Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Norsk bibliotekforening,
Avdeling Sogn og Fjordane

 

Yrkesetikk for bibliotektilsette

NBF Sogn og Fjordane ønskjer velkomen til seminar på Skei hotell torsdag 17.februar 2005!
Foredragshaldar vert Robert Wallace Vaagan som har arbeidd med dette temaet både i regi av IFLA og det tidlegare Riksbibliotektjenesten der han var med å utarbeide forarbeid til yrkesetiske retningsliner for bibliotek. Han underviser ved bibliotekutdanninga ved Høgskolen i Oslo og har dei seinare åra halde tilsvarande seminar for ei rekkje lokallag av Norsk bibliotekforening rundt om i landet. Han har også forelest om emnet internasjonalt. 

Dette seminaret rettar seg mot tilsette både innan folke-, skule- og fagbiblioteka. 

Vaagan drøftar ei rekkje kvardagssituasjonar og kjem med praktiske døme:  
Kan biblioteka ”kaste ut” narkomane som er i biblioteket? Kva med asylsøkarane våre – kor omfattande skal bibliotektenesta vera? Korleis oppfører me oss overfor nordmenn som kjem inn og høglytt kommenterer våre nye landsmenn? Har me høve til å nekte bruk av mobiltelefonar i biblioteka? Kjem bibliotekarane i utdanningsinstitusjonar i klemme i høve til å gi betre service til tilsette enn til studentar/ elevar? Kva med innsamlingsbøsser i skrankane våre? Kor streng lojalitet handhevar bibliotekeigarane våre – skal biblioteksjefen få lov å uttale seg i kontroversielle saker?  

Vaagan tek utgangspunkt i IFLA sine normer http://www.ifla.org og vil også fortelje litt om det som vil skje under IFLA-konferansen i Oslo i august.  

Det vert variasjon mellom  foredrag, gruppediskusjon og plenum. Seminardeltakarane får såleis høve til å ta drøfta eigne problemstillingar.  

Seminaret startar klokka 10 og held på til om lag kl. 15.30.

Pris  
Deltakaravgift som inkluderer lunsj og kaffepauser vert kr 300 for medlemar og kr 450 for ikkjemedlemar.  

Påmelding innan 4.februar  
til  
NBF Sogn og Fjordane v/ Gerd Vik gerd.vik@hisf.no,  
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Biblioteket Fjøra, pb 39, 6851 Sogndal. tlf. 57 67 62 08

eller  
bruk påmeldingsskjema under heimesidene til NBF: http://www.norskbibliotekforening.no/site/sognfjordane/ 

Me vonar mange har lyst å vera med og at dette kan vera eit høve til å  treffa kollegaer både i skule-,  fag- og folkebiblioteka.

Velkomne!  

Helsing

Styret i Norsk bibliotekforening,
avdeling Sogn og Fjordane

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 18.01.05 , av Anja Angelskår Mjelde