Bokbåten er redda! No kan alle dei trufaste bokbåtbrukarane på kysten i Sogn og Fjordane glede seg. Fylkeskommunen vil halde fram bokbåtdrifta og går inn for ein to-årsavtale med bokbåteigar. Etter at bokbåttenesta har vore ute i hardt ver, grunna økonomiske vanskar i samband med leigeutgifter og fråfall av statlege tilskot, er sak no endeleg løyst. Fylkesrådmannen godkjenner avtalen om bokbåtteneste i Sogn og Fjordane og går inn for ein to-årsavtale frå hausten 2003. Bokbåtdrifta har vore ute på anbod, og det vert "Epos" med ny eigar som har fått tilslaget. Fylkeskommunen ser på bokbåttenesta som eit svært verdifullt kulturbidrag, og vil at framhald av bokbåttenesta vil kunne verte knytt til formidlingsarbeidet i regi av Den kulturelle skulesekken. Bokbåten er eit samarbeidsprosjekt med Hordaland og Møre og Romsdal, og også her går fylkeskommunane inn for å halde fram bokbåtdrifta. Fylkeskommunen håpar no at kystkommunane i fylket vil satse vidare på dette unike og populære kulturtilbodet. Haustturen i Sogn og Fjordane startar etter planen 20. oktober, og fylkesbiblioteket ser fram til å kunne gå meir sikre tider i møte. Solveig Bjordal Bibliotek og internasjonalisering Den 28. mai inviterte Røde Kors Nordisk United World College og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek til møte om bibliotek og internasjonalisering. Møtet vart halde på Skei, og sjølv om det ikkje var mange deltakarar, fekk dei som var der høyre gode og interessante innlegg om internasjonalisering. Først ut var Ingebjørg Erikstad frå kulturavdelinga i fylkeskommunen, som fortalde om internasjonalt arbeid fylkeskommunen er involvert i. Eitt av prosjekta er Vesle Daniel, som prosjektleiar Roger Kløvtveit fortalde meir om. Vesle Daniel er knytt opp mot EU-programmet Ung i Europa, og arbeider med internasjonalt ungdomsarbeid i Sogn og Fjordane. Aktivitetar er gruppeutvekslingar, Europeisk volontørteneste - EVS (som både hentar voluntørar til Sogn og Fjordane, og sender ungdommar ut), ungdomsleiarkurs, informasjon til ungdomsarbeidarar i Sogn og Fjordane, internasjonal nettverksbygging blant ungdomsleiarar og assistere kommunar og organisasjonar med råd og rettleiing Siri Ingvaldsen orienterte om voluntørprosjektet som RKNUWC i 2002 hadde saman med fylkesbiblioteket og folkebiblioteka i Askvoll, Gaular og Fjaler. Satsingsområda i prosjektet var undervisning i informasjonssøking, bibliotektilbod til fjernstudentar og mobil bibliotekteneste. Voluntøren, danske Lise Alsted Henrichsen, har skrive kort om voluntørprosjektet sitt her, eller ein kan lese heile rapporten hennar her (pdf-format). Som ein del av voluntørprosjektet har Lise også arbeidd med planlegging av ei profesjonsutveksling mellom Norge og Danmark. Formålet med utvekslingsprosjektet er å utvikle ein felles platform eller forståing av god praksis innan biblioteksdidaktikk, dvs. pedagogisk bruk av bibliotek og informationskjelder. Prosjektet har fått støtte gjennom EU-programmet Leonardo Da Vinci. Utvekslinga vil foregå i veke 40 i haust, og ein vil kunne sende ti deltakarar frå institusjonar som driv informasjonsformidling og rettleiing i informasjonssøking i ei eller anna form. Les meir om prosjektet. Etter at voluntørprosjektet vart avslutta, har Lise også jobba med planlegginga av eit oppfølgingsseminar til konferansen "Biblioteket som pedagogisk ressurs – frå brukaropplæring til biblioteksdidaktikk" som blei halde i Fjaler våren 2001. Seminaret vil foregå hausten 2003. Ein kan lese meir om seminaret her. (Seminaret er framleis under planlegging, så det kan bli ein del endringar.) Anja Angelskår Mjelde Sogndal bibliotek på studietur til Lillehammer 21.