Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske 
klassesett

Fullstendig liste

Søk i 
klassesettbasen

Heim

 

 

 

Anbefalte klassesett

- tilbakemeldingar frå lærarar som har brukt klassesetta


Bøker for dei yngste kjem først i lista, for dei eldste sist.

Klikk på biletet for å søke boka opp i klassesettbasen for omtale og oversikt over eksemplar.

Flisa og Lynet av Lasse Anrell                    

Høver for 1. til 4. klasse        
Nynorsk

”Denne boka har eg brukt som klassesett i 3. klasse. Den var kjempepopulær blant elevane. Kan absolutt anbefalast!! Flotte teikningar og fengjande handling.”  - Lærar, Sande skule

 

Dustefjerten og den store vårdagen av Rune Belsvik         

Høver for 1. til 5. klasse  
Nynorsk

”Brukte klassesettet i 4. klasse og dei likte boka kjempebra. Den var morosam og fenga deira humor. Me laga arbeidsoppgåver til kapittela, me las høgt og dei las stilt. Fint med ei nynorsk bok!” Lærar, Gaupne skule



Modige Karl Gustav av Rose og Samule Lagercrantz          

Høver for 4. til 6. klasse    
Nynorsk

”Ei kjekk bok som er lett å lese. Alle klarar å lese denne, og den gjev ei god leseoppleving”  - Lærar, Olden skule.

”Elevane mine i 5. klasse likte boka godt; lettlest, ikkje for mykje tekst på kvar side, bilete, humor, gjenkjenning. Takk for hjelpa.” - LærarFlorø barneskule

 

Heksa av Atle Hansen

Høver for 4. til 7. klasse     
Nynorsk

”God bok for 5. – 7. klasse. Godt språk med mykje skildring” - Lærar,  Værlandet skule

”Elevane synest det var ei spennande bok. Litt skummel…. Kan anbefalast til gode lesarar i 4. klasse og oppover” - Lærar, Skram skule.

 

Min venn Percys magiske gymsko av Ulf Stark     

Høver for 5. til 7. klasse     
Bokmål 

”Elevane i 5. og 6. klasse har likt denne boka godt. Ho var grei for dei dårlegaste lesarane, men morosam og for dei flinke. Kan anbefale boka for andre”  - Lærar, Brekke skule

”Boka falt absolutt i smak for elevane i 5. til 7. klasse” - Lærar, Oppstryn skule

 

Ulvenatt i Berardenga av Bjørn Sortland

Høver for 5. til 7. klasse
Nynorsk 

”Det var eit veldig vellukka leseprosjekt. Vi las ca. 15 sider til kvar dag. Noko tok vi felles i klassen. Resten las dei heime. Kjekt å møte forfattaren etterpå. Dei hadde mange spørsmål til han.” – Lærar, Dingemoen skule

                   

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl 
(
1. bok i ein serie)

Høver for 5. til 8. klasse
Nynorsk

”Denne boka fall i smak hos dei fleste. Kan anbefalast. Språkleg god og veldig spennande. Mange vil lese vidare. Eg og…” – Lærar, Sagatun skule 

 

 The Twits av Roald Dahl  

Høver for 5. til 8. klasse
Engelsk

”Takk for lånet. Elevane i 6. klasse har kost seg med boka og vi har hatt ein artig periode” - Lærar, Trudvang skule

 

Den kvite sykkelen av Hanne Brandt

Høver for 6. til 7. klasse
Nynorsk

”Denne boka var midt i blinken for 6. til 7. klasse. dei har og mykje dei ikkje snakkar om. Flott å kunne ta det opp i fellesskap. Læraren las veldig mykje høgt frå denne boka. Kan absolutt anbefalast.” - Lærar, Rygg skule

 

Og så kom Jakob av Kirsten Boie

Høver for 6. til 7. klasse
Nynorsk

”6. og 7. likte boka godt. Men vart litt langdryg.” - Lærar, Rygg skule

 

