Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 8.-10. klasse, bokmål

Her finn ein alle klassesetta på nynorsk som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 8.- 10. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøker som er lette å lese er markert med .


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Lett

Abdel-Qadir, Ghazi De talende steinene 7.- 10. kl.
Abrahamsen, Aase Foss Ikke deg denne gang <lydopptak>
Allende, Isabel De ville guders by 8.- 10. kl.
Brown, Dan Da Vinci-koden  8.- 10. kl / vgs
Bøge, Kari Svanesang  9.- 10. kl.
Bøge, Kari Svanesang <lydopptak>
Colfer, Eoin  Artemis Fowl 7.- 10. kl.
Dæhli, Liz Bente L. De kan bare prøve!  8.- 10. kl.
Eeg, Harald Rosenløw Vrengt 8.- 10. kl.
Eliassen, Ruben Phenomena. Bok 1. Profetiens utvalgte  5.- 8. kl.
Giil, Berit Hellem Jomfru Marita 8.- 10. kl.
Gaarder, Jostein Appelsinpiken 8.- 10. kl.
Gaarder, Jostein Kabalmysteriet 8.- 10. kl.
Hagerup, Klaus Markus og Diana : lyset fra Sirius 6.- 10. kl.
Hauger, Torill Thorstad Den lange reisen. Del 1. Amerika, Amerika! 7.- 10. kl.
Hauger, Torill Thorstad Røvet av vikinger 6.- 10. kl.
Holmås, Stig Tordensønnen  7.- 10. kl.
Holmås, Stig Tordensønnen <lydopptak>
Horowitz, Anthony Skeleton Key 8.- 10. kl
Ingebrigtsen, Dagfinn Kringsatt  9.- 10. kl.
Jenseg, Grete Randsborg Nesten nær deg 9.- 10. kl.
Lian, Torun Ikke naken 6.- 8. kl.
Loe, Erlend Naiv. Super 10. kl.-
Lorentzen, Kari Den hvite hesten 7.- 10. kl.
Moen, Torbjørn Rock, regn og varmvåte kyss  8.- 10. kl.
Moen, Torbjørn Rock, regn og varmvåte kyss <lydopptak>
Nilsson, Per Hjertets fryd 8.- 10. kl.
Norderhaug, Eva Saynab : min historie  8.- 10. kl / vgs
Olsson, Sören Emanuel 8.- 10. kl.
Sachnowitz, Herman Det angår også deg 10. kl / vgs
Saint-Exupéry, Antoine de Den lille prinsen  5.- 10. kl

Scheen, Kjersti Månefeen 8.- 10. kl.
Scheen, Kjersti Månefeen <lydopptak>
Skram, Amalie Sjur Gabriel ; To venner
Soltvedt, Thor Fotballfrelst! 6.- 9. kl.
Svart salt og gule toner : 34 noveller av ungdom 8.- 10. kl.
Svedelid, Olov Betongrosene og damen som forsvant   6.- 10. kl.
Tuckermann, Anja Muscha 

 

7.- 10. kl.

ung A

Abdel-Qadir, Ghazi
De talende steinene / Ghazi Abdel-Qadir ; oversatt av Tormod Haugen. - <Oslo> : Cappelen,
1993. - 129 s.
Originaltittel: Die sprechenden Steine
Ordliste: s. 129-<130>

Krigen i midt-Austen, eller meir presist i Palestina er temaet for denne boka - ei bok som gir  oss konflikten sett gjennom 11-åringen Kamal sine auge. Kamal er palestinar og deltek i   Intifadaen, dei sivile sitt opprør mot okkupasjonsmakta. Han og familien hans ynskjer at muslimar, jødar og kristne ein gang skal kunna leva fredeleg side om side, men generasjonane sitt nedarva hat lar seg vanskeleg radera ut. Dette er ein dramatisk historie, men òg svært aktuell og lærerik. Det er dette ein dagleg ser på TV - born og unge i opne demonstrasjonar mot tungt væpna soldatar.
7.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-13968-6 (ib.) : Nkr 218.00

EMNE: Barn i Palestina / Krig

 0026843

ung A

Abrahamsen, Aase Foss
Ikke deg denne gang <lydopptak> / Aase Foss Abrahamsen. - Oslo : Hilt & Hansteen, <1992>. - 3 lydkassettar (265 min) ; i eske 23 x 17 x 4 cm - (Bibliotekenes lydbøker)
Lese av: Oda Schjøll
1. trykte utg.: Gyldendal, 1978
ISBN 82-7413-212-2 : Nkr 252.00

EMNE: Kreftpasientar

  0020196

ung A

Allende, Isabel, chil., 1942-, 
De ville guders by / Isabel Allende ; oversatt av Kari og Kjell Risvik. - Oslo : Gyldendal Tiden, 2002. - 262 s.
Framhald i: Gulldragens rike

