logo.gif (8458 bytes)

Meldingsblad for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og NBF avd. Sogn og Fjordane

 

E-post: sofjbib@sf.fylkesbibl.no
ISSN 0805-5297 (papirutg.)

Nr. 1 1999

URL:http://www.sf.fylkesbibl.no/overskranken.htm


Innhald

 


 

Travel haust i vente!

Nyt sommaren og hent krefter for til hausten vert bibliotekutviklinga i fylket sett i høgste gir! Utviklinga av BibliotekNettet vil og stå i fokus i haust. Arbeidet vil ha to hovudvegar: "Katalogar på nettet" og "Lokalhistorisk database".

For å gjere dei rette vala i samband med dette har fylkesbiblioteket gjeve Brodd i oppdrag å utarbeide forslag til strategiar. Rapportane er no ferdige, og fylkesbiblioteket vil difor i nært samarbeid med kommunane sette i gang tiltak. Vi kjem tilbake til dette i eit møte med biblioteksjefane i september.
Etter sterk oppfordring frå NBF avd. Sogn og Fjordane har fylkesbiblioteket planar om å få initiert eit bibliotekplanarbeid. Dette var diskutert på Bibliotekdagane 1999, og prosessen med forankringa vil starte etter sommarferien

Eg vil òg nemne at folkebiblioteka må på bana når det gjeld den høgaktuelle kompetansereformen. Vi ber difor om at biblioteksjefane set seg inn i dette og spelar på lag med kommuneleiinga. Fylkesbiblioteket vil òg oppfordre folkebiblioteka til å tenke på prosjeketsøknader innafor dette området.

Eg ønskjer alle ein riktig God Sommar!


Solveig Bjordal
- fylkesbiblioteksjef -

opp.GIF (183 bytes)

 

Bibliotekdagane mai 1999 - kultur og etikk.

To vakre dagar i mai var 39 bibliotekarbeidarar samla for å sjå og lære om bibliotek og etikk - spedd med mykje kultur og oppleving.

Første dagen var det omvising på kunstnarsenteret på Dalsåsen ved direktør Arild Bergstrøm. Diverre var det akkurat då utskifting av kunstnarar, så det var berre ein kunstnar i arbeid, men tilhøyrarane fekk god innblikk i korleis verksemda fungerar.

Ferda gjekk vidare til United World College og Hauglandsenteret. Etter lunsj i kantina på UWC fekk forsamlinga eit flott musikkinnslag av elevar ved skulen, deretter var det ei orientering om skulen si verksemd ved rektor Tony Macoun. Så var det omvising på Helsesenteret ved direktør Magne Bjergene. Folk var tydeleg imponert over kva senteret har av tilbod.

Deretter var det over til den faglege delen med "Samrådstime". Blant anna var det diskutert trong for ny bibliotekplan for fylket. Fylkesbiblioteket vil arbeide vidare med dette.

Etter årsmøte i NBF bar ferda til sjøs med treskøyta " Gamle Opstad". Med i følgjet var dei tre karane Rolf Losnegård, Gaute Losnegård og Henning Rivedal som fortalde om kulturhistoria langs fjorden. Ein flott oppleving i eit nydeleg ver!

Dagen etter opna med ei orientering om planane for det nye folkebiblioteket på skulen i Askvoll. Resten av dagen var sett av til etikk. Biblioteksjef Kerstin Rosenqvist var forelesar.

Ho foreleste over desse spørsmåla:
* Kva er servicekvalitet - frå brukarsynspunkt og frå bibliotekarsynspunkt?
* Kva er moralsk riktig i ein konfliktsituasjon når gode prinsipp står mot kvarandre?
* Kven har ansvaret for dei avgjerd du sjølv vel å ikkje ta?

Ho brukte eksempel som alle kjente seg igjen i og fekk demonstrert at vi dagleg vert stilt overfor etiske dilemma, og at vi har eit profesjonelt ansvar.

Kerstin Rosenqvist var oppteken av å verna om dei demokratiske verdiane og sjølvstendiggjere lånarane. Ho la og vekt på at vi skal arbeida for biblioteket sine mål og hadde eksempel på korleis ein skal planlegge vegen frå visjon til prosess og viktige indikatorar på verksemda.

Fylkesbiblioteket takkar for samarbeidet med Siri Ingvaldsen frå biblioteket på UWC og Randi Bjørneset frå Askvoll folkebibliotek .

