stopp i to timar utanfor Fjalerhuset kor både biblioteket og eldrekafeen ligg. Der hadde dei berre besøk av to personar, men til gjengjeld hadde desse to med seg så mange bilde at det var nok å gjere.
Høyanger
Onsdag 10. desember samla vi inn foto i Høyanger. Det var ein litt utvida
"vanleg" tur, der Anja var med frå fylkesbiblioteket. Vi hadde
to ekstra stopp, ein time i Vadheim og ein i Lavik. Jorunn Systad hadde
kontakta dei faste lånarane på dei vanlege stoppa med informasjon om
innsamlinga på førehand. Ytre Sogn hadde intervju med Jorunn om
saka og biblioteket hadde inne annonse. Det vart ikkje veldig mange som
kom med foto, men veret var ekstremt den dagen, storm og regn, og då kan
ein kanskje ikkje forvente så mange. Jorunn fekk opplæring i bruk av
utstyret, og kan skanne bilete ved behov utover våren. Sidan ho har
relativt rolege stopp har ho høve til å ta seg av skanninga aleine på
dei vanlege turane ho har. I februar samarbeider Jorunn med Lavik skule om
innsamling av foto, og Høyanger sentrum vil få besøk av bussen ein
laurdag til våren. Det har ikkje vore organisert innsamlingar av foto i
Høyanger før, så her skulle vere mykje å hente.
Stryn
Stryn er i god gang med å organisere innsamling på bussen. Stryn er ein
kommune med mange bygder som ligg langt frå kommunesenteret. Sogelaget i
Stryn samlar inn foto til både bygdebok og utvandrarsoge, og innsamling
på bussen er midt i blinken for sogelaget. Stryn hadde ekstradag med
innsamling torsdag 11. desember, der Arild Reppen fekk inn mange foto for
innskanning. På nyåret vert det en ny dag med innsamling i dei bygdene
dei ikkje var i no.
Både Askvoll, Førde og Naustdal vil ta til med innsamling på bussen til våren. Andre kommunar enn bokbusskommunane kan få tilbod om å bruke bussen til innsamling av foto. Vi tek kontakt om dette etterkvart.
Anne Sagen,
fylkesbiblioteket
Røde Kors Nordic United World College og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek fekk i mai 2003 tilskot til eit mobilitetsprosjekt via EU-programmet Leonardo Da Vinci. Utvekslingsprosjektet, som har tittelen "Pædagogisk brug af biblioteker og informationskilder", er det i stor grad danske Lise Alsted Henrichsen som har jobba fram. Lise jobba først eit år som voluntør ved bibliotek i Sogn og Fjordane (les meir her), og fortsette opphaldet sitt i Norge med å jobbe med dette utviklings- prosjektet og også konferansen "Den kvalifiserte informasjonssøkaren".
Lise la opp ei spanande fagleg program i Danmark, og fungerte som reiseleiar underveis. I slutten av september la dei fem påmelde ut på tur for ei veke i Danmark med fokus på pedagogisk bruk av bibliotek og informasjonskjelder.
|
|
|
Dei fem Danmarks-fararne: Solveig Rønne (Stryn vgs), Bente Hatlevoll (HSF), Anne Sagen (Fylkesbiblioteket), Kristine Hamre (Sogndal vgs) og Siri Ingvaldsen (UWC). "Reiseleiar" Lise Alsted Henrichsen tok biletet. |
Ein kan lese om prosjektet og utvekslinga her, og lese reisedagboka, få oversikt over besøkte institusjonar, sjå bilete m.m. Det var ein svært vellukka tur, og det er framleis midlar til å sende fire personar til Danmark, så om du er interessert kan du sjå her.
Til slutt ein STOR takk til Lise som har gjort ein kjempejobb den tida ho har vore i Sogn og Fjordane.
Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket
Hausten 2002 blei det bestemt at folkebiblioteket i Naustdal skulle flytte inn i nye lokale på Naustdal barne- og ungdomskule og bli samlokalisert med skulebiblioteket. Skulen var nyopp- pussa og hadde høvelege lokalar ståande klar. Bakgrunnen for flyttinga var at folkebiblioteket trengte større plass.
Det blei sett ned ei arbeidsgruppe som skulle planlegge flyttinga. Arbeidsgruppa skulle planlegge biblioteket fysisk, sette opp ei sammarbeidsavtale og gjere klart til flytting..
Det vart bestemt at dei to biblioteka skulle stengje 1. juni og opnast att 19. august, samstundes med skulestart. Sommarmånadane skulle brukast til flytting og klargjering av det nye biblioteket.
