Innhald Skumringstimen 1999 I Sogndal fekk dei framøtte ein time med levande lys, eventyr, musikk, dikt og vandrehistorie. Det var ei variert stund, til ettertanke for fleire, i følge Sogn avis (10.11.99). Sogndal bibliotek hadde fått skodespelaren Kari Sandtrøen til å lese. Vandrehistorier er noko dei fleste har vore borte i - og sogndølinger er ikkje noko unntak. På 80-talet fekk Sogndal sin første kinarestaurant og denne vart straks råka av rykter. Det var da noko merkeleg med maten dei serverte? Og kor ble det av alle kattane i Fjøra? Fleire og fleire vart borte. Saka var nærast opplagt; restauranten serverte fjørakattar! Men sjølvsagt krydra dei maten så sterkt at du ikkje kjende skilnaden på fjørakatt og anna kjøt. Om det var sant? Javisst; einskilde hadde sett at eigaren
fanga kattar, i alle fall kjende dei nesten ein som hadde sett det, eller som kjende ein
som i alle fall hadde observert det. Frå heimesida til den nordiske biblioteksveka får vi opplyst at neste år vert tema "Under nordbuen" - om barn, lesing og fortellartradisjon.
Hafstad vidaregåande skule har fått nye lokaler Hafstad vidaregåande skule flytta inn i nye lokaler hausten 1999. Skulen ligg på den gamle tomta til Førde Yrkesskule "under Hafstadfjellet". Etter å ha vore spreidd på to plassar i Førde i fleire år gledde både elevar og tilsette seg til å ta den nye skulen i bruk. Også biblioteket tok steget inn i ei anna verd, romslegare lokaler, eigen lesesal og skrivestove, og ikkje minst bibliotekaren fekk eige kontor! Dersom de er litt nysgjerrige er det berre å stikka innom dersom de reiser forbi, eg
er på biblioteket på Hafstad måndag, onsdag og fredag. Guri Aarhus Boklesarar er inviterte til konkurranse om å
velje Boka du vil ha med deg inn i neste årtusen. Valet må grunngjevast, og
målet er å få flest moglege grunngjevingar. Dei beste og mest originale grunngjevingane
vert premiert. Det ventar bokpremiar til veke- og månadsvinnarane. Finalevinnarar får
leksika og større Konkurransen starta 1.november i år og siste frist for innsendelse er 1. april 2000. Arrangørane oppfordrar alle biblioteka til å gjere brukarane sine merksame på "Din Tusenårsbok". Så kvifor ikkje legge Tusenårsboka inn som bokmerke på publikumsmaskinene?? "Din tusenårsbok" er eit samarbeidsprosjekt mellom Norge 2000, Norsk bibliotekforening og Nordland fylkesbibliotek. Gloppen folkebibliotek - framlegg til ny bibliotekplan 2000- 2004: "INFORMASJON - INSPIRASJON - REKREASJON" I Gloppen har det vore arbeidd med bibliotekplan ei stund, og no er vi endeleg komne så langt at eit framlegg har vore ute til høyring. Kultursjef Jan Kjetil Øygard, Gunn Tone Moen frå Firda vidaregåande skule, Sverre Folkestad frå grunnskulen har saman med biblioteksjefen utgjort planutvalet. Utvalet sitt utgangspunkt var at vi ynskte ein kortfatta plan, ein realistisk plan, ein plan med visjonar. Planen har ein statusdel og ein handlingsdel. Statusdelen skildrar heilt kort situasjonen ved dei 4 ulike avdelingane våre. Både ved hovudbibliotek og filialar er areal og mediemengd til barn liten i høve til bruken, og presentasjonen av samlingane kan bli betre: det vert fort fullt i hyllene. Elles ser vi at spesielt lokala på Sandane er små i høve til alle dei ulike funksjonar som skal ha plass. Vi ser og at vi har vanskar med å halde alle 4 avdelingar ajour med det som krevst av eit moderne bibliotektilbod med dagens økonomiske rammer. Nokre viktige punkt i handlingsdelen:
Her konklurerer ikkje utvalet, med skisserer 3 ulike løysingar, der den eine løysinga inneber nedlegging av Reed filial. Dette punktet, med ulike moment, er det som vert grundigast handsama i planen. Planutvalet slår fast at ein framtidig struktur som i dag, krev auka ressursar om tilbodet skal ha eit tilfredsstillande nivå.