-22. mai 2003 Personalet ved Sogndal bibliotek hadde lenge planlagt og ønska seg ein felles tur som skulle vera både fagleg interessant og sosial for oss som jobbar i lag mange kvardagar i året. I slutten av mai er trafikken på biblioteket dalande, og me fann at tida var inne for å realisera turen vår. Me var så heldig at me kunne fylle ein 6-setar bil og drog over Langfjella for å sjå to flotte bibliotek og få med oss ein flik av programmet på Norsk Litteraturfestival som gjekk av stabelen på Lillehammer denne veka. Lillehammer bibliotek var ei glede å besøke: Fin design og gode praktiske løysingar trass i at biblioteket er fordelt på 7 nivå. Eit ombygd meieri stod innflyttingsklart i år 2000. Det ligg midt i sentrum og mykje av den gamle murbygningen er tatt vare på og gir miljø til biblioteket. Det er krevjande å utnytte eit bygg så godt som dette, men det virka som personalet var svært godt nøgde med løysingane. Tilgangen for funksjonshemma er også god trass i mange ulike nivå på biblioteket. Biblioteket hadde utlånsautomat, og betjente publikum på 3 ulike punkt (barneavdeling, vaksenavdeling og utlånsskranke) noko som sjølvsagt er personalkrevjande. Utlånstala er høge og besøket ligg opp i 1000 pr dag. Det var Grethe Borgen (tidlegare bibliotekar ved Årdal bibliotek) som var guide for oss på Lillehammer bibliotek. Juni Dahr presenterte Kristin Lavransdatter Neste dag var det Høgskolen i Lillehammer og biblioteket der som stod først på programmet. Sigbjørn Hernes som er hovudbibliotekar, gav oss ei fin orientering og omvisning. Biblioteket og høgskulen vart ombygd etter Lillehammer-OL og sjølv om heller ikkje dette biblioteket opphaveleg var bygd for bibliotekføremål, var det blitt svært funksjonelt og innbydande. Materialbruk og design er vald ut frå at OL skulle fungere som utstillingsplass for det beste av det norske. Biblioteklokalet vart ombygd for ein million kroner etter Lillehammer-OL og opna i 1995. Dei har særs god hyllebelysning, og reolane er møblert slik at dei danner rom. Arbeidsplassar og gruppearbeidsplassar og store mengder datautstyr er spreidd rundt i heile biblioteket. Den stille lesesalen var (etter ønskje frå studentane) fri for pc-ar. Det var eit aktivt bibliotek med ca 1000 besøkande kvar dag - eit svært høgt tal med tanke på at det totale studenttalet er 1800 ved HIL. Også dette biblioteket hadde utlånsautomat. Dei prøvde dessutan å fjerne dataskjermane frå skranken sin, slik at publikum skulle bli møtt av eit personale som ikkje stirra i skjermen. Hernes var oppteken av at den som møtte brukaren i skranken skulle vera kompetent, og han prøvde å unngå å bruke studentvakter. Biblioteket hadde berre "opne samlingar" - dvs. kompaktmagasinet var plassert midt i biblioteket. Me fekk elles høyre om Den norske filmskolen og studietilbodet filmvitenskap og tv-utdanninga på Lillehammer - noko som gir spesielle tilbod i biblioteket i form av mykje avspelingsutstyr og omfattande filmsamlingar. Eit nybygg i tilknytning var under bygging medan me var der og dette skulle husa filmskulen. Debutantprogram på Litteraturfestivalen Me kan anbefala både biblioteka og litteraturfestivalen på Lillehammer på det varmaste! Gerd Vik
Mål:
