Klassesettlista
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har kjøpt inn ein del klassesett. Dei er
meint som eit tilbod til grunnskulane i fylket. Vi har eit variert utval av skjønnlitteratur, lettleste bøker og lydbøker.
Vi har òg bøker av Bjørnson, Ibsen, Kielland og Hamsun, i tillegg til Soga om Gunnlaug
Ormstunge.
Klassesettlistene er sett opp alfabetisk etter forfattar. Kvar tittel har opplysningar
om sidetal, serie, illustrasjonar, innhald, alderstrinn, målform, talet på eksemplar og
om boka finst i lydbokutgåve. Alderstrinnet er meint som ein peikepinn, og må ikkje
takast bokstavleg.
Klikk på tittelen for å sjå om bøkene er inne. Då
kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei
eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.
Kontakt fylkesbiblioteket for å bestille eller reservere
klassesett.
Tlf.: 57 72 18 90, Anne Sagen. E-post: anne@sf.fylkesbibl.no
Søk etter forfattar;
|A
|B |C |D |E
|F |G| H| I
|J |K| L |M
| N
|
|O| P |Q |R| S
|T |U |V |W| X |Y
|Z |Æ| Ø| Å |
ung A
Abdel-Qadir,
Ghazi
De talende steinene / Ghazi Abdel-Qadir ; oversatt av Tormod Haugen. - <Oslo> :
Cappelen,
1993. - 129 s.
Originaltittel: Die sprechenden Steine
Ordliste: s. 129-<130>
Krigen i midt-Austen, eller meir presist i Palestina er
temaet for denne boka - ei bok som gir oss konflikten sett gjennom 11-åringen Kamal
sine auge. Kamal er palestinar og deltek i Intifadaen, dei sivile sitt opprør
mot okkupasjonsmakta. Han og familien hans ynskjer at muslimar, jødar og kristne ein gang
skal kunna leva fredeleg side om side, men generasjonane sitt nedarva hat lar seg
vanskeleg radera ut. Dette er ein dramatisk historie, men òg svært aktuell og lærerik.
Det er dette ein dagleg ser på TV - born og unge i opne demonstrasjonar mot tungt væpna
soldatar.
7.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-13968-6 (ib.) : Nkr 218.00
EMNE: Barn i Palestina / Krig 0026843
ung A
Abrahamsen,
Aase Foss
Ikke deg denne gang <lydopptak> / Aase Foss Abrahamsen. - Oslo : Hilt &
Hansteen, <1992>. - 3 lydkassettar (265 min) ; i eske 23 x 17 x 4 cm -
(Bibliotekenes lydbøker)
Lese av: Oda Schjøll
1. trykte utg.: Gyldendal, 1978
ISBN 82-7413-212-2 : Nkr 252.00
EMNE: Kreftpasientar
0020196
ung A
Allende, Isabel, chil., 1942-,
De ville guders by / Isabel Allende ; oversatt av Kari og Kjell Risvik. - Oslo : Gyldendal Tiden, 2002. - 262 s.
Framhald i: Gulldragens rike
Alex, ein vanleg amerikansk gut, blir med bestemor si på
ein ekspedisjon til Amazonas. Målet er å studere "udyret", eit
slags regnskogens svar på den avskyelege snømannen. Ekspedisjonen er full
av farar. Med på ekspedisjonen er er også Nadia, ei jente som har vakse
opp i Amazonas, og som vert ein god ven for Alex på reisa. Ungdomane vert
bortførte av det mystiske tåkefolket, ei indianarstamme som har levd
utanfor sivilisasjonen i alle år. I boka blir vi kjende med kva stammen
trur på og dei ulike skikkane dei har. Ungdomane opplever mykje spenning og
også forelsking.
Høver for 8.-10. kl 30 eks. bokmål
ISBN 82-05-30591-9 (ib.) : Nkr 299.00
EMNE: Amazonas / Miljøvern
0096172
bl A
Andrews,
Jan
For aller siste første gong / Jan Andrews <tekst> og Ian Wallace
<illustrasjonar> ; til norsk ved Gunvor Hals. - Oslo : Samlaget , 1989. - <32>
s. : kol. ill.
Originaltittel: Very last first time
Denne biletboka frå Nord-Canada fortel om inuittsjenta
Eva, som så lenge ho kan hugsa har gått saman med mor si og plukka blåskjel under isen.
Boka handlar om den dagen ho for fyrste gong skal gå på havbotnen åleine. Det vert ein
spennande dag med mange nye naturopplevingar og ein del dramatikk.
Ei fin og fasinerende bok med illustrasjonar som samsvarar godt med det miljøet boka
skildrar.
l.- 4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3240-5 (ib) : Nkr 98.00
GENRE: Villmark
EMNE: Eskimoar - Nord-Amerika
0000520
bl q A
Anrell,
Lasse
Flisa og Lynet / tekst: Lasse Anrell ; teikningar: Mati Lepp ; omsett av Tove Bakke. -
Stabekk Bokklubbens Barn, 1993. <30> s. : kol. ill.
Originaltittel: Spinkis och Blixten
Ole har byrja på eit skikkeleg fotball-lag og han gler seg
til første kampen sin. Men trenaren, Lynet, seier at Ole skal vera innbytar og dermed
får han ikkje prøvd seg. I tillegg får han klengjenamnet Flisa fordi han er så liten
og tynn. Og det kjennest ikkje særleg greitt, men Ole vil visa at han kan. Boka er
humoristisk og sparkar litt til bråkjekke trenarar som er inkonsekvente i høve til det
dei forlangar av ungane og det dei står for sjølve. Dette er ei morosam og engasjerande
bok om ungar som driv idrett. Både gutar og jenter vil kjenna seg att i dei treffsikre
teikningane og miljøet i laget.
1.-4. kl ; 30 eks.
ISBN 82-525-2370-6 (ib.) : Nkr 109.00
EMNE: Fotball
0022981
b398.209481 A
Asbjørnsen,
Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane / <etter Asbjørnsen og Moe ; til nynorsk ved Gudny
Dalflyen ; illustrasjonar: Hans Gerhard Sørensen>. - Oslo : Samlaget, 1981. - 31 s.
: ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutg.
Eventyret om kongen som ville ha eit skip som gjekk like
fort både på sjø og land. Den som kunne byggja det, skulle få kongsdottera og halve
riket.
1.-5.kl. ; 19 eks.
ISBN 82-521-1948-4 (h.) : Nkr 52.00
EMNE: Eventyr : Noreg
0002082
b398.209481 A
Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak> / Asbjørnsen & Moe ; <musikk:
Frode Fjellheim>. - Melhus : Lydbokforlaget, 1992. 2 kassettar (83 min) ; i eske 18 x
13 x 3 cm - (Lesetrening)
Lese av Hallvard Lydvo og Solveig Dahl. - 2 innlesningar av same eventyr. Kassett 1 har
normal lesefart og kassett 2 har låg lesefart. - Berekna til bruk saman med
lettlesutgåva av eventyret, utgitt i serien Sirius Barn, Samlaget, 1981
ISBN 82-421-0194-9 : Nkr 229.00
EMNE: Eventyr : Noreg
0024066
[Opp]
ung B
Belsvik,
Rune
Alle dei fine jentene / Rune Belsvik. - Nyn. utg.. - Oslo : Samlaget, 1988. - 101 s. -
(Sirius ungdom)
Ei fin bok om ungdom og forelsking, om svingande kjensler
og gryande, famlande erotikk. Temaet er behandla med innsikt og respekt, og det er gjort
på ein vår og fin måte. Hovudpersonen, Arne Bu, forelskar seg stadig vekk og det er
forståeleg når heile skulen med eitt er full av fine jenter. Ei bok til å kjenna seg
att i.
8.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3219-7 (h.) : Nkr 87.00
GENRE: Erotisk
EMNE: Kjensler / Seksualitet
0000087
b B
Belsvik,
Rune, n., 1956-
Dustefjerten og den store vårdagen / av Rune Belsvik ; illustrert av Lisbeth Narud. -
<Oslo> : Cappelen, 1996. - 98 s: ill.
Framhald av: Dustefjerten og den store marsipanfesten
Dette er femte boka om Dustefjerten og vennene hans.
Vinteren er kald og lang, og våren let venta på seg - noko som slit på alle
vennene som bur attmed bekken. Oktava drøymer om ein kjærast, så forelskar ho seg i ein
heilt annan enn ho hadde tenkt. Dustefjerten er deprimert, han lengtar slik etter å kasta
ploppesteinar i bekken, og andungen er full av merkelege tankar. Berghøna blir ein god
hjelpar for Oktava og andungen utan eigentleg å gjera noko som helst. Så plutseleg ein
dag er våren der, og dei samlast i Kavringreven sitt bakeri for å eta vårkringle og
høyra Kavringreven lesa vårdiktet sitt, men han får det ikkje til - då er det godt
andungen kan hjelpa. Språkleg er også denne boka lett å lesa med gode skrifttypar.
Kapitla er korte, og dei blir innleidde av overskrifter skrivne på rim. Forteljinga har
ein underfundig og lun humor som treff ulike målgrupper på fleire plan. Dei
menneskelege karaktertrekka er treffande. Denne boka er illustrert med tusjteikningar som
gir figurane liv og høver til teksten.
1.-5.kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-02-15849-4 (ib.) : Nkr 189.00
0041805
u B
Belsvik,
Rune
Eit hus fullt av mørker / av Rune Belsvik. - <Oslo> : Cappelen, 1990. - 156 s.
Boka handlar om Oscar, 9 år, som ikkje kan tilfredsstilla
mammas bøn om å fortelja noko spennande når han kjem heim frå skulen. Han drøymer om
å kunna trylla fram ei ku, då vil kanskje nokon leggja merke til han, - aller helst Anne
Guri. Etter at han tok til på skulen har han oppdaga at det er viktig kor ein bur i bygda
og kven ein er venner med. Dei på Haugane likar ikkje dei nede i Søkket, og han som
ikkje bur nokon av dei stadane, høyrer ikkje heime i noka gruppe. Ikkje er han spesielt
sterk, morosam eller flink til å sparka fotball, så han må gjera som dei andre krev, om
han vil vera med. Men Oscar får vera med i det skumle fråflytta huset i skogen, der
gutane smugrøykjer og har blad med bilete av nakne damer. Boka er ikkje så skummel som
framsida kan gje inntrykk av, derimot er ho humoristisk.
5.-7.kl. ; 22 eks.
ISBN 82-02-12339-9 (ib.) : Nkr 189.00
GENRE: Bygd
0005630
ung B
Belsvik,
Rune
Kjærleiken er eit filmtriks / Rune Belsvik. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1992. -
111 s. - (Sirius-bøkene. Sirius ungdom)
Boka finst òg i lydbokutg.
- Framhald av: Alle dei fine jentene. - Framhald i: På nippet
Arne strir med to problem: Han skal skriva særoppgåve og han er skuffa og trur ikkje
lenger på kjærleiken. Han gjer dette til eit problem og vel å skriva ei oppgåve han
kallar "Kjærleiken er eit filmtriks". For å stadfesta hypotesen han legg til
grunn, vil han intervjua folk. Han er spesielt interessert i å spørja gamlekjærasten
sin, Grete Eik, og den nye vennen hennar, Jostein Myra. Dette er ei velskriven bok. Trass
i ein alvorleg undertone, er det mykje å mora seg over og kjenna seg att i.
9.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3984-1 (ib.) : Nkr 118.00
EMNE: Kjensler / Seksualitet
0020270
ung B
Belsvik,
Rune
Kjærleiken er eit filmtriks <lydopptak> / Rune Belsvik. <Oslo> : Samlaget,
cop. 1992. - 2 lydkassettar (120 min) ; i eske 18 x 14 x 4 cm - (Samlagets lydbøker)
Framhald av: Alle dei fine jentene. - Lese av forfattaren
Trykt utgåve: 1992
ISBN 82-521-3948-5
EMNE: Kjensler / Seksualitet
0022183
u B
Belsvik,
Rune
Kråkejakt / av Rune Belsvik. - <Oslo> : Cappelen, 1989. - 108 s.
Hovudpersonen, Leif Bjørk, er så lei av jobben sin på likningskontoret at han låser
seg inne på do for å skriva ei bok. Ei bok frå barndommen på Stord der venskapen
med
Ole Murke står sentralt. Leif vert ofte plaga av dei andre gutane, ikkje minst p.g.a.
mora. Så ein dag dukkar Ole Murke opp, ein gut som er sterk og snill og grei og modig nok
til å vera redd. Dei to vert "smugkameratar", går på kråkejakt og har det
ganske fint saman. Boka handlar om barndommens gleder og sorger, vennskap og svik, store
håp og store vonbrot. Det er ei ekte, morosam og varm bok, som høver for både born og
ungdom.
5.-8. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-02-12093-4 (ib.) : Nkr 159.00
EMNE: Vennskap
0002917
B
Bjørnson,
Bjørnstjerne
Arne <lydopptak> / Bjørnstjerne Bjørnson ; <musikk av Edvard Grieg>. -
Melhus : Lydbokforl., 1988. - 3 kassettar (ca 240 min.) ; i eske 23 x 17 x 3 cm
Lese av: Edel Eckblad og Jens Bolling ; musikk: spela av Eva Knardal
1. trykte utg. 1858
ISBN 82-421-0005-5 : Nkr 198.00
Genre: Bygd
0017112
B
Bjørnson, Bjørnstjerne, n., 1832-1910,
En glad gutt / Bjørnstjerne Bjørnson ; ved Daniel Haakonsen ;
<tegninger av Henrik Sørensen>. - Oslo : Gyldendal, 1992. - 89 s. : ill. - (Gyldendals skoleutgaver)
"Øivind hette han, og gråt da han ble født". Slik startar boka om den glade husmannsguten Øivind. Han får ein god barndom, men opplever motgang når han forelskar seg i rikmannsdattera, Marit. Boka er ei av bondeforteljingane til Bjørnstjerne Bjørnson og hører til den nasjonalromantiske genren.
Boka finns òg i lydbokutg.
1. gong utgitt 1860
Ordliste s. 83-84
9.-10 kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-00040-9 : Nkr 79.00
FØRDEB
GENRE:Bygd
0044907
B
Bjørnson,
Bjørnstjerne
En glad gutt <lydopptak> / Bjørnstjerne Bjørnson ; <musikk: Edvard Grieg>. -
Melhus : Lydbokforl., 1988. - 3 kassettar (ca 195 min.) ; i eske 23 x 17 x 3 cm
Lese av: Jens Bolling ; musikk: spela av Eva Knardal
1. trykte utg. 1860
ISBN 82-421-0006-3 : Nkr 198.00
Genre: Bygd
0019412
B
Bjørnson, Bjørnstjerne, n., 1832-1910,
Synnøve Solbakken / Bjørnstjerne Bjørnson ; ved Daniel
Haakonsen ; [tegninger av Henrik Sørensen]. - 2. utg. - Oslo : Gyldendal, cop. 1971. - 93 s. - (Gyldendals skoleutgaver)
1. trykte utg.: 1857
Vi møter den fagre Synnøve, plassert i vakker, norsk natur, og Thorbjørn fra Granlien, guten som stadig kjem opp i
konfliktar, både heime og med folk i bygda. Kjærleikshistoria om desse to vakte begeistring, men óg mykje harme i samtida,
og blei omtala som «en rå virkelighetsskildring med rått pøbelspråk».
ISBN 82-05-00527-3) (ib.)
GENRE:Bygd
0097617
B
Bjørnson,
Bjørnstjerne
Synnøve Solbakken <lydopptak> / Bjørnstjerne Bjørnson ; <Musikk: Edvard
Grieg>. - Melhus : Lydbokforl., 1988. - 3 kassettar (ca 240 min.) ; i eske 23 x 17 x 3
cm
Lese av: Morten Røhrt og Hilde Plau ; musikk: spela av Eva Knardal
1. trykte utg. 1857
ISBN 82-421-0004-7 : Nkr 198.00
Genre: Bygd
0019411
u B
Boie,
Kirsten
Og så kom Jakob / Kirsten Boie ; omsett av Øystein Rosse. <Stabekk> : Bokklubbens
barn, 1988. - 12,1 s.
Originaltittel: Mit Jakob wurde alles anders
Nele, som er 12 år, er forelska for første gong. Det kan
opplevast som veldig problematisk, og i tillegg er alt nokså kaotisk heime. Mor er byrja
å arbeida ute att og far skal vera husfar, etter at dei noko uventa fekk Jakob, familiens
yngste. Familien taklar problema og har det stort sett godt med kvarandre, fordi dei kan
snakka saman. Ei god bok, som m.a. tek opp temaet kjønnsroller på ein humoristisk og
grei måte.
6.-8. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-525-1506-1 (ib.) : Nkr 84.00
EMNE: Kjensler / Kjønnsroller / Søsken / Vennskap
0000167
bl q B
Borg,
Inga
Bamse Brunbjørn / Av Inga Borg ; omsett av Torjan Hatteland. <Stabekk> :
Bokklubbens Barn, <1986>. - <32> s. : kol. ill.
Originaltittel: Bamse Brunbjørn
Denne boka kom ut allereie i 1961, men ho er like populær
i dag. Gjennom levande illustrasjonar og tekst vert me kjende med bjørnens liv, instinkt
og vanar på ein underhaldande måte. Skildringa av bjørnemora med ungane Bamsen og Binna
er levande fortald, me følgjer bjørnane gjennom nokre år og er med på ungane si
famlande lausriving frå mora.
1.-4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1420-0 (ib.) : Nkr 94.00
GENRE: Villmark
Emne: Bjørnar
0002171
u B
Brandt,
Hanne
Den kvite sykkelen / Hanne Brandt i omsett frå dansk av Øystein Rosse ; omslag og
illustrasjonar: Åshild Havåg Bergseth. <Larvik> : Norsk Barneblad, 1987. - 121 s.
: ill.
Originaltittel: Den blå cykel
Ei aktuell bok om kva som kan skje når ein fortrengjer
sorg og vonde opplevingar. Venninnene, Marianne og Nina, som går i 7.klasse har det fint
saman heilt til den dagen Marianne døyr i ei trafikkulukke. Nina får sjokk og dei
vaksne prøver å få ho til å gløyma det som har skjedd. Fordi ho ikkje får leva ut
sorga, vert ho aggressiv og får psykiske problem.
6.-8. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-7095-119-6 (h.) : Nkr 78.00
EMNE: Sorg / Trafikkulukker / Død
0002083
B
Brown, Dan, am., 1964-,
Da Vinci-koden
/ av Dan Brown ; [oversatt av Peter A. Lorentzen]. - Kolbotn : Bazar, 2004. - 459 s.
Originaltittel: The Da Vinci code
Biblioteket sitt 4. eks. av boka er 2. rev. opplag. - 491 s.
