Bokbåtdrifta på anbod!Det har vore mykje støy rundt bokbåten i haust. Høge leigeutgifter og tronge budsjett har skapt mange skjer i sjøen. Avtala med noverande bokbåteigar vart sagt opp frå og med hausten 2003. No er det semje i dei tre samarbeidande fylka - Møre og Romsdal, Hordaland og Sogn og Fjordane - om at bokbåtdrifta skal ut på anbod. Ei brukargruppe med representantar frå dei tre involverte fylkesbiblioteka skal vere med å setje opp ein kravspesifikasjon. Innkjøpsavdelinga i Hordaland fylkeskommune skal vere med å utforme konkurransegrunnlaget. Arbeidet skal starte opp på nyåret og vi reknar med at utlysinga skjer i februar/mars. Om alt går etter planen skal alt vere i boks til haustturen 2003. Vårturen 2003 vil gå som vanleg. Vi håpar å kome fram til eit opplegg som brukarane våre kan vere tente med, og at det unike kulturtilbodet til kystfolket på Vestlandet vil halde fram. Solveig Bjordal Neste bokbåtturBokbåten legg ut på vårturen den 26. februar og er tilbake i Førde den 16. mars. I tillegg til bøkene har vi som vanleg med eit kulturprogram for barn. I vår er det Kirsten Høeg med forestillinga "I trollets time" som er med. Dette er ei forestilling der ho dramatiserer og fortel frå norske folkeeventyr.
Dikta er henta frå: Ingvar Moe. Himabrent : dikt. Samlaget, 1979 Ombygginga ved Flora folkebibliotekDå vi for 5 år sidan måtte tømme heile hovudbiblioteket på grunn av skifting av golvbelegg, sa vi til oss sjølve: Aldri meir! Det var attpåtil den sommaren det var så varmt. Men jammen måtte vi trå til igjen no i haust. Det vart vedtatt at barnekroken vår skulle ombyggast til kontor for kulturadministrasjonen, ungdomsleiar, kinosjef og vaktmeistrar i Samfunnshuset. Hensikten var å samle tenesteområdet Kultur og fritid og gi kinoen betre kontortilhøve. Som vederlag skulle vi få igjen tapt areal i tilbygg mot hovudvegen. Vi synest sjølvsagt det var trist å miste den lysaste og beste delen av biblioteklokalet. Vi var veldig spente på korleis lystilhøva ville bli med ein kompakt vegg mellom biblioteket og den nye kontordelen. Arbeidet har dratt veldig ut i tid. Biblioteket stengde 27. august for ein 3-4 vekers periode - trudde vi. Men vi kunne først opne igjen i slutten av oktober, og då var slett ikkje alt ferdig! Vi har hatt bygningsfolk og elektrikarar gåande rundt oss heilt til no. Det har vore mykje frustrasjonar undervegs. Det har heller ikkje vore kjekt å jobbe i alt støvet, og reinhaldarane har hatt ein strid tørn med all støvtørkinga av hyller og bøker. I perioden biblioteket var stengt hadde vi likevel noko utlån. Folk kunne hente bøker på Tenestetorget i etasjen under biblioteket. Avisene våre blei også plasserte der. Så lenge biblioteket kan nåast på telefon, er biblioteket aldri heilt stengt heller. Lånarane våre sakna verkeleg biblioteket sitt, og dette var vel årsaka til at vi opna igjen før vi burde. Oppryddingsarbeid i stengeperioden vart det lita tid til, dels på grunn av knapp bemanning. Lystilhøva er no blitt ein del betre, mellom anna på grunn av meir vindauge i tilbygget og skifting til betre lysrør i resten av lokalet. Også lysmala veggar i stadenfor dei mørke murveggane, gjer lokalet lysare. Standardkommentaren til mange av lånarane våre er "Her er det blitt lyst og fint, MEN har de eigentleg fått større plass?" Nei, diverre ikkje. Vi skulle gjerne ønska oss større lokale når ein først sette i gang så mykje ombyggingstyr og langvarig stenging. Den nye barnekroken har fått eit populært møbel, ein stor knallraud sitjebinge. Mange barn (også ein og annan vaksen) finn vegen opp i sitjebingen saman med bøker. Hopping og turning er forbode, men svært fristande for barna. Avis- og tidsskriftkroken har fått ny plassering i tilbygget med bra leselys og utsikt. Enno gjenstår ein del skilting og pynting, men det får vi ta etter kvart. Kinosjefen har flytta inn i kontoret sitt med ny billettluke, og vaktmeistrarane er på plass i sine nye kontor. Truleg slepp vi å springe så mykje rundt for folk og leite etter vaktmeister og kinosjef som tidlegare! Resten av kulturadministrasjonen flyttar inn i desse dagar. Den gamle billettluka til kinoen og provisorisk kontor til Samfunnshuset ved inngangspartiet til biblioteket er no riven. Arealet er tilbakeerobra av biblioteket, men her gjenstår oppussingsarbeid. Her har vi mellom anna tenkt å samle offentleg informasjon. Vi har også fått ny glassvegg ved inngangen med ny dør, og har sagt farvel til den gamle slamredøra vår! Diverre har vi ikkje fått telje besøket vårt den siste månaden, då besøksteljaren i døra vår vart demontert med den gamle døra. Det har vore ei svært travel tid etter nyopninga med mykje besøk og knapp bemanning. Men personalet har stått på, og vi har hatt god hjelp av filialstyrarane. No ser vi fram til ei roleg julehelg og betre arbeidsro etter nyttår. Då må vel alt ombyggingsstyret vere ferdig, eller? Eli Eidsvik ABM-portal for norsk reiselivshistorieNorsk Reiselivsmuseum, tidlegare Vestnorsk reiselivsmuseum, i Balestrand har teke initiativ til eit prosjekt med sikte på å utvikle ein nettbasert metadatabase for norsk reiselivshistorie. I tillegg til å vurdere tekniske løysingar for ein slik base vil prosjektet og vurdere strukturen på innhaldet i dei databasane som skal levere data for å sikre treff på alle relevante postar i desse basane. Ved Fylkesbiblioteket er vi litt stolte over å bli spurde om å vere med i eit fagleg nettverk for prosjektet saman med mellom andre Fylkesarkivet, Sogn folkemuseum, Norsk folkemuseum, Nasjonalbiblioteket og Statsarkivet i Bergen. I Fjognedok-prpsjektet vårt har vi vore inne på desse problemstillingane sjølve. Til dømes om vi kan utvikle standardar for emneord/stikkord og sikre at eit søk gir treff på alle relevante postar både ved Fylkesbiblioteket, Fylkesarkivet og musea, Draumen ville vere å søke på til dømes "ølbolle" og få treff på artiklar i Fjognedok-basen, bilete av ulike ølbollar i musea, bilete av nokre som meskar seg frå ein ølbolle og kanskje få høyre eit lite "ølbollestev" i Fylkesarkivet sine basar. Vi håpar no at Fjognedok-prosjektet kan få til eit nært samarbeid med Reiselivsprosjektet, særleg med tanke på teknologiske løysingar, og at vi kan få bidra med vår kompetase når det gjeld registrering og attfinning av postar. Gunnvor Schei Prosjekt Breiband i Luster folkebibliotekLuster folkebibliotek har fått innvilga søknad om tilskot til breiband. Me fekk optimalt 50% av berekna totale kostnader kr 111.000. Nettverksløysinga i dag består av ISDN-linjer frå Hafslo filial til hovudbiblioteket (dei andre fem filialane er ikkje i nett) der me har eigen server. Dette er ei treig og kostbar løysing. Hafslo har også utlånsmaskiner mot internett på ISDN. Prosjektets viktigste mål
Hovudinnhald/tiltak
