Når alt som kan gå gale ser ut til å
gå gale - (“-kan du trøste deg med det at alt blir bra til
sist”- Thorbjørn Egner: Den uheldige mannen) BIBLIOTEKDAGANE 2002, SOGNDAL 4.-5. JUNI Tysdag 4. juni starta med godver som bestilt. Glade og
fornøgde gjekk vi av bussen, tusla over vegen til hotellet og KATASTROFE
1 var eit faktum: Dei to førelesarane som skulle starte dagen sat på
Gardermoen, teknisk feil på flyet, tidlegaste mogelege avgang til Sogndal
13.35. Biblioteket i Sogndal var alt varsla og krisetiltak sett
i verk. Lokale førelesarar som stod på programmet seinare på dagen var
raskt på plass. Dei inntok møterommet for å forsikre seg om at alt det
tekniske var i orden slik hotellet hadde lova og KATASTROFE 2 var eit
faktum. Heile programmet tysdag var basert på demonstrasjonar
via Internett og hotellet sin pc mangla ein eller annan “duppedings”
som gjorde dette mogeleg. Underteikna som i løpet av ei lita veke hadde
“vakse i alder og visdom” (?) og skulle sjefe midt oppi dette vart
ganske svett, resten av forsamlinga syntes ganske avslappa i sola i
hotellhagen. Lokale krefter trødde til igjen og ordna anna møterom,
snart toga heile møtelyden til Sogndal kulturhus og møtet var i gang. Først ute var Oddvar Natvik frå Fylkesarkivet i Sogn og
Fjordane. Han demonstrerte basene deira, både dei genealogiske (her er
det mykje snadder for slektsforskarar) og Kultuhistorisk atlas og
leksikon. Alle desse kan utforskast på http://www.sffarkiv.no. Gerd Vik frå Sogndal bibliotek fortalde om det
lokalhistoriske arbeidet ved biblioteket og om samarbeidsprosjektet mellom
biblioteket, fylkesarkivet og DHS-Sogn folkemuseum om sams registrering av
samlingane og Lokalhistorisk spørjevev som de kan finne på http://sporjevev.sffarkiv.no. Eli Lothe, som her representerte Sogn og Fjordane
fylkesbibliotek, orienterte om bakgrunn og status for Fjognedok-prosjektet
ved fylkesbiblioteket. Basen veks stadig og vi har no omsider fått
prosjektmidlar til det vidare arbeidet. Fjognedok finne de på http://www.sf.fylkesbibl.no. Så vart det eit lite avbrekk i lokalhistoria, vi gjekk
over til offentleg informasjon. Susanne Daae-Qvale, eigentleg Sogndal
bibliotek, som for tida arbeider i Opplysningstenesta i Staten fortalde om
arbeidet der og kva tenester dei kan yte. Ikkje så heilt ulikt
referansearbeid i bibliotek, skjøna vi. Vi fekk og nokre
“lattervekkande” døme på spørsmål dei kan få. Meir om
Opplysningstenesta og noreg.no på http://www.noreg.no. Endeleg var “austaføringane” på plass og vi kunne
avslutte dagen slik han skulle ha begynt. Frå Norsk lokalhistorisk institutt kom Marianne Wiig for
å orientere om arbeidet deira og planar for vidare satsing med nettportal
for lokalhistorie. Det er mykje nyttig informasjon og lenker å finne på
deira heimeside http://www.lokalhistorie.no. Til avslutning stilte Tone Moseid frå Statens
bibliotektilsyn spørsmålet: Lokalhistorie - nye muligheter for
folkebiblioteket? Ho peika mellom anna på at sjølve innhaldet i
biblioteket sine tenester kanskje ikkje har endra seg så mykje - det er
forma og kanalane som vert nytta som er nye og at hovudutfordringane vil
vere knytt til mellom anna kvalitetssikring, innsamling, formidling og
samarbeid. Heile innlegget hennar kan lesast på http://www.bibtils.no/Omsb/taler/. Så tok vi bussen til Galden. og etter ein fin spasertur
ned til Solvorn var det galleribesøk, middag og fagleg(?) prat i
salongar, på veranda og i hagen på Walaker hotell i den fine
sommarkvelden. Onsdag 5. juni rekna vi ikkje med at noko kunne gå gale
og det gjorde det heller ikkje. Dagen starta med omvisning på Sogndal
bibliotek og Høgskulebiblioteket-Fjøra. Takk til Gerd, Signe og Lise for
innsatsen! På samrådsmøtet fekk vi besøk av Bente Hatlevoll frå
Høgskulebiblioteket-Fosshaugane som orienterte om deira tilbod til sine
fjernstudentar. Mellom anna merka vi oss at i ei undersøking dei hadde
gjord svara mange av studentane at dei nytta det lokale folkebiblioteket
fordi dei var svært så nøgde med servicen der(!). Men hovudpoenget var
at høgskulen tek ansvar for sine fjernstudentar og sender dei bøker
