|
Klassesett
hovudside
Tingingsskjema
Nynorsk
-
1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse
Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse
Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse
"Vaksen-
litteratur"
Skodespel
Engelske
klassesett
Fullstendig liste
Heim
|
Klassesett for 8.-10. klasse, nynorsk
Her finn ein alle klassesetta på nynorsk som passar for eitt eller fleire
klassetrinn i spennet 8.- 10. klasse.
Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar
for. Klikkar ein på pila ved forfattaren ( ),
hoppar ein ned til ein omtale av
boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen
på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av
boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.
Bøker som er lette å lese er markert med .
|
|
Forfattar
|
Tittel
|
Alder
|
Lett
|
 |
Belsvik,
Rune |
Alle dei fine jentene
|
8.- 10. kl. |
 |
 |
Belsvik,
Rune |
Kjærleiken er eit filmtriks
|
9.- 10. kl. |
 |
 |
Belsvik,
Rune |
Kjærleiken er eit filmtriks <lydopptak>
|
|
|
 |
Belsvik,
Rune |
Kråkejakt
|
5.- 8. kl. |
|
 |
Boie,
Kirsten |
Og så kom Jakob
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Brandt,
Hanne
|
Den kvite sykkelen
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Bruheim, Magnhild
|
Ny melding
|
8.- 10. kl. |
|
 |
Bylock,
Maj
|
Solsteinen ; Måneringen
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Bødtker,
Marit Lund
|
Kristian til vêrs
|
6.- 8. kl. |
 |
 |
Elmer,
Martin
|
På ein måndag kan det skje så mangt
|
9.- 10. kl. |
|
 |
Eriksen,
Helga Gunerius
|
Inga jente er som du! : fjellet
|
6.- 8. kl. |
|
 |
|
Gunnlaug Ormstunge soga
|
9.- 10. kl. |
|
 |
|
Gunnlaug Ormstunge soga
<lydopptak>
|
|
|
 |
Hallén,
Arnold
|
Farleg leik
|
9.- 10. kl.
|
|
 |
Hallén,
Arnold
|
Hemmelege våpen
|
9.- 10. kl. |
 |
 |
Hansen, Atle
|
Det kvite pulveret
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Hansen,
Erik Niels
|
Brevdua
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Holmås,
Stig
|
Vinterhauk og eldvatnet
|
7.- 10. kl.
|
|
 |
Houston,
James
|
Frosen eld : ei forteljing om mot
|
6.- 8. kl.
|
|
 |
Hovland,
Ragnar
|
Mercedes :
roman
|
9.- 10. kl.
|
|
 |
Hovland,
Ragnar
|
Mercedes
|
9.- 10. kl.
|
|
 |
Hovland,
Ragnar |
Mercedes <lydopptak>
|
|
|
 |
Kleiva,
Rønnaug |
Plutseleg no |
8.- 10. kl. |
|
 |
Kolerud, Arnfinn |
Den som ikkje har gøymt seg no |
8.- 10. kl. |
|
 |
Kaaberbøl, Lene
|
Skammarens dotter
|
5.- 10. kl. |
|
 |
Kaaberbøl, Lene
|
Skammarteiknet
|
5.- 10. kl. |
|
 |
Levoy,
Myron
|
Alan og Naomi
|
7.- 9. kl. |
|
|
Lind,
Idar
|
Drakeblod. Første forteljing. Det kvite spydet
|
8.- 10. kl. |
|
|
Mathisen, Mathis
|
Ismael
|
5.- 8. kl. |
|
|
Mathisen, Mathis
|
Ismael <lydopptak>
|
|
|
|
Osland, Erna
|
Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Osland, Erna
|
Hauk over hauk
|
8.- 10. kl. |
|
 |
Osland, Erna
|
I grevens tid
|
8.- 10. kl. |
|
 |
Pettersen, John Roald
|
Kattepinn og sørphøne
|
5.- 10.kl. |
|
 |
Roberts, Emlyn
|
Innesperra
|
7.- 10. kl. |
|
 |
Schami, Rafik
|
Ei hand full av stjerner
|
9.- 10. kl.
|
|
 |
|
Svart salt og gule toner : 34 noveller av ungdom
|
8.- 10. kl. |
|
|
Timberlid, Rune
|
Red Mercury
|
9. kl. - |
|
 |
Torvanger, Magnus Helge
|
Knivseggen : roman
|
9.- 10. kl. |
|
 |
Tusvik, Marit
|
Katrine
|
6.- 8. kl. |
 |
|
Vatle, Sylvelin
|
Tim Brentloffs eventyr
|
6.- 8. kl. |
|
 |
Zak, Monica
|
Barrikaden
|
8.- 10. kl. |
 |
 |
Zak, Monica
|
Pumadottera
|
8.- 10. kl. |
|

ung B
Belsvik,
Rune
Alle dei fine jentene / Rune Belsvik. - Nyn. utg.. - Oslo : Samlaget, 1988. - 101 s. -
(Sirius ungdom)
Ei fin bok om ungdom og forelsking, om svingande kjensler
og gryande, famlande erotikk. Temaet er behandla med innsikt og respekt, og det er gjort
på ein vår og fin måte. Hovudpersonen, Arne Bu, forelskar seg stadig vekk og det er
forståeleg når heile skulen med eitt er full av fine jenter. Ei bok til å kjenna seg
att i.