Til bering og køyring av bokkasser og hyller fekk fekk vi hjelp av elevar og vaktmeistarar. Men hoveddelen av flyttinga blei utført av skulebibliotekaren og biblioteksjefen. Det blei mange tunge løft og lange dagar. Biblioteket var ikkje ferdig den 19 august, men vi opna den dagen. Helt til no har vi jobba viare med innlegging av bøker og klargjering av biblioteket. Så det har vore ei travel, men spennande tid.
Vi føler at vi har fått eit funksjonelt bibliotek, med lyse og trivlege lokale. Lokala fungerer fint både til skulen sitt bruk og som folkebibliotek Tanken var å laga eit brukarvennleg bibliotek. Vi har plassert fagbøkene etter emne, noko som gjer det lett å finner fram. Vi har plassert skjønnlitteraturen i forskjellige "avdelinger" etter dei forskjellige brukergruppene.
Vi har også laga skjerma plassar for ungdommar og born.
I tillegg har vi også fått til ein del arbeidsplassar til forskjellige føremål, både enkeltplassar, grupper og dataplasser. Dette har fungert slik som vi hadde tenkt. Det gjennstår litt skilting etc. men det er under arbeid.
Før flyttinga var det ein del blanda reaksjoner frå ulike lånargrupper. Vi var derfor spente på om folk ville kome då vi opna att, men vi har hatt stor tilstrøyming til biblioteket. I tillegg har vi fått ein del nye lånarar og utlånet har gått opp. Det er ekstra moro. Det virkar som leselysta har auka hos liten og stor.
Samarbeidet mellom skulen og biblioteket går også veldig bra. Begge partar er nøgde.
Tanken er å lage eit "miljø" rundt biblioteket, mellom anna med laurdagskafè etc. i samarbeid med lag og organisasjoner i bygda. Ideane er mange, men først må ting gå seg litt. Og tida er ofte ein god medhjelpar.
Britt Kringlen, biblioteksjef Naustdal
bibliotek
og Dagfrid Narvasete Gullholm, skulebibliotekar
Kurs 2004
Fylkesbiblioteket held på å utarbeide kurs- og møteoversikten for 2004.
Bl.a. vil vi prøve å få til kurs i bokprat, møte om interkommunalt
samarbeid og kurs i søking på nett/kjeldekritikk.
Vi tar som alltid i mot ynskjer og forslag på kurs de ynskjer fylkesbiblioteket skal arrangere. Ta kontakt, på telefon eller send e-post til kurs@sf.fylkesbibl.no. Kursoversikt og -omtalar vil bli lagt ut på kurssidene våre, og det vil også bli sendt ut invitasjonar til kvart kurs/møte.
Anja Angelskår Mjelde,
fylkesbiblioteket
Luster: Biblioteksjef Ellen Borch Veum har i tidsrommet 01.11.2003-22.08.2004 permisjon i 90% av stillinga, for å vikariera i stillinga som leiar ved servicetorget i Luster kommune. I same tidsrom er Kjellfrid Alme leiar for Luster folkebibliotek. Brita Myklemyr er tilsett i 50% vikariat som sekretær ved hovudbibliotet. Astrid Eirheim Lerum er tilsett i vikariat som filialstyrar ved Hafslo filial.
Kristine Hamre tilsett som avd.bibliotekar ved Sogndal vidaregåande skule 04.11.2002. I 100%s tilling frå 1. august 2003.
Andreas Buzzi Nøttestad tok til som biblioteksjef i Aurland i august.
Høgskulen i Sogn og Fjordane: Erling Bergan har permisjon frå stilling i HSF i 4 nye år, for å jobbe som redaktør i Bibliotekarforbundet. Astrid Sandnes i vikariat for Erling Bergan inntil 30.06.04. Guri Aarhus har 40% midlertidig stilling ved biblioteket Vie, Førde i tida 01.01.- 31.06.04. Lise Vik-Hagen er ute i barselpermisjon fram til 12.01.05 (gratulerer med tvillingane!). Gerd Vik er tilsett i vikariat i same periode ved biblioteket Fjøra, Sogndal. Barbro Romstad er tilsett i vikariat fram til 30.06.04 ved biblioteket Fosshaugane, Sogndal.
Herbjørg Heggdal blei i haust tilsett for eitt år i 50% stilling ved biblioteket på Øyrane vidaregåande skule.
Siv Fosstvedt har i haust hatt praksis ved fylkesbiblioteket, samstundes som ho held på med 1. året av bibliotekutdanninga ved HiO.
|
|
|
B.f.v.: Anja Angelskår Mjelde, Gunnvor Schei, Ingrid Dræge, Anne Sagen, Solveig Bjordal, Oddny Tennefoss. F.f.v.: Bjørg Fimreite, Siv Fosstvedt, Hjørdis Birkeland. |
Vi på fylkesbiblioteket ynskjer alle ei
riktig
God Jul!
|
Sogn og
Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no |