direkte. Problemet er at dei må koste returportoen sjølve - det slepp
dei om dei nyttar folkebiblioteket. Ellers vart det snakka om både den Kulturelle
skulesekken, mobil bibliotekteneste og fylkesbiblioteket sitt meldingsblad
“Over skranken” som frå no av berre vil komme i nettutgåve. Til slutt var det eit “historisk” utandørs årsmøte
i NBF-Sogn og Fjordane - det kjem dei vel med eit referat frå sjølve. Takk til alle for trivelege dagar! Gunnvor Schei
Høsten 2000 startet Høgskulen opp
med desentralisert utdanning av allmenlærere i Florø og Gol og førskolelærere
i Florø og Sogndal. Høsten 2001 startet en
desentralisert allmenlærerutdannelse i Hardanger, og høsten 2002 er
planen å starte opp med desentralisert allmenlærerutdanning i Sogndal og
på Dokka og førskolelærerutdanning i Sogndal. Som bibliotek med ansvar for en ny
gruppe studenter som ikke skulle oppholde seg i Sogndal til daglig, gjorde
vi oss en god del tanker om hvordan vi skulle kunne betjene dem på en
tilfredsstillende måte og vi satte opp en del punkter å jobbe etter:
Fjernstudentene skal ha de samme
rettighetene som studentene på campus Opplæring i informasjonssøking En bibliotekar har reist ut med
fagpersonalet på en regional samling, på de fleste av
DNETT-utdanningene. (DNETT står for desentralisert nettbasert utdanning) Informasjonsside for
fjernstudenter Informasjon til folkebibliotekene Evaluering Statistikk Samarbeid
med folkebibliotek SOFF-prosjektet Da
ALU (avd. for lærer- og førskolelærerutdanning) i HSF, fikk
tildelt 700.000 fra SOFF, bestemte bibl. Fosshaugane seg for å forsøke
å få noen av disse midlene knyttet til bibliotektjenesten overfor
fjernstudentene. Å betjene desentraliserte studenter er for biblioteket
dyrere enn å betjene studentene på campus. Det krever flere eksemplarer
av tilleggslitteraturen, da bøkene er ute lengre og det blir høye
portoutgifter. Vi søkte om midler for studieåret
2001/2002. Vi fikk 70.000 d.v.s. 10% av den summen ALU fikk til
prosjektet. Noen av pengene har vi brukt til en studietur for 2 personer til en konferanse i Odense
med tittelen: ”Nettbasert læring i biblioteksperspektiv – teknologi,
design og pædagogiske utfordringer” Her ble flere ulike brukeropplæringsprogram
for nettet presentert. Vi vil med inspirasjon fra denne konferansen forsøke
å forbedre vår hjemmeside med et opplæringsprogram i en eller annen
form, som skal supplere den opplæring vi allerede driver med. Resten av
pengene og det er mesteparten blir brukt til å supplering av
tilleggslitteraturen som fjernstudentene etterspør i forbindelse med
prosjektskriving m.m. Vi har nettopp avlevert en ny søknad,
hvor vi håper på å få flere midler fra samme prosjektet for å følge
opp det arbeidet vi har påbegynt. Avdelingsbibliotekar Bente
Hatlevoll Kva skjer med ”Den kulturelle skulesekken” i fylket vårt? Mange av lesarane lurer kanskje framleis på kva ”den
kulturelle skulesekken” (frå no kalla DKS) er for noko. Det starta med at dåverande statsminister Stoltenberg
lanserte DKS som eit kulturtilbod som alle skulebarn i landet skulle få,
inspirert av prosjekt i Møre og Romsdal og Sandefjord. Det vart ikkje løyvd
meir enn ein brøkdel av den summen som landet trong for å gje alle
skuleelevane det Stoltenberg hadde lova. Sogn og Fjordane fekk 250 000 for
skuleåret 2001/02. Fylkeskommunen bidrog med ein god del og kommunane
betalar 10 kr pr. elev pr tilbod i året. Kvar elev får 4 tilbod i året,
altså betaler kvar kommune 40 kr pr. elev i året. Kulturavdelinga på fylket har ansvaret og har ein
prosjektleiar i 50% stilling, Margrethe Henden Aaraas. Prosjektet har eit
styre kor både Kulturdirektør Lidvin Osland og Utdanningsdirektør Bjørn
Tønnesen sit. Dei seier sjølv at dette er eit prosjekt dei trur sterkt på
og gjerne vil få til eit godt samarbeid om. På kommunenivå er det også
heilt nødvendig at skule- og kultursektorane klarar å få til eit godt
samarbeid. Pilotkommunar Åtte kommunar blei plukka ut til å vere med i DKS; Stryn,
Hornindal, Flora, Naustdal, Høyanger, Hyllestad, Årdal og Lærdal.