I eit kappløp mot tida freistar professor i religiøs symbologi, Michael Langdon og kryptografen i det franske politiet, Sophie Neveu, å løyse ei mystisk gåte. Skjult i leietrådar gjøymt i verka til Leonardo Da
Vinci kjem dei på sporet av ei antikk hemmeleg forening og ei eksplosiv historisk sanning der både Mona Lisas smil og den heilage gral spelar ei sentral rolle.
10. klasse og vidaregåande skule ; 10 eks.
ISBN 82-525-4823-7). - 82-8087-015-6 (ib.) : Nkr 353.00. -
82525-6016-4)
GENRE:Spenning
0101472
ung B
Bruheim, Magnhild, n., 1951-,
Ny melding : roman / Magnhild Bruheim. - Oslo : Samlaget, 2003. - 171 s.
Dette er den første krimboka for ungdom av Magnhild Bruheim. Boka grip deg fort og slepp deg ikkje før du veit korleis det ender. Spenninga er til å ta og føle på. Bente si venninne forsvinn plutseleg på veg heim med bussen ein sein kveld i lag med ein ukjend gut. Politiet blir kopla inn, ein trur noko frykteleg er skjedd. Men Bente begynner å få tekstmeldingar frå venninna. Ho skriv ho har det bra. Er det venninna sjølv som sender dei? Har ho rømt frivillig eller blir ho halden som fange?
Høver for 8.-10. kl
ISBN 82-521-6299-1 : Nkr 203.00
GENRE:Spenning
0100297
u B
Bylock,
Maj
Solsteinen ; Måneringen / Maj Bylock ; til nynorsk ved Ragnar Hovland. - <Stabekk>
: Bokklubbens Barn, 1987. - 219 s.
Originaltitlar: Solstenen ; Månringen
1. norske utg.: Damm, 1984 og 1985
Handlinga er lagd til gotlandsk bondemiljø i
middelalderen. Dette er ei frodig og eventyrleg historie konsentrert om mange
spenningsskapande element og menneskelege relasjonar. Guten Dan drøymer den gamle draumen
om steinens løyndom, den han har rundt halsen og som skal hjelpa han til å finna broren
Jakob. På leitinga si etter broren opplever Dan mykje merkeleg, prega av mystikk, trolske
stemningar og spennande situasjonar. Dan finn broren innesperre i eit bur som vert brukt
som dårekiste. Han er skulda for å ha myrda. Saman opplever dei ei spennande flukt og
vegen mot reinvasking for broren Jakob. Boka har frodige personskildringar, og er meir ei
spenningsbok enn ei bok med historisk koloritt frå denne tida.
6.-8. kl. ; 27 eks.
ISBN 82-525-1477-4 (ib.) : Nkr 89.00
GENRE: Historisk / Spenning
0005219
bl tv220.9505 B
Bødker,
Cecil
Maria frå Nasaret / Cecil Bødker og Bengt-Arne Runnerström ; til norsk ved Lars Amund
Vaage. - Oslo : Samlaget, 1990. - <56> s.: kol. ill.
Det er den gamle og evig nye juleforteljinga Cecil Bødker
skriv om her, og vinkla på ein annan måte enn ein er vane med. Forfattaren fortel om det
som hende sett med Marias auge. Daglegliv og menneskelege reaksjonar på bodskapen omkring
Jesu fødsel er skildra på ein ekte og nær måte. Teiknaren har sett seg godt inn i
korleis alt såg ut i Jødeland på den tida, så biletboka gir både oppleving og
kunnskap.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3580-3 (ib.) : Nkr 138.00
Emne: Bibelforteljingar
0006748
u B
Bødtker,
Marit Lund
Kristian til vêrs / Marit Lund Bødtker ; illustrert av Øyvind Hansen. - Nynorsk utgåve
/ <ved Øystein Rosse>. - Oslo : Samlaget, 1995. - 85 s. : ill. - (Sirius-bøkene.
Sirius barn)
Framhald av: Kristian i gruva
Kristian er 12 år. I blant gjer han ting han ikkje har lov
til, som når me møter han i denne forteljinga. Han heng høgt oppe i lufta og kjem
korkje opp eller ned. Kristian er på veg til venninna Sigrid. Ho har flytta til
Jakobsbakken, eit stykke unna. No er ho sjuk, og Kristian lengtar etter å sjå ho att.
Ein taubane blir redninga. Den fraktar malm frå gruvene ved Jakobsbakken, og turen tek
berre tre timar. Kristian lurer seg med. Så stoppar taubanen, sidan det er dagen før
palmesøndag. Kva skal Kristian gjera? I denne lettleseboka er me noko attende i tid, til
eit samfunn berre kjent av nokre få av dagens ungar. Situasjonen Kristian hamnar i er
likevel til å kjenna att, og spenninga held lesaren fast. Her er eit stramt språk og ei
god forteljing, til saman blir dette ei vellukka lettlesebok.
6.-8. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4611-2 (ib.) : Nkr 125.00
EMNE: Historisk
GENRE: Spenning
0038517
ung B
Bøge,
Kari
Svanesang / Kari Bøge. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 145 s. -
(Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutg.
1. utg.: Aschehoug, 1988
Denne boka har to handlingar som kryssar kvarandre. Det
startar med Svanhild som i ung alder gjorde opprør mot foreldras krav, kasta seg ut i
spenninga og som no er narkoman og prostituert. Ho drøymer om eit nytt og annleis
liv,
men rundt henne finst det fleire maktmenneske. 17 år gamal prøver ho no å koma seg fri
frå desse personane. Den andre handlinga er møtet mellom Fanny og Nik, som går i
8.klasse og som ikkje liknar ungdommar frå reklameverda. Svanhild kjem til byen der dei
bur, kryssar deira tilvære og døyr av ein overdose. Fanny og Nik er med på å finna
liket av Svanhild og å løysa mysteriet. Inn i dette kjem ei jente, som representerer eit
stort amerikansk motefirma. Ho er mest oppteken av profitt, å skapa dei behova som skal
gje grunnlag for eit endå større sal. Det ho ikkje veit er at firmaet driv med
narkotikahandel.
Svanesang er ei spennande kriminalforteljing, ei kjærleiksforteljing og samstundes ei
bok som tek opp det alvorlege temaet stoffmisbruk blant ungdom. Boka er realistisk på den
måten at ho klart tek avstand frå både prostitusjon og narkotika.
9.-10. kl. ; 28 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-128-2 (ib.) : Nkr 210.00
GENRE: Kjærleik / Krim / Spenning
EMNE: Narkomani : sosiologi 0011272
ung B
Bøge,
Kari
Svanesang <lydopptak> / Kari Bøge. - Oslo : Hilt & Hansteen, <utsendt
1991>. - 3 lydkassettar (195 min) ; i Øskje 23 x 17 x 3 cm. - (Bibliotekenes
lydbøker)
Innlese av: Eva Lindahl. - Boka finst -og i storskriftutgåve (Salto-bøkene, 1991)
1. trykte utgåve: Aschehoug, 1988
ISBN 82-7413-151-7 : Nkr 222.00
Genre: Spenning
EMNE: Narkomani:sosiologi 0011274
[Opp]
ung C
Colfer, Eoin, ir.,
Artemis Fowl. Operasjon Arktis / Eoin Colfer ; oversatt av Morten Hansen. - [Oslo] : Damm, 2002. - 298 s.
Framhald av: Artemis Fowl. - Framhald i: Artemis Fowl. Evighetskoden
Andre bok i serien om Artemis Fowl, vidunderbarnet med talent for brotsverk. Nokon har smugla farleg mennesketeknologi inn i alveverda. Kristtornia Kort i alvepolitiet LEP-rekogn er sikker på at det er erkefienden hennar som står bak: 13-årige Artemis Fowl. Men stemmer det? Artemis har sine eigne problem; faren hans er kidnappa av den russiske mafiaen, og det skal eit mirakel til for å redde han. Denne gongen er det kanskje ikkje nok med ein genial plan. Denne gongen treng kanskje Artemis hjelp. Ein kan godt lese denne boka utan å ha lese den første. Bøkene om Artemis Fowl er ei blanding av spenning og fantasy.
Høver for 7.-10. kl. : 20 eks. ; bokmål
Originaltittel: The Arctic incident
ISBN 82-496-0523-3 (ib.) : Nkr 259.00
GENRE:Fantasy / Spenning
0096318
[Opp]
D
u D
Dahl,
Arild
I den mørke natt / Arild Dahl. - Oslo : Samlaget, 1992. - 92 s.
Sondre har ikkje lyst til å vera heime når mora får
besøk av kjærasten. Han vil køyra i lastebilen med Willy for å flytta gravemaskina
hans før elva tek til å stiga. Medan dei er i skogen drikk Willy seg full, lensmannen
kjem og tek han med seg og Sondre vert att i skogen. Dette er ei spennande historie, både
på det ytre og indre planet. Skildringa av sondre sin sjalusi og einsemda og redsla han
føler i denne situasjonen er veldig engasjerande.
5.-7. kl ; 30 eks.
ISBN 82-521-4002-5 (ib.) : Nkr 152.00
GENRE: Spenning
0020292
u D
Dahl, Roald, eng., 1916-1990,
Charlie
og sjokoladefabrikken / Roald Dahl ; til
norsk ved Oddmund Ljone ; illustrert av Faith Jaques. - 3. utg.. - Oslo :
Gyldendal, 1991. - 123 s. : ill.
Framhald i: Charlie og den store glassheisen. - Nokre utg. i stort format. -
Originaltittel: Charlie and the Chocolate Factory
1. norske utgåve 1972
Høver for 3.-6. kl
ISBN 82-05-17266-8). - 82-05-17923-9). - 82-05-18451-8). -82-05-32789-0). -
82-478-0448-4). - 82-525-1370-0). -82-525-3194-6). - 82-525-4265-4) (ib.)) : Nkr
98.00
0014937
b D
Dahl, Roald, eng., 1916-1990
Matilda / Roald Dahl ; oversatt av Tor Edvin Dahl ; illustrert av Quentin Blake. - 2.
utg.. - Oslo : Gyldendal, 1994. - 227 s. : ill.
1.norske utg.: 1989. - Boka finst òg i lydbokutg. - Originaltittel: Matilda
Matilda er eit spesielt barn, men dessverre fødd i ein
tåpeleg familie. Mora er hekta på bingo og faren er ein korrupt bilseljar. Sidan
foreldra ikkje bryr seg om Matilda, så går ho på biblioteket og les alle klassikarane
før ho tek til i 1.klasse. Klasseforstandaren er den unge og søte frøken Honey, og
denne læraren vert veldig oppteken av Matilda sine uvanlege evner. På skulen herskar det
og ein fæl kvinneleg overlærar, miss Trunchbull. Dette uhyret gjer skuledagen til ein
kamp på liv og død både for elevar og lærarar. Men alt endar heldigvis godt. Boka er
ei sprelsk, humoristisk og eventyraktig forteljing om dumme vaksne og kloke born.
4.-7.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-22504-4 (ib.) : Nkr 98.00
0044508
b D
Dahl, Roald, eng., 1916-1990
Matilda <lydopptak> / Roald Dahl ; oversatt av Tor Edvin Dahl . - Melhus : Lydbokforl.,
1997. - 4 lydkassettar (5t, 28 min) : i eske 19 x 14 x 3 cm. -
Lese av Terje Strømdahl. - Trykt utg. 1989
ISBN 82-421-0599-5
0044362
u 82 D
Dahl, Roald, eng., 1916-1990,
The twits / Roald Dahl ; illustrated by Quentin Blake. - Harmondsworth : Puffin books, 2001. - 87 s. : ill.
Boka handlar om det ufyselege ekteparet Mr. og Mrs. Twits. Dei er så ekle og slemme at fire apar med hjelp av fuglane tar ein grusom hemn.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har laga eit opplegg for bruk av boka i 5. og 6. klasse
(http://lamp.hisf.no/home/prosjekt/Engnett/ReadingEnglish/reading.htm
).
Høver for 5.- 8. kl. ; 60 eks. ; engelsk
ISBN 0-141-31138-x (h.) : Nkr. 80
0095988
ung 82 D
Dahl,
Roald, eng., 1916-1990
The witches / Roald Dahl ; illustrations by Quentin Blake. - London : Puffin,
1985. - 206 s. : ill.
1. utgåve Jonathan Cape, 1983
Det fer hekser rundt i verda og omskaper barn til mus. Det er ikkje
gammaldagse hekser med sopelimer, men hekser som ser ut som vanlege damer,
heilt til dei vrengjer av seg maska, og vorter og anna styggedom kjem til
syne. Boka har stor, tydleg skrift og dei kjente illustrasjonane til Quetin
Blake. Dette er ei full utgåve av boka. Morsom bok som passar både for
vaksne og barn.
8.-10. kl ; 30 eks. ; engelsk
ISBN 0-14-031730-9 (h.) : Nkr 71.00
0028850
ung D
Dæhli,
Liz Bente L.
De kan bare prøve! / Liz Bente L. Dæhli. - Oslo : Cappelen, 1995. - 140 s.
14 år gamle Tina flyttar. Vekk frå den gamle klassen
og dei som plagar og mobbar. Med eit svakt sjølvbilde og ein sjølvtillit på nullpunktet
startar ho på den nye skulen. Ingunn blir ei god venninne som ikkje aksepterer at Tina
isolerer seg, men trekkjer henne med ut i verda, til ungdomsmiljø der dei jamaldrande
vankar. Tina er på veg mot noko nytt og betre, men så flyttar Ingunn og alt rasar saman
igjen. Brått er den "gamle" situasjonen attende. Naboen Sonja blir den som
forstår, den som vinn Tinas tillit og hjelper til å byggja naudsynte bruer. Ein
ungdomsroman som nok vil engasjera mange lesarar, og som er eit godt utgangspunkt for
diskusjon.
8.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-15792-7 (ib.) : Nkr 198.00
EMNE: Mobbing
0038222
[Opp]
E
ung E
Eeg, Harald Rosenløw, n., 1970-,
Vrengt / Harald Rosenløw Eeg. - Oslo : Aschehoug, 2001. - 186 s. - (Volum)
1. utg.: 1997
Dei er fire ungdommar som er stengt inne på eit kjøpesenter, dei bur i ei kule oppunder taket. I verda utanfor kula er alle perfekte, ingenting er på tilbod. Det er ikkje slump at det er Seiko, Albin, Sorry og Jonatan som er der. Dei ber på draumen om å sjå verda i full storleik, men er verda utanfor klar for dei?
Høver for 8.-10. kl. ; 6 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24390-8 (h.) : Nkr. 98
0109572
u E
Eliassen, Ruben, n.,
Phenomena. Bok 1. Profetiens utvalgte
/ Ruben Eliassen. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, cop. 2002. - 220 s. - (10:12)
Framhald i: Phenomena. Bok 2. Parados' øye
Dette er ei fantastisk historie om to alvebarn og eit land fullt av spennande og fantasifulle skapningar. Ein farleg skikkelse ved navn Tarkan
har uante krefter og vil gjere alt for at profetien i Phenomena ikkje skal gå i
oppfylling. Berre to barn står i vegen for planen hans om å erobre landet Aldra. Det kan altså sjå ut som
ei lett oppgåve å kjempe mot to barn. Men Tarkan har aldri vore barn og veit ikkje kva
krefter barn kan ha. Ruben Eliassen har klart å skape ei særeigen handling og har gitt personane i boka
ei djupn som gjer romanen spesiell og vakker. Dette er ein fantastisk debut og
ei bok som appelerer til alle som likar fantastisk litteratur. Boka har eit klart visuellt språk og er full av
leseglede.
Høver for 5.-8. kl ; 30 eks
ISBN 82-05-30154-9 (ib.). - 82-05-32338-0) : 99 Nkr
GENRE:Fantasy
0094251
ung E
Elmer,
Martin
På ein måndag kan det skje så mangt / Martin Elmer ; frå dansk ved Rolf Kirknes. -
Oslo : Samlaget, 1987. - 131 s. - (Ten-bok)
Originaltittel: På en mandag kan der ske så meget
Dette er ei bok i dagboksform. 14-åringen Daniel fortel om
det "trege" livet sitt på ein humoristisk og treffande måte. Han skildrar
m.a. forholdet til faren, skulen, kameratane og forelskingar. Det dukkar opp mangt
spennande i Daniels liv, og forteljinga er halden i ein munter tone, lett ironisk og
slagferdig.
9.-10. kl. ; 22 eks.
ISBN 82-521-2972-2 (h.) : Nkr 98.00
EMNE: Alkoholmisbruk / Homofili / Rasisme
0002168
b E
Ericson,
Stig
Ropande Ramn / Stig Ericson, Tord Nygren ; omsett til nynorsk av Inger Anthun Bruket. -
Stabekk : Bokklubbens Barn, 1991. - <30> s.: kol.ill.
Dette er ei illustrert barnebok med ein del tekst om
indianarguten, Ropande Ramn. Han veks opp i Svarte Ørns leir, han lærer å tyda naturens
teikn, å lytta til dei gamle sine songar og segner og å passa seg for dei kvite sine
kuler. Ropande Ramn hadde sett kvite menneske og han var redd dei utan å kunna innrømma
det. Møtet med dei kvite vert annleis enn han trudde, for dei kan også smila og vera
vennlege. Ei svært fin bok utan stor dramatikk, som ein kjenner frå tradisjonelle
indianarbøker.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2223-8 (ib.) : Nkr 125.00
GENRE: Indianar
0008672
u E
Eriksen,
Helga Gunerius
Inga jente er som du! : fjellet / Helga Gunerius Eriksen.- Oslo : Samlaget,
1989. - 75 s.
Framhald i: Finn Inga!
Inga er 12-13 år og ho og onkel Inge dreg til fjells saman. Han er ein herda
fjellfarar, ho er heilt fersk - men går på med krum rygg. Bak seg har ho ein
konfliktfylt familiesituasjon, som ho skiftevis slepp til og skuvar bort frå
tankane sine - og som ho etter kvart klarar å snakke med onkelen om. Ho
opplever naturen sterkt og på godt og vondt, og røyner at avstand kan gi
perspektiv og pusterom. Ei frisk og fortruleg forteljing med eit enkelt, men
viktig tema.
6.-8. kl. ; 23 eks.
ISBN 82-521-3457-2 (ib) : Nkr 134.00
EMNE: Skilsmisse / Vennskap
0003030
[Opp]
F
u F
Fleischman,
Sid
Prinsen og pryleguten / Sid Fleischman ; illustrert av Peter Sis ; til norsk ved Ingvar
Moe. - Oslo : Samlaget, 1988. - 93 s. : ill.
