Nr. 2  2001

http://www.sf.fylkesbibl.no/overskranken/

ISSN 0805-5297
(papirutg.) 

logo.gif (8458 bytes)

Meldingsblad
for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 
og NBF avd. Sogn og Fjordane


 


Utgreiing av fylkesbiblioteka si rolle i framtida

Statens bbibliotektilsyn har sett ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut om rolla fyllkesbiblioteka skal ha i framtida. Arbeidsgruppa har medlemmar frå alle delar av biblioteksektoren, og skal klarleggje sider ved dagens situasjon og få innspel til debatten om kva oppgåver som skal løysast på fylkesnivå i framtida. Kva vil vera dei viktigaste oppgåvene for fylkesbiblioteka i åra som kjem?

Les meir om arbeidet til denne gruppa; Bakgrunn for nedsetjing, mandat, møtereferat m.m.

[Toppen]


Prosjektmidlar til breibandsatsing i folkebiblioteka

Også i 2002 vil det bli delt ut midlar til breibandsprosjekt knytta til folkebiblioteka i kommunane. Dessverre er summen halvert frå 2001, til 7,5 millionar i 2002. Søknadsskjema og søknadsfrist er enno ikkje klare, men det kan vere greit å alt no byrje å tenkje på mogelege prosjekt. 

Ein kan lese meir på breibandsidene til Statens bibliotektilsyn.

[Toppen]


Nytt ABM-organ

Som dei fleste veit skal Statens bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling skal integrerast i ein ny institusjon. Departementet tar sikte på at heile omstillinga frå tre skilde institusjonar til eit nytt samla organ skal vera gjennomførd i løpet av 2002. Les meir.

[Toppen]


Bamsedag

I veke 42 feira Førdehuset 25 års jubileum. Som ein av mange tilstellingar arrangerte vi på Førde bibliotek bamsedag. Nokre barnehager vert særleg inviterte, ellers var det ope for alle som hadde lyst til å vere med. Alle vart på førehand oppfordra til å ta med seg kosedyra sine. Dei bibliotektilsette tok også med seg bamsane sine, slik at alt før ungane kom hang det alt 30-40 bamsar rudt om. Vi hengte opp kosedyr i taket, rundt på veggane og på hyllene. 

Berit Snøan frå Sogn og Fjordane teater las og fortalde. Vi køyrde same programmet to gongar, kl 10.30 og 13.30, slik at flest mogleg skulle kunne delta. Det starta med å synge bursdagsongen for Ole Brumm. Så las Berit Snøan "Bymusikantene frå Bremen, før ho dramatiserte "Gullhår og dei tre bjørnane". Særleg det siste var veldig vellukka. Der brukte Berit Snøan ei handdokke ho hadde laga, og fekk i tillegg låne bamsane til ungane. Når ho var ferdig måtte ho dikte eit eventyr til slik at nokre fleire kosedyr fekk vere med. Det vart ein veldig vellukka dag. Det var i tillegg til vaksne ca 55 ungar i alderen 3-6 år på besøk. NRK Sogn og Fjordane laga og eit kort innslag som vart sendt dagen etter.

Ann-kristin Hovstad
Førde bibliotek

[Toppen]


DYREFABLAR OG DYRESEGNER
 -eit to månader langt samarbeid mellom Aurland folkebibliotek og 3.klasse på Aurland barne- og ungdomsskule

 Læraren ville ved skulestart at elevane skulle få lytta til segner og møta eldre litteratur som folkeeventyr og fabler i tråd med læreplanen. Ho ønskte at elevane både skulle få lytta, lesa, skriva og teikna i samband med prosjektet. Vidare ville ho at elevane skulle konsentrera seg om leseøving i lag med foreldra over ein periode. Biblioteket ønskjer at barna skal bli fortrulege med folkebiblioteket både som ein stad der dei kan låna bøker få gode litterære opplevingar. Dermed sette vi i gang.

På biblioteket

I prosjektperioden har klassen komme på biblioteket 1. time, 8 tysdagar på rad.

Kvar time har hatt same form. Vi har samla oss i ring med song, regler i talekor og lytting til ein fabel. Etterpå får elevane låna bildeboka dei skal lesa den inneverande veka. Alle bøkene er på nynorsk og er små forteljingar der dyr er aktørar. Bibliotekaren har hatt ansvaret for opplegget denne timen. 