Entusiasmen har var stor både hos kulturtilsette, skular og ”leverandørar”.
Vi har klart å få til mykje på svært kort tid og det har vi mykje igjen
for. I Oslo er dei så imponert over alt som er skjedd i Sogn og Fjordane på
kort tid at dei for neste skuleår har løyvd oss høgste moglege tilskot,
750 000 kr. Men det har vore mykje slit og skulane har tildels fått
tilboda seint på våren, i ein periode dei ofte driv mykje utanfor skulen.
Nyleg var det eit evalueringsmøte med skulefolk og kulturfolk frå
pilotkommunane. Dei kom med mykje skryt over tilbodet dei hadde fått dette
halvåret og hadde stor forståing for at det blei vanskeleg å få det til
knirkefritt. Dei melde også at tilboda i katalogen for neste skuleår var
veldig bra. No får vi berre vone at vi som skal arrangere tilboda får det
betre til. Fylkesbiblioteket og andre institusjonar Fylkesbiblioteket si rolle i DKS er å finne forfattarar
til forfattarturnear og lage turneane. Vi vil også prøve å finne på
andre lesestimulerande tilbod. I år har vi hatt eit godt samarbeid med
teateret om å ”låne” ein skodespelar til å reise rundt og lese og
fortelje om Rune Belsvik. Dessverre var ikkje skulane heilt nøgd med dette
tilbodet så vi får prøve å gjere det betre neste gong. Vi vil absolutt
fortsetje å samarbeide med teateret. Det kan også være andre
institusjonar vi kan samarbeide med om å få skulebarn til bli glade i
litteratur. Her gjeld det å leggje hovudet i bløyt og tenkje nytt. Endeleg
har vi pengar til å gjere noko. Kom med idear til oss! Folkebiblioteka si rolle i DKS Kvar kommune har, enten den er fattig eller rik, eit
folkebibliotek. Det er viktig at biblioteket er med og markerer seg i DKS. Når
vi no endeleg får ei skikkeleg kultursatsing overfor barn i dette landet,
har biblioteket ein jobb å gjere når skulane skal førebu seg til besøk
av ein kunstnar, til dømes, eller når læraren eller elevane er blitt
inspirert og vil vite meir, lese meir, sjå fleire bilder osb. Kvar kommune
har eit Kulturforum kor dei jobbar med DKS. Biblioteksjefane burde få vere
medlem av dette utvalet slik at dei alltid veit kva som skjer. Fleire kommunar med i DKS Stortinget har bestemt at 160 millionar frå tippemidlar skal gå til DKS, og fylket vårt vil med tida få meir til DKS så det vert nok snart fleire kommunar som får høve å delta. Måler er at alle skal vere med og at alle skuleborn får like mykje. Anne Sagen Bollefisen og Dustefjerten - Snøballane fyk mellom gutane. Det same gjer ufine og ertande ord dei i mellom. Fykande ballar og ord vert til nye utkropne idear som vert til ville handlingar.- Eit 30-tals 8-åringar sit spente og følgjer kampen mellom gutane. Stundom lyder letta latter, andre tider held dei pusten i spaning. Thorbjørn Halvorsen frå Sogn og Fjordane teater sit på Gloppen folkebibliotek og les for 2.- og 3.klassingar. Det er Bollefisen og Dustefjerten, Adele, Ola og Stian og verdas mest forelska par som vert verkeleggjorde for elevane. Dessutan får dei høyre om hårklipp og kuletyggis. Ungane ler og undrar seg med Rune Belsvik, og bileta frå forteljingane som Thorbjørn har med seg vekkjer interesse og vert kommenterte. Etter den vesle halvtimen lesestunda varer, myldrar ungane ut i biblioteket. På kort tid vert utstillinga vi har laga med Rune Belsvik plukka for bøker. Fint at elevane kunne få bruke litt tid i biblioteket og. Det vart eit levande møte mellom litteratur og barn, men nokre tankar gjer ein seg etterpå. Biblioteket kunne kan hende i innbydinga ha presenter opplesaren og forfattaren litt meir. Invitasjonen gjekk frå 1.-4. klasse, og det er eit
ganske stort aldersspenn. Tilbodet kunne gjerne gå ut til denne gruppa,
men opplesaren kunne kanskje ha laga seg to ulike opplesingsalternativ;
eit for dei yngste og eit for dei litt eldre. Illustrasjonar er svært
positive. Veka etterpå fekk filialen på Byrkjelo framsyninga, og til den var elevane i 1.-4. klasse ved Byrkjelo skule inviterte. Vi er glade for desse opplevingane og håper dette er eit tilbod som vil kunne gjenta seg . Takk til teateret for godt samarbeid og god formidling av litteratur.