Begrunning for planlagte tekniske nettløysingar Kommunen har eigarskap i fiberkabel som biblioteket kan nytte seg av. Ved optimale høve vil kapasiteten være 100 Mb. Forventa gjennomsnittleg kapasitet er 60-70 Mb. Status Kabel er no lagt i heile området som er aktuelt for oss for å få tilknytning. Me vonar å være på breiband i hovudbiblioteket og Hafslo filial før jul. Skjolden vert tilknytta i januar 2003. Erfaring Fristen for å søke Statens bibliotektilsyn om midlar var 01.09.02. Sjølve søkeprosessen var arbeidskrevjande. Systemleverandør og Rådmann med stab var med i prosessen. Prosjektet skal presenterast på Internett i prosjektperioden. Me ser no mest av alt fram til å få eit stabilt nettverk. Me har hatt mykje problem med sambandet mellom hovudbiblioteket og Hafslo filial i lang tid no. Ein sekundærgevinst er at me endeleg også legg katalogen ut på nett. Julehelsing frå Luster folkebibliotek Ellen Pauline Borch, Breibandsprosjekt i Eid KommuneBakgrunn for prosjektet Eid kommune har samla Internettilgangen for dei kommunale bygga på Nordfjordeid gjennom ein felles portal i rådhuset. Kommunikasjonen er via radioutstyr. Levrandør er Zet.no AS på Nordfjordeid. Det er oppretta radioline frå rådhuset til Zet.no. Felles portal i Rådhuset vil i løpet av vinteren 2002/2003 bli knytt opp mot eit felles knutepunkt for Nordfjordkommunane, "Kommunenett Nordfjord". Hovudbiblioteket som ligg i leigde lokale, er ikkje knytt opp til dette fellespunktet i rådhuset og nyttar ISDN for Internettoppkopling. ISDN er ikkje godt nok i dag, og gjev høge brukskostnader. Dette prosjektet vil syte for at hovudbiblioteket får radioline til rådhuset på min. 2Mb. Samstundes vil Mikromarc 2 bli installert på kommunen sin hovudserver og bibliotekkatalogen lagt ut på Internett via kommunens heimeside. Eid kommune er og i ferd med å installere terminalserver og MetaFrame på rådhuset. Dette vil gje bibliotekfilialane og grendaskulane betre tilgang til felles knutepunkt på rådhuset og med det betre tilgang til Internett, kommunen si Internettside og bibliotekkatalogen. All kommunal datakommunikasjon vil bli samla i knutepunktet på rådhuset for så kostnadseffektivt som råd å møte kravet frå sentrale styresmakter om at det offentlege skal ha tilgang til breiband. I løpet av 1-3 år vil det bli lagt fiberkabel i Nordfjordeid sentrum. Rådhuset og dei andre kommunale bygga vil bli kopla til. Kort sagt er målet for prosjektet:
I desse økonomiske ulvetider har det vore usikkert om Eid i det heile ville klare å ta sin del av kostnadene ved prosjektet, men seinast idag, 06.12.02, fekk eg melding om at ting ser ut til å ordne seg. Prosjektgruppa skal ha møte førstkomande måndag (09.12.02). Liv Wedvik Breibandsprosjekt ved Førde bibliotekStatens bibliotektilsyn lyste for 2. året på rad ut midlar til breiband i folkebibliotek. Søknadsfristen var i år 1. september. Ved Førde bibliotek var vi då godt i gang med eit breiband-prosjekt, men bestemte oss for å søkje, sjølv om vi alt var kome eit stykke i prosessen. Prosjektet vart kalla "Det digitale skulebiblioteket i Førde kommune". Arbeidet starta ved juletider 2001 med møter mellom IT-ansvarlege og bibliotekpersonale ved Fylkesbiblioteket og Førde bibliotek, om nye IT-løysingar for biblioteket. Bakgrunnen var den lett kaotiske situasjonen ved Førde bibliotek når det gjaldt datakommunikasjon. Ein del av personalet opererte på kommunen sitt intranett, med e-post og internett-tilgang. Publikum og resten av personalet opererte på fylkesbiblioteket sitt nett, med 128 kb fastlinje. I skranken hadde vi terminalar, og berre tilgang til vår eigen Bibliofil-base. Førde bibliotek og Fylkesbiblioteket samarbeider om ein felles media-database. Sentrumsskulane var i ferd med å ta i bruk Bibliofil som system for skulebiblioteka, og hadde planlagt kommunikasjon til vår database med