Tilbake .

Over skranken 1/1999

nbf.gif (1783 bytes)
Avd. Sogn og Fjordane

Referat frå årsmøte i Norsk Bibliotekforening, avdeling Sogn og Fjordane,
på Red Cross Nordic United World College, 18.05.99, kl 15.30.

30 medlemar var til stades på årsmøtet.

Sak 1 Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka

Gunnvor Schei vart samrøystes vald til ordstyrar, Siri Ingvaldsen til referent og Hjørdis Åsnes og Randi Bjørneset til å skrive under møteboka.

Sak 2 Godkjenning av innkalling og sakliste

Leiar Susanne Daae-Qvale opplyste at det var feil tidspunkt på innkallinga. Rett tidspunkt skal vere kl. 15.30. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjende med denne endringa.

Sak 3 Årsmelding 1998/99

Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga. Årsmøtet gjorde ei retting: På s 2 i setninga "Styret har i samarbeid med fylkesbiblioteket planlagt bibliotekdagane..." skal det vere "i Fjaler og Askvoll".

Styret fekk skryt for vel utført arbeid. Årsmeldinga vart deretter samrøystes godkjent.

Sak 4 Revidert rekneskap 1998/99

Rekneskapen vart lagt fram av kasserar Jorunn Systad. Berre ein av revisorane, Siri Ingvaldsen, hadde revidert rekneskapen.

Rekneskapen vart godkjent under føresetnad av at revisor Elsa Stentvedt finn han i orden.

Sak 5 Virkeplan for 1999/2000

Leiaren presenterte styret sitt framlegg til virkeplan 1999/2000.

Arbeide for å få landsmøtet i NBF år 2002 til Sogn og Fjordane
Styret oppnemner arbeidsgruppe

Arbeide for rabattordning ved bokkjøp for medlemane også her i fylket
Styret oppnemner arbeidsgruppe

Arbeide for å arrangere ein studietur i år 2000, til eit land i Norden t.d. Finland / Island.
Styret oppnemner arbeidsgruppe

Medvirke til at arbeidet med ein samla bibliotekplan for heile biblioteksektoren i Sogn og Fjordane vert sett i gang

1. Arbeide for å auke samarbeidet mellom folke-, skule- og fagbiblioteksektoren i fylket.

2. Arbeide for å gjere biblioteka meir synlege.

3. Vidareføre arbeidet med bibliotektenesta for vidaregåande skule i høve til planen frå 1994 og arbeide for å betre bibliotektenesta i grunnskulen i høve til biblioteklova og L97.

Virkeplanen vart samrøystes godkjent.

Sak 6 Budsjett 1999/2000

Kasseraren la fram framlegg til budsjett.

Under punkt studietur/stipend vart framlegget omarbeidd av årsmøtet. Formuleringa lyder slik: For perioden 1999/2000 vert kr. 15.000,- av bankinnskotet avsett på fond som kan nyttast til stipend.

Budsjettet vart deretter samrøystes vedteke.

Sak 7 Val

I valnemda sat: Solveig Bjordal, Marie Dombestein og Lise Vik-Haugen. Lise la fram innstillinga frå nemda.

Desse vart samrøystes valde:
Styremedlemmer:
Grete Skaar Sunde ny, 2 år
Guri Aarhus ny, 2 år

Varamedlemmer:
Iren Riksheim ny, 2 år
Gunnhild Eliassen ny, 1 år
Eli Johanne Eidsvik ny, 2 år

Revisorar:
Siri Ingvaldsen attval, 2 år

Medlemmer valnemda:
Solveig Bjordal attval, 2 år
Marie Dombestein attval, 2 år

Lista over tillitsvalde ser etter valet slik ut:

Leiar: Susanne Daae-Qvale, Sogndal bibliotek

Styremedlemmer:
Gry Hatlelid, Fjaler folkebibliotek
Laila Schult, Måløy
Grete Skaar Sunde, Jølster folkebibliotek
Guri Aarhus, Hafstad og Øyrane vg. skular

Varamedlemmer:

Iren Riksheim, fylkesbiblioteket (for Gry Hatlelid)
Erik Torp-Nilsen, Førde (for Laila Schult)
Gunnhild Eliassen, Vågsøy folkebibliotek (for Grete Skaar Sunde)
Eli Johanne Eidsvik, Flora folkebibliotek ( for Guri Aarhus)

Revisorar:
Siri Ingvaldsen, United World College
Elsa Stentvedt, Aurland folkebibliotek

Valnemd:
Lise Vik-Haugen, Sogndal vg. skule
Solveig Bjordal, fylkesbiblioteket
Marie Dombestein, biblioteket SSSF

Sak 8 Uttale om samla bibliotekplan

Leiaren la fram framlegg til uttale. Årsmøtet slutta seg til hovudpunkta i uttalen, men hadde nokre tilføyingar og kommentarar.

Vedtak: Årsmøtet gjev leiar og referent fullmakt til å utforme uttalen på grunnlag av framlegget frå leiaren og kommentarane frå årsmøtet.

Referent

Siri Ingvaldsen

 

Hjørdis Åsnes Randi Bjørneset

 

Uttale til hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane:

SAMLA BIBLIOTEKPLAN FOR SOGN OG FJORDANE

Årsmøtet i Norsk Bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane vedtok denne uttalen 18.05.99:

Styret i NBF avd. Sogn og Fjordane sende 15.02.99 eit brev til utvalet om samla bibliotekplan for fylket. Styret skal ifølgje sin virkeplan arbeide for å auke samarbeidet mellom folke,- skule- og fagbiblioteksektoren i fylket og gjere biblioteka meir synlege. Vidare skal vi arbeide for å betre bibliotektenesta i vidaregåande skule i høve til planen frå 1994 og i grunnskulen i høve til biblioteklova og L 97.

Fleire fylke har dei siste åra lagt fram samla plan for bibliotektenestene. Det vert og utarbeidd ei statleg melding om bibliotek, arkiv og museum.

Biblioteka i Sogn og Fjordane står framfor store utfordringar i åra som kjem. I kommunane er det for få fagutdanna bibliotekarar, altfor låge bokbudsjett og for liten aktivitet i biblioteka. Sjølv om det er lyspunkt med satsing på bibliotek i vidaregåande skular, automatisering av katalogar og internettilbod til publikum, så er ikkje dette nok til å skape eit godt bibliotektilbod i fylket. Det nyttar ikkje berre med datamaskiner og internett. Det må fagutdanna personale til for å kvalitetssikre materialet ein hentar frå internett, og for å kunne legge materiale/informasjon ut på nettet. Romslege opningstider, tidsskrift og aviser og formidling av god skjønnlitteratur og aktuell faglitteratur er vesentleg for å gje eit godt bibliotektilbod.

Biblioteka i grunnskulen har vore lite prioritert og folkebiblioteka vert pressa til det ytterste av skulen sin trong for bibliotektenester.

Årsmøtet i NBF avd. Sogn og Fjordane ser det som viktig at arbeidet med ein samla plan for bibliotektenestene i fylket vert sett i gang snarast råd. Målet med planarbeidet må vere å setje utvikling for biblioteka i fylket på dagsorden, og sjå korleis vi best kan utnytte ressursane samla, på tvers av biblioteksslag og forvaltningsnivå.

Vi ber hovudutvalet for kultur setje i gang arbeidet med samla bibliotekplan for fylket.

 

 

opp.GIF (875 bytes)