Nytt namn på fylkesbiblioteket
Fylkesbiblioteket fekk i august ein ny distriktsbibliotekar
i ein førebels 60% stilling. Anne Sagen tok "trappa opp" frå Førde
bibliotek for å ta over arbeidet med barne- og ungdomslitteraturen og
bokbussen. Anne er også BFs lokallagsleder i Sogn og Fjordane så henne
blir de nok kjende med etter kvart - om de ikkje har latt dykk sjarmere av
hennar smittande humør allereie!!
Anne kan treffast på tirsdag, torsdag og fredag.
Tlf.: 57 72 18 87
E-post: anne@sf.fylkesbibl.no

Senior-surf 17.oktober
Førde Bibliotek arrangerte i samarbeid med Fylkesbiblioteket SeniorSurf 17.okt.
Arrangementet var godt marknadsført gjennom pensjonistlaget, og annonsert i lokalavisa Firda og med plakatar rundt i bygda.
Dagen før vart det installert 4 nye PC'ar på lokalsamlinga. Dei var gjevne av Lions til pensjonistane i kommunen, som igjen ville plassere dei i biblioteket.
Opplegget for dagen var tradisjonelt sunnfjordsk, med mat og kaffi først, deretter demonstrasjon i plenum, og tilslutt individuell surfing med hjelp av bibliotekarar frå begge biblioteka.
Det som vart vist i plenum var informasjon til nytte og glede med utgangspunkt i
Seniornett sine internettsider, og det var lokalhistoriske ressursar.
Pensjonistane hadde ulik erfaring med internett-bruk, og ulike forventningar. Nokre var alt aktive brukarar, medan andre var heilt nye, felles for alle var at dei var nysgjerrige på kva nettet kunne brukast til.
Oppslutninga overgjekk våre forventningar, vi hadde på førehand rekna med 15-20 deltakarar, så kom det ca 40. Derfor måtte det improviserast noko med både serveringa og opplegget ellers.
Det store deltakar-talet, gjorde at det vart litt lite tid til eigen øving, men fleire kom tilbake dagen etter for å surfe meir. Dei 4 "pensjonist-PC'ane" står framleis på biblioteket, og etter planen skal det bli arrangert kurs for pensjonistar i regi av pensjonistlaget og senioruniversitetet.
Avisa Firda stilte med journalist og fotograf, og vi fekk nesten heile midtsideoppslaget dagen etter.
For biblioteket var dette ein vellukka dag, vi hadde stort oppmøte av interesserte seniorar, vi fekk positivt medieoppslag, og vi ser fram til vidare samarbeid med pensjonistane.
Marie Dombestein
biblioteksjef Førde bibliotek

