Innhald
Kva
skjer med bokbuss og bokbåt?
Sidan regjeringa la fram St. prp. 62
"Kommuneøkonomiproposisjonen 2001, har det vore mykje rabalder og uvisse rundt
bokbuss og bokbåt. I proposisjonen var det forslag om å avvikle dei øyremerka tilskota
til mobil bibliotekteneste.
Etter store protestar frå bibliotekmiljøa i heile Noreg,
har Stortinget bestemt følgjande. Tilskotet til mobil bibliotekteneste på ca. 15
millionar vert no innlemma i kommunane sitt inntektsystem. For at kommunane skal få tid
til omstilling vil ein leggje opp til overgangsordningar med gradvis nedtrapping av
tilskotet fram til 2005. Det vil seie at i 2001 får ein 80% av tidlegare statstilskot, i
2002 får ein 60%, i 2003 får ein 40%, i 2004 får ein 20% og i 2005 er
omstillingsperioden slutt.
Når det gjeld nærare detaljar ventar vi på informasjon
frå Statens bibliotektilsyn.
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek satsar på at vi får
finansiert ordninga for 2001 utan for store meirkostnader for kommunane, men allereie frå
2002 må vi rekne med endringar. Fylkesbiblioteket vil ta kontakt med bokbuss- og
bokbåtkommunane utover hausten 2000.
Du kan lese meir på NBF sine heimesider og i e-postarkivet til biblioteknorge-lista.
Solveig Bjordal

Bibliotekdagane 2000 i
Florø
I år vart dei tradisjonelle bibliotekdagane avvikla i Florø i
tida 29. 30. mai.
Møtet starta med samrådstimen.
Biblioteksjef Randi Bjørneset fortale at no er biblioteket klår for å flytte inn i nye
lokale i Askvoll skule. Biblioteket får eit eige datalaboratorium. Mykje bra utstyr vert
kjøpt inn fordi Askvoll er ein pilotkommune og får statlege
utviklingsmidlar. Utfordringa
for folkebiblioteket no er å ikkje berre verte eit bibliotek for skulen, men å halde på
dei gamle lånarane.
Fylkesbiblioteksjef
Solveig Bjordal informerte om St.prp. om kommuneøkonomien og kva for verknader bortfall
av dei øyremerka midla får for kommunane i Sogn og Fjordane.
Vidare vert det orientert om
status på BibliotekNett og det lokalhistoriske prosjektet Fjognedok.
Etter lunsj gjekk turen med båt til den vakre øya Batalden der kunstnaren
Gunnhild Bjelland held til med utleige av båtnaust og galleri. Her vart årsmøte i NBF
avvikla.
Andre dagen vart via det fleirkulturelle biblioteket. Møtet vart
opna av nydeleg dans av Karthika frå Florø.
Første førelesar var flyktningkonsulent i Florø Arild Melvær. Han
fortalde at vi no har 3200 innvandrarar i Sogn og Fjordane, og at vi har fått fleire
kvinner og eldre. Han var oppteken av at vi
må kome i betre dialog med innvandrarane. Vi må møte dei som individ og ikkje som
gruppe. Vi generaliserer for mykje. Det er store skilnader innanfor gruppene.
Florø kommune får tilskot til både
asylantar og innvandrarar. Overskotet på ca. 2 mill. går til kommunekassa for å styrke
infrastrukturen i kommunen. Folkebiblioteket får kr. 30 000,-.
Distriktsbibliotekar Ellen Kristin
Molvær i Møre og Romsdal følgde opp med kvifor det er viktig å satse på
bibliotektenester til innvandrarane. Fyrst og fremst er det til for å styrke identiteten
og språket, halde på morsmålet og lære norsk. Biblioteket kan hjelpe til å halde
kontakten med heimlandet og hjelpe til med evt. tilbakevending. Utfordringane er fleire
for biblioteka. Fagleg går det på økonomi og organisering, men vi har og etiske
utfordringar, religiøse og politiske t.d. i mediaval. Ho rådde til å vere konsekvent og ikkje la seg presse. Ho
la og vekt på at vi har ein del personlege utfordringar som å overvinne sjenanse og
fordommar.
Biblioteksjef i
Flora Eli Eidsvik fortalde om erfaringane frå Flora. Biblioteket har eit innlån på 20 språk og biblioteket
er mykje brukt. 1/3 av dei besøkande er innvandrarar.
Det er mange born på biblioteket og dei drar med seg mødrene. Særleg er tamilske
jenter flittige bibliotekbrukarar. Målet for Flora bibliotek er å gjere innvandrarane
til ein1 naturleg del av biblioteket.
Avdelingsleiar Kirsten Leth Nilsen frå Det flerspråklige bibliotek på
Deichmann fortalde om tilbodet deira og oppfordra biblioteka til å ta kontakt og bruke
dei framfor å bygge opp eigne boksamlingar.
Møtet avslutta med
ein paneldebatt om biblioteka si rolle i tilbodet til innvandrarar. Her kom det fram at biblioteket er gode sosiale rom for fleirkulturelt
samkvem, dei er nøytrale og kan verte gode brubyggjarar. Ei undersøking syner at
innvandrarane låner meir enn andre og meiner
at biblioteket er svært viktig for dei. Biblioteket er ein naturleg møteplass, vi treng
difor ikkje skape nye. Biblioteket er ein viktig port for å oppdage eigen identitet og
norsk kultur. I debatten kom det elles fram at mange reagerte på at biblioteket fekk ein
altfor liten del av kommunen sitt tilskot til innvandrarar og asylantar. Det blei
understreka at det er viktig for biblioteka å målbere sine behov for kommuneleiinga.
Biblioteket kan søkje om tilskot til både inventar utstyr, media eller personalressursar.
Fylkesbiblioteket
har ein del materiale som kan sendast til interesserte bibliotek
som ikkje var på møtet.
Heimesida til Det flerspråklige bibliotek