Alex, ein vanleg amerikansk gut, blir med bestemor si på ein ekspedisjon til Amazonas. Målet er å studere "udyret", eit slags regnskogens svar på den avskyelege snømannen. Ekspedisjonen er full av farar. Med på ekspedisjonen er er også Nadia, ei jente som har vakse opp i Amazonas, og som vert ein god ven for Alex på reisa. Ungdomane vert bortførte av det mystiske tåkefolket, ei indianarstamme som har levd utanfor sivilisasjonen i alle år. I boka blir vi kjende med kva stammen trur på og dei ulike skikkane dei har. Ungdomane opplever mykje spenning og også forelsking.
Høver for 8.-10. kl 30 eks. bokmål
ISBN 82-05-30591-9 (ib.) : Nkr 299.00

EMNE: Amazonas / Miljøvern 

0096172

B

Brown, Dan, am., 1964-, 
Da Vinci-koden / av Dan Brown ; [oversatt av Peter A. Lorentzen]. - Kolbotn : Bazar, 2004. - 459 s.
Originaltittel: The Da Vinci code

Biblioteket sitt 4. eks. av boka er 2. rev. opplag. - 491 s.
I eit kappløp mot tida freistar professor i religiøs symbologi, Michael Langdon og kryptografen i det franske politiet, Sophie Neveu, å løyse ei mystisk gåte. Skjult i leietrådar gjøymt i verka til Leonardo Da Vinci kjem dei på sporet av ei antikk hemmeleg forening og ei eksplosiv historisk sanning der både Mona Lisas smil og den heilage gral spelar ei sentral rolle.
10. klasse og vidaregåande skule ; 10 eks.
ISBN 82-525-4823-7). - 82-8087-015-6 (ib.) : Nkr 353.00. -
82525-6016-4)

GENRE:Spenning 

0101472

ung B

Bøge, Kari
Svanesang / Kari Bøge. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 145 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutg.
1. utg.: Aschehoug, 1988

Denne boka har to handlingar som kryssar kvarandre. Det startar med Svanhild som i ung alder gjorde opprør mot foreldras krav, kasta seg ut i spenninga og som no er narkoman og prostituert. Ho drøymer om eit nytt og annleis liv, men rundt henne finst det fleire maktmenneske. 17 år gamal prøver ho no å koma seg fri frå desse personane. Den andre handlinga er møtet mellom Fanny og Nik, som går i 8.klasse og som ikkje liknar ungdommar frå reklameverda. Svanhild kjem til byen der dei bur, kryssar deira tilvære og døyr av ein overdose. Fanny og Nik er med på å finna liket av Svanhild og å løysa mysteriet. Inn i dette kjem ei jente, som representerer eit stort amerikansk motefirma. Ho er mest oppteken av profitt, å skapa dei behova som skal gje grunnlag for eit endå større sal. Det ho ikkje veit er at firmaet driv med narkotikahandel.
Svanesang er ei spennande kriminalforteljing, ei kjærleiksforteljing og samstundes ei bok som tek opp det alvorlege temaet stoffmisbruk blant ungdom. Boka er realistisk på den måten at ho klart tek avstand frå både prostitusjon og narkotika.
9.-10. kl. ; 28 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-128-2 (ib.) : Nkr 210.00

GENRE: Kjærleik / Krim / Spenning
EMNE: Narkomani : sosiologi

 0011272

ung B

Bøge, Kari
Svanesang <lydopptak> / Kari Bøge. - Oslo : Hilt & Hansteen, <utsendt 1991>. - 3 lydkassettar (195 min) ; i Øskje 23 x 17 x 3 cm. - (Bibliotekenes lydbøker)
Innlese av: Eva Lindahl. - Boka finst -og i storskriftutgåve (Salto-bøkene, 1991)
1. trykte utgåve: Aschehoug, 1988
ISBN 82-7413-151-7 : Nkr 222.00

Genre: Spenning
EMNE: Narkomani:sosiologi

  0011274

ung C

Colfer, Eoin, ir., 
Artemis Fowl. Operasjon Arktis / Eoin Colfer ; oversatt av Morten Hansen. - [Oslo] : Damm, 2002. - 298 s.

Framhald av: Artemis Fowl. - Framhald i: Artemis Fowl. Evighetskoden
Andre bok i serien om Artemis Fowl, vidunderbarnet med talent for brotsverk. Nokon har smugla farleg mennesketeknologi inn i alveverda. Kristtornia Kort i alvepolitiet LEP-rekogn er sikker på at det er erkefienden hennar som står bak: 13-årige Artemis Fowl. Men stemmer det? Artemis har sine eigne problem; faren hans er kidnappa av den russiske mafiaen, og det skal eit mirakel til for å redde han. Denne gongen er det kanskje ikkje nok med ein genial plan. Denne gongen treng kanskje Artemis hjelp. Ein kan godt lese denne boka utan å ha lese den første. Bøkene om Artemis Fowl er ei blanding av spenning og fantasy.
Høver for 7.-10. kl. : 20 eks. ; bokmål
Originaltittel: The Arctic incident
ISBN 82-496-0523-3 (ib.) : Nkr 259.00

GENRE:Fantasy / Spenning 

0096318

ung D

Dæhli, Liz Bente L.
De kan bare prøve! / Liz Bente L. Dæhli. - Oslo : Cappelen, 1995. - 140 s.