Originaltittel: The whipping boy
Denne forteljinga tek oss med til England i gamle dagar,
til den tid hoffet heldt seg med ein særskild prylegut som fekk juling kvar gong prinsen
var uskikkeleg. Pryleguten er son av ein rottefangar, og på slottet lærer han å lesa og
skriva, noko Prins Ramp har lite til overs for. Han kjedar seg og er mest oppteken av at
pryleguten skal få juling. Prinsen er lei av livet på slottet og han vil rømma, til det
treng han hjelp av pryleguten. Dette er ei spennande, morosam og gripande bok om korleis
forholdet mellom desse to gutane utviklar seg.
4. - 6.kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3163-8 (ib.) : Nkr 113.00
GENRE: Spenning / Historisk
0002126
u F
Folk flest trur ikkje på fuglar : fantastiske forteljingar / <Tor Age Bringsværd,
Ragnar Hovland og Tordis Fosse (red.) ; illustrasjonar: Thore Hansen>. - <Larvik>
: Norsk Barneblad, 1986. - 161 s. : ill.
Innhald: Ein strid kar / Nils Naasen. I det kvite lyset / Ola Jonsmoen. Den svoltne
skuggen Magnus Helge Torvanger. "Kva er det blankaste i Finnkjerka?" Ivar
Kleiva. Snøen til Endre Reidar Kyrkjebø. Hallgrim og huldra /Bjarne Slapgard.
Sjelehundane / Ola Jonsmoen. Den tysk-franske krigen / Ola Jonsmoen. Trollfossen / Bjarne
Slapgard. Maskene / Helge Horn. Ei spinnande jord / Ola Jonsmoen. Loppa som skulle lære
kongen å le / Bjarne Slapgard. Katteliv / Torkel L. Stana. Liv og Oskar og gaupa / Guri
Todal Ystad. Vengjemus og kattejammer / Iben Sandemose. Herr Wellesen og den store talen
hans / Finn Tveito. Kiosken og frosken / Sigbjørn Heie. Eit eventyr utan ende / Ivar
Kleiva. Skinndaud / Hans Sande. Takk far! / Jan Reitehaug. Folk flest trur ikkje på
fuglar / Jahn-Arild Skogholt.
Dette er fantastiske forteljingar av ulike forfattarar,
historier som ligg i grenseland mellom røynd og fantasi, eller det uforklarlege. Boka har
gitt plass både for det spennande, det skumle, det gåtefulle, det sørgjelege, det
morosame og det leikande. Enkelte forteljingar byggjer på folkeeventyra, andre er
science-fiction-aktige.
6.-7. kl. ; 18 eks.
ISBN 82-7095-112-9 (ib.) : Nkr 98.00
GENRE: Fantastisk
0002081
[Opp]
G
b G
Giil, Berit Hellem, n.,
Saramoria : og Minus og mamma og Ronny og Solo og Tordis og
Michelle og Hilda Hoggtann og Mons og Nusse / Berit Hellem Giil. - Bergen : Eide, 1997. - 114 s. : ill.
Framhald i: Suremaria
Sara Marie, betre kjend som Saramoria, er 7 år og går på skulen. Bestevennen hennar heiter Minus. Ho bor sammen med
mamma i ei bygd. Far hennar er rockemusikar og
industriarbeider, er skalla og har ring i nasa. Saramoria er veldig glad i han. Det som er forskjellen mellom Saramoria og
Minus, er at Minus ikkje har nokon far, for det har mor hans sagt. Kan Ronny, far til Saramoria, vere pappa for Minus óg?
Høver for 1.-3. kl
ISBN 82-514-0528-9 (ib.) : Nkr 183.00
EMNE: Høyanger / Sogn og Fjordane
0045326
b G
Giil, Berit Hellem, n.,
Suremaria / Berit Hellem Giil ; illustrert av Bård Valberg. - Bergen : Eide, cop. 2000. - 125 s. : ill.
Framhald av: Saramoria. - Framhald i: Storemaria
Andre bok om Saramoria, eller Sara Marie som ho eigentleg heiter. Ho bur saman med mamma, har ein pappa som er
rockemusikar og ein bestekamerat som heiter Minus. Mamma og pappa er ikkje i lag lenger; no er pappa kjærast med mammaen
til Minus. Ein dag når Saramoria kjem heim etter overnattingsbesøk hos Minus, står det ein
framand tannbørste på badet. Saramoria må forhalde seg til ein ny pappa som ho
ikkje vil ha
Høver for 1.-3. kl
ISBN 82-514-0607-2) (ib.)
EMNE: Høyanger / Sogn og Fjordane
0090807
ung G
Giil, Berit Hellem, n.,
Jomfru Marita / av Berit Hellem Giil. - Bergen : Eide, cop.
2002. - 123 s.
Den tøffe og utfordrande Kaia er ny i bygda og søker raskt vennskap med Marita, som har langt mindre livserfaring. Marita
og Kaia byrjar i 10. klasse denne hausten. Kaia røyker, naskar, har barbert hovud og tiltrekkjer seg eldre gutar. Ho
får Marita til å kjenne seg nesten barnsleg, særleg for sine begrensa erfaringar med det motsatte kjønn. Ho vil gjerne
imponere Kaia, men etterkvart finn ho ut at Kaia skjuler ein tung løyndom under overflata.
Høver for 8.-10. kl
ISBN 82-514-0605-6 (ib.) : Nkr 145.00
EMNE: Incest
0095457
u G
Grimstad,
Leiv Arne
Gullhestane / Leiv Arne Grimstad. - Oslo : Gyldendal, 1989. 173 s.
Temaet for denne boka er kjærleik mellom ein gut, ein
hestepassar og ein travhest. Roy, ein bygut på ti år, har foreldre som sviktar og han
skal difor plasserast i fosterheim eller på barneheim. Roy er einsam, så gleda er stor
når han finn seg to venner på travbanen, hestepassaren Tåtta og hesten Adalsraua. Saman
med desse får Roy hjelp til ein ny start, og i Adalen får Roy og hesten hans ein trygg
og triveleg stad å vera. Heilt uproblematisk er det ikkje, for nye venner kjem ikkje av
seg sjølv.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-05-18606-5 (ib.) : Nkr 214.00
EMNE: Hestar / Fosterbarn / Vennskap
0003296
u G
Gripe,
Maria
Pappa Pellerins dotter / Maria Gripe ; omsett av Marie Takvam ; teikningar av Harald
Gripe. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1984. - 161 s. : ill.
Originaltittel: Pappa Pellerins dotter
1. norske utg. 1970
Hovudpersonen, Loella, er 12 år og bur i ei hytte i skogen
saman med yngre tvillingbrør. Mora seglar ute til sjøs og faren er så godt som ukjend.
Barnevernet grip inn og Loella vert send til ein barneheim i byen. Ho drøymer om å finna
faren sin, og ho lever seg så sterkt inn i draumane at ho toler alt utan å gjera
opprør. Loella er ei sterk jente, som overlever om draumane går i knas. Då har ho
styrke nok til å reisa heim att til hytta i skogen.
6.-7. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-525-1360-3 (ib.) : Nkr 74.00
EMNE: Barnevern
0002124
839.6 G
<Gunnlaug Ormstunge soga>
Soga om Gunnlaug Ormstunge / omsett av Jakob Fjalestad. - Oslo: Aschehoug, 1995. - 39 s.
:ill. kart
Boka finst òg i lydbokutg.
Merknader s. 38 - 39
Soga om Gunnlaug Ormstunge er ei fast oppbygd forteljing,
som minner om novella. Ho er kort og det er etter måten få personar å halda greie på.
Trekantdramaet Helga - Gunnlaug - Ravn har eit sterkt tak på moderne lesarar.
Hovudpersonane i soga levde omkring år 1000, Ravn og Gunnlaug fall i 1009. Soga er truleg
skriven i åra 1270-80 og er den av islendingsogene som er vidast kjend.
9.-10. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-03-00700-7 (h.) : Nkr 65.00
EMNE: Norrøn litteratur
0041088
839.6 G
<Gunnlaug Ormstunge soga>
Soga om Gunnlaug Ormstunge <lydopptak> / <omsett av Jakob Fjalestad> - Melhus
: Lydbokforl., 1996. - 1 lydkassett (89 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lydboka er innlesen av Hallvard Lydvo etter 22.opplaget i 1993 på Aschehoug
ISBN 82-03-00700-7. - 82-421-0520-0
EMNE: Norrøn litteratur
0041119
ung G
Gaarder, Jostein, n., 1952-,
Appelsinpiken / Jostein Gaarder. - Oslo : Aschehoug, 2003. - 175 s.
Denne ungdomsboka av Gaarder er som flere av dei andre bøkene hans for alle aldrar. Lesaren vert utfordra på ein direkte måte, som gjer at tankar og spørsmål nok vil leve vidare for mange når ein er ferdig med boka. 15 år gamle Georg får eit uventa og mystisk brev frå far sin, som skreiv brevet før han døydde elleve år tidlegare. Handlinga tek utgangspunkt i ei merkeleg jente faren møtte på trikken, som bar på ein stor papirpose full av
appelsinar. Georg - og lesaren - blir tvinga til å søkje svar på stadig nye spørsmål som knyttar seg til den gåtefulle appelsinpiken. Når gåta hennar er løyst, står Georg ovafor eit siste, avgjerande spørsmål; ikkje overraskande av djupt livsfilosofisk art.
Høver for 8.-10. kl ; 15 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24514-5 (ib.) : Nkr 249.00. - 82-525-5468-7)
GENRE:Forelsking
EMNE: Død
0099624
ung G
Gaarder,
Jostein
Kabalmysteriet / Jostein Gaarder. - Oslo : Aschehoug, 1998. - 403 s. - 1. utg.: 1990
Far og son er på biltur gjennom Europa. Dei er på leting
etter ei forsvunne, vakker mor, som for mange år sidan reiste ut for å finne seg sjølv.
Den filosofiske faren og kvikke Hans Thomas har tidligare tiders familietrådar med seg.
No vert det knytt nye samanhengar både bakover i tid og framover til nye stedar og
personar. Det vert ein fantastisk tur, rik på spenning på fleire plan. Smuglesninga av
den hemmelige vesle boka som Hans Thomas finn baka inn i ein bolle, kombinert med
faren si filosofiske innsikt, får ungguten til å fundere over vesentlege spørsmål om
liv og identitet. Ein stad seier han, " -det er så uendelig trist at vi
menneske er
laget slik at vi venner oss til noe så ufattelig som å leve". Det er ei tjukk bok,
men likevel lettlest. Den er elegant komponert med sine stadige "historie i
historia". Gaarder har humor og skriv ut frå Hans Thomas sitt språk og synsvinkel.
Ei historie til å tru på og ei uvanleg sterk leseroppleveing.
8.-10.kl ; 30 eks.
ISBN 82-03-24242-1 (ib) : Nkr. 148.00
Emne: Barn og foreldre
Gene: Fantastisk
0049175
[Opp]
H
ung H
Hagerup, Klaus, n., 1946-,
Markus og Diana : lyset fra Sirius / Klaus Hagerup. - Oslo :
Aschehoug, 1994. - 185 s.
Markus Simonsen, 13 år, også kalla Marken, har ikkje store tankar om seg sjølv. Han er redd for alt og har sandfarga hår og tjukke briller. Berre på eit område er han uredd - han skaffar seg autografar frå all verdas kjendisar. Når han gir seg ut for millionær og brevvekslar med Hollywoodstjerna Diana Mortensen, byrjar problema. Marken kunne jo ikkje vite at Diana ville kome til gamlelandet for å møte han. Saman med kameraten, den tøffe, pene og skarpe Sigmund, må Marken gjennom mange prøvingar og hylande morosame episodar.Framhald i: Markus og jentene
6.-10. kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-03-24063-1 - 82-525-2522-9 (ib.) : Nkr 168.00
FØRDEB
GENRE:Humor
0033336
ung H
Hallén,
Arnold
Farleg leik / Arnold Hallén ; illustrert av Hennie Ann Isdahl . - Oslo : Samlaget, 1985.
- 83 s. : ill - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Ei bok frå siste krigsvåren i 1945. 17-åringane Are og
Sverre er ikkje samde om ein skal gjera aktiv eller passiv motstand. Sverre vil slutta seg
til heimefronten, medan Are ikkje likar å slåss og heller vil ha kuldefront mot
tyskarane.
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-2599-9 (h.) : Nkr 47.00
EMNE: Andre verdskrigen
0002088
ung H
Hallén,
Arnold
Hemmelege våpen / Arnold Hallén ; illustrert av Magne Kjellesvik. - Nynorsk utg.. - Oslo
: Samlaget, 1982. - 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Temaet er siste verdskrigen i Noreg. Det er i 1944 og ved
eit tilfelle kjem 16-åringen Arild og far hans i kontakt med mystiske menn i skogen ved
garden der dei bur. Etter kvart får ein glimt inn i alt det løynde som går føre seg
når eit land er i krig. Menneska mistenkjer kvarandre, ja endå til sin eigen far. Denne
lettleseboka har lågaste vanskegrad, som og avspeglar seg tematisk. I sluttkapitlet
forklarar forfattaren dei historiske hendingane som ligg til grunn for denne forteljinga.
9.-10. kl. ; 9 eks.
ISBN 82-521-2123-3 (h.) : Nkr 72.00
EMNE: Andre verdskrigen
0005877
u H
Hansen, Atle, n.,
Heksa / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2001. - 85 s. - (Sirius. Blå)
Konrad, ti år, er ny i bygda. Kvar dag, på veg til skulen, går han forbi huset der Heksa bur. Heksa er ei eldre dame som det går mange rykte om. Dei seier at ho tok livet av sonen sin og gravla han i myra. Foreldra til Konrad trur ikkje på rykta. Ein dag blir Konrad fanga av Heksa. Det er skummelt, men vi skjønar etterkvart at ho berre er senil og trur at Konrad er den sonen som ho mista. Alt går bra til slutt. Boka er spanande og lett å lese.
Høver for 4.-7. kl. 30 eks. nynorsk. - Lettlest
ISBN 82-521-5863-3 (ib.)
Førdeb
GENRE:Skrekk
0092378
u H
Hansen, Atle, n., 1954-,
Det
kvite pulveret : spenningsroman / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget,
2006. - 68 s.
Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart
pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere
innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd
mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar
saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn
han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya.Høver for 6.
til 8. klasse; 30 eks.
ISBN 82-521-6910-4 (ib.) : Nkr 179.00. - 978-82-521-6910-2)
GENRE:Spenning
0127385
u H
Hansen, Atle
Ulvestova
/ Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2004. - 116 s.
Ein dag Alf er i skogen føler han seg overvaka. Han trur det kan ha noko med den forsvunne mora å gjere, og Alf blir dradd inn i mystiske hendingar. Er det draum eller røyndom det han
opplever? Er det mora eller nokon andre som spionerar på han, og kvifor skal det komme ein veg oppå fjellet der det kanskje bur huldrer og haugfolk? Ei svært spennande bok for dei frå ti år.
Høver for 5.-7. kl. : 30 eks ; nynorsk
ISBN 82-521-6185-5 (ib.)
GENRE: Spenning
0102221
u H
Hansen,
Erik Niels
Brevdua / Erik Niels Hansen ; omsett frå dansk av Øystein Rosse. - <Stabekk> :
Bokklubbens barn, cop. 1988. - 146 s.
Originaltittel: Brevduen
Hovudpersonen, Justin, er utan far og vert av den grunn
mobba på skulen. Trass i moras ynskje om forteiing, fortel bestefaren om forholdet mora
hadde til ein tidlegare gardsgut, Karl. Han vart skulda for mord, men klarde å rømma.
Justin vert interessert i denne historia gjennom ei brevdue, som det står namnet Karl
på. Mordgåta vert løyst og Justin finn den etterlengta far sin. Dette er ei intenst
spennande bok, både når det gjeld ytre handling og på det kjenslegmessige
planet. Boka
har bra stor skrift og eit godt språk.
6.-8. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-525-1520-7 (ib.) : Nkr 79.00
GENRE: Spenning
0000001
ung H
Hauger,
Torill Thorstad
Den lange reisen. Del 1. Amerika, Amerika! / Torill Thorstad Hauger. - Oslo : Gyldendal,
1987. - 180 s.
Framhald i: Den lange reisen. Del 2. Rødhudenes land
2. utg., 1995
Endre har vakse opp på ein husmannsplass saman med mor,
far, sysken og bestefar. Husmannsplassen gir tronge kår og draumen om Amerika veks fram.
Det er tida då mange nordmenn dreg over havet for å skapa ei betre tilvære. Endre vil
også av stad, bli stor kar og rik, slik at han kan hjelpa dei som sit att heime. Då
Lill-Ola, vennen gjennom femten år dreg med familie, bestemmer Endre seg for å reisa.
Reisa skal finansierast med storbonden si gullklokke, som Endre stel. Han flyktar frå
familien og slitet og kjem fyrst til Christiania. Mykje hender her og på båten før
Amerika stig fram or havet. Ein god historisk roman med fine miljøskildringar.
7. - 10. kl. ; 22 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-17445-8 (ib.) : Nkr 194.00. - 82-05-23456-6)
GENRE: Historisk
EMNE: Utvandring : Noreg
0007038
u H
Hauger, Torill Thorstad, n., 1943-,
Røvet
av vikinger / Torill [Thorstad] Hauger. - Oslo : Gyldendal, 1978.
- 177 s. - (Alle vi-bøkene)(Bra bøker)
Framhald i: Flukten fra vikingene
Klassesettet er ei ny utgåve trykt 2003
På 900-talet budde Sunniva og Patric i ein
fredeleg del av Irland, like ved eit kloster. Men ein dag stevner eit
skremmande, drakeliknande skip inn mot kysten. Vikingane brenn ned
klosteret, drep nokon av munkane og røver med seg kostbare skattar. Folk
flyktar i blind redsle, men Patric og Sunniva blir teken til fange. Og så går
ferda mot landet til vikingane.
6.-10. kl. ; 30 eks. bokmål
ISBN 82-05-11313-0 (ib.) : Nkr 39.00. - 82-05-16340-5). - 82-05-19046-1
(ib.). - 82-05-31609-0 Ønskereprise (ib.). - 82-525-0867-7 (ib.)
GENRE:Historisk
EMNE: Vikingtida
0008110
b H
Holm,
Annika
Stå på, Matilda Markstrøm! / Annika Holm ; illustrert av Stina Eidem ; omsett av Kari
Wærum. - <Oslo> : Bokklubbens barn, 1994. - 162 s. : ill.
Biblioteket har òg bokmålsutgåve. - Originaltittel: Mod, Matilda Markstrøm!