Wenche Søreide Førde bibliotek markerer Verdas bokdag
2002
Tema for bokdagen
2002 var ”Kulturelt mangfold”. Vi
i Førde bibliotek meinte vi burde bruke dette høvet til å få høyrt og
sett litt av alle dei språk og nasjonalitetar som for tida er representert
i kommunen. Bebuarane ved Bergum
mottakssenter er flittige brukarar av biblioteket, og vi tok derfor kontakt
der for å få eit samarbeid. Vi kontakta også Sunnfjord folkehøgskule,
som m.a. har eit sterkt innslag av elevar frå Asia. Responsen var stor på
begge stader, og ut av alle ideane skulle programmet til slutt bli ein slags
lesestafett der deltakarane las på sitt språk frå sin litteratur, med
oversetjing eller resyme på norsk. Berit Snøan frå Sogn og Fjordane teater losa oss gjennom forestillinga, lagt opp som ei reise på kartet, markert med flagga til dei landa vi var innom. Vi starta med Førde-historie av ein lokal forfattar. Reisa gjekk så til Ukraina og Armenia, gjennom Irak, India og andre asiatiske land. Vi var innom Chile, Somalia, til Bosnia og enda opp i Sunnfjord med Jakob Sande sitt dikt ”Til ei utsliten tann”. Vi fekk undervegs mellom anna høyre Pusjkin på russisk, Shakespeare på engelsk, Neruda på spansk og eventyret om ”Reven og geita” på somali. Nokre av innslaga var musikalske, trekkspeltonar frå Armenia, vals frå Ukraina framført på baryton og bosnisk folkesong. Igor, biletkunstnar frå Ukraina, var dagens helt. Han heldt utstilling i biblioteket av dei om lag 20 bileta han hadde måla/teikna på 3-4 månader på mottaket. Dei fleste utøvarane var uvande med å opptre, det var ein del nervøsitet, og for enkelte tok kjenslene overhand i møte med litteraturen frå heimlandet. Totalt sett var
dette ei svært positiv oppleving av kulturelt mangfald. Deltakarane var glade og stolte over å få vise
noko som var deira. Vi fekk idear til nye arrangement og til nye
samarbeidsformer. Vi oppdaga også at flyktningar/asylsøkjarar ikkje er ei
einsarta gruppe, men kan vere einskildpersonar med
store ressursar. Førde Interbok stilte med roser til deltakarane og ei flott bokutstilling til temaet kulturelt mangfald, bøker om mat, musikk, reiser, språk etc. Fleirtalet av
publikum var ikkje-norske, men også nokre interesserte sunnfjordingar møtte
fram. Marie Dombestein Landsomfattande arrangement I haust er det fleire større, landsomfattande arrangement der arrangørane gjerne vil at biblioteka skal involvere og engasjere seg. Her omtalar vi kort fire av desse, og ser gjerne at bibliotek i fylket deltar på eitt eller fleire.
Biblioteka har slutta godt opp om dagen tidlegare år, og vi håpar dette også vil vere tilfelle i år. Les meir på seniornett.no.