Litt om forteljarstoffet

At dyra kan snakka og le, forbausar ikkje 8-åringen,  heller ikkje at dyra har eigenskapar og karaktertrekk som barnet kjenner att i seg sjølv. Den uansvarlege haren, den trottige skilpadda, den arrogante flyndra og den fysisk overlegne løva er alle berarar av menneskelege eigenskapar, ofte i reindyrka form. Og fablen syner korleis dyra lyt handtera desse karaktertrekka for at det skal gå dei vel. På same måte talar dei til barna og gjer dei kjende med seg sjølve. Når barna lytter til ein fabel skapar dei bilete sjølve. Dei treng desse bileta.

Røynsler med at 8-åringar gler seg over desse små forteljingane, og at dei gir svar på noko av det dei undrar seg over, gjorde at vi ville fortelja dei til 3.klassingane. Forteljarstoffet henta vi frå Æsop, folkeeventyra og Små sagn om store ting av Dan Lindholm.
 

Kontakt med foreldra

På eit foreldremøte 3.klasseforeldra orienterte bibliotekaren om ”fabelperioden”. Vi hadde òg ein temakveld for vaksne på folkebibioteket om kva fablar og natursegner kan bety for eit veksande menneske, samt ta i mot idear og tankar frå foreldra. Då henta vi inn Jørgen Lunde, Steinerskulelærar gjennom mange år.


På skulen

Elevane har fått kvar si ”silkebok”.  Det er ei teiknebok med silkeark mellom kvart blad. I den har dei teikna og skrive både frå fabelen og bildeboka dei har lese. Saman med elevane har læraren fortalt oppatt fabelen frå biblioteket ein gong seinare i veka. Songane og talekora har òg komme att i løpet av skuleveka.


Kva skjedde heime?

Kvar veke har barna lånt kvar si biletbok. Det varierer veldig kor mykje ein 8-åring les. Vi ønskte difor at foreldra skulle lesa boka til barnet, og at barnet kunne lesa sjølv i den grad ho/han meistra det. Det viktige er at barnet og ein vaksen kan samla seg om ei positiv leseoppleving. Vi bad foreldra gjerne lesa boka fleire gonger. Då vart det lettare for barnet å lesa noko sjølv.


Vurdering

Nitten barn har kome som perler på ei snor inn i biblioteket desse tysdagsmorgonane. Dei har hatt med seg låneboka si og nøye valt ut ei ny. Det har vore ro over barna, og dei har vore lyttande og teke til seg det som har vorte fortalt. Åtte besøk av same klasse er litt råflott sett i klassebesøksamanheng. Å bruka måndagskvelden til å læra ein fabel og eit nytt vers av ”Bekken går i engen” (Henrik Wegeland) utanboks,  er heller ikkje det vi vanlegvis gjer. Å fortelja er meir krevjande enn å lesa, men kontakten og konsentrasjonen er mykje større kring ei forteljing enn ei opplesing. Og tru det eller ei, no syng barna alle tolv versa av ”Bekken går i engen” utan hjelpetekst. Læraren tykte samlinga på biblioteket var ein god start på dagen og eit godt utgangspunkt for elevane sitt vidare arbeid med lesing og skriving. Vi tykkjer det har vore vel verdt arbeidet.

Ingunn Stokstad
Aurland folkebibliotek

[Toppen]


Møte om årets barne- og ungdomslitteratur

Måndag 26. november var vi samla nesten 60 menneske på Sunnfjord hotell for å delta på det årlege møtet om barne- og ungdomslitteratur med forelesarar frå Norsk Barnebokforum. Etterkvart er vi mange som veit at dette er eit veldig nyttig møte å vera med på fordi foredragshaldarane alltid er gode og inspirerande å høyre på. 

Men flyet som dei tre foredragshaldarane skulle komma med, landa aldri på Bringeland. Det var først tekniske problem og sidan, då dei kom til Førde, kunne dei ikkje landa. Flyet gjekk vidare til Bergen, og vi måtte avlyse møtet. Alle fekk lunsj før dei gjekk.

Det var svært skuffande å måtte avlyse møtet. Vi ringte Norsk Barnebokforum same dag og bad om å få halde møtet etter jul. Dessverre var det ikkje mogleg å få til eit nytt møte. Dei tre førelesarane har ledig ikkje tid etter jul.

