Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Kurssida

Heim

 

Kurs våren 2004

15. april: Kurs i søk på internett

Fylkesbiblioteket og Opplæringsavdelinga arrangerar i samarbeid eit kurs i søk på internett. Kursleiarar er Solveig Eik og Rigmor Haug frå Vestfold fylkesbibliotek, som er hhv prosjektleiar for det nasjonale prosjektet bibliotekvakten.no og bibliotekkonsulent med IKT som arbeidsområde.

Tidspunkt: Torsdag 15. april, 9.30-15.45
Stad: Hafstad vidaregåande skule, Førde
Pris: Gratis

Program:
09.30: Kaffi og rundstykker
10.00 - 11.00: Velkomst. Ulike typar søkeverktøy og korleis dei fungerar
11.00 - 11.15: Pause
11.15 - 12.00: Djupdykk i Kvasir og Google
12.00 - 13.00: Lunsj
13.00 - 13.45: Fleire søkeverktøy
13.45 - 14.00: Pause
14.00 - 14.45: Den usynlege veven
14.45 - 15.00: Pause
15.00 - 15.45: Søketips og søkestrategiar

Kurset er teoretisk, med forelesning og demonstrasjonar.

Påmelding innan 26. mars til kurs@sf.fylkesbibl.no eller tlf 57 72 18 87 (fylkesbiblioteket v/Anja A. Mjelde)

[opp]

4. mai: Seminar - Biblioteksamarbeid - moglegheiter og fallgruver

Biblioteksamarbeid, interkommunalt samarbeid og samarbeid på tvers av bibliotektypar for å nå visjonen om det saumlause biblioteket er viktige faktorar for bibliotekutviklinga i fylket. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek ønskjer å invitere til meir og betre samarbeid mellom biblioteka i fylket, og har med dette gleda av åp innby til seminaret "Biblioteksamarbeid - mogelegheiter og fallgruver".

Tid:  Tysdag 4. mai, kl. 10-15.30
Stad:  Sunnfjord Hotell, Førde
Pris:  350,- (inkl. lunsj)

Program:
09.30  Kaffi
10.00 Velkommen
10.15 Interkommunalt biblioteksamarbeid. 
V/ Elin Golten, prosjektleiar Hordaland fylkesbibliotek
PDF-fil av innlegget
11.00 Samarbeid mellom folkebibliotek og høgskule (pdf-fil), og samarbeid med diverse institusjonar om enkeltprosjekt som t.d Sørlandets litteraturpris (pdf-fil)
V/ Anne Kristin Undlien, biblioteksjef Kristiansand folkebibliotek
12.00  Lunsj
13.00 

Aktuelle tekniske samarbeidsløysingar i fylket. 
V/ Anja Angelskår Mjelde, fylkesbiblioteket
PDF-fil av innlegget

13.15 Gruppearbeid
14.30 Plenum
15.30  Slutt

Påmelding til fylkesbiblioteket på kurs@sf.fylkesbibl.no, tlf. 57 72 18 80, faks 57 72 18 93, innan 20. april

[opp]  

 

 

 

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 24.05.04 , av Anja Angelskår Mjelde