|
Heim
|
Samling om nynorsk barne-og ungdomslitteratur, og om
litteraturformidling
Litteraturformidlar Janne Karin Støylen frå ”Nasjonalt senter for
nynorsk i opplæringa” arbeidar med å inspirere og motivere andre
formidlarar til å skape leselyst og leseglede hjå born og unge. Tysdag 27.
mars vil ho bruke ein heil dag på å snakke om god, nynorsk litteratur og
tiltak som kan medverke til at born og unge har lyst til å lese (endå)
meir.
Janne
Karin held kurs, seminar og føredrag om nynorsk litteratur og nynorske
forfattarar, og har gode kunnskapar om metodiske tips og knep når det gjeld
lesestimulering. Ho kjem frå Jølster, er utdanna allmennlærar og har
mellomfag i nordisk frå Høgskulen i Volda. Janne Karin har arbeidd som
programansvarleg for ”Dei Nynorske Festspela” og hatt ansvaret for
kulturprogrammet ved Nynorsk kultursentrum (Ivar Aasen-tunet) 2001-2005 i
Hovdebygda i Ørsta. Ho har vore lærar i ungdomsskulen 1998-1999, og har
røynsle frå kunst-og kulturformidling ved Eikaasgalleriet og Astruptunet.
| Tid: |
Tysdag 27. mars 2007 klokka 09.30-15.00 |
| Stad: |
Sunnfjord Hotell, Førde |
| Målgruppe: |
Bibliotektilsette og lærarar i grunnskulen |
| Deltakaravgift: |
500 kr, inkluderer kurset, kaffi/te og
lunsj |
| Påmeldingsfrist: |
Torsdag 1. mars 2007
|
| Program |
|
| 09.30-10.00 |
Registrering, mat og drikke |
| 10.00-11.00 |
Kvifor lese? Ei påminning om dei kjente argumenta for
kor viktig lesing er |
|
Bokprat: Om biletbøker og annan skjønnlitterær
prosa for jenter og gutar 6-12 år. |
| 11.00-11.15 |
Pause |
| 11.15-12.00 |
Bokprat: Om fantasylitteratur og noveller for jenter
og gutar 12-15 år. |
| 12.00-13.00 |
Lunsj |
| 13.00-13.45 |
Vellukka litteraturformidling - metodiske tips og
idear: Fokusering på arbeidsmåtar og undervisingsopplegg som
skular har hatt gode røynsler med. Alderssteg: 6-15 år. |
| 13.45-14.00 |
Pause |
| 14.00-14.45 |
Meir om nynorsk litteratur for born og unge: Via PC og
storskjerm informerer Janne Karin om viktige nynorske institusjonar,
organisasjonar og miljø, og ho opplyser om finansieringskanaler for
ulike lese-og skriveprosjekt. |
| 14.45-15.00 |
Avrunding |
Kursansvarleg: Robert Haugen, 57 72 18 89, robert.haugen@sfj.no
Påmeldingsskjema
|