Til trøyst kan eg fortelje to ting til slutt: Norsk Barnebokforum lovar å koma fram i god tid før møtet neste år. For dei som gjerne vil ha ein gjennomgang av årets litteratur, vert det truleg referat i Norsk Barnebokforum sitt eige blad. Eg vil sende kopi av dette til alle biblioteka i fylket dersom det kjem i bladet.

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Seminar om litteraturformidling til barn og unge

Seminaret var tysdag 27. november, altså dagen etter det avlyste Barnebokmøtet. Heldigvis var deltakarane i godt humør. Dei fleste hadde venta sidan dagen før. Vi på fylkesbiblioteket var nesten ekstatisk lykkeleg over at dei tre ”nye” foredragshaldarane kom fram. Dei kom kvelden før og glad for bra hotell og mange deltakarar, heile 29 bibliotekfolk.

Det var Statens Bibliotektilsyn arrangerte seminaret. Dei ville med dette seminaret gje oss påfyll av inspirasjon og kunnskap til arbeidet vårt med å formidle litteratur til barn og unge, kanskje spesielt til unge.

Troll i ord
Det var to foredrag. Anne Liv Tønnesen frå Rogaland fylkesbibliotek fortalde om prosjektet ”Troll i ord” som er eit prosjekt som har prøvd ut nye måtar å stimulera til lesing. Dei har oppnådd mykje positivt. ”Troll i ord” er eit såkalla signalprosjekt. Det vil seie at eit viktig mål med prosjektet er å gjere kjent for resten av biblioteka kva dei har oppnådd. Sjå på heimesida til prosjektet www.trolliord.org for meir informasjon. Heimesida inneheld bl.a. prosjektoppskrifter. Her kan du finne forslag til tiltak for å auke leselysten, fordelt på gruppene barnehage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule og folkebibliotek. Dei har enormt mange forslag. Ta ein titt og bli imponert.

”Troll i ord” har samarbeida med eit reklamebyrå som ein del av prosjektet. Frå reklamebyrået fekk høyre at biblioteka er trua frå fleire hald, at biblioteka må ha ein tydelegare profil - lesing er kjekt - og jobben vår er å få det fram. Tønnesen snakka om at vi som formidlarar må tore å sleppe oss laus, flørte med lånarane. Dette er lettare å gjere dersom vi snakkar om noko vi likar, føler at vi har noko å ”selje”.   

Brukarmedverknad
Hanne Dahll-Larssøn heldt det andre foredraget; Brukarmedvirkning og ”etisk prosess”.

Hanne Dahll-Larssøn arbeiderer på Kristiansand bibliotek, og i mange år har ho jobba med å få til ei god avdeling for ungdom i biblioteket basert på kva ungdom sjølv likar og vil ha. Ho fortalde om samarbeid med ungdom og var spesielt opptatt av å få vite korleis dei ynskjer seg biblioteket dei som ikkje brukar biblioteket. Ho har difor samarbeidd med ein skuleklasse for å kontakt med alle slags ungdommar, ikkje berre dei som er ”frelst”. Ungdommane fekk vere med å bestemme kva ho skulle kjøpe til avdelinga, både møblar, bilete, bøker, teikneseriar osb. Ho fekk mange overraskingar, blant anna at ungdommen les mykje meir vaksenbøker enn ho trudde, ungdomsbøker er ofte for barnslege. Rollespelbøker var det stor interesse for. Det trur eg vi burde skaffe meir av til biblioteka.

Fylkesbiblioteket har rapporter frå arbeidet hennar som kopierast opp til dei som spør.

Det blei eit svært vellykka seminar. Vi fekk lære mykje om litteraturformidling, og eg håper også at vi fekk lyst å gjere noko med tilbodet vårt til unge.

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Vellukka arrangement i Sogndal

29. og 30. oktober hadde vi besøk av Torstein Bugge Høverstad. Han er mannen bak omsetjinga av Harry Potter-bøkene til norsk. Måndag 29. okt. hadde vi ope familieprogram om kvelden der T.B.H. først fortalde litt om det å omsetje bøker - kva dilemma han kom ut for t.d. i høve namn ol. Deretter las han opp frå "Harry Potter og ildbegeret" som er bok nr. 4 i serien. Omlag 60 tilhøyrarar - både vaksne og barn. Dagen etter, på føremiddagen, hadde vi invitert alle 5.klassingane i kommunen hit til biblioteket til det same programmet som kvelden før. Det var omlag 110 ungar. Torstein Bugge Høverstad var ein utruleg god opplesar, men så har han jo lest inn bøkene på lydbok òg.