Erfaringane med å få "Bibliotekdagane" ut frå "Førdegryta" har vore så vellukka at NBF og fylkesbiblioteket vil arbeide for å få til eit liknande arrangement neste år.

Sjå bilete frå bibliotekdagane

Solveig Bjordal

opp.GIF (183 bytes)

 

!les-aksjon for 11 - 13-åringar i oktober

Planlegginga av årets leseaksjon er i gang. Skular og bibliotek har no fått tilsendt tXt-folderen, som inneheld informasjon om !les-aksjonen i oktober. I år vert det både forfattarturnè og skattejakt.

Dei kommunane som vil vere med i forfattarturnèen vart bedt om å gi beskjed innan 1. juni i år, og 8 kommuner har vist si interesse. Reise og opphald til forfattarane vert dekt sentralt, men biblioteka/skulane må sjølve finansiere forfattarhonoraret.

I tillegg til forfattarturnè er det laga eit opplegg for elevar frå 5. - 7. klasse, der elevane er skattejegarar og jaktar på ein bokskatt. Ein av Noregs kjente forfattarar lager skattekartet, og gjennom ei rekkje utfordringar må elevane løyse oppgåver på biblioteket, i bokhandelen, på nettet og i skulebiblioteket. Kvar klasse skal levere ei felles løysing på utfordringane, og vinnarklassa får nye bøker til skulebiblioteket sitt som premie.

Skuleklasser som vil vere med på "Jakten på bokskatten" bør gå til biblioteket og/eller bokhandelen for å melde si interesse. Tidsfristen for å melde seg på skattejakta, samt å bestille materiell til aksjonen, er utvida til 10. juni.

Har de spørsmål i høve aksjonen, ta kontakt med Iren på fylkesbiblioteket, e-post: irenriks@sf.fylkesbibl.no

Besøk tXt si heimeside

Iren Riksheim
- distriktsbibliotekar -

opp.GIF (875 bytes)

 

Tilskot til biblioteklokale

Tilskotet til biblioteklokale 1999 er sterkt redusert i høve til 1998. Sogn og Fjordane har fått tildelt kr. 218 795,- til biblioteklokale i 1999 av Statens bibliotektilsyn. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har motteke desse godkjente søknadene for 1999:

Kommune Bibliotek Søknadsum
Eid Stårheim filial 100 000,-
Eid Kjølsdalen filial 364 937,-
Luster Hafslo filial 550 000,-
Luster Dale filial 537 000,-
Luster Skjolden filial 358 938,-
Høyanger Lavik filial 550 000,-

Vi har valt å prioritere dei biblioteka som har att restløyving frå i fjor. Desse biblioteka er Kjølsdalen bibliotek i Eid og Skjolden filial i Luster. Dei har fått følgande midlar:

Luster kommune Skjolden filial kr 109 397,-
Eid kommune Kjølsdalen filial kr 109 397,-

 

opp.GIF (875 bytes)

 

Endeleg!! Nye biblioteklokale i Måløy.

Vågsøy folkebibliotek opna i nye lokale 1.februar 1999. Vi har fått det stort, lyst og trivelig, midt i Måløy sentrum. Lokala er på totalt 520m2, noko som gjev god plass i utlånsavdelinga, samstundes som vi har fått stort og godt magasin/arkivlokale. Endeleg kan vi òg få orden på magasinstoff og lokalhistorie. Biblioteket ligg i 2.etasje med utvendig trapp, men vi har tilgang på heis, så det fungerer bra for alle.

Dette har vi venta på lenge, og det same har lånarane våre. Det syner statistikken for besøk, som har gått opp til over det doble. Vi har fått mange nye lånarar, særleg born og eldre, som tidlegare kvidde seg for ein tur på det gamle biblioteket ute på "neset" i mørke kveldar med vind og regn.

Arealet på utlånsavdelinga tillet oss no å samarbeide med månge fleire enn før, det gjeld ulike møte, kunstutstillingar, kommunale utstillingar, historisk materiale o.l., noko som òg gjer at biblioteket vert meir synleg.
Vi som arbeider her i Måløy gler oss over den nye arbeidsstaden vår, og det er moro å gå på vakt når det kjem fornøgde lånarar og gir oss så mange positive tilbakemeldingar.

