Litteraturformidling:
Ny norsk vaksenprosa 2001


Vi gjentek suksessen frå tidlegare år, og inviterar til eit inspirerande møte med årets norske prosabøker. Aud Nordgarden Grimstad, tidlegare biblioteksjef ved Fredrikstad bibliotek og mangeårig leiar av Norsk kulturråd sitt vurderingsutval for kulturfondbøkene, vil presentere eit utval av ny norsk skjønnlitteratur frå 2001. 
(Les om prosjektet med formidling av ny norsk vaksen prosa)
Dato: Tysdag 4. desember
Stad: Førdehuset, "Lisjesalen" (den vesle kinosalen)
Tid: Kl. 10.00-15.00
Det vert lagt inn pausar etter behov, og lunsj ca 12.00-12.45
Kursavgift: Kr 250,- inkl. enkel lunsj
Påmelding til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek innan 28. november
Tlf. 57 72 18 83 (Gunnvor), epost: kurs@sf.fylkesbibl.no, faks: 57 72 18 93
Velkomne skal de vere alle saman!

PS: Det er ikkje bord i kinosalen, så det kan vere lurt å ta med eit hardt skriveunderlag.