Måndag 12. november samla vi over hundre barn og vaksne til skumringstime i biblioteket mellom kl 19 og 20. Tema i år var "Ord og tonar i Norden". Vi fekk god hjelp av dei fire distriksmusikarane Rigmor Henriksen , Maria Lith , Joakim Anselmby og Leif Aslaksrud. I tillegg til desse var det Øystein Åsnes på kontrabass og Lena Skjerdal med song og eventyr. 7-8 sjarmerande ungar frå Barnekoret ved Sogndal musikkskule var òg med. Dei hadde sett saman eit veldig flott program som vart godt motteke av publikum.

Signe Witsø
Sogndal bibliotek

[Toppen]


8. klasse ved Sande skule blei fylkesvinnar i txt-aksjonen HYPERTEKST

Gode krefter har også i år gått saman om å stimulere leselysten hos dei unge. Målgruppa i år var 13 til 16 år. På nasjonalt plan var det ein vellukka aksjon, der mange sendte inn svar. Ein kan jo håpe at mange av desse fekk lyst å lese bøker også, og oppdaga nye forfattarar. I fylket vårt veit vi at biblioteka i Flora, Førde, Eid, Sogndal og dessutan Bokbåten var med. Kva skular som deltok har vi ikkje oversikt over.

Det er kåret ein vinnar i fylket, 8. klasse på Sande skule i Gaular. Dei får ei bokpakke på 30 bøker og ein forfattar på besøk. Forfattar kan dei velje sjølv.

Her er kommentarar frå lærarar som har delteke i aksjonen, henta frå heimesida til Foreningen !les 

”Alle elevene i klasse 8b på Båsmo Ungdomsskole har nå lest Hypertekst på internett. De har jobbet to og to ved hver sin datamaskin, og har levert navnelapper med sine svar til meg etter hver lesetime. Dette var et flott tiltak som hjelper oss lærere til å motivere elevene våre. Dette fenget elevene, de satt som tente lys foran PC’ene”.
Peter M. Andersen, klassestyrer, Båsmo Ungdomsskole. 

”Fin måte å fokusere på lesing og på ny ungdomslitteratur. Det er viktig å sette av tid til lesing på skolen. Vi hadde oppstart på folkebiblioteket der bibliotekaren fortalte og leste fra de aktuelle bøkene og fra bøker om gresk mytologi. Meget bra!” 
Hanne Haugland, lærer ved Rørvik skole

Anne Sagen
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Bokbåten med eigen klubb

I haust starta dei tre bokbåtfylka opp med ein bokbåtklubb for ungar frå 1. - 7. klasse. Ungane vart registrerte som personlege medlemmar og vil få tilsendt eit medlemsblad før kvar bokbåttur. Medlemsbladet vil innehalda stoff om neste bokbåttur, bidrag frå elevane, konkurransar og omtale av barnebøker. Bokbåtklubben skal prøva å fremja endå større leselyst og bokinteresse blant elevane. I Sogn og Fjordane har me registrert 248 medlemmer etter turen i haust, og me er no i ferd med å laga det første medlemsbladet som vert sendt ut til medlemmane i januar/februar 2002.

Neste bokbåttur går i perioden 22. februar til 12. mars. Då skal me ha med oss musikaren og  barnebokforfattaren Atle Hansen. Han vil lesa og fortelja frå eigne bøker, i tillegg til at han vil underhalda oss med song og gitarspel.

Ingrid Dræge
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Ny norsk vaksenprosa 2001

Aud Nordgarden Grimstad samla 26 forventningsfulle bibliotektilsette i "Lisjesalen" i Førdehuset 4. desember. Alle gleda seg til eit inspirerande møte med eit utval av årets norske prosabøker. Leselysta vart nok pirra hos nokon kvar då vi fekk høyre Aud si vurdering av bøkene, samstundes trakk ho og fram korleis desse var blitt mottekne i media. Det vart og tid til kommentarar frå tilhøyrarane om deira oppfatning dei bøkene dei hadde lese sjølve. 

Sjølv om vi ikkje har lyst eller tid til å lese alle bøkene som vert omtala, er desse møta ei god hjelp i arbeidet med å kunne formidle bøkene vidare til våre lånarar. Diverre gav Aud uttrykk for at ho vurderer å pensjonere seg, og at det er små sjansar for at vi får sjå ho att neste haust. Vi kan berre håpe at andre tek opp dette viktige arbeidet slik at vi og for framtida kan få denne viktige informasjonen og inspirasjonen til å anbefale "kulturfondbøkene" til lånarane våre.