Matilda er redd for gutane i klassen. Så redd at ho går
omvegar og av og til kjem ho for seint til timane. Ho er redd i friminutta òg, for dei
vaksne som skal passa på, legg ikkje merke til noko unormalt. Men Matilda er ikkje
åleine om å vera redd. Det er berre fem jenter i klassen og alle er prisgjevne den
bråkete og ville gutegjengen. Frøken verken forstår eller ser korleis jentene har det,
og ikkje torer dei å seia ifrå heller, for det er å sladra. Men så får dei vikaren
Susanne, og ho både ser og forstår. Tinga er kanskje sett litt på spissen for å få
fram bodskapen her. Men boka er bygd opp på ein slik måte at lesaren kjem fort inn i
handlinga og blir engasjert. Språket er knapt og godt, og teksten er lett å lesa.
2.-5. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2493-1 (ib.) : Nkr 112.00
EMNE: Mobbing
0033063
ung H
Holmås,
Stig
Tordensønnen / Stig Holmås. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1992. 167 s. - (Apache-serien
; 1) (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Framhald i: Apache pass
1.utg.: Gyldendal, 1985
Bibliografi: s. 167-<168>
Tordensønnen er ein av to overlevande etter eit blodbad.
Den andre er Varsom, jordmora som hjelpte han inn i verda dagen i førevegen. Dette er
starten på ei spennande bok, der indianarane er hovudpersonar. Dei vert framstilte som
menneske, som det er mogeleg å identifisera seg med. Så dette er ikkje berre ei
spenningsbok, men g ei haldningsskapande bok i høve til rasisme. Forfattaren formidlar
historisk kunnskap gjennom forteljinga om apasje-indianarane.
7.-10. kl. ; 29 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-126-6 (ib.) : Nkr 210.00
GENRE: Indianar
EMNE: Indianarar i Nord-Amerika / Rasisme
0020192
ung H
Holmås,
Stig
Tordensønnen <lydopptak> / Stig Holmås. - Oslo : Hilt & Hansteen ,
<1992>. - 3 lydkassettar (195 min) ; i eske 23 x 17 x 4 cm - ( Bibliotekenes
lydbøker) Framhald i, Apache pass. - Lese av: Kyrre Haugen Bakke
ISBN 82-7413-211-4
GENRE: Indianar
0020195
ung H
Holmås,
Stig
Vinterhauk og eldvatnet / Stig Holmås ; illustrert av Dag Fyri. - Nynorsk utgåve / ved
Tore Tveit. - Oslo : Samlaget, 1982. 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Vinterhauk og skalpejegerane
Indianarforteljing frå New Mexico i 1830-åra.
Apasjekrigaren Vinterhauk og vennen Gule Fjør dreg på jakt for å retta opp att æra til
far til Vinterhauk. Han er misbrukar av eldvatnet til dei kvite. Boka fortel om kampar
mellom apasjar, meksikanarar og kvite.
7.-10.kl. ; 18 eks.
ISBN 82-521-2127-6 (h.) : Nkr 87.00
GENRE: Indianar
0002089
ung H
Horowitz, Anthony, eng., 1955-,
Skeleton
key / Anthony Horowitz ; norsk oversettelse: Leif Helgeland. - [Oslo]
: Damm, 2004. - 279 s.
Framhald av: Point blanc.
Motvillig er Alex Rider, tenåring og superspion, eit nyttigare våpen for MI6
enn nokon vaksen. No treng dei hjelpa hans, endå ein gong. Det som skulle vere
eit heilt vanleg rutineoppdrag under Wimbledon-turneringa, vert starten på ei
rekkje rystande hendingar. Alex må flykte frå ein brutal kinesisk
forbryterliga og må gå i dekning på Cayo Esqueleto - Skjelettøya - ei lita
øy nær Cuba. Men der venter Alexei Sarov, ein sinnsjuk og kynisk russisk
general med eksplosive planar som kan få fryktelege konsekvensar for heile
menneskeheita. Alex står føre sitt farlegasteste oppdrag nokonsinne. Han må
finne ein måte å overvinne Sarov på, mens sekunda tikkar nådelaust mot
verdas undergang ...
God, leseleg skrift. - Høver for 9.-10. klasse ; 30 eks. ; bokmål
Originaltittel: Skeleton key
ISBN 82-496-0799-6 (h.) : Nkr 129.00
GENRE:Spenning
0102864
u H
Houston,
James
Frosen eld : ei forteljing om mot / James Houston ; omsett av Øystein Rosse. -
<Stabekk> : Bokklubbens barn, 1988. - 136 s.
Originaltittel: Frozen fire
Ei veldig spennande villmarksforteljing frå Arktisk
Canada. Matthew Morgan, som er 13 år, og far hans, geologen, er komne for å bu hos
inuittane for ei tid. Faren drøymer om å verta rik og legg ut på ein farefull
ekspedisjon. Han kjem ikkje att, dermed må Matthew og vennen Kajakk dra ut for å leita
etter han. Det vert ein uhyre spennande og strabasiøs tur for gutane, dei må verkeleg
kjempa mot naturkreftene for å overleva.
6.-8. kl. ; 49 eks.
ISBN 82-525-1528-2 (ib.) : Nkr 86.00
Genre: Villmark
EMNE: Eskimoar - Nord-Amerika
0000177
u H
Hovland,
Ragnar
Jakta på Salamanderen / Ragnar Hovland ; illustrert av Olav Hagen. - Oslo : Samlaget,
1983. - 172 s. : ill.
Anders dreg ut på leiting etter den bortkomne vennen sin, Salamanderen, saman med ein
detektiv som eigentleg er på jakt etter ein forbrytar med same namnet. Her er grensene
for det realistiske og fantastiske borte, og boka er full av uventa hendingar med sterk
appell mot miljøøydelegging.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-2393-7 (ib.) : Nkr 135.00
EMNE: Miljøvern
0003125
ung H
Hovland,
Ragnar
Mercedes / Ragnar Hovland. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. 199 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve
1. utgåve: Samlaget, 1989
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-7413-129-0 (ib.) : Nkr 185.00
EMNE: Ungdom og foreldre / Vennskap
0011234
ung H
Hovland,
Ragnar
Mercedes <lydopptak> / Ragnar Hovland. - Oslo : Hilt & Hansteen , <utsendt
1991>. - 3 lydkassettar (200 min) ; i øskje 23 x 17 x 3 cm - (Bibliotekenes lydbøker)
Innlese av: Hallvard Lydvo. - Boka finst òg i storskriftutgåve (Salto-bøkene, 1991)
1. trykte utgåve: Samlaget, 1989
ISBN 82-7413-152-5 : Nkr 222.00
0011235
ung H
Hovland,
Ragnar
Mercedes : roman / Ragnar Hovland. - Oslo : Samlaget, 1989. 141 s.
Pål kjem ikkje frå nokon familieidyll: på første sida
marsjerer mora ut av heimen, og det på 2.juledag, etter at faren har prøvd å treffa
henne med kaffikanna. Pål har opplevd ein god del i sitt 14-årige liv, og innrettar seg
etter forholda ved hjelp av den aude øys taktikk. Han held kontakten med mora og får
hendene fulle med å passa både den nokså utilreknelege faren og det ulønsame
antikvariatet hans. Midt oppi dette treffer Pål ei jamaldrande jente som er mykje verre
stelt enn han - det er henne han kallar Mercedes. Dei utviklar ein solidaritet og ein varm
vennskap som gir både livsmot og hjartebank. Boka er spennande og lett å sluka, skriven
av ein velopplagd forfattar med stor formuleringsglede. Humoren kan vera både turr og
svart, men alvoret og overlevingsfilosofien ligg under heile vegen.
9.-10. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-521-3278-2 (ib.) : Nkr 148.00
EMNE: Ungdom og foreldre / Vennskap
0002878
[Opp]
I
s I
Ibsen, Henrik
Et dukkehjem / Henrik Ibsen ; ved Elisabeth Ibsen og Tove Ilsaas . - Oslo : Landslaget for
norskundervisning (LNU), 1989. - 114s.: ill. - (LNUs litteraturserie)
1. utg.: 1879
Ibsens samfunnsdrama tek til med "Samfunnets
støtter". Forfattaren går rett inn i den norske kvardagen i samtida. Konsul Bernick
kjem att i "Et dukkehjem", der Nora gir han naudsynt støtte. Men her må Nora
også hjelpa seg sjølv, mot mannen og mannssamfunnet. Og då er det ingen annan utveg enn
å bryta med begge desse maktene. Slutten peikar på kravet om at kvinna er eit menneske
på eigne vegne og at ho først då kan vera noko for andre. Boka har ordforklaringar og
rettleiing.
29 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-18556-5 (h.) : Nkr 93.00
0003678
s I
Ibsen, Henrik
Peer Gynt / Henrik Ibsen ; med etterord og ordforklaringer ved Daniel Haakonsen. - 2.
utg.. - <Oslo> : Gyldendal, 1992. - 169s. - (Gyldendals skoleutgaver)
1.utg.: 1867
Ordforklaringar: s. 159-169
Peer Gynt vart skrive i 1867, i ei tid med
nasjonalromantisk dikting. Den populære helten frå denne diktinga, Oskeladden, har mykje
til felles med Peer Gynt. Dramaet er eit diktverk med førestillingar frå segner, eventyr
og folkelege tradisjonar. Men det er ei dobbel røynd som gøymer seg i denne fantasi- og
eventyrverda. Peer vik attende for val og ansvar for eige liv. At han skulle ha ei meining
med livet er noko han fyrst på sine eldre dagar funderer på. Sjølv om utgangspunktet
for dramaet var nasjonalromantisk er det likevel eit langt steg i retning av realismen.
Boka har etterord, som analyserer stykket i tillegg til ordforklaringar og opplysningar
til teksten.
29 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-05417-7 (ib.) : Nkr 63.00
0024524
S I
Ibsen, Henrik, n., forf., 1828-1906,
Vildanden / Henrik Ibsen ; med etterord av Helene Uri. - 2. utg.. - [Oslo] : Gyldendal, 2005. - 122 s. - (Gyldendal klassiker)
1. utg.: København : Gyldendal, 1884
Kronologisk oversikt over Ibsens livsløp: s. 117-122
30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-34483-3 (h.) : Nkr 49.00
0110865
ung I
Ingebrigtsen, Dagfinn
Kringsatt / Dagfinn Ingebrigtsen. - Oslo : Gyldendal, 1990. 143 s.
Tittelen på denne boka viser til fyrste strofe i Nordahl
Griegs dikt "Til ungdommen". Hovudpersonen, Einar, som går i 8.klasse, er på
flukt fordi han trur han har drepe ein kamerat. Boka er ei blanding av realisme,
skrekkvisjonar og erotiske fantasiar. Gjennom Einar sine tankar får ein vete kva som har
skjedd og kvifor han utvikla seg slik han gjorde. Faren døydde då Einar var 7 år og det
var ei sterk oppleving for han. Einar er kringsett, ikkje av fiendar, men av venner. Boka
er spennande, men spenninga føregår mest på det indre plan. NB!I denne boka er det ein
del tabuord.
9.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-18664-2 (ib.) : Nkr 181.00
0004645
[Opp]
J
bl J
Janosch
God dag, vesle gris : forteljinga om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir
/ Janosch. - Oslo . Samlaget, 1988. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Guten Tag, kleines Schweinchen
Ei forteljing om den vesle bjørnen og den vesle tigeren
den gongen den frekke vesle grisen braut inn i den trufaste vennskapen dei imellom. Den
vesle tigeren let seg lokka og sviktar bjørnen totalt - ja, det går så langt at han
flyttar inn hos grisen. Heldigvis endar det bra. Ei verkeleg god og varm bok om vennskap,
solidaritet og det å ha omtanke for kvarandre.
1.-3. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-3092-5 (ib.) : Nkr 117.00
EMNE: Vennskap 0002172
bl J
Janosch
Tigeren og bjørnen i trafikken : historia om den gongen den vesle tigeren og den vesla
bjørnen tok ein tur til byen / Janosch ; til torsk ved Halldis Moren Vesaas. - Oslo :
Samlaget, 1992. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Tiger und Bär im Strassenverkehr
Den vesle tigeren og den vesle bjørnen er kjende frå
bøker og teiknefilmar på TV. I denne boka er dei på bytur. Trafikken er stor og
skræmande. Det skrik frå bremsar og dei vert nesten overkøyrde. Så bjørnen tilbyr seg
å læra tigeren korleis ein skal te seg i trafikken. Men bjørnen er ikkje særleg
klokare enn tigeren, så det blir helst andre som må hjelpa dei til rette. Lesaren får
her ei enkel innføring i trafikkreglar. Morosame og underfundige illustrasjonar strekar
under den varme tonen, som finst i alle Janosch-bøkene. Språket er poetisk og godt å
lesa.
1.-3. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3950-7 (ib.) : Nkr 148.00
EMNE: Trafikkopplæring
0020423
ung J
Jenseg,
Grete Randsborg
Nesten nær deg / Grete Randsborg Jenseg. - Oslo : Gyldendal, 1990. - 148 s.
Kristin må byta skule medan ho går i 8.klasse. I den nye
klassen treffer ho vennelause Elisa frå gamleklassa. Dei vert gode venner, men dei har
ingen kontakt med dei andre i klassen. Kristin forelskar seg i Sadiq, som opprinneleg kjem
frå Tyrkia. Det er vanskeleg å visa offentleg at dei er forelska, og i Sadiqs familie er
ikkje Kristin "god nok". Kristin har problem med å takla dette, ho klarar
heller ikkje å oppfylla venninnas sterke ynskje om nærheit. Konfliktane avspeglar tre
ungdommar som alle er usikre på seg sjølve og rollene sine i høve til kvarandre. boka
viser også at det er viktig med kunnskap og forståing for kulturelle skilnader.
9.-10. kl. ; 28 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-19012-7 (ib.) : Nkr 168.00
EMNE: Kjensler / Kulturmøte / Rasisme / Vennskap
0006692
b J
Jensen, Jørn, d., 1946-,
Kasper på innebanen / Jørn Jensen ; illustrasjoner av Jon
Ranheimsæter ; omsett av Øystein Rosse. - Nynorsk <utg.>. - <Oslo> : Damm, 2002. - 33 s. : kol. ill. - (Fotballøve)
Dommaren er klar. Kasper går inn på banen. Dei skal møte "Fars gutar". Det er eit artig namn. Men er dei gode? Fotballøve-serien om Kasper er eit funn for gutar som ikkje vil lese bøker.
Høver for 1.-4. kl ; 30 eks ; nynorsk. - Lettlest
Originaltittel: Kasper til inden-dørs stævne
ISBN 82-496-0488-1 (ib.) : Nkr 84.00
EMNE: Fotball
0095923
b J
Jensen, Jørn, d.,
Kasper på skulelaget / Jørn Jensen ; illustrasjonar av Jon Ranheimsæter ; omsett av Øystein Rosse. - Nynorsk [utg.]. -
[Oslo] : Damm, 2002. - 33 s. : kol. ill. - (Fotballøve)
Framhald av: Kasper på fotballeir. - Framhald i: Kasper på innebanen
Nymo skule sitt gutelag har berre to kampar igjen før dei kan vere byens beste skulelag. Kasper og Kim er dei einaste som spelar klubbfotball på fritida. Dei prøver å få klassekameratane til å tenke strategi og spele meir saman som eit lag. Men ikkje alle er nøgd med at dei to skal bestemme alt. Gnisningane som oppstår skaper visse problemer på vegen mot den store pokalen...Bakerst i boka får vi ein liten "Fakta om fotball"-del, med mest om frispark-reglar denne gongen.
Høver for 1.-4. kl ; 30 eks.. - Lettlest
Originaltittel: Kasper på skolens hold
ISBN 82-496-0490-3 (ib.) : Nkr 84.00
EMNE: Fotball
0095924
bl J
Jusayù,
Miguel Angel
Ikkje var det ku og ikkje var det hest / tekst: Miguel Angel Jusayù ; teikningar: Monika
Doppert ; frå spansk ved Asta Magni Lykkjen. - Oslo : Samlaget, 1987. - 48 s. : kol. ill.
Originaltittel: Ni era vaca ni era caballo
Guajiro indianaren Jusayù fortel frå barndommen sin som
gjetargut, og om det første møtet med den kvite verda. Tittelen på boka seier noko om
undringa hans første gongen han såg ein lastebil. Boka gir eit spennande og grundig
innblikk i kultur og daglegliv i eit fjernt land, eit grenseland mellom Venezuela og
Colombia. Ei spennande bok frå ein framand kultur.
1.-4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3019-4 (ib.) : Nkr 142.00
GENRE: Indianar
0002173
[Opp]
K
u K
Kerr,
Judith
Då Hitler stal den lyseraude kaninen / Judith Kerr ; omsett av Torjan Hatteland ;
<illustrasjonar av forfattaren>. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1990. - 220
s. : ill.
Originaltittel: When Hitler stole pink rabbit
1. norske utg.: Cappelen, 1979
I denne historia om ein jødefamilies lagnad i åra før
andre verdskrigen fortel forfattaren om sine eigne opplevingar. Anna er ni år gamal når
nazistane tek til å gjera seg gjeldande i Tyskland. Far til Anna er ein kjend jødisk
forfattar som tidleg må flykta frå Berlin til Sveits. Seinare klarar resten av familien
å fylgja etter, og dei kan dra til Paris og seinare til England. Deira sosiale og
økonomiske situasjon er radikalt forverra, men dei reddar livet. Ei spennande og
humoristisk bok om ein sterk og samansveisa familie, som fekk oppleva jødehatet.
5.-7. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-525-2190-8 (ib.) : Nkr 89.00
EMNE: Jødar:andre verdskrigen
0007449
K
Kielland,
Alexander Lange
Gift / Alexander L. Kielland ; med etterord og ordforklaringer ved Daniel Haakonsen. - 2.
utg.. - <Oslo> : Gyldendal, 1991. 133 s. - (Gyldendals skoleutgaver)
Boka finst òg i lydbokutg.. - Framhald i: Fortuna
1.utg.: 1883
Ordliste: s. 130-<134>
Boka er eit åtak på tidas måte å oppdra born og unge
på. Vesle Marius og latinskulen er utgangspunktet for å skildra hykleriet i samfunnet.
Latinpugget i den høgare skulen, den obligatoriske konfirmasjonen og heile miljøet
ungdommen vaks opp i vart stempla som gift.
30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-00004-2 (ib.) : Nkr 63.00
EMNE: Skulen
0025227
K
Kielland,
Alexander Lange
Gift <lydopptak> / Alexander Kielland. - Melhus : Lydbokforl., 1989. - 5 kassettar
(ca 360 min) ; i eske 23 x 17 x 3 cm
Lest av Hallbjørn Rønning
1. trykte utg.: 1883
ISBN 82-421-0054-3 : Nkr 290.00
0003527
b K
Kirkegaard, Ole Lund, d., 1940-1979,
Gummi-Tarzan / fortalt og tegnet av Ole Lund Kirkegaard ; oversatt av Sigvor Ljone. - 6. utg. - Oslo : Gyldendal, 2002.
