Bibliotekdagane 2002
4.-5. juni i Sogndal/Solvorn

Generelt 

I år har Fylkesbiblioteket og NBF avd. Sogn og Fjordane vorte einige om å leggje bibliotekdagane 2002 til Sogndal. Vi skal bu på Quality Hotel Sogndal (tidl. Sogndal Hotel) og ha møta same staden.

Hovudtema i år vert lokalhistorie:

  • nye mogelegheiter for biblioteket

  • nettportal

  • lokalhistorisk leksikon og atlas

  • lokalhistorisk samarbeid

  • Fjognedok

Vi vonar på fint førsommarver og har planlagt at etter den faglege delen den 4. skal vi på ettermiddagen reise med buss til Galden/Solvorn. Vi går av bussen ved Galden og spaserer ca. 3 km til Walaker Hotell. Etter opplysningar vi har fått, blir vi på denne turen rådde til å gå i "vanlege spasersko".

Framme ved Walaker Hotel skal vi ha gallerivandring (det er tre ulike utstillarar i galleriet på den tida – og det er salsutstillingar!). Middag/kaffi skal vi nyte på Walaker Hotell før vi seinare vert skyssa attende til Sogndal med buss. 

Neste dag startar vi på Sogndal bibliotek og held fram med Samrådsmøte og årsmøte i NBF avd. Sogn og Fjordane.

Nedanfor finn de program og påmeldingsslipp. NB! Påmeldingsfrist 24. mai.

Velkomne til nyttige og vonaleg interessante dagar i Sogndal/Solvorn!

 

Program

4. juni 
1100-1130  Lokalhistorie - nye muligheter for biblioteket. 
Tone Moseid, Statens bibliotektilsyn 
1130-1200 Kaffi 
1200-1230 Nettportalen for lokalhistorie 
Marianne Wiig, Norsk lokalhistorisk institutt 
1230 Lunsj
1315-1415 Lokalhistorisk leksikon og atlas. Slektshistoriske baser
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
1415-1445

Lokalhistorisk samarbeid i Sogn
Gerd Vik, Sogndal bibliotek

1445-1500 Kaffi
1500-1530  Kva er Fjognedok? 
Eli Lothe, for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
1530-1600

Kva skjer hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane?
Susanne Daae-Qvale, Opplysningstenesta i Staten

1705 Buss til Solvorn
Galleribesøk
1900 Middag på Walaker hotel
 

 

5. juni
0900-1000 Besøk på Sogndal bibliotek og høgskulebiblioteket
1000-1030  Kaffi
1030-1200 Samrådsmøtet
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
1200  Lunsj
1300-1430  Årsmøtet 2002 Norsk bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane

 

Praktisk/Påmelding

Stad: Quality Hotel Sogndal og Walaker Hotell, Solvorn
Opphald, mat og gallerivitjing: Kvar deltakar gjer opp med hotellet
Rutebuss til Galden: Kvar kjøper sin billett
Retur med buss frå Walaker Hotell: ? Pris her er avhengig av kor mange deltakarar vi blir og storleiken på bussen vi treng. Opplysningar om pris vert gjeve, og deltakarane betalar til sjåføren eller ein annan i følgje.
 Prisar: 
 Konferanse på Quality Hotel Sogndal:  Enkeltrom m/måltid, -middag kr. 990,-
Dobbeltrom m/måltid, -middag  kr. 770,-
 Middag Walaker Hotell: kr. 275,-
 Ikkje buande gjester:
 Dagkurspakke (lunch + 2 kaffipausar) kr. 295,-
 

Påmeldingsskjema

NB! Påmeldingsfrist 24. mai.

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 27.05.02 , av Anja Angelskår Mjelde