8.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3219-7 (h.) : Nkr 87.00
GENRE: Erotisk
EMNE: Kjensler / Seksualitet
0000087
ung B
Belsvik,
Rune
Kjærleiken er eit filmtriks / Rune Belsvik. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1992. -
111 s. - (Sirius-bøkene. Sirius ungdom)
Boka finst òg i lydbokutg.
- Framhald av: Alle dei fine jentene. - Framhald i: På nippet
Arne strir med to problem: Han skal skriva særoppgåve og han er skuffa og trur ikkje
lenger på kjærleiken. Han gjer dette til eit problem og vel å skriva ei oppgåve han
kallar "Kjærleiken er eit filmtriks". For å stadfesta hypotesen han legg til
grunn, vil han intervjua folk. Han er spesielt interessert i å spørja gamlekjærasten
sin, Grete Eik, og den nye vennen hennar, Jostein Myra. Dette er ei velskriven bok. Trass
i ein alvorleg undertone, er det mykje å mora seg over og kjenna seg att i.
9.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3984-1 (ib.) : Nkr 118.00
EMNE: Kjensler / Seksualitet
0020270
ung B
Belsvik,
Rune
Kjærleiken er eit filmtriks <lydopptak> / Rune Belsvik. <Oslo> : Samlaget,
cop. 1992. - 2 lydkassettar (120 min) ; i eske 18 x 14 x 4 cm - (Samlagets lydbøker)
Framhald av: Alle dei fine jentene. - Lese av forfattaren
Trykt utgåve: 1992
ISBN 82-521-3948-5
EMNE: Kjensler / Seksualitet
0022183
u B
Belsvik,
Rune
Kråkejakt / av Rune Belsvik. - <Oslo> : Cappelen, 1989. - 108 s.
Hovudpersonen, Leif Bjørk, er så lei av jobben sin på likningskontoret at han låser
seg inne på do for å skriva ei bok. Ei bok frå barndommen på Stord der venskapen
med
Ole Murke står sentralt. Leif vert ofte plaga av dei andre gutane, ikkje minst p.g.a.
mora. Så ein dag dukkar Ole Murke opp, ein gut som er sterk og snill og grei og modig nok
til å vera redd. Dei to vert "smugkameratar", går på kråkejakt og har det
ganske fint saman. Boka handlar om barndommens gleder og sorger, vennskap og svik, store
håp og store vonbrot. Det er ei ekte, morosam og varm bok, som høver for både born og
ungdom.
5.-8. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-02-12093-4 (ib.) : Nkr 159.00
EMNE: Vennskap
0002917
u B
Boie,
Kirsten
Og så kom Jakob / Kirsten Boie ; omsett av Øystein Rosse. <Stabekk> : Bokklubbens
barn, 1988. - 12,1 s.
Originaltittel: Mit Jakob wurde alles anders
Nele, som er 12 år, er forelska for første gong. Det kan
opplevast som veldig problematisk, og i tillegg er alt nokså kaotisk heime. Mor er byrja
å arbeida ute att og far skal vera husfar, etter at dei noko uventa fekk Jakob, familiens
yngste. Familien taklar problema og har det stort sett godt med kvarandre, fordi dei kan
snakka saman. Ei god bok, som m.a. tek opp temaet kjønnsroller på ein humoristisk og
grei måte.
6.-8. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-525-1506-1 (ib.) : Nkr 84.00
EMNE: Kjensler / Kjønnsroller / Søsken / Vennskap
0000167
u B
Brandt,
Hanne
Den kvite sykkelen / Hanne Brandt i omsett frå dansk av Øystein Rosse ; omslag og
illustrasjonar: Åshild Havåg Bergseth. <Larvik> : Norsk Barneblad, 1987. - 121 s.
: ill.
Originaltittel: Den blå cykel
Ei aktuell bok om kva som kan skje når ein fortrengjer
sorg og vonde opplevingar. Venninnene, Marianne og Nina, som går i 7.klasse har det fint
saman heilt til den dagen Marianne døyr i ei trafikkulukke. Nina får sjokk og dei
vaksne prøver å få ho til å gløyma det som har skjedd. Fordi ho ikkje får leva ut
sorga, vert ho aggressiv og får psykiske problem.
6.-8. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-7095-119-6 (h.) : Nkr 78.00
EMNE: Sorg / Trafikkulukker / Død
0002083
ung B
Bruheim, Magnhild, n., 1951-,
Ny melding : roman
/ Magnhild Bruheim. - Oslo : Samlaget, 2003. - 171 s.
Dette er den første krimboka for ungdom av Magnhild Bruheim. Boka grip deg fort og slepp deg ikkje før du veit korleis det ender. Spenninga er til å ta og føle på. Bente si venninne forsvinn plutseleg på veg heim med bussen ein sein kveld i lag med ein ukjend gut. Politiet blir kopla inn, ein trur noko frykteleg er skjedd. Men Bente begynner å få tekstmeldingar frå venninna. Ho skriv ho har det bra. Er det venninna sjølv som sender dei? Har ho rømt frivillig eller blir ho halden som fange?
Høver for 8.-10. kl
ISBN 82-521-6299-1 : Nkr 203.00
GENRE:Spenning
0100297
u B
Bylock,
Maj
Solsteinen ; Måneringen / Maj Bylock ; til nynorsk ved Ragnar Hovland. - <Stabekk>
: Bokklubbens Barn, 1987. - 219 s.