- 70 s. : kol. ill.
Originaltittel: Gummi-Tarzan
1. norske utg.: 1978
Ole Lund Kirkegaards univers er fylt av oppfinnsame, leikande og umulege ungar. Og av alle desse er Gummi-Tarzan den mest berømte. Eigentleg heiter han Ivan Olsen. Ivan er ikkje særleg stor og heller ikkje særleg pen. Han har ingen store musklar og kan ikkje jule opp nokon. Derfor får Ivan Olsen ein masse juling sjølv. Nokon gongar får han buksevatn også. Men så ein dag møter Ivan ei vaskeekte heks, og saker og ting tar til å skje.Denne boka bør alle barn og alle vaksne lese.Boka har mykje gode og fargerike illustrasjonar i tillegg til kort tekst med stor skrift.
Høver for 1.-6. kl ; 30 eks ; bokmål
ISBN 82-05-32768-8 (ib.)
GENRE:Humor
0100890
b K
Kjelsen,
Reidar
Gammel dame er vond å vende / Reidar Kjelsen ; illustrasjoner av forfatteren. - [Oslo] :
Gyldendal Tiden, 1999. - 58 s. : kol. ill.. - (Bokormen). - God, leseleg skrift. -
Framhald av: Flink bisk, Pus!
I bok nummer ein slukte hunden Roffe eigaren og plageånda si, ei 110 år gamal
ufyseleg dame. Men han gløymde å tygge, og den iltre dama romsterar inni han, skapar
sure oppstøyt, rabiesliknande framferd og mykje promp og vond lukt. "Fridom er for
kattefiller" og Roffe oppsøkjer moglege nye eigarar, men redninga vert
søppeldyngetispa Kålfis. Hans fyrste romantiske oppleving ser verkeleg ut til å
blomstre då den gamle dama bokstaveleg tala lar seg drite ut. Avliving på dyreklinikk er
passeleg straff, meinar ho. Men endå ein gong: Den som ler sist, ler best. Tekst og
illustrasjonar i boka utgjer tilsamen ein burlesk galskap som sikkert vil more ein del
unge lesarar som har sans for crazyhumor, viltre påfunn og småufyselige teikningar.
Språket flyt lett i ei litt leikende form med diverse ordspel. Stort skriftbilde, mange
kapittel og bilete gjer den enkle historia lett å lese.
1-4 kl. 30 eks.
ISBN 82-478-0461-1 (ib) : Nkr. 149,00
Emne: Hundar
0049195
ung K
Kleiva,
Rønnaug
Plutseleg no / Rønnaug Kleiva. - Oslo : Samlaget, 1990. - 109 s.
Mari går i åttande klasse. Mykje held på å endra seg
med henne, og ofte kjem endringane plutseleg. Plutseleg har ho fått seg ei bestevenninne.
Plutseleg er ho forelska. Midt i alt dette kjem førebuinga til konfirmasjonen, skal ho
eller skal ho ikkje? Dette er ei varm bok som også har humor, sjølv om mora, som er
overdriven aktiv i førebuingane til konfirmasjonen, grensar til karikatur. Ei heilstøypt
og truverdig skildring av Mari, som utviklar seg frå barn til sjølvstendig vaksen, i
oppgjer med seg sjølv, foreldra, tradisjonar og haldningar. Språket er presist og knapt
og boka har korte kapittel.
8.-10. kl. ; 29 eks.
ISBN 82-521-3590-0 (ib.) : Nkr 138.00
EMNE: Kjensler / Konfirmasjon / Vennskap
0007159
u K
Kolerud, Arnfinn
Berre ikkje brøyteplogen kjem- / Arnfinn Kolerud ; illustrert av Arne Roar Lund. - Oslo :
Samlaget, 1996. - 60 s. : ill.
Odd er ute for å selja lodd for fotballgrupppa. Det er
langt mellom husa, og han selde året før mykje mindre enn dei andre på laget. Skal han
unngå reservebenken må han auka salet. Ute snør det tett, og då refleksen surrar seg
fast i lomma, kjem redsla for snøplogen som kan koma kvar augneblink. Då er det godt å
få eit lite pusterom i husa langs den mørke vegen der han treffer mange rare folk. Eitt
hus gruar Odd seg likevel for å gå inn i. Denne vesle kvardagsforteljinga er lagt noko
attende i tid, for loddboka, tikronesetlane og fjuefemøringane er framleis i bruk.
Språket flyt lett og ledig med innslag av direkte tale, og teksten er sett med gode
teksttypar. Boka er illustrert i gråblå tonar og bileta kler teksten godt, spesielt med
tanke på det tette snøvêret Odd slit seg gjennom.
1.-4.kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4871-9 (ib.) : Nkr 147.00
0042887
ung K
Kolerud, Arnfinn, n., 1968-,
Den som ikkje har gøymt seg no / Arnfinn Kolerud. - Oslo : Samlaget, 2004. - 223 s.
Odd har spegla seg mot baksida av ei spiseskei og byrja å lure på om han er heilt som han skal. Bestevennen Per Tore stengjer seg brått inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen. Han trur det kviler ei forbanning over han. Det skjer jo så mange ulykker der han er! Då vil mor til Per Tore at Odd skal snakke med han. Men Odd er ikkje så flink til å snakke, han må hjelpe til på anna vis. Med seg sjølv og andre som innsats, bestemmer Odd seg for å setje den innbilte forbanninga på prøve. Så får det gå som det går. Og det gjer det. Denne boka er ei av dei bøkene som fekk mest merksemd det året den kom ut. Forfattaren mottok fleire prisar og boka fekk mykje velfortent skryt.
Høver for 8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-6231-2 (ib.)
0103608
u K
Kaaberbøl, Lene, d., 1960-,
Skammarens dotter / Lene Kaaberbøl ; frå dansk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, cop. 2003. - 212 s. : ill. - (Skammarserien ; 1)
Framhald i: Skammarteiknet
Dina har arva ein heilt spesiell eigenskap av mor si som ho helst ville ha vore forutan, men må lære seg å leve med. Ein
Skammar kan tvinge folk til å tilstå ugjerningar og skamme seg, berre ved å sjå dei i auga. Dina blir sett på harde
prøver når ho må hjelpe mora i kampen mot den vonde fyrst Drakan, herskaren i Dunark-borga. Ei mystisk mordsak står
uløyst, og Drakan vil tvinge Skammaren til å misbruke si makt.
Her får du alle fantasy-litteraturen sine ingrediensar: Groteske skapnader, magi, drakekampar, hekser og blodige
oppgjer. Eit intenst drama med eit direkte og replikksterkt språk som gjer fantasien sprell levande. Og dette er berreførste bok i ein suksessrik serie på fire.
Høver for 5.-10. kl.
Originaltittel: Skammerens datter
ISBN 82-521-6189-8 (ib.) : kr 148.00
GENRE:Fantasy
0097581
u K
Kaaberbøl, Lene, d., 1960-,
Skammarteiknet / Lene Kaaberbøl ; frå dansk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, cop. 2003. - 288 s. - (Skammarserien ; 2)
Framhald av: Skammarens dotter
Skammarfamilien har flykta opp i Høglandet, men den hemngjerrige fyrst Drakan og drakehæren hans får meir og meir makt, og ingen stad er trygg for Skammaren og barna hennar. 16-årige Davin og syster hans Dina kjem opp i harde kampar, kvar på sin måte: Davin med sverdet, og Dina med den farlege skammar-evna som ho har arva frå mor si. Dette er andre bok i den intenst spennande Skammar-serien. Bok 3 og 4 kjem våren 2004
Høver for 5.-10. kl ; 30 eks
Originaltittel: Skammertegnet
ISBN 82-521-6190-1 (ib.) : Nkr 148.00
GENRE:Fantasy
0097582
[Opp]
L
b L
Lagercrantz,
Rose
Modige Karl Gustav / Rose Lagercrantz ; teikningar av Eva Eriksen <i.e. Eriksson> ;
omsett av Kari Wærum. - <Nynorsk utg.>. - Oslo : Bokklubbens barn, 1994. - 177 s. :
ill.
Originaltittel: Modige Metteborg -även kallad Erik
Karl
Gustav går no i fjerde klasse. Saman med Benni (tidlegare kalla Bing Bång) og Puta har
han danna bandet The Monster Mixers. Fjerde klasse tek til med ny lærar, frøken Flod,
som innfører nye reglar og vanar, og dette fører med seg visse startvanskar i forholdet
mellom henne og Karl Gustav. Dette er ei forteljing med mykje humor og mange morosame
episodar. Boka vil både språkleg og innhaldsmessig gje oppleving og identifikasjon for
lesarane. Eva Eriksson sine sjarmerande teikningar utfyller forteljinga godt.
4.-6. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2755-8 (ib.) : Nkr 123.00
GENRE: Humor
EMNE: Skulen
0038210
b L
Lagercrantz, Rose, sv., 1947-,
Karl Gustav og Little Ben / Rose Lagercrantz ; illustrert av
Eva Eriksson ; oversatt av Henning Hagerup. - Oslo : Asch, 2000. - 153 s.
Framhald av: Modige Karl Gustav
Originaltittel: Metteborg och Little Ben
Denne boka føreligg dessverre ikkje på nynorsk slik som Modige Karl Gustav. Men klassesettet om Karl Gustav er så godt likt at vi har kjøpt inn dette likevel. I denne boka går Karl Gustav og vennene hans i femte klasse. Livet er herleg, og kvar dag bringar noko nytt, er livsfilosofien til Karl Gustav. Det skjer tre spesielt morosame hendingar; Karl Gustav får køyre med politiet, han får endeleg ein hundekvelp og
han får seg dame. Men Benni har det trist. Mora hans blir sjuk og døyr. Faren hans dukkar heldigvis opp, bur i lag med Benni, men forsvinn av og til i lengre periodar. Dette er ein forteljing med humor, optimismen rår sjølv om kvardagen kan vere både trist og vanskeleg. Boka har stor skrift og kort tekst på kvar side. Boka er full av gode teikningar som kler historia.
Høver for 4.-5. kl. 19 eks. bokmål
ISBN 82-03-24333-9) (ib.)) : Nkr 168.00
GENRE:Humor
EMNE: Skulen
0090554
u L
Levoy,
Myron
Alan og Naomi / Myron Levoy ; omsett av Øystein Rosse. - Stabekk : Bokklubbens Barn,
1986. - 153 s.
Originaltittel: Alan and Naomi
Handlinga i denne boka finn stad i New York under siste
verdskrig. Alan og Naomi er jødar, begge er 12 år gamle, ho flyktning frå Frankrike.
Naomi ser at Gestapo drep far hennar, ho får sjokk og det synest umogeleg å få normal
kontakt med henne. Alan, derimot klarar å snakka med henne gjennom buktalardokka
Charlie.
Men han er ikkje glad. Han er flau over å vera venn med ei jente som er
"sprø", og prøver å unngå henne når dei er saman med andre. Alan er ikkje
sterk nok for denne oppgåva, så han sviktar i ein avgjerande episode ute blant
kameratane. Naomi får tilbakefall. Ei trist bok, som tek opp alvorlege emne, men som
også seier ein del om kor viktig det er med nærleik, omtanke, vennskap og tryggleik.
Sjølv om boka er sørgjeleg, er ho svært gripande og tankevekkjande.
7.-9. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1440-5 (ib) : Nkr 84.00
EMNE: Jødar:andre verdskrigen / Vennskap
0010526
u L
Lian, Torun, n., forf., 1956-,
Ikke
naken : en bok om kjærlighet og andre naturkatastrofer / Torun Lian.
- Oslo : Aschehoug, 2004. - 174 s.
1. utg.: 2000 med tittel: Ikke naken ikke kledt
Selma likar ikkje at venninnene hennar er begynt å interessere seg for gutar.
Sjølv meinar ho at livet bør vere som det har vore, med vennskapet mellom
jentene som det viktigaste. Selma reagerar med uro og sinne på gutane sine
pubertale tilnærmingar. Men når Selma treffer den nye hjelpeguten på garden,
skjer det ting ho ikke har kontroll over. Rare ting som likevel kjennest fint.
Boka er filma i 2004.
Høver for 6.-8. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24643-5 (h.) : Nkr 99.00
GENRE:Forelsking
0103206
ung L
Lind,
Idar
Drakeblod. Første forteljing. Det kvite spydet / Idar Lind. - Oslo : Samlaget, 1988. -
173 s.
Framhald i: Drakeblod. Andre forteljing. Vegen til Åsgard Forfattaren hentar stoff frå
norrøne mytar og segner til denne boka. Det er ein fabel om Geirr, ein blind notidsgut
som dett og slår hovudet i asfalten, og vaknar opp i ei anna verd i ei anna tid. Her
møter han jenta Symre,som med songen sin kan få sår til å gro. Dei legg ut på ei
farefull reise, der dei møter dvergar, risar og einøygde troll, og dei må kjempa mot
hirdmennene til jarlen. Ein god norsk science-fiction roman for ungdom.
8.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3273-1 (ib.) : Nkr 138.00
GENRE: Fantastisk
EMNE: Norrøn mytologi
0000071
b L
Lindgren,
Astrid
Ronja Røverdatter / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; illustrert av Ilon
Wikland. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1991. - 226 s. : ill.
Boka finst på film og video. - Boka finst òg i lydbokutg. -Originaltittel: Ronja
Rövardotter
1. norske utg: Damm, 1981
Den natta Ronja vert fødd rullar torden over fjella og
Mattisborga vert delt i to. Ronja er einaste dotter til røvarhøvdingen Mattis og kona
Lovis. Faren gler seg til at Ronja skal verta røvardronning. Han trur at erkefienden
Borka ikkje har klart å føra slekta si vidare. Men ein dag møter Ronja
Birk, ein ekte Borka-son. Mot fedrane sin vilje flyttar dei to unge ut i skogen og bur i ei bjørnehole
heile våren, sommaren og hausten. Der må dei passa seg for skogens skapnader. Dei
underjordiske, grådvergane og villvettene vil dei vondt, men dei klarar seg. Men kva vil
skje når vinteren kjem og bjørnehola vert for kald? Denne spennande boka er dessverre
ikkje omsett til nynorsk. Ho eignar seg difor godt til høgtlesing, men ho gir også stor
leseglede for dei som les sjølv.
3.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-525-2250-5 (ib.) : Nkr 94.00
0011996
b L
Lindgren,
Astrid
Ronja røverdatter <lydopptak> / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; musikk
av Per Chr. Revholt. - <Oslo> : Damm, <1994>. - 4 lydkassettar ; i eske 23 x
16 x 4 cm - (Damn lyd)
Lese av Kristin Kajander. - Lotte Havnevik, fløyte ; Steinar Larsen, gitar. -
originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske trykte utg. 1981
ISBN 82-517-8122-1
0035363
L
Loe, Erlend, n., 1969-,
Naiv.
Super / Erlend Loe. - Skoleutg.. - Oslo : Cappelen, 2000. - 243 s.
1. utg.: Cappelen, 1996
Boka har oppnådd kultstatus, spesielt blant ungdom. Bokas ytre handling er
enkel, ein ung mann taper i crocket mot bror sin og føler plutseleg at alt vert
meiningslaust. Livet hans, dyr og planters liv, heile verda verkar meiningslaus.
Han isolerer seg og begynner å søke etter ei meining med livet. Han skriv
lister over kva han har og ikkje har, kva han er bekymra for og kva som gler
han. Eit bankebrett viser seg å gi meining for han. Boka er varm og
humoristisk.
Arbeidsoppgaver ved Live Løveld Rykkja, s. 215-219. - Bibliografi s. 241-243. -
Etterord ved Øystein Rottem, s.220-240
Høver for 10. klasse og vidaregåande skule ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-192803) (h.)
EMNE: Loe, Erlend, n., forf., 1969-
0098805
ung 82 L
London,
Jack
The call of the wild / Jack London ; illustrated by Martin Gascoigne. - London : Puffin Books, 1994. - 134 s. : ill. - (Puffin classics) Dette
er den berømte boka til London om hunden Buck som kjem til Alaska under
gullrushet i Klondyke. Boka er fortalt frå hunden sin ståstad. Dette er ei
spennande historie om hundar, ulvar og villmark.
Boka er ei full utgåve, ikke tilpassa skuleutgåve.
8.-10. kl ; 30 eks. ; engelsk
ISBN 0-14-036669-5 (h.) GENRE: Villmark
0042388
ung L
Lorentzen, Kari
Den hvite hesten / Karin Lorentzen. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 143 s. -
(Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Framhald i: Zorbas sønn
1. utg.: Aschehoug, 1987
Ordliste: s. <147>
Etter skilsmissa flyttar Silje med faren til familien hans
på slektsgarden Ekely. Om somrane bur ho hos mora og den nye familien hennar. Ho
aksepterer det todelte tilværet sitt. Silje trivst i hestemiljøet på Ekely og ho sparar
til hest. Så kjem hesten hennar, Zorba, til gards, ei stri hoppe som blir ei stor
utfordring for Silje. Ho opplever mange harde tak før ho endeleg meistrar hesten. Det
sentrale temaet i boka er den spennande skildringa av jenta og hesten. Dette er ei bok om
forholdet dyr/menneske.
7.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-133-9 (ib.) : Nkr 185.00
EMNE: Hestar
0011259
u L
Lundgren, Max
Roseli, kjæraste Rosa / Max Lundgren ; omsett av Øystein Rosse. - <Oslo> :
Bokklubbens barn, 1993. - 127 s.
Originaltittel: Roseli, älskade Rosa
Boka handlar om Roseli, som er ei fyldig jente, men som
synest livet er kjekt å leva likevel. Ho trivst med å vera den ho er. Saman med vennene
jobbar ho ivrig med klasseavisa, sparkar fotball og finn på noko nytt kvar dag. Men så
kjem Gunnel, klassen sin nye lærar. Ho er utruleg fin og slank, ja ho har ein slik
utsjånad som mange jenter berre kan drøyma om. Roseli vert etterkvart eit mobbeoffer for
den "Perfekte" Gunnel. Ho vert svært lei seg, men heldigvis vert ho endå meir
sint. Ei varm og fin bok om det å vera litt annleis, men samstundes trygg og impulsiv.
5.-7. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2357-9 (ib.) : Nkr 109.00
EMNE: Mobbing / Skulen
0024449
[Opp]
M
u M
Mathisen, Mathis
Ismael / Mathis Mathisen ; omsett av Inger Anthun Bruket ; <illustrasjonar: Alf-Kåre
Berg>. - Stabekk : Bokklubbens Barn, 1991. - 101 s. : ill.
