Innhald
Nordisk konferanse på UWC i Fjaler 25.-26. juni blir den nordiske konferansen "Biblioteket som pedagogisk ressurs - frå brukaropplæring til bibliotekdidaktikk" halden på Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler. På programmet
står foredrag innan brukaropplæring, didaktikk, og informasjonskompetanse,
med forelesarar frå Sverige, Danmark, Finland og Norge. Heile programmet
finn de på http://www.sf.fylkesbibl.no/kurs.htm Det er også lagt opp sosiale aktivitetar for dei rundt 120 deltakarane; måndagskvelden er det tilbod om fisketur på Dalsfjorden, fjelltur på Jarstadheia, tur til Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen og til Klokkargarden, barndomsheimen til Jakob Sande, og omvising på Røde Kors Nordisk United World College. Oppsummering/konklusjonar frå møte om
framtida for mobiltenesta i fylket, Økonomi Førebels rekningar tyder på at bortfall av øyremerka midlar gjer at bokbuss-prisane vil auke gradvis fram mot 2005 og ende opp med ca kr. 1500,- i 2001 kroner, dvs ca. 50% auke samanlikna med dagens nivå. For bokbåten vert tilsvarande auke gje ein timepris på ca. kr 3700,- i 2001 kroner i 2005; dvs ca 500% auke samanlikna med dagens nivå. Kommunane gav klart uttrykk for at prisen på tilbodet vil avgjere om dei vil fortsette samarbeidet, og spesielt for dei store bokbåtkommunane er det avgjerande at prisen ikkje overstig "smertegrensa.". Fylkeskommunen må synleggjere dette i budsjettprosessen for neste år. Interkommunalt samarbeid Deltakarane ga beskjed om at dette ikkje er ønskjeleg. Dei grunna dette med at dei har for lite ressursar til å gå inn for ein slik modell. Dei større kommunane som Førde og Flora var heller ikkje interessert i dette. Framtida for bokbåten Kulturprogramma på båten er populære. Det vert og uttrykt ønskje om at båten kan stoppe på stader der ein har bibliotek og berre og framføre kulturprogrammet. Det nyleg starta prosjektet om betre marknadsføring og profilering av bokbåten retta mot barn er positivt. Framtida for bokbussen Det kan og verte aktuelt å tilby bussen på oppdrag i samband med andre kulturarrangement i kommunen. Det er viktig å samarbeide meir med skulane
der ein har dårleg utbygde skulebibliotek. Dei kan evt. vere med å dele
utgiftene Status for Fjognedok-prosjektet 11. juni 2001 var det eit oppsummeringsmøte i Førde om prosjektet så langt. Mellom anna vart økonomien i prosjektet drøfta. Av dei "gamle prosjektmidlane" er det lite att, og det kom førebels avslag frå Statens Bibliotektilsyn på FOU-søknaden. Men Fjognedok er mellom dei ABM-prosjekta som framleis vert vurderte, så vi håpar ... I mars hadde Sogn og Fjordane fylkesbibliotek /Fjognedok-prosjektet eit møte med NB Oslo / Seksjon for periodikaindeksering, der pilotprosjektet om registrering av tidsskriftartiklar og samarbeidsavtalen juni-desember 2000 vart evaluert. Etter møtet vart det laga ein rapport om samarbeidet så langt. Samarbeidet har vore vellukka, og nye måtar for samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og fylkesbiblioteka blir drøfta. Fjognedok-basen inneheld no ca. 4.500 postar. Fylkesbiblioteket prioriterer analyseringa, og vonar å få registrert like mykje denne sommaren som i fjor sommar. I tillegg til Førde og Sogndal håpar prosjektet å få til eit "registreringspunkt" i Nordfjord. Vi skal ha eit møte med Eid folkebibliotek i august om dette. Elles arbeider fylkesbiblioteket med register for Årbok for Nordfjord 1951-2000. Heile årboka ligg no i Fjognedok-basen. 12. november 2001 skal det vere eit nasjonalt lokalhistorisk seminar med utgangspunkt i Skjermkontakt-prosjektet til Statens Bibliotektilsyn. Seminaret blir på Bogstad Gård, og m.a. skal Fjognedok-prosjektet presenterast der. Eli Lothe BYSS - møte