14 år gamle Tina flyttar. Vekk frå den gamle klassen og dei som plagar og mobbar. Med eit svakt sjølvbilde og ein sjølvtillit på nullpunktet startar ho på den nye skulen. Ingunn blir ei god venninne som ikkje aksepterer at Tina isolerer seg, men trekkjer henne med ut i verda, til ungdomsmiljø der dei jamaldrande vankar. Tina er på veg mot noko nytt og betre, men så flyttar Ingunn og alt rasar saman igjen. Brått er den "gamle" situasjonen attende. Naboen Sonja blir den som forstår, den som vinn Tinas tillit og hjelper til å byggja naudsynte bruer. Ein ungdomsroman som nok vil engasjera mange lesarar, og som er eit godt utgangspunkt for diskusjon.
8.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-15792-7 (ib.) : Nkr 198.00

EMNE: Mobbing

  0038222

ung E

Eeg, Harald Rosenløw, n., 1970-, 
Vrengt / Harald Rosenløw Eeg. - Oslo : Aschehoug, 2001. - 186 s. - (Volum)

1. utg.: 1997
Dei er fire ungdommar som er stengt inne på eit kjøpesenter, dei bur i ei kule oppunder taket. I verda utanfor kula er alle perfekte, ingenting er på tilbod. Det er ikkje slump at det er Seiko, Albin, Sorry og Jonatan som er der. Dei ber på draumen om å sjå verda i full storleik, men er verda utanfor klar for dei?
Høver for 8.-10. kl. ; 6 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24390-8 (h.) : Nkr. 98

0109572

u E

Eliassen, Ruben, n., 
Phenomena. Bok 1. Profetiens utvalgte / Ruben Eliassen. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, cop. 2002. - 220 s. - (10:12)

Framhald i: Phenomena. Bok 2. Parados' øye
Dette er ei fantastisk historie om to alvebarn og eit land fullt av spennande og fantasifulle skapningar. Ein farleg skikkelse ved navn Tarkan har uante krefter og vil gjere alt for at profetien i Phenomena ikkje skal gå i oppfylling. Berre to barn står i vegen for planen hans om å erobre landet Aldra. Det kan altså sjå ut som ei lett oppgåve å kjempe mot to barn. Men Tarkan har aldri vore barn og veit ikkje kva krefter barn kan ha. Ruben Eliassen har klart å skape ei særeigen handling og har gitt personane i boka ei djupn som gjer romanen spesiell og vakker. Dette er ein fantastisk debut og ei bok som appelerer til alle som likar fantastisk litteratur. Boka har eit klart visuellt språk og er full av leseglede.
Høver for 5.-8. kl ; 30 eks
ISBN 82-05-30154-9 (ib.). - 82-05-32338-0) : 99 Nkr

GENRE:Fantasy 

0094251

ung G

Giil, Berit Hellem, n., 
Jomfru Marita / av Berit Hellem Giil. - Bergen : Eide, cop. 2002. - 123 s.

Den tøffe og utfordrande Kaia er ny i bygda og søker raskt vennskap med Marita, som har langt mindre livserfaring. Marita og Kaia byrjar i 10. klasse denne hausten. Kaia røyker, naskar, har barbert hovud og tiltrekkjer seg eldre gutar. Ho får Marita til å kjenne seg nesten barnsleg, særleg for sine begrensa erfaringar med det motsatte kjønn. Ho vil gjerne imponere Kaia, men etterkvart finn ho ut at Kaia skjuler ein tung løyndom under overflata.
Høver for 8.-10. kl
ISBN 82-514-0605-6 (ib.) : Nkr 145.00

EMNE: Incest 

0095457

ung G

Gaarder, Jostein, n., 1952-, 
Appelsinpiken / Jostein Gaarder. - Oslo : Aschehoug, 2003. - 175 s.