Aksjon tXt 2000

Aksjon tXt er eit omfattande tiltak retta mot born og ungdom. Den
landsomfattende aksjonen
vart i år arrangert for tredje år på rad, og det var rekordhøg oppslutning blant 5.- 7.-
klassingar, bibliotekarar, bokhandlarar og lærarar. Totalt deltok 40.000
einskilde personar frå heile landet i konkurransen "Finn
ordet".
Nedanfor lar vi Florø og Sogndal formidla noko av deira
inntrykk etter årets aksjon:
Aksjon tXt i Florø:
Vi var med på oppgåva "Finn ordet" og laga ei utstilling i biblioteket av dei aktuelle bøkene. Det heile starta med at eg tok kontakt
med personleg brev til alle klassestyrarane i 5.-7. klassane og informerte om konkurransen og kva dei evt. kunne vinne. (Kun ein skule hadde på eiga hand engasjert seg)!
Vi fekk mange reaksjonar på brev og info, og eg trur ialt 10 klassar frå Flora sende inn løysing. Fleire klassar kombinerte oppgåveløysinga med ei vitjing på biblioteket, så dei fekk litt ålmen bibliotekinfo i tillegg (vi har for tida ikkje systematisk bibl.opplæring). I tillegg til å engasjere skulane, prøvde vi å få med familiegrupper som vi kjenner som lesehestar, likeeins venegjengar og einskildlånarar. Ettersom ikkje alle leverte løysing gjennom biblioteket, veit vi ikkje riktig kor mange som virkeleg var med. MEN EIN TING VEIT VI: Klasse 6C ved Florø barneskole vann fylkesfinalen, får omlag 30 bøker til klassebibliotek og får ønskje seg vitjing av ein forfattar på vårparten! Den opplevinga vil dei gjerne dele med dei andre 6-klassane ved skulen som alle var med på konkurransen.
Overfor aksjonsleiar har eg berømma den forma aksjonen fekk i år, særleg dette at denne konkurransen var noko vaksne og barn kunne vere saman om å løyse og at ein i tillegg fekk spanande smakebitar frå bøker og bokseriar til seinare leselyst. Som vanleg har eg også klaga over at all informasjon vedr. aksjonen kun ligg føre på bokmål! Lurer på om eg er den einaste som masar om dette, til neste år trur eg vi må aksjonere i fellesskap.
Else-Marie Kirkhus
bibliotekar Flora folkebibliotek
Aksjon tXt i Sogndal:
Norane skule (5.-7.kl.) kom igang etter forslag frå oss her på folkebiblioteket. Dei var her på klassebesøk i slutten av
september. Folkebiblioteket forsynte dei med nokre av bøkene som dei ikkje hadde på skulebiblioteka. Oppgåva i år var mykje greiare enn
fjorårets og eg trur det er ein fordel at det verkar overkomeleg/ forståeleg i utgangspunktet.
Signe Witsø
bibliotekar Sogndal bibliotek

Komitearbeidet med ABM-meldinga er avslutta
Komitearbeidet med Arkiv Bibliotek Museum- meldinga er nå avslutta og innstillinga er avgitt til Stortinget.
Konklusjonen har munna ut i berre eit forslag til vedtak: Fredsprissenter på Vestbanen som skal stå ferdig i 2005.
Elles peiker komiteen på ei rekkje utfordringar på bibliotekområdet og det er tydeleg at lobbyistane frå NBF og fylkesbiblioteksjefkollegiet har fått gjenklang:
-
Koordineringa av ABM-utviklinga kan verte lagt til Norgesnettrådet eller Nasjonalbiblioteket.
-
Om gratisprinsippet seier komiteen at det bør stå fast, men kan i unntakstilfelle fråvikast.. Unntakstilfelle kan vere større oppdrag til næringslivet.
-
Når det gjeld avviklinga av øyremerka tilskot er komiteen delt. Fleirtalet Ap, Frp og Høgre står på avviklinga og argumenterer med det lokale sjølvstyre. Mindretalet KRF, SV, SP og Venstre ber Regjeringa følgje konsekvensane av avviklinga og komme tilbake med forslag for å sikre ei tilskotsordning.
-
Komiteen ber departementet vurdere endringar i biblioteklova for å sjå korleis fylkeskommunen skal organisere fylkesbiblioteket sine oppgåver.
-
Komiteen ber Regjeringa vurdere naudsynte skritt for å realisere ei kompensasjonsordning for fjernlån frå Universitet og Høgskular.
Elles får Kulturnett Sogn og Fjordane rosande omtale, og komiteen foreslår at eit nasjonalt nettverk med denne modellen kan verte lagt til fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Med andre ord Kulturnett Norge har fått konkurranse!
Solveig Bjordal
fylkesbiblioteksjef

Oppgavefordelinga mellom stat, kommune og fylke
Som kjent er det trong for vesentlege endringar i offentleg sektor. Vi fekk signal om dette i NOU 2000-22 frå oppgavefordelingsutvalet. Nå arbeider ein Stortingskomite vidare med dette og innstillinga er venta i mars/april
2001, slik at Stortinget får behandla dette før sommarferien.
Då veit vi meir om tal fylkeskommunar og inndeling. Kommunesamarbeid vil også verte vurdert. Regjeringa har sagt at stat og kommune må vere sentrale aktører i velferdsstaten. Utgangspunktet skal vere at oppgåvene skal løysast nærast mogleg brukarane med minst mogleg byråkrati.
Vi ventar i spenning og håper at lobbyistane i bibliotek-verda held fram!