Boka finst òg i lydbokutg.
Ismael er 12 år og bur på gata i Kairo. Han har flykta
frå den tyranniske Mahmoud, som han måtte arbeide for, og såleis koia han vekk frå
familien sin. Saman med to venner streifar han rundt og tiggar mat for å overleva.
Det einaste han eig er ein transistorradio og ein plass for seg sjølv på eit tak. Likevel
har han ein draum om å sjå familien att og eit anna liv. Trass i dette alvorlege temaet,
er boka likevel optimistisk. Forfattaren gir eit truverdig bilete av det å vera gatebarn
og skildringa av storbyen Kairo er veldig levande. Boka er illustrert med teikningar og
skrifta er stor og tydeleg.
5.-8. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2228-9 (ib.) : Nkr 84.00
EMNE: Egypt / Gatebarn
0007153
u M
Mathisen, Mathis
Ismael <lydopptak> / Mathis Mathisen. - Melhus : Lydbokforl., cop. 1989. - 2
kassettar (ca 120 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av Iselin Alme
1. trykte utg.: Aschehoug, 1988
ISBN 82-421-0037-3 : Nkr 150.00
EMNE: Egypt: historie / Gatebarn
0005464
b M
Moe, Ingvar, n., 1936-1993,
Dei må ikkje skyta Garm / Ingvar Moe ; Illustrert av Ingegerd
Tveit. - Oslo : Samlaget, 1979. - 67 s. : ill.
Framhald i: Garm blir borte
Bjørn-Erik har fått ein hund til fødselsdagen sin. Men har Garm tatt hønene til Hansen? Kan dei berge livet til Garm? Boka er lettlesen og spanande. Les også neste bok: Garm blir borte
1.-4.kl. 15 eks. nynorsk
ISBN 82-521-0967-5) (ib.)) : Nkr 39.00
EMNE: Hundar
0023153
b M
Moe, Ingvar
Garm blir borte / Ingvar Moe ; illustrert av Ingegerd Tveit. - Oslo : Samlaget, 1981. - 72
s. : ill.
Framhald av: Dei må ikkje skyta Garm
Ei spennande kvardagsforteljing om Bjørn Erik og hunden
hans, Garm. Bjørn Erik er svært glad i hunden sin, og han har det vondt når Garm ein
dag vert borte. Kva har hendt? Naboen, Hansen, har ein gong truga med å skyta Garm, så
Bjørn Erik stolar ikkje på den sinte naboen. Men han må finna hunden sin, som han trur
er innestengd i hytta til naboen. Bjørn Erik er både redd og modig, og han vågar mykje
for å finna Garm og verta kjend med Hansen.
1.-4. kl. ; 29 eks. nynorsk
ISBN 82-521-1868-2 (ib.) : Nkr 117.00
EMNE: Hundar
0002169
ung M
Moen, Torbjørn
Rock, regn og varmvåte kyss / Torbjørn Moen. - Oslo : Tiden, 1990. - 164 s.
Boka finst òg i lydbokutg.. - Framhald i: Pene pikers
kyss. Tre gutar og ei jente startar rockebandet "The Car Crash", og går friskt
ut utan noko særleg opplæring eller rettleiing. Dei diktar og komponerer sjølve. Bokas
eg-person, Robert, fortel med humor og sjølvironi. Speleglede og entusiasme er
karakteristisk for gruppa, som har evne til å fantasera vilt om bandets lysande karriere.
Men boka handlar ikkje berre om musikk, Roberts privatliv vert også skildra i ein
humoristisk, fleipete og munnleg stil. Ei kvikk og positiv bok om vennskap, forelsking og
mykje musikk.
8.-10. kl. ; 29 eks. ; bokmål
ISBN 82-10-03280-1 (ib.) : Nkr 172.00
EMNE: Kjensler / Musikk / Vennskap
0004652
ung M
Moen, Torbjørn
Rock, regn og varmvåte kyss <lydopptak> / Torbjørn Moen. - Melhus :
Lydbokforl., 1994. - 4 lydkassettar, 300 min. ; i eske 18 x 13 x 3 cm
Lese av Andreas Kolstad
Trykt utgåve 1990
ISBN 82-421-0295-3
EMNE: Kjensler / Musikk / Vennskap
00040402
N
u N
Newth, Philip, eng.-n., 1939-,
Roboten er løs! / Philip Newth ; illustrert av forfatteren. - Oslo : Tiden, 1982. - 114 s. : ill.
Framhald i: Robot i rommet
Ei sprudlande framtidsforteljing breddfull av humor, fantastiske hendinger og ein heilsprø robot.Vi er langt inne i framtida, med rullande fortau så folk slepp å gå, for å handle varer kan du berre trykke på knapper heime på kjøkkenet. Robotar har teke over det meste av husarbeidet, og det er dei som passar barna og hjelper dei med leksene. Sam er heldig og får nettopp ein slik robot. Berre at roboten hennar er ein gamal og brukt modell som ikkje fungerer heilt som den skal, den er faktisk heilt sprø!
Høver for 4.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-10-02272-5 (ib.) : Nkr 49.00. - 82-525-0939-8)
GENRE:Fantasy
0030008
ung N
Nilsson, Per, sv., 1954-,
Hjertets fryd / Per Nilsson ; oversatt av Tor Fretheim. - Oslo : Cappelen, 2005. - 148 s.
Originaltittel: Hjärtans fröjd
1. utg. 1994
Ein gut sit aleine på rommet sitt og sørgjer over jenta han har mista. På skrivebordet foran seg har han stilt opp ting som minner han om det som har skjedd. I løpet av korte kapitel med veksling mellom tilbakeblikk og nåtid får vi høyre historia om kva som har hendt. Det er ei gripande forteljing om ein guts første kjærleik og seksuelle røynsle.Boka er spennande i oppbygging og form. Humoristisk språkdrakt og vekslingen i fortellerteknikker gjer hovedpersonen, kjenslane og stemningane hans levande for lesaren.
Høver for 8.-10. kl ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-24541-9 (h.). - 978-82-02-24541-2)
EMNE: Forelsking
0104815
b N
Nilsson-Brännström,
Moni
Tsatsiki og muttern / Moni Nilsson-Brännström ; oversatt av Tor Fretheim ;
[illustrasjoner: Pija Lindenbaum]. - Oslo : Gyldendal Tiden, 1997. - 155 s. : ill. -
Frittståande framhald i: Tsatsiki og Fattern. - Orginaltittel: Tstsiki och Morsan
Møte med Tsatsiki-Tsatsiki Jonanson og alle
rundt han er ellevilt og morosamt. Samen med Muttern bur han i Stockholm og er vel nøgd
med å vere eit kjærleiksbarn utan ein nærverande pappa. Boka om Muttern er den fyrste
og Muttern spelar i bandet sitt "Mutterns Rebellar", Tsatsiki byrjar på skulen
og får verdas beste kamerat, Per Hammar. Saman finn dei på nokså mykje rart, men etter
kvart byrjar Tsatsiki å sakne en far. Med masse humor, mykje varme og klokt alvor vert vi
kjend med Tsatsiki og den uvanlege Muttern hans. Dette er personar som verkeleg
begeistrar
både store og små lesarar. Bøkene som inneheld ein uvanleg kombinasjon av
menneskekunnskap og er utan moralske peikefingrar vert presentert gjennom ei handling full
av sprelske påfunn. Språket er ledig og godt, eindel banneord er brukt som viktige
verkemiddel i samanhengen dei står i. Teksten er sett med store og gode typar, men
bøkene egner seg også svært godt til høgtlesing. Den er illustrert med enkle
akvarellar i svart/kvitt og glimrande omsett av Tor Fretheim.
1-4 kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-478-0013-6
0044841
ung N
Norderhaug, Eva, n.,
Saynab : min historie / Eva Norderhaug. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 168 s.
Heile livet har Saynab sloss. Med ungdomsgjengar. Med nynazistar. Med imamar. For venane. For seg sjølv. For det ho trur på. I "Saynab" følgjer vi Saynab Mohamud (24) og hennar valdelege oppvekst - frå krig og flukt i Somalia via norsk "småbyidyll" til eit beintøft ungdomsmiljø på Oslos austkant. Dette er eit ærleg og nådelaust portrett av ei innvandrarjente med kniven på strupen, fortald med hennar eigne ord. Og det er historia om korleis raseri og blind vald kan vendast til ein innbiten kamp mot kjønnslemlesting og diskriminering.
Høver for 8.-10. klasse og vidaregåande skule ; 30 eks. ;bokmål
ISBN 82-03-24619-2 (h.)
EMNE: Mohamud, Saynab, somal.-n.
GENRE:Biografisk
EMNE: Innvandrarar / Kulturmøte / Somalia
0103923
b N
Nöstlinger, Christine, øst., 1937-,
Frans
og kjærligheten / Christine Nöstlinger ; tegninger av Erhard Dietl
; oversatt av Olaf Coucheron. - Oslo : Damm, 1992. - 81 s. : ill. - (Leseløve)
Framhald av: Frans blir syk i utide. - Framhald i: Frans og
julen. - Originaltittel: Liebesgeschichten vom Franz
Frans er glad i mange. Han er glad i bror sin, Josef, og vil gjerne hjelpe Josef
som har forelska seg. Christine Nöstlinger fortel om kvardagslege situasjonar
med humor og innsikt. Boka har stor skrift og ein del illustrasjonar.
Høver for 1.-4. kl. ; 26 eks : bokmål
ISBN 82-517-7815-8 (ib.) : Nkr 96.00
GENRE:Forelsking
0012834
[Opp]
O
ung O
Olsson, Sören, sv., 1964-,
Emanuel
/ Sören Olsson, Anders Jacobsson ; oversatt av Stein Erik Lunde. - Oslo : Aschehoug, 2001. - 234 s. - (Volum)
Framhald i: Emanuel : hat og kjærlighet
Emanuel er 16 år og har endå ikkje opplevd kjærleiken. Han har berre sett ting gjennom kameraet. Han begynner på vidaregåande og blir kjent med Tage, som blir en god ven. Tage presenterer Emanuel for bror sin, Per ein psykisk utviklingshemma gut som på sin eigne, rare måte, er ein smart gut. Når Helene, ei av dei vakraste og mest populære jentene på skulen, dukkar uventa opp og viser interesse for ham, endrar livet seg fullstendig for Emanuel. Emanuel er ei gøy og spennande bok med har fleire uante vendingar. Boka fenger, gjer deg glad, overraskar deg og gjer deg til tider irritert, svært irritert.
Høver for 9. til 10 kl. og vgs ; 30 eks ; bokmål
Originaltittel: Emanuel
ISBN 82-03-24388-6) (h.)
0091293
u O
Osland, Erna
Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen / Erna Osland ; illustrert av Arne Roar Lund.
- Oslo : Samlaget, 1988. - 92 s. : ill.
Fritjov er ein vanleg gut i sjette klasse. Faren er
trailersjåfør og berre heime i helgane. Fritjov trivst ikkje noko særleg på skulen,
endå meir kjedeleg vert det når han og dei andre gutane får brev med seg heim fordi dei
har kikka på jentene i dusjen. Men Fritjov får beskjed om at han må gå på skule. Alle
må det. "Det er visse ting du må læra", seier faren. "Etterpå kan du
gjera som du vil." Fritjov bestemmer seg for å verta fort ferdig med "heile
skiten", men det er lettare sagt enn gjort. Problema er mange, det største er
mangelen på lærebøker. Dessutan grip Turi, jenta med den ovale navlen, også
forstyrrande inn i planane hans.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3276-7 (ib.) : Nkr 136.00
EMNE: Lesing / Skulen
0000095
ung O
Osland, Erna, n., 1951-,
Hauk over hauk
/ Erna Osland. - <Oslo> : Damm, 1993. - 160 s. - (Daniella D.)
Dette er tredje boka om Daniella i Oslands spenningsserie for ungdom. Daniella er 15 år, snar til å forelske seg og rote seg opp i skumle hendingar. I denne boka
treff ho "Tause pil", guten med ei dyreklo i øyret. Konrad Phillip, som han eigentleg heiter, er på veg for å bu hos sin andre far som han ikkje
likar. Den første faren er fengsla for menneskesmugling. Kven av fedrane er ein skurk? Daniella og "Tause Pil" kjem på sporet av ein bande som driv med smugling av rovfuglar.
Framhald av: Svart hane. - Framhald i: I grevens tid
8.-10. kl. 7 eks. nynorsk
ISBN 82-517-7948-0 (ib.) : Nkr 124.00
FØRDEB
GENRE:Spenning
0026885
ung O
Osland, Erna, n., 1951-,
I grevens tid
/ Erna Osland. - <Oslo> : Damm, 1994. - 138 s. - (Daniella D.)
Daniella D. bur i Florø saman med faren sin medan mora vaskar seg rundt i verda ombord i eit turistskip. Faren blir involvert i problema til ei afrikansk dame og
plutseleg er dei båe borte. Sonen til dama kjem til Daniella på leit etter mora si. Ungdomane skjøner at noko er gale og saman dreg dei til Bergen der dei trur dei kan finne foreldra.. Boka er skriven i ein humoristisk og munnleg nynorsk som gjer boka lett å lese. Dette er siste boka i spenningsserien Daniella D.
Framhald av: Hauk over hauk
8.-10. kl. 9 eks. nynorsk
ISBN 82-517-7972-3 (ib.) : Nkr 138.00
FØRDEB
EMNE: Flora / Høyanger / Sogn og Fjordane
GENRE:Spenning
0030438
u O
Osland, Erna
Noas løve / Erna Osland. - Oslo : Samlaget, 1989. - 89 s.
Valina er annleis og vert mobba av klassevenninnene,
særleg Annebritt. Valina bur hos ei varm og fin bestemor, men er elles mykje åleine. Far
er alltid fråverande og berre kjend som ein postkortskrivande løvetemjar. Mora er alltid
borte ho òg, ho sel hårvekstmiddel. Jenta har ein sterk fantasi og ved hjelp av løvene
skjer det uvanlege ting med og ikring Valina. Ho bearbeidar det vanskelege i fantasien og
det ho opplever i tankane gjer henne modigare. Her er ein del absurd humor og merkelege
hendingar. Sjølv om det er litt komplisert å fylgja Valina, er det moro òg. Språket er
godt, men komposisjonen kan vera ei utfordring for lesaren.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3462-9 (ib.) : Nkr 138.00
GENRE: Fantastisk
0002941
u O
Osland,
Erna
Salamanderryttaren / Erna Osland. - Oslo : Samlaget, 1999. - 145 s.
Erle, også kalla Bror Min, stel i butikkane. Stele
frå dei rike og gje til dei fattige, er hennar moral, og dette er eit bidrag for å gjere
noko med uretten i verda. Søren, veslebroren på 12 år, er til å stole på. Han ser kva
som skjer, tenkjer på konsekvensane, men kan ikkje stoppe henne med ord. Ikkje kjenner han
grunnen til at ho gjer dette heller, ikkje før han skadar handa hennar og vert dregen med
inn i problema, både dei grunnleggande moralske og dei praktiske. Foreldra er der og anar
at noko er gale, men Bror Min spelar sitt spill og forvirrar dei. Søren vert sjuk av
presset frå eige samvit og redsla for fengsel for systera, og i draumen kjem
salamanderen, vegvisaren og redninga. Søren tar på seg skulda då alt vert oppdaga, men
foreldra kjenner barna sine og hjelper til med å rydde opp. Boka tek på ein
overbevisande måte opp tilhøve mellom barn og vaksne; det å vere avhengig, ansvar,
skyld og søskenkjærleik, ulandsproblematikk og utnytting. I tillegg har bipersonar i
forteljinga sitt eige liv og sine problem, og heile tida maktar forfattaren å halda
trådane samla. Dette er ei spesiell og krevjande bok med stort alvor. Språket er godt,
prega av ei knapp uttrykksform og korte setningar som gjer boka lett å lese.
5-7 kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-521-5421-2 (ib)
Emne: Høyanger/Sogn og Fjordane, Sysken
0087700
[Opp]
P
b P
Page, Martin
Det store Kappløpet / Michael Page ; Robert Ingpen ; omsett
av Øystein Rosse. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1987. - 55 s. : ill. kol.
Originaltittel: The great bullocky race
Ei biletbok frå Australia der handlinga er lagt til eit
jordbruksmiljø for om lag 100 år sidan. To oksedrivarar med kvar sitt oksespann
konkurrerer med kvarandre. Dei skal føra ull frå farmane inni landet til ein hamneby.
Den som kjem fyrst fram får selt ulla. Oksedrivarane er store skrytepavar, men heldigvis
har dei meir fornuftige ungar, som vert venner og sola ordnar opp i vanskelege
situasjonar.
3.-5.kl. ; 20 eks.; Nynorsk
ISBN 82-525-1462-6 (ib.) : Nkr 79.00
EMNE: Australia
0002120
b P
Parr, Maria, n., 1981-,
Vaffelhjarte : Lena og eg i Knert-Mathilde
/ Maria Parr ; illustrert av Bo Gaustad. - Oslo : Samlaget, 2005. - 195 s. : ill.
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje like sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år, der dei leiker andre verdenskrig, opptrer som gatemusikantar, går på sauesanking og lagar Noas sjark. Men ein dag blir idyllen brått brote. Boka er lett å
lese, har korte kapittel, store bokstavar og mykje illustrasjonar. Ho vart nominert til Brageprisen. Ei perle av ei bok.
Høver for 2.-4. klasse ; 30 eks.
ISBN 82-521-6659-8 (ib.) : Nkr 199.00
EMNE: Vennskap
0110541
b q P
Peterson, Hans
Valdemar som hadde 7 liv : ei trafikkforteljing / tekst: Hans Peterson ; teikningar: Tord
Nygren ; <omsatt av Ingebrigt Davik>. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1988. -
47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Valdemar som hade 7 liv
Trafikkopplæring for born er det få bøker om, men denne
handlar om Valdemar som vil oppleva noko spennande, og det gjer han i trafikken. Valdemar
har tenkt seg til den store skogen, der det bur troll, hekser, drakar og gode
feer. På
turen møter han verkelege troll i form av bilar, trafikkljos og eksos. Det er ikkje like
lett alltid å skilja mellom fantasi og verkeleghet. Boka inneheld fleire sider med
faktakunnskap om borns trafikkforståing.
