|
Heim
|
Bibliotekdagane 2005
Bibliotekdagane
blir i år halde i Førde, 15.-16. september på Rica Sunnfjord Hotel.
Tema i år er
variert; frå verdsetting av folkebiblioteka og utfordringar for
skulebiblioteka til litteraturformidling.
Vi har også lagt inn eit besøk på det nye høgskulebiblioteket.
Håpar at mange
synes programmet
er interessant
og tek turen til
Førde i september. Vi ser fram til vårt årlege bibliotektreff og ønskjer
alle vel møtt!
Program
og påmeldingsskjema finn du
under.
Påmeldingsfrist er 25. august.
| Torsdag 15.
september |
| 10.00 |
Kaffi/te og rundtykke |
| 10.15 |
Velkommen v/ fylkesbiblioteksjef Solveig Bjordal
Vi priser biblioteket v/
førsteamanuensis Svanhild Aabø
Foredraget tar utgangspunkt i doktoravhandlinga
til Svanhild Aabø, der ho nyttar den økonomiske metoden ”betinget
verdsetting” for å vurdere kva for ein verdi folkebibliotek har hos
folk flest. Omtale
av avhandlinga i Aftenposten
Diskusjon |
| 12.30 |
Lunsj |
| 13.30 |
Kultur for læring v/bibliotekleiar Siri Ingvaldsen
Foredraget tar utgangspunkt i den nye lærarplanen med reforma
”Kunnskapsløftet”. Reforma stiller skulebiblioteka og
folkebiblioteka overfor nye, store utfordringar. |
| 14.00 |
Samrådsmøte
Fylkesbiblioteket vil informere nærare om prosjekta
”Nettbasert kulturformidling” og det nye Kulturnettet. Elles vil
vi ta opp nettverksamarbeid i regionane. Vi oppmoder biblioteka til å
tenke på om dei har noko å melde
|
| 16.00 |
Strategidebatt
NBF Sogn og Fjordane inviterer til debatt om kva utvikling me ønskjer
for Norsk bibliotekforening i framtida. Dette skjer med utgangspunkt i
eit debatthefte utarbeidd av NBF sentralt. Alle møtedeltakarar vil få
tilsendt debattheftet i forkant av møtet, og det vil bli ei kort
innleiing til debatt. Organisasjonen ønskjer seg innspel og idear for
heile organisasjonen, men her vil me nok vektleggje å debattere
lokallaget sin funksjon og utfordringar. Tilbakemeldingar frå møtelyden
vert så tekne med i det vidare strategiarbeidet for NBF. Her
inviterer me alle til å stille med opent sinn og tenke nytt! Me skal
syte for frukt og forfriskande drikke! |
| 17.30 (ca) |
Slutt |
| 19.30 |
Middag
|
| Fredag 16.
september |
| 08.30 |
Årsmøte NBF |
| 10.00 |
Besøk på det nye høgskulebiblioteket på Vie |
| 11.30 |
Bokprat
Litteraturformidlingsteknikk
v/ bokpratarane i fylket |
| 12.15 |
Lunsj |
| 13.15 |
Nynorsk
litteratur for ungdom
v/ Janne Karin Støylen frå Ivar Aasen-tunet |
| 14.30 |
Slutt
|
Påmeldingsskjema
|