oppringt ISDN-samband. Det vi ønskte å oppnå var breibandskommunikasjon for alle tilsette og publikum. Vi ville vidare at alle tilsette skulle vere tilknytta kommunen sitt nett og samtidig ha tilgang til biblioteksystemet, og ikkje måtte bruke ulike PC’ar til ulike oppgåver slik vi tidlegare hadde gjort. Kommunen var i ferd med å legge kablar og knytte Førdehuset til breiband-nettet. Det som vidare vart gjort, var å installere ein brannmur/router mellom kommunen sitt nett og fylkesbiblioteket sitt nett. Alle tilsette ved Førde bibliotek har no tilgang til Bibliofil-serveren og til kommunen sitt administrasjonssystem med e-post og sakshandsaming. Det vart oppretta eit separat publikums- og elevnett, også dette med 2 Mb hastigheit. Skulane med skulebiblioteka har fått tilgang til biblioteksbasen gjennom dei etablerte kommunikasjonslinene, for dei største skulane er dette breibandsliner. For oss i biblioteket har dette ført til ein meir rasjonell kvardag, noko som også kjem publikum til gode. Vi har fått tilgang til internett, kommunal info og Bibliofil på alle arbeidsplassar, også skranke-PC’ane. Både tilsette og brukarar har fått eit raskare og sikrare arbeidsverktøy. Det er selskapet Enivest som er leverandør av breiband-nettet. Ved tildelinga fekk vi kr 145.000 som vi hadde søkt om. Breibandmidlane blir brukt til å dekke utgifter til brannmur og til etableringskostnader med breibandet ved skulane og bibliotek Marie Dombestein LovsakaDet har kome mange rekasjonar på forslaget til ny biblioteklov som vart sendt ut på høyring i haust. Diskjusjonen har gått på biblioteknorge@nb.no, og avisene har hatt både artiklar og debattinnlegg om saka. Høyringsfristen var 1. desember, og høyringsfråsegnene finn ein på Kultur- og kirkedepartementet sine nettsider - mange av dei negative til større endringar i biblioteklova no. I ein artikkel frå Kommunal Rapport blir fråsegnene frå kommunane oppsummert slik: "- Ikke rør bibliotekloven nå. De fleste kommunene vil ikke endre bibliotekloven nå. De vil vurdere hele loven under ett senere." Den 12. desember blei det i Oslo arrangert
fakkeltog for folkebiblioteka, der kulturministeren fekk overlevert eit
opprop. Litt om fakkeltoget, m/bilder, finn ein på NBF
sine nettsider. Så får ein sjå kva som skjer vidare... Bokbussen hentar inn fortidaEit digitalt fotoprosjekt i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet og fylkesbiblioteket har nyleg fått kr. 135.000,- i tilskot frå Statens Bibliotektilsyn til eit fotovernprosjekt på bokbussen.
Nye og lengre stopp Enkelte stadar vil vi trenge nye stopp eller lengre stopp for å samle inn foto. Det er viktig at ikkje fotoregistreringa blir i vegen for den vanlege aktiviteten på bokbussen, men heller at prosjektet trekkjer nye lånarar. Prosjektet vil betale for nye eller lengre stopp. På nyåret vil fylkesbiblioteket invitere fylkesarkivet og bokbusskommunane til drøfting av korleis vi best skal gjennomføre prosjektet. Fylkesarkivet Fylkesarkivet har planar om eit større fotovernprosjekt i 2004 og ønskjer å auke interessa for fotovern i fylket. Innsamling av foto høver veldig godt til samarbeidsprosjekt mellom bibliotek og arkiv. Møteplass for lokalhistorisk interesserte Bokbussen kan med dette prosjektet kanskje bli ein møteplass for folk som er lokalhistorisk interessert. Informasjon om prosjektet må nå ut til publikum. Vi skal også prøve å få NRK og avisene til å hjelpe oss å gjere prosjektet kjent - det vil ikkje skade med litt blest om bokbussen. Anne Sagen Tilgjengelighetsmal for