To klassar med lærarar og skulebibliotekarar vil delta i prosjektet her i fylket, ein frå Måløy vidaregåande skule og ein frå Hafstad vidaregåande skule. Prosjektet er eit samarbeid mellom utvalde lærarar, skulebiblioteka på Hafstad vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule og fylkesbiblioteket. Prosjektet vil gå over ein periode frå byrjinga av september til november. Prosjektet startar med at klassane får timar med forfattaren Harald Rosenløw Eeg. I skulebiblioteket skal det vere utstilling av all slags bøker som kan freiste ungdom. Skulebibliotekarane vil presentere ein god del vaksen- og ungdomsbøker. Elevane vil så få kurs i formidling og teatersport over to halve dagar med instruktøren Berit Snøan frå Sogn og Fjordane teater. Etter dette må elevane setje i gang med å førebu presentasjonen av boka dei har valt. Dei vil gjerne arbeide i grupper på 3, kanskje ein les frå boka mens dei to andre dramatiserar innhaldet. På teaterkurset vil dei ha fått mange tips om korleis dei kan løyse oppgåva. Det heile ender med at elevane skal ut i ungdomskulen og formidle boka si til grupper av ungdom. Prosjektet har vore gjennomført med suksess i mange fylke tidlegare, og det vert veldig spanande å sjå om vi får dette til her. Er prosjektet vellukka, vil vi prøve å la det bli eit fast opplegg med finansiering frå Den kulturelle skulesekken. Elevane som deltek i prosjektet vert kalla formidlarar på heimesidene til Lesestafetten. Dei får sjølv velje om dei vil verte formidlarar og dei får velje heilt fritt kva bok dei skal formidle. Dei skal også skrive rapport frå prosjektet og bokmeldingar. Desse vert lagt ut på heimesida til Lesestafetten. Les meir om prosjektet på www.lesestafetten.no.
Anne Sagen Gode idear er ofte slik at dei synast sjølvsagte. Kvifor har ikkje fylkeskommunane tenkt på dette før? Klart at vi har svært mykje felles og kan lære av kvarandre eller kopiere kva nabofylka har gjort. Ofte er det vellykka prosjekt som kan overførast direkte til andre fylke, eller at vi bare kan hekte oss på noko andre har fått til. Eit godt eksempel er NÆRINETT som du kan lese om ein anna stad i "Over skranken". Vi skal ikkje sitje for oss sjølve og streve. Andre har ofte løysinga - det er ingen skam å kopiere andre. Fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har byrja å samarbeide på fleire område. På kulturområdet har det vore eit møte kor ein snakka om korleis vi kan samarbeide om Den kulturelle skulesekken (DKS). Det kan vere kurs for lærarar som eit fylke har utvikla og som vi andre kan få glede av. Ulike tilbod innan kunst, teater, litterarturformidling kan vere så gode at dei kan brukast av andre fylke. Møre og Romsdal, som ligg langt føre oss andre i arbeidet med DKS, har til dømes laga noko dei kallar "Kulturkoffertar" og vil gjerne ha oss andre med på å lage fleire som vi lånar ut i alle dei fire fylka. Fylkesbiblioteka er unike fordi vi i snart 40 år har samarbeidd om bokbåten. Men no planlegg vi å samarbeide om ein del anna også. Bibliotekfolk kan delta på kurs hos dei andre fylkesbiblioteka, vi kan lage kurs saman som går i alle fylka. Vi vil søkje saman om midlar til lesestimulering for alle dei fire fylka. På kommunenivå er samarbeid også eit gode som fleire bibliotek burde vurdere. Sjå på kva dei har fått til i Dalsfjorden; ein felles volontør og alt ho har fått til. Videosamarbeidet (BYSS) i Sunnfjord og Ytre Sogn er eit svært enkelt og bra samarbeid. Minner også om Nordhordland-prosjektet kor dei stadig finn nye tiltak å samarbeide om. Samarbeidet deira er ein studietur verdt. Anne Sagen Nærinett i gang også i Sogn og Fjordane Nærinett - næringslivsinformasjon i nettverk - er eit prosjekt der Europakontoret i Hordaland fylkeskommune samarbeider med lokale kompetansesenter i 9 hordalandskommunar for å formidle EU/EØS-informasjon til det lokale næringslivet og offentleg forvaltning. I kommunane er det oppretta lokale team som består av biblioteksjef og næringssjef. Saman har desse kompetanse