Sigrid Solberg Bokbåten skal ut i tida 17. oktober - 4.november. Ruta er enno ikkje fastlagt, men det er klart at Trond Magnum frå Abrakadabra-teatret skal syna barneteater. Forfattarbesøk i Gaular Gaular folkebibliotek har i fleire år i samarbeid med skulane og folkeakademiet hatt forfattarbesøk. Biblioteket og skulane har hatt som målsetjing å ha to forfattarbesøk kvart år, dette har vi tilnærma greidd å realisere. Ved val av forfattar prøver vi å ha ei viss alternering mellom skuletrinna; barnetrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Alle elevane får såleis høve til å møte 3, 4 eller 5 forfattarar gjennom skuletida. Biblioteket og skulane har "samrådsmøter" to gonger i året – eit forsøk på å praktisere lovparagrafen som pålegg oss å samarbeide.. Vi har kanskje ikkje kome så langt med omsyn til bindande avtaler om samarbeid, men å arrangere forfattarbesøk meiner eg vi har lukkast ganske bra med. Forfattarbesøk er fast post på saklista til møta våre. Vi set opp ønskjeliste med 5-6 forfattarar, så prioriterer vi, og så startar eg ein ringerunde for å få avtaler og formalitetar i orden. Ønskjelistene går vi gjennom på kvart møte, nye namn kjem til, andre kan av ulike grunnar ha blitt uaktuelle. Økonomien er stadig eit problem, men utruleg nok har vi alltid kome i mål. Biblioteket sitt bidrag er å gjere arbeidet med avtaler, kontakt med folkeakademiet, lage reiserute m.m. Kostnadene blir dekka av skulane etter at det er trekt ut det mogeleg gjennom folkeakademiet. Utan samarbeid med folkeakademiet hadde det vore heilt uråd å få dette i stand, skulane har stort sett ikkje pengar på sine budsjett til slike tiltak. Forfattarbesøk burde vore sikra økonomisk, men…. Nokre kommunar har fast sum på budsjettet til slike tiltak. I eit tilfelle fekk vi ekstra midlar over skulebudsjettet, det var ved besøk av Anne Cath Vestly. Det var dårleg med nattesømnen til biblioteksjefen på eit visst tidspunkt, det såg nokså kritisk ut med omsyn til økonomien. Omsider vart det konkludert med at det var ei storhending å få Anne Cath Vestly (ho var i 1995 ei eldre dame) til kommunen – og så klarte vi oss den gongen og. Av andre forfattar vi har hatt på besøk kan nemnast: Stig Holmås (fleire gonger), Erna Osland, Helga Gunerius Eriksen, Per Olav Kaldestad (med litt diktverkstad), og sist vår: Gunnar Staalesen, jfr. elevmelding frå skuleavisa: Viksdalsposten. Desse namna syner at vi ser litt på kartet når vi vel forfattar – det er praktsikk med reiseavstand frå ca. Bergen. Eit tips til dei som les/likar teikneseriar: I Gulen bur ein rektor som veit det meste om teikneseriar, han heiter Helge Pedersen. Han har elles laga ei god fagbok om teikneseriar. Han har med stort hell vore i Gaular to gonger, og kan anbefalast på det beste med omsyn til teikneseriar. Elles så har både bibliotektilsette og lærarar merka seg interessa for fantasy. Etter eit "samrådsmøte" vart det registrert eit ønskje/behov for å få til eit møte med ein person som kunne føre oss nærare dette temaet. Vi tenkjer oss at dette må vere aktuelt for elevar på ungdomstrinnet, for lærarar, for bibliotektilsette og eventuelt for foreldre. Etter å ha bladd litt, snakka litt med andre osv. har eg kome fram til eit ønskje om å få Thomas Mørkrid på besøk, han har ei bra heimeside. Kanskje kan vi få til eit samarbeid med fylkesbiblioteket og nokre av nabokommunane.