Originaltitlar: Solstenen ; Månringen
1. norske utg.: Damm, 1984 og 1985
Handlinga er lagd til gotlandsk bondemiljø i
middelalderen. Dette er ei frodig og eventyrleg historie konsentrert om mange
spenningsskapande element og menneskelege relasjonar. Guten Dan drøymer den gamle draumen
om steinens løyndom, den han har rundt halsen og som skal hjelpa han til å finna broren
Jakob. På leitinga si etter broren opplever Dan mykje merkeleg, prega av mystikk, trolske
stemningar og spennande situasjonar. Dan finn broren innesperre i eit bur som vert brukt
som dårekiste. Han er skulda for å ha myrda. Saman opplever dei ei spennande flukt og
vegen mot reinvasking for broren Jakob. Boka har frodige personskildringar, og er meir ei
spenningsbok enn ei bok med historisk koloritt frå denne tida.
6.-8. kl. ; 27 eks.
ISBN 82-525-1477-4 (ib.) : Nkr 89.00
GENRE: Historisk / Spenning
0005219
u B
Bødtker,
Marit Lund
Kristian til vêrs / Marit Lund Bødtker ; illustrert av Øyvind Hansen. - Nynorsk utgåve
/ <ved Øystein Rosse>. - Oslo : Samlaget, 1995. - 85 s. : ill. - (Sirius-bøkene.
Sirius barn)
Framhald av: Kristian i gruva
Kristian er 12 år. I blant gjer han ting han ikkje har lov
til, som når me møter han i denne forteljinga. Han heng høgt oppe i lufta og kjem
korkje opp eller ned. Kristian er på veg til venninna Sigrid. Ho har flytta til
Jakobsbakken, eit stykke unna. No er ho sjuk, og Kristian lengtar etter å sjå ho att.
Ein taubane blir redninga. Den fraktar malm frå gruvene ved Jakobsbakken, og turen tek
berre tre timar. Kristian lurer seg med. Så stoppar taubanen, sidan det er dagen før
palmesøndag. Kva skal Kristian gjera? I denne lettleseboka er me noko attende i tid, til
eit samfunn berre kjent av nokre få av dagens ungar. Situasjonen Kristian hamnar i er
likevel til å kjenna att, og spenninga held lesaren fast. Her er eit stramt språk og ei
god forteljing, til saman blir dette ei vellukka lettlesebok.
6.-8. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4611-2 (ib.) : Nkr 125.00
EMNE: Historisk
GENRE: Spenning
0038517
ung E
Elmer,
Martin
På ein måndag kan det skje så mangt / Martin Elmer ; frå dansk ved Rolf Kirknes. -
Oslo : Samlaget, 1987. - 131 s. - (Ten-bok)
Originaltittel: På en mandag kan der ske så meget
Dette er ei bok i dagboksform. 14-åringen Daniel fortel om
det "trege" livet sitt på ein humoristisk og treffande måte. Han skildrar
m.a. forholdet til faren, skulen, kameratane og forelskingar. Det dukkar opp mangt
spennande i Daniels liv, og forteljinga er halden i ein munter tone, lett ironisk og
slagferdig.
9.-10. kl. ; 22 eks.
ISBN 82-521-2972-2 (h.) : Nkr 98.00
EMNE: Alkoholmisbruk / Homofili / Rasisme
0002168
u E
Eriksen,
Helga Gunerius
Inga jente er som du! : fjellet / Helga Gunerius Eriksen.- Oslo : Samlaget,
1989. - 75 s.
Framhald i: Finn Inga!
Inga er 12-13 år og ho og onkel Inge dreg til fjells saman. Han er ein herda
fjellfarar, ho er heilt fersk - men går på med krum rygg. Bak seg har ho ein
konfliktfylt familiesituasjon, som ho skiftevis slepp til og skuvar bort frå
tankane sine - og som ho etter kvart klarar å snakke med onkelen om. Ho
opplever naturen sterkt og på godt og vondt, og røyner at avstand kan gi
perspektiv og pusterom. Ei frisk og fortruleg forteljing med eit enkelt, men
viktig tema.
6.-8. kl. ; 23 eks.
ISBN 82-521-3457-2 (ib) : Nkr 134.00
EMNE: Skilsmisse / Vennskap
0003030
839.6 G
<Gunnlaug Ormstunge soga>
Soga om Gunnlaug Ormstunge / omsett av Jakob Fjalestad. - Oslo: Aschehoug, 1995. - 39 s.
:ill. kart
Boka finst òg i lydbokutg.
Merknader s. 38 - 39
Soga om Gunnlaug Ormstunge er ei fast oppbygd forteljing,
som minner om novella. Ho er kort og det er etter måten få personar å halda greie på.
Trekantdramaet Helga - Gunnlaug - Ravn har eit sterkt tak på moderne lesarar.
Hovudpersonane i soga levde omkring år 1000, Ravn og Gunnlaug fall i 1009. Soga er truleg
skriven i åra 1270-80 og er den av islendingsogene som er vidast kjend.
9.-10. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-03-00700-7 (h.) : Nkr 65.00
EMNE: Norrøn litteratur
0041088
839.6 G
<Gunnlaug Ormstunge soga>
Soga om Gunnlaug Ormstunge <lydopptak> / <omsett av Jakob Fjalestad> - Melhus
: Lydbokforl., 1996. - 1 lydkassett (89 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lydboka er innlesen av Hallvard Lydvo etter 22.opplaget i 1993 på Aschehoug
ISBN 82-03-00700-7. - 82-421-0520-0
EMNE: Norrøn litteratur
0041119
ung H
Hallén,
Arnold
Farleg leik / Arnold Hallén ; illustrert av Hennie Ann Isdahl . - Oslo : Samlaget, 1985.