Bilete frå Vågsøy folkebibliotek

 

Gunhild Eliassen
- biblioteksjef Vågsøy folkebibliotek -

 

opp.GIF (875 bytes)

 

 

Kurstilbod hausten 1999

Biblioteksjefmøte
I byrjinga av september kallar fylkesbiblioteket inn til møte med biblioteksjefane i fylket. Ei hovudsak her vert presentasjonen av bibliotekkatalogane på nettet. Det vil bli sendt ut eit skriv i sommar med nærare opplysningar.

Ny norsk skjønnlitteratur
Aud Nordgarden Grimstad fekk vi stifte bekjentskap med under Bibliotekdagane i Fjærland, og no har vi lykkast med å få ho tilbake. Ein slik vitamininnsprøyting treng ein kvart år.
Stad: Sogndal
Tidspunkt: 29.september (?)

Offentleg informasjon på Internett
v/ Øivind Frisvold
Tidspunktet er ikkje fastlagt enno, men det vert truleg ein gong i byrjinga av november.

Presentasjon av nye barne-og ungdomsbøker 1999
Tidspunkt: 29. november

Og elles;
..syslar vi med å utarbeida eit kursopplegg for å bedre IT-kompetansen på biblioteka. Hilde er kontaktpersonen her. Den selvsamme Hilde har òg vore i kontakt med fylkesarkivet i høve eit mogleg kurs/opplæring i bruk av fylkesarkivet sine databaser. Biblioteka opplever stor pågang frå brukarane når det gjeld desse basane, men erfaringane så langt er at det ikkje alltid er så lett å finne fram.

Hugs at kurskatalogen ligg på fylkesbiblioteket si heimeside. Følg med på denne då endringane og nye kurs vert annonsert.

Er det kurs du meiner at vi bør halde eller førelesarar vi ikkje bør gå glipp av? Vi tek imot alle tips og gode råd.


opp.GIF (875 bytes)

 

Nytt om namn

Torill Berge er tilsett som ny biblioteksjef i Gloppen. Ho har vore barnebibliotekar ved Gloppen folkebibliotek sidan 1989.

Susanne Daae-Qvale overtar stillinga som biblioteksjef i Sogndal etter Gerd Vik f.o.m. 1.juni - førebels for 2 år.

Anne-Siri Fardal Bruteig, tidlegare bibliotekar i Eid, er tilsett som ny biblioteksjef i Årdal. Ho etterfølgjer Gry Hatlelid som er tilsett som biblioteksjef i Fjaler. Gry Hatlelid har no svangerskapspermisjon fram til 29.02.2000. Hjørdis Åsnes vikarierer som biblioteksjef i hennar fråvær.

Marit Dale Hatlem vikarierar som biblioteksjef i Hyllestad fram til mars 2000 for Sigrid Solberg som er ute i svangerskapspermisjon.

Eli Lothe, tidlegare biblioteksjef i Førde, har flytta attende til Bergen og stilling tilknytta fylkesbiblioteket i Hordaland.

Lise Monsen har sidan februar vore tilsatt som barnebibliotekar ved Førde bibliotek. Lise er frå Florø og har tidlegare arbeida ved Harstad folkebibliotek.

Kjetil Monsen slutta 1.juni som biblioteksjef i Luster. Han tiltrer stilling som biblioteksjef i Askøy.

Svanhild Oppedal har permisjon. Anne Marit Ytterbø, filialstyrar på Sande og Bygstad,  vikarierer som biblioteksjef i Gaular.

Torill Otterhjell har overtatt som filialstyrar ved Skjolden filial etter Inger Asheim, Luster kommune.

Randi Tveit Solheim vert frå 14.juni ny biblioteksjef i Førde. Ho har no vikariert som biblioteksjef i Høyanger medan Jorunn Systad har vore i svangerskapspermisjon.

Ingunn Stokstad er tilsett som biblioteksjef i Aurland frå 1.juni. Ho har vore tilsett i 1/2 stilling som prosjektleiar for det 3- årige Bibliotekutviklingsprosjektet i Aurland. Elsa Stentvedt går inn i ein 60% stilling ved biblioteket.

 

Tiltrer du i ny stilling, fått nokon nye tilsette eller har det skjedd noko anna du ønskjer å informere oss andre om?? Send ein e-post og fortell!


opp.GIF (875 bytes)

 

Fatt mot, snart er somaren her og vi kan alle ta ein velfortjent ferie.
Vi ønskjer DYKK alle 

ein riktig GOD SOMAR!