Denne ungdomsboka av Gaarder er som flere av dei andre bøkene hans for alle aldrar. Lesaren vert utfordra på ein direkte måte, som gjer at tankar og spørsmål nok vil leve vidare for mange når ein er ferdig med boka. 15 år gamle Georg får eit uventa og mystisk brev frå far sin, som skreiv brevet før han døydde elleve år tidlegare. Handlinga tek utgangspunkt i ei merkeleg jente faren møtte på trikken, som bar på ein stor papirpose full av appelsinar. Georg - og lesaren - blir tvinga til å søkje svar på stadig nye spørsmål som knyttar seg til den gåtefulle appelsinpiken. Når gåta hennar er løyst, står Georg ovafor eit siste, avgjerande spørsmål; ikkje overraskande av djupt livsfilosofisk art.
Høver for 8.-10. kl ; 15 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24514-5 (ib.) : Nkr 249.00. - 82-525-5468-7)

GENRE:Forelsking
EMNE: Død 

0099624

ung G

Gaarder, Jostein
Kabalmysteriet / Jostein Gaarder. - Oslo : Aschehoug, 1998. - 403 s. - 1. utg.: 1990

Far og son er på biltur gjennom Europa. Dei er på leting etter ei forsvunne, vakker mor, som for mange år sidan reiste ut for å finne seg sjølv. Den filosofiske faren og kvikke Hans Thomas har tidligare tiders familietrådar med seg. No vert det knytt nye samanhengar både bakover i tid og framover til nye stedar og personar. Det vert ein fantastisk tur, rik på spenning på fleire plan. Smuglesninga av den hemmelige vesle boka som Hans Thomas finn baka inn  i ein bolle, kombinert med faren si filosofiske innsikt, får ungguten til å fundere over vesentlege spørsmål om liv og identitet. Ein stad seier han, " -det er så uendelig trist at vi menneske er laget slik at vi venner oss til noe så ufattelig som å leve". Det er ei tjukk bok, men likevel lettlest. Den er elegant komponert med sine stadige "historie i historia". Gaarder har humor og skriv ut frå Hans Thomas sitt språk og synsvinkel. Ei historie til å tru på og ei uvanleg sterk leseroppleveing.
8.-10.kl ; 30 eks.
ISBN 82-03-24242-1 (ib) : Nkr. 148.00
Emne: Barn og foreldre
Gene: Fantastisk

 0049175

ung H

Hagerup, Klaus, n., 1946-, 
Markus og Diana : lyset fra Sirius / Klaus Hagerup. - Oslo : Aschehoug, 1994. - 185 s.

Markus Simonsen, 13 år, også kalla Marken, har ikkje store tankar om seg sjølv. Han er redd for alt og har sandfarga hår og tjukke briller. Berre på eit område er han uredd - han skaffar seg autografar frå all verdas kjendisar. Når han gir seg ut for millionær og brevvekslar med Hollywoodstjerna Diana Mortensen, byrjar problema. Marken kunne jo ikkje vite at Diana ville kome til gamlelandet for å møte han. Saman med kameraten, den tøffe, pene og skarpe Sigmund, må Marken gjennom mange prøvingar og hylande morosame episodar.Framhald i: Markus og jentene
6.-10. kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-03-24063-1 - 82-525-2522-9 (ib.) : Nkr 168.00
FØRDEB

GENRE:Humor 

0033336

ung H

Hauger, Torill Thorstad
Den lange reisen. Del 1. Amerika, Amerika! / Torill Thorstad Hauger. - Oslo : Gyldendal, 1987. - 180 s.
Framhald i: Den lange reisen. Del 2. Rødhudenes land
2. utg., 1995

Endre har vakse opp på ein husmannsplass saman med mor, far, sysken og bestefar. Husmannsplassen gir tronge kår og draumen om Amerika veks fram. Det er tida då mange nordmenn dreg over havet for å skapa ei betre tilvære. Endre vil også av stad, bli stor kar og rik, slik at han kan hjelpa dei som sit att heime. Då Lill-Ola, vennen gjennom femten år dreg med familie, bestemmer Endre seg for å reisa. Reisa skal finansierast med storbonden si gullklokke, som Endre stel. Han flyktar frå familien og slitet og kjem fyrst til Christiania. Mykje hender her og på båten før Amerika stig fram or havet. Ein god historisk roman med fine miljøskildringar.
7. - 10. kl. ; 22 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-17445-8 (ib.) : Nkr 194.00. - 82-05-23456-6)

GENRE: Historisk
EMNE: Utvandring : Noreg

  0007038

u H

Hauger, Torill Thorstad, n., 1943-, 
Røvet av vikinger / Torill [Thorstad] Hauger. - Oslo : Gyldendal, 1978. - 177 s. - (Alle vi-bøkene)(Bra bøker)
Framhald i: Flukten fra vikingene
Klassesettet er ei ny utgåve trykt 2003

På 900-talet budde Sunniva og Patric i ein fredeleg del av Irland, like ved eit kloster. Men ein dag stevner eit skremmande, drakeliknande skip inn mot kysten. Vikingane brenn ned klosteret, drep nokon av munkane og røver med seg kostbare skattar. Folk flyktar i blind redsle, men Patric og Sunniva blir teken til fange. Og så går ferda mot landet til vikingane.
6.-10. kl. ; 30 eks. bokmål
ISBN 82-05-11313-0 (ib.) : Nkr 39.00. - 82-05-16340-5). - 82-05-19046-1 (ib.). - 82-05-31609-0 Ønskereprise (ib.). - 82-525-0867-7 (ib.)

