|
|
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
|
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
Bibliotekreform 2014 - Kva vil skje i Sogn og Fjordane? Dagskonferanse på Skei Hotel måndag 29. januar 2007 Vi ønskjer politikarar, kommuneadministrasjon, bibliotekeigarar elles og bibliotekfolk velkomne til å diskutere framtida for biblioteka i Sogn og Fjordane! Det er med utgangspunkt i Bibliotekreform 2014 at vi vil drøfte dette temaet. Stortingsrepresentant Erling Sande og leiar i Norsk bibliotekforening Anne Hustad vil delta saman med lokale politikarar og bibliotekfolk. Bibliotekreform 2014 låg føre i september i fjor og vil bli sendt ut på høyring til alle kommunar i 2007. Reforma inneheld mange spenstige framlegg til tiltak, men også ein del kontroversielle framlegg til endringar i biblioteksektoren. Det er særleg spørsmål knytta til den såkalla ”konsolideringa” av dei små biblioteka som har vore mykje diskutert. Utgreiinga er utarbeidd på oppdrag av Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. Ambisjonen med meldinga er å leggje grunnlaget for ei reform som skal gje varige forbetringar og ruste biblioteka til å møte nye utfordringar. Det er ønskjeleg at Bibliotekreforma vert diskutert blant både bibliotekeigarar, politikarar og i fagmiljøa. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Norsk Bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane og Bibliotekarforbundet avd. Sogn og Fjordane skipar til ein konferanse der Bibliotekreforma vert belyst og diskutert.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||