Arbeidet med planen har vore krevande, lærerikt og nyttig, sjølv om dei konkrete resultata av planen gjenstår å sjå..... Om planen er framtidsretta og spenstig nok for starten av eit nytt årtusen, gjenstår og å sjå..... Men det har vore ein konstruktiv prosess i planutvalet og personale. No er vi inne i sluttfasa med mottaking av høyringsuttaler, ein viktig del av planprosessen! Før dette planutkastet vert sluttbehandla i kommunestyret, skal det vedtakast eit budsjett for neste år... Prioriteringsarbeidet vil heilt sikkert fortsetje langt inn i neste årtusen! Torill Berge biblioteksjef Gloppen folkebibliotek No har vi endeleg fått eit system med felles lånenumre til bruk i fjernlånsarbeidet her i Norge. Dette er noko som har vore etterlyst lenge og som vil effektivisere fjernlånsverksemda. Alle folke- og fylkesbibliotek skal no ha fått tilsendt opplysningar om sitt unike biblioteknummer. Dei nye bibliotek- numra vart verksame frå 15.november. Om det er filialar som driv eige fjernlån og som ønskjer eige lånenumra må dei registrerast ved å ta kontakt med Nasjonalbiblioteket, samkatalogen i Oslo. Dei nye nummera skal brukast ved fjernlån i biblioteksystema Aleph, Bibliofil, Bibsys og Mikromarc. Den tildelte autorisasjonskoden skal nyttast for fjernlånsbestillingar i Samkatalogbasane (Sambok, Samper og Samnoter). Bruk av biblioteknummeret i Aleph Ved bestillingar til bibliotek som nyttar Aleph som biblioteksystem, skal det nye nasjonale biblioteknummeret nyttast som lånenummer og autorisasjonskoden som PIN-kode. Vi får òg opplyst at av tekniske årsaker må ein sette ein stor B foran biblioteknummeret når dette vert tasta inn i feltet for lånenummer i påloggingsbilete. Ved fjernlån låner fylkesbiblioteket berre ut på dei nye lånenumra. Så dei bibliotek som ikkje har skaffa seg nytt nummer må få gjort dette snarast. Vi minner om retningslinjene for fjernlån: Felles retningslinjer for fjernlån mellom bibliotek i folkebiblioteksektoren og fagbiblioteksektoren.
Leseaksjonen over for denne gong! I år var det kommunane sjølv som meldte seg på forfattarturnéen i forbindelse med leseaksjonen, og i Sogn og Fjordane var det 11 kommuner som takka ja til forfattarbesøk. Forfattarane som kom hit var vel kjende Erna Osland og Frøydis Alvær. Osland fekk for øvrig Brageprisen for den nyaste boka si "Salamanderryttaren", som elevane fekk beskjed om å lese på førehand. Tilbakemeldingane på forfattarbesøka er udelt positive, frå alle partar. Men
biblioteka har reagert på at informasjonen i tilknytning til besøket kom i seinaste
laget. Fleire gir uttrykk for at det er vanskeleg å planlegge noko saman med skulane når
ein ikkje veit kva for forfattar som kjem eller når vedkommande kjem. Skuleklasser var invitert til skattejakt, der premien var nye bøker til skulebiblioteket. Skattejakta er no over, og vinnarklassa vil bli avslørt i TV-programmet "Etter skoletid" på NRK1, onsdag 15. desember. Minner om at www.txt.no er aktiv heile året. Der fins informasjon om !les og tXt, og du kan lese bokmeldingar.