GENRE:Historisk
EMNE: Vikingtida 

0008110

ung H

Holmås, Stig
Tordensønnen / Stig Holmås. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1992. 167 s. - (Apache-serien ; 1) (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Framhald i: Apache pass
1.utg.: Gyldendal, 1985
Bibliografi: s. 167-<168>

Tordensønnen er ein av to overlevande etter eit blodbad. Den andre er Varsom, jordmora som hjelpte han inn i verda dagen i førevegen. Dette er starten på ei spennande bok, der indianarane er hovudpersonar. Dei vert framstilte som menneske, som det er mogeleg å identifisera seg med. Så dette er ikkje berre ei spenningsbok, men g ei haldningsskapande bok i høve til rasisme. Forfattaren formidlar historisk kunnskap gjennom forteljinga om apasje-indianarane.
7.-10. kl. ; 29 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-126-6 (ib.) : Nkr 210.00

GENRE: Indianar
EMNE: Indianarar i Nord-Amerika / Rasisme

  0020192

ung H

Holmås, Stig
Tordensønnen <lydopptak> / Stig Holmås. - Oslo : Hilt & Hansteen , <1992>. - 3 lydkassettar (195 min) ; i eske 23 x 17 x 4 cm - ( Bibliotekenes lydbøker) Framhald i, Apache pass. - Lese av: Kyrre Haugen Bakke
ISBN 82-7413-211-4

GENRE: Indianar

  0020195

ung H

Horowitz, Anthony, eng., 1955-, 
Skeleton key / Anthony Horowitz ; norsk oversettelse: Leif Helgeland. - [Oslo] : Damm, 2004. - 279 s.

Framhald av: Point blanc. 
Motvillig er Alex Rider, tenåring og superspion, eit nyttigare våpen for MI6 enn nokon vaksen. No treng dei hjelpa hans, endå ein gong. Det som skulle vere eit heilt vanleg rutineoppdrag under Wimbledon-turneringa, vert starten på ei rekkje rystande hendingar. Alex må flykte frå ein brutal kinesisk forbryterliga og må gå i dekning på Cayo Esqueleto - Skjelettøya - ei lita øy nær Cuba. Men der venter Alexei Sarov, ein sinnsjuk og kynisk russisk general med eksplosive planar som kan få fryktelege konsekvensar for heile menneskeheita. Alex står føre sitt farlegasteste oppdrag nokonsinne. Han må finne ein måte å overvinne Sarov på, mens sekunda tikkar nådelaust mot verdas undergang ...
God, leseleg skrift. - Høver for 9.-10. klasse ; 30 eks. ; bokmål
Originaltittel: Skeleton key
ISBN 82-496-0799-6 (h.) : Nkr 129.00

GENRE:Spenning 

0102864

ung I

Ingebrigtsen, Dagfinn
Kringsatt / Dagfinn Ingebrigtsen. - Oslo : Gyldendal, 1990. 143 s.

Tittelen på denne boka viser til fyrste strofe i Nordahl Griegs dikt "Til ungdommen". Hovudpersonen, Einar, som går i 8. klasse, er på flukt fordi han trur han har drepe ein kamerat. Boka er ei blanding av realisme, skrekkvisjonar og erotiske fantasiar. Gjennom Einar sine tankar får ein vete kva som har skjedd og kvifor han utvikla seg slik han gjorde. Faren døydde då Einar var 7 år og det var ei sterk oppleving for han. Einar er kringsett, ikkje av fiendar, men av venner. Boka er spennande, men spenninga føregår mest på det indre plan. NB!I denne boka er det ein del tabuord.
9.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-18664-2 (ib.) : Nkr 181.00

  0004645

ung J

Jenseg, Grete Randsborg
Nesten nær deg / Grete Randsborg Jenseg. - Oslo : Gyldendal, 1990. - 148 s.

Kristin må byta skule medan ho går i 8. klasse. I den nye klassen treffer ho vennelause Elisa frå gamleklassa. Dei vert gode venner, men dei har ingen kontakt med dei andre i klassen. Kristin forelskar seg i Sadiq, som opprinneleg kjem frå Tyrkia. Det er vanskeleg å visa offentleg at dei er forelska, og i Sadiqs familie er ikkje Kristin "god nok". Kristin har problem med å takla dette, ho klarar heller ikkje å oppfylla venninnas sterke ynskje om nærheit. Konfliktane avspeglar tre ungdommar som alle er usikre på seg sjølve og rollene sine i høve til kvarandre. boka viser også at det er viktig med kunnskap og forståing for kulturelle skilnader.
9.-10. kl. ; 28 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-19012-7 (ib.) : Nkr 168.00

EMNE: Kjensler / Kulturmøte / Rasisme / Vennskap

  0006692

u L

Lian, Torun, n., forf., 1956-, 
Ikke naken : en bok om kjærlighet og andre naturkatastrofer / Torun Lian. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 174 s.