|
| Bilete teke frå
paneldebatten. Vi ser frå venstre flyktningkonsulent
i Florø, Arild Melvær, avdelingsleiar Kirsten Leth Nilsen, Det flerspråklige bibliotek
og Ellen Molvær, distriktsbibliotekar frå Møre og Romsdal |

Pedagogikk
i verkstader for sjølvstudium
Førde kommune har komme med i prosjektet
"Pedagogikk i verkstader for sjølvstudium". Prosjektet omfattar eit praktisk
utviklingsarbeid i biblioteket og eit 10- vektallstudium for to personar. Studiet skal gje
dei tilsette høve til å utvikle kompetanse i rettleiing av vaksne slik at biblioteka kan
bli betre læringsarenaer i samband med etter- og vidareutdanningsreforma. Studietida er
tre semestre og startar hausten 2000.
Hordaland fylkesbibliotek leiar prosjektet og har engasjert
Høgskolen i Bergen, avd. for lærarutdanning til å utarbeide og arrangere studiet. For
meir informasjon om studiet.
Fylkesbiblioteket ønskjer Førde kommune og
"studentane" lukke til med eit viktig prosjekt.

Ski
på Førde bibliotek
Sogn og Fjordane Skikrins har i samarbeid med
fylkesbiblioteket starta utlån av ski frå desse biblioteka i Sogn og Fjordane; Førde,
Sogndal, Stryn, Gloppen. Jølster og Årdal. Her ei ein oppsummering og nokre synspunkt
frå Førde bibliotek.
Utpå nyåret 2000 fekk Førde bibliotek sju
par ski frå Sogn og Fjordane Skikrins. Skia skulle nyttast til utlån og blei levert med
bindingar, stavar og skiposar. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek spanderte skisko i ulike
storleikar.
Dette er i samband med eit prosjekt som skikrinsen har for å rekruttere 6-åringane til
skigåing. Difor er det berre ski i den storleiken, men born frå 4-8 år kan nytte dei.
Vi har skisko frå nummer 31 til 35. Skistavane er også i ulike storleikar.
Det gjekk litt tid før skia var klar, så skisesongen var nærmast på hell før vi kom i
gang med utlånet og veret var heller ikkje det aller beste. Men tilbodet er populært. Vi
låner ut skia 1 veke om gongen, med høve til fornying av lånet, dersom det ikkje er
venteliste på dei. I utgangspunktet hadde vi tenkt å registrere skia i Bibliofil og
sette strekkodar på dei, men sidan vi kom så seint i gong og det store rushet ikkje kom,
har vi brukt ei liste der utlånsdato, lånarnummer, skiskonummer, utlån av skistavar,
lånaren si underskrift og innleveringsdato blir registrert. Det har fungert greitt.
Borna må ha med seg vaksne, når dei skal låne ski og skia skal vere reingjorde ved
innlevering. Ein god grunn til å låne ski på biblioteket er at borna veks fort i den
alderen og det er dyrt å måtte kjøpe skiutstyr kvart år. Også foreldre med utanlandsk
bakgrunn som kanskje ikkje er van med skitradisjonen vi har her i landet, kan gi borna
sine høve til å prøve ut skigåing utan at det skal koste noko. Skulane opplever ofte
at det er born som ikkje har ski når dei skal ha skidagar, og i slike tilfelle kan
det vere aktuelt å gå til biblioteket å låne skiutstyr. Det er også mange vaksne som
