Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Heim

Kva synes du om bibliotekdagane? - Gi tilbakemelding her

 

 

Bibliotekdagane på Årdalstangen

 

 

Biblioteket som møtestad var i sentrum under ”Biblioteksdagane 2006” her i fylket - i år skipa til over to dagar på Årdalstangen. I tillegg vart andre aktuelle saker og erfaringar tekne opp og delt under arrangementet.

 

Om lag 40 bibliotekarar fann vegen til ”Bibliotekdagane 2006” tysdag og onsdag 12.-13. september, arrangert av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Norsk Bibliotekforening avdeling Sogn og Fjordane. Hovudtema for samlinga var biblioteket si rolle som offentleg møtestad. 

 

Til å innleie og inspirere om emnet hadde Hilde Ljødal frå Asker bibliotek teke turen for å fortelje om mastergradsoppgåva si i bibliotek-og informasjonsvitenskap ved Høgskolen i Oslo; Folkebiblioteket som offentlig møteplass i en digital tid”. Ljødal ville granske nærare kva som låg i omgrepet biblioteket som møteplass, og sette seg føre å undersøkje kva for eigenskapar som appellerar ved møteplassfunksjonen; kva for fysiske møte kjem i stand mellom brukarar av biblioteket, korleis blir desse samkoma skipa til og korleis blir møte mellom menneske med ulik bakgrunn opplevd av bibliotekarane i biblioteket. 

For å svare på spørsmålstillinga utførte Hilde Ljødal ei intervjugransking av bibliotekarar, konsulentar og bibliotekarbrukarar som sokna til Majorstuen og Torshov filial av Deichmanske bibliotek i Oslo, og nøkkelpersonar og politikarar som høyrde til desse bydelane. Hovudkonklusjonen til Ljødal er at møteplassfunksjonen til biblioteket – ei rolle ho meiner bør likestillast med til dømes vegledning og utlån av bøker – er for usynleg, trass i at samfunnet har stor nytte av biblioteket som møtestad. Det som trengst, meiner Hilde Ljødal, er ei medvitsgjering og synleggjering av biblioteket som eit offentleg rom der demokratiet vert halde vedlike gjennom gratis tilgang til kunnskap og opplysing, og ikkje minst har biblioteket ei rolle å spele som fysisk møtestad for menneske av ulikt opphav, hudfarge, kjønn, alder og interesser.

Arrangørane hadde invitert mellom anna lokalpolitikar Bjørg Rimeslåtten til ordskifte om emnet biblioteket som offentleg møteplass, og ho sa seg samd med Ljødal sine slutningar. Rimeslåtten meiner at biblioteka er viktige i folkeopplysinga og at gode boksamlingar er med på å drive læring i demokrati. Med i paneldebatten var og to elevar frå Årdal vidaregåande skule, og dei synte engasjement for biblioteket ved å kome med mange innspel til korleis dei framtidige boksamlingane bør vere utforma og organisert for å møte (unge) brukarar sine behov. Mellom anna framheva elevane at gratisprinsippet må liggje til grunn.


Pris til Gloppen

Gloppen folkebibliotek vart tildelt bibliotekprisen for 2006. Det er aller første gong at ein slik pris vert delt ut her i fylket. Det kombinerte folke- og skulebiblioteket fekk utmerkinga for allsidig og fantasifull formidling. I grunngjevinga for tildelinga heiter det at ”biblioteket er både folkebibliotek for Gloppen kommune og skulebibliotek for Firda vidaregåande skule. Som kombinasjonsbibliotek har dei tilsette store utfordringar i å sy saman og synleggjera tilbod til mange ulike brukargrupper. Biblioteket har på ein ypparleg måte balansert tilbodet slik at det når unge og eldre, skuleelevar og folkebibliotekbrukarar." Det er NBF Sogn og Fjordane som står bak prisen.



Diverse

Den andre dagen av samlinga var sett av til orientering og informasjon. Celia Engstedt fortalde engasjert og livleg om bokkafeen ved Byrkjelo filial, eit formidlingstiltak for eldre. Reidun Koksvik frå Førde bibliotek orienterte om korleis biblioteka kan marknadsføre seg (betre) overfor brukarane. Vidare informerte Siri Ingvaldsen om nettbasert kunnskap og kulturformidling i samband med nettstaden kulturnett.no. Gerd Vik ved biblioteket til Høgskulen i Sogn og Fjordane opplyste om nyhende frå deira kant, og sjef for biblioteket i Høyanger, Jorunn Systad, fortalde om ”Mitt bibliotek”. Det innandørs programmet for bibliotekdagane 2006 var runda av med ein bolk der fylkesbiblioteket orienterte om aktuelle saker, der mellom anna bibliotekplanen for dei vidaregåande skulane i fylket, samarbeidet om felles database for folkebiblioteka i Indre Sunnfjord og drifta av bokbussen blei omtalt. Punktum for tilskipinga fann stad med ein guida fottur i høgda til Utladalen, til eit nyrestaurert bruk i Avdalen.

 

 

Kva synes du om bibliotekdagane? - Gi tilbakemelding her

 

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 19.09.06 , av Anja Angelskår Mjelde