- 83 s. : ill - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Ei bok frå siste krigsvåren i 1945. 17-åringane Are og
Sverre er ikkje samde om ein skal gjera aktiv eller passiv motstand. Sverre vil slutta seg
til heimefronten, medan Are ikkje likar å slåss og heller vil ha kuldefront mot
tyskarane.
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-2599-9 (h.) : Nkr 47.00
EMNE: Andre verdskrigen
0002088
ung H
Hallén,
Arnold
Hemmelege våpen / Arnold Hallén ; illustrert av Magne Kjellesvik. - Nynorsk utg.. - Oslo
: Samlaget, 1982. - 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Temaet er siste verdskrigen i Noreg. Det er i 1944 og ved
eit tilfelle kjem 16-åringen Arild og far hans i kontakt med mystiske menn i skogen ved
garden der dei bur. Etter kvart får ein glimt inn i alt det løynde som går føre seg
når eit land er i krig. Menneska mistenkjer kvarandre, ja endå til sin eigen far. Denne
lettleseboka har lågaste vanskegrad, som og avspeglar seg tematisk. I sluttkapitlet
forklarar forfattaren dei historiske hendingane som ligg til grunn for denne forteljinga.
9.-10. kl. ; 9 eks.
ISBN 82-521-2123-3 (h.) : Nkr 72.00
EMNE: Andre verdskrigen
0005877
u H
Hansen, Atle, n., 1954-,
Det kvite pulveret : spenningsroman / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2006. - 68 s.
Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya.Høver for 6. til 8. klasse; 30 eks.
ISBN 82-521-6910-4 (ib.) : Nkr 179.00. - 978-82-521-6910-2)
GENRE:Spenning
0127385
u H
Hansen,
Erik Niels
Brevdua / Erik Niels Hansen ; omsett frå dansk av Øystein Rosse. - <Stabekk> :
Bokklubbens barn, cop. 1988. - 146 s.
Originaltittel: Brevduen
Hovudpersonen, Justin, er utan far og vert av den grunn
mobba på skulen. Trass i moras ynskje om forteiing, fortel bestefaren om forholdet mora
hadde til ein tidlegare gardsgut, Karl. Han vart skulda for mord, men klarde å rømma.
Justin vert interessert i denne historia gjennom ei brevdue, som det står namnet Karl
på. Mordgåta vert løyst og Justin finn den etterlengta far sin. Dette er ei intenst
spennande bok, både når det gjeld ytre handling og på det kjenslegmessige
planet. Boka
har bra stor skrift og eit godt språk.
6.-8. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-525-1520-7 (ib.) : Nkr 79.00
GENRE: Spenning
0000001
ung H
Holmås,
Stig
Vinterhauk og eldvatnet / Stig Holmås ; illustrert av Dag Fyri. - Nynorsk utgåve / ved
Tore Tveit. - Oslo : Samlaget, 1982. 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Vinterhauk og skalpejegerane
Indianarforteljing frå New Mexico i 1830-åra.
Apasjekrigaren Vinterhauk og vennen Gule Fjør dreg på jakt for å retta opp att æra til
far til Vinterhauk. Han er misbrukar av eldvatnet til dei kvite. Boka fortel om kampar
mellom apasjar, meksikanarar og kvite.
7.-10.kl. ; 18 eks.
ISBN 82-521-2127-6 (h.) : Nkr 87.00
GENRE: Indianar
0002089
u H
Houston,
James
Frosen eld : ei forteljing om mot / James Houston ; omsett av Øystein Rosse. -
<Stabekk> : Bokklubbens barn, 1988. - 136 s.
Originaltittel: Frozen fire
Ei veldig spennande villmarksforteljing frå Arktisk
Canada. Matthew Morgan, som er 13 år, og far hans, geologen, er komne for å bu hos
inuittane for ei tid. Faren drøymer om å verta rik og legg ut på ein farefull
ekspedisjon. Han kjem ikkje att, dermed må Matthew og vennen Kajakk dra ut for å leita
etter han. Det vert ein uhyre spennande og strabasiøs tur for gutane, dei må verkeleg
kjempa mot naturkreftene for å overleva.
6.-8. kl. ; 49 eks.
ISBN 82-525-1528-2 (ib.) : Nkr 86.00
Genre: Villmark
EMNE: Eskimoar - Nord-Amerika
0000177
ung H
Hovland,
Ragnar
Mercedes : roman / Ragnar Hovland. - Oslo : Samlaget, 1989. 141 s.
Pål kjem ikkje frå nokon familieidyll: på første sida
marsjerer mora ut av heimen, og det på 2.juledag, etter at faren har prøvd å treffa
henne med kaffikanna. Pål har opplevd ein god del i sitt 14-årige liv, og innrettar seg
etter forholda ved hjelp av den aude øys taktikk. Han held kontakten med mora og får
hendene fulle med å passa både den nokså utilreknelege faren og det ulønsame
antikvariatet hans. Midt oppi dette treffer Pål ei jamaldrande jente som er mykje verre
stelt enn han - det er henne han kallar Mercedes. Dei utviklar ein solidaritet og ein varm
vennskap som gir både livsmot og hjartebank. Boka er spennande og lett å sluka, skriven
av ein velopplagd forfattar med stor formuleringsglede. Humoren kan vera både turr og
svart, men alvoret og overlevingsfilosofien ligg under heile vegen.