1.-4. kl. ; 19 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-1516-9 (ib) : Nkr 99.00
EMNE: Trafikkopplæring
0002127
u305.2309481 P
Pettersen, John Roald, n., 1956-,
Kattepinn og sørphøne : barn i vest for hundre år sidan / John Roald Pettersen ; teikningar: Elbjørg Haugen. - Førde : Selja, 2005. - 120 s. : ill
Korleis var det å vere barn då oldeforeldra og tippoldeforeldra våre voks opp? I denne boka får ein vite om leikane, skulen, korleis folk budde i gamle dagar og mykje meir. Boka er både ein fagbok med gamle bilete og in forteljingsbok om vesle Anne som var barn i 1900. Boka tek for seg barndom på Vestlandet for 100 år sidan. Nokre av stoffet er henta frå Bremanger.
Bibliografi: s. 118-119. - Inneheld stoff om barn i Sogn og Fjordane
Høver for 5.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-91722-55-2 (ib.) : Nkr 248.00
EMNE: Barn i Noreg / Barn i Sogn og Fjordane / Bremanger / Sogn og Fjordane
0110868
[Opp]
R
u R
Roberts, Emlyn
Innesperra / Emlyn Roberts ; omsett av Øystein Rosse ; <illustrasjonar: Alf-Magne
Andreassen>. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1989. - 110 s. : ill.
Originaltittel: A shiver of fear
Ei bok om rasisme, gatekampar mellom Skinheads og farga i
London. Pakistanar-guten, Zaffar, vert teken til fange av vaktmeisteren på skulen der han
går. Der oppdagar han at enkelte personar på skulen er innblanda i gatekampane, fordi
det vert produsert brannbomber i kjellaren på skulen. Klassekameratane leitar etter han
og løyser mysteriet. Boka handlar om samhald og solidaritet, men også om desperasjon,
vald og framandhat, om dei som piskar opp stemninga i oss mot dei svakaste i samfunnet.
7.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1554-1 (ib.) : Nkr 79.00
EMNE: Rasisme
0000764
[Opp]
S
b S
Salazar, Mario
Amigo / Mario Salazar ; illustrert av Andrzej Ploski ; <nynorsk utgåve ved Inger-Lise
Breivik>. - Oslo : Samlaget, 1983. - 32 s. : ill. - (Sirius-bøkene. Sirius barn)
Forteljinga i denne boka er frå Chile og ho er skriven av
ein eksilchilenar. Det er ei dramatisk historie om ein mann som har vore med i ein streik
og av den grunn vert forfølgd av politiet. Han får hjelp av bror sin til å flykta. Med
på turen opp i Andesfjella har dei ein stor namnlaus hund, som gjer seg fortent til
namnet "Amigoll" - det spanske ordet for venn.
4.-6. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2336-8 (h.) : Nkr 52.00
EMNE: Chile
0002084
940.5315 Sachnowitz,H.
Sachnowitz, Herman, n., 1921-1978,
Det angår også deg
/ Herman Sachnowitz ; fortalt av Arnold Jacoby. - Skoleutg. / ved Marie Rein Bore. - Stabekk : Cappelen, 2002. - 236 s.
Denne utgåva første gong utgitt: 1978. - Skuleutgåve med forfattarpresentasjon og arbeidsoppgåver
I 1942 blei den norske jøden Herman Sachnowitz arrestert av tyskarane på garden til familien i Stokke i Vestfold. Saman med faren, fire brør og ei søster vart han sendt til Auschwitz i Polen. Han var ein av dei få norske jødane som overlevde helvete i konsentrasjonsleirane
Høver for 10. klasse og vidaregåande skule ; 30 eks ; bokmål
ISBN 82-02-01615-0 (h.)
EMNE: Jødar - Andre verdskrigen
0110037
u S
Saint-Exupéry, Antoine de, fr., 1900-1944,
Den lille prinsen
/ Antoine de Saint-Exupéry, med tegninger av forfatteren ; oversatt av Inger Hagerup. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 97 s. : ill. (noen kol)
Originaltittel: Le petit prince
1. norske utgåve i 1962
Den vesle prinsen dukker opp i Sahara kor Saint-Exupéry har nødlanda med flyet sitt. Han fortel om planeten han kjem frå, at han har lagt ut på en reise til andre planetar for å finne
ein ven. Han har gjesta kongen utan undersåttar, den forfengelege mannen, drankaren, forretningsmannen, lyktetennaren og geografen. På Jorden snakka han med blomster,
mennesker og dyr. Til slutt forsvinn den vesle prinsen, og Saint-Exupery forstår betre kva som er viktig og hva som er meiningslaust i livet. Boka er ein høgt elska klassikar med
mykje filosofi som høver for både gamal og ung..
- Høver for 5. kl. og oppover ; 30 eks.
ISBN 82-03-24716-4 (ib.)
0105176
ung S
Schami, Rafik
Ei hand full av stjerner / Rafik Schami ; frå tysk ved Kari Bolstad og Erling Langleite.
- Oslo : Samlaget, 1989. - 186 s.
Originaltittel: Eine Hand voller Sterne
Ei spennande ungdomsbok frå Damaskus, Syria. Gjennom
fleire år har ein gut i Damaskus skrive dagbok. Han finn mykje vakkert, poetisk og artig
å fortelja om frå denne byen, der så mange menneske av så mange nasjonalitetar lever
side om side. om vennen, den gamle kusken Salim, som kan dei vedunderlegaste historier, om
Nadia som han er forelska i, om skulen og basarane, der mor hans er ein meister til å
handla. Men det finst også armod, urettferd, politisk forfølging og redsel i byen. Den
einaste utvegen han ser til å forandra på ting er å arbeida som journalist - i
undergrunnen. Dette er spennande samtidshistorie frå Damaskus, skriven i dagboksform,
noko som vil appellera til unge lesarar.
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3137-9 (h.) : Nkr 148.00
EMNE: Syria - Historie
0002084
ung S
Scheen, Kjersti
Månefeen / Kjersti Scheen. - <Oslo> : Gyldendal : Ungdomsbokklubben, 1993. - 166 s.
Boka finst òg i lydbokutg.
Cindy - ei jente i tenåra vert spisevegrar. Ho er
tilsynelatande vellukka, men inni seg strir ho med eit svakt sjølvbilde og eit dårleg
forhold til mora. Skal Cindy få kontroll over livet sitt som ho ynskjer, nå ho få
kontroll over vekta. Dermed utviklar ho anorexia og isolerer seg etterkvart frå vennene
sine og det gryande kjærleiksforholdet til vennen Helge. Problema vert så store at Cindy
må gå til psykolog. Prosessen med å forstå seg sjølv er lang. Forfattaren teiknar eit
truverdig og sterkt jenteportrett i denne boka.
8.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-21846-3 (ib.). - 82-525-1776-5) : Nkr 115.00
EMNE: Anorexia
0025836
ung S
Scheen, Kjersti
Månefeen <lydopptak> / Kjersti Scheen ; <musikk av Claude Debussy>. - Melhus
: Lydbokforl., 1994. - 4 lydkassettar (ca 5t) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av Janne Kokkin
Trykt utgåve: Gyldendal, 1993
ISBN 82-421-0336-4
EMNE: Anorexia
0033588
S
Skram, Amalie, n., 1846-1905,
Sjur Gabriel ; To venner / Amalie Skram. - 13. utg.. - <Oslo> : Gyldendal, 2000. - 179 s.
Framhald i: Hellemyrsfolket. <2>. S.G. Myhre
1. utg.: 1887
ISBN 82-05-26798-7) (h.)) : Nkr 79.00
FØRDEB
0093715
ung S
Soltvedt, Thor, n., 1955-,
Fotballfrelst! / Thor Soltvedt. - Bergen : Eide, cop. 1999. - 169 s.
Ei bok for dei fotballfrelste, lett å lese med mykje dialog og humor. Tobben, 14 år, er forteljar. Tobben spelar på fotballaget Farten i Bergen. Faren hans er trenar. Farten reiser til Norway Cup. Der opplever dei forelsking og mykje forviklingar. Norway Cup-miljøet er humoristisk og truverdig skildra med eit ungdommeleg språk.
6. - 9. kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-514-0581-5) (ib.)
FØRDEB
EMNE: Fotball
0087917
u S
Sortland, Bjørn, n., 1968-,
Angkormysteriet / Bjørn Sortland ; illustrert av Trond Bredesen. - Oslo : Aschehoug, 2002. - 126 s. : kol. ill. - ( Kunstdetektivene ; 3)
Framhald av: Luxormysteriet. - Framhald i: New York-mysteriet
Familien Bergvik er på ferie i Kambodsja.Straks dei kjem fram begynner mystiske og farlege ting å skje. Først er det nokon som kastar stein med ein trussel hengt på, på bilen deira. Så får dei ein fruktkorv levert på hotellet, full av levande og livsfarlege slangar. Deretter blir pappa forgifta, og mamma sett i fengsel, mistenkt for å ha stole kunstskattar. David,Sissel og vesle Thor må ordne opp. Men det er vanskeleg å vite kven ein kan stole på. Kven er eigentleg mosefjernarane, eller den skumle dama på hotellet med mørke solbriller? For ikkje å snakke om trøndaren
utan bart? Dette er tredje boka i serien Kunstdetektivene. Boka er spennande fortalt samtidig som
ho er lærerik. Teikningane er både skumle og humoristiske, akkurat som
sjølve historia.
Høver for 4.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24434-3 (ib.) : Nkr 198.00
GENRE:Krim
EMNE: Kambodsja
0095968
u S
Sortland,
Bjørn
Tu Ducs skatt / Bjørn Sortland. - Oslo : Samlaget, 1997. - 123 s.. - (Julie & Jonas ;
1)
Nynorsk tekst . - frittståande framhald i: Ulvenatt i Berardenga
Jonas og Julie er 12 år og begge er
skilsmissebarn. Foreldra er hektisk opptekne av å gjere karriere i vekebladet For Folk
Flest. Journalistfaren og fotografmora skal på reportasjetur til Vietnam, og ungane får
vere med. Dei inngår ein slags motvillig allianse som etter kvart utviklar seg til eit
nært venskap. Av ein norsk Internettkjenning blir dei spurde om å halde
auga opne for
mystiske hendingar, og dette fører dei på sporet av ein internasjonal kunsttjuvbande med
røter i Noreg. På kort tid blir dei vikla inn i særs dramatiske hendingar. Tu Ducs
skatt er bok nummer ein i den nye serien Julie & Jonas som skal vere eit nynorsk
alternativ innan spennings-/triviallitteratursjangeren for ungar mellom 9-10 og 12-13
år. Boka spelar på sjangeren sine premissar med noko typeteikna og lett karikerte
bipersonar, mens hovudpersonane er framstilt meir nyanserte. Rollemønstra er snudd litt
på hovudet, ungane representerer fornufta, og boka inneheld ein god del humor som spelar
på dette. Historia har ein klar intrige, der ungane står for sjølve oppklaringa.
Handlinga har driv og lesaren greier å halde styr på det som skjer. Boka er velskriven i
ei enkel moderne, nynorsk språkform.
5-7 kl. 30 eks. nynorsk
ISBN: 82-521-5103-5 (ib)
Genre: Spenning
0047270
u S
Sortland, Bjørn, n., 1968-,
Ulvenatt i Berardenga
/ Bjørn Sortland. - Oslo : Samlaget, 1998. - 141 s. - (Julie & Jonas ; 2)
Gjensynet med skilsmissebarna Jonas og Julie er spennande. For dei er fortsatt hektisk opptekne av å gjere karriere i vekebladet For Folk Flest, og denne gongen får ungdommane vere med på reportasjetur til Italia. Der skal foreldra dekke gebursdagsfeiringa til ein kreftsjuk kjendisson. Jonas og Julie vert invitert saman med sju andre ungdommar, og det som ser ut til berre å vere ein litt uforklarleg beskjed i ei bok, blir brått dødsens alvor når den eine etter den andre av gjestane berre forsvinn.
Framhald i: St. Michaels løyndom. - Frittståande framhald av: Tu Ducs skatt
5.-7. kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-521-5260-0 (ib.) : Nkr 198.00
FØRDEB
GENRE:Spenning
0048137
u S
Sortland, Bjørn, n., 1968-,
St.
Michaels løyndom / Bjørn Sortland. - Oslo : Samlaget, 1999. - 159
s. - (Julie & Jonas ; 3)
Framhald av: Ulvenatt i Berardenga
Jonas og Julie er på farten igjen. Foreldra er
framleis hektisk opptekne av å gjere karriere i eit vekeblad, denne gongen går
reportasjeturen til Gibraltar. På Gibraltar treffer dei att gamle kjenningar i
skurkebransjen, blir blanda inn i mennskesmugling og hamnar i ei rekke farlege
situasjonar. Bok nummer tre er like spennande som dei to første, og den gryande
forelskinga mellom Jonas og Julie blir stadig tydelegare og er med på å gje
spenninga ein ekstra dimensjon. Serien om Jonas og Julie er svært godt likt av
alle klassane som har lese bøkene.
5.-7. kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-521-5453-0) (ib.)) : Nkr 198.00
GENRE:Spenning
0088754
u S
Sortland, Bjørn, n., 1968-,
12 ting som må gjerast rett før verda går under : roman / Bjørn Sortland. - Oslo : Aschehoug, 2001. - 151 s.
Therese, 13 år, er på leiting etter meininga med livet og ein kjærast. Ho lagar seg ei liste over 12 ting ho vil gjere før verda går under, og prøver å få Jan som ho er forelska i, med på å gjere dei 12 tinga. Boka er velskriven med eit vart og medrivande språk. Kjensler og uro vert truvedig skildra utan at boka vert banal. Sortland fekk Brageprisen for denne boka i 2001.
Nynorsk tekst
Høver for 5.-7. kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-03-24426-2 (ib.) : Nkr. 185.00
0092946
u S
Stark, Ulf
Min venn Percys magiske gymnastikksko / Ulf Stark ; illustrert av Olof Landström ;
oversatt av Ulf Rogde. - <Oslo> : Gyldendal : Bokklubbens barn, 1992. - 97 s. : ill
Originaltittel: Min vän Percys magiska gymnastikskor
Percy er ny i klassen til Ulf. Han liknar ikkje på nokon av kameratane. Percy er flink
til å slåst, kjempeflink til å boksa og å spytta. Han gjer dei ulovlege tinga og
klarar dei farlege tinga. Han kan springa framfor bilar og balansera på bom utan å falla
ned. Ulf derimot er varsam og redd. Den store løyndomen med kunstane ligg i skorne til
Percy, eit par fullstendig utgåtte og illeluktande gymsko. Ulf ynskjer å kjøpa skorne
med den magiske krafta, slik at han kan verta stor og sterk. I muntre episodar møter me
Ulf og Percy og dei andre kameratane, alt i ein småfrekk stil. Men forteljinga har ein
varm undertone, alt i ein småfrekk stil. Dette er ein historie fritt etter Ulf Stark sin
eigen barndom på femtitalet. Boka er illustrert i ein munter strek.
5.-7. kl. ; 25 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-20710-0 (ib.) : Nkr 98.00. - 82-525-2325-0)
GENRE. Humor
0018904
ung 82 S
Stevenson,
Robert Louis, eng., 1850-1894
The strange case of dr Jekyll and Mr Hyde / Robert Louis Stevenson ; retold
by C. Kingsley Williams and A.G. Eyre. - New ed.. - Harlow : Longman, 2000.
- 66 s. - (Penguin readers . Level 5)
9.-10. kl. ; 30 eks. ; engelsk
ISBN 0-582-42745-2) (h.)
Dette er ein grøssarklassikar. Dr. Jekyll eksperimenterer med
menneskenaturen sine gode og vonde sider. Ved hjelp av eit medikament kan
han på eit augneblink omskape seg til den vonde mr. Hyde. På denne måten
kan Jekyll utfolde dei vonde sidene sine utan å måtte stå til ansvar. Som
dr. Jekyll prøver han å gjere godt dei skadane mr. Hyde har gjort - men
mord kan han ikkje bøte på. Boka hentar handlinga frå 1800-talet i
England.
GENRE: Easy reader / Spenning
0091261
b S
Sund, Torvald
Trollkatta / Torvald Sund ; illustrert av Olav Hagen. - Nynorsk utg. - Oslo : Samlaget,
1993. - 48 s. : ill. - (Sirius barn)
Trollkatta handlar om ein liten gut og katten hans, som på mange måtar er ein svært
spesiell katt. I alle høve kjem han ut for mange artige hendingar. Forholdet mellom guten
og katten er nært og ekte, ja katten er ein stor personlegdom og venn. Dette er ei
morosam forteljing med lett karikerte teikningar i svart/kvitt.
1.-4. kl. ; 25 eks. ;
nynorsk
ISBN 82-521-4217-6 (ib.) : Nkr 108.00
GENRE: Humor
EMNE: Kattar
0027761
u S
Sund, Torvald
Vettskremt
/ Torvald Sund ; illustrert av Olav Hagen. - Oslo : Aschehoug, 1990. - 60 s. :
ill. - (Lesehesten)
Boka finst òg i lydbokutg.. - Framhald av: Slang. - Framhald i: Skrømt
Hovudpersonane i denne boka, to kameratar i 4.klasse, er opptekne av å vera modigare
enn gutane på ungdomsskulen. Dei klatrar opp på ein kjempe høg kornsilo og det har ingen
gjort før dei. Men dette vert ei tøff oppleving for gutane, dei er forferdeleg redde,
utan å villa innrømma det. Å verta heltar på falske premissar smakar ikkje særleg
godt. Olav Hagen sine illustrasjonar i svart/kvitt gir eit godt bilete av stemninga i
boka, som er lettlesen og engasjerande.
5.-7. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-03-16436-6 (ib.) : Nkr 89.00
EMNE: Kjensler
0006480
ung S
Sund, Torvald
Vettskremt <lydopptak> / Torvald Sund. - Melhus : Lydbokforl., 1992. - 1 lydkassettar (ca
38 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av forfattaren
Trykt utgåve: Aschehoug, 1990
Framhald av: Slang. - Framhald i: Skrømt
ISBN 82-421-0240-6 : Nkr 120.00
GENRE: Kjensler
00020743
ung S
Svart salt og gule toner : 34 noveller av ungdom. - <Oslo> : Gyldendal, 1993. -
174 s.
Av innhaldet: Barnetrua / Maria Tryti Vennerød. Forfattarregister: s. 174
Til denne boka kom det inn 1347 manuskript, av desse vart 34 noveller plukka ut til å
koma på trykk. Det er fleire jenter enn gutar representerte i boka, og 6 av novellene er
skrivne på nynorsk. Å skriva ei novelle er vanskeleg, det er ei kort historie som ofte
antyder meir enn den forklarar. Mange tankar vert overlatne til lesaren, så dette krev
mykje av forfattaren.
Dei unge skribentane skriv ope om kjensler, og novellene viser stor skriveglede og
skriveevne.
8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-525-1768-4). - 82-05-20989-8 (ib.) : Nkr 109.00
0021573
u S
Svedelid, Olov
Betongrosene og damen som forsvant / Olov Svedelid ; oversatt av Johan Fredrik Grøgaard.
- Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 210 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Originaltittel: Betong-Rosorna och damen som försvann
1. norske utg.: Tiden, 1986
Tord og vennen hans i klubben "Betongrosene" er igjen fullt engasjerte med å
løysa mysterium i nærmiljøet. Ei eldre dame har slutta å vatna blomane sine, postkassa
er full og alt er stille i leilegheita hennar. Politiet vert kopla inn, men
"Betongrosene" driv etterforsking på eiga hand. Forfattaren er oppteken av
mange aktuelle samfunnsproblem og dei kritiske synspunkta hans kjem til uttrykk både på
ein direkte og indirekte måte, men det heile er kanskje litt overflatisk behandla. Boka
har fått eit friskt, humoristisk språk og handlinga er spennande.
6.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-160-6 (ib.) : Nkr 185.00
GENRE: Spenning
0011275
u S
Svingen, Arne, n., 1967-,
De
tøffeste gutta / Arne Svingen. - [Oslo] : Gyldendal, 2003. - 191
s. - (10:12)
Modulf blir mobba. Sånn har det alltid vore, og det er eigentleg både
greit og riktig. Nokon må jo ta støyten. Og Modulf føler at han er sterk
nok. Det er akkurat som om han og mobbarane har ei slags pakt: Ta meg, men
la dei andre vere i fred. Dette er med andre ord ei reinspikka
martyrhistorie, eller det kunne ha vore det. Men ein dag kjem det ei ny
jente i klassen, ei jente som ikkje er som dei andre, ei jente som stiller
spørsmål som gjer at både mobbeofferet og dei fæle mobberane mistar
balansen.
Høver for 5.-7. kl ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-31281-8 (ib.) : Nkr 199.00. - 82-525-4750-8)
EMNE: Mobbing
0098307
u S
Svingen, Arne, n., 1967-,
Tause skrik
/ Arne Svingen. - 3. utg. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, 2003. - 181 s. - (10:12 Ønskereprise)
1. utg. 2001
Tause skrik er ein skikkeleg grøssar. For kva anna kan ein kalle ei historie om barn som berre forsvinn, utan at nokon skjønner noko som helst, og dei som kunne skjønne noko av det - i det minste prøve å foreta seg noko - dei gjer det ikkje. Og vil kanskje ikkje heller ...
Høver for 6.-7. kl ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-32581-2) (ib.)
GENRE:Skrekk / Skrekk / Spenning
0099328
bl q S
Szabo, Petra
Glasblomelandet / Petra Szabo ; til norsk ved Johannes Farestveit. - <Larvik> :
Norsk Barneblad, 1987. - <28> s. : kol. ill.
Originaltittel: Glasblommornas land
Dette er ein fabel om korleis grunnlaus mistru kan skapa vondt blod og fiendskap.
Glasblomefolket lever i gjennomskinlege hus. Dei er opne og ærlege mot kvarandre, og
lever eit lukkeleg liv. Heilt til det ein dag dukkar opp ein trollmann. Han sel
svartmåling, som han narrar glasblomefolket til å nåla husa sine med. I byte vil han
ha glasblomar - symbolet på håpet og fridommen. Samfunnet vert mørkt og lukka, og det
må ei modig jente til før trollmannen vert stoppa.
2.-4. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-7095-121-8 (ib.) : Nkr 84.00
GENRE: Eventyr
EMNE: Krig og fred
0002128
[Opp]
T
T
Timberlid, Rune, n., 1950-, Førde
Red Mercury / Rune Timberlid. - Førde : Selja, 2003. - 255 s. : kart. - (Selja krim)
Ein oktoberkveld blir ferja frå Fodnes til Mannheller kapra. Fylkesbaatane får krav om å utbetale eit millionbeløp i lausepengar. Elles vil ferja bli sprengd, med Red Mercury, eit kraftig kjernefysisk sprengstoff, som er hamna på avvegar etter Sovjetunionen sitt fall. Om bord på ferja er den amerikanske ambassadøren. Difor startar spekulasjonane om at det kan vere Al Quaida som er i ferd med å markere seg i Europa. Eit storpolitisk spel fylgjer, men midt i det heile blir politimannen Rolf Randen frå Førde og Naustdal lensmannskortor vår lokale helt. Humoristisk og, ja, spennande!
Høver for 9.-10. kl. ; 30 eks
ISBN 82-91722-31-5 (h.) : Nkr 98.00
EMNE: Førde / Sogn og Fjordane
GENRE:Krim
0098365
ung T
Torvanger, Magnus Helge
Knivseggen : roman / Magnus Helge Torvanger. - Oslo : Samlaget, 1989. - 183 s.
Unge Hal er nyutdanna etnograf frå Tri-2, ein kunstig romby i bane rundt stjerna
Trianda. No har han fått sitt første avgjerande oppdrag: å dra til den fjerne og
ugjestmilde planeten Knivseggen, for å studera nomadefolket som lever der. Hal er sterkt
interessert i korleis folket på Knivseggen livbergar seg og lever i sameksistens med dei
merkelege dyra sine, men oppdragsgivarane har pålagt han først og fremst å granska
korleis dei organiserer politikk og økonomi. Kvifor har ikkje Hal forstått, men etter
kvart som grunnen går opp for både han og lesaren, stig spenninga. Dette er god og
fengslande norsk science-fiction, ein genre Torvanger også brukte i boka "Sverdet og
fløyta". -
9.-10. kl. ; 27 eks.
ISBN 82-521-3445-9 (h.) : Nkr 179.00
GENRE: Fantastisk
0002940
ung T
Tuckermann,
Anja
Muscha / Anja Tuckermann ; oversatt av Kari Bolstad. - Oslo Cappelen, 1996. - 171 s.
Originaltittel: Muscha
Josef har mørkt krølla hår og er mørkare i huda enn alle andre. Han vert mobba av
klassekameratane, dei gir han juling og vender ryggen til han. Og læraren straffar han med
spanskrøyr for ting han ikkje har gjort. Josef får heller ikkje vera med i Hitlerjugend
som dei andre. Josef forstår ikkje. På skulen seier dei at han tilhøyrer ein annan rase
og at han er mindreverdig. Kvifor? Josef spør foreldra sine, men dei seier berre at han
ikkje skal bry seg om det andre gjer og seier. Ein dag vert Josef bortført og han veit
ikkje kvifor. Forteljinga om Josef startar i 1938 og endar i 1946. Då er nazi-Tyskland
overvunne og det er fred igjen. Muscha fortel ei sann historie om korleis det var å leva
under Hitler. Historia er levande fortalt, den kan til tider gjera vondt å lesa, men det
er ein historie som gjer noko med deg som lesar.
7.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-15797-8 (ib.) : Nkr 249.00. - 82-525-3258~6 (ib.) Nkr 155.00
EMNE: Mobbing / Nazisme / Rasisme
0083414
u T
Tusvik,
Marit
Katrine / Marit Tusvik ; illustrert av Ingun Bøhn. - Nynorsk utgåve. Oslo :
Samlaget, 1987. 62 s. ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Kvalross i bikini.
Boka handlar om vennskap og forelsking. Katrine er 12 år,
ho har ei god bestevenninna og ho er forelska i Tom. Dei er saman og det er ei spennande
tid med mørke og lange vinterkveldar. Det å vera i lag med ein gut for aller fyrste gong
er ikkje heilt enkelt, fordi ho då ikkje får tid til venninna og andre ting ho har lyst
å gjera. Etter ei tid vert det faktisk ganske hemmande på andre aktivitetar, og Katrine
skjønar at ho må slå opp med Tom. Katrine er ei jente som også trivst på skulen, med
det seier hi ikkje høgt for alle dei andre meiner at skulen er kjedeleg.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3071-2 (h.) : Nkr 65.00
EMNE: Kjensler / Vennskap
0002090
u T
Tveit, Tore
Etter den store krigen / Tore Tveit ; illustrert av Bård E. Valberg. - Nynorsk utg.. -
Oslo : Samlaget, 1984. - 78 s. : ill. - (Sirius-ungdom) (Sirius-bøkene)
Boka fortel om korleis dei fyrste etterkrigsåra på mange
vis vart verre enn sjølve krigsåra for mange ungar. Handlinga går føre seg i ei bygd
på Vestlandet på slutten av 1940-åra. Dei fire hovudpersonane er alle merka av såra
familiane deira fekk i krigen. Bygda vert også kalla Svenske-byen, fordi fleire ungar fekk
koma til Sverige under krigen. Boka handlar også om kor vanskeleg det kunne vera for
desse ungane å koma heim att, enkelte vart jamvel verande hos reserveforeldra i Sverige.
6.-8. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2526-3 (h.) : Nkr 74.00
EMNE: Andre verdskrigen
0002080
b T
Tveit, Tore
Min vesle storebror / Tore Tveit ; illustrert av Sissel Gjersum . - Oslo : Aschehoug,
1988. - 61 s. : ill. - (Aschehougs illustrerte barnebøker)
Dette er ei varm og fin forteljing om det å vera
veslebroren til ein som er annleis. Veslebroren, som fortel, er 10 år og storebroren er
13 år og mongoloid. Veslebroren er veldig glad i bror sin, men det kan også opplevast
problematisk å ha ein slik bror, og det kjem ofte av manglande kunnskap og rare
haldningar hos folk flest. Men det kan også kjennast godt å ha ein bror som alltid vil
vera liten inni seg og avhengig av andre.
2.-5. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-03-15999-0 (ib.) : Nkr 135.00
EMNE: Psykisk utviklingshemma
0002061
[Opp]
V
u V
Vatle, Sylvelin, n., 1957-,
Tim Brentloffs eventyr
/ Sylvelin Vatle. - [Oslo] : Cappelen, cop. 2003. - 183 s.
Dette er den forskrekkelege historia om Tim Brentloffs reise til Nivlheim. Om hans møte med mystiske hjelparar og lumske fiendar - og om korleis han kom til å krysse Gjallabrua.
Høver for 6.-8. kl. ; 10 eks.
ISBN 82-02-22482-9 (ib.) : Nkr 199.00
GENRE:Fantasy
EMNE: Norrøn mytologi
0098308
bl V
Velthuijs, Max
Frosken og den framande / Max Velthuijs ; til norsk ved Halldis Moren Vesaas. - Oslo :
Samlaget, 1994. - <25> s. : kol. ill.
Originaltittel: Frog and the stranger
I denne historia om den grøne frosken, kjem det ein
framand og slår seg ned i skogkanten. Grisen og anda likar det ikkje, og fordi det er ei
rotte trur dei at den framande både er skiten og ein tjuv. Frosken ønskjer å sjå
nærare på karen og det syner seg at rotta beint fram er arbeidsam og hjelpsam. Alle
vennene til frosken tek til å lika den framande. Etter ei tid pakkar han likevel saman
teltet sitt og dreg vidare og det blir eit tomrom etter han. Temaet er framandfrykt. Dei
klare og enkle illustrasjonane kler innhaldet.
1.-4. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4270-2 (ib.) : Nkr 152.00
0031272
V
Vesaas, Tarjei
Kimen ; Fuglane ; Is-slottet / Tarjei Vesaas. - Oslo : Gyldendal, 1988. - 165, 204, 140 s.
- (Norske klassikere)
Fuglane og Is-slottet finst òg på film
1. utg.: Kimen (1940) ; Fuglane (1957) ; Is-slottet (1963) "Kimen" er skriven
under og etter dei første okkupasjonshendingane. Boka fortel om krigen, men dette skjer
gjennom ei historie om noko heilt anna. Eit drap jagar villskapen opp i folket på ei øy,
og får fram ukjende krefter i dei. Boka "Fuglane" handlar om bygdestakkaren
"Tusten". Om det han føler og opplever av redsle, mindreverd og nederlag, men
og om alt han har inni seg og korleis han er som menneske. "Is-slottet" er ein
psykologisk roman om to jenter i gryande pubertetsalder. Dei vert dregne mot kvarandre
utan å forstå kvifor. Boka fortel om det mørke grenselandet i sinnet, der ulike
krefter, draumar og drifter strir om makta.
30 eks.
ISBN 82-05-17630-2 (ib.) : Nkr 152.00
0019221
V
Vesaas, Tarjei
Is-slottet <lydopptak> / Tarjei Vesaas. - <Oslo> : Ariel lydbokforl., 1992. -
4 lydkassettar (ca 300 min) ; i eske 23 x 17 x 4 cm - (Ariels lydbøker)
Lest av: Liv Bernhoft Osa
1. trykte utg.: 1963
ISBN 82-7509-022-9 : Nkr 269.00
0019776
[Opp]
u W
Wold, Kjersti, n.,
Nettopp Jensen og Tometer'n
/ Kjersti Wold. - [Oslo] : Cappelen, cop. 2000. - 171 s.
Frittståande framhald i: Nettopp Jensen og nummeret før døden
Nettopp Jensen er berre 133 centimeter på strømpelesten og oppkalla etter ein telefonsamtale, men elles ein ganske vanleg gut. Han er ein lovande fotballspelar, men tør ikkje gå på trening fordi han blir mobba. Foreldra til Nettopp er mykje ute og reiser, og Nettopp er misnøgd med den faste barnevakta si, den aldrande Marit Alm. Når han ved eit samantreff blir kjend med to komma null null meter lange Tometer'n, får Nettopp både personleg fotballtrenar og ny barnevakt. Tometer'n er ein fargerik fyr som blant anna er god på å omsette teikneseriar. Men når Tometer n får problem på kjærleiksfronten og går ned for full teljing, er det Nettopp sin tur til å ordne opp.
Høver for 4.-6. kl
ISBN 82-02-20414-3). - 82-02-22156-0) (ib.)
EMNE: Mobbing
0090809
[Opp]
Y
b Y
Yayla, Lisa
Den falske blautkaka : og andre kvardagshistorier / Lisa Yayla ; illustrert av
forfattaren. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1990. - 48 s. : ill. - (Sirius barn)
Innhald: Kjelen som sladra ; Klokka som hadde funne si tid
Gull verd ; Døra som klaga ; Den falske blautkaka ; Ein fin pappa ; Den rette gåva ; Den
fine flaska og den grøne krukka Det vanskelege puslespelet ; Bakepulveret som skapte ein
orkan. Ei samling korte forteljingar med dei huslege tinga rundt oss som hovudaktørar -
tinga viser menneskelege eigenskapar på godt og vondt. Fablane er både alvorlege og
muntre, men med eit moralsk sluttpoeng. Boka er forfriskande original og lettlesen. Dei
sjarmerande strekteikningane i teikneseriestil samsvarar godt med teksten.
1.-4. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3614-1 (ib.) : Nkr 98.00
GENRE: Fabel
0007833
[Opp]
Z
ung Z
Zak, Monica
Barrikaden / Monica Zak ; illustrert av Tord Nygren ; <norsk utgåve ved Øystein
Rosse>. - Nynorsk utgåve. - Oslo : Samlaget, 1985. - 63 s. : ill. - (Sirius ungdom)
Ei verkeleg historie frå Nicaragua, om opprøret mot
Somoza sommaren 1979. Eddy, 12 år, bur i eit slumstrok i Managua. Storebroren Marvin er
sandinist og tida er komen for å gjera opprør. Marvin organiserer gutane i kvartalet til
å byggja ein barrikade, og natta før slaget må Eddy sitja vakt der heilt åleine. Eddy
ser attende på livet sitt og ein forstår kvifor folket må gjera opprør. Folket sigrar,
men før Somoza må rømma set han i gang "operasjon opprydding". Ein lastebil
reiser rundt og samlar saman alle ungane i 12-13 års alderen. Eddy og kameratane hans
vart skotne som represaliar mot opprørarane.
8.-10. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2597-2 (h.) : Nkr 65.00
EMNE: Nicaragua
0002091
ung Z
Zak, Monica
Pumadottera / Monica Zak ; til norsk ved Jo Ørjasæter. - Oslo: Samlaget, 1988. - 180 s.
- (Ten-bok)
Originaltittel: Pumans dotter
Pumadottera er indianarjente frå Guatemala. Ho tilhøyrer
mayaindianarane som i byrjinga av 1980-åra måtte flykta over grensa til Mexico. Ei natt
dreg ho attende til heimstaden for å leita etter mormor og ein eldre bror som vart att i
Guatemala. Etter som ho nærmar seg Yalan, heimstaden, opplever ho på ny massakrane som
dreiv folket hennar på flukt. Forfølginga av mayaindianarane i Guatemala er djupt
tragisk og det som vert fortalt har verkeleg hendt - og hender enno. Ei engasjerande bok
som også syner at folk i vår del av verda kan gjera noko for å hjelpa.
8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3138-7 (h.) : Nkr 118.00
GENRE: Indianar
EMNE: Guatemala
0001811
bl q Z
Zak, Monica
Redd jungelen min / fortalt av Monica Zak ; illustrert av Bengt-Arne Runnerström ; til
norsk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, 1988. - 32 s. : kol. ill.
Originaltittel: Rädda min djungel
Denne boka er bygd på ei sann historie om guten Omar som
ville redda regnskogen i landet sitt, Mexico. Han bur i Mexico City, ein by med 20 mill.
menneske og mykje forureining. Omar forstod at raseringa av regnskogen er eit trugsmål
mot livet på jorda og han starta ein protestmarsj saman med far sin. I kampen for å
redda jungelen er det viktig å få fleire med seg, slik at dei saman kan kjempa vidare
for denne viktige saka.
2.-5. kl. ; 24 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-3204-9 (ib.) : Nkr 108.00
EMNE: Barn i Mexico / Regnskogar
0002079
[Opp]
Ø
u Ø
Örtengren, Lisa
Ulv og eg / Lisa Örtengren ; omsett til nynorsk av Ingvar Moe ; <handskriven tekst:
Leif Bakke>. - <Nynorsk utg.>. <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1990. - 119 s.
: ill.
Originaltittel: Min illrøda kompis
1. norske utg.: Oslo : Cappelen, 1989
Handlinga i denne boka er lagt til 50-åra. Anna, 11 år,
reagerer på tidas ideal om å vera snill, lydig og stille. Så ein dag dukkar Ulv opp,
ein eldraud ulv med nyslipte tenner, passeleg snill og veloppdregen, men med humoristiske
ytringar og frekke påfunn. Han fortel at han tilhøyrer Anna og alltid har gjort det. Og
han er Annas moralske støtte, med snuten hans i ryggen vågar ho å seia kva ho meiner og
føler når det er noko som plagar henne eller når dei vaksne er altfor dumme. Ei bok med
mykje humor, fantasi og varme. Boka har morosame illustrasjonar, som kler teksten.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2199-1 (ib.) : Nkr 94.00
GENRE: Humor
00055
[Opp]
|