|
Klassesett
hovudside
Tingingsskjema
Nynorsk
-
1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse
Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse
Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse
"Vaksen-
litteratur"
Skodespel
Engelske
klassesett
Fullstendig liste
Heim
|
Lånereglar for klassesett
For lån av klassesett gjeld følgjande reglar:
-
Alle grunnskular i Sogn og Fjordane kan låne
klassesett frå samlinga.
-
Når de tingar bøker må vi ha melding om:
- namn på skule og lærar
- adresse
- kor mange eksemplar de vil låne av kvar tittel
- om de vil stå på venteliste dersom bøkene er utlånt
- alternative ynskje
Bruk gjerne tingingsskjemaet
vårt.
-
Klassesett som ikkje er inne kan reserverast.
Bøkene kan òg bestillast til ein bestemt dato.
-
Lånetida er sett til 2 månader. Lånet kan
fornyast, om ingen andre står på venteliste.
Ynskjer læraren å låne klassesettet vidare til ein annan lærar, må fylkesbiblioteket
kontaktast.
-
Fylkesbiblioteket opprettar eit lånekort på
kvar skule.
-
Bøkene vert sende i posten til den enkelte
skule. Fylkesbiblioteket betalar utsending. Skulane må sjølve betala for retur av bøkene. Alle bøkene skal returnerast ved
skuleslutt.
-
Skulen er ansvarleg for erstatning av tapte og
øydelagde bøker, ikkje den enkelte lærar eller elev. Bøkene må som regel erstattast
fullt ut. Etter to varselbrev vert det sendt rekning.
Hvis det er skade på bøkene når lånaren får dei, eller talet ikkje stemmer, må ein
gi melding om dette straks.
[Opp]
|