9.-10. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-521-3278-2 (ib.) : Nkr 148.00
EMNE: Ungdom og foreldre / Vennskap
0002878
ung H
Hovland,
Ragnar
Mercedes / Ragnar Hovland. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. 199 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve
1. utgåve: Samlaget, 1989
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-7413-129-0 (ib.) : Nkr 185.00
EMNE: Ungdom og foreldre / Vennskap
0011234
ung H
Hovland,
Ragnar
Mercedes <lydopptak> / Ragnar Hovland. - Oslo : Hilt & Hansteen , <utsendt
1991>. - 3 lydkassettar (200 min) ; i øskje 23 x 17 x 3 cm - (Bibliotekenes lydbøker)
Innlese av: Hallvard Lydvo. - Boka finst òg i storskriftutgåve (Salto-bøkene, 1991)
1. trykte utgåve: Samlaget, 1989
ISBN 82-7413-152-5 : Nkr 222.00
0011235
ung K
Kleiva,
Rønnaug
Plutseleg no / Rønnaug Kleiva. - Oslo : Samlaget, 1990. - 109 s.
Mari går i åttande klasse. Mykje held på å endra seg
med henne, og ofte kjem endringane plutseleg. Plutseleg har ho fått seg ei bestevenninne.
Plutseleg er ho forelska. Midt i alt dette kjem førebuinga til konfirmasjonen, skal ho
eller skal ho ikkje? Dette er ei varm bok som også har humor, sjølv om mora, som er
overdriven aktiv i førebuingane til konfirmasjonen, grensar til karikatur. Ei heilstøypt
og truverdig skildring av Mari, som utviklar seg frå barn til sjølvstendig vaksen, i
oppgjer med seg sjølv, foreldra, tradisjonar og haldningar. Språket er presist og knapt
og boka har korte kapittel.
8.-10. kl. ; 29 eks.
ISBN 82-521-3590-0 (ib.) : Nkr 138.00
EMNE: Kjensler / Konfirmasjon / Vennskap
0007159
ung K
Kolerud, Arnfinn, n., 1968-,
Den som ikkje har gøymt seg no / Arnfinn Kolerud. - Oslo : Samlaget, 2004. - 223 s.
Odd har spegla seg mot baksida av ei spiseskei og byrja å lure på om han er heilt som han skal. Bestevennen Per Tore stengjer seg brått inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen. Han trur det kviler ei forbanning over han. Det skjer jo så mange ulykker der han er! Då vil mor til Per Tore at Odd skal snakke med han. Men Odd er ikkje så flink til å snakke, han må hjelpe til på anna vis. Med seg sjølv og andre som innsats, bestemmer Odd seg for å setje den innbilte forbanninga på prøve. Så får det gå som det går. Og det gjer det. Denne boka er ei av dei bøkene som fekk mest merksemd det året den kom ut. Forfattaren mottok fleire prisar og boka fekk mykje velfortent skryt.
Høver for 8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-6231-2 (ib.)
0103608
u K
Kaaberbøl, Lene, d., 1960-,
Skammarens dotter / Lene Kaaberbøl ; frå dansk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, cop. 2003. - 212 s. : ill. - (Skammarserien ; 1)
Framhald i: Skammarteiknet
Dina har arva ein heilt spesiell eigenskap av mor si som ho helst ville ha vore forutan, men må lære seg å leve med. Ein
Skammar kan tvinge folk til å tilstå ugjerningar og skamme seg, berre ved å sjå dei i auga. Dina blir sett på harde
prøver når ho må hjelpe mora i kampen mot den vonde fyrst Drakan, herskaren i Dunark-borga. Ei mystisk mordsak står
uløyst, og Drakan vil tvinge Skammaren til å misbruke si makt.
Her får du alle fantasy-litteraturen sine ingrediensar: Groteske skapnader, magi, drakekampar, hekser og blodige
oppgjer. Eit intenst drama med eit direkte og replikksterkt språk som gjer fantasien sprell levande. Og dette er berreførste bok i ein suksessrik serie på fire.
Høver for 5.-10. kl.
Originaltittel: Skammerens datter
ISBN 82-521-6189-8 (ib.) : kr 148.00
GENRE:Fantasy
0097581
u K
Kaaberbøl, Lene, d., 1960-,
Skammarteiknet / Lene Kaaberbøl ; frå dansk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, cop. 2003. - 288 s. - (Skammarserien ; 2)
Framhald av: Skammarens dotter
Skammarfamilien har flykta opp i Høglandet, men den hemngjerrige fyrst Drakan og drakehæren hans får meir og meir makt, og ingen stad er trygg for Skammaren og barna hennar. 16-årige Davin og syster hans Dina kjem opp i harde kampar, kvar på sin måte: Davin med sverdet, og Dina med den farlege skammar-evna som ho har arva frå mor si. Dette er andre bok i den intenst spennande Skammar-serien. Bok 3 og 4 kjem våren 2004
Høver for 5.-10. kl ; 30 eks
Originaltittel: Skammertegnet
ISBN 82-521-6190-1 (ib.) : Nkr 148.00
GENRE:Fantasy
0097582
u L
Levoy,
Myron
Alan og Naomi / Myron Levoy ; omsett av Øystein Rosse. - Stabekk : Bokklubbens Barn,
1986. - 153 s.