Frå skulane har vi stort sett fått positive tilbakemeldingar på val av forfattar, med det har hendt at vi har bomma litt. Det syner seg og at ikkje alle klassar er like aktive med føre- og etterarbeid, så frå min plass i biblioteket ser eg behov for meir tilrettelegging og informasjon frå biblioteket i førekant av eit besøk, men så var det den tida då. Som ei oppsummering meiner eg at arbeidet med å lage til slike program gir mykje tilbake, det er ein fin inspirasjon i bibliotekkvardagen. Svanhild Oppedal FANTASY-seminar Til hausten vil Svanhild Oppedal og underteikna prøve å få til en mini-turnè med Thomas Mørkrid. Han vil halde foredrag om fantasybøker og gi smakebitar av denne litteraturen. Vi vaksne vil gjerne vite kva barn og unge er opptatt av. Kva er det for ei verd dei unge går inn i når dei spelar rollespel, dataspel, les Harry Potter og Ringenes herre? Dessverre les få vaksne desse fantasybøkene, spesielt kvinner er lite interessert. Mørkrid vil fortelje om kva som kjennetekner denne litteraturen, komme med smakebitar på bøker han likar. Han er ein god og inspirerande forteljar. Han er en allsidig mann, arrangerer bl.a. rollespel, fortel eventyr med meir. Ta deg en tur innom sida hans www.fabula.no . Planen er å arrangere seminar på skular med ein eller to ungdomskuleklasser saman med vaksne, foreldre og lærarar. Vi tenker oss en liten turnè i Sunnfjord og omegn. Det er uvisst om vi klarer å skaffe nok penger. Skulane må være med og bidra med pengar. Kontakt meg på epost for å melde interesse for å være med anne@sf.fylkesbibl.no Anne Sagen
"Troll i ord"-prosjektet ved Stavanger bibliotek har prøvd ut nye og gamle måtar for å auke leselysten hos gamle og unge. Måler er at andre bibliotek skal kunne bruke røynsla deira til å betre arbeidet sitt overfor denne lånergruppa. Dei har mange gode ideer. Les sida www.trolliord.org , der får du mykje inspirasjon. Anne Sagen 8.klasse i Viksdalen på biblioteket Norsklæraren til 8.klasse ved Viksdalen skule meiner det er svært viktig at elevane les, at dei les mykje, at dei les skjønnlitteratur, og at dei lærer seg å bruke biblioteket. Utpå vinteren kontakta vedkomande lærar underteikna med eit ønskje om at "vi må finne på noko" som stimulerer lesing og leselyst. For 8. klasse var det sett av nokre timar som kunne nyttast til dette. Vi tenkte litt kvar for oss, elevane skulle også tenkje, det var eit utgangspunkt at dei skulle få bestemme mest mogeleg sjølve. Vi møttest så til ein første time og hadde førebudd oss med idear og tankar, mange stikkord kom ned på papir. Det var mange gode idear, nokre trengde litt bearbeiding. Vi samla oss om nokre tema/idear som elevane skulle arbeide vidare med til neste gang, då skulle alle ha bestemt seg for kva dei ville arbeide med. Til andre time eit par veker seinare hadde alle elevane valt oppgåver, og så var det bibliotekaren sin jobb å finne det som trongst av bøker. Av det som blei valt kan nemnast: - Lese boka "Tatt av vinden", sjå filmen, finne ut litt meir om borgarkrigen i USA og om dei farga sine kår i USA - Skrive bokmeldingar i M.a.o. (Med andre ord) på nettet og samle seg til kjøp av bøker, ein elev ville melde debutbøker, ein ville velje bøker frå 10-12 serien som Gyldendal gir ut - Lese bøkene "Den lange reisen" til Torill Thorstad Hauger, finne faktastoff om utvandringa til Amerika, finne ut litt meir om utvandring frå si eiga slekt, vedkomande elev hadde mange i slekta som hadde utvandra - Kriminallitteratur som genre, dette vart eit stort og omfattande arbeid, men eleven hadde stor kapasitet, entusiasme og arbeidslyst - Grøss og krim, lese noveller i desse genrane, finne ut litt om forfattarane og samanlikne. Tida vart sjølvsagt for knapp, plutseleg var skuleåret nesten ferdig. Men vi fekk med litt synspunkt og meiningar om kvifor vi les\ ikkje les, om det er nødvendig med lesetrening, om det er nødvendig å lese skjønnlitteratur og kva den i tilfelle kan gi oss. For bibliotekaren eit svært inspirerande møte med 8.klasse – utruleg positive elevar og lærar. Svanhild Oppedal Biblioteket – hjarte i rådhuset Bremanger folkebibliotek sitt hovudbibliotek ligg sentralt i rådhuset i Svelgen. I vår var vi så heldige å få tilskot på kr. 50.000 til prosjektet " Biblioteket – hjarte i rådhuset" frå Statens bibliotektilsyn. Bakgrunnen for prosjektet er at Bremanger kommune, som ein av tre kommunar i Sogn og Fjordane, skal etablere eit offentleg servicekontor (OSK). Vi er den einaste kommunen som integrerer folkebiblioteket i OSK. Nokre av måla med prosjektet er å betre tilbodet til innbyggjarane, utvikle biblioteket saman med OSK, til å bli ein hovudinformasjonssentral i kommunen og i den offentlege tenesteytinga. Vi vil at biblioteket skal vere ein stad folk kan slappe av, lese aviser og tidsskrift, høyre på musikk, at det er ein møtestad i tillegg til dei tradisjonelle oppgåvene. Folk vil kome til servicekontoret for å få hjelp til ulike oppgåver og