har vore interessert i å låne ski til seg sjølve, men dei kan vi nok ikkje hjelpe.
Skiutstyret er altså ei gåve frå Skikrinsen og fylkesbiblioteket og vi syntest det var
interessant å prøve dette ut. Så lenge skia er nye og utan skadar, og lånarane er
flinke til å reingjere skia før dei blir innlevert, er dette eit svært godt tilbod til
publikum. Men kven skal reparere skia når det blir aktuelt og kven skal betale for det?
Er det riktig å bruke av biblioteket sine knappe ressursar til å kjøpe inn nye ski,
stavar eller sko? Skal ikkje vi heller levere informasjon om ski og skigåing, framfor å
levere skia?
Dersom vi skal halde fram med dette, må vi enten få tilført meir midlar eller
samarbeide med ein eller annan organisasjon som er interessert i å ta seg av reparasjonar
og nyinnkjøp. Vi har fått mykje positiv omtale i media og elles i denne samanhengen, men
denne positive omtalen kan fort snu til det negative, dersom vi ikkje har ressursar til å
følgje opp tilbodet på ein skikkeleg måte.
Randi Tveit Solheim
-biblioteksjef-
Fjognedok - lokalhistorisk prosjekt
1999-2000
Prosjektet "Fjognedok" er eit delprosjekt i Biblioteknett Sogn og Fjordane.
Prosjektet har som hovudmål å byggje opp ein bibliografisk base over lokalhistorisk
litteratur frå Sogn og Fjordane. Prosjektet går ut på å analysere og indeksere
lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar m.m. frå
fylket.
Du kan lese meir om prosjektet her
Det er no gjort ein god del registreringsarbeid.
M.a. er prosjektet ferdig / ájour med:
- Jol i Sogn
- Jul i Årdal
- Årbok for Årdal sogelag
- Søkelys på Sogn og Fjordane
- Sogn og Fjordane Magasin
Du kan søke i den lokalhistoriske basen her
22. mai hadde Nasjonalbiblioteket (NB Oslo) og Fjognedok-prosjektet eit møte i Førde
om evt.samarbeid om registrering av tidsskrift i databasen NORART.
Vi vart samde om å starte opp eit pilotprosjekt for ein periode på 6 månader frå
01.06.00, og samarbeidsavtale er no på plass. Prøveprosjektet skal evaluerast i januar
2001, og det blir då teke stilling til om samarbeidet skal vidareførast. Gunnvor Schei er kontaktperson for Fjognedok, og
Turid Gustu Eriksen er kontaktperson for NB Oslo.
Nasjonalbiblioteket vil legge ut
informasjon om dette samarbeidet.
Eli Lothe
Prosjektleiar

Den lokalhistorisk spørjeveven
har opna
I forrige nummer av "Over skranken" kunne du lese om Fou-prosjektet til
Sogndal bibliotek, eit prosjekt som er ein del av det nasjonale prosjektet "Skjermkontakt med
lokalhistoria".
Og no 19.juni opna den "lokalhistoriske
spørjeveven" på Internett. Dette er ei bok- og rettleiingsteneste for Sogn og
Fjordane og eit godt døme på samarbeidet som no veks fram mellom bibliotek, arkiv og
museum.
Om du har eit lokalhistorisk spørsmål vil du i løpet av ei veke få svar frå
ein (eller fleire) av dei 16 ekspertane innafor lokalhistorie i Sogn og Fjordane. Prøv!!