Originaltittel: Alan and Naomi
Handlinga i denne boka finn stad i New York under siste
verdskrig. Alan og Naomi er jødar, begge er 12 år gamle, ho flyktning frå Frankrike.
Naomi ser at Gestapo drep far hennar, ho får sjokk og det synest umogeleg å få normal
kontakt med henne. Alan, derimot klarar å snakka med henne gjennom buktalardokka
Charlie.
Men han er ikkje glad. Han er flau over å vera venn med ei jente som er
"sprø", og prøver å unngå henne når dei er saman med andre. Alan er ikkje
sterk nok for denne oppgåva, så han sviktar i ein avgjerande episode ute blant
kameratane. Naomi får tilbakefall. Ei trist bok, som tek opp alvorlege emne, men som
også seier ein del om kor viktig det er med nærleik, omtanke, vennskap og tryggleik.
Sjølv om boka er sørgjeleg, er ho svært gripande og tankevekkjande.
7.-9. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1440-5 (ib) : Nkr 84.00
EMNE: Jødar:andre verdskrigen / Vennskap
0010526
ung L
Lind,
Idar
Drakeblod. Første forteljing. Det kvite spydet / Idar Lind. - Oslo : Samlaget, 1988. -
173 s.
Framhald i: Drakeblod. Andre forteljing. Vegen til Åsgard Forfattaren hentar stoff frå
norrøne mytar og segner til denne boka. Det er ein fabel om Geirr, ein blind notidsgut
som dett og slår hovudet i asfalten, og vaknar opp i ei anna verd i ei anna tid. Her
møter han jenta Symre,som med songen sin kan få sår til å gro. Dei legg ut på ei
farefull reise, der dei møter dvergar, risar og einøygde troll, og dei må kjempa mot
hirdmennene til jarlen. Ein god norsk science-fiction roman for ungdom.
8.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3273-1 (ib.) : Nkr 138.00
GENRE: Fantastisk
EMNE: Norrøn mytologi
0000071
u M
Mathisen, Mathis
Ismael / Mathis Mathisen ; omsett av Inger Anthun Bruket ; <illustrasjonar: Alf-Kåre
Berg>. - Stabekk : Bokklubbens Barn, 1991. - 101 s. : ill.
Boka finst òg i lydbokutg.
Ismael er 12 år og bur på gata i Kairo. Han har flykta
frå den tyranniske Mahmoud, som han måtte arbeide for, og såleis koia han vekk frå
familien sin. Saman med to venner streifar han rundt og tiggar mat for å overleva.
Det einaste han eig er ein transistorradio og ein plass for seg sjølv på eit tak. Likevel
har han ein draum om å sjå familien att og eit anna liv. Trass i dette alvorlege temaet,
er boka likevel optimistisk. Forfattaren gir eit truverdig bilete av det å vera gatebarn
og skildringa av storbyen Kairo er veldig levande. Boka er illustrert med teikningar og
skrifta er stor og tydeleg.
5.-8. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2228-9 (ib.) : Nkr 84.00
EMNE: Egypt / Gatebarn
0007153
u M
Mathisen, Mathis
Ismael <lydopptak> / Mathis Mathisen. - Melhus : Lydbokforl., cop. 1989. - 2
kassettar (ca 120 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av Iselin Alme
1. trykte utg.: Aschehoug, 1988
ISBN 82-421-0037-3 : Nkr 150.00
EMNE: Egypt: historie / Gatebarn
0005464
u O
Osland, Erna
Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen / Erna Osland ; illustrert av Arne Roar Lund.
- Oslo : Samlaget, 1988. - 92 s. : ill.
Fritjov er ein vanleg gut i sjette klasse. Faren er
trailersjåfør og berre heime i helgane. Fritjov trivst ikkje noko særleg på skulen,
endå meir kjedeleg vert det når han og dei andre gutane får brev med seg heim fordi dei
har kikka på jentene i dusjen. Men Fritjov får beskjed om at han må gå på skule. Alle
må det. "Det er visse ting du må læra", seier faren. "Etterpå kan du
gjera som du vil." Fritjov bestemmer seg for å verta fort ferdig med "heile
skiten", men det er lettare sagt enn gjort. Problema er mange, det største er
mangelen på lærebøker. Dessutan grip Turi, jenta med den ovale navlen, også
forstyrrande inn i planane hans.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3276-7 (ib.) : Nkr 136.00
EMNE: Lesing / Skulen
0000095
ung O
Osland, Erna, n., 1951-,
Hauk over hauk
/ Erna Osland. - <Oslo> : Damm, 1993. - 160 s. - (Daniella D.)
Dette er tredje boka om Daniella i Oslands spenningsserie for ungdom. Daniella er 15 år, snar til å forelske seg og rote seg opp i skumle hendingar. I denne boka
treff ho "Tause pil", guten med ei dyreklo i øyret. Konrad Phillip, som han eigentleg heiter, er på veg for å bu hos sin andre far som han ikkje
likar. Den første faren er fengsla for menneskesmugling. Kven av fedrane er ein skurk? Daniella og "Tause Pil" kjem på sporet av ein bande som driv med smugling av rovfuglar.