no kan dei samtidig nytte seg av dei tenestene biblioteket vil ha tilgjengeleg for publikum heile dagen. Vi skal opprette ein informasjonsavdeling. Der skal vi plassere all offentleg informasjon, oppslagsverk, aviser, tidsskrift, musikk, lese- og arbeidsplassar, internettmaskiner, Aetat sin virtuelle jobbsøkjarbase og ein kaffikrok. Dette tilbodet blir ope frå 8.00 til 15.30 heile arbeidsveka. Så folk er ikkje avhengig av biblioteket sine opningstider for å nytte seg av desse tenestene. I første omgang vil ikkje publikum kunne låne noko med seg utanom opningstida til biblioteket, det blir kun å nytte seg av tenestene å plassen. Men berre det er ein stor framgang. Seinare vil det truleg bli investert i ein utlånsmodul på servicekontoret, slik at det blir høve til utlån av utvalde media derifrå på sikt. Vi har organisert det slik at rådmannen er prosjektansvarleg, avdelingsleiar på servicekontoret er prosjektleiar, integreringsprosessen blir leia av kultursjef og biblioteksjef, og biblioteksjefen har det daglege ansvaret for utviklinga av prosjektet. Randi Tveit Solheim Uka for voksnes læring 15.-21. oktober 2001 arrangerast det for fjerde gong i Noreg "Uka for voksnes læring". Dette er ei landsomfattande markering for vaksne si læring, der ein satsar på å få både landsdekkjande og lokale aktivitetar. "Uka ..." vender seg både til aktørar og deltakarar innan vaksenopplæringa, og årets tema er "Læringsarenaer - lær der du er" - noko som er spesielt interessant for folkebiblioteka. Det er Voksenopplæringsforbundet (Vofo) som er koordinator og prosjektleiar for "Uka for voksnes læring", og ein kan lese meir på nettsidene deira, http://www.vofo.no/uka/ Vofo og Fylkesbiblioteket plaglegg ein konferanse
i Førde 15. oktober: "Biblioteket som læringsarena". Kontaktperson i Sogn og Fjordane er: Videobøker for døve Fylkesbiblioteket har lagt ut ei liste over videobøker på heimesida si: http://www.sf.fylkesbibl.no/video.htm Videobøker er bøker lest inn med teiknspråk på video. Dei er særleg tilrettelagt for døve og høyrselshemma. Ei videobok på teiknspråk er ei blanding av attforteljing av originalteksten og dramatisering. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har videobøker som inneheld ungdomsbøker, barnebøker, biletbøker, eventyr og barneteater. I tillegg har vi nokre bøker for vaksne. Breiband - tildeling av midlar Det blei sendt 8 søknader frå Sogn og Fjordane om tildeling av midlar til breiband i folkebibliotek. Fire av desse søknadane fekk tildelt midlar:
Sogndal, Årdal, Eid og Stryn fekk dessverre ikkje tildelt prosjektmidlar denne gongen. Totalt fekk Statens bibliotektilsyn inn 77 søknader med ein total søknadssum på kr 63.799.857,-. Av desse søknadane fekk 20 tildelt midlar på tilsaman 10.514.000,-, der altså Sogn og Fjordane fekk kr. 522 000 fordelt på fire søknader. Les meir på http://www.bibtils.no/bredband/index.htm Bibliotekdagane 2001 Bibliotekdagane vert i år i Stryn 3. og 4. september. Innhaldet byrjar å bli klart: Den eine dagen vil Lasse Christensen frå Bærum bibliotek snakke om samlingsutvikling, og den andre dagen vil Henning Rivedal ta for seg medietrening/mediekontakt. Invitasjon og meir informasjon vil bli sendt ut over sommarferien. Bibliotekstatistikken 2000 Statistikken for år 2000 for fylkesbiblioteket og folkebiblioteka er klar, og lagt ut på vevsidene til fylkesbiblioteket, http://www.sf.fylkesbibl.no/statistikk2000/ Tala er henta frå skjemaa til Bibliotektilsynet som dei enkelte biblioteka har fylt ut. Statens bibliotektilsyn har også lagt ut bibliotekstatistikk på sine heimesider; http://www.bibtils.no/innhold/statisti/ststkin1.htmSer ein etter vil ein sjå at nokre statistikktal er ulike i tabellane til fylkesbiblioteket og SB. Utlånstal pr. innbyggjar i fylket er ulikt fordi fylkesbiblioteket i dette talet også har rekna med utlån frå buss og båt. Ellers har fylkesbiblioteket rekna med dei innbyggjartala for kommunane som er lagt inn i skjemaet, medan SB har henta tal frå Statistisk sentralbyrå. Difor vil det vere små avvik i tabellane der det er rekna med tal pr. innbyggjar.Vi har fått beskjed frå Flora folkebibliotek om at tala som er lagt inn under "Lån frå mobile einingar" kun er lån frå bokbussen. Det skal difor plussast på 3 477 lån frå bokbåten, slik at det til saman blir 5 790 lån frå mobile einingar i Flora. Dette påverkar også andre tal: Lån frå mobile einingar, Sogn og Fjordane: 36 441; Total [utlån] inkl. mobile einingar, Flora: 47 536, Sogn og Fjordane: 562 414; Totalt utlån alle media pr. innb. (inkl. også buss/båt), Flora: 4,23, Sogn og Fjordane: 5,22. Tilsvarande blir det endringar i Figur 5 - Utlån frå mobile einingar (bokbåt og -buss), Figur 7 - Utlån pr. innbyggjar 1990-2000 og Figur 8 - Utlån pr. innbyggjar i kommunane. Vi skal etter kvart få retta opp desse tala på
vevsidene våre, i heftet må de nok rette sjølve. Trøysten får vere at tala
er betre enn dei som opprinneleg var lagt inn.