innan informasjonshandsaming, lokalt næringsliv og lokalkunnskap, og kan vidareformidle informasjon tilpassa sluttbrukarane sine behov. Kvar 14. dag publiserer Europakontoret "Nærinytt - nyhetsbrev for næringsliv og offentleg forvaltning" på nett. Dei lokale teama går gjennom nyhetsbrevet og plukkar ut aktuell informasjon til sluttbrukarane sine. Utsendinga er gjort enkel vha bedriftsdatabasen Vestnett, som er spesielt utvikla for Nærinett-prosjektet. Her er nøkkelinformasjon lagra om bedriftane, og ein kan enkelt sende ut skreddarsydd informasjon til grupper eller enkeltmottakarar. No er også Sogn og Fjordane invitert til å bli med i prosjektet, og fire kommunar er i første omgang plukka ut til å bli med her i fylket: Flora, Høyanger, Gloppen og Vik. I byrjinga av juni kom Marit Einen og Tore Rydland frå Europakontoret til Hermansverk for å halde eit todagarskurs for dei deltakande kommunane. Her fekk vi ei god innføring i Nærinett-prosjektet; bakgrunn, innhald, målsetjing - og korleis ein reint praktisk utfører arbeidet med innlegging av data i bedriftsdatabasen og utplukking og utsending av informasjon frå nyhetsbrevet. Forutan å proaktivt formidle EU/EØS-informasjon til lokalt næringsliv og kommunal administrasjon ynskjer ein gjennom prosjektet også å styrkje folkebiblioteka si stilling som informasjonsknutepunkt i kommunane og som samarbeidspart i kommunal forvaltning. Erfaringane med prosjektet i Hordaland er gode, og vi håpar dette også vil gjelde Sogn og Fjordane når prosjektet no kjem skikkeleg i gang også her. Anja Angelskår
Mjelde Folkebiblioteket i Sogndal har starta ein stafett av bokutstillingar som lånarane sjølve lagar. Biblioteket sine brukarar vert spurde om kva bøker og forfattarar som er deira favorittar og som dei vil anbefala andre å lesa. Utstillinga har også ein liten presentasjon av personen bak utstillinga med namn, alder, yrke og interesser. Til no har biblioteket hatt 5 utstillarar, ein ny kvar månad. I juni månad er det den 25 år gamle fotballspelaren Marco Reda, frå Toronto, som deler sine bok-favaorittar med dei andre lånarane på biblioteket: Han les gjerne spenningsforfattarar som John Grisham, David Baldacci, Dick Francis og Ken Follett. Også John Irving står høgt i kurs hjå Marco. Vredens druer av John Steinbeck peikar han ut som sin klassikar! Så å seie alle bøkene som Marco anbefalte viste seg å vera omsett til norsk. Gerd Vik Midlar til lesestimulering Gi rom for lesing Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen har fått 485.000 frå Utdannings- og forskingsdepartementet for å dele ut til gode lesestimuleringsprosjekt i Sogn og Fjordane. Til samann har alle fylka fått 15 millionar kroner til dette formålet. Midlane gis for å oppfylle nokre av måla i "Strategi for stimulering til leselyst og leseevne 2003–2007 : Gi rom for lesing" (sjå www.ls.no). Lesestimuleringsprosjekt bør være eit samarbeid mellom bibliotek og skule for å utnytte ressursane hos begge partar, og det er mange moglege samarbeidsmodellar:
Grunnskulen i Sogn og Fjordane er organisert i fire regionar som kvar har ein regionansvarleg. Regionansvarleg er ein av skulesjefane/skulefagleg ansvarleg i ein av kommunene. Kvar av disse regionane har fått kvar sin del av dei 485.000 kronene som dei skal dele ut til dei beste prosjektsøkjarane i sin region. Dei fire regionane er Kompetanseregion Nordfjord Kompetanseregion Sunnfjord Kompetanseregion Indre Sogn Kompetanseregion Ytre Sogn Søknadsfrist er 15. oktober. Heile tiltaksplanen "Gi rom for lesing" ligg på sida til Læringssenteret www.ls.no. Fylkesbiblioteket kan sende kopi til dei som ønskjer det.