Framhald av: Svart hane. - Framhald i: I grevens tid
8.-10. kl. 7 eks. nynorsk
ISBN 82-517-7948-0 (ib.) : Nkr 124.00
FØRDEB
GENRE:Spenning
0026885
ung O
Osland, Erna, n., 1951-,
I grevens tid
/ Erna Osland. - <Oslo> : Damm, 1994. - 138 s. - (Daniella D.)
Daniella D. bur i Florø saman med faren sin medan mora vaskar seg rundt i verda ombord i eit turistskip. Faren blir involvert i problema til ei afrikansk dame og
plutseleg er dei båe borte. Sonen til dama kjem til Daniella på leit etter mora si. Ungdomane skjøner at noko er gale og saman dreg dei til Bergen der dei trur dei kan finne foreldra.. Boka er skriven i ein humoristisk og munnleg nynorsk som gjer boka lett å lese. Dette er siste boka i spenningsserien Daniella D.
Framhald av: Hauk over hauk
8.-10. kl. 9 eks. nynorsk
ISBN 82-517-7972-3 (ib.) : Nkr 138.00
FØRDEB
EMNE: Flora / Høyanger / Sogn og Fjordane
GENRE:Spenning
0030438
u305.2309481 P
Pettersen, John Roald, n., 1956-,
Kattepinn og sørphøne : barn i vest for hundre år sidan / John Roald Pettersen ; teikningar: Elbjørg Haugen. - Førde : Selja, 2005. - 120 s. : ill
Korleis var det å vere barn då oldeforeldra og tippoldeforeldra våre voks opp? I denne boka får ein vite om leikane, skulen, korleis folk budde i gamle dagar og mykje meir. Boka er både ein fagbok med gamle bilete og in forteljingsbok om vesle Anne som var barn i 1900. Boka tek for seg barndom på Vestlandet for 100 år sidan. Nokre av stoffet er henta frå Bremanger.
Bibliografi: s. 118-119. - Inneheld stoff om barn i Sogn og Fjordane
Høver for 5.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-91722-55-2 (ib.) : Nkr 248.00
EMNE: Barn i Noreg / Barn i Sogn og Fjordane / Bremanger / Sogn og Fjordane
0110868
u R
Roberts, Emlyn
Innesperra / Emlyn Roberts ; omsett av Øystein Rosse ; <illustrasjonar: Alf-Magne
Andreassen>. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1989. - 110 s. : ill.
Originaltittel: A shiver of fear
Ei bok om rasisme, gatekampar mellom Skinheads og farga i
London. Pakistanar-guten, Zaffar, vert teken til fange av vaktmeisteren på skulen der han
går. Der oppdagar han at enkelte personar på skulen er innblanda i gatekampane, fordi
det vert produsert brannbomber i kjellaren på skulen. Klassekameratane leitar etter han
og løyser mysteriet. Boka handlar om samhald og solidaritet, men også om desperasjon,
vald og framandhat, om dei som piskar opp stemninga i oss mot dei svakaste i samfunnet.
7.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1554-1 (ib.) : Nkr 79.00
EMNE: Rasisme
0000764
ung S
Schami, Rafik
Ei hand full av stjerner / Rafik Schami ; frå tysk ved Kari Bolstad og Erling Langleite.
- Oslo : Samlaget, 1989. - 186 s.
Originaltittel: Eine Hand voller Sterne
Ei spennande ungdomsbok frå Damaskus, Syria. Gjennom
fleire år har ein gut i Damaskus skrive dagbok. Han finn mykje vakkert, poetisk og artig
å fortelja om frå denne byen, der så mange menneske av så mange nasjonalitetar lever
side om side. om vennen, den gamle kusken Salim, som kan dei vedunderlegaste historier, om
Nadia som han er forelska i, om skulen og basarane, der mor hans er ein meister til å
handla. Men det finst også armod, urettferd, politisk forfølging og redsel i byen. Den
einaste utvegen han ser til å forandra på ting er å arbeida som journalist - i
undergrunnen. Dette er spennande samtidshistorie frå Damaskus, skriven i dagboksform,
noko som vil appellera til unge lesarar.
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3137-9 (h.) : Nkr 148.00
EMNE: Syria - Historie
0002084
ung S
Svart salt og gule toner : 34 noveller av ungdom. - <Oslo> : Gyldendal, 1993. -
174 s.
Av innhaldet: Barnetrua / Maria Tryti Vennerød. Forfattarregister: s. 174
Til denne boka kom det inn 1347 manuskript, av desse vart 34 noveller plukka ut til å
koma på trykk. Det er fleire jenter enn gutar representerte i boka, og 6 av novellene er
skrivne på nynorsk. Å skriva ei novelle er vanskeleg, det er ei kort historie som ofte
antyder meir enn den forklarar. Mange tankar vert overlatne til lesaren, så dette krev
mykje av forfattaren.
Dei unge skribentane skriv ope om kjensler, og novellene viser stor skriveglede og
skriveevne.
8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-525-1768-4). - 82-05-20989-8 (ib.) : Nkr 109.00
0021573

T
Timberlid, Rune, n., 1950-, Førde
Red Mercury / Rune Timberlid. - Førde : Selja, 2003. - 255 s. : kart. - (Selja krim)
Ein oktoberkveld blir ferja frå Fodnes til Mannheller kapra. Fylkesbaatane får krav om å utbetale eit millionbeløp i lausepengar. Elles vil ferja bli sprengd, med Red Mercury, eit kraftig kjernefysisk sprengstoff, som er hamna på avvegar etter Sovjetunionen sitt fall. Om bord på ferja er den amerikanske ambassadøren. Difor startar spekulasjonane om at det kan vere Al Quaida som er i ferd med å markere seg i Europa. Eit storpolitisk spel fylgjer, men midt i det heile blir politimannen Rolf Randen frå Førde og Naustdal lensmannskortor vår lokale helt. Humoristisk og, ja, spennande!