1. utg.: 2000 med tittel: Ikke naken ikke kledt
Selma likar ikkje at venninnene hennar er begynt å interessere seg for gutar. Sjølv meinar ho at livet bør vere som det har vore, med vennskapet mellom jentene som det viktigaste. Selma reagerar med uro og sinne på gutane sine pubertale tilnærmingar. Men når Selma treffer den nye hjelpeguten på garden, skjer det ting ho ikke har kontroll over. Rare ting som likevel kjennest fint. Boka er filma i 2004.
Høver for 6.-8. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24643-5 (h.) : Nkr 99.00

GENRE:Forelsking 

0103206

L

Loe, Erlend, n., 1969-, 
Naiv. Super / Erlend Loe. - Skoleutg.. - Oslo : Cappelen, 2000. - 243 s.

1. utg.: Cappelen, 1996
Boka har oppnådd kultstatus, spesielt blant ungdom. Bokas ytre handling er enkel, ein ung mann taper i crocket mot bror sin og føler plutseleg at alt vert meiningslaust. Livet hans, dyr og planters liv, heile verda verkar meiningslaus. Han isolerer seg og begynner å søke etter ei meining med livet. Han skriv lister over kva han har og ikkje har, kva han er bekymra for og kva som gler han. Eit bankebrett viser seg å gi meining for han. Boka er varm og humoristisk.
Arbeidsoppgaver ved Live Løveld Rykkja, s. 215-219. - Bibliografi s. 241-243. - Etterord ved Øystein Rottem, s.220-240
Høver for 10. klasse og vidaregåande skule ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-192803) (h.)

EMNE: Loe, Erlend, n., forf., 1969- 

0098805

ung L

Lorentzen, Kari
Den hvite hesten / Karin Lorentzen. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 143 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Framhald i: Zorbas sønn
1. utg.: Aschehoug, 1987
Ordliste: s. <147>

Etter skilsmissa flyttar Silje med faren til familien hans på slektsgarden Ekely. Om somrane bur ho hos mora og den nye familien hennar. Ho aksepterer det todelte tilværet sitt. Silje trivst i hestemiljøet på Ekely og ho sparar til hest. Så kjem hesten hennar, Zorba, til gards, ei stri hoppe som blir ei stor utfordring for Silje. Ho opplever mange harde tak før ho endeleg meistrar hesten. Det sentrale temaet i boka er den spennande skildringa av jenta og hesten. Dette er ei bok om forholdet dyr/menneske.
7.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-133-9 (ib.) : Nkr 185.00

EMNE: Hestar

  0011259

ung M

Moen, Torbjørn
Rock, regn og varmvåte kyss / Torbjørn Moen. - Oslo : Tiden, 1990. - 164 s.

Boka finst òg i lydbokutg.. - Framhald i: Pene pikers kyss. Tre gutar og ei jente startar rockebandet "The Car Crash", og går friskt ut utan noko særleg opplæring eller rettleiing. Dei diktar og komponerer sjølve. Bokas eg-person, Robert, fortel med humor og sjølvironi. Speleglede og entusiasme er karakteristisk for gruppa, som har evne til å fantasera vilt om bandets lysande karriere. Men boka handlar ikkje berre om musikk, Roberts privatliv vert også skildra i ein humoristisk, fleipete og munnleg stil. Ei kvikk og positiv bok om vennskap, forelsking og mykje musikk.
8.-10. kl. ; 29 eks. ; bokmål
ISBN 82-10-03280-1 (ib.) : Nkr 172.00

EMNE: Kjensler / Musikk / Vennskap

  0004652

ung M

Moen, Torbjørn
Rock, regn og varmvåte kyss <lydopptak>  / Torbjørn Moen. - Melhus : Lydbokforl., 1994. - 4 lydkassettar, 300 min. ; i eske 18 x 13 x 3 cm

Lese av Andreas Kolstad
Trykt utgåve 1990
ISBN 82-421-0295-3

EMNE: Kjensler / Musikk / Vennskap

  00040402

ung N

Nilsson, Per, sv., 1954-, 
Hjertets fryd / Per Nilsson ; oversatt av Tor Fretheim. - Oslo : Cappelen, 2005. - 148 s.

Originaltittel: Hjärtans fröjd
1. utg. 1994
Ein gut sit aleine på rommet sitt og sørgjer over jenta han har mista. På skrivebordet foran seg har han stilt opp ting som minner han om det som har skjedd. I løpet av korte kapitel med veksling mellom tilbakeblikk og nåtid får vi høyre historia om kva som har hendt. Det er ei gripande forteljing om ein guts første kjærleik og seksuelle røynsle.Boka er spennande i oppbygging og form. Humoristisk språkdrakt og vekslingen i fortellerteknikker gjer hovedpersonen, kjenslane og stemningane hans levande for lesaren.
Høver for 8.-10. kl ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-24541-9 (h.). - 978-82-02-24541-2)

EMNE: Forelsking 

0104815

ung N

Norderhaug, Eva, n., 
Saynab : min historie / Eva Norderhaug. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 168 s.