Referat frå styremøte i NBF 05.03.2001 Stad: Hafstad vidaregåande skule i Førde Sak 10-00/01 Studietur Sak 11-00/01 Rekneskap Sak 12-00/01 Nordisk bibliotekkonferanse Sak 13-00/01 Ymse Gry Hatlelid Referat frå styremøte i NBF 09.05.2001 Møtet vart halde på Hafstad vidaregåande
skule. Sak 15-00/01 Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane Sak 16-00/01 Mobil bibliotekdrift Sak 17-00/01 Web-side for NBF - avdeling Sogn og
Fjordane Norsk Bibliotekforening har i rundskriv nr. 6/2001 informert om ei nyordning som handlar om økonomisk frikjøp til organisasjonsarbeid. Det er for 2001 sett av 115.000 kr. til fordeling blant NBF sine lokalavdelingar og spesialgrupper. Vi skal sjå nærmare på denne ordninga, og kanskje få til eit opplegg med å frikjøpe t.d. Hilde til å lage heimesida vår. Sak 18-00/01 Ymse Sak 19-00/01 Neste styremøte Randi Tveit Solheim Nytt om namn Borgny Dam-Nielsen er tilsett i 50 % stilling som ny biblioteksjef ved Selje Folkeboksamling frå 1. juni. Ho er 57 år og har sidan 1990 vore tilsett som kulturkonsulent i Selje kommune. Av utdanning er ho kjemiingeniør/bioingeniør, og har elles Fagskolen for Bok og Papir. Ho er forfattar av barne-og ungdomsbøker og har eige tekstfirma og forlag; Scriptoriet. Hjørdis Åsnes er tilsett som ny biblioteksjef i Fjaler. Ho har også tidlegare fungert som biblioteksjef her, og overtek etter Gry Hatlelid som no er biblioteksjef i Årdal. Else-Marie Kirkhus har eitt års permisjon frå Flora folkebibliotek for å vikariere på biblioteket ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho vikarierer frå 1. september og eitt år framover for Sigrid Gjelsvik som har overtatt som avdelingsbibliotekar ved Biblioteket Vie på Høgskulen. Sigrid vikarierer for Anja Angelskår Mjelde som 2. april byrja som distriktsbibliotekar ved fylkesbiblioteket, med hovudarbeidsområde innan IT/vevarbeid. Ann-Kristin Hovstad byrja 18. juni i 100% stilling som bibliotekar ved Førde bibliotek. Ho kjem frå ei stilling ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Biblioteket Vie, der ho har jobba dei to siste åra. Ellen Lilleeng tek til i eit vikariat som bibliotekar ved biblioteket Fosshaugane, Høgskulen i Sogn og Fjordane 6. august. Ho kjem då frå stilling som bibliotekar ved Vinstra vidaregåande skule. Unni Marie Bøyum hadde sin siste dag som filialstyrar i Fjærland den 22. juni. Ho blir no pensjonist etter å ha vore filialstyrar her sidan 1985. Det var kake og kaffi i biblioteket denne siste dagen, og mange kom innom for å takke for innsatsen - både med gåver og ord. Kontortid ved fylkesbiblioteket Vi minner om at vi har sommartid på fylkesbiblioteket; i tida 15. mai til 15. september er arbeidsdagen slutt kl. 15.00, så om de vil ha tak i nokon av oss må de ringe før dette.
|
|||||||||||||||||||||||||||