Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Heim

Kurs 
hovudside

 

Årets barne- og ungdomslitteratur

Vi innbyr også i år til orientering om årets barne- og ungdomsbøker. Dette kurset er eit samarbeid mellom Norsk Barnebokforum og fylkesbiblioteket. Norsk Barnebokforum stiller som vanleg med gode og interessante foredragshaldarar. På kurset vil ein få oversikt over og vurdering av kva som er kome ut av nye barne- og ungdomsbøker i år.

Forelesarane kjem til Førde kvelden før kurset, så vi er sikre på at det ikkje er fare for avlysing slik som i fjor. På møtet vert det høve til å få kopi av forelesningane vi gjekk glipp av i fjor.

 

Tid: Fredag 29. november kl 1000 – 1500
Stad: Rica Sunnfjord hotell i Førde

Program:
kl 10.00 Registrering, kaffi og te
kl 10.30 Biletbøker ved Inger Lise Belsvik, kjend illustratør (bl.a. Verdas mest forelska par)
kl 11.30 Lunsj i restauranten
kl 12.30 Barnebøker ved Øystein Rosse, kritikar og oversettar
kl 13.45 Ungdomsbøker ved Gry Silje Hernæs, barnebibliotekar Deichmanske bibliotek

Førde Interbok vil stille ut årets bøker i møtesalen.

 

Deltakaravgift kr. 550,-  som inkluderer kurset, full lunsj i restauranten på hotellet og to kaffipauser. Kursavgift utan lunsj 330,-.

Evt. tinging av hotellrom bør gå gjennom fylkesbiblioteket. 

Påmelding til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 57 72 18 80, faks 57 72 18 93,
e-post : kurs@sf.fylkesbibl.no

Påmeldingsfrist: Torsdag 14. november!

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 09.10.02 , av Anja Angelskår Mjelde