Den kulturelle skulesekken – prosjektmidlar ABM-utvikling har lyst ut 5 millionar til lesestimulering og utvikling av samarbeid mellom skule- og folkebibliotek. Midlane er knytt til Den kulturelle skulesekken. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil søkje i samarbeid med dei andre fylkesbiblioteka på Vestlandet om midlar til tiltak som skal heve kompetansen på skulebibliotek og styrke bokkunnskap hos lærarar og formidlingsevna hos bibliotekarane. Målet med dette er å få gode skulebibliotek og betre samarbeidet med folkebiblioteket som gjer at vi klarar å auke leselysta blant barn og unge. Søknaden er under skriving. Søknadsfrist er 15. september. Vi håpar er at dei prosjekta som kjem i gang i fylket, vil utfylle kvarandre slik at vi får nytta midlane best mogleg. Kontaktperson ved fylkesbiblioteket er Anne Sagen, anne@sf.fylkesbibl.no, Anne
Sagen Nytt websøk, katalogkrydder m.m. Som alle har sett har vi fått heilt nytt grensesnitt for søk i databasen vår. Det nye websøket er stadig under utvikling, og etter at fylkesbiblioteket omsette tekstane til nynorsk for Biblioteksystemer har vi no endeleg også ein nynorsk versjon. Det er framleis noko småplukk som må rettast før vi er heilt nøgd med nynorskversjonen, men det kjem etterkvart.
Og til sist tar vi med at også Bremanger folkebibliotek no har fått basen sin søkbar på nett. Adressa er http://www.bremanger.folkebibl.no/cgi-bin/websok Anja Angelskår Mjelde Forfattarturnear i Den kulturelle skulesekken Dette skuleåret har det vore to forfattarar rundt på skular i kommunar som er med i DKS.
Pågangen er stor, så vi vil finne fleire forfattarar for å fylle sekken. Bjørn Ingvaldsen har vore her før med suksess. I følgje nokon gutar eg høyrde, skriv han verdas kuuuulaste bøker, så kanskje vi skulle spørje han ein gong til. Biblioteka har ein jobb å gjere i Den kulturelle skulesekken. Særleg kan dei hjelpe skulane å førebu forfattarbesøk. Fylkesbiblioteket hjelper som alltid å finne stoff og bøker. Der det er praktisk kan forfattaren og klassane komme til biblioteket. Meld i frå til oss om kor dette er ei god løysing. Anne Sagen Tankar om Den kulturelle skulesekken frå ein biblioteksjef Hyllestad er godt fornøgd med DKS. Det er eit flott prosjekt, og gir tilbod innan kunst, musikk, teater, litteratur etc. Som biblioteksjef er eg oppteken av tiltak som stimulerer til leselyst, så eg synes at eit minimumskrav er at alle trinn (småskule, mellom- og ungdomstrinnet) skal få tilbod om forfattarbesøk kvart skuleår. (For neste år er det ikkje tilbod til ungdomstrinnet). Eit anna alternativ er tilbodet som Teateret Osiris gir, med eit stykke som heiter "Hjortefot og Kristiansen", som eg vil kalle "litteraturformidling på ein annan måte". Dette tilbodet såg eg på Kulturtorget i Ålesund. På biblioteket opplever vi elles at lærarar kjem og spør etter bøker av forfattaren som skal kome på besøk - og at elevane kjem etter besøket! Akkurat slik det skal vere - synes eg. Men det er ikkje minst viktig - at elevane og får lyst til å lese endå meir - dvs. bøker av andre forfattarar. Kanskje har fylkesbiblioteket opplevd auka etterspurnad etter klassesett? Og de har vel kanskje berre 1 klassesett av kvar bok? Sigrid Solberg, Nye