Litt om små og store hendingar i fylket sidan sist Aurland kommune har vedteke å bruke 5,7 mill. kroner på å bygge om det gamle heradshuset til bibliotek og kunnskapssenter. Vi ønskjer Jorun Systad velkomen tilbake igjen etter svangerskapspermisjonen (og etter det vi har skjønt går ho snart ut igjen. Det må bli slik når meldingsbladet berre kjem ut med 2 nr. i året...).På biblioteksjefmøte i september proklamerte Jorun at eit mål er å kome i avisa 5 gonger før jul. Så langt har vi her på fylkesbiblioteket registrert at dette ikkje ser ut til å vere noko problem.... Jorun er særs flink til å bruke media. Vi andre har nok kanskje noko å lære av ho Jorun der. Det lokalhistoriske prosjektet "Fjognedok" som fylkesbiblioteket er pådrivar for, har no hatt sine fyrste møter. Målet med prosjektet er i fyrste omgang å få analysert den lokalhistoriske samlinga ved fylkesbiblioteket/Førde bibliotek og Sogndal bibliotek. Tidlegare biblioteksjef i Førde, Eli Lothe er tilsett som prosjektleiar. Sjå også her. I Sogndal har dei ikkje noko eige galleri, så no i haust har biblioteket fleire gongar vore nytta som kunstlokale. I oktober/november var utstillinga Vindu mot verda av Siv Østrem Peersen å finne på biblioteket. Månaden før var det utstilling med Turid Askeland, Årdalstangen og biblioteket har no invitert Gjert Heiberg. Fylkesbiblioteket har i haust arbeidd med å få fleire bibliotekbasar lagt ut på nettet og Aurland er ein av dei kommunane som har sagt seg interesserte. Aurland nyttar MM2, og folkebiblioteket har no begynt å registrere samlingane til grunnskulebiblioteka i kommunen i bibliotekbasen. Det er her snakk om små skular som ikkje har noko biblioteksystem og kor det nok heller ikkje vil bli aktuelt. Ved at biblioteket og skulane no får ein felles base kan elevane gå inn og søke der. I ein folkeavstemning tidlegare i år stemte fjærlendingane for ein overgang frå Balestrand- til Sogndal kommune. F.o.m. år 2000 vert difor Fjærland ein filial underlagt Sogndal bibliotek.
Fleire har kanskje opplevd at om ein gir internettleverandørane frie tøyler og ikkje sjølv sørger for å ha ein finger med i spelet, kan ei e-postadresse verte sjåande lettare kryptisk ut. Eit døme: Til kva for bibliotek i fylket kjem du om du sender ein mail til kfolkebo@online.no eller kflatrfo@online.no? Ikkje heilt sikker? Stadlandet- og Flatraket filial i Selje vart godt kamuflerte før ein fekk endra på adressene. E-postadressene til biblioteka i Selje er no: hovudbiblioteket - biblioteket.selje@selje.online.no Flatraket filial - bibliotek.flatraket@selje.online.no Stadlandet filial - bibliotek.stadlandet@selje.online.no Ei e-postadresse har same struktur som ei vanleg postadresse. Det som står til høgre for @-tegnet er det såkalla domenenamnet og som tilsvarer gate-, post- og landsadressa. Domeneadressa kan bestå av fleire delar, men som oftast består den av minst to; ei toppdomene som angir landet (no) og ei underdomene som angir bedrifta eller organisasjonen (sf.fylkesbibl). Det som står til venstre for @-tegnet er brukarnamnet. Og det er her forvirringa oppstår, ved at det ikkje finst fast standard for korleis brukarnamnet skal sjå ut. Men ein vanleg og bra regel er å la brukarnamnet vere det same som brukaren sitt for- og etternamn.
BibliotekNett Sogn og Fjordane har no laga ein nettvegvisar for å gjere det litt enklare å finne fram på nettet. Det finst pr. idag fleire gode lenkesamlingar tilgjengeleg - så vi hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å lage ein eigen (av den grunn at ressursane gjer at den vert veldig lik dei andre...!). Men etter førespurnad i frå biblioteka er den no likevel på plass. Nettvegvisaren er berre meint å vere ein fyrste inngong til nokre sentrale ressursar på nettet. Håpet er at Biblioteknett Norge etter kvart overtek ballen og lager ein meir heildekkande lenkesamling til nytte for alle.
Ein annan lenk, kanskje ikkje nyttig i den forstand, men artig. I eit tidlegare nr. orienterte vi om eit fantastisk hjelpemiddel kalt "Bok". No har vi valt å leggje inn eit godt ord om den nye Office2000 pakka - 100% guaranteed to be Year 2000 compliant!
ønskjer å informere oss andre om?? Send ein e-post og fortell!
Og fram til julefreden senkjer seg i biblioteka anbefaler vi ein klikk på Anita`s julekos
Sogn og Fjordane ønskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt Årtusen! |