Gunnvor Schei
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Kurs i Mikromarc 2

Fylkesbiblioteket skal arrangere kurs i Mikromarc 2 i Førde. Kurset vil gå over to dagar, 6. og 7. februar 2002, og ein kan velje å gå ein av dagane, eller begge to.

Første dag vil bli for dei som ikkje har jobba noko særleg med Mikromarc og/eller biblioteksystem tidlegare, t.d. skular eller andre som gjerne vil ha litt basiskunnskap om systemet. 

Andre dag vil vere for dei som har brukt Mikromarc og biblioteksystem tidlegare, og evt. dei som har gått første kursdag. Her vil ein gå meir grundig inn på systemet og kva mogelegheitar som fins. Det vil bli lagt mest vekt på katalogdelen. 

Dersom det er spesielle ting de vil skal bli tatt opp på kursdagane, kan de gjerne gi beskjed til Anja.

Vi vil sende ut nærare informasjon og påmelding rett over jul.

Anja Angelskår Mjelde
Fylkesbiblioteket

[Toppen]


Nytt om namn

Sigrid Solberg har eitt års svangerskapspermisjon frå stillinga som biblioteksjef ved Hyllestad folkebibliotek frå august 2001. Marit Dale Hatlem vikarierar. Marit Kvitne frå Voss har ei 50% stilling ved biblioteket i same tidsrom.

Britt Kringlen er fast tilsett som biblioteksjef i Naustdal kommune frå 1. september 2001.

Ingunn Stokstad har sagt opp stillinga si som biblioteksjef i Aurland, og gjekk over i ny stilling 5.desember. Ho er no tilsett som norsklærar for vaksne framandspråklege i Aurland. Grethe Vikesland er tilsett som vikar i biblioteksjefstillinga fram til ny fagutdanna biblioteksjef er på plass, venteleg til våren. Grethe Vikesland er geitebonde med allsidig bakgrunn innan jordbruk og barnehage. Dei to siste åra har ho studert ved Høgskulen i Telemark. 

Ragnhild Tunheim, som har vore tilsett i eit vikariat ved Biblioteket Øyrane i Høgskulen sidan 13. august, har sagt opp stillinga si frå nyttår. Ho skal no fortsetje med studiar ved UiB.

Ellers i Høgskulen var det fleire nytilsette i august/september: Nora Lile på læresenteret på Studiesenter Sandane (2 års engasjement), Ellen Lilleeng på Biblioteket Fosshaugane i Sogndal (vikariat), og Else Marie Kirkhus på Biblioteket Vie i Førde (vikariat). 

Ved Sogndal bibliotek er det litt endringar: Susanne Daae-Qvale har permisjon som biblioteksjef i eitt år frå nyttår, for å ta til i ei ny stilling. Signe Witzø og Gerd Vik skal i denne perioden dele på oppgåva som biblioteksjef, 50% kvar. Mette Lunde Bøyum (frå Fjærland-filialen) skal ta enkelte vakter, og Synneva Kvam fortset i 50% stilling.

Eli Eide Årevik byrja 6. august i 37,33 % fast stilling som bibliotekassistent ved Selje Folkeboksamling.

I Lærdal er begge filialstyrarane slutta. Oscar Lysne slutta etter 37 år som filialstyrar ved Ljøsne filial, Torodd Cock etter 10 år som filialstyrar ved Borgund filial. Stillingane er ikkje lyst ut att og bibliotekstrukturen er til vurdering under budsjetthandsaminga no til jul. Filialane er no midlertidig stengde, og ein ventar på avklaring om dei skal leggast ned eller om dei skal vere opne med evt. redusert opningstid.

Og på fylkesbiblioteket vil ein ikkje lenger treffe på Bjørg Torkveen, men derimot Bjørg Fimreite, som no har tatt tilbake jentenamnet sitt.

[Toppen]


 Vi på fylkesbiblioteket ynskjer alle ei riktig 
God Jul!


[Toppen]

 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, http://www.sf.fylkesbibl.no 
Tlf: 57721880, Faks: 57721893, E-post:admin@sf.fylkesbibl.no
Sist oppdatert 25.06.03 av Anja Angelskår Mjelde