Bokpratkurs
i Bergen,
14.-16. februar og 9.-11. mars 2005
Påmeldingsfrist
20. oktober
Kvifor kurs i
bokprat?
Endeleg
eit grundig bokpratkurs for oss bibliotekarar som slit med at
"alle" trur at vi er flinke til å formidle bøker. Folk trur at
vi når som helst og kvar som helst kan stille oss opp og halde eit
inspirerande foredrag om haustens nye bøker, til dømes.
Sjølvsagt
er det nokon av oss som er slik, heldiggrisane. Men mange av oss har berre
lyst til å gøyme oss bak skranken til problemet forsvinn. Med
bokpratkurset får vi høve til å lære oss teknikkar, få oss verkty til
å formidle bøker til ei forsamling.
Satsinga
på "Den kulturelle skulesekken" og "Gi rom for lesing"
føreset formidling til barn og ungdom, dersom biblioteka skal bli aktive
medspelarar i desse ordningane. For vaksenbøker har fylkesbiblioteket eit
ønske om å få til ei ordning med "lektørar" som kan reise på
"turné" og formidle vaksenbøker med vekt på nye norske
kulturfondbøker, til andre bibliotekarar - for å skape interesse og gi
kunnskap om bøkene.
Fylkesbiblioteka
i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane går saman om arrangere "Kurs
i bokprat" med Marianne Svarstad og Mona Eklund. Begge to har lang og
omfattande erfaring med slike kurs, og den første er utdanna innan drama og
har mellom anna jobba med film, medan den andre er bibliotkonsulent og
formidlar ved Østfold fylkesbibliotek.
Bakgrunnen
for lengde på kurset, er ein tanke om at det å bli ein god formidlar er
ein prosess, der kvar deltakar får kan prøve ut bokprat-verkty i
stimulerande omgjevnadar. I Sogn og Fjordane har vi satsa på at vi skal
delta på kurset samtidig slik at vi blir godt kjent med kvarandre og
kanskje kan kome til å fungere som formidlar-team ein gong.
Kurset
har fått gode tilbakemeldingar og har blitt halde fleire stadar på austlandet
og på sørlandet. Sjå Bok og Bibliotek nr 2 i 2002, s. 22. for Ein omtale.
Meir info om kurset finn du på http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/
Økonomi
Vi
får støtte frå Kulturrådet til å halde kurset. Fylkesbiblioteka betalar
også ein del av kostnadene med kurset.
Kvar deltakar betalar kr. 3000,- for å delta. I tillegg kjem reise og
overnatting.
Lokallaget av NBF, ved Gerd Vik, disponerer midlar som dei kan gje i støtte
til medlemmer som ønsker å delta på kurs. Send ein søknad med
grunngjeving til NBF v/ Gerd Vik, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Biblioteket
Fjøra, boks 39, 6851 Sogndal
Overnatting i Bergen
Overnatting
ordner alle sjølv. Her er nokre tips:
Rica
Travel Hotell
Kort vei til kurslokalene i fylkeshuset. Fint, men forholdsvis rimelig hotell
med god mat, inkl. også kveldsmat. Be om rom mot bakgården for å unngå
trafikkstøy. For å få lavast pris må ein oppgi "Hordaland
fylkeskommune", avtalepris mand. til torsd. er 669,- pr. døgn
sjå http://www.rica.no/vis.cfm?hotell=19&avsnitt=1&spraak=1
Parkering kan avtalast på førehand
Billig
hotell i Håkonsgaten (same gata som vi var på Biblioteksdagane) uten bad på
rommet, men det kan vel gå like vel. Tror dette er et bra alternativ dersom
ein må spare på utgiftene sjå http://www.bergen-guide.com/7.htm
Påmelding
Sogn
og Fjordane har reservert 8 plasser på kurset. Meld deg på ved å sende
epost til anne.sagen@sf-f.kommune.no
eller ring 57 72 18 90.
Påmeldingsfristen er allerede
20. oktober
Hordaland
har venteliste for å komme med på kurset. Vi vil også ha det hvis mange
melder seg på.
Kontakt på Sogn
og Fjordane fylkesbibliotek:
Anne
Sagen
57 72 18 90
anne.sagen@sf-f.kommune.no
|