Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 8.-10. klasse, lett å lese

Her finn ein alle klassesetta på nynorsk som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 8.- 10. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøkene er merka med N for nynorsk eller B for bokmål.


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Belsvik, Rune Alle dei fine jentene 8.- 10. kl. N
Belsvik, Rune Kjærleiken er eit filmtriks 9.- 10. kl. N
Bødtker, Marit Lund Kristian til vêrs 6.- 8. kl. N
Hallén, Arnold Farleg leik 9.- 10. kl. N
Hallén, Arnold Hemmelege våpen 9.- 10. kl. N
Holmås, Stig Vinterhauk og eldvatnet   7.- 10. kl. N
Saint-Exupéry, Antoine de Den lille prinsen  5.- 10. kl

B

Tusvik, Marit Katrine 6.- 8. kl. N
Zak, Monica

 

Barrikaden   8.- 10. kl. N

ung B

Belsvik, Rune
Alle dei fine jentene / Rune Belsvik. - Nyn. utg.. - Oslo : Samlaget, 1988. - 101 s. - (Sirius ungdom)

Ei fin bok om ungdom og forelsking, om svingande kjensler og gryande, famlande erotikk. Temaet er behandla med innsikt og respekt, og det er gjort på ein vår og fin måte. Hovudpersonen, Arne Bu, forelskar seg stadig vekk og det er forståeleg når heile skulen med eitt er full av fine jenter. Ei bok til å kjenna seg att i.
8.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3219-7 (h.) : Nkr 87.00

GENRE: Erotisk
EMNE: Kjensler / Seksualitet

  0000087

ung B

Belsvik, Rune
Kjærleiken er eit filmtriks / Rune Belsvik. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1992. - 111 s. - (Sirius-bøkene. Sirius ungdom)
Boka finst òg i lydbokutg.
- Framhald av: Alle dei fine jentene. - Framhald i: På nippet

Arne strir med to problem: Han skal skriva særoppgåve og han er skuffa og trur ikkje lenger på kjærleiken. Han gjer dette til eit problem og vel å skriva ei oppgåve han kallar "Kjærleiken er eit filmtriks". For å stadfesta hypotesen han legg til grunn, vil han intervjua folk. Han er spesielt interessert i å spørja gamlekjærasten sin, Grete Eik, og den nye vennen hennar, Jostein Myra. Dette er ei velskriven bok. Trass i ein alvorleg undertone, er det mykje å mora seg over og kjenna seg att i.
9.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3984-1 (ib.) : Nkr 118.00

EMNE: Kjensler / Seksualitet

  0020270

u B

Bødtker, Marit Lund
Kristian til vêrs / Marit Lund Bødtker ; illustrert av Øyvind Hansen. - Nynorsk utgåve / <ved Øystein Rosse>. - Oslo : Samlaget, 1995. - 85 s. : ill. - (Sirius-bøkene. Sirius barn)
Framhald av: Kristian i gruva

Kristian er 12 år. I blant gjer han ting han ikkje har lov til, som når me møter han i denne forteljinga. Han heng høgt oppe i lufta og kjem korkje opp eller ned. Kristian er på veg til venninna Sigrid. Ho har flytta til Jakobsbakken, eit stykke unna. No er ho sjuk, og Kristian lengtar etter å sjå ho att. Ein taubane blir redninga. Den fraktar malm frå gruvene ved Jakobsbakken, og turen tek berre tre timar. Kristian lurer seg med. Så stoppar taubanen, sidan det er dagen før palmesøndag. Kva skal Kristian gjera? I denne lettleseboka er me noko attende i tid, til eit samfunn berre kjent av nokre få av dagens ungar. Situasjonen Kristian hamnar i er likevel til å kjenna att, og spenninga held lesaren fast. Her er eit stramt språk og ei god forteljing, til saman blir dette ei vellukka lettlesebok.
6.-8. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4611-2 (ib.) : Nkr 125.00

EMNE: Historisk
GENRE: Spenning

0038517

ung H

Hallén, Arnold
Farleg leik / Arnold Hallén ; illustrert av Hennie Ann Isdahl . - Oslo : Samlaget, 1985. - 83 s. : ill - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)

Ei bok frå siste krigsvåren i 1945. 17-åringane Are og Sverre er ikkje samde om ein skal gjera aktiv eller passiv motstand. Sverre vil slutta seg til heimefronten, medan Are ikkje likar å slåss og heller vil ha kuldefront mot tyskarane.
9.-10. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-2599-9 (h.) : Nkr 47.00

EMNE: Andre verdskrigen

  0002088

ung H

Hallén, Arnold
Hemmelege våpen / Arnold Hallén ; illustrert av Magne Kjellesvik. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1982. - 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)

