Kurs i årets barne- og ungdomslitteratur
|
Påmeldingsskjema |
Skulane og barnehagane satsar stort på lesestimulering i samband
med regjeringa si store satsing på leseglede og lesedugleik, planen
Gi rom for lesing. Lærarane etterspør oppdatering på og
oversikt over ny barne- og ungdomslitteratur. Dette kurset er midt i
blinken for lærarar som vil bli kjent med dei gode bøkene, men som
ikkje har tid til å lese sjølv.
For at flest mogleg i fylket skal kunne delta på
kurset, prøver vi i år å halde kurset to stadar, i Førde og i
Sogndal. Dette vil vi halde fram med neste år dersom vi får nok påmeldte.
Kurset er eit samarbeid mellom Norsk
Barnebokforum og fylkesbiblioteket.
| Tid og stad: |
11. november i Lisjesalen i Førdehuset i Førde,
kl. 0930 til 1430 |
|
12. november i kulturhuset i Sogndal, kl. 0930
til 1430 |
| Deltakaravgift: |
Kr. 360,- som inkluderer kurs, kaffe og
varm lunsj. |
| Målgrupper: |
Lærarar i grunnskulen, personalet i barnehagar,
folkebibliotek og bokhandlarar.
|
|
Fellesprogram for dei to kursstadane:
|
|
kl 09.30
|
Registrering, kaffi/te og noko å bite i
|
|
kl 10.00
|
Barnebøker ved Alf Ramsfjell, bibliotekar på
Ås
|
|
kl 11.00
|
Pause
|
|
kl 11.15
|
Biletbøker ved Trude Tjensvoll, illustratør,
gitt ut to biletbøker
|
|
kl 13.15
|
Ungdomsbøker ved Marit
Hallen, ungdomsbibliotekar frå Torshov-filial i
Oslo. Driv med munnleg forteljarkunst
|
|
kl 1415
|
Oppsummering og litt info frå fylkesbiblioteket.
|
Førde Interbok stiller ut årets bøker i
Førde.
Skjeldestad Libris stiller truleg ut bøker i Sogndal.
Det vert høve til å tinge bøker hos dei dersom
ein ønskjer det
Påmeldingsfrist: Fredag 5. november!
Kontaktperson: Anne Sagen, e-post anne.sagen@sf-f.kommune.no,
tlf. 57 72 18 90
|