Heile livet har Saynab sloss. Med ungdomsgjengar. Med nynazistar. Med imamar. For venane. For seg sjølv. For det ho trur på. I "Saynab" følgjer vi Saynab Mohamud (24) og hennar valdelege oppvekst - frå krig og flukt i Somalia via norsk "småbyidyll" til eit beintøft ungdomsmiljø på Oslos austkant. Dette er eit ærleg og nådelaust portrett av ei innvandrarjente med kniven på strupen, fortald med hennar eigne ord. Og det er historia om korleis raseri og blind vald kan vendast til ein innbiten kamp mot kjønnslemlesting og diskriminering.
Høver for 8.-10. klasse og vidaregåande skule ; 30 eks.;bokmål
ISBN 82-03-24619-2 (h.)

EMNE: Mohamud, Saynab, somal.-n.
GENRE:Biografisk
EMNE: Innvandrarar / Kulturmøte / Somalia 

0103923

ung O

Olsson, Sören, sv., 1964-, 
Emanuel / Sören Olsson, Anders Jacobsson ; oversatt av Stein Erik Lunde. - Oslo : Aschehoug, 2001. - 234 s. - (Volum)

Framhald i: Emanuel : hat og kjærlighet
Emanuel er 16 år og har endå ikkje opplevd kjærleiken. Han har berre sett ting gjennom kameraet. Han begynner på vidaregåande og blir kjent med Tage, som blir en god ven. Tage presenterer Emanuel for bror sin, Per ein psykisk utviklingshemma gut som på sin eigne, rare måte, er ein smart gut. Når Helene, ei av dei vakraste og mest populære jentene på skulen, dukkar uventa opp og viser interesse for ham, endrar livet seg fullstendig for Emanuel. Emanuel er ei gøy og spennande bok med har fleire uante vendingar. Boka fenger, gjer deg glad, overraskar deg og gjer deg til tider irritert, svært irritert.
Høver for 9. til 10 kl. og vgs ; 30 eks ; bokmål
Originaltittel: Emanuel
ISBN 82-03-24388-6) (h.)

0091293

940.5315 Sachnowitz,H.

Sachnowitz, Herman, n., 1921-1978, 
Det angår også deg / Herman Sachnowitz ; fortalt av Arnold Jacoby. - Skoleutg. / ved Marie Rein Bore. - Stabekk : Cappelen, 2002. - 236 s.

Denne utgåva første gong utgitt: 1978. - Skuleutgåve med forfattarpresentasjon og arbeidsoppgåver
I 1942 blei den norske jøden Herman Sachnowitz arrestert av tyskarane på garden til familien i Stokke i Vestfold. Saman med faren, fire brør og ei søster vart han sendt til Auschwitz i Polen. Han var ein av dei få norske jødane som overlevde helvete i konsentrasjonsleirane
Høver for 10. klasse og vidaregåande skule ; 30 eks ; bokmål
ISBN 82-02-01615-0 (h.)

EMNE: Jødar - Andre verdskrigen 

0110037

u S

Saint-Exupéry, Antoine de, fr., 1900-1944, 
Den lille prinsen / Antoine de Saint-Exupéry, med tegninger av forfatteren ; oversatt av Inger Hagerup. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 97 s. : ill. (noen kol)

Originaltittel: Le petit prince
1. norske utgåve i 1962
Den vesle prinsen dukker opp i Sahara kor Saint-Exupéry har nødlanda med flyet sitt. Han fortel om planeten han kjem frå, at han har lagt ut på en reise til andre planetar for å finne
ein ven. Han har gjesta kongen utan undersåttar, den forfengelege mannen, drankaren, forretningsmannen, lyktetennaren og geografen. På Jorden snakka han med blomster,
mennesker og dyr. Til slutt forsvinn den vesle prinsen, og Saint-Exupery forstår betre kva som er viktig og hva som er meiningslaust i livet. Boka er ein høgt elska klassikar med
mykje filosofi som høver for både gamal og ung.. 
- Høver for 5. kl. og oppover ; 30 eks.
ISBN 82-03-24716-4 (ib.)

0105176

ung S

Scheen, Kjersti
Månefeen / Kjersti Scheen. - <Oslo> : Gyldendal : Ungdomsbokklubben, 1993. - 166 s.
Boka finst òg i lydbokutg.