Aksjonen i år går ut på at deltakarane les ei bok med utdrag frå 16 nye norske og omsette ungdomsbøker. Pocketboka inneheld også fire illustrasjoner, og konkurransen går ut på at deltakarane må finne kva for fire av dei 16 tekstane som høyrer saman med illustrasjonane. Deltakarane blir også oppmoda til å lage eigne bilete/illustrasjonar til tekstane. Tidlegare år har ein hatt gode erfaringar med
at biblioteka engasjerar seg i aksjonen i samarbeid med skulane. Les meir
på Foreningen !les sine nettsider.
Anja Angelskår Mjelde Bokbåten hausten 2002 Bokbåtturen til hausten vil gå i perioden 11. til 29. oktober. Bokbåten EPOS skal då innom 38 stader rundt om i fylket. I tillegg til alle bøkene skal me også ha med oss eit kulturprogram for barn. Denne gongen er det Stein Lunde med dokketeaterframsyninga “Tommeliten og Røverne” som skal vera med oss. Stein Lunde har vore med bokbåten fleire gonger tidlegare med forskjellige framsyningar. “Tommeliten og Røverne” byggjer på eit tsjekkisk folkeeventyr. Me har fått god respons på Bokbåtklubben og medlemsbladet, men kunne nok ha ønska fleire bidrag til konkurransane. Denne gongen oppfordrar me medlemmane til å skriva ei bokmelding eller laga ein teikning. Bidraga vert premierte med flotte T-skjorter frå Bokbåtklubben. Før haustturen reknar me med å ha klart eit nytt nummer av medlemsbladet for Bokbåtklubben. Dette vert sendt ut til alle medlemmane (268) og til hovudbiblioteka i fylket. Ingrid Dræge Bokbussruta for hausten 2002 og våren 2003 er no klar, og er lagt ut på http://www.sf.fylkesbibl.no/bussrute.htm Breibandskartlegginga Fylkesbiblioteket har på vegner av Statens bibliotektilsyn kartlagt både status for breiband og framtidige breibandsplanar i folkebiblioteka her i fylket. Etter ein god del purring har vi no fått skjema og dei opplysningane vi bad om frå dei aller fleste. Åtte av folkebiblioteka i fylket har alt breiband, men ein del av desse har breiband berre for personalet. Ein stor del av biblioteka har planar om breibandsetablering i 2002/2003, evt. utviding av den tilgangen dei har, medan enkelte må vente enno litt lenger på ei slik tilknytting. Anja Angelskår
Mjelde Kurset i Mikromarc 2 Fylkesbiblioteket arrangerte kurs i Mikromarc 2 den 6. og 7. februar i år. Første dag var grunnleggande om katalogisering/registrering i MM2, medan ein gjekk litt grundigare inn i systemet dagen etter. Det var 10 deltakarar på kvar av dagane, dei aller fleste frå folkebiblioteka, men første kursdag var det også 1 frå vidaregåande skule og 2 frå grunnskule. Vi hadde dyktig kurshaldar frå Bibliotekenes IT-senter (Bibits), og vi fekk positive tilbakemeldingar på kurset. Fylkesbiblioteket vil vurdere å arrangere tilsvarande kurs seinare dersom det er behov for dette. Anja Angelskår
Mjelde
Referat frå årsmøtet 5. juni 2002 Sak
1 - Val av ordstyrar, referent og
to personar til å skrive under møteboka Sak
2 - Godkjenning av innkalling og sakliste Sak
3 - Årsmelding
2001/2002 Sak
4 - Revidert rekneskap 2001/2002 Sak
5 - Verkeplan 2002/2003 Sak
6 - Budsjett
2002/2003 Sak
7 - Val Val av leiar Styremedlemar Varamedlemar Revisorar Ny valnemnd Sak
8 - Ymse Randi Tveit Solheim, Nytt om namn På fylkesbiblioteket vil Gunnvor Schei fram til nyttår ha stilling som 1.bibliotekar. Ho vil fungere som nestleiar og avlaste Solveig Bjordal i denne perioden. Ann Elisabeth Opland skal flytte til Førde i sommar, og får overflytting frå Biblioteket Fosshaugane ved høgskulen i Sogndal til høgskulen si bibliotekteneste i Førde. Frå Gloppen folkebibliotek har vi fått denne
meldinga: I Gloppen er elles Ann-Kristin Vik Fløtre tilsett i 50 % fast stilling som bibliotekar frå 8. juli. I tillegg er ho tilsett i 20 % vikariat for biblioteksjef Torill Berge, vikarstillinga tar til 1. august. God
sommar til alle frå
|