vevsider for DKS I Sogn og Fjordane er det fylkesbiblioteket som har ansvaret for å lage og vedlikehalde nettsidene til Den kulturelle skulesekken. Sidene har no blitt oppdaterte med tilboda for skuleåret 2003/2004. Nettstaden er blitt utvida med ein del nye sider, bl.a. ei aktuelt-side og ei side med informasjon og tips om kva som kan/bør skje lokalt i kommunane i samband med Den kulturelle skulesekken. Nettstaden finn de på http://www.sf.fylkesbibl.no/skulesekken/ Anja Angelskår Mjelde Bibliotekstatistikken - Balestrand på utlånstoppen Årsmeldinga til fylkesbiblioteket og folkebibliotekstatistikken for 2002 er lagt ut på nettsidene til fylkesbiblioteket; http://www.sf.fylkesbibl.no/statistikk/2002/ Statistikken viser ein auke i utlånet frå biblioteka, trass i at biblioteka stadig får mindre pengar til innkjøp av media. På utlånstoppen ligg Balestrand, som har klatra forbi Høyanger og hadde 12,17 utlån pr. innbyggjar i 2002, mot 8,82 i 2001. Vi spurte biblioteksjefen i Balestrand, Svanhild Hundseth, om ho hadde gjort noko spesielt for å få opp utlånet, og her er svaret vi fekk: "Dessverre så trur eg ikkje at eg har noko spesielt. Kanskje det at det ikkje er videoutlån her i Balestrand gjer at det vert ekstra mykje utlån på videoar, kanskje meir enn andre stader?? Når folk låner videoar, så låner dei også bøker, spesielt ungane er ivrige lånarar. Og når ungane låner så låner også foreldre, ihvertfall spør dei kanskje etter ei bok som dei har lese omtale om. Og takka vere kulturfondbøkene så får jo vi mange gode norske bøker. Elles så lånar forskjellige klassar mange bøker her hos oss. Eg sjølv er klasselærar på Sygna (BU-linja), der har eg hatt heile tida eit stort utval av forskjellige barnebøker, noko eg tykkjer er viktig for ungdom som skal ut å jobbe i skular og ungdomsklubbar. Det er ikkje så mykje som er ope på kveldstid her i Balestrand, og det store utlånet og bruken av biblioteket kan skuldast at det er ein plass folk kan møtast. Det er ihvertfall nesten alltid mykje folk her, spesielt om hausten og vinteren. No på våren er det mindre, då er det helst folk som har sommarjobb på Kvikne som kjem for å bruke internett. Det er ikkje tak på antall utlån av bøker, videoar, lydbøker, difor er det ikkje sjelden at folk kjem ut herifrå med store bokstablar og videostablar. Når eg har hatt bokinformasjon til klassar og barnehagar merkar eg at desse ungane kjem att for å låne fleire bøker. Men dette er jo ikkje spesielt for Balestrand, det trur eg alle bibliotek merkar. Eg har mykje utlån av depot rundt omkring, (helsetunet, helsesyster etc.) Eg lånar også depot av Deichmanske og Internationella biblioteket i Sverige, dette er utanlandske bøker som framandspråklege får låne heim." Nytt om namn Guri Aarhus tok den 1. mai til i eit 50% vikariat ved HSF, Biblioteket Vie. Ho har sagt opp stillinga ved Øyrane vgs, der ny bibliotekar no er under tilsetjing. Signe Witzø kjem tilbake til Sogndal bibliotek 15. august, etter eit år ved HSF, Biblioteket Fosshaugane. Borgny Dam-Nielsen har permisjon frå si 50 %stilling som biblioteksjef ved Selje folkeboksamling heile år 2003. Eli Eide Årevik er tilsett som vikar for biblioteksjefen ut år 2003.
God
sommar til alle frå
|