Cindy - ei jente i tenåra vert spisevegrar. Ho er tilsynelatande vellukka, men inni seg strir ho med eit svakt sjølvbilde og eit dårleg forhold til mora. Skal Cindy få kontroll over livet sitt som ho ynskjer, nå ho få kontroll over vekta. Dermed utviklar ho anorexia og isolerer seg etterkvart frå vennene sine og det gryande kjærleiksforholdet til vennen Helge. Problema vert så store at Cindy må gå til psykolog. Prosessen med å forstå seg sjølv er lang. Forfattaren teiknar eit truverdig og sterkt jenteportrett i denne boka.
8.-10.  kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-21846-3 (ib.). - 82-525-1776-5) : Nkr 115.00

EMNE: Anorexia

  0025836

ung S

Scheen, Kjersti
Månefeen <lydopptak> / Kjersti Scheen ; <musikk av Claude Debussy>. - Melhus : Lydbokforl., 1994. - 4 lydkassettar (ca 5t) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av Janne Kokkin
Trykt utgåve: Gyldendal, 1993
ISBN 82-421-0336-4

EMNE: Anorexia

  0033588

S

Skram, Amalie, n., 1846-1905, 
Sjur Gabriel ; To venner / Amalie Skram. - 13. utg.. - <Oslo> : Gyldendal, 2000. - 179 s.

Framhald i: Hellemyrsfolket. <2>. S.G. Myhre
1. utg.: 1887
ISBN 82-05-26798-7) (h.)) : Nkr 79.00
FØRDEB

0093715

ung S

Soltvedt, Thor, n., 1955-, 
Fotballfrelst! / Thor Soltvedt. - Bergen : Eide, cop. 1999. - 169 s.

Ei bok for dei fotballfrelste, lett å lese med mykje dialog og humor. Tobben, 14 år, er forteljar. Tobben spelar på fotballaget Farten i Bergen. Faren hans er trenar. Farten reiser til Norway Cup. Der opplever dei forelsking og mykje forviklingar. Norway Cup-miljøet er humoristisk og truverdig skildra med eit ungdommeleg språk.
6. - 9. kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-514-0581-5) (ib.)
FØRDEB

EMNE: Fotball 

0087917

ung S

Svart salt og gule toner
: 34 noveller av ungdom. - <Oslo> : Gyldendal, 1993. - 174 s.
Av innhaldet: Barnetrua / Maria Tryti Vennerød. Forfattarregister: s. 174

Til denne boka kom det inn 1347 manuskript, av desse vart 34 noveller plukka ut til å koma på trykk. Det er fleire jenter enn gutar representerte i boka, og 6 av novellene er skrivne på nynorsk. Å skriva ei novelle er vanskeleg, det er ei kort historie som ofte antyder meir enn den forklarar. Mange tankar vert overlatne til lesaren, så dette krev mykje av forfattaren.
Dei unge skribentane skriv ope om kjensler, og novellene viser stor skriveglede og skriveevne.
8.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-525-1768-4). - 82-05-20989-8 (ib.) : Nkr 109.00

  0021573

u S

Svedelid, Olov
Betongrosene og damen som forsvant / Olov Svedelid ; oversatt av Johan Fredrik Grøgaard. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 210 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Originaltittel: Betong-Rosorna och damen som försvann
1. norske utg.: Tiden, 1986

Tord og vennen hans i klubben "Betongrosene" er igjen fullt engasjerte med å løysa mysterium i nærmiljøet. Ei eldre dame har slutta å vatna blomane sine, postkassa er full og alt er stille i leilegheita hennar. Politiet vert kopla inn, men "Betongrosene" driv etterforsking på eiga hand. Forfattaren er oppteken av mange aktuelle samfunnsproblem og dei kritiske synspunkta hans kjem til uttrykk både på ein direkte og indirekte måte, men det heile er kanskje litt overflatisk behandla. Boka har fått eit friskt, humoristisk språk og handlinga er spennande.
6.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-160-6 (ib.) : Nkr 185.00

GENRE: Spenning

  0011275

ung T

Tuckermann, Anja
Muscha / Anja Tuckermann ; oversatt av Kari Bolstad. - Oslo Cappelen, 1996. - 171 s.
Originaltittel: Muscha

Josef har mørkt krølla hår og er mørkare i huda enn alle andre. Han vert mobba av klassekameratane, dei gir han juling og vender ryggen til han. Og læraren straffar han med spanskrøyr for ting han ikkje har gjort. Josef får heller ikkje vera med i Hitlerjugend som dei andre. Josef forstår ikkje. På skulen seier dei at han tilhøyrer ein annan rase og at han er mindreverdig. Kvifor? Josef spør foreldra sine, men dei seier berre at han ikkje skal bry seg om det andre gjer og seier. Ein dag vert Josef bortført og han veit ikkje kvifor. Forteljinga om Josef startar i 1938 og endar i 1946. Då er nazi-Tyskland overvunne og det er fred igjen. Muscha fortel ei sann historie om korleis det var å leva under Hitler. Historia er levande fortalt, den kan til tider gjera vondt å lesa, men det er ein historie som gjer noko med deg som lesar.
7.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-15797-8 (ib.) : Nkr 249.00. - 82-525-3258~6 (ib.) Nkr 155.00

EMNE: Mobbing / Nazisme / Rasisme

  0083414

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 19.09.06 , av Anja Angelskår Mjelde