Tilskot til folkebiblioteklokale
I 2000 har følgjande kommuner i Sogn og Fjordane fått tilskott til biblioteklokale; Eid
og Luster. Begge har fått kr 106 800,-

Nytt om namn
| På byrjinga av året slutta to
av distriktsbibliotekarane ved fylkesbiblioteket. Hilde Farmen, har flytta til Gjøvik og arbeidar
no på høgskulen der. Hilde fortsetter imidlertid som prosjektarbeidar for BibliotekNett
ut året. Iren Riksheim vart biblioteksjef i heimkommunen Sykkylven. |
- Anne Sagen overtar stillinga
som distriktsbibliotekar med spesielt ansvar for barn og unge frå 1. august. Ho har vore
tilsett som bibliotekar ved Førde bibliotek. |
-
Ann Kristin Hovstad skal jobbe ein dag i
veka på fylkesbiblioteket. Ho er tilsett i ein 50% stilling på Høgskulen Sogn og
Fjordane avd. Vie |
-
Svenn Terje Myklebust er tilsett som ny
bibliotekar i Stryn. Han overtar stillinga etter Anne Elin Øvrebø. Han jobber 50% på
biblioteket og 50% ved Stryn vidaregåande skule. |
-
Jorunn Årøen,
biblioteksjef i Bremanger gjennom mange år har no gått av med pensjon. Vi takker Jorunn
for innsatsen. Randi Tveit
Solheim tek over som biblioteksjef frå
7. august. Ho er no biblioteksjef i Førde. |
| - Gyrid
Tolaas er tilsett som bibliotekar ved
Eid bibliotek. |
| - Gry
Hatlelid er no tilbake som biblioteksjef i
Fjaler etter svangerskapspermisjonen. |
| - Ved Høgskulen Sogn
og Fjordane, avd. Fosshaugane er Morten
Bartnes blitt tilsatt som bibliotekar frå
31.mars, og sambuar Linda Hamrin Nesby er tilsatt som bibliotekar frå 15.mai ved avd. Fjøra. Begge kjem
rett frå bibliotekarutdanninga i Tromsø. |
| - I Luster erEllen
Pauline Broch tilsett som biblioteksjef frå
1. september. Ho vikarierer no som biblioteksjef i Hole kommune på Ringerike. |
-
Ingunn Stokstad biblioteksjef i Aurland går
ut i 1 års permisjon frå 15.august. Anne Foss
frå Buskerud Fylkesbibliotek er tilsett i vikariatet. Vi ønskjer Ingunn ein god
tur til Cantebury i England. |
|
Tiltrer du
i ny stilling, fått nokon nye tilsette eller har det skjedd noko anna du
ønskjer å informere oss andre om?? Send ein e-post
til fylkesbiblioteket og fortell!
Endringar vert
lagt ut på

Og til slutt ein liten godbit. Det er visstnok fleire som ikkje kan
gløyme desserten dei fekk på Victoria Hotell i Florø under Bibliotekdagane - så her er
oppskrifta.
Kos dykk!
Crème Brulée
6 personar, arbeidstid: ca 15 min.
4 eggeplommer
2 heile egg
6 dl kremfløyte
2 dl mjølk
4 ss sukker
6 ts dememarasukker
Smakstilsetjing:
frø av to vaniljestenger eller
1 ss pulverkaffi eller
1 ss revet appelsinskal og
3 - 4 ss appelsinlikør
1. Visp saman eggeplommer, heile egg, fløyte, mjølk og
sukker.
2. Ha i smakstilsetjing og la blandinga trekkje i ca. 30 minuttar.
3. Rør opp blandinga og ha ho i ildfaste former, ca. 1,5 dl store
4. Sett formene på rist på nederste ribbe i omnen, og steik puddingane ved 125° C ca 1
time, til dei er faste. Avkjøl i minst 2 timar, gjerne natta over.
5. Dryss dememarasukker (lyst brunt sukker) over puddingane og sett dei under grillen så
sukkeret smeltar og vert karamellisert, 2- 3 minuttar. Server med ein gong, eventuelt med
frukt eller bær til.

Fylkesbiblioteket og NBF avd.
Sogn og Fjordane ønskjer alle
ein riktig
GOD
SOMMAR!
|
 |
|