Høver for 9.-10. kl. ; 30 eks
ISBN 82-91722-31-5 (h.) : Nkr 98.00
EMNE: Førde / Sogn og Fjordane
GENRE:Krim
0098365
ung T
Torvanger, Magnus Helge
Knivseggen : roman / Magnus Helge Torvanger. - Oslo : Samlaget, 1989. - 183 s.
Unge Hal er nyutdanna etnograf frå Tri-2, ein kunstig romby i bane rundt stjerna
Trianda. No har han fått sitt første avgjerande oppdrag: å dra til den fjerne og
ugjestmilde planeten Knivseggen, for å studera nomadefolket som lever der. Hal er sterkt
interessert i korleis folket på Knivseggen livbergar seg og lever i sameksistens med dei
merkelege dyra sine, men oppdragsgivarane har pålagt han først og fremst å granska
korleis dei organiserer politikk og økonomi. Kvifor har ikkje Hal forstått, men etter
kvart som grunnen går opp for både han og lesaren, stig spenninga. Dette er god og
fengslande norsk science-fiction, ein genre Torvanger også brukte i boka "Sverdet og
fløyta". -
9.-10. kl. ; 27 eks.
ISBN 82-521-3445-9 (h.) : Nkr 179.00
GENRE: Fantastisk
0002940
u T
Tusvik,
Marit
Katrine / Marit Tusvik ; illustrert av Ingun Bøhn. - Nynorsk utgåve. Oslo :
Samlaget, 1987. 62 s. ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Kvalross i bikini.
Boka handlar om vennskap og forelsking. Katrine er 12 år,
ho har ei god bestevenninna og ho er forelska i Tom. Dei er saman og det er ei spennande
tid med mørke og lange vinterkveldar. Det å vera i lag med ein gut for aller fyrste gong
er ikkje heilt enkelt, fordi ho då ikkje får tid til venninna og andre ting ho har lyst
å gjera. Etter ei tid vert det faktisk ganske hemmande på andre aktivitetar, og Katrine
skjønar at ho må slå opp med Tom. Katrine er ei jente som også trivst på skulen, med
det seier hi ikkje høgt for alle dei andre meiner at skulen er kjedeleg.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3071-2 (h.) : Nkr 65.00
EMNE: Kjensler / Vennskap
0002090
u V
Vatle, Sylvelin, n., 1957-,
Tim Brentloffs eventyr
/ Sylvelin Vatle. - [Oslo] : Cappelen, cop. 2003. - 183 s.
Dette er den forskrekkelege historia om Tim Brentloffs reise til Nivlheim. Om hans møte med mystiske hjelparar og lumske fiendar - og om korleis han kom til å krysse Gjallabrua.
Høver for 6.-8. kl. ; 10 eks.
ISBN 82-02-22482-9 (ib.) : Nkr 199.00
GENRE:Fantasy
EMNE: Norrøn mytologi
0098308
ung Z
Zak, Monica
Barrikaden / Monica Zak ; illustrert av Tord Nygren ; <norsk utgåve ved Øystein
Rosse>. - Nynorsk utgåve. - Oslo : Samlaget, 1985. - 63 s. : ill. - (Sirius ungdom)
Ei verkeleg historie frå Nicaragua, om opprøret mot
Somoza sommaren 1979. Eddy, 12 år, bur i eit slumstrok i Managua. Storebroren Marvin er
sandinist og tida er komen for å gjera opprør. Marvin organiserer gutane i kvartalet til
å byggja ein barrikade, og natta før slaget må Eddy sitja vakt der heilt åleine. Eddy
ser attende på livet sitt og ein forstår kvifor folket må gjera opprør. Folket sigrar,
men før Somoza må rømma set han i gang "operasjon opprydding". Ein lastebil
reiser rundt og samlar saman alle ungane i 12-13 års alderen. Eddy og kameratane hans
vart skotne som represaliar mot opprørarane.
8.-10. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2597-2 (h.) : Nkr 65.00
EMNE: Nicaragua
0002091
ung Z
Zak, Monica
Pumadottera / Monica Zak ; til norsk ved Jo Ørjasæter. - Oslo: Samlaget, 1988. - 180 s.
- (Ten-bok)
Originaltittel: Pumans dotter
Pumadottera er indianarjente frå Guatemala. Ho tilhøyrer
mayaindianarane som i byrjinga av 1980-åra måtte flykta over grensa til Mexico. Ei natt
dreg ho attende til heimstaden for å leita etter mormor og ein eldre bror som vart att i
Guatemala. Etter som ho nærmar seg Yalan, heimstaden, opplever ho på ny massakrane som
dreiv folket hennar på flukt. Forfølginga av mayaindianarane i Guatemala er djupt
tragisk og det som vert fortalt har verkeleg hendt - og hender enno. Ei engasjerande bok
som også syner at folk i vår del av verda kan gjera noko for å hjelpa.
8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3138-7 (h.) : Nkr 118.00
GENRE: Indianar
EMNE: Guatemala
0001811
|