Frosen eld av James Houston

Høver for 6. til 8. klasse     
Nynorsk

”Eg kan absolutt  anbefale boka. Eg har lese boka mange gongar med 6.-7. klasse. Spennande – framandt miljø – kjekt å lese om vinteren så vi kan ”kjenne på kulden” vi og. I år har vi lese boka og samtidig jobba med Canada – Alaska- øyane ( Nordområda). Flott! Veldig flott for dei gutane som elles ikkje les så mykje.” - (Lærar, Rygg skule)

 

Inga jente er som du av Helga Gunerius Eriksen  

Høver for 6. til 8. klasse
Nynorsk

 ” Ja, god bok for å få tak i alt som skjer på innsida til Inga.” – Lærar, Gloppen ungdomsskule

 

 Brevdua av Erik Niels Hansen

Høver for 6. til 8. klasse
Nynorsk

”Dei fleste likte boka, tykte ho var spanande. Nokre tykte at når dei hadde lese ein del av boka, så sa det seg sjølv at ho ville ende godt. Ok bok – ei bok alle i ein klasse kan lese – tenkjer då på at ho ikkje er for lang og har god størrelse på bokstavane. Lett å lese.” – Lærar, Hjelle skule

 

Markus og Diana : lyset fra Sirius av Klaus Hagerup

Høver for 6. til 10. klasse
Bokmål

”Me har brukt meir tid enn planlagt, men arbeidet har vore kjekt. Elevane likte boka godt. Humoren var tydeleg – og me fekk oss mang ein god latter. Me har også jobba vidare med boka – bokmelding. Klassen har no vore på biblioteket og lånt bok ut frå eige val. Håper me kan halde på/vekkje leseglede hjå elevane. Takk for lånet.” – Lærar, Luster ungdomsskule

 

Giftige løgner av Ingvar Ambjørnsen

Høver for 6. til 10. klasse
Bokmål

”Eg kan anbefale boka for andre. Den fall i smak hos elevane. Positivt at den var trykt med store bokstavar.” – Lærar, Svelgen skule

”God bok! Ambjørnsen fenger de unge. Mange gode diskusjoner underveis er med på å halde motivasjonen oppe. Fleire av elevene har lånt bøker i serien om Pelle og Proffen nå i ettertid. Ambjørnsen skriv med sjargong og mykje banning. Dette tok vi opp før vi begynte på boka. Vi snakka om forfattarkapet og forfattaren som person, - hans sympati for ”outsiderne” i samfunnet. Miljøet og personane som gir ”liv” til boka!” - Lærar, Kaupanger skule

 

Grensejegerar av Torvald Sund

Høver for 8. til 10. klasse
Nynorsk

”Boka var lett å lese. Positivt at den er på nynorsk. Tema i boken går att i samfunnskunnskap. I tillegg til referat, arbeidde me denne gongen med oppgåver av typen ”Tenk deg at du er Terje som står og fiskar. Lag ei skildring av kva du høyrer, ser opplevar…” – Lærar, Luster ungdomsskule

 

Saynab av Eva Norderhaug

Høver for 8. til 10. klasse
Bokmål

”Vi lærarane synest at boka var veldig bra. Den var engasjerande og interessant. Elevane i 8. klasse var delte i synet sitt på boka. Nokre likte den svært godt og las den fort ut. Dei sa at den gav dei ny kunnskap om livet til innvandrarungdom og konfliktar kring dette. Andre vart leie etter kvart og meinte det var kjedeleg med intervjuforma som boka er skriven i. Det vil alltid vere nokre som misliker eit leseprosjekt, medan jamt over trur eg elevane synest det var ok. Fleire gutar enn jenter sa det var kjedeleg.” – Lærar, Naustdal barne- og ungdomsskule

 

Mercedes av Ragnar Hovland

Høver for 9. og 10. klasse
Nynorsk
 

”Ja, vi kan tilrå boka. Ho er morosam, lun humor. Elevane kan kjenne seg litt igjen…” - Lærar, Gloppen ungdomsskule 

(Denne boka har vi i to utgåver, den "vanlege" (t.v.), og ei utgåve med større bokstavar/lettare å lese (t.h.))

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 17.08.05 , av Anja Angelskår Mjelde