biblioteketFrå Statens bibliotektilsyn har fylkesbiblioteket fått eit par eksemplar av "Tilgjengelighetsmal for biblioteket - Et verktøy for planlegging av det fysiske miljøet". Malen er eit resultat av delprosjekt A i "Det tilgjengelige bibliotek", eit prosjekt der ein arbeidar for at tilgjengeligheten til biblioteket som offentleg rom og biblioteket sine tenester også gjeld bibliotekbrukarar med funksjonshemming. Statens bibliotektilsyn ynskjer at eitt eller fleire folkebibliotek i kvart fylke prøver ut denne malen, og fyller ut eit lite evalueringsskjema i samband med utprøvinga. Vi vil komme tilbake til dette straks over nyttår, men dersom det alt no er nokon som gjerne vil vere med på utprøvinga, så ta kontakt med fylkesbiblioteket. Ein kan lese meir om prosjektet hos DELTA-NETT eller Statens bibliotektilsyn, der ein også kan laste ned malen. Anja Angelskår Mjelde Trange tiderMange av biblioteka i fylket opplever trange tider, med fare for nedskjeringar både her og der. Frå Jorun Systad, biblioteksjef i Høyanger, har vi fått denne "stemningsrapporten": NEDSKJERINGAR I Høyanger kommune sitt budsjettframlegg er det tilrådd nedlegging av Ortnevik Bibliotekfilial og Ikjefjord Bibliotekfilial. Budsjettet skal handsamast av kommunestyret den 18.12.02. Dersom desse bibliotekfilialane vert lagt ned, har vi redusert frå 3 til 1 bibliotekfilial på Høyanger sørside. Framlegget til nedlegging er ein konsekvens av innsparingar. I kommentarane til budsjettframlegget heiter det:
"Filialane i Ortnevik og Ikjefjord kan drivast vidare dersom
lag/organisasjonar eller einskildpersonar i desse bygdene tar dette
dugnadsarbeidet.".... Fylkesbiblioteket sine nettsider for skulaneFylkesbiblioteket har nokre nettsider som er mest retta mot grunnskulen, og desse sidene er no fornya og forbetra: KlassesettFylkesbiblioteket har ei stor samling klassesett for utlån til skulane. Ei liste over desse klassesetta har blitt sendt ut til skulane, og har også blitt lagt ut på nettsidene våre. No har vi endra og forbetra "nettutgåva" av lista. Vi har no gruppert klassesetta bl.a. i klassetrinn dei passar for, språk, og om dei er lette å lese, slik at det skal bli lettare å finne fram til det ein er ute etter. Er ein t.d. ute etter ei lettlest bok for ein 6.klasse, på nynorsk, så har ein to måtar å finne det på. Ein kan ein anten gå inn på Nynorsk, 5.-7. klasse, og sjå kva som er kryssa av som lettleste, eller gå inn på Lett å lese, 5.-7. klasse, og finne dei som er avmerkt som nynorsk-bøker. Klassesetta er delt inn i i alt tolv ulike grupper, og for dei som vil ha den komplette lista, så finn ein framleis den også. Adressa til dei nye klassesettsidene er http://www.sf.fylkesbibl.no/klassesett/ Den kulturelle skulesekken
Adressa er http://www.sf.fylkesbibl.no/skulesekken/ Anja Angelskår Mjelde Kurs/møteÅrets barne- og ungdomslitteratur Så med forelesarane Inger Lise Belsvik, Øystein Rosse og Gry Silje Hernæs trygt på plass, fekk rundt 50 deltakarar frå bibliotek, skular og barnehagar rundt om i fylket ei orientering om og vurderingar av årets biletbøker, barnebøker og ungdomsbøker. Datakortkurs Kurs 2003 Anja Angelskår Mjelde Nytt om namnFrå 1. oktober delar Ingunn Førde og Torunn Rygg ei 50% stilling ved Førde bibliotek - i følgje meldinga vi fekk er det "to blide unge damer som er å treffe i skranken og på bokbussen (Ingunn)". Else Marie Kirkhus er over nyttår tilbake på Flora folkebibliotek, etter nesten 1 1/2 år ved HSF, Biblioteket Vie.
Vi på fylkesbiblioteket ynskjer alle ei
riktig
|
|||||||||