Temaet er siste verdskrigen i Noreg. Det er i 1944 og ved eit tilfelle kjem 16-åringen Arild og far hans i kontakt med mystiske menn i skogen ved garden der dei bur. Etter kvart får ein glimt inn i alt det løynde som går føre seg når eit land er i krig. Menneska mistenkjer kvarandre, ja endå til sin eigen far. Denne lettleseboka har lågaste vanskegrad, som og avspeglar seg tematisk. I sluttkapitlet forklarar forfattaren dei historiske hendingane som ligg til grunn for denne forteljinga.
9.-10.  kl. ; 9 eks.
ISBN 82-521-2123-3 (h.) : Nkr 72.00

EMNE: Andre verdskrigen

  0005877

ung H

Holmås, Stig
Vinterhauk og eldvatnet / Stig Holmås ; illustrert av Dag Fyri. - Nynorsk utgåve / ved Tore Tveit. - Oslo : Samlaget, 1982. 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Vinterhauk og skalpejegerane

Indianarforteljing frå New Mexico i 1830-åra. Apasjekrigaren Vinterhauk og vennen Gule Fjør dreg på jakt for å retta opp att æra til far til Vinterhauk. Han er misbrukar av eldvatnet til dei kvite. Boka fortel om kampar mellom apasjar, meksikanarar og kvite.
7.-10.kl. ; 18 eks.
ISBN 82-521-2127-6 (h.) : Nkr 87.00

GENRE: Indianar

  0002089

u S

Saint-Exupéry, Antoine de, fr., 1900-1944, 
Den lille prinsen / Antoine de Saint-Exupéry, med tegninger av forfatteren ; oversatt av Inger Hagerup. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 97 s. : ill. (noen kol)

Originaltittel: Le petit prince
1. norske utgåve i 1962
Den vesle prinsen dukker opp i Sahara kor Saint-Exupéry har nødlanda med flyet sitt. Han fortel om planeten han kjem frå, at han har lagt ut på en reise til andre planetar for å finne
ein ven. Han har gjesta kongen utan undersåttar, den forfengelege mannen, drankaren, forretningsmannen, lyktetennaren og geografen. På Jorden snakka han med blomster,
mennesker og dyr. Til slutt forsvinn den vesle prinsen, og Saint-Exupery forstår betre kva som er viktig og hva som er meiningslaust i livet. Boka er ein høgt elska klassikar med
mykje filosofi som høver for både gamal og ung.. 
- Høver for 5. kl. og oppover ; 30 eks.
ISBN 82-03-24716-4 (ib.)

0105176

u T

Tusvik, Marit
Katrine / Marit Tusvik ; illustrert av Ingun Bøhn. - Nynorsk utgåve. Oslo : Samlaget, 1987. 62 s. ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Kvalross i bikini.

Boka handlar om vennskap og forelsking. Katrine er 12 år, ho har ei god bestevenninna og ho er forelska i Tom. Dei er saman og det er ei spennande tid med mørke og lange vinterkveldar. Det å vera i lag med ein gut for aller fyrste gong er ikkje heilt enkelt, fordi ho då ikkje får tid til venninna og andre ting ho har lyst å gjera. Etter ei tid vert det faktisk ganske hemmande på andre aktivitetar, og Katrine skjønar at ho må slå opp med Tom. Katrine er ei jente som også trivst på skulen, med det seier hi ikkje høgt for alle dei andre meiner at skulen er kjedeleg.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3071-2 (h.) : Nkr 65.00

EMNE: Kjensler / Vennskap

  0002090

ung Z

Zak, Monica
Barrikaden / Monica Zak ; illustrert av Tord Nygren ; <norsk utgåve ved Øystein Rosse>. - Nynorsk utgåve. - Oslo : Samlaget, 1985. - 63 s. : ill. - (Sirius ungdom)

Ei verkeleg historie frå Nicaragua, om opprøret mot Somoza sommaren 1979. Eddy, 12 år, bur i eit slumstrok i Managua. Storebroren Marvin er sandinist og tida er komen for å gjera opprør. Marvin organiserer gutane i kvartalet til å byggja ein barrikade, og natta før slaget må Eddy sitja vakt der heilt åleine. Eddy ser attende på livet sitt og ein forstår kvifor folket må gjera opprør. Folket sigrar, men før Somoza må rømma set han i gang "operasjon opprydding". Ein lastebil reiser rundt og samlar saman alle ungane i 12-13 års alderen. Eddy og kameratane hans vart skotne som represaliar mot opprørarane. 
8.-10. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2597-2 (h.) : Nkr 65.00

EMNE: Nicaragua

  0002091


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 16.05.06 , av Anja Angelskår Mjelde