Askvoll bibliotek opna dørene for publikum 26. oktober.
Over tretti personer frå kultur og næring var invitert til opninga av det nye Askvoll bibliotek. Dei fekk sjå eit moderne og innbydande bibliotek i den ombygde gymnastikksalen i skulen. I inngangspartiet til biblioteket er det ein internettkafe for ungdom og vegg i vegg er det ein datlab med 18 pc'ar.
Storsatsinga på bibliotek og IT i Askvoll kjem av at kommunen i 1998 vart peika ut til å vere pilotkommune. Eit av satsingsområda for kommunen var eit ITK-senter.
Totalt kjem utbygginga av biblioteket og ITK-senteret på 3,3 millionar kroner.
Askvoll bibliotek har og ei imponerande lokalsamling som er verd eit besøk.
- "Dette er ei unik løysing, og eg håper at folk i Askvoll kommune vil sette pris på
tiltaket", sa ordførar Kjellaug Veivåg Høyvik under opninga.
- "Å satse på data er nødvendig dersom vi skal lev opp ril framdriftsdraumen for Reform
97", sa konstituert biblioteksjef Randi Bjørneset under opninga.
Etter den offisielle delen vart dørene opna for innbyggjarane og unge og gamle strøymde til og vi har all grunn til å tru at dette vert det nye samlingstaden for både ung og gamle i
Askvoll.



Skumringstime på Sogndal
bibliotek
Også i år sløkte vi lyset og las høgt samstundes på alle folkebiblioteka i heile Norden.
Det var fjerde gongen Sogndal bibliotek gjennomførde dette arrangementet.
Teksten i år var frå eit av kapitla i Astrid Lindgren si bok Nye spell av Emil i Lønneberget:
”Lørdag den 28.juli gikk mot sin slutt. Emil satt i snekkerbua og ble sintere og
sintere..........”
Vi hadde invitert Jenny Johansson frå Sverige til å lese for oss på svensk.
Jenny arbeidde her på biblioteket for eit par år sidan, og det var veldig triveleg at ho ville ta turen hit igjen. Ho hadde med seg ei ”møsse” som ho spurde ungane om dei visste kva var - Ja! - Alle visste at det var lua til Emil. Og Jenny sette lua på hovudet og las heile historia om alt som hende denne dagen. Ungane forstod det meste av teksten, som mange av dei kjende frå før. Det var ikkje noko problem med å formidle dette på originalspråket, nett slik som Astrid Lindgren sjølv hadde skrive historia.
Sidan Skumringstimen er eit felles nordisk arrangement syntes vi det var fint å fokuse på svensk språk.
Før høgtlesinga var det musikkinnslag ved elevar frå Sogndal musikkskule.
Barnekoret song om Emil, og ei klarinettgruppe spelte kjende tonar frå filmen om Emil.
Nokre av ungane måtte sitje på golvet, dei vaksne fekk vi pressa inn mellom bokhyller og bord med tende stearinlys. Tilsaman var det 140 personar som møtte fram til ei fin stund i lag på biblioteket.
Susanne Daae-Qvale
biblioteksjef Sogndal bibliotek

20. september opna den nye nettstaden www.dittnett.no, som Kulturavdelinga i fylkeskommunen står bak. Dittnett er ei vidareføring av UngInfo, som hittil har vore eitt av delnetta på
Kulturnett Sogn og Fjordane.
Det var tid for ei og fornying av ungdomssidene og no dei har no fått eit sjølvstendig liv, med nytt innhald og ny utforming.
Vi har lagt vekt på informasjon, som den viktigaste funksjonen til dittnett.no. Det føregår mykje her i fylket som har med ungdom å gjere. I jobben med utviklinga av dittnett.no, har det stadig dukka opp nye ungdomsrelaterte tiltak og prosjekt.
Det er sannsynleg at ungdommen heller ikkje kjenner til alle fora, instansar, prosjekt og tiltak som er ungdomsretta. Utfordringa har vore å finne det viktigaste og samle det på dittnett.no.
Veit til dømes ungdom kva UPU (ungdomspoltitisk utval) driv med ? Kanskje kunne det vere kjekt å sjå bilder av representantane og finne e-post adressa deira? Kva veit dei unge om Fylkesting for ungdom ? Eller kva med å sjå bilder og lese om årets Ungdommens Kulturmønstring? Kor kan ein vende seg med eit helse-problem? Kva er Ungdomskortet? Kva skular fins det i fylket, kva med e-post og heimeside? Alt dette og mykje meir har vi samla på dittnett.no.
Nettstaden er for ungdom i alderen 13 - 24 år, som bur i fylket eller har tilknytning til Sogn og Fjordane. Når målgruppa er så vid og mangfaldig, kan det vere vanskeleg å treffe alle like godt til ei kvar tid. Ved å satse på informasjon innanfor felta arbeid, utdanning, helse, samfunn, økonomi og jus, fritid, ut i verda og Ung i Sogn og Fjordane (-programmet), trur vi dei unge finn informasjon som er relevant og nyttig for dei, på eit eller anna tidspunkt i ungdomstida. Vi har følgeleg funne ei rekkje sider ute på nettet innanfor desse kategoriane og lagt inn peikarar til dei mest relevante sidene.
Andre sider er eigenproduserte, eller laga i samarbeid med organisasjonar, verksemder og etatar utanfor fylkeskommunen. Vi har fått mange gode innspel og tips vidare, av samarbeidspartar som Helsestasjon for ungdom, NHO Sogn og Fjordane, Opplæringskontora, SND og Landbrukskontoret hos Fylkesmannen. Elevar og lærlingar er i gang med å lage sider som skal inn på dittnett.no og vi har fleire idèar til nye sider og funksjonar som kan kome etterkvart.
I tillegg har vi lagt inn meir populære funksjonar, som SMS og chat. Ikkje alt ser ut til å fungere etter intensjonen; diskusjonsforum er ein funksjon som ikkje har blitt brukt hittil. Arbeidet med nettstaden er ein prosess, og det er naturleg med justeringar undervegs.
Det viktigaste av alt er sjølvsagt at vi når ut til målgruppa med informasjon om den nye nettstaden og at ungdommen tek den i bruk. Eg oppmodar difor om at de som jobbar på folkebiblioteka også surfar innom den nye (og einaste) internettportalen for ungdom i fylket. Kanskje kan de formidle vidare til ungdom som nyttar biblioteket om det nye internettilbodet. Vi har også laga fine plakatar for dittnett.no, som eg gjerne sender ut og som de kan henge opp på biblioteket.
Ta kontakt !
Anne Brit S. Rygg
Prosjektleiar

Små
og store forfattarar på biblioteka i fylket
Bokslepp på Førde bibliotek:
”Månen er så liten som ein katt”, ” Det er dumt å ikkje bry seg når andre har det
vondt” - Det meiner Øystein på 5 år og Trude på 10. Daniel (10 år) har funne ut at orda ”evig” og ”ingenting” er
umogeleg å forstå.
Journalisten Katrine Sele i ”Firda” har gjennom 1999 møtt 39 born som har fortalt om kvardagen sin, kva dei funderar på, og kva dei er opptekne av. Intervjua har no blitt bok.
Fredag 1. desember arrangerte Selja forlag saman med Førde bibliotek bokslepp i biblioteket. Av dei inviterte borna var det 30 som deltok på boksleppet saman med foreldre. Pressa var til stades og snakka både med hovudforfattaren og nokre av dei små medforfattarane.Barneavdelinga var fyllt til trengsel av nærare 60 personar.
Den nye boka er full av undring og livsvisdom, og er velsigna fri for klisjear! Ei viktig bok som også vaksne kan gle seg over.
Å vere med på eit bokslepp var eit triveleg innslag for oss som arbeider i biblioteket!
Katrine Sele: Månen er så liten som ein katt: 39 born fortel. Førde, Selja forlag, 2000.
Forfattarbesøk på Sogndal bibliotek:
15. november hadde Sogndal forfattaren, Pål Gerhard Olsen, på besøk. Han kom med flyet frå Oslo om morgonen og hadde først ein time med 5., 6. og 7. klasse på Kaupanger skule. Deretter kom han
til biblioteket og hadde ein time med 5.klassane frå Trudvang skule og tilslutt ein time med 6.klassane frå Trudvang skule.
Det var eit svært vellukka forfattarbesøk med god "kjemi" mellom forfattar og elevar.
Han kan anbefalast!


Avd. Sogn og Fjordane
Referat frå styremøte i
Norsk Bibliotekforening, avdeling Sogn og Fjordane, på Hafstad vidaregåande skule, 6.november 2000
Tilstades: Guri Aarhus, Gry Hatlelid, og Randi Tveit Solheim
Sak 4-00/01 Mobil bibliotekteneste
Problemet no er at midlane som kommunane får til bokbuss/bokbåt ikkje blir øyremerka. Vi diskuterte om vi skulle gjere noko no eller seinare mot politikarane. Vi blei einige om at NBF og fylkesbiblioteket bør gje ei felles uttale, fylkesbiblioteket informerer kommunane og NBF avisene.
Sak 5-00/01 Web-side for NBF avdeling Sogn og Fjordane
Vi meiner det ville vere nyttig for NBF Sogn og Fjordane å få eiga heimeside på internett. Randi skal undersøke om vi skal ha den liggande under fylkesbiblioteket sine sider med link mot NBF sentralt eller omvendt.
Sak 6-00/01 Nordisk bibliotekkonferanse om brukaropplæring
Gry er med å arrangere brukarkonferansen som skal haldast 25.-26. juni 2001 på Hauglandssenteret. Ho informerte oss om kor lang dei var komne i planleggingsprosessen.
Sak 7-00/01 Diverse
Vi diskuterte litt rundt problemet med betaling for fjernlån. Gry refererte frå telefonmøtet med NBF 2. oktober i år. Ho viste også til møteprotokollen 8/00 som ligg på følgjande adresse:
http://www.norskbibliotekforening.no/Protokoller/Start.htm
Sak 8-00/01 Studietur
I fjor blei det planlagt studietur til Finland, men diverre vart det ikkje noko av turen. Vi bestemte oss for å jobbe vidare med studieturplanane frå i fjor. Fann ut at beste tidspunkt var i slutten av mai eller byrjinga av juni. Grethe og Guri skal jobbe vidare med planen.
Sak 9-00/01 Neste styremøte
Mandag 4. desember 2000, kl. 14.30 på Hafstad vidaregåande skule
Randi Tveit Solheim
- skrivar -

Nokre nyttige
internettadresser
-
Skuleportalen mot Internett
Det nye Skulenettet vart
relansert no i oktober. Skulenettet høyrer inn under verksemda til Læringssenteret, og er eit tiltak under KUF sin handlingsplan
IKT i norsk utdanning, 2000 -
2003.
-
Kombi-99 - ei analyse av hovudproblemstillingar ved
kombinasjonsbibliotek.
Sør-Trøndelag fylkesbibliotek har etter oppdrag frå Statens
bibliotektilsyn analysert aktuelle problemstillingar vedr.
kombinasjonsbibliotek.
Sluttrapporten ligg tilgjengeleg på nettet i pdf-format. http://www.st.fylkesbibl